Dagbok Olav Engen 1939
1939
Januar 1. Same ver som i går. Juletrefest på skulehuse em, vi var der store og små, so nær som Anne. 2. Halvklår, auster-kjøla, ÷ 3º R. Anne gjekk til Jamtjord i ”julberaill”. 3. Klår, still, ÷ 4º R. ”Sanitetsmøte” på Skogholt; Anne for dit. 4. Still, halvklår, ÷ 8º R. Hemnestur, Trygve, gjekk rundt til Eide, derfrå med Bjerklibåten. 5. Halvklår, nord-aust, kald og bisk. 6. Trettandag. Klår, spak nord-aust, ÷ 8º R. Nils og Margrete Øvringmo her i julegjesting em. 7. Still, ÷ 12º R, klår, med tjukk frostrøyk yver rana. 8. Kr. openberings (Heilag 3 kong.) sundag. Klår, nordaust-gråe, ÷ 8º R. Em var her møte av den gamle vegnemda frå 1920 (Georg Hauan, Olaf J. Hagen og eg). Samstundes var her møte av grannane frå Botne, Medstraum, Straumfors og Utland for skiping av feavlslag. 9. Nord-aust, gråhimel, litt fint kovflistr, ÷ 3º R. 10. Same ver. Byrja klåra mot kveld. Trygve køyrde rundt til Eide etter kraftfor. 11. Klår med frostrøyk yver Rana, ÷ 8º R. 12. Still, klår, ÷ 12º R, byrja blåsa litt av aust på em. 13. ”Tjugandag”. Klår, med sky-render, dragande frå sud, litt sudaust-gråe. Tjukna yver på em, litt kovflistr sistpå kveld. Trygve for i myrkninga åt Førnese, dragande med ein sekk spinnegods. ÷ 6º R. 14. Still, halvklår, sist på dagen yvertjukk og litt sudaust-kjøla, ÷ 3º R. Vi skulde sjå øvre soløyra i dag, um de hadde vore klårt – men de var ’kje so vel. Hemnestur, Trygve, frå Førnese. 15. 1. sundag H-3-K. Still,halvklår, litt kovfjun – frosthare – på em, sidan mest klår, ÷ 4º R. Brev frå Lars, frå Vancouver juldagen. 16. Yvertjukk med klårhol, frisk nord-aust fm, so ei stund dyr-still, i myrkninga små vift av sud-aust, 0º - + 1º R. Vi har vore vasslaus her heime sidan 11., bekkjen er botnsvullen, vi ber vatn frå Somarfjøsbakken. Trygve har i dag grave eit brunnhol uppmed ”Slåttkjelda”. 17. Litt snøfjun igårkveld og i natt. I dag fm yvertjukk, still, kring 0º. Frampå em ei kovbøgja av sud. Trygve køyrer nepe inn. – Fjøsbrunnane har heldt vatn til no, medan heimebekkjen er hardfrosen. 18. Nordvest og kov. Vatn både i bekk og brunn, ÷ 2º R. 19. Yvertjukk med klårhol, aldri-so-lite upp-um 0º, still, uppklårande mot kveld. 20. Still, klår, ÷ 9º R, frostrøyk på Rana, men sola var då klår vel eitpar timar. 21. Lettskyutt, still, tjukna meir til på em, men letta mot kveld att. ÷ 3º R. Hemnestur, Trygve. 22. 2. sundag H-3-K. Still, yvertjukk med klårhol, 0º. Trygve ut-til Falle em, på eit bondelagsmøte. Kom heim etter midnatt. 23. Gradstokken nedpå ÷ 3º R, elles same ver. Trygve køyrde åt Litlenge etter ein halmristar. 24. Same ver, ÷ 2º R, stigande til 0º. Birger Straumbotn er her, hjelper Trygve å gjera halmristar, etter mynstre. 25. Same ver fyrst, kom so litt vindkjøla av aust og klåra delvis upp, gjekk nedpå ÷ 3º R. Same arbeid. 26. Austleg kjøla, yvertjukk med klårhol, uppklårande, ÷ 2º R. Same arbeid. 27. Klår med skyrender frammed fjella, ÷ 7º R. Eg var gangande rundt til Eide, kjøpte mjøl. Dei andre i same knog. 28. Gråhimel, frosthare, ÷ 2º R. Trygve steller på køyrbrua for trøsking. 29. 3. sundag H-3.K. Litt regn i natt. Léver, yvertjukk med klårhol ”verglan” – still. Missjonsmøte hoss Svein Utland, Anne og eg var der. 30. Litt regnfusk i natt, turr i dag, halvklår og litt kjøleg i kveld. Trygve køyrde til Nymoen og henta motor, stellte sidan til trøskinga. 31. SV, skletta og regn. Trøsking, fyrst timotei, so bygg – ferdig til nons.
Februar 1. NV og kov – ein liten kuling fm å kalla. Spaktest sidan og gjekk meir nordleg, reint fin um kvelden. Trygve for avstad til Hemnes i heradstyremøte, i lag med Konrad Skogholt. Dei fekk hengja fast med Sjåvikmotoren og kom både fram og attende – Trygve heime kl. 22. 2. Kyndesmess. Utnordshengsl. ”Sanitetsmøte” på Eide, Anne gjekk dit – rundt-um sjølvsagt. Nerstraumen open mest åt Langnesbukta. 3. Still, kov i natt og fm, slo seg sidan i regn. Trygve køyrde til Falle med smør. 26 cm snø. 4. Still, snø, skletta og regn. Hemnestur, Trygve. 5. Sundag septuagesima. SV, tett regn – alle bekkjefar går yver. 6. SV, frisk, regn, svingande til vest og VtN med skletta. Dryfting. 310 kg stort korn, 40 kg lettkorn. Eg fekk 70 kg. 7. SV, regn fm, våt snø em. Trygve gjekk rundt til Eide. Der var roande med floa åt Medstraumelva. 8. Still, ausande regn. Trygve køyrande til Eide etter kraftfor. 9. Still, stutte regnrider til mot kveld, då det kom skletta att. Eg gjekk på skulen og saga litt ved. 10. Vestleg vind, skletta og snø. Vedrusking heime. 11. NV og kov – ganske sterk, då de leid på dagen. Eg ei stund på skulen. 12. Sundag seksagesima. ”Morsdag”. Same ver, men spaktest i middagstida og kjende meir nordleg – klåra upp sist på kveld. Anne og eg i radio hoss Hans i Botne. 13. Still, klår, ÷ 9º R. Drog yver i myrkninga og kom med litt snøfjun i kveldtida. ”Bergthora” laupa. 14. NV og kov fm, drog seg sidan til vest og sud-vest og tok til å regna. Eg på skulevedhogst, Trygve køyrde inn resten av nepa. 40 cm snø. 15. SV storm, ausande fossande regn. ”Barbro” kalva i natt – kolsvart kvigekalv. 16. Same ver i natt og imorgest – spaktest sidan og styrkja på - i skyminga litt snøfjun. + 2º R. 17. Still, påfrosen, yvertjukk med klårhol, litt snøfjun. ÷ 1º R. Nerstraumen attfrosen. Trygve for åt Utskarpen, Anne for åt Botne. Han for med lokal’n til Mo. 18. Klår med skybakke i sud-aust, ÷ 3º R (?), still. Trygve kom til Eide med lokal’n frå Mo. Vi fekk fisk-kase frå Hans Ryland, drog’n uppyver isen frå Langnesbukta. 19. Fastelag-sundag. Halvklår i morgonstunda, tjukna sidan yver, byrja blåsa litt av aust. ÷ 3º R. I kveldinga litt kovfjun – ”frosthare” -. 20. Still, røykutt himel, litt sklettfjun – sist SV og regn. Eg på skulevedhogst. Trygve køyrande til Eide med korn og spinnegods. 21. Klår med lette godversskyar, still – målaren mest på 0º. Klåra fullt upp og kvesste i med kjølda. 22. ”Peters stol”. Still, klår som i går, med tunne skyar, ÷ 6º R. Trygve for til Hemnes i heradstyre. Eg ruska litt ved heime. 23. Yvertjukk med klårhol, frisk austavind, klåra av utetter dagen, + 2º R. Trygve kom i midnattstida. 24. Yvertjukk, frisk sud-aust – halvklår ei stund seinare, skiftande med litt kovfjun, + 2º - 3º R. Spak seinkvelds. 25. Spak sud-aust, yvertjukk med klårhol, + 2º R. Hemnestur, Inga. Anne gjekk eit ærend til Negar’n og Nyrud – og Betzy dukka upp her i same stunda! 26. 1. sundag i fasta. Still, smått mør-kov, + 3º R fm – regn em. ”Idun” laupa. 27. Still, klår i morgonstunda, ÷ 5º R. Tjukna yver på fm og kom i middagstida med smått kov som vart alt tettare utyver mot kveld. Eg på skulen og saga ved. Trygve same arbeid heime. 28. Still, klår, ÷ 8º R i lysinga, 29 cm snø.
