Fane

Fra Wiki
Hopp til: navigasjon, søk

Kva tid fana er oppfunnen, og kva folk som gjorde de – de veit vi inkje um; de ligg gøymt langt att-i sogenatta. Kor gamal ei soge vi les, so kjem vi frami at det har vore brukt fanur. Men kor langt attende enn den fyrste fana ligg, so skynar vi då, at menneskjan måtte ha nådd ein viss kultur då dei fann ho upp; dei måtte ha fenge vét på kor kjekt de var å samla seg, å halda seg i lag og å halda i hop, når noko serleg vandt skulde gjerast, når dei skulde ferdast og reisa og når dei skulde verja seg mot fiendar. Og so har dei funne, at dei måtte hs eit merkje, som dei kjende alle som høyrde til same flokken og som dei heldt i høgda, so alle kunne sjå de.

De høyr ’kje heime her å tala um den utvikling fanurne har hatt gjennom tiderne, frå den fyrste samlingsteikn for ein liten flokk til dei store riksflagg i notida, som mange millionar menneskje kjendest ved – frå dei fyrste uvande til dei vene flag- og fanemynstre vi no har. Fana sin karakter er den same: å vera eit samlingsmerkje. Det er helst i krigen vi ser fana har vore brukt i forntida; ho har vore eit stridsmerke. Og slik er det no og. Gamlesoga er jo fordetmeste krigssoge. Dessverre – krigen krev ein altfor breid plass i notids soge og. Men um vi so ser burt frå de, - um vi enn må ynskja og beda, og i tru og von av all magt arbeida mot de mål, at blodig krig eingong skal verta ”en saga blott” – so er og vert det då strid nok Heile live er ein strid; de er naturens harde lov. Strid mot de vonde i oss og umkring oss, mot fysiske og andelege fiendar, som vil tyna live eller skjemma de burt. Kvar einskild har sin strid, sin ”lille krig” – og her er strid, som er sams for fleire. Og for å greida seg betre i desse strider, skiper folk seg saman i lag, i samfund, større og mindre. Vårt lag har sin part av denne striden – mot råskap og uskikkar og gamall fordom, for å sjølv verta dana til skikkelege rettvise borgarar, som kan evna å skapa lukkelege heimer og derigjennom eit sterkt og lukkeleg land; dette minner namne ”Heim” oss um som står i fana; so stutt eit namn og segjer då so mykje!

I dag skal fana gjera sin fyrste tur. Vi kan ’kje segja: ”lys høgt, du segersæle fana”, men vi fær vona, at våre ettermenn i lage eingong i framtida skal kunna segja so. Vi vil segja: ”fold dig ut, vort fagre merke” og vert eit kjært og fagert samlingsmerke for Straumens ungdom, ja um dei so vert gamle. Når du fer ut i dag, på fedrelande sin dag, den fyrste 17. mai i de nye hundreåre av Norigs sjølvstende, so ynskjer vi deg lukke på ferdi, ho fylgja deg og ungdomslage ”Heim” alle dagar! Tri lange ”Hurra” for fana!


(Tale, truleg 17. mai 1915, då UL Heim fekk fane. Manus låg i dagboka for året 1923. OE)