Dagbok Olav Engen 1940
1940
Januar 1. Nyår. Still, frosthare fm, blåste upp av NV på ettermiddag og kula i med kov og damm. Joltrefest på ”huse”, Inga og Trygve var der med alle småkarann, køyrande med ho ”Gro” – hadde eit ”slørvsjyver” på heimvegen, so kl. 21. 2. Same ver. Stilltest mot kveld og klåra litt av. 3. Spakenn, utnordshengsl med klårglytt. 76 cm snø. Trygve for til Eide i myrkninga. Julianna Tverrbekkli død på sjukestova. 4. Still, smått kov, ÷ 2º R. 5. Same ver, ÷ 3º R. Moka av stovetake. Trygve til Eide i myrkninga. Jakob og ”Gråa” tek upp køyrvegen frammed stranda. 6. Heilag-3-kongar (openberringsdag, trettandag). ÷ 2º R. Trygve for til Hemnes og gav seg i reisetenesta att – til Bindal no, fyrste venda. 7. 1. sundag e. H-3-kongar. Still, halvklår, ÷ 2º R. 8. Still, halvklår, ÷ 8º R, sist på kveld jamngrå yver heile himel’n. Eg og Jakob i Vinberbakkan og saga ut gran. 9. Still, snøfjun, ÷ 1º R, stigande. Jakob åleine i skogen. 10. Still, skletta og regn. Jakob i skogen, hans bror Olav med’n. Eg trør og mokar i skogvegen. 11. SV og regn. Innearbeid (trillbår, rivskaft). 12. Same ver – same arbeid. 13. ”Tjugandag”. Mest same ver – sidan spakare, med litt snøfjun og hagl. Jakob 2 turar til Eide – på ski beinvegen. 14. 2. sundag e. H-3-K. Still fm og kladdsnø, seinare nordaust-blistring og turt kov. 15. Still, klår, ÷ 13º R. Tråkking i skogvegen. 16. Still, røykutt himel, ”gråfrost”, ÷ 9º R, litt dunsnø (frosthare). Myhre var her og baud til gravøls. – 65 cm snø. 17. Klår att, ÷ 11º R – still. Dagny Øvringmo gift. 18. Still, klår, ÷ 17º R. Gravferd med Julianna Tverrbekkli, gravøle heldtest hos P.O. Midtstraum. Anne og eg var der. – Mot kveld tjukna’n til i vest. 19. Still, klår, med ”bakke” i vest og nordvest - ÷ 16º R. Eg gjekk til Eide med kjelken, kjøpte mjøl og olje. 20. Klår fm, ÷ 11º R, drog yver med frostrøyk em, seinkvelds litt ”frosthare”. Hemnestur, Jakob. Brev åt Maren Utland. 21. Sundag septuagesima. Still, røykutt himel, ÷ 11º R. Betsy Jamtjord vitja oss. 22. Halvklår, nordaust kuling og fok, ÷ 5º R. Anne på vitjing åt Ane Ryland, som fyller 20 år i dag. 23. Still, halvklår, ÷ 5º R. 24. Still, halvklår fm, seinare røykutt jamt-yver, ÷ 7º R, gnerrkald. 25. Still, turrsnø (frosthare). 26. Mykje godt like-eins på himel’n å sjå, men utan nedburd, målaren på 0º og litt høgare i middagstida. ”Barbro” kalva i natt – okse, heil kolsvart. – Ferdig med temmerkøyrsla. 27. Still, skoddhimel, ÷ 3º R. 28. Sundag seksagesima. Still, klår, ÷ 10º R. Ungdomen har skirenn. 29. Like-eins, ÷ 13º R. Jakob køyr’ inn nepe. 30. Still, røykutt, ÷ 4º R. Trygve kom heim med lokalen. Jakob køyrde inn resten av skoghogge. 31. Still, klår, ÷ 10º R. ”Heiborg” laupa. 56 cm snø.
Februar 1. Still, frostrøyken spreidd ut-yver kvelven, ÷ 5º R. ”Saniteten” hadde årsmøte på Lauvbakken, Anne var der. 2. Kynnesmess. Still, halvklår, ÷ 10º R. 3. Still, klår, ÷ 12º R. Trygve reiste med Hemnesfararan, åt Korgen. 4. Fastelagsundag. Still, klår, ÷ 10º R. 5. Klår med små godversskyar, sudaust-kjøla, ÷ 5º R. 6. Klår med glya og gullskyar, nordaust gråe, ÷ 9º R. Vedhogst i går og i dag. 7. Fullklår, still, ÷ 14º R. Same arbeid. 8. Klår med små, høgtsvivande vindlurvor, litt vift av nordaust, ÷ 9º R. Vedkøyring og –hogst. 9. Still, halvklår med aust-søraust spakenn drått, ÷ 10º R. Vedsjau, på em litt bjerkhogst i Vinberbakkan. 10. Klår, nordaust-kjøla, ÷ 7º R. Hemnestur, Jakob. Trygve kom med lokal’n frå Mo. 11. 1. sundag i fasta. Klår med små godversskyar, auster-kjøla, gradstokken på 0º. ”Idun” kalva i morgonglytte – svartsidutt okse (”Ingemann”). Presten heldt gudstenest på skulen kring middag. Bondelage hadde årsmøte på ”huse” frå kl. 16. Vi var på båe møter. 12. Still, røykutt himel, ÷ 4º R. Byrja frampå fm å falla turrsnø, frosthare. 13. Som i går, ÷ 3º R. 14. Still, vasshagl (ising). Trygve reiste med Bjerklibåten. Anne ferdast inn-i grenda, i lag med Jonetta Nymo. – Lédna upp, leid på dagen, til 0º og litt yver. 15. SV, regn, skletta og snø. 64 cm snø. 16. Still, halvklår, ÷ 3º R. Litt ”frosthare” – klåra av i myrkninga. 17. Still, klår – med skybanke i vest, ÷ 13º R. Hemnestur, Jakob. 18. 2. sundag i fasta. Still, klår, ÷ 16º R. Missjonsmøte hoss Svein Utland, vi var der, Anne, eg og Arna. 19. Kov og damm, vindkast frå ymse leider, ÷ 6º fyrst, gjekk upp til ÷ 3º R – la ned ei uhorveleg snømengd. 20. Still, smått mør-kov, ÷ 3º R, NV drått. Moka av stutake. 21. Klår, med ”godversglya”, still, ÷ 4º R. Jakob og ”Gro” rundt til Eide etter kraftfor. 22. ”Per Varmstein”. Still, halvklår, NV-drått, ÷ 8º R. 23. Still, røykutt himel, litt ”fristhare” på em, i kveldtida fullklår att, ÷ 13º R. 24. Still, snøfjun, ÷ 6º R. ”Bergthora” kalva i morgonstunda – kolsvart okse ”Lurmann”. 25. 3. sundag i fasta. Still, klår, ÷ 8º R. 26. Still, tett, turt kov. Jakob er ufjelg, ligg til sengs. 27. Still, drått av sud, har regna litt i natt-morgest. Kom i myrkninga med kov att og vind av sud-aust. Jakob er fjelg att, køyr inn nepe, eg hjelper til. 28. Still, fullklår, ÷ 8º R. Køyrde inn resten av nepa, 15 lass ut-or rauka iallt. Eg var rennand’ til Eide i middagstida. 29. Still, kovfjun frå morgon, frampå fm no’n ròser av NV, som de var berre styggver. ÷ 6º R, stigande til ÷ 3º. Jakob med skikjelke etter post og pakk-gods – på heimveg i hardaste elingen. Seinare moka vi av stutake.