Mars 1. Still, gråhimel, litt kovfjun no og då, 0º. 2. Still, klår med litt glya kring fjelli, ÷ 3º R. 3. Auster-gråe, smått, tett kov. Eg og Anne køyrde ein halvsekk korn åt Førnese. + 2º R. 4. Still, skletta og regn. Hemnestur, eg – på mølna med kornposen. 5. 2. sundag i fasta. Still, uppklårande, + 2º R. 6. Yvertjukk med klårhol, still – tjukna yver på em, ÷ 5º R i morgonstunda. Eg på skulen, Trygve vaskar kyrne. 7. Halvklår, litt austavind, + 2º R. Trygve slakta gra-veren. 8. Still, røykutt himel i morgonstunda, uppklårande ut-etter dagen, til fullklår ved kveld. Eg på skulen. 9. Still, klår med fin glya, ÷ 5º R. Vedhogst, heimetutl. 10. I morgonstunda yvertjukk, still, frosthare, ÷ 3º R, letta sidan upp til halvklår, tjukna til mot kveld att. Trygve til Falle med smør, eg på skulen på vedsaging. 11. Still, klår, med ender-å-skyfloken, ÷ 2º R. Kjendest kaldare mot kveld. Hemnestur, Trygve (heradstyre), eg køyrde åt Førnese morgon med 2 kålrotsekkjer, og kveld etter malder frå mølna – i mellomtida køyrde eg heim rotved ovanfrå nylandet. 12. 3. fastesundag. Gregesmess. Still, smått kov fm, regn em. 13. SV, regn og skletta. Still i kveldtida. Vedrusking heime. Trygve renskar upp rot or kjellaren. 14. NV og kov. Trygve køyrer rundt til Eide em. Flatbrødbaking hoss oss. – Stilltest og klåra upp mot kveld. 15. Still, klår, ÷ 2º R. Eg på skulen. Trygve la greie på oksen og hadde han ut. 16. Storfrost, ÷ 12º R i solovringa, blåste upp av nord-aust frampå fm. Same arbeid. 27 cm snø. 17. Still, klår, ÷ 12º R. Anne ferdast åt Utskarpen – med smørskyssen. Trygve temjar oksen og hogger ved. Eg held varmen i omnen og jamnar møkr-dongen. 18. Still, gråhimel, ÷ 5º R. Hemnestur, Trygve. På em snø, alt tettare mot kveld. Eg på skulen. 19. Medfastesundag. Kov og damm, austleg kjøla., ÷ 2º R. På em nordvestleg. 20. Still, snøfjun, 0º i morgonstunda, seinare upptil + 4º R. ”Sanitet” i Nordigar’n, Anne var der. – 52 cm snø. 21. Same ver pålag – ”utnordshengsl” fm, klåra upp em og skaut i med kjølda. Eg på skulen. Trygve køyrande på Eide. 22. Klår, auster-kjøla, ÷ 8º R. Trygve for til Hemnes – frå Eide med Bjerklibåten – skal sitja i liknings-utvale. 23. Same ver, ÷ 7º R, um middag upp-åt 0º. – Utlands-pøikane fiskar småhysa på isen, vi fekk kokri i går og i dag. 24. Same ver, ÷ 10º R. ”Bergtora” laupa upp-att. Eg tok ut kalvstakken. 25. Vårfrumess. Klår, nordaust-gråe, ÷ 5º R. Trygve kom heim med laurdagsmotoren. 26. Vårfrumess-sundag. Still, klår, ÷ 10º R i morgonstunda. Anne gjekk til Ryland i radio, Arna med henne. 27. Klår, nordaust-gråe, ÷ 9º R morgon. Trygve for til Hemnes. Eg på skulen em. 28. Still, klår, ÷ 8º R. 29. Lars 61 år. Same ver, ÷ 9º R. Eg på skulen. Trygve kom heim på em. 30. Røykutt himel, litt dunsnø, ”gråfrost”, ÷ 3º R. Lédna upp og var på em uppåt + 5º R. Kjøken-uppvask. 31. Still, klår, ÷ 5º R i lysinga. 40 cm snø. Eg på skulen, gjorde meg ferdig.
