Julebrygg i Rana

Fra Wiki
Hopp til: navigasjon, søk

Dette stykket er frå «Jul på Helgeland», 1938. Ølbryggar-tradisjonen var nok på sitt siste då 1900-talet tok til. Farmor mi, Anne Pedersdatter, som vart gift med Olav Engen (Sr.) sumaren 1904, fortalde dette om då dei skulle halda bryllaup i Nerstraumen. Dei hadde vildra seg opp på eit loft, og der fann dei ein sekk med «noko» i. «Kva er dette?» spurde Anne. «Korn», svara Olav. «Men det luktar jo så rart», sa Anne. «Ja, når det har fått rett behandling, så» sa Olav. Malt til ølbrygging var altså ukjend for farmor på den tida. O. E. (Jr.)

Juleøl og julebrygging.

«Utan øl og mat er helten ingenting», seier eit gamalt ordtak. Og urikkande sant er det, men, - eg kjenner eit spørsmål stiga opp i meg. Kvifor ikkje maten fyrst? Det er sagt: Mat i god drykk, men det kunde vi vel finne også i andre drykkar, kanskje meir og vel så smakleg som i øl. Vi les millom linene at gamalkallane sette ølet høgt, det smaka dei godt, ja, så godt at dei hadde vandt for å vere det forutan. Det spela ein vis rolle for dei, ikkje berre tor deira munn og matreidsle, men deira manndom og minne med: Øl er manns mod! Øl høyrde med i all deira livsens ferd og gjerd, i glede og sorg, mest all deira hus- og slektsgilde nemnast på - øl: friarøl, festarøl, barsøl, erveøl, gravøl, ferdaøl, heimkomaøl o. s. fr. Det sløkte på sorga, det kveikte eld i hug og mod i barm. Ja, det kunde få ein stakkar til å kjenne seg som helt og tiggaren til å late hånsk om maten: Skitt til kar som blir motlaus så snart han er matlaus! Noksagt: det høvde alltid og alle stader, året rundt, men til jul var det allermest umissande.

Men å få det godt i alle deler som det skulde vere, det var slett ikkje så endeframt. Ein måtte lage til i god tid føreåt. Fyrst var det maltkornet. Bønder med jorder som bar årvisst moge bygg, og med rømelege tette tørkebur, der dei auste i store binger og gøymde fleire års kornavl, hadde det nokså greit: berre passe tida og mæla i sekkene så mykje som dei vilde ha mykje og sterkt øl til, setja det i bløytehålkje for å røytast og gro. Dette kallast å melta, og det skulde helst gjerast om hausten før frosten kom. Men kom han sers tidleg eIler ein vart seinka på nokor vis, var det sikrast å setje maltbløyta inn på stoveloftet attmed esjepipa.

Dei som hadde ringare kornjord, laut nok ampast meir for å få gagn i malt eller maltbrygg, når dei vilde ha beste sort øl. Anten laut del kjøpa det hos grannar, som hadde meir enn dei sjølve hadde bruk for, eller dei laut kjøpe det frå Bern (Bergen). Dei fIeste laut så likevel kjøpe derifrå noko danskekorn til sitt daglege brød, så det var berre å ha i omtanke å kjøpe minst ei vog omframt til malt. Dei fekk og kjøpe ferdig malt. Det kalla dei «synnæmelta».

Men det var råd for ein fatig som laut greida seg med ringare øl. Dei fekk da gjerne noko dårleg korn hos ein rik kornbonde. Det gjekk og an med havre, jamvel utan å melta han. Men då vart ølet og deretter.

Kornet låg i bløvta til groren var omlag tumelang. Då tok dei det op og tørka det, under stoveloftet i tørkerama, om dei hadde god tid. Men hasta det, laut dei elda badstua, der dei hadde ei slik og det var store mengder om å gjere, men småslumpar turka dei i storgryta på eldhusgruva. Så skulde det malast. Det gjorde dei på bekkekverna om det var mølnvatn i den tida, elles laut dei bruke handkverna som stod opmontera i bur eller eldhus på dei fleste gardar.

Veka føre adventa - 3-4 veker føre jul, laut alt dette vere greit. Det kunde ikkje drygjast stort lenger med brygginga, skulde ølet få ganga av seg og setna i sømeleg tid føre jul. No skulde det sankast ein slump eine (brisk) så frisk og grøn som mogleg, helst med mykje bær på. Det sette god smak på drykken, forutan sterkaste krydden: humlen. Men han var ikkje vand å finna. Han stod attmed kvarmanns stuevegg.

Så ein kveld sist i november eller fyrst i desember var alt på plass: Største kjelen eller gryta var ophengt i eldhusgruva eller i kjøkenet. Gruvekråa var full av ved, likeeins gruva, så bryggaren som var ventandes «når natta var i vending, sju otta før dag», skulde ha det greit, berre setje fyr på. Og så byrja brygginga. Bryggaren var som oftast bonde eller husmora. Dei måtte helst vere åleine i bryggehuset skulde trylleorda deira ha den rette verknad. Det bubla og kokte, rann og draup, så det høyrdest ikkje stort anna medan bryggaren la på varmen og auste med storausa i og utor.

Fyrst var det å få bløyta på maltet som sidan vart sett på rosten og påfylIt kokande einlåg. Rosten var eit høgt og trongt stavkjerald med tapphol nedmed botnen. I det stappa dei ein halmdott, ikkje fastare enn at vatnet sildra gjenom og nedi eit anna kar, etter det hadde drege næringstoet ut or maltet. Denne blanda kalla dei vørter. Med eit stort brygg kunde dette ta tid. No skulde vørtern ha eit opkok med humlen, og bryggaren laut vaka og sjå til at alt gjekk som det skulde. Han fekk berre stutte blunder på eldhusbenken. Det var om å gjera å passe vørtern når han var passeleg varm til å setje gjesteren i'n. Var han for heit, vart det surt. Var han for kald, vart det ikkje orntleg gong i'n, og ølet vart dovent. Men når gjesteren var komen i, kunde han kvile seg ei rid. Då fekk det gjera åt seg sjølv ein to-tri dagar. Når dei var gått, trekta dei ølet på tunna og sette ho i kjellaren, der ho fekk stå til nokre dagar føre jul. Då gjekk husbonden sjølv og tappa av og smaka fyrste skvetten. Var det så ingen feil med det, fekk husfolket og smake. Var gardane nære kvarandre og grannelaget godt, tappa husbonden i bollen att og gjekk åt grannen med. Det kaila dei «å bera skåkadrykkje».

Heimehrygginga i Rana er longe «en saga blott». Kunsten held på å døy ut. Han lever kanskje att berre som eit tokut minne hos ein og annan gamal kall og kjerring. Industrien har overteke brygginga, og bryggeverka sender ut skipslaster med ølkasser utover landet, og bondegutar som kunde ha gledd seg med ein god drykk laga av heimavla korn og malt, betalar ei krones peng for eitpar tekoppar brunt, utskjemt vatn som dei blir øre og galne av. Om avholdsarbeidet har nokon vinst på dette er mykje tvilsamt. Det er ikkje alle som meiner det. Ein av Norges eldste avholdssamskipnader, Bjerkabygdens avholdslag, hadde jamvel i si fyrste tid denne setninga i sluten på §1 i lova si: Herfra (frå avholdslovnaden) undtages det i bygden almindelige, hjemmebryggede øl.

Her har eg no freista å skrive om eit kulturminne som visst er så gamalt som alle haugane.

Olav Engen