Mars 1. Still, røykutt himel, målaren på 0º. 150 cm snø. Mot kveld eit lite vindkast av sud-aust. 2. Arna 7 år. Léver – upptil + 3º R, hagl og skletta. Ei rosa av vest i middagstida. Hemnestur, Jakob. Eg fullførde snømokinga av stovetake. 3. Medfastesundag. Vester-kjøla, tung snø, målar’n på 0º. 4. Still, klår, ÷ 5º R, stigande til ÷ 3º R. Eg og Jakob trødde upp køyrvegen nedyver åt Bakarvollen, og utetter stranda åt Lanesbekkjen. 5. Still, klår, ÷ 8º R i lysinga, steig til ÷ 5º R og tjukna yver av sud på em. Jakob køyrde ein tur til Utland på fm. 6. Klår, still, ÷ 12º R. 7. Skoddhimel alrafyrst, men klårna snart heilt upp og var klår dagen ut, ÷ 10º R. 8. Still, frosthare, 0º. 9. Ill blåstr av nord-aust til nord, smått kov og fok, ÷ 2º - 3º R. Hemnestur, Jakob. 10. Vårfrumess-sundag. Still, klår med litt glya og røykdottar, ÷ 6º R. 11. Nordaust og fok att – drått av sud, ÷ 5º R. 12. Gregersmess. Aust til sud kuling i natt og fm, med fok, spaktest sidan, ÷ 5º - 7º R. Bles upp att seinkvelds. 13. Klår, nordaust-blistring, ÷ 7º R. ”Sanitet” hoss fru Jørgensen, Anne er der. 14. Klår med små skystripor, litt nordaust-vift imorgest, sidan still, ÷ 10º R. Jakob dekk av siloen. 15. Klår still, ÷ 18º R fyre solovringa, lédna ut-etter dagen til ÷ 8º R i myrkninga. Tjukna yver av NV mot kveld. Same arbeid. 16. Still, frosthare på morgonsida, ÷ 9º R, steig til ÷ 5º, klåra fm noko upp. 145 cm snø. Hemnestur, Jakob. 17. Palmsundag. Eit ”verglytt” tidlegst på morgon, seig strakst saman att og tok på å turrsnø nokso tett, letta då upp-att mot middag. Sidan utnordshengsl. – Anne og eg i Radio hoss Hans i Botne kl. 18, lydde på Olga Bjoner, som tala på Oslo Slott um ”kvinnelig arbeidstjeneste”. 18. Still, halvklår på morgonsida, bles frampå fm upp av aust, med fok, ÷ 9º R i otta, steig til ÷ 1º, spaktest snart. 19. Still, klår, varmegrad kring 0º. De dryp unda torvhallan. Trygve kom heim med lokal’n. 20. Jamdøger. Halvklår, til dels meir jamngrå, gradmål kring 0º. Jakob til Falle med smør. 21. Skjertorsdag. Klår med litt stripor kring fjella, på em nordaust-blistring, ÷ 5º R tidlegst, steig til ÷ 1º. Eg var – i lag med Fridtjov Straumbotn – ein tur til Tverrbekklia. Myhre var 78 år i går. 22. Langfredag. Fullklår, nord-aust so de fauk litt. ÷ 5º R upptil ÷ 3º. 23. Påskeaftan. Still, klår, ÷ 12º R i solovringa, ÷ 2º R em. Hemnestur, Trygve. 24. Påske. Still, frosthare, ÷ 4º R i morgonstunda. I middagstida noko snøtjukk, sidan upplettande. Um kveld ÷ 1º R. 25. Ann’dag. Vårfrumess. Still, klår, ÷ 12º R, steig til ÷ 2º R um kveld. 26. Same ver, ÷ 10º R i solovringa, ÷ 2º um kveld. Trygve reiste med lokal’n. 27. Still, halvklår, ÷ 2º - 3º R. ”Idun” laupa. Jakob til Falle med smør fm. 28. Still, klår, ÷ 3º R imorgest, steig til ÷ 2º em. 29. Lars 62 år. Still, halvklår, imorgest ÷ 12º R, em upptil ÷ 2º. Seinkvelds yvertjukk. 30. Still, frosthare, ÷ 4º R imorgest, steig til + 4º em, og eit og anna solglytt. Hemnestur, Jakob. 31. 1. sundag e. påske. Still, drått av sud, tung snø – eller snøskletta. + 3º, 1,24 m snø. – Seinkvelds reint regn.
April 1. SVog regn, + 3º R. Framyver dagen klårholutt, skletta og vasshagl. Eg byrja velja upp tates. 2. Nordleg vind, snøfok, tunnt kov i elingan. Jakob køyrde avstad med ”Gro”, vilde prøva køyrevegen åt Utskarpen, med truenn på merra. De gjekk bra. Snudde ’punn Hauabakken. 3. Utnordshengsl, frosthare, ÷ 4º R i morgonstunda, + 2º em. 4. Still, halvklår, ÷ 6º R, litt kovfjun fyrst på dagen, fullklår mot kveld. Jakob utigjennom, køyrde i vegen, åt Hauan og vel so de. Eg ein tur til Eide. ”Barbro” laupa. 5. Still, klår med ”bakke” i vest, ÷ 10º R imorgest. 1,32 m snø. Jakob for iveg med ”Gro”, etla seg heilt åt Bratt-Dalosen etter høy, kom att kl. 16 med lass. 6. Skoddhimel, frisk vester-skotung, léver. Hemnestur, eg. Jakob og ”Gro” iveg etter høy, kom kl. 18 med mykje større lass. 7. 2. sundag e. påske. SV og regn, + 4º R. 8. Still, på em frisk SV, regn, + 4º R. 9. Vind frå nord, meir og minder, kov-elingar med ”verglan” mot kveld. Målaren kring 0º. De spyrjast, at tysken gjer åtak på vår kyst, til og med Trondheim, dessutan Narvik. 10. Still, utnordshengsl. Gutane er innkalla til ”mobilisering” og dreg avstad til Mosjøen. 1,35 m snø. 11. Klår, still, nattkald – men sola bredde nokso godt kring middag og framyver. Jakob og ”Gro” for til Eide etter mjøl. Vegen var vond upp-etter Medstraumvollen. Trygve kom heim i kveldinga. 12. Still, yvertjukk, ”gråfrost”. Frå ÷ 1º til + 3º. Jakob er ufjelg. 13. Still, regn, + 3º. Hemnestur, Trygve. 14. Sumarmål, 3. sundag e. påske. Halvklår, frisk skotungsgråe, upptil + 5º R. Vi såg 3 fly fara sør-yver Gjeitvikfjelle. 15. Same ver. 1,20 m snø. Trygve for åt ordførar Hans J. Utskarpen, etter bod frå denne. Jakob er sjuk, ligg heime på Utland. 16. Same ver, berre litt kjølegare i morgonstunda og frose på vegane. Eg byrja bera upp litt sssedtates i går og i dag. 17. Same ver, men ikkje nattkald. Trygve kom heim imorgest – frå Finneide. I kveldøkta trødde vi møkka-veg. ”Sibylla” kom med tvillingar, sau og ver. 18. Still, skoddhimel, smått regn og skletta. Eg hreld fram med sedtates’n. 19. NV-gråe med snøfjun og ”rokglan”, litt skare, målaren på 0º. Vi sanna heimflata fm. 20. Same ver fm, kaldare og sterkare skare. Em fleire tjukke kov-elingar. Vi sanna i Steinbakken og på Teien. Em for eg med kjelken åt Førnese og henta maldere, som eg hadde fenge Svein til å ta frå mølna. 24. 4. sundag e. påske. NV og kov, kladdføre. Anne og eg for åt Førnese på radiopreike (Brun i Bodøy). 22. Same ver. Trygve for til Hemnes, skulde sitja i likninga – rodde frå Førnese i lag med Olav Hagen. Jakob kom att og byrja køyra møkkr. Vi baka flatbrød. 23. Nordvest og kov – tjukkare og kaldare, ser ut som snøen aukar. Jakob køyr’ møkkr, eg lapp’ ny-komingann. 24. Like-eins. Jakob til Falle med smør fm. Møkkrkøyring em. 25. De same, de same – arbeide ogso. 1,33 m snø. 26. Klår, solskin og stilla, bra ”snø-bør”. Eg rente rundt til Eide fm. D’er roande åt Bustien med floa. Landkallen er skrøpeleg yver-allt. 27. Klår, skaraføre, still fyrst på dagen, seinare litt vindvift av aust. Trygve kom heim med dei andre Hemnesfararane (Einar Førnes). 28. 5. sundag e. påske. Anne er 68 år. Still, klår med tunne skylurvor, sagteleg drått av nord. 29. Yvertjukk, still, + 9º R i middagstunda. 1,07 m snø. Ber inn sedtates. – Vi har, sidan 9., hatt krig med Stortysken, som den dag hersette mest heile Sør-Norig og Narvik her nord.
