Dagbok Olav Engen 1938

Fra Wiki
Hopp til: navigasjon, søk

1938

Januar 1. Still, gråhimel, ÷ 1º. Joletrefest på ungdomshuse, Anne og eg, hadde Arna med. Trygve reiste med dampen i kveld, skulde ut på langferd – til Oslo i Bondelags-ærend. 2. Sundag e. nyår, Kr. openberring, Heilag-3-Kongar. Same ver. 3. Still, smått kovfjum, ÷ 2º R. Vi for i myrkninga til Øvringmo på jol-gjesting, Anne og eg. 4. Still, yr-regn og våt snø, + 1º, på em berre reint regn. 5. Still, målaren under 0, aldri-so-lite fint snøfjun, litt frose på vegane. Anna Forsbakk gravlagt. 6. Trettandag. Nordvest-kjøla, tett kov, målaren på 0º. 7. Still, gråhimel, litt kovmøra medkvart. 8. Same ver – ja litt kaldare. Nepsjau i går og i dag. 9. 1. sundag e. Kr. Openberring. Still, yvertjukk fyrst på morgon, sidan uppklårande frametter dagen, ÷ 8º R fm, um kveld ÷ 10º R [i kveldinga]. Anne og eg for til Nyvoll på jolegjesting. 10. Still, halvklår, nedpå ÷ 12º R på em. 11. Still, klår, ÷ 12º R. Trygve kom heim so kl. 15. 12. ”Medvinter”. Same ver i morgonstunda, kom sidan til litt nordaust-kjøla med sky-lurvor, ÷ 5º R. Trygve køyrde ein tur rundt til Eide. 13. Tjugand-dag. Nordaust-blaff, klår fm, ÷ 7º R, tjukna sidan til i sud og drog røyk yver himeln mot kveld. Trygve køyrde inn nepe. Nils og Margret Øvringmo var her i kveldseta på jolgjesting. 14. Still, røykutt himel, léver, + 2º R. Frampå fm austavind, i kveldinga fint kov. 15. Auster-kjøla, halvklår, 32 cm snø, + 2º R. Tjukna sidan yver. Hemnestur, Trygve. 16. 2. sundag e. Kr openberring. Frisk austavind, yvertjukk, léver. Anne og eg til Botne (Hans), lydde på Bisp Berggrav i ”Radio”. ”Idun” kalva burtåt kl. 23½ - raud kvigkalv. 17. Austavind, yvertjukk, litt kovflistr i natt og litt i kveld att – målaren på 0º. 18. Still, heilt klår, ÷ 8º R. Seinkvelds drog’n yver og kom med litt kovflistr. 19. Still, litt røykutt himel, ÷ 5º R. Em blistring av aust, målaren steig til 0º. 20. Yvertjukk, austavind(?), léver. 21. Små sklettsnø, + 2º. Frå kl. 10 pålag reint regn. 22. Vestavind, regn og skletta i elingan. 23. 3. sundag. SV og regn. 24. Same ver – i natt noko skletta – styggsterk natt og morgon, byrja spakna på fm, i myrkninga mest still, klårholutt. 25. Still, yvertjukk, + 2º R. 26. Still, med eit lite vift av sud-aust på em, litt hagl og snøfjun no og då, klårglytt imillom. 27. ”Vesterskotung” og kov, regn ei lita rid på fm og ei på em. Trygve for til Hemnes i heradstyremøte – i lag med Konrad Skogholt. Kom heimatt so kl. 23. 28. Still, halvklår i lysinga. Klåra sidan heilt av, sonærsom ei skyrand yver fjella i sud, litt austleg kjøla, + 3º R. Trygve køyrde til Falle med smør. Seinkvelds atter yvertjukk, litt sklettfjun. 29. Yvertjukk, blistring av nord-aust. + 1º R. Hemnestur, Dagmar. 30. 4. sundag e. Kr. openberring. Same ver, 0º. 31. Yvertjukk med glytt, kjøleg i lufta, em litt kovfjun. Eg på skulen og saga ved. 50 cm snø, 0º.