April 1. Halvklår, drått frå NV, ÷ 4º R i lysinga. Hemnestur, Anne. Léver um kveld og litt snøfjun. 2. Palmesundag. Nordaust-gråe, kovtjukk. Trygve med Inga og Vesle-Olav køyrde åt Sjonbotn på vitjing åt fru Elen Herseth – kom heimatt burtåt kl. 21. + 4º midt på dagen. 3. Halvklår, austavind, gjekk seinare til nord-aust, klåra heilt av. Trygve køyrde til Eide på em etter kunstgjødsl. 4. Nordaust-gråe, klår, ÷ 8º R. Sist på kveld litt skyutt i sud. Trygve i dag og ein gjødsl-køyretur til Eide. 5. Nord-aust, klår med sky-lurvor dragande upp av vest, ÷ 2º R. Skifta sidan dråtten um til sud, frisk – og léver. Trygve køyrer møkkr uppyver bakkane. 6. Skjertorsdag. Austavind, halvklår, + 3º R – uppyver til + 5º. 7. Langfredag. Auster-kjøla, snøfjun, gjekk sidan i skletta, + 4º R. Eg gekk til Øvringmo i radiopreike. Trygve køyrde 2 vendor til Eide etter eit parti sædtates, han har kjøpt frå Mindland. Eg fekk brev frå Johan Klæbo. 8. Påskeaftan. Still, lett yverskya, léver, + 7º R. Møkkrkøyring (Trygve), vask og vedrusking. – I kveld-økta litt regndripl. – Brev frå Lars, Prince Rupert 17. mars. 9. Fyrste påskdagen. Sudaust-gråe, skyutt himel, + 4º R. 10. Ann’dag påske. Regndripl, sklettfjun, sudaust-gråe, + 7º R. ”’n Kjærran” (Nils Kvalnes, Bardal) vitja oss tidleg på em, han var ute på påsketur. 11. Klåra upp til yver halvklår, nordleg gråe, litt haglfjun no og då, + 4º R. Trygve rodde til Hemnes i heradstyre, kom heimatt kring midnatt. Eg byrja velja sedtates. 12. Still, klår med tunne rekskyar frå nord, 0º upptil + 4º R. Eg heldt fram med sædtates’n på em. 13. Nord-aust, røykutt himel, 0º upptil + 5º R. Trygve hogg kvist med kvisthoggarhjule – har Harald Øverland med motoren. I kveldøkta still og tung snø. 14. Sumarmål. Morgon og fm auster-kjøla og kram snø, em skletta og regn, sterk SV-drått, upptil + 5º R. 37 cm snø. Trygve køyrde til Falle med smør, til Eide em etter kraftfor. ”Barbro” laupa. 15. Still, smått regn, stundom skletta, + 7º R. Hemnestur, Trygve. 16. 1. sundag e. påske. Still, regndripl. Ove Evensen var her på vitjing. Anne inn-yver åt ”Kleppen”, eg rundt til Eide etter posten. 17. Halvklår, turr nordavind – seinkvelds smått kov. Trygve stelte drivbenkjen. Eg bar inn sædtates. Isen er knekt frå midt i Hagaberge, til Bakarvollen. Frå Medstraumsjøen er roandes med floa. 18. Spak nord-aust, kov-elingar med glytt imillom. Trygve køyr møkkr, eg ber inn resten av sædtates’n, - no iallt kring 130 kg. 19. Tung, tett snø, fyrst litt nordaust kjøla, sidan litt regndripl, sist frisk, turr vestavind. ”Harriet” lamma, ver og saulam. Møkkrkøyring (Trygve). Eg gjer soplimar. 20. Uppklårande, fullklår em, + 5º R. ”Villa” lamma – 2 saulam, 1 ver. 55 cm snø. Mot kveld tjukna’n til att og kom med kov. 21. NV og kov. Solglytt imell’ elingann. 22. ”Utnordshengsl” – NV-kjøla, snøfjun. + 3º R. Klåra av og kjølde lufta mot kveld. Trygve til Hemnes, skulle fara åt Vefsn ein tur. 23. 2. sundag e. påske. Still, 0º og frose på vegane imorgest, klår med litt tunn glya. På em uppåt + 5º R. Iverta Jamtjord kom hit på vitjing. 24. Same ver. Isen er knekt for elvkjeften og nerstykkje reken nedyver – og blåis i staden. 25. Same ver. Eg var gangande rundt til Eide. Brev til Lars. 26. Same ver. Isen landlaus allsta’n. Ner-isbrote reken ned-i Aurgape. 27. Still, ”frosthare”, 0º fm. Seinare NV blistring, kjøleg, uppklårande mot kveld. 28. Anne 67 år. Nattkald (0º), skaraføre. Yvertjukk med klårhol, NV-gråe. Trygve kom med dampen i natt. – Kom i kveldøkta med SV og regn. 29. SV og regn, ein heil rusking – mot kveld skletta og snø. Ner-isen vekke. 30. 3. sundag e. påske. NV og turr snø – i elingann. 40 cm snø.
Mai 1. Spak VNV, kov so vi ”ser ’kje hus i gara”. Isflaka rek inn-åt Elvkjeften, der de inste tørna upp i Medstraum- og Utlandsoddane. ”Sibylla” lamma, tvillingar – sau og ver. 2. Spak nordleg vind, litt kovfjun i elingann – seinkvelds tjukk av kov uti hole. Eg gjekk rundt etter posten. – Johan Kåtenge død – 92 år. 3. Krossmess. Nordleg kjøla, klår, ÷ 5º R i solovringa. Straumen full av blåis, inderbrote av gammall-isen rak då nedum Kjeldnese og Nymo-motoren kom upp-um med floa. 4. Klår, auster-gråe, 0º i morgonstunda, skaraføre. ”Idun” laupa upp-att. Inder-isen rak nedigjennom. Siste flake kom upp-um Kjeldnese att og vart liggande. 5. Yvertjukk, still fm, sudaust-gråe em, aldri-so-lite snøfjun i lyfta. Isbrote rak ned-um med fallstraumen em, tørna upp på Førnes-auren. Eg rodde åt Hagaberge på gammalbåten, gjekk åt Førnese etter nybåten og rodde han heim. 6. Still, yvertjukk, litt regndripl, på em litt sudaust-gråe. Isen smatt ned-igjennom, sist på kveld. 7. 4. sundag. Still, halvklår, ur-spak NV-drått i kveldinga. 8. Klår med tunne rek-skyar, grei drått av sud, skare, blåis yver heile Straumen i morgonstunda – han rak vekk med fallstraumen. Trygve for åt Sjonbotn for å tinga seg ein dreng. Eg sanda litt på snøen i Solbakken. 9. Sudaust-kjøla, halvklår, litt skare de alrafyrste, og blåis. Sanda litt på åkren her på tunflata. De blir smått flekkjebert i Øverbakken. 10. Same ver, aldri-so-lite blåisfale frammed Botn-auren. Gravøl i Kåtenge, vi for dit, Anne og eg – Margret fylgde oss. Kom heimatt burtåt kl. 19. – No er fjøsvegen berr, og berrmarka aukar uppi bakkane. 11. Vere likeins pålag, helst litt varmare, bra snøbrede. Eg bredde båten og hogg ved. 12. Klår med lette rekskyar, nordvest drått – på em noko meir røykutt. 13. Klår i morgonstunda med litt isfale, seinare sudaust-gråe, noko glya yver himeln, god snøbrede. No er sjøvegen og berr. Hemnestur, Anne og Trygve. Han kom heimatt fyrst kl. 20, frå Utskarpen, dit han fylgde lokalen frå Hemnes. ”Bergthora” laupa uppatt. 14. 5. sundag. Sudaust-kjøla, klår. Anne og eg roande åt Straumen og kjøpte auårskokri hoss han Sjåvik. 15. Klår, sudaust-kjøla, kvit-glya, - på em kjøleg vestavind. Eg bredde båten innvendig. Her kom ein gut frå Utskarpgrenda, heiter Magnus, skal vera dreng åt’n Trygve. De eine saulamme hennar ”Villa” sjølsprakk i natt. 16. Nordvest-gråe, skoddhimel, kjøleg. Trygve og guten i skogen. All-bert på åkren attmed stua. . 17. ”Fedrelande”. NV, kaldt regndripl. Innearbeid – dessutan køyrde Trygve temmer på Laberge. Eg skjefta upp storspaden, hogg ved. Fest på skulen for borna, Inga var der med Arna og Olav. 18. Heilagtorsdag. Frisk austavind, nattkald, blåis – klår med lette rekskyar. 19. Same ver. Trygve køyrde til Falle med smør. Guten flir upp temmer, køyrer sidan nedpå Laberge. 20. Frisk austavind, røykutt himel, frampå fm litt regnfusk og vinden spakna. Trygve sådde kunstgjødsl på enga. Magnus køyrde ned temmer og grankvist, harva sidan her på Stu-åkren. 21. 6. sundag. Vestleg vind, kaldt regn – ruskver. Byggjenemda for skulen (kjellaren) har møte her. 22. Vindgråe, VtN, kaldt regndripl i elingan. Trygve spadde og stelte i hagen – de gjorde eg og – Magnus køyrde møkkr på Stu-åkren. 23. Klår, nattkald, blåis, kom med nordaust-kjøla og sopa’n vekk. Møkkring og harving. Sauene vart utslept og flutt åt sumarfjøs’n. – Iverta Medstraum død, 85 år. 24. Halvklår, sudaust-gråe, tjukna smått yver og dripla nokre regndropar. harving. Eg spar upp i Solbakken. 25. ”Ålmanns plog”. Still, skodde og regn. Same arbeid. 21. Same ver, men litt meir uppletten. Full våronn, Trygve plantar lauk og tates. 27. Same ver. Hemnestur, Trygve. Inga 33 år. 28. 1. pinsdag. NV-blistring, kaldt regndripl i elingan. 29. Ann’dag. Still fyrst og røykutt himel, sette frampå em inn med sudvest-gråe, sid skodde og regn. Heitmann kom og baud oss til gravøls, den 1. juni. 30. Vestleg gråe, kaldt regn. Møkkring og pløgjing på ”Teien”. Eg spar i ”Solbakken” – ferdig til kvelds. 31. Fult uver – storm frå SV-NV, regn, skletta og turrhagl. Inne-arbeid.