Mai 1. Klår med tunn glya, litt kjøla frå nord. Ferdig med sed-tates’n, eg har bore inn 14 byttor, som vanleg. Trygve kom, seint på kveld. 2. Helgetorsdag. Still, ullen skodde, som letta so kl. 10 – sidan klår. 3. Krossmess. Still, klår, skaraføre. Eg sanna i ”Solbakken”. Trygve for avstad i otta, Utskarpvegen. Isen er ’kje heilt landlaus, men landkallan’ er svært skrøpeleg, sonærsom i Lanese og ’punn Bergan. I går saga Utlandsgluntan’ isen av frå Sjåbergauren åt Kjeldnese. Eg rente rundt til Eide em. 4. Same ver. Landkallan’ skaltrest og forgår, men han Jakob dillra då yver frå Hagaodden åt Lanese med ½ sekk mjøl på kjelken med’ halvflødd sjø. Trygve kom heim i kveld, drog eit kjelk-lass med seg rundt Botne. 5. 6. sundag. Same ver, herleg snøbrede. 0,97 m snø på usanda flate. Trygve for i flotida til Utland etter ein fisk-kase, rodde millom Kjeldnese og Medstraum-auren, sidan med ski og kjelke. 6. Same ver. Trygve for til Falle, dei har flutt heradskontora dit. Her var mykje fly-dunder igårkveld, likeins i natt. Trygve kom heimatt i kveld. Ingen dunder i dag. 7. Same ver. Trygve til Falle att. Ner-isen reist. Ikkje full fly-fred. – De tjukna yver av sud mot kveld. Trygve kom heim. 8. Still, skodde og regn. Trygve for iveg att, tok smøre med seg. Vi bak’ flatbrød. Mest fritt for fly-dur. Trygve heim i kveld. 9. Same ver og Trygve atter iveg. Full fly-fred, so å segja. Isen ligg no og rek landimillom. Botnkaran’ rodde um ’n frammed Hagaberge. Trygve heime i kveld att. 10. Still, skoddutt, smått regnfusk – på em mest turr.. Trygve til Falle. Vi vaskar rundt i kjøken – og noko på stovelofte. Trygve kom heim. Mykje fly-dunder og skot-smell i kveldøkta, vi spør tidend um slag på Hemnes, men veit ’kje utfalle. 11. Pins-aftan. Sterk vind, skletta og regn, solglytt imillom. Trygve til Falle. Kom heimatt nondag. Stygge tidender frå slage – folk kjem rømande og lyt få hus, der de finst rom. 12. Kvitsundag. Nordleg gråe, halvklår – snerkje på vatne i natt. Veldig fly-dunder fm, skot-smell imillom. Framåt kveld meir yvertjukk og noko haglfjun. 13. Ann’dag. Austavind, halvklår. Isen ligg skruva heilt uti Botn-auren. Bra flyfred i dag, med stødig folkevandring. Hit kom Oskar Presteng med kona og 4 småkarar – 2 av kvart. 14. Frisk sud-aust, klår med store vindlurvor. Skaraføre imorgest. Fullt klår i kveld. Flyfred fm, flyfart og dunder em, seinkvelds kanonskot i sud. Folkevandring ustanseleg, Nikolai Arntsen med 2 søner og ei dotter kom hit. Trygve for åt Utskarpen i forsynings-ærend. 15. Still, ei og anna droga av SS-aust, halvklår – uppklårande mot kveld. Botnfjord-isen rak ned-um. Roleg for-so-mest heile dagen. Men de spørjast, at Hemnes er avbrunne, og britarne rå’r slagmarka. Arntsen og gutane for åt Utskarpen og Sjona i provianterings-ærend. 16. Sudaust-kjøla, klår med små godverslurvor. Seinkvelds fullklår. Mykje fly-dur frametter mot midnatt. – Fjøsvegen er berr. Åkren her-utfor har no større berrflekkjer enn snøflekkjer. Men på u-sanda land ligg snøen umkring 40 cm djup. 17. Ikkje høgtid i dag, for krigstilstande si skuld. Klår, sudaust-kjøla. Trygve reiv ned sumarfjøsen, som er vort’n skrøpeleg. Mykje flydur og skotsmell. 18. Halvklår, i ridom mest yvertjukk og litt regnfusk – fullklår i kveldtida. Litt flyfart i dag og. Oskar Presteng for åt Utskarpen etter fisk-vare, fekk fersksild med’n vann bera. – Arbeid på sumarfjøs-tufta. 19. Trieinings-helg. Still, klår, litt flydunder i ridom. Presteng og kona for avstad, vilde sjå heim. Kom att med gode voner. 20. Halvklår – eller røykutt og glyutt himel, sudaust-kjøla, varm. På flata her-ut er no berre små snø-kleser (?). – Presteng med familie reiste. Trygve arbeid med fjøs’n, med hjelp av Nikolai Arntsen og Håkon. 21. Klår, sudaust-kjøla. Fly-dunder mest i eitt heile dagen. Eg arbeid i bærhagen, dei andre på sumarfjøs’n. 22. Sudaust-kjøla, klår med tunne kvitskyar. Same arbeid. Flyfart og -dunder. 23. Same ver. Same arbeid – flyfart og –dunder som i går. Eg tok so smått til å fyrebu våronna – renska og jamna på kålåker’n frå i fjor, tok sidan til å spa i ”Solbakken”. 24. Same ver – litt meir yvertjukk mot kveld. Anne og eg var roande på Eide for proviantering. Toleg fly-fred. 25. ”Ålmanns plog”. Nordaust-gråe, klår. Eg jamnar ut mold-dungan etter nep-raukenn uppå Teien. – Mykje fly-dur. Trygve for åt Utskarpen og derifrå til Hemnes. Kom ikkje heimatt i kveld. 26. 1. sundag e. trieining. Halv- til fullklår, varm. Trygve kom heim i kveld. – Tjukna meir yver sist på kveld. Jamt fly-dur. 27. Inga 34 år. Sudaust-kjøla, klår og varm. Vi stelte upp hagajord og sådde haga-urter, stramma upp hønsnettinga. Adskillig flydur. Same ver. Eg sådde gulrot og løk. Trygve og ”Gro” møkkra på Teien. D’er ålbert no på alt undlende, sonærsom djupaste dal-søkka. 29. Same ver fm, havgøla em. Fly-dunder heile dagen, rett som de var. Møkkring og harving på Teien. 30. Skodda og fauka, sudleg kjøla. Full fly-fred. – Same arbeid fm, sidan pløgjing i Steinbakken og tatesplanting i Solbakken. 31. Yvertjukk, upplettande – havgøla. Trygve sår bygg og harvar ned på Teien – eg steller og plantar i Solbakken. I kveld mest klår, litt kjøleg blistring. Fly-fred til i kveld-økta, då for her eitpar fuglar søretter.