Februar 1. Sud-aust, yvertjukk, litt sklettfjun, + 2º R. Eg på same arbeid på em. 2. Kynnesmess. Still, yvertjukk med glytt, + 3º R fm. Klåra sidan upp og kjølde lufta, men drog seinkvelds yver att. Same arbeid. 3. Still, yvertjukk, kladdsnø. Upplettande p em., mest klår sist på kveld. Eg i same jobb, Trygve ligg og er ufjelg. 4. Still, kladdsnø, + 4º R. I kveldstunda hagl-elingar av vest, ljon og toreskrall. Trygve ein tur åt Hauan i etter-økta. 5. Still, yvertjukk med klårhol, + 2º R. 6. 5. sundag. VNV-kjøla, hagl og kladdsnø skiftande, + 1º R. 7. NV og kov – på kveldsida sudleg, sistpå regndripl. Moka av stovetake. 8. Still, tett regn. Em kladdsnø – i kveldtida eit klårglytt. 9. Vestavind, kladdsnø. Eg på skule-vedhogst em. 10. ”Sanitetsmøte” på Ryland, Anne er der. ”Bergthora” laupa (”Hagfors”). 11. NV og kov. 12. Still, litt fint kovfjun, meir kjøleg i lufta. Nepsjau. 13. Sundag septuagesima. Halvklår, ÷ 7º R, nordleg drått – i kveldinga atter yvertjukk og kov. Trygve tok på tur nedyver, vilde avstad til Sund, der Bondelage skulde ha årsmøte, men laut snu heimatt, då Rana var full av rek-is. 14. Still, snø, skletta og regn, 84 cm snø, + 2º R. Em SV og regn. 15. SV og regn – sterk fm, spakare em, + 3º R. 16. Likeeins som igårkveld. 17. SV storm og regn. Trygve gjekk åt Førnese imorgest, skulde til Hemnes i heradstyremøte, men laut snu heimatt. Gjekk mot kveld til utnords og spaktest. 18. Nordleg kjøla, klår med tunne lette rekskyar. + 1º R 19. Still i natt – men kl. 6 kula de upp av vest med regn, gjekk sidan til NV, sterk, med kov og fok. Trygve for iveg imorgest, skulde til Hemnes, derifrå til Korgen på ”krinsmøte”. 20. Sundag seksagesima. Utnordshengsl, lange klårglytt, serleg i kveldinga. 21. NV og kov. Trygve kom heim – frå Eide rundt. Eg på skule-vedhogst. 22. Utnordshengsl. 23. SV og regn. Isen er uppreven åt Bustien, dertil brekt av for elvkjeften. Landkallan er mykje skrøpeleg allstader. 24. SV tV, spakenn, snø, skletta og regn um einannan. Eg på Utlande på missjonamøte hoss Svein – preika av sekretær Wisnes, em. 25. Same ver pålag. Idun laupa (”Hagfors”). Trygve slakta ver’n. 26. Spak, yvertjukk, ingen nedburd fyrr i myrkninga, då fjuna de litt snø. Hemnestur, Trygve – frå Eide, m. Sig. Medstraum, køyrde rundt um morgon, med slakte og noko kål- og gulrot. 27. Fastelags-sundag. Spak SV og regn – upphald seint um kveld. Anne og eg for til Falle, der var ”smørmøte” kl. 15 – vi kom heimatt so kl. halv 22. 28. Still, yvertjukk, litt smått snøfjun. 0º, 63 cm snø.