Juni 1. Nordvest-gråe, litt regnskvett i elingan, eitt og anna lite verglytt. Gravferd med Iverta Medstraum, Anne, eg og Trygve var der. 2. SV og regn fm, sidan kald, bisk, turr nordvest. Møkkring og harving. Fridtjov Medstraum her tilhjelp med ”spaknivharv” og 1 hest. 3. Regn, VSV-gråe. Drillpløgjing for kålplanting, - sidan tok Trygve til å planta, med’ drengen pløgde i Steinbakken. Eg planta fré-kålrot og løk, sådde erter og litt kålrotfré. – På em turr vestavind, halvklår. 4. Trieining-sundag. Vere som i går em. Tjukna yver i kveldtida. 5. Skoddhimel og stilla i morgonstunda, byrja regna utpå fm, bles mot kveld upp av SV. Trygve planta kål og sådde bygg på Rabben. Drengen pløgde, harva sidan yver bygg-seda. 6. Same ver fm, reiv noko i ’an em og vart turrare. Kålplanting på spreng – gjorde ferdig. Eg sådde gulrot og planta svenske (olsoktates) i Solbakken. 7. VSV og regn. Umflia i kjellaren og anna innearbeid. Eg sette då ein 3-4 byttor tates. Men jorda på åkrane er berre gyrma. Sauene sprang åt Storlia i går og låg ute i natt. I dag gjekk Inga og fann deim og tok deim heim. 8. Mest same ver – kanskje litt lengre glytt. Gjerdevøla, harving. Merkte smålamma. Eg sådde kålrot i resten av åkren. 9. Same ver – ja meir regn. Gjerdevøla. Sauene slept på skogen, sonærsom saulamme hennar ”Villa”. 10. Still, skodde, ausregn – til i kveldøkta, då de letta litt. Vølte um uppmed sumarfjøse, slepte kyrne ut og åt Øverenge og sette deim i sumarfjøse til kvelds. 11. 1. sundag e. trieining. Vestleg vind, yvertjukk med klårhol. Sanitetsfest på ”huse”, fyredrag av fru Ruth Arning, Inga var der. 12. Røykutt himel, sudaust gråe, ender-å-regndropen å kjenna. Trygve og drengen drilla upp nepe- og tates-åker, eg byrja på em å setja tates. 13. Halvklår, sudaust-gråe fm, vestleg gråe em. Eg sette resten av tates’n min, Trygve byrja på sin i nons-økta. I kveldøkta tromla dei nep-åker’n og sådde nepe. 14. Uppklårande, austleg. I kveldøkta ein sterk floing. Tatessetjing i Steinbakken. 15. Sudaust-kjøla, klår med høgsvivande, lette skyar fm, floing em, og regn til kvelds. Tatessetjing, ferdig med resten. – Emma Dverseth kom. 16. Skoddhimel, vestavind. Uppatt-harving på byggåkren på Rabben. Sidan skogplanting. 17. Klår med svivande skyar, + 17º R. Sudaust bris. Skogplanting. Hemnestur, eg. 18. 2. sundag. Sudaust-kjøla, halvklår, + 18º R. 19. Same ver, + 19º R. Skogplanting – med Olav Sv. og Alv Kr. Utland til hjelp. Ferdig. Trygve på ”planing” i Nerstraumen. 20. Same ver fm, + 20º R. Havgøla em. Trygve på plan i Utskarpen. Heime hakking i kålåkren, umstabling av matrialdungen. 21. Solkverv. Skodde, vestavind, yr-regn, + 11º R. Same arbeid. Svensktates’n glyttar upp. Ertera er komen fyrr, kålrota byrja den 18. Trygve kom heim i kveld. 22. Skoddhimel med klårhol, VNV vind, + 12º R. Trygve for til Bjerklia. Drengen i same arbeid. 23. Jonsok-aftan. Skoddhimel, frisk sud-aust, ender-å regndropen. Seinkvelds uppklårande. Trygve i Utskarpen. 24. Jonsok. halvklår, sud-aust blistring. Engrensking. Hemnestur, Trygve, kom ikkje heim med dei andre, skulde åt Leirvika på planing. 25. 3. sundag. Klår med skybankar kring fjella, frisk austavind. Drog yver med skodde i middagstida. Trygve kom heim i natt kl. 2-3, um Tetmo – Brennbergfjelle. Der ligg enno mykje snø både i Rostafjelle og Gjeitvikfjelle, ja litt i Holmfjelle og. 26. Skoddhimel, kald NV, fauka. Eg hakkar i tateslande, drengen bryt nyland. Trygve gjer planar. 27. Olav 3 år. Kald NV (+ 11º R), skoddhimel med klårglytt. Stubb-bryting på nylande. 28. NV, skoddhimel fm og litt fauka, uppklårande em. Elding – skrotbrenning – på nylande. 29. Sud-aust, spak, turr skodde, nokre dropar mildt regn då og då. Hakkekøyring i nepe- og kålåker. Fjellvandring med oksar, - Magnus var iveg med ”Hagfors”. 30. Vestavind, skodde, nokre faukdropar. Brødbaking hoss oss fm. Trygve held etterrensking i urteåker’n. Drengen ryddar og renskar på nylande. Eg tynnar kålrot. Gulrota byrjar koma upp, men de går imakje.
