Dagbok Olav Engen 1941
1941
Januar 1. Still, ÷ 15º R. Drog noko yver i kveldinga, aldri-so-lite snøfjun. 2. NV og kov. I myrkninga skletta. 3. SV og regn, fullt uver. 4. Like-eins. 5. Sundag e. nyår, Kr. Openberring. Same ver. 6. Trettandag. Same ver. 7. ”Knut”. SV-storm, turt kov. 8. Utnordshengsl. Seinkvelds skletta og regn att. Eg på skulevedhogst. 9. SV, fossregn – hålke i vegane og heime på tune. 10. Still, upplettande, haglfjun, ÷ 12º R på em. Still, ”gråfrost”, ÷ 6º R. 12. 1. H-3-K sundag. ”Medvinter”. Same ver. 13. Tjugandag. Auster-kjøla, lett-skyutt, uppklårande, ÷ 6º R. 14. Still, klår fyrst, drog sidan yver av vest og kom med ”frosthare”, ÷ 13º R. Nepkøyring. 15. Nord-aust og frost - ÷ 16º R. 16. Same ver, ja litt sterkare, ÷ 12º R. ”Sanitetsmøte” her. Trygve på Hemnestur, men laut snu for Ran-is. 17. Like-eins fm, still em, ÷ 15º R. 18. Still, klår med litt frost-gove her og der, ÷ 17º R. Hemnestur, Trygve. Anne ein tur på ski til Eide. – Rana ligg åt Straumholmen, isen er mest køyrande. – Såg sola heilt uppfør fjelle. 19. 2. sundag e. H-3-K. Still, tett, turt kov, ÷ 10º R. Klår med tunn glya, still, snøbakke uti vest, ÷ 16º R. Trygve og eg saga ved på skulen. 21. Still, likeins som i går, ÷ 18º R. Vi heldt oss heime. 22. Still, halvklår, ÷ 9º R. 23. Utnordshengsl, smått, tett kov, klårhol imillom. Trygve ein skitur åt Utskarpen. Eg kløyvde ved på skulen. ÷ 9º R. 24. Still, klår med røykdottar og glya, seinkvelds yvertjukk frå vest og smått kov, ÷ 16º R i fyrste lysinga, gjekk sidan upp til ÷ 12º R. 25. Same som igårkveld. Hemnestur, Trygve. Skitur til Eide etter heimkoma. 26. 3. sundag e. H-3-K. Utnordshengsl, smått kov, ÷ 5º R. Fru Herset og bror hennar [vitja oss (?)]. 27. Spak nordleg, tjukt kov, ÷ 5º R. 28. Same ver. 29. Same ver. 30. Still, utnordshengsl, ÷ 1º. Eit lite nordaust-vift sist på kveld. 31. Mest still, seinare litt vestavind, tett, smått kov, 0º. 92 cm snø.
Februar 1. Lettskyutt fyrst, still, uppklårande til umlag fullklår em, ÷ 1º. 2. 4. sundag e. H-3-K, Kynnesmess. Still, litt fint snøfjun, ÷ 4º R. Trygve i ”Oksfordmøte” hos Heitmann um kveld’n. 3. Still, lange og tjukke kov-elingar. Eg på skulevedhogst. Trygve i vedskog – på Témmerberge. 4. Same ver. Vedhogst heime – Trygve køyrer. ÷ 6º R. 5. Still, snøfjun, ÷ 6º R. 6. Klår, still, ÷ 9 R. Tjukna yver sist på kveld og kom med litt snø-dryss. 7. Halvklår, still, ÷ 6º R. 8. Still, yvertjukk, ”frosthare”, ÷ 6º R. Hemnestur, Trygve. 9. Sundag septuagesima. Same ver, ÷ 4º R. 10. Still, kovtjukk – lédna upp og kremde snøen. Vi byrja moka av taka. 11. Vestleg drev, kladdsnø og vasshagl, ÷ 2º R, stigande til +1º. Vi moka av stovetake, skôt- og sumarfjøstake og litt av vinterfjøstake. 12. Still, klår, ÷ 7º R. Trygve arbeid med skogvegen –for ein tur til Eide i kveldinga. 13. Still, øgjeleg tett og turt kov, ÷ 5º R, stigande til 0º. 14. Klår, litt nordaust vift på fm, sidan still, ÷ 2º R. 92 cm snø. 15. Klår, ÷ 2º R, nordaust-blistring. Hemnestur, Trygve. Eg på skulevedhogst, gjorde meg ferdig. 16. Sundag seksagesima. Fullklår, still, ÷ 14º R. 17. Lett yverskya, ÷ 7º R, ”gråfrost”, nordaust-kjøla, upplettande. 18. Klår med litt vind-lurvor og nordaust-gråe, ÷ 6º R. Lefs-baking hoss oss (og kinning). 19. Same ver, ÷ 6º R. Litt myrk i vest i kveldtida. 20. Same ver, ÷ 9º R. Tjukna upp frametter dagen og steig til ÷ 5º R. Eg for ein skitur til Eide em. 21. Still, rimfall (eller frosthare), ÷ 8º R. Nepkøyring – siste rauka. 22. ”Per Varmstein”. Fullklår, ÷ 8º R, steig til ÷ 6º R. Hemnestur, Trygve. 23. Fastelags-sundag. Same ver, ÷ 12º R – steig til ÷ 5º R med sola stod. 24. Still, klår med litt frosthare, ÷ 6º R. 25. Still, fullklår, ÷ 12º R, steig til ÷ 6º middag. Brødbakstr hoss oss. 26. Still, litt frosthare i natt-morgest, ÷ 5º R. Vask på lofte vårt. 27. Still, litt glya yver himel’n med sudleg drått, ÷ 3º R. 28. Same ver, dertil frisk nordaust og fok.