Mars 1. SV og regn. Dagmar 18 år. 2. NV kuling og kov. Arna 5 år. 3. Same ver fm, då slo de um i regn. Trygve var køyrande åt Hauan, saman med to av Botnhestane, for å ta upp køyrevegen. 4. Vestleg storm, regn, skletta og snø – litt spakare em. Eg og Trygve og ”Gro” for iveg med smøre, men laut snu på ”Ånesan” og bera smøre på ryggen til veg-enden – eg for so heimatt med merra, medan Trygve heldt fram. 5. Spak nordleg vind, kovfjun. Em sette de fyrst i med sterkt snøfall, som slo um i reint regn – still til pålag kl. 16, då blåste de upp ein forrykande sudvest-storm, ei stund snaudt standande på slett mark. Eg på skule-vedhogst – ferdig der. Trygve var gangande rundt til Eide seinkvelds. 6. Fyrste sundag i fasta. NV og kov, eit øgjelegt ver – men sopass glytt strakst etter middag, at Vigdis kom hit. 7. Meir nordleg i dråtten, spakare kovenn. 8. Nord-aust, halvklår, ÷ 3º R. Trygve er i skogen, feller gran, eg held på å gjera skogveg. 9. Same ver. Anne var ein tripp til Utlande em. 10. Lettskyutt, still – tunnt kovfjun i kveldinga. Same arbeid. 11. Likeeins. 12. Gregesmess. Litt kjøleg fyrst på dagen, nordaust-gråe på Rana, ei stund midt-på dagen mest klår og blankt solskin – men tjukna yver mot kveld att og kom med regn. Hemnestur, eg og Trygve. 13. 2. sundag. Spak SV og regn fm, letta sidan upp og blåste litt turr VNV. – I Mo er de lands-skirenn og kongevitjing, i går, i dag og imorgon. 14. Regnskyll, skodde. 15. Same ver. 16. Nordaust, yvertjukk, litt kjøleg, turr. Trygve i skogen, Kåre Nymo til leimann. 37 cm snø. 17. Nord-aust og litt snø fm, sidan still, gråhimel. Same arbeid. 18. SV, høljeregn. ”Idun” laupa upp-att. 19. Still, regn og skletta. Nokre fine dus på em. Hemnestur, Trygve. Brev til Lars. 20. 3. fastesundag. Still, tung snø. Ungdomen held kapprenn og skifest. Regn på em. 21. Vårjamdøger. Still, skodde og regn. Trygve køyrande ein tur til Eide, skulde henta kunstgjødsl, men laut fara mest i måfå. 22. Still, yvertjukk med klårhol. Fram på em atter skletta og regn. Skogarbeid fm. 23. Still, skodde og regn. 24. Vester-skotung og regn – eit bra fint dus på fm. Ner-isen har eitpar døgn reke landmillom. I dag har folk rodd frå Elva nedyver. Her på Botnfjorden er landkall enno, men svært skrøpeleg. Trygve for åt Utskarpen imorgest, skulde derifrå til Hemnes i heradstyremøte. Kom heimatt i midnattstider – Straumvegen. 25. Vårfrumess. SV, skletta og regn – i elingar, med lange glytt. Ner-isen er sundkrava og ligg på Sjåbergauren. 26. Nordleg, halvklår, 0º, litt skareskorpe. Kom med litt nordaust-blistring, klåra heilt upp. Vi tråkka i skogvegen. Hemnestur, Dagmar. 27. Medfastesundag. Nord-aust, som spaktest og stiltest, klår å byrja med, sist på dagen litt glya, ÷ 3º R, fin skare. Eg var gangande til Tverrbekkli, Anne til Botn i radiopreike. 28. ”Frosthare” i morgon-økta, ÷ 4º R. Klåra upp på fm, med nordleg kjøla. Skogarbeid, Gunnar er her. Nerstraumen frys ttil att. 29. Lars 60 år. Nordavind og kov. Same arbeid. 0º på varmemålaren. 30. Still, halvklår i morgonstunda, sidan NV og kov. Same arbeid. 31. Ane Sveinsdet 90 år. Still, yvertjukk med klårhol, 0º pålag heile dagen, klåra av sist på kveld. 60 cm snø. Same arbeid - byrja køyra ned .

