Minne I

Fra Wiki
Hopp til: navigasjon, søk

Då plassen Engen vart rudd og bygd

Verforeldre mine, Jakob Larsen Straumbotn og Maren Anna Olsdotter vart gift 1870. Ho var eldste dotter på garden Medstraum, men der var 4 søner, så sjølvsagt hadde ho ingen rett til garden. Faren gjekk då med på at dei skulle få setja bu i eit utengje som høyrde til garden. Det var berre ei blautmyra med fullt av krattskog. Dei kjøpte ei lita stue - [alen (?)] og ein liten gang til.

Dei rudde ein liten flekk og sette opp stua. Han var ein flink trearbeidar, sette sjølv opp stua, og inventar hadde han sjølv arbeida. Det var eit firkanta bord og ein benk med rygg, ein 5-6 stolar og ei seng. I benken var ei skuffe for å gøyma verktøy av mindre omfang. Under bjelkan var hyller til å leggja bøker – leggja opp ved til til tørk – leggja verktøy eller anna smått som var lett å finna der.

Omnen var ein stor 2 etasjes indloftsomn (?), 2 kokhol og dørar til å lata att om dei. Der var ikkje kjøken i den første tida. Men det einaste hus som var før dei flutte dit, var ei lita utengsløa. Den reiv han og flytta heim til å setja opp ved sida av stua. Han fekk mura opp ein gjæv mur med bakaromn i, der dei baka kaka og steikte flatbrød i gruva, der dei ogso koka all sin mat om somaren. Der var ingen kokeomn i kjøken.

Han sett opp eit lite skot og eit lite fjøs, såpass at dei kunne hysa ei ku og eit par sauer. Dei skulle ha rett til å ta vedavfall i skogen, ikkje hogga.

No fanst der ikkje gjerde om plassen, og ho Maren kunne ikkje berga seg for buskapar ifrå nabogardar – buvegen låg i øvre kanten av plassen. Då skaut tanken i hennar, at ho skulle mura eit steingjerde. Ho gjekk igong, og ein dag medan ho stod og rulla stein, kom ein av grannane og ville veta kva ho tenkte på. ”Eg vil mura eit gjerde for å berga jordlappen for fefot”, (sa ho). Han såg ikkje blid ut, men ingen kunne nekta henne å setja opp gjerde for plassen. Ho tok først den stein som var nærast – sidan rulla ho ned frå den bratte lia rett ovafor. Kvar dag rulla ho og mura opp, ”berre 2 steinar har eg hatt hjelp med”, sa ho, dei var så store.

Då ho måtte seia stopp med muren, var steingarden vorten over 100 meter lang. Sjølvsagt var det ei stor hjelp, men endå ikkje nok, det måtte meir gjerde til.

Maren var ei sterkt interessert kvinne for mange ting, især for jordbruk. Ho tok spaden og byrja leggja opp nyland. Då sa mannen: ”Nei det skal du ikkje gjera, vi er då berre husmenn”. Ho svara: ”Klarar vi å få noko avling, så kan ingen ta det frå oss”. Og avling fekk dei, som snart auka på så at det vart sett på med misunnsauga.

Dei første åra hadde dei ikkje noko å køyra med, måtte bera høyet inn i løa og alt anna. Maren bar gjødsel, bøtter med bør-tre på aksla – oppover marka. Og dei som var gjetarar i den tida, seier at ho kom aldri tomhendt heim då ho hadde fylgt kua til skogen – ho bar enten lauvknippe eller gras eller ved.

Om nokre år vart fjøset for lite, dei måtte ha eit større bygg. Då var det vorten 3 kyr, ein liten okse og nokre sauer. Potet, kålrot og gulrot var det meste dei dyrka, men dei sådde også korn. God og kraftig kost var det alltid i heimen.

Jakob brukte å reisa til Lofoten om vintran, og då gutane vart vaksne for dei og dit. Dei sende heim mykje fisk og fiskehau, så det vart mat ei lang tid både for folk og dyr.