Juni 1. Halvklår, nordleg gråe, + 12º R på em. Hemnestur, Trygve, roande, henta kunstgjødsl, 4 sekkjer. Eg køyrde møkkr og harva – Steinbakken. Arntsenfamilie – nær-som Håkon – fylgde Trygve til Hemnes, for vidare til Mula, skulde sjå åt mora, som er der. Håkon arbeid fortfarande på fjøs’n. Mykje fly-dund’r, serleg em. 2. 2. sundag. Myrkbakke, vester-gråe. Anne og eg ein tur åt Hauan em. 3. Same ver. Trygve harva og sådde Steinbakken. 4. Yvertjukk med klårglytt, litt regnfusk imillom, eit og anna vind-vift av NVtV. Trygve rodde til Hemnes, - lånte Svein Utland sin båt – etter 4 sekkjer kunstgjødsl til – heimant’ kl. 6, heimatt kl. 12½. Eg køyrde møkkr her på heimflata. 5. SV, skodde og smått regn. Køyrde møkkr, breidde og pløgde. Trygve strødde kunstgjødsl på enga, både i går og i dag.. 6. Same ver. Pløgjing. Eg sår kålrot og erter. Sumarfjøs-arbeide går sin gang. Full fly-fred å kalla – sidan sundag, til i dag i kveld-økta. 7. Frisk NV, nokso stride regn-elingar, fine klårglytt imillom. Anne og eg roande på Eide. Harving på tateslande – heimflata -, eg planta min tates i kveld-økta. 8. Vergjerda nærmast likeins, endå vel so nordleg. Upplettande til halvklår. Trygve sette tates’n. Hemnestur, Nikolai Arntsen og Arne. 9. 3. sundag. Frisk nordleg vind, klår med jagande skylurvor. ”Sibylla” og borna hennar ute fyrste gong – i band. I kveld hadde vi ogso kalvane ute. – Vi frettar, at lande vårt er yvergjeve åt tysken – d’er slutta eitslag fred. 10. Nordleg vind, klår med skyar, som i går. Byggen broddast. Møkkring i Lamyra. Gjerdevøla. Leidde ”Sibylla” åt Botne. 11. Same ver. Møkring og harving. 12. Sudaust-kjøla, varm, + 18º R. Sådde nepe og kålrot i Lamyra. Fyrste kålrot eg sådde var uppkomen sundag. Gjerdevøla. Sumarfjøs’n vantar no berre tak, de går an å flytja i’n. 14. Same ver. Slepte ut kyrne, åt Øverenge, sette deim i nyfjøs’n. Gjerdevøla. 15. Same ver. Hemnestur, Trygve og Nikolai Arntsen med dotter og son. Kom att i kveld med papp åt sumarfjøstake. 16. 4. sundag. Klår med litt glya, auster-kjøla fm, fin havgøla em, + 20º R. Anne er sjukeleg, men fylgde då med ein gangtur på Sjåbakken. 17. Ein regnskvett på morgonsida, men letta upp frametter fm. Havgøla em. Taktekkjing på sumarfjøs’n. Svensktates’n byrjar glytta upp. 18. Vester-gråe, myrkbakke, fauka. Sumarfjøstake mest fullferdigt. Kyrne slept i skogen (i buvegjen). 19. Same ver i morgonstunda, kjende sidan meir ”yt’leg” med klårhol. Eg for til Holmsjøen på em, for å få i ferskfisk – som eg og fekk – med’ Gjesbakken. Nikolai Arntsen med familie for herifrå til Anders-Myhre på Eide – der dei no ei tid skal bu. 20. Sterk SV og regn. Nikolai Arntsen og sonen var her roande – etter meir flyttgods. - Engrensking i Øverenge. 21. Solkverv. Still, yvertjukk, regn-elingar, med klårglytt. Trygve til Falle i heradstyremøte. Eg vaskar upp på stovelofte. 22. Mest same ver – helst meir regn. Hemnestur, Trygve – m.a. i dokter-ærend for Anne, som er dårleg framleis. 23. 5. sundag. Jonsok-aftan. Fm still, regnelingar, em vestavind og turrskodde. + 12º R. Solglytt i kveldøkta – ”vesterskin” – men regn sidst. 24. Jonsok. halvklår, still fm, havgøla em. Hagerensking. Trygve roande til Eide på mjølhandel. 25. Yvertjukk med meir og minder klårhol, drått og gråe av SS-aust. Rensking, fortfarande. 26. Halvklår, frisk skôtung, ein kraftig regnfloing i nonstida. + 20º R. Trygve til fjells med oksen. Eg hakkar ugras i Solbakken. 27. Olav (Trygveson) er 4 år. Still, skodde, regn i morgonstunda, uppklårande. Um kveld halvklår. 28. Klår, halgøla. Køyring i tates- og nepland. Trygve rodde til Sund, skal vera med i ligninga. Eg vaska upp kammerse. 29. Sudaust-kjøla, klårhimel med krinutt (?) glya, + 18º R. Vedhogst og ymist putl-arbeid, sosom ugrasrensking m.v. Trygve kom heim so kl. 16. 30. 6. sundag. Halvklår, sudaust-kjøla fm, frisk havgøla em. Soffi var her på vitjing – Anne og eg slo fylgje med ho og gjekk på kyrkjegarden. I kveldøkta høyrdest her fly-dunder, som ikkje har høyrdest på meir enn ei veke – såg eit fara ur Rana. – Ragna, Håkon og Arne Arntsen var her i kveld.