April 1. Still, fullklår, ÷ 9º R i solovringa. Skogkøyring. 2. Litt mildare, frostrøyk-dottar rekande på himel’n, setjande inn frå NNV – men klår i kveldtida. Hemnestur, Trygve. 3. ”Maria bodskapsdag”. Still, mild, frå 0º upptil + 4º R - litt tjukkare med røykdottar enn i går, mest klår seinkvelds. Anne og Jonette Nymo gangande til Bjerkli. Trygve åt Sjona i Bondelags-ærend. Petter Gjesbakk med familie her. –Ny-isen, ned-um Utlande, var gangande i går. 4. Same ver i morgonstunda, men fram-i fyre-økta sette de i med NV og kov. Trygve køyrde 2 turar rundt til Eide etter kunstgjødsl. Elles vedhogst heime. 5. Gråhimel, still, ÷ 3º R – seinare uppletten, og atter yvertjukna, med smått kov. Trygve iveg etter siste frausekken, m.m. ”Barbro” laupa. 6. Still, léver (+ 3º – 4ºR), tett kov og skletta. Skogkøyring. 7. Still, yvertjukk med klårhol, litt snø- og sklettfjun, + 2º R. 8. Still, halvklår, ÷ 1º R i solovringa – på em eitpar NV-elingar med tett kov, men klår att ved kveld. Trygve køyrde til Falle med smør fm, skogkøyringe em, - uppvask til påske innahyses. 9. Halvklår, utnordshengsl. Skogkøyring. I kveldinga ein køyretur til Eide. – I lysinga ÷ 4º R, lédna upp utetter dagen, kom so kl. 17 med NV og kov. 10. Palmsundag. SV og regn. 11. Same ver. Møkkr-køyring. 12. Same ver – storm – til å byrja med, gjekk seinare til VNV med rokglan – spaktest noko mot kveld. Vedhogst, møkkr-køyring. 13. Mest som igårkveld. Same arbeid. 14. Sumarmål. Skjertorsdag. SV og regn. Ner-isen vekke, øver-isen landlaus. Trygve for åt Utskarpen. Ove i Dalosen kom hit på vitjing, han er no fullferdig agronom, nyst utskriven. ”Villa” lamma i morgon-ykta – 2 verlam. 15. Langfredag. Same ver. Leid på dagen sette de inn av NV og tjukt kov. 56 cm snø. Påskelørdag. Som igårkveld, har lagt ein brôte med snø. Mykje sørpe på Nerstraumen, men Hemnesfararane kom då åt Elva lell. 17. Påske. Same ver, sterk. 18. Ann’dag. Norda-gråe og drått, uppklårande, 0º i morgonstunda, + 3º R på em. 76 cm snø. 19. Klår med tunne rek-skyar, norda-kjøla og drått, ÷ 1º R i solovringa. Møkkrkøyring – eg tråkka i skogvegen. 20. Still, yvertjukk frå morgon av – sidan skletta og regn. Møkkrkøyring, vedhogst. 21. Still, yvertjukk, regnfusk. Sedtatesbering, vedhogst. – Skletta seinkvelds og VNV vind. 22. NV og kov. Trygve køyrde nokre møkkr-lass. Eg bar inn litt sedtates (svenske), sysla elles med vedhogst. 23. Still, yvertjull, léver. Hemnestur, Trygve. Øverisen rek ned-um Kjeldnese i kveldstunda. – Eg bar inn resten av sedtates’n (grå), 15 byttor iallt. 24. 1. sundag etter påske. Still, kovtjukk – isen ligg i Aurgape. Eg gjekk til Øvringmo til radiopreike – fekk høyra nynorsk frå Ørsta kyrkje, Møre. 25. Still, små regnskurar, klår imillom. Trygve rodde til Hemnes, skal møta i ligninga (utvale). Eg høgg ved. Isbrote ligg og rek millom Eibukta og Førnese. 26. Lettskyutt, still, litt nattkald, blåisfale. Gamallisen ligg likeins og rek landemillom. 27. Sudleg gråe, yvertjukk, nokre regndropar på em. 28. Anne 66 år. SV-gråe, lett yverskya. – Isen var burtkomen i går, sundkrasa på Skjåberg-aur’n. Litt regnfusk em. 29. SV i elingan, svingande til VNV, regn og skletta – lange dus, med klårhimel. 30. Vere noko-so-nær de same, litt meir jamngrått. Anne og eg roande på Eide em.