Juli 1. Sudaust-gråe, skodde med klårglytt, ein og annan regndropen. Same arbeid. 2. 4. sundag. Still, mildt regn fyrst på dagen, seinare frisk austavind, som blåste regnet litt av. Ludvig og Laura Dverseth kom hit, reisande sørfrå, hadde vore i Borghild Dverseth sitt brudlaup i Gloppen i Nordfjord. 3. Floingar frå ymse himmelleider, klårglytt imillom. Nepetynding. Eg hyppa svensktates. 4. Vestavind, fauka. Same arbeid. Trygve og Martin Nymo for avstad til Osmo i landmålar-ærend – med Nymo-motoren. Ludvig og Emma Dverseth reiste med. 5. Still, mest fullklår i morgonstunda, men tjukna yver att på fm og vart regnsikl. Drengen i nep-åkren framleis – eg med gardtutl og innehusarbeid. 6. Still, sidregn. Martin og Trygve kom heim seint igårkveld. – Vere letta upp på em. 7. Sud-aust, ,lett bris, klår med glya og skyrender kring fjella – sola steikte heitt. Kontormann Kristoffer Walberg frå Widnes i England (fødd og uppvaksen i Straumbotn) kom hit på snarvitjing, saman med ”ein ven”, Mr. Wattson. Anne og eg fylgde han på kyrkjegarden (der mor og morfar hans kviler) og upp-åt skulestova og betongbrua. Martin Nymo skyssa deim so til Hemnes. 8. Austavind, gråhimel. Trygve og drengen for avstad til Hemnes i otta, skulde til Drevja på ”bondestemne” – drengen og båten kom elles heim på em, saman med hitt folke. – Eg har rensking framleis. 9. 5. sundag. Inga reiste på stemna. Skoddhimel, austavind med ein og annan faukdrope fm – sidan upplettande til halvklår. Eg gjekk til fjells, var framme på Grønlia og på Smålia med komingvyrkje. 10. Klår med rekskyar, frisk auster-gråe. Trygve og Inga kom etter midnatt. – Tjukna yver på em – ein urliten regnskur i kveldøkta. Hakking og rensking. 11. Frisk gråe VNV, skodde, fauka fm. Letta noko upp på em. Same arbeid. 12. Vere nett like-eins. Eg hakkar og renskar tatesdrillane. Dei ryd, jamnar og harvar på nylande. 13. Lettskyutt, vester-gråe. Møkkrkøyring på nylande. – Klåra upp på em. – ”Kjerran” og Alf Lindseth kom ”dettan” inn hoss oss. 14. ”Medsumar”. Klår, frisk havgøla. Nylande vart sådd, nedmolda og tromla. 15. Spak havgøla, skoddhimel, uppklårande. Hemnestur, Anne. – Seinkvelds klår. 16. 6. sundag. Klår, frisk vestavind – um kvelden nordleg. 17. Klår, mest still, + 22º R. – Noko rensking. Tok elles til å laga til slåtta. 18. Klår fm, sterk austavind – tjukna yver av SV em, spaktest mot kveld og byrja regna. Trygve og drengen batt i hop sloga – stelte elles slåmaskin og høyvogn. 19. Vester-gråe, skodde, fauka. Trygve for til Hemnes i heradstyremøte. Eg løypte bjerk uppi Grindberg-gjutene. – I kveldinga klåra de upp. 20. ”Margit Vassause”. Halvklår, auster-kjøla fyrst, på em spakenn havgøla, kokande heitt – tjukna til i sud og sudvest – still sistpå kveld. Trygve kom heim yver midnatt. Sloga imorgest temmere åt Kjeldnese, der fær han de skore på motorsaga hans Harald Øverland. Eg byrja slå i hagen. – Etter kveldtid ein torfloing. 21. Eg er 68 år. I morgonstunda skyutt, litt regndripl, still, varm. Klåra upp frametter dagen. Dei stræva med matrial’n. Vi vaska upp på stovelofte. 22. Havgøla, klår, med litt ølmoa i fjella. I nondagstida ein snop torfloing. Drengen stabla matrial. Trygve handhakka kålåkren. Eg renska kålrotland. Svensken byrjar knytast. 23. 7. sundag. Austavind, glya yver himeln – torstolpar i sud em, nokre dun å høyra. Kring kl. 17 ein orntleg torfloing. 24. Fru Ramsli (versyster) 80 år. Austavindskuling, yvertjukk, litt regnfusk i kveldøkta. Byrja slå (i Steinbakken). 25. ”Jakob Våthatt”. Yvertjukk, frisk sudaust-gråe fm – spaktest, leid på dagen, klåra upp. + 23º R. Hesja upp gårslåtten, raka sete (33), slo ut meir på Øverbakken. 26. Klår, sudaust-kjøla, + 20º R. Breidde de, som slege var, slo ”Ratadalen”, sidan halve Lamyra. Hyppa tateslande. 27. ”Sju sovarar”. Klår, VtN frisk gråe, skoddelurvor i fjella, kjøleg i kveldinga. Slått i Inderdalen, seteraking. 28. Still, skoddhimel fyrst – blåste upp på fm av NV og klåra upp, - sist på kveld tjukna de upp-att av skodde. 4 lass turrhøy. 29. ”Gamal Olsok”. Skodde og uppklåring som igår, men ikkje vind – berre litt kjøla, frå ymse leider. Ved kveld fullklår. 4 lass turrhøy. 30. 8. sundag. Still, skodde, regn. 31. Yvertjukk med eit og anna rift, stundum nokre faukedropar – på em litt blåstr av nord. Slo de som att var her på nerjorda, byrja hesja de upp. Eg renskar i ”Solbakken”. – 35 år sidan vi vart gift.