Juli 1. Vester-kjøla, skodde, fauka fyrst på dagen. Klårholutt og frisk havgøla em. Trygve til Hemnes att. Eg tunna ut kålrot. 2. Kronprins Olav 37 år. Skoddhimel, frisk vester-gråe, + 14º R. Vi baka flatbrød fm. Em var eg på Litl-li-toppen og vølte på gjetargjerde. (12 veker sidan Hitler tok oss under vengjom). 3. Still, klår med litt ur-fin glya. Brødbaking i fm i dag og. rensking em. 4. Halvklår, litt regndripl imillom, ein kraftig floing so kl. 17. Eg gjekk til Falle em på kaffehandel. Trygve kom heim i kveld. 5. Vester-gråe, skoddhimel, - sist på dagen regnsikl. Tynning i neplande. Eg var på Litoppen og gjorde ferdig med gjerdevøla – hyppa elles i ”Solbakken”. Anne gangande til Jamtjord em. 6. VSV, regndripl. nepe- og kålrot-tynning. 7. 7. sundag. Floing i natt, uppklårande med dagen, kokande varm, litt vift av havgøla. Presten heldt jordfesting på kyrkjegarden og preika på skulen. Stort frammøte – vi var der, både store og små. Snøen i fjella er drug, han er ’kje heilt vekke, korkje i Geitvik- eller Holmfjelle, og i høgste Rostafjelle er mest ikkje berrflekk. 8. Sudleg gråe, regndripl – eitpar strie floingar kring middag. Nepetynning – ferdig. 9. Nordvest-gråe, skodde, fauka, + 13º R. Klåra smått upp ut-etter dagen, um kveldtid mest fullklår. Handhakking i ”kjøkenhagen”, byrja sist på kveld å køyra hakka i nep-åker’n. 10. Sudleg gråe, klår fm, drog sidan med større og minder skyflokar yver himel’n (”turrfloingar”) – i kveldtida fullklår att. Trygve køyrde ferdig i nepåkren, hyppa sidan tateslande. + 18º R. 11. Klår fyrst, og still, kom so med havgøla og drog upp til havskodde til kvelds. + 20º R. Trygve og Inga rodde til Hemnes, kom att kl. 19. Eg tunna ut i kålhagen (Solbakken). Marie Arntsen var på vitjing her em, ilagmed dottera og Evilde. 12. Vestleg vind, skodd-dottar. Anne er sjuk, lyt liggja lange ri’er. + 19º R. 13. Mest same ver, litt mindre varm, + 17º R, og vinden meir frå nord-vest. Eg for til Øverland i kveldinga, til møtes med Kristense og syskena hennar, hjelpte deim å byta morsarven deira. 14. 8. sundag ”Midtsumar”. Frisk nord-vest, skodde, med klårglytt. 15. Frisk NV, klår, + 13º R. Trygve gjer rydigt på køyrbrua. Eg ferdig med hagerenskinga. 16. Klår, havgøla, + 16º R. Trygve og ”Gro” til Falle med smør og ein lånt høyslede frå i vinter. Vi vaska upp stova. Byggen skytast – den fyrste byrja alt den 12. Byrja slå em i tune og vegane. 17. Klår, havgøla, skodd-dottar i kveldinga. Slo båe dalane (med ljå) og breidde – sistpå Rabben (med maskin). 18. Yvertjukk, NV-gråe, ein regnskvett i morgonstunda., lyste sidan upp og turka séthøy. Hesja på Rabben. 19. Klår på fm, med skyrand i sud og sudaust-gråe. Tjukna sidan yver og blåste NV. Kasta ut setene og fekk inn 2 lass. Slo elles og hesja Solbakken. 20 NV, skoddhimel, no og då litt fauka. Slo og breidde på Témmerberge. 21. 9. sundag. Eg er 69 år. NV, yvertjukk, ein og annan regn-eling. 22. Vester-gråe, regn natt og fm, sidan NV, sterk i elingan, ”rokglan”, + 9º R. Slått og hesjing (hoss oss flatbrødbakstr). 23. NV, skodde og fauk-elingar, solglytt imillom – kokheitt. Slått og hesjing. ”Svensken” byrjar blomstra. 24. Sterke regnskyll, med glytt på fm – set-turk em. Slått og hesjing i Steinbakken. Sét-raking på Témmerberge. 25. Jakob Våthatt. Still, klår med litt glya, + 13º R, tjukna yver av sud utyver dagen, nokre regndropar so kl. 14. 1 lass séthøy. Elles slått og hesjing – Øverbakken. 26. Regn i natt-morgest. Klår fyrst på fm og sudaust-kjøla, men tok tidleg til å setja upp med floingar – kom då inkje regn. Onna held fram. Anne og eg for til Eide em, handla og vitja Fru Arntsen, som er sjuk. 27. ”Sju sovarar”. Halvklår fyrst, kokheit, still, kom strakst etter middag med ein dundrande torfloing. Hemnestur, Trygve. Eg putla med hesja. 28. 10. sundag. Skodde, nordavind – mot kveld litt klårholutt. 29. Olsok, gl. Nordavind, skodde, litt fauka imillom. Slo og hesja. 30. Nordavind, skodd-dottar. Køyrde inn 1 lass skrot-høy og 3 med hesjehøy. 31. Nordavind, klår med rekande skodd-lurvor. Slo i Sjøbakken og Lamyra, resten av maskinslåtten. – De for tyskar her-om, på veg til Nesna – 6 mann.