Mai 1. 2. sundag e. påske. Vester-kjøla, regndripl. Trygve kom heim i natt – frå Utskarpen. Anne gjekk inni grenda. Vinden kula noko frampå em og de tjukna alt til. 2. Litt snøfjun i natt, litt påfrose imorgest – i dag nordvest-gråe, halvklår. Trygve reiste med Martin Nymo, som gjekk til Hemnes etter kunstgjødsl. 3. Krossmess. Still, kjøleg, litt blåis, litt påfrose – halvklår fyrst – blåste sidan upp av vest, kantra til SV, stiltest og kom med regn. D’er bra bert nærmast husa no, men noko klake på vegane. - ”Barbro” laupa uppatt – Hans-okse i Botne. 4. SV og regn. 5. Yvertjukk, léver, still fm, vester-gråe em – mot kveld seig’n saman i tett regn. Byrja smått å putla litt i hagen. 6. Vestleg gråe, skletta og regn morgonbils – sidan uppklårande – men seig i hop mot kveld att. 7. Yvertjukk, still, sklett-elingar i fjella i morgonstunda, seinare turr. Hemnestur, Anne. Trygve kom heim. 8. 3. sundag e. påske. Still fyrst og skoddhimel, em nordaust-gråe. Anne og eg rodde – i lag med Fridtjof og Petrine – til Straumsnes på radiopreike – og på gjesting. 9. Still, skoddhimel fm, regn og skodde em, kladdsnø, so berrflekkjenn vart vel yverkvita. ”Sibylla” lamma – 1 ver. Einar i Hauan kom hit, skal vera dreng. 10. Vester-gråe, skoddhimel, aldri-so-lite regndripl medkvart. Trygve for heimanfrå, skal ut på fyredragsferd i lag med fru Ragna Arentz. – Sist på kveld turt kov. 11. I morgonstunda kovfjun i elingar, klårholutt imillom – seig seinare burti SV og skletta, reint stygg i kveldinga. Einar køyrde upp matrial og stabla inn, i går og i dag. Eg saga ved på skulen i dag em. 12. Nordaust-gråe, yvertjukk, turr til i kveld-økta, då stiltest de og byrja regna. Brev frå Lars. 13. SV og regn. Trygve kom heim i natt (frå Sjona). Han sår kunstgjødsl i dag. D’er bert på heimeflata, sonær som Lamyra. Eg på skule-vedsaging em. Einar køyrde smør til Falle fm. 14. Skodhimel, still alrafyrst, men seig snart i hop att i sidregn. Témmerkøyring – og ved – frå Grindberge, åt Lanese, slogabinding. 15. 4. sundag e. påske. Still, skodde, smått regn. Trygve for iveg – med Martin Nymo – til Sund, der er bondelagsmøte og –fest. Vi hadde vitjing av Lise Hagen og Edith, yngste dottera hennar. (Nils Johansen, far hennar Lise, var 87 år 19. april vi hadde). 16. Still, noko skoddutt, turr ei stund på fm, men seig i hop i regn og austavind. Einar køyrde or skogen fm, hogg ved em. 17. Fridomen. Austavind, smått regn. Likeins med arbeide, til nondags, då for ’n Einar iveg på fest. 18. Nord-aust, halvklår, kjøleg. 19. Like-eins – uppklårande. Trygve kom heim imorgest – yver fjelle frå Nordrana. Arbeid i dag: Témmerkøyring, slogabinding. 20. Halvklår, blåisfale i morgonglytta, nordleg vindgråe – frå nord-aust yil nord-nordvest -. Hagestell, harving, kunstfrau-såing. – eg fekk Solbakken møkra og harva. Anne var i Botne på saum. 21. Same ver pålag. Einar grev veiter på Témmerberge. 22. 5. sundag. Same ver pålag, tjukna yver av SV i kveldinga og byrja regna. Fru Arentz heldt fyredrag på ”huse” kl. 17 – for Bondelage – Martin Nymo henta ho frå Hemnes og skyssa ho dit att. Ho var inne her fyre preiken. Vi var iveg og høyrde på, Ane og eg og Trygve – og elles kringum 40. 23. Ny båt! Regnskurar i natt, litt dripl på fm og, men kom so med nordvest-gråe og letta upp. Kunstfrau-såing, på enga, møkkrkøyring uppå ”Teien”. Eg planta kålrot og lauk. 24. Austavind, lettskya. Anne i Botne på sauming – sumarkjole. Trygve rodde til Hemnes i heradstyre – kom heimatt so kl. 21.- Vere seig på em burti NV-kjøla, skodda og regn. Einar møkra og pløgde på ”Teien”. Eg hakka i ”Solbakken”. 25. ”Ålmanns plog”. Vere som igårkveld. Nylandsarbeid, steinskjoting, kunstfrausåing. Eg hakka i ”Solbakken”, sådde mainepe, raudbet, gulrot. Sauene utslept em, vart sett i sumarfjøse i kveld. Siste snøflekken i Lamyra, som synte i går, er vekk i dag. 26. Himelfartsdag. Frisk NV, kaldt regn, skletta i fjella. Presten heldt jordfesting på kyrkjegarden og preika på ”huse”. 27. Inga 32 år. Sudaust-gråe på fm, havgøla em, halvklår, sist på kveld bisk, turr nordavind, yvertjukk. Eg sådde erter, sette ”olsoktates”. Dei andre arbeid på nylande. 28. Vestleg vind, halvklår fm, seinare sud-aust, solskin, byrja koma litt varme i lufta. Fullt køyr med møkring og harving. Trygve sådde bygg i kveld. Eg heldt fram med tates-setjing, sette fullt i ”Solbakken”. 29. 6. sundag. Frisk sud-aust, klår, upptil + 20º R i em. Konfirmasjon i Hemneskyrkja – Dagmar for dit – kom fyrst att so kl. 24. Eg gjekk på Sjona kapell, kom att kl. 19. Høyrde gauken på den turen, fyrste gong i år. 30. Sud-aust, frisk, skyutt, ein regnskur fm. Uppvask, stovelofte og kammerse. Dei arbeid på åkeren – ”Teien”. 31. Same ver – uppklårande, varm em. Eg sådde kålrot, sette tates. Dei fylte grøfter, møkra, harva, drilla upp.