Mars 1. Yvertjukk, sudaust-gråe, ÷ 1º. Hemnestur, Trygve. 73 cm snø. – På em eitpar kov-elingar og nordaust fok. 2. Arna 8 år. Nordaust-vift, klår med tunne rekskyar, ÷ 2º R. Iverta Jamtjord vitja oss. 3. Same ver, men hardare frost, ÷ 11º R, steig då til ÷ 5º R. Arna byrja skulen pånytt. 4. Same ver, ÷ 4º R midtpå dag. Ein stutt kov-eling fm. 5. Klår, nordaust blistr og fok, ÷ 3º R. Trygve i skogen. 6. Same ver pålag-med skoddglya frammed fjella.. 7. Same ver – same arbeid. 8. Same ver, ÷ 1º, stigande til + 1º em. Hemnestur, Trygve, med mjølk, kålrot og gulrot – køyrde åt Førnese, eg var med og tok ”Gråa” heim. 9. 2. sundag i fasta. Still, + 3º, smått regn (”Gregesmess-tøy”). Still, skletta og kladdsnø. 10. Like-eins på fm, NV på em med kov-elingar og rokglan. 11. Still, kjøleg, ÷ 4º R. Tjukna yver mot kveld att. 12. Gregesmess. Vestleg, spak, smått kov fm, sidan skletta og reint regn, + 2º. Trygve har køyrd kunsthevd frå Eide i går og i dag. 13. SV-kjøla, + 4º R, reint regn, som tok av på em. ”Sanitet” hoss Betsy Jamtjord, Anne for dit i lag med Oleanna Botne. 14. Mest like-eins med vere. Trygve i skogen. Eg går heime og er ranglesjuk. 15. Vestavind, spak, + 3º R. Skodde, tett,smått regn, serleg em. Hemnestur, Trygve. 16. 3. sundag. Meir tunn skodde, elles som i går. 75 cm snø. 17. Still, gråhimel, + 2º. Isen blånar igjennom, skaltrast ned-mot bredd’n – men folk fer der nede og fiskar. 18. Same ver. 19. Like-eins. 20. Sudaust blistring, skoddhimel, litt kovfjun, 0º, skaraføre. 21. Jamdøger. Vere som i går, berre mykje sterkare vind. 22. Gråfrost, spakenn nordaust. Hemnestur, Inga og Trygve. + 1º. 23. Medfastesundag. Nordaust-kjøla, uppklårande, ÷ 5º R. Missjonsmøte hoss Svein Utland, preike i Radio og av sekretær Skauge – Anne og eg var der. 24. Nordaust, frisk, litt fok, klår, ÷ 7º R, skaraføre. Trygve køyrer ved frå Vinberbakkan. 25. Vårfrumess. Klår, spak nordaust-kjøla, ÷ 10º R - ÷ 3º R på em. Trygve legg drivbenk. 26. Same ver, ÷ 12º R i morgonstunda. 27. Same ver, ÷ 11º R upptil ÷ 4º R på em. 28. Same ver, ÷ 10º R fm, ÷ 4º R em, himel’n byrjar bli røykutt i vest. Trygve køyrde i kveld-økta beinveges yver isen åt Langnesbukta og vidare til Eide, med korn, som går til Bardal på Mølna. 29. Lars-bror 63 år – um han er til. Halvklår, litt auster-gråe, gradstokken frå ÷ 1º til + 1º. 30. Vårfrumess-sundag. Same ver. Premirenn for skuleborna, Arna var med og vann seg ein Andrepremi – ein ”bolsjevikkar”. 31. Røykutt himel, spak austavind. Trygve for åt Utskarpen, derfrå til Hemnes i formannskapsmøte. Han kom heimatt kl. 21 på skiann, frå Brennbergje. – 57 cm snø.
April 1. Still, røykutt himel fm, fullklår em, solskin og snøbrede. 2. Still, nattkald, skarefrost (÷ 1º til + 2º). 2. Same ver, med litt nordaust-kjøla. 4. Nordaust-blistring, likeins kald . D’er no køyrande skare yverallt. Trygve køyrde heim ½ famn bjerk, eg har kjøpt i Botne. 5. Still, frosthare. Hemnestur, Trygve. Anne og eg for til Medstraum i otta, vilde råka dokter’n, som var henta dit fordi ’n Heitmann var klein – eg vart då undersøkt med’ sama. 6. NV, spak, tett kov. Palmsundag. Kovfjun …
Merknad i slutten av dagboka, frå enka Anne Pedersdotter Engen:
Ja, her sluttet Olav sine opptegnelser, han døde den 12. april 1941.