August 1. Mest som i går - skodde, fauka, nordavind, klårglytt. Hesjearbeid. Anne og eg rodde til Eide med og etter post m.m. 2. Same ver. Hesja upp resten her nede. 3. ”Ny Olsok”. Kong Håkon 67 år. NV, skodde (myrkbakke). Slo timoteiåkren på ”Solbakken” og Temmerberge – hesja fyrstnemde. Koka nytates. 4. Frisk nordavind, yvertjukk med klårglytt – uppklårande på em – kom upp med myrkbakke i kveldtida att. Tok inn 9 lass turrhøy, derav 8 hesjelass. 5. Still fyrst på dagen, yvertjukk med klårhol, blåste sidan upp av [?] med varme solglytt, mot kveld jamngrå myrkbakke. 3 lass turrhøy (Lamyra). Hemnestur, Trygve. 6. 9. sundag. Myrkbakke fm, klår em, still å rekna for. Anne og eg rodde til Straumsnes. 7. Klår, havgøla, seinare still, + 23º R. Slo av. 8. Klår, frisk sud-aust, + 23º R. Tjukna upp i nonsøkta, men berre ”turrfloingar”. Fekk inn alt or Øverenge, 2 lass. 9. Nordleg gråe, halvklår, + 20º R. 10. Frisk sud-aust, siglande skyar, klårglytt imillom. Innkøyrd 12 lass hesjehøy. 11. Same ver – med nokre digre skybankar. Yver middag braka de laust med regn og stilltest, etter ei kraftig vindrosa. Kålrensking fm, sidan innearbeid. 12. Still, skodde, regnfusk. Hemnestur, Trygve. Um middagstida ei rid ausregn, etter nondag ganske fint ver, men fyrst ein ”frøning”, som reiv høy av hesjene. 13. 10. sundag. Yvertjukk med klårhol, litt regnfusk fm, - ein ”frøning” i middagstida, sidan spakenn vestleg gråe. Anne og eg inn-etter veglina, ho til Nyvoll, eg innåt vegenden uppfor kalkomnvika. 14. Klår med lett glya, sudaust-kjøla – mot kveld litt tjukk i sud. Ugrasrensking. 15. Yvertjukk med klårhol og varme solglytt, sudleg gråe, stundum nokso frisk. I kveldinga regnfusk. Køyrde inn 3 lass hesjehøy. 16. Yvertjukk med klårhol, sudaust-gråe, fin sét-turk. 3 hesjelass – dei siste. Hemnestur, eg, frå Eide med Bjerklibåten. Trygve åt Utskarpen på planing. 17. Still, skodde, regn. Trygve kom heimatt i kveld. 18. Skoddhimel, sudaust-kjøla. Trygve inni grenda. 19. Same ver å byrja med, men seinare sudvest-gråe og regnfusk. Mot kveld upplettande. Hemnestur, Trygve. Drengen tek hesjer ned. 20. 11. sundag. Uppklårande – på em mest fullklår, VtN gråe. 21. Same vind, mest klår. Arbeid med rotriving på Granmoen, drengen med Nils Myhre til hjelp. Trygve (og eg) renskar for åma i kålåkern. 22. Sudleg kjøla med glya, kokande varm. Tjukna yver i kveldøkta – av SV – kom tilslut med regn og veldige torebrak. Trygve i Utskarpen på planing, kom att til kvelds. Elles same arbeid. 23. SV og regn. Arbeid i fjøse, umvøla i fraurenna og i båsane. 24. Barsok. Spak SV-gråe, smått regn i elingan. Nylandsarbeid. Hemnestur, Trygve, med Martin Nymo, dei henta eit orgel, som Walberg har skjenkt skulen vår. Kom heimatt so kl. halv 15. Um kvelden tok vi de i land og køyrde de uppå skulen. – Fullklår sist på kveld, kjøleg. 25. Klår, still. Gutane på nylande. Trygve til Straumfors m.fl. stader på planing. 26. Klår i morgonstunda, tjukna smått yver, mot kveld skodde og smått regn. Trygve har kontorarbeid med planane. Gutane rydjar nyland. 27. 12. sundag. Klår, spak havgøla. Soffi var her – og Dagmar. 28. Klår, still, varm. Stilt på nylande, gutane held ”blåmandag”. – Avrøysting um skulemåle: 6 for nynorsk, 9 bokmål. 29. Klår, sudaust-kjøla fm, havgøla em. Gutane er komen og har teke fatt pånytt. 30. Vere idetheile like-eins. Same arbeid ogso. 31. Still, skodde i morgonstunda, som letta av på fm med sudaust-kjøla. Havgøla em, drog yver med skodde att og sleit ender-å regndrope i kveldtida. Trygve slo grønfor, byrja hesja.
September 1. Halvklår, vester-kjøla. Trygve til Falle med smør. Gutane hesjar grønfor, grev sidan veit. 2. Stilla og skodde alrafyrst, klåra so upp og bles havgøla.. Hemnestur, Trygve. 3. 13. sundag. Still, lettskyutt, klåra sidan heilt upp. Orgelfest på skulen. Lærar Fjeldavli spela inn ny-orgle. 4. Still, klår, varm. Håslått og silosyring. 5. Stilla og skodde i morgonstunda, sidan havgøla, uppklårande. Same arbeid. 6. Still, lettskya fyrst, sidan klår – sist på kveld litt regnskodde. Slutt med håslåtten, la press på siloen. 7. Klår, auster-kjøla – seinare havgøla. Byrja skjera bygg på Rabben. 8. Skodde, fauka i morgonstunda, letta upp til mest fullklår. Framhald. 9. Skodde og regn fyrst på dagen. Letta upp med NV-gråe, til halvklår. Hemnestur, Inga. Staura og raka på Rabben. 10. 14. sundag. NV, kjøleg, yvertjukk. Presten heldt jordfesting og uppbyggjing – på skulen, men de vart ikkje spela på orgele -. 11. Klår, nattkald – sidan vestavind. Skar bygglappen i Steinbakken – 8 staur. På Rabben 85, iallt 93. Trygve til Grønlia på planing. 12. Skoddhimel, nordaust-gråe. Hemnestur, eg, med Martin Nymo, som var iveg og henta eit oljefat. Berta Straumfors (Bjørnareim) døydde i går på barnseng, på Bodø sjukehus. 13. SV og regn. Spaktest på em, tok av med regne. Trygve til Hemnes i heradstyre. Drengen tek til med fjøsgolve. 14. Still, skodde, regndripl. Same arbeid – eg byrja gjera ny kjellartroppa. Trygve kom heim til kvelds – frå Utskarpen – hadde vore til Osmo på planing. - Jens Brose kom heim med like hennar Berta. 15. Still, klår, varm. Eg skulde nytja godvere og byrja ta upp tates i Solbakken. Dei andre syslar med sitt. 16. Still, skodde, yr-regn fyrst, aukande frametter, i kveldinga ogso SV. Hemnestur, Trygve, med kål og gulrot. Eg laut sluta i tateslande, etter å ha teke 20 byttor: 6 ”svenske”, 12 ”kvit”, 2 ”pil”. D’er ujamt med vokstren. 17. 15. sundag. Skodde, vestleg gråe, fauk-elingar. 18. Same ver – auka på med regne sist på dagen. Trygve i Førnese på planing. 14. Same ver. Trygve m.fl. til fjells etter oksane – kom heimatt kl. 20 utan deim. De vart SV med ausregn og flaum i bekkjer og elvar. 20. Uver av SV og regn. Fjøstele vart ferdiglagt. 21. Same ver, meir frå vest, so de vart ”verglytt”. Spaktest seinare på da’n, strødde litt snø i fjellom. 22. Same ver for-so-mest. Gravøl på skulen – yver ho Berta, presten var tilstades og forretta. De var samla overlag med folk. 23. Snø yverkvita – bråna burt i middagstida frami bakkane og på flatlande. Kyrne inne til middag. Hemnestur, Magnus. Fjelltur på nytt etter oksane – Nils-Myre var leigesvein for Trygve, kom heim med ”Hagfors” so kl. 19. Trygve som drog ein tripp til Bodø igårnatt kom heimatt i kveld, framåt midnatt. 24. 16. sundag. Still, nattfrost – elles skodde med klårglytt fm. Em NV-gråe, uppklårande. Botnkarane tok ned sauene, vi fekk våre all-ihop og tok deim heim. 25. Klår, nattkald – litt rim i grase. Byrja tates-onna. 26. Still, klår, blåis og rim. Mot kveld drog de yver med myrkbakke og dripla litt fauka. Tatesonna heldt fram. 27. NV-gråe, fauk-elingar. Same arbeid. Trygve har vondt i ryggen og kan ’kje vera med. Køyrde inn nokre byggstaur i kveld-ykta. 28. Halvklår, sudaust-gråe, tjukna meir yver mot kveld. Same arbeid. Eg var elles roande på Eide i handels-ærend. 29. Mikkjelsmess. Yversnødd, skletta i natt og morgonstunda. Letta upp, snøen rann av på fm. Kyrne fekk kålblad imorgest, ute em. Trygve dreg seg og er ute litt. Jakob Utland kom og skal hjelpa oss. – Køyrde inn 3 lass grønfor. 30. Litt regn i natt og imorgest, i dag halvklår, fint ver. ferdig med tates’n. Køyrde inn 2 lass byggstaur. Hemnestur, Trygve, saman med Magnus, som slutta og for heim. – Mi tates-avling, attåt dei 20, som fyrr var: 15 pil, 58 grå – alt-i-allt 93.