Juni 1. Vester-kjøla, skoddutt, regndripl. Dei set tates. Vi vaskar upp – stova, kjøkenlofte, kotte. Trygve sådde grasfré i kveld. 2. Sudaust-kjøla, elles som i går. Harving og rensking på nylande, uppdrilling i kål-åkern. Mest klår i kveldtida. – Trygve henta granplantar frå Eide. 3. Sudaust-kjøla, klår med høge, lette rekskyar, drått av sud. Kålplanting, nepsåing, gjerdevøla – flatbrødbakster hoss oss ei stund. 4. Pinsaftan. Austleg vind, yvertjukk. I kveldøkta SV og regn. Hemnestur, Trygve. Sauene slept på skogen. 5. 1. pinsdag. SV, skodde og regn, nokso ruskutt. Dåpshøgtid for litl-guten, som vart kalla Leiv. Dåpsvitne: Heitmann og Sakrine Midtstraum, Kristian og Marie Utland. Einar Lamo skyssa. Eg var med til kyrkja. 6. Ann’dag. Tunn skodde yver himel’n, still, mild, turr til i nondagstida, då de svartna sterkt i vest og sudvest og byrja regndripla litt. 7. Sudaust-gråe, klår, varm – mot kveld tjukna’n yver og vart regn att. Kålplanting og kålrotsåing – ferdig dermed, sidan gjerdevøla. Trygve for i kveldøkta til Bustnes med ho ”Gro”, kom heimatt yver midnatt – utan resultat. 8. Sudaust-gråe, uppklårande, + 14º R. Trygve åt Utskarpen på planlegging, kom att kl. 22. Heime gjerdevøla, engrensking. Kyrne ute førstegong, flutt åt sumarfjøse. 9. I natt og imorgest vestavind og regn, sidan uppklårande – i kveldtida still og heilt klår. Skogplanting. Trygve inni grenda på ”planing”. Eg ser i fyrste bladskoti av ”olsoktates’n”. 10. Still, yvertjukk, ei regnrid so kl. 8-10, sidan sudaust-gråe, upplettande – til utpå em, då de kom litt regndripl att. Trygve til fjells - Smålia – på planing. I kveld for han iveg åt Utskarpen med oksen - ”Hagfors” – skulde derifrå til Finneide på utstilling. Einar batt sloga ved Botnsaga – eg renska eng. 11. Vester-gråe, yvertjukk, regnelingar. Hemnestur, Dagmar. 12. Trieining-sundag. Same ver som i går – noko meir regn. + 8º R. Trygve kom heim um natt-morgon – med oksen godkjend og premiert. ”Sanitetsfest” på ”huse”, Anne og Dagmar er der. 13. NV, kjøleg, regndripl fm, sidan upplettande, halvklår sist på kveld. Trygve åt Utskarpen på planing, ”Gro” åt Førnese på pløgjing, Einar på nylande. 14. Austavind, lett yverskya. Seig i hop og vart regn på em. Eg renska eng, Einar grev grøft. Trygve kom heim um kveldtid. 15. Still, yvertjukk, regn-elingar. Trygve rodde til Hemnes, skal i heradstyre og sidan åt Leirvika på planing. Eg hakka ”olsoktates’n”. – På em NV vind, turr, bisk. 16. Vind og ver som igårkveld. Eg renska i ”Solbakken” og ruska ved. ”Gro” kom heimatt. 17. NV, halvklår fm, tjukna til på em, regndripl seinkvelds og still. Einar til Falle med smør. 18. Skodde og regn. Vestavind, ei stund ikkje solite sterk. Hemnestur, Anne og Einar. Trygve kom heim med Hemnesfolkje. 19. 1. sundag e. trieining. Lettskyutt fyrst på dagen, sudaust-gråe, frampå em heilt klår. 20. Sudaust-kjøla, klår med tunne rekskyar, blåste seinare upp til frisk gråe, tjukna yver og kom med regn i nondagstida. Ugrashakking, nylandsarbeid, Trygve tegner planar. ”Gro” åt Førnese i kveld att. 21. Solkverv. Still, skodde, regn – på em vestavind, nokso likt til snø i fjella. Same arbeid. 