August 1. Still, sid skodde, regnsildr. Slo litt hakkslått og raka etter. Trygve rodde til Eide etter post. 2. SV og regn – lite verande ute. + 11º R. På em frisk NV med fauk-elingar. Hesja på siste slåtten. 3. Kong Håkon 68 år. (Olsok, ny). Frisk vestleg vind, skodde og regn, spaktest noko mot kveld. Hemnestur, Trygve. Heime putla vi med hesja, vart sovidt ferdig. 4. 11. sundag. Still, skodde, litt regndripl stundum. + 10º R. På em auka de med regne. Sterk drått av sud. 5. SV og regn. Sko skrapslått i Steinbakken. Trygve sykla til Falle em i forretningar. 6. Sudleg gråe, skoddutt himel, ender-å faukskvett’n. Vi baka brød fm. Raka fram og breidde em. Trygve til Falle med smør fm – kontorarbeid em. 7. Vester-skôtung (spak), skodde, regn fyrst på dagen. Vinden drog um til VNV, skodda letta til halvklår. De kom ein slåttmann, Trygve hadde tinga i Utskarpen, heiter Trygve Jenssen. Slåtta går fram, vi byrja på Øverenge. Køyrde dertil inn 3 lass hesjehøy. 8. Same ver som igårkveld. Stilltest på em. 4. hesjelass. Trygve for til Mo på sykkel, kom heimatt um kveld. 9. Halvklår, sudaust-gråe. Anne og eg roande til Eide fm. 2 lass turrhøy. 10. Regn i natt-morgest. Klåra tidleg på fm og vart de finaste høyver. Innkøyrd 5 lass. Slo av til kvelds. Hemnestur, Trygve. Han selde oksekalven ”Aron” og slakta han etter kveldtid. Heitmann var meister. – Tjukna yver seinkvelds og dripla nokre regndropar. 11. 12. sundag. Tung skyhimel, SV-drått, sterke regn-frøningar. Trygve reiste i kveld med dampen, skal ut å verka i sitt kall. 12. Same ver, men spak, og minder regn. Eg køyrde fm rundt til Eide, henta ein salpetersekk. Em byrja eg strø ut av innhalde. 13. Still, yvertjukk, litt regndripl medkvart. Eg fullførde utsåinga, sidan ugrasluking, [..] og anna. Uppklårande mot kveld. 14. Klår med rekande skyfillor, sudaust bris – ikkje til kvelds – men då nokso god høyturk, Slåttkar’n, som for heim laurdagskveld, kom att, vi fekk inn 7½ turrhøylass. 15. Yvertjukk, still, men heldt tett fm, so vi fekk inn 4 lass. Em striregna de. Gut’n for heimatt då de vart kveld. 16. og 17. Ausregn – same ver. Likeins 18. – 13. sundag. 19. Litt fauka i morgonstunda, sidan litt upplettande – still til yver middag, sidan vestleg gråe. Køyrde inn eit lite lass skrothøy. 20. Still, lettskya i morgonstunda, seinare litt sudaust-gråe. Køyrde inn 4 lass av hesja. 21. Skoddhimel, sudaust-gråe. Anne og eg rodde til Eide em. Sette upp hesja i Øverenge, tok til å hengja upp séthøy. 22. Yvertjukk, frisk vesta-gråe, litt fauka i fjella. hesja upp sét’n. Køyrde inn eit ”hamardrøgje” med ugrasfylt grønfor. 23. Stste ”hund-dagen”. Still, halvklår fyrst, sidan sudaust-gråe, mot kveld vestavind, mest fullklår. Eg ein rotur til Eide fm. Vølte um gjerde nedmed stranda em. 24. ”Barsok”. SV og regn. Trilla upp hesjestreng. 25. 14. sundag. Same ver. 26. Mest same ver. Litt lengre el-dus og klårglytt på em. 27. SV, skodde og regn. På em nokre fine ”rokglan”. Same arbeid. 28. Same ver – endå meir stormande og ruskutt. Mest innearbeid. ”Idun” er klein, vi lyt ta henne inn. 29. Skodde og regn i morgonstunda, blåste sidan upp av vest og VNV og letta upp. Inga og eg var ein tur til Eide fm, på ”proviantering”. De snødde i nordfjella, kanskje litt i Rostafjelle og. Gamallsnøen var ’kj heilt vekke. 30. SV og regn att. Kantra meir vestleg og letta noko upp – spaktest på em. Byrja skjera bygg på Teien. 31. Mest like-eins med vere. Seig i hop til regn mot kveld att. Framhald med byggskurden. Trygve kom heim.
September 1. 15. sundag. Ver nett som dagane fyrr. Anne og eg ferdast til Straumsnes. 2. Yvertjukk, still fm, litt fauke-dripl no og då. Seinare vester-kjøla, eit og anna lite klårglytt. Skurd-onn. NV blistring, fin fauka i elingan, kjøleg. Lise Utland og Kristense Øverland kom til hjelp i onna. 4. Halvklår – NV lurvor med faukedripl i morgonstunda, sidan turr, endåtil varme solglytt – til i kveldinga, då de atter tjukna til og byrja dripla. Lise på Utlande kom hit til hjelp og skurden vart fråseggjort til tidleg nondag. 5. Still, skodde, regn – eit glytt frampå em. Slakta ”Idun”, som ikkje ville friskna – Edvin var meister. 6. Halvklår, faukedripl no og då. Stauring ferdig – stell med slakt-avfalle 7. Still, skodde, yr-regn til umlag kl. 15, då de letta litt, med ill blåstr av nord-aust. Hemnestur, Trygve – og eg, som for med slakte. Fekk de selt for 30 kr. 8. 16. sundag. halvklår, frisk vestavind. Anne gjekk åt Nordigard’n. Trygve gjekk åt Skogfrudal’n. Kom heimatt kl. 22. 9. Still, skodde og regn. Leid på dagen litt vesta-gråe. Eg var på Eide roandes fm. 10. Halvklår, sudaust-kjøla fm, sidan still, yvertjukk. Trygve renskar på nylande – dyrkingsteien på Témmerberge, eg rakar åker. 11. Skodde, regnsildr – mest still, med ei og anna vinddroga. Fjøs-uppvask – åker-rakst. 12. Same ver – same arbeid. Dessutan – eg til Eide etter post m.m., em – Seinkvelds mest klår. 13. Still, klår med godversskyar, litt kjøleg i morgonstunda. Seinare sudaust-kjøla, varm luft. Eg byrja ta upp tates – svenske – i Solbakken em. Trygve stelte i kjellar’n, lagar sidan til silo-onna – rivor -. 14. Same ver, litt friskare vind. Same arbeid. Eg vart ferdig med svensken – 17 byttor, eller 170 kg. 15. 17. sundag. Klår med godversskyar, retteleg frisk sudaust. Trygve åt Skogfrudal’n i går em. Kom heimatt i dag kl. 18. 16. Still, skodda, regndripl. Slo tatesgras og køyrde i silo. Harald Øverland leigd til hjelp. 17. Same ver fm, sidan bles de upp av sudaust, rett ein dugeleg bris. Hå-slått og silo-legging. Køyrde inn 33 byggstaur i kveldøkta. Anne tek til med ”grå-tates’n” – 11 byttor upp til kvelds. 18. Litt faukdripl i morgonstunda, skein sidan av og vart fint arbeidsver. ”Gjekk heftig løs” på tateslande, 17 byttor upp. Sist på kveld fullklår. 19. Yvertjukk, eitt og anna lite faukeskvett, men skein då av og vart turr. 15 byttor. 20. Yvertjukk med klårglytt – tjukna meir yver mot kveld. 19 byttor. 21. Skodde og regn-sikl, mest utan upphald, lite verande ute. Fekk berre 2 byttor tates. Hemnestur, Trygve. 22. 18. sundag. Fossande regn, mykje takdrope. 23. Jamdøger. Halvklår i otta, uppklårande, NV-kjøla, fullklår em. Eg fekk upp 4 byttor tates – resten av gråen. Ungfolka hadde Laura Øverland til upptakarhjelp. – Arna byrja skulen. 24. Vestavind, skodda – klårholutt em, men seinkvelds regn. Eg vann 7 byttor (mandel). 25. SV og regn i morgonstunda, letta upp og vart klårholutt og turr. Vann åt tates’n. Mitt utbyte vart (i dag) 3 byttor mandel, 7 byttor kvit. I de heile 102 byttor – forutan umlag 7 byttor småtates. 26. Still, fauk-elingar med glytt imillom, og litt vestleg gråe. Tok inn 50 staur. 27. Skodde, stilt fm, sidan upplettande, mest klår i kveldtida. 28. Klår, sudaust-gråe. Drog upp no’n skylurvor, leid på dagen. Hemnestur, Trygve. Tok inn 30 staur um kveld. 29. 19. sundag, Mikkjelsmess. Klår mest i morgonstunda, men noko sleip i sud. Drog yver i middagstida, kom seinare med skodde og regn. Anne og eg gjekk tur åt veg-enden på Bjerklifjelle. 30. SV, fossande regn, fullt uver, folk lyt halda seg inne.
