Skuleminne

Fra Wiki
Hopp til: navigasjon, søk

Lærar Ottesen

Eg vil fortelja dykk om då eg gjekk på skule. Eg har hatt 5 lærarar, men eg vil nemna berre ein, han eg gjekk hos det siste året før eg vart konfirmera, Erik Ottesen frå Myrnes i Vefsn. Han kom hit til Straumbygda 1885 og var lærar her nokre år.

Eg minnes godt den første dagen då vi satt i pultene våre i stor spenning og venta på den nye læraren. Jau, der kjem han! Over ein høg snøskavl rett ut for vindauga åt skulestova, lang, bein og stram som ein general. Kviskra åt kvarandre, men vi fekk anna å veta.

Han var ein kjøyving til å læra frå seg, eg trur mest at eg lærde meir det eine året, enn alle dei andre samanlagd. Han vart og var beste ven og leikar-kamerat. Ung og glad i humør fann han på mykje rart so vi fekk skratta åt.

Men bestemt og alvorleg kunne han og vera. Han samla folket til andakt i skulehuset søndag, og han stifta missionsforeninga som enno er liv i. Han fekk og i stand ei kveldskule i bygda, faga var i rekning og skriving, og song var han mykje interessert for. Han var fleire år organist i Hemnes kyrkje.

Han lærde oss fleire juleleikar, som eg har freista å læra dykk og ynskjer at de ikkje må gløyma. Ja han kunne vera morosam den karen, verst var det då han gjekk på ”gjenglan” (stylter). Det var 2 lange staur, med ein klods midt på til å setta foten. Difor eit syn, då han kom strevande bortover marka. Dei var så høge at han kunne sjå inn gjennom loftsvindauga hos folk, om han ville.

Lærar Ottesen var mykje glad i farfar dykkar, og då han for herifrå, skreiv farfar og han åt kvarandre.

År 1941 døydde farfar, Ottesen var då gamal og budde på Namsos. Eg skreiv åt han og fortalde at hans gamle elev og gode ven var avliden. Stdan veksla eg og Ottesen brev under heile krigstida. Dei breva var som eit blinkande fyrtårn for med i den svarte krigsnatta som eg måtte leva igjennom.

Erik Ottesen vart 87 år gamal, han var lenge halvt blind, men skreiv likevel pålag 100 brev kvart år.

Anne Engen