22. Sudaust-gråe, mildt regn. Same arbeid (og kjøken-uppvask). Nylande ferdig. ”Gro” kom heimatt. 23. Jonsok-aftan. Vester-gråe, regnfusk. Anne er sjuk. Einar fyller grøft. Trygve for til Jamtjord fm på planing. 24. Jonsok. Same ver pålag. Trygve åt Utskarpen på godkjenning – kom heim seinkvelds. Einar er klein, ”vanrusann”. Anne er litt betre. 25. Nordvest-gråe, turr skodde. Anne er bra. Hemnestur, eg og Trygve, med litt malder. 26. 2. sundag. Vestleg gråe, yvertjukk – til so kl. 16, då tok de til å regndripla. Anne og eg var ein tur utigjennom til Gjesbakken og Landenge – kom heimatt kl. 18. 27. Olav, den nye, 2 år. Still, yvertjukk i morgonstunda, blåste sidan upp av NV og klåra smått-um-smått – fullklår seinkvelds. Eg hyppa ”olsoktates’n”. Dei møkkra på nylande. 28. Yvertjukk, austa-kuling – på em litt regnfusk. Uppkøyring av matrial. Kjøken-uppvask. 29. Auster-gråe, halvklår – på em still, tjukna yver sist på kveld. 30. SV, skodde og regn. Ugrashakking i går og i dag.

Juli 1. Still, skodde, regn fyrst på dagen, seinare SV-gråe, ausregn. Innesitjar-arbeid. 2. Sudaust-kjøla, yvertjukk med klårhol. Hemnestur, Trygve. Einar køyr upp matrial. Eg renskar hage. – Klåra upp i kveldtida. Trygve for til Bustnes med merra. 3. 3. sundag. Litt auster-kjøla fm, - sidan still, skodde og småregn. Trygve og merra kom heimatt kl. 4. Anne og eg rodde til Ner-Straumen til radiopreike hoss Josefine, sidan åt Nils Johansen i Hagen. Trygve åt Aksel Førnes seinkvelds, på planing. 4. Still, skodde, yr-regn fm, sidan uppklårande – fullklår mot kveld. Nepetynding. 5. Sudaust-gråe, klår med tunne rek-skyar. Trygve og Einar for til fjells med ”Hagfors” og ”Stubben”- i lag med fleir av grannane. + 19º R em. 6. Sudaust-gråe, skoddhimel – etter nondag tok de smått til å dripla og regna. Eg handhyppa tatesdrillane mine fm. Slått og silofylling em. 7. Sudleg kjøla, skodde og regn. Framhald med siloen og slut em med vel 6 tonn rågras. Brødbakster hoss oss. Em SV gråe og mykje regn. 8. SV, frisk blåstr og regn fm, vestleg, upplettande em, still, halvklår i kveldtida. Neptynding og –rensking. 9. Sudaust-kjøla, klår med ei litt tunn glya, + 22º R. Hemnestur, Anne. Same arbeid heime. 10. 4. sundag. Sud-aust gråe, halvklår, tjukna til utyver dagen – i kveldtida ein regnskur. Utferd til Sjonfjelle, saman med fleire av grannane, vel 20 i alt – med bil og på fotgjeng. Kom heimatt so kl. 7. 11. Yvertjukk med klårhol, frisk blåstr av aust. Tjukna veldig yver i kveldøkta og byrja regna sterkt. 