Oktober 1. Mest same ver å byrja med, men spakna på em og reiv klårhol. Trygve tek dekke av siloen – for å leggja nepkål i. 2. Vind og regn i elingan, med nokre fine dus. Trygve sykla åt Utskarpen, for til Hemnes i heradstyre – kom att so kl. 16. Eg tok upp kålrot. 3. Still, skodde og regn. Nepehausting – Harald Øverland og Odd Utland er her til leigehjelp, eg hjelper til de eg kann. 4. Still, skodde, som letta av til halvklår, fint ver. Trygve, Harald og ”Gro” køyr’ inn kål og legg i silo – Inga og eg kålar av resten. 5. Yvertjukk med klårhol, still, - frampå em litt regndripl. Kålen nedlagt og siloen ferdiggjort. 6. 20. sundag. Yvertjukk med klårhol, auster-gråe. – Vi fekk sauene heim igårkveld, - Lars Lauvbakk hadde funne deim og sett deim inn i Tverrbekklia, der Trygve og Harald so henta deim hit heim. 7. Frisk sudaust, halvklår alrafyrst, tjukna sidan upp og blåna til og tok på em til å regnsikla. Då køyrde vi inn resten av byggstauren, 10 i alt. Elles køyrde og rauka vi nepe. ”Bjora” kalva – svartsidutt okse ”Langmann”. 8. Still, skodde, regnsikl. Nep-rauking og saugjetsla. Trygve for yver fjelle til Mo – kom att so kl. 19. 9. Still, lettskyutt – uppklårande, i kveldstunda fullklår. Ferdig med raukinga. Trygve tok sidan upp kålrot. 10. Halvklår fyrst, bles upp av sudaust og tjukna yver og kom med regn um nondag. Arbeid på med dekksel på raukene. 11. Klår med tunne rekskyar, sudaust-gråe fm, tjukna sidan yver av sud. Same arbeid. 12. Trygve 34 år. SV og regn – tok av ut-etter dagen, i kveldstunda mest klår. Hemnestur, Trygve, roandes i lag med Svein Utland. 13. 21. sundag. Sudaust-kjøla, mest klår fm, tjukna meir til em. – Trygve slakta spedkalven hennar ”Bjora”. 14. ”Vet’næt”. Still, yvertjukk, regndripl. Trygve pløgjer voll (nedst i Lamyra) med Svein Utland og merra hans tilhjelp. Eg haustar erter – og gjeter sauenn. – Klåra heilt upp og kjølde lufta. 15. Yvertjukk, still, i kveldtida mest klår. Trygve pakkar kålrot, gulrot og tates for utskiping. Ragna Arntsen kom hit og henta eit parti, resten vart send til Mo – Trygve køyrde de rundt til Eide. 16. Still, lettskyutt eller klårholutt. Trygve pløgjer resten. 17. Yvertjukk, still, inkje nedburd. Trygve slakta storkalven (Odin) og eg ”Ingemann”, med Heitmann til meister. Kl. 15 preike på skulen v. presten Nerhus (?) – Anne og eg var der. Flutte kyrne åt heimfjøs’n. 18. Still, tjukk, tett skodde heilt nedpå sjøen i morgonstunda, letta so upp for ein liten auster-gråe. På kveldsida atter yvertjukk og still. Trygve rodde til Hemnes, skulde selja noko av slakte, og so fara til Oslo på landsstyremøte. 19. Yvertjukk, still fm, auster-gråe em og upplettande. Eg hausta erter, drog i hop staur og reiste saman. Arna sluta skulen. 20. 22. sundag. Still, mest klår, litt rimfrost i grase, seinare på dagen noko skyutt med nordaust drått. Anne og eg ein tur på kyrkjegarden em. 21. Skoddhimel, auster-kjøla, upplettande em, seinkvelds mest klår. Vanlegt gardtutl. Snø i Rostafjelle pånytt. 22. Klår, still, ÷ 2º R i lysinga, stykja på dya, rim i grase, litt blåisfale på Straumen. Tjukna upp ut-yver dagen. Staurkøyring, erterhausting. 23. Yvertjukk, nordvest-kjøla, sklettfjun – marka kvit imorgest. Em SV og regn, snøen rann fort vekk. Sauene stod inne i sumarfjøs’n. 24. Klår med litt vindlurvor fm, sidan fullklår, sudaust-kjøla, målaren litt yver 0º imorgest, litt rim og blåisfale, med då godt roandes. Sauene ute att. Eg var på Eide, roande frå Medstraum, for proviantering. 25. Still, klår, 0º, styrkja på dya, Straumen hudheil åt Førnesodden. Eg styvde inn staur, hogg ved o.a. 26. Klår, still, ja sosant varmt ei lita rid på em. Ein fin nordljoskveld. Trygve kom heim so kl. 21-22, han har vore heilt ned-til Landbrukshøgskulen. Else Nymo og Kåre Øvringmo gift. 27. 23. sundag. Litt nattkald, men sleip skodde yver himel’n, de tjukna til og byrja snø tett em. Sauene står inne. 28. Sudvest-gråe, regn. Øverbakken berrkast, so sauene fekk vera ute eit bil. Trygve køyrde inn nepe, pløgde sidan rekt-åker. 29. Same ver i natt og imorgest, letta upp framyver dagen og er i kveld mest fullklår. Ner-isen er vekke, Botnfjord’n på rak. – Trygve sykla til Falle med smør. Etter heimkoma pløgjing att. 30. Stilt regn imorgest – upplettande, ikveld klår, med litt skodde kring fjellranda, mild i lufta. Åkerbryting i ”Ratadalen”. 31. Klår, still, ÷ 2º R i ljosninga, Nerstraumen snerkjer til att. Same arbeid – og moldmoking på nep-raukenn.
