Takkegudsteneste 1905

Fra Wiki
Hopp til: navigasjon, søk

Hr. sokneprest Kullerud!

Dette diktet er ikkje spesielt godt, men det er av historisk interesse. Då unionen med Sverige var formelt oppløyst i november, vart alle prestane i landet oppmoda til å halda takkegudsteneste på halvårsdagen for 7. juni. Sokneprest Kullerud i Hemnes heldt ein inspirert tale som sikkert fall i smak, men mange var misnøgde med val av salmar. «Gud signe vårt dyre fedreland» sto nok ikkje i «Gamle Landstads», og i alle fall hadde det aldri vorte sunge ein nynorsksalme i Hemnes kyrkje før. Det skjedde altså 7. desember 1905, og vart sterkt kritisert . Bestefar blanda seg inn i striden med dette diktet, som sto i «Nordlands Avis» (då «Ranens Tidende») 21. desember same året. Underteikna –ng-.
Olav Engen (Jr.)



Eg vil deg takka fyr di gilde preike
den sjuande, på Norigs takkefest.
Slik tale kan vel heimehugen kveikje,
slik tale høver nett ein Norigs prest.

Du minnte um, kva me hev gjenom gjenge
daa riksens skuta for i braat og brand.
- Um me av ”villkaar” fekk ei atal flenge,
me hev daa berga oss eit sjølvstyrt land.

Aa lyfta landet, du oss fagert mana
og høgt aa agta vaare henders gjerd,
og ikkje etter ”storkars” ferd aa glana,
dei ”snyltedyri” hev so laakt eit verd.

For det me vann, so takkar me vaar herre,
for det me tapte, takka me han og;
det kunde visst og sant ha gjenge verre,
me vilja tru, at han vaart beste saag.

Og vil me honom tena trutt og dyrka,
så hev i homom me vaar borg og skjold,
som meir enn kongars venskap kann oss styrkja
og stend, um alle skansar sig i mold.

Saa fekk me høyra maalet i vaar kyrkja
for fyrste, gjev det ei vart siste gong.
For dette vil og heimehugen styrkja,
naar me fær lova Gud paa norsk, i song.

Ja mangen takk daa, prest, for tala gjæve,
og so til lyftings-arbeid, alle mann,
med hand og helle lyt me vera hæve,
- so signa, Gud, vaart dyre fedraland!