12. Klår i morgonstunda, sudaust-kjøla, varm – drog sidan smått yver, i kveldøkta heilt yvertjukk med svære vindskyar – kveldstid klårholutt. Trygve rodde til Hemnes i otta, innkalla i ligningsnemda. Kom att med dampen, i lag med jordstyreformann Sæther, gav seg på ettersynstur utigjennom.. Anne reiste til Mo med lokalen, i lag med Betzy Jamtjord. – Eg saga skuleved em. 13. SV og regn. Um kveld’n turr, still, yvertjukk. Flatbrødbakst hoss Inga – Lise Utland og Anne Ryland leigde. Trygve kom heim framåt midnatt, roande. 14. Still, yvertjukk med klårhol, seinare sud-aust gråe. Eg lappa sko, renska sidan ugras. Det same gjorde Trygve, Einar og merra. Anne og Betzy kom med dampen framåt midnatt, eg var i møte med dei. 15. Still, yvertjukk, regndripl. Trygve og Einar sette upp stillas på fjøsbygninga, skal vøla um take – eg slo unda og sette upp hesja. 16. Still, yvertjukk med klårhol, uppklårande på em. Dei byrja stella på take, eg heldt fram med slått og hesjing. 17. 5. sundag. Klår til å byrja med, + 21º R. Drog upp mot kveld til torgong og floing. Anne og eg for til kyrkja, fylgde Sten, som skyssa barselslag for Svein Førnes. (Barne vart døypt Willy). 18. Ausregn i morgonstunda, tok so av og vart eit fint dus framyver middag, sidan litt småsildr. Eg og Trygve rodde til Hemnes og henta litt papp åt fjøstake. Lars Gjesbakken kom hit for å styra arbeide med papptekkjinga. 19 Still, yvertjukk – uppklårande – i kveldøkta heilt klår. Tekkjar-arbeide går fram. 20. Klår, still fyrst på dagen, seinare vestleg gråe, sistpå sør-floingar, men berre litt dripl. Fjøstake vart ferdig og Lars gjekk heim. 21. Eg er 67 år. Vestleg gråe, turr skodde. upprydding etter tekkjinga. I kveldøkta slått – med både ljå og maskin. 22. Har regna i natt, letta upp, med vester-gråe utyver dagen, fullklår um kveld, + 19º R um nondag. Trygve køyrde til falle med smør fm. Elles slått og hesjing. 23. Klår, still, varm, + 22º R nondag – kom seinare med ein liten torfloing. Slo og hesja. 24. 6. sundag. Still, varm, halvklår, litt regndripl i kveldinga. 25. Still, halvklår, nokre regndropar kring middag, + 22º R. Same arbeid. 26. Klår med tunne skylurvor, tjukna smått yver ut-etter dagen. Tates- og kålhypping fm, ljåslått i ”Ratadalen” em. Køyrde um kvelden inn fyrste turrhøye, eit sle-lass. 27. Ein sterk regnskur i natt-morgest – i morgonstunda still, turr skodde i fjella, uppklårande – varm som fyrr – ved kveldtid svære toreskyar i sud. Slått og hesjing på Rabben og i Inderdalen. 28. Ausregn, so de braka, frå midnatt framyver til morgons – sidan upplettande, sudleg kjøla, i kveldtida mest klår. Hesja resten på Rabben, byrja slå ovanfor Berge (Solbakken). Innkøyrt 3 lass hesjehøy. 29. Olsok. Halvklår, sterk drått av sud – nokre regndropar so kl. 8, blåste so upp av vest, frisk gråe og letta upp, + 15º R og fin høytørk. Innkøyrd 5 lass turrhøy. 30. Sudaust-kjøla, klår med tunne rok-skyar, drått av sud. Hemnestur, Trygve. Hesjing i Steinbakken. 7 lass turrhøy. 31. 7. sundag. Frisk vestavind, skodde, heite solglytt. Anne og eg var gangande til Nyvoll, eg, i lag med Tommås, innetter fjelle i den stokne veglina, til enden av vegbrote.

August 1. Sudleg kjøla, regn – på em SV, litt dus mellom