November 1. Helgamess – Bededag. Still, klår til fram mot kveld, då tjukna de upp i vest. Marka frys, de blir tele og hålke. Sauenn ute ei stund, både i går og i dag. 2. Halvklår, still, målar’n på 0º, upptil + 2º. På em tjukna de meir til og kom med litt sklettfjun. Vedhogst – jordbryting. 3. Helgamess-sundag. Auster-gråe, litt skletta og regn. ”Oksfordmøte” i Litlenge, Trygve var der. 4. Austleg gråe, gråhimel, litt kovfjun no og då. Eg på skulevedhogst em. Trygve bryt jord. 5. Still, kov i elingan heile dagen. Eg og Trygve i skogen heile dagen og kasa i hop kvist. Nerstraumen roandes att. 6. Still, yvertjukk, ingen nedburd. Trygve og Inga var roande på Hemnes, dei kom med floa roandes heilt ’punn Témmerberge. Eg moka snø og hogg ved. 7. Kjøla frå ymse kantar, helst SV, ustanseleg kov. Eg fekk ein snert yver eine auga igårkveld, so eg lyt halda meg inne i dag. Trygve dreg reidskap i hus, køyr’ ved heim. 8. Mest same ver – litt meir nordleg og kjøleg. Trygve hogg ved. Eg har innearbeid. Auga kjennest bra. Arna rente åleine til Lauvbakken eitt ærend, i 25 cm nysnø. 9. Still, klår med skyrendar kring fjella, ÷ 10º R fyrr solovringa. Straumen hudheil att. Hemnestur, Trygve – um Utskarpen. Kom att so kl. 16, Førnesvegen. Eg hogg ved. 10. 25. sundag. Austavind, klår til å byrja med, tjukna sidan upp og spaktest em – lédna upp frå ÷ 3º R til ÷ 1º. Folk gjekk yver isen på Botnfjord’n. 11. Still, skoddhimel, gråfrost – litt kovfjun imillom. Eg på skulevedhogst. Trygve og ”Gro” henta heim trøskmaskin og motor frå Botne og monterte upp. 12. Same ver. ”Heiborg” kalva tidleg i morgonstunda, kolsvart okse (”Terboven”?). Trøsking. – Byrja blåsa nord-aust, då de vart ljost. Ferdig med trøskinga. 13. Nordaust blistring, gråhimel. Trygve køyrde motoren åt Botne og dryftaren hit-att, sidan dryfta vi og vart ferdig for-so-vidt. 14. Same ver fyrst, stilltest sidan. Vi vog upp korne og bar av låven. Avlen vart iallt 584 kg, derav fekk eg 117. – I kveldinga nepkøyring. 15. Still, skoddhimel, léver. Trygve for på ski til Mo, skulde møta Spjelkavik, som er på fyredragsferd. 16. Still, halvklår, målaren på 0º. Klåra upp i kveldinga. Fine nordljosband. Vedhogst. 17. 26. sundag. Still, klår, ÷ 6º R på em. Anne og eg på ”radiopreike” hoss ny-skulmeister’n. 18. Still og klår fyrst, drog sidan smått yver frå sud og lédna upp. Vedhogst. 19. Sudaust, sterk, yvertjukk, litt kovflistr av og til em og kveld. Vi bar inn korn på stovelofte. 20. Still, yvertjukk, litt kovfjun. Trygve drog åt Utskarpen, skulde dra derfrå til Korgen – i ”embets-ærend”. Eg på skulevedhogst og rundt til Eide etter varor og post. 21. Mest same ver til frampå em, då’n tok til å regna litt. Vedhogst. 22. Stilt, smått regn. ”Bjora” laupa. – Ei stutt rid med ”lappskletta” på em. 23. Still, tett og jamt regnsildr. Upplettande i kveldinga. 24. Still, halvklår, + 1º på målaren. Trygve kom heim seint igårkveld – um Utskarpen – for dit-att i dag, på bondemøte. ”Sanitet” hoss Sakrine Medstraum, Anne er der. – Isen er so nokonleis farande yverallt her på Botnfjord’n – men landkallen er skrøpeleg. 25. Same ver – forutan litt yr-regn i ridom. Trygve kom seint igårkveld, hadde Spjelkavik – ein bondelagstalar – med seg. I dag skulde her vera møte, - de vart ’kje um. 26. Yvertjukk, vestleg drått, skletta. Ut mot kveld tett, turt kov. Trygve for til Hemnes med’n Spjelkavik. 27. ”Fyrste advent-dagen”. Utnordshengsl. I kveldinga upplettande. Trygve kom heimatt so kl. 19 – roande – hadde møtt i heradstyre i dag – dei segjer, d’er siste gongen. 28. Klår, auster-kjøla. Eg på skulevedhogst. 29. Still, halvklår fyrst, tjukna yver, kov um em. Arna går på skule att, sidan 25. 30. SV, skletta og regn. Trygve køyrande åt Dalosen.
Desember 1. 1. adventsundag. Still, ausregn. 2. Mest like-eins, + 3º R på målaren. ”Bjora” stupa på båsen igårkveld og vart slakta i natt – Edvin var her tilhjelp. 3. SV til V i elingann, snø, skletta og regn. Vi sette slakte på langsled’n og drog de yver isen til Hagahole, der Kristisn Utland tok de og køyrde de åt Førnese. 4. Spak NV drått, tjukke kov-elingar. Trygve rodde til Hemnes med slakte, Edvin var med – dei kom heimatt kl. 18. 5. Still, yvertjukk framyver middag, seinare nordaust-vift og litt kovfjun. Eg på skulevedhogst. Trygve køyrde inn nepe. 6. Nord-aust med litt kovfjun og fok. Trygve køyrde resten av nep-rauka han byrja på i går, og sidan ved-skrot frå sumarfjøs’n. 7. Same ver. Vedhogst i skôte. 8. 2. adventsundag. Still, utnordshengsl. I dag har folk fare yver isen millom Utlande og Langnesbukta. 9. Same ver. 10. Halvklår, nordaust-blistr, noko fok. Vedskoging frammed herheime – i går og i dag. 11. Klår, still, ÷ 5º R. Same arbeid og køyring. 12. Still, ”gråfrost”, - i kveldinga litt frosthare - ÷ 10º R um middag. Same arbeid. 13. Same ver, men mildare (÷ 3º R), mot kveld upplettande. 14. Halvklår, auster-kjøla. Hemnestur, eg og Trygve – med Martin Nymo. 15. 3. adventsundag. Still, ”gråfrost”. ”Sanitet” hoss fru Jørgensen, Anne er der. Trygve for til Hemnes, roandes frå Eide, skal vera med i klagedryfting. 16. Sudaust-kjøla, smått snøfjun, som so gjekk yver til hagl og sistpå til regn. (”Tåmmås før jul”). 20 cm snø. 17. SV, skletta, regn og takdrope. Uppvask. Trygve kom heim. 18.Like-eins. 19. Yvertjukk, SV-drått, mest turr. 20. Still, litt regnsikl. 21. Mest same ver. Hemnestur, Trygve, med Martin Nymo. Brev åt Gudrun-frenka på Hammerfest. 22. 4. adventsundag. Solkverv. Yvertjukk, regnsikl, mot kveld turr med rôkglan i NV. Anne og eg tok på rundtur til Eide, men laut snu ved Stien, for hålka skuld. 23. Still, léver, turr til i myrkninga, då kom de litt ursmått snøflistr. Vedhogst. 24. Jul-afta. Utnordshengsl, uppklårande, til mest klår i myrkninga, men drog sidan yver att. Same arbeid. 25. Jul. Still, gråfrost, ÷ 2º R. 26. Ann’dag. Still, kovmøra. 27. Same ver. Eg på skulevedhogst. 28. Mest same ver – endå tettare kov og kaldare, nedåt ÷ 5º R. Vedhogst heime. 29. Sundag etter jul. Skodd-rand bak-um fjelli, frisk austavind og fok, ÷ 6º R. 30. Still, klår og kald, ned-åt ÷ 15º R. Eg fekk julbrev frå ho Gudrun-frenka. Anne og eg på jul-vitjing hoss Mensine og Edvin. 31. Same ver, endå ein bit kaldare, ned-åt ÷ 17º R. - Trygve på Hemnes i går – i heradstyremøte.
Slutt på 1940 – eitt blod- og eldraudt blad i historia!