Oktober 1. Klår, still, blåis og rim. 17. sundag. Sara Bjerkli kom hit, vilde kjøpa kalven vår. – Magnus kom att og skal vera nokre dagar. 2. Still, yvertjukk med klårglytt. Kålrothausting – Magnus – elles båsuppsetting i fjøse. Anne og eg gjekk til Bjerklia med kalven. 3. Still, regn. Same arbeid – i fjøse – ferdg med de. 4. Ausande regn. Nepehausting – alle mann um de. Ferdig til kvelds. Flutte kyrne heim. Magnus slutta for godt. 5. Nord- og nordaust-gråe, upplettande. Køyrde inn nepekål og la i silo. 6. Still, klår, mild – litt uppum 0º i lysinga. Ferdig med siloen, køyrde sidan i hop nepa. Tjukna noko upp em. 7. Still, yvertjukk med klårhol fm, uppklårande em, drått av sud-aust. Hemnestur, Trygve og Jakob. (Marknad). Eg rauka upp nepa. 8. 18. sundag. Still, lettskya – klåra av em. 9. Still, klår med ei tunn skyrand frammed fjella i sør, ÷ 2º R i lysinga. Arbeid med hestskorne, dekning på nep-raukene, ein køyretur til Eide, resten av byggstauren innteken. Straumen snerkja att med blåis. 10. Same ver, Straumen hudheil. Kålhausting. Anne ein tur rundt til Eide, etter posten m.m. Eg bøtte på take. 11. Same ver, ÷ 3º R i solovringa. Jakob og ”Gro” på nylandspløgjing hoss Einar Myrset i går og i dag.. 12. Trygve 33 år. Klår, med lette godversskyar, aldri-so-lite uppsett frå sud – still, 0º eller litt yver. ”Gro” iveg på pløgjing hoss Nils Øvringmo. 13. Per og Anne Olsen har gullbrudlaup. – Sigurd Medstraum og raumerra her på pløgjing i Lamyra. Still, halvklår fyrst, tjukna smått yver, dripla litt ur-smått regn i kveldinga. 14. ”Vet’næt”. Yvertjukk, litt regn i natt og alrafyrst imorgest. Seinare turr, litt nordaust-gråe, sopa blåisen i hop, so de var komande heilt til Botne. – Ferdig med pløgjinga. Hemnestur, Trygve – han fær vidare, til Bodø, skal ta ein kontorplass der, kjem ikkje so snøgt attende. Eg bøtte på take. 15. 19. sundag. Sudaust-gråe, yvertjukk, + 2º R. 16. Yvertjukk med klårhol, sudaust-kjøla – seinare nord-aust og meir yvertjukk. Jakob og eg førde sagmask frå Utland-saga. 17. Yvertjukk, kjøla frå ymse leider – de snør langt ned-i lidom, og i kveldinga kvita de yver på låglende med. Jakob og ”Gro” er på Nyrud og pløgjer. Eg var roande på Eide etter mjøl, olje og salt. 13. Still, snø fm i sko-djupn pålag – vestavind og regn em. Jakob og ”Gro” renska på dyrkingsteien og køyrde heim til ved. Sauene flutt åt heimfjøs’n. 19. Still, regn – vaska snøen for-so-mest burt på undlende. Same arbeid. Sauene ute att. 20. Still, litt regn i morgonstunda, sidan turr – yvertjukk med klårhol – ved kveld regndripl att. Rydjing og køyring på nylande. 21. SV-kjøla, skodde, litt fauka no og då. Hemnestur, eg og Jakob. I kveldinga ruskutt med SV og regn. 22. 20. sundag. Halvklår, med frisk SV-drått. Tjukna yver mot kveld og kom med regn. 23. SV, fossregn. Vedhogst og anna innearbeid. 24. SV og skletta. Jakob ein tur til Eide, elles same arbeid. 25. Same ver, men lengre el-dus. Kveldklåra. 26. Still, yvertjukk med klårhol, litt kjøleg i dagninga, blåisfale – men tjukna yver og lédna upp. Rudningsarbeid. Eg roande til Eide, sende brev til Valberg. 27. Skoddhimel, regndripl, sklett- og snøfjun. Hogg ut ei storgran til fjøs-drikktroa. Jakob køyrde heim, rodde på Medstraumsaga og fekk stokken firskor’n. 28. Same ver. Byrja letta upp og kjølde lufta sist på¨kveld. Jakob arbeidde med drikktroa. 29. 21. sundag. Klår, still, blåis og styrkja på dya. 30. Still, klår, ÷ 3º R, Straumen hudheil. Tjukna yver og lédna upp frametter dagen, litt fauka seinkvelds. Arbeid på fjøstroa, ho kom åt fjøse til kvelds. Hoss oss flatbrødbakst. 31. Still, skodde, regndripl- ”yrvæta”.
November 1. Helgamess. Still, klår, ender-å rek-skylurva. Sauslakting, Edvin var meister. Slakta ned heile saubuskapen, sonærsom kårsauen vår, ho ”Sibylla”. 2. Still, yvertjukk med klårhol – klåra upp-att seinkvelds. Køyrde rundt og ned-’punn Lia med 3 sekkjer kål, som Jakob so tok i båt og rodde åt motoren med, nedpå Své. Straumen hudheil av blåis, undateke millom elvmynne og Kjeldnese, ogso ei renne unda Lia. 3. Still, klår, kald. Bededag. Køyrde slakte Ytrevegen – um Botne – åt Førnese. 4. Same ver. Hemnestur, Jakob. 5. Helgamess-sundag. Same ver. To Utlandsguta gjekk yver isen frå Hagahole, hit åt Lanese. 6. Sudaust-gråe, yvertjukk, léver – fauka og sklettfjun. 7. Yvertjukk, still – tela mark, lagar til hålkeføre. På em litt regndripl. . Jakob stellar i fjøsgangen og gjer bås der åt oksen. 8. Still, yvertjukk, litt regndripl. Arbeid i fjøsdøra framleis. 9. Still, tett og jamt regn – hålka tinar upp. 10. Same ver, då minder regn. Ferdig i fjøsdøra. Køyrde inn fyrste nep-rauka. Byrja ta upp skôt-tele og leggja inn nytt. 11. SV og regn, ruskver. Sopa isen vekk. Nymobåten gjekk på sumarlægje sitt, då han kom frå Hemnes. Same arbeid. 12. 23. sundag. Yvertjukk, klårholutt, nedpå 0º på varmemålaren, litt blåisfale fm, som rak vekk med fallstraumen em. Ei snørid på fm, som kvita marka. Anne og eg var roande på Eide. – (Oksen laus i fjøsdøra um kvelden). 13. Uver av NV og kov – dyngja ned ei mengd snø. Arbeid i skôte. 14. Spak nordleg gråe, yvertjukk med glytt, kjøleg, blåisfale. Jakob roand’ på Eide med spinnegods – elles i skôte. 15. Regn, smått, still i vere fm, sidan retteleg ausregn og frisk gråe av nord-aust – men drått av sud. – Inga fekk brev frå Trygve, han er i Oslo i desse dagar. 16. Still, skodde, regndripl millombils. 20 cm snø. ”Bjora” kalva imorgest – svart okse, med kvit ryggrand. – Inga og drengen pakka hovudkål, som han rodde åt Førnese med i myrkninga – 5 sekkjer. 17. Still, klårholutt, kjøleg – Straumen legg. ”Sanitetsmøte” på Øverland – eg rodde Anne dit fm i toleg rein sjø og rodde rundt em med floa – just sopass de gjekk an. Sette båten upp i Lanese. Kov-elingar i kveldinga. 18. ”Utnordshengsl” – smått kov. Hemnestur, Jakob. – Øverstraumen hudheil. Brev frå Lars (Prince Rupert). 19. 24. sundag. Still, klår, ÷ 7º R. Anne gjekk til Jamtjord em. 20. Utnordshengsl, ÷ 4º R, adskilleg snø på em. – Ordna på køyrbrua, henta motor og trøskar frå Botne, trøska og tina byggen til kl. 20. 21. Still, ÷ 1º R i morgonstunda, tett, smått kov til i kveldøkta, då de slo upp i regn. – Henta dryftaren frå Botne og dryfta dråsen. (Eg fekk 60 kg stort korn, 20 kg 2.sort, 16 kg skrot – lettkorn). 22. Ruskver, SV og regn. Eg bar inn av låven, Jakob vøler um køyrbunad. 23. Still, skodde og litt regn fyrst på dagen.På em eitt og anna klårhol, men mot kveld seig’n i skodde att. Vi baka flatbrød og lefsa fm. Jakob køyrde rundt-um til Eide etter ymis proviant. Sidan hjelptest vi åt å ta vogninn og slåmaskina innpå køyrbrua. 24. Still, léver, skodde, mest inkje regn. Gardtutl-arbeid. ”Sibylla” laupa, vi var i Botne med henne. 25. Yvertjukk, sudaust bris. Trygve kom heim med Nymobåten, blir heime eitpar dagar. 26. 25. sundag. Halvklår – vindskyar – frisk sudaust, på em, kvelden og natta sterk. Trygve for av til Sund, der er bondelagsmøte – heimefrå kl. 12, heimatt um midnatt. 27. Same ver, sterk – riv upp ner-isen. 28. Klåra litt upp og spaknar. Isen uppreven innafrå åt Hestlortstranda. Trygve ber inn korn og legg på tørk. 29. Still, kov, noko tjukt på em – fylte upp med surpa innmed strendene og Storbergbukta. 30. Austleg gråe, rein sjø frå Elvkjeften nedetter. Skyutt, uppklårande, seinkvelds mest fullklår, noko kjøleg – 30 cm snø.
Desember 1. Still, klår, ÷ 11º R i lysinga. Trygve reiste, Sjåvikmotoren skyssa’n til Bardal – Inga fylgde med til Hemnes – ho kom att so kl. 16. 2. Skyutt, still, ÷ 6º R. Isen gangande på Botnfjorden, men landkallane er dårlege allstad’n. 3. 1. advent-sundag. Utnordshengsl. Eg var gangande til Falle. 4. Still, skyutt, ingen nedburd. Målaren på 0º og der-under. 5. Gråhimel, ÷ 2º R. 6. Still, halvklår, ÷ 5º R. ”Bjora” vart sjuk i går og i natt, dyrlækjaren måtte hit. Nymogluntann skyssa han hit og attende. 7. Utnordshengsl – uppklårande, kulden kvesser i. 8. Still, klår, ÷ 8º R. Jakob køyrde over isen – til Utland – med 3 sekkjer hodekål. 9. Som i går. Hemnestur, eg og Jakob. 10. 2. advent-sundag. Leiv 2 år. Endå kaldare, ÷ 12º R. 11. Yvertjukk, sudaust-kjøla og drått, ÷ 4º R. Eg var gangande åt Førnese etter oljespanna. Landkallen er nokso god no til kvar tid. 12. Still, léver, smått sklettfjun. Jakob for til Eide yver isen med floa. Kjøken-uppvask. 13. Like-eins, framtil kvelds, då de klårna upp og kjølde lufta. 14. Still, heilt klår, ÷ 6º R. Tjukna til mot kveld att. Vi – eg og Jakob – byrja leggja skogveg. 15. SV og regn. Anne gjekk rundt-um til Eide. Brev til Lars. 16. Same ver. Hemnestur, Jakob. 17. 3. adventsundag. Same ver, ein mon verre. Byrjar bli hålka på vegane, berrflekkjer frami bakkane. 18. Same ver – spaktest og gjekk vestleg med haglbøgjor. 19. Still, utnordshengsl – uppklårande mot kveld. Eg gjekk rundt til Eide, på mjølkjøp og posthenting. 20. Still, klår, ÷ 11º R. Jakob henta spinnegods frå Eide og køyrde ny sending dit. Brev til Gudrun Johansen. Rana er stengt av is. 21. SVtV og kov – retteleg ein braking, då de leid på kveld. Målaren på 0º og litt under. 22. Solkverv. Same ver. Spakna litt i kveldinga. 23. Tollesmess. Gråhimel, ill og bisk nord-aust, snøfok, ÷ 6º R. 24. 4. advent-sundag, jol-afta. Still, klår fm, sidan litt skyutt, ÷ 15º R. Trygve kom heim burtåt kl. 3 i natt. Brev til Gudrun Johansen. 25. Jol. Klår med litt sky-ratl, nordaust-gråe, ÷ 7º R. 26. Ann’dag. Same ver. 27. Still, klår, ÷ 15º R. Drog på em yver med frostrøyk. 28. Utnordshengsl, frosthare, ÷ 6º R. 29. Same ver, men endå mildare. Trygve og Jakob tok inn hovudkål og pakka i sekkjer. 30. Auster-kjøla, litt røykutt himel fyrst, seinare nord-aust, uppklårande, ÷ 7º R midt-på da’n, sidan kaldare. Hemnestur, Trygve. 31. Sundag etter jol. Nyårsaftan. Klår, still, ÷ 11º R. Drog yver i kveldtida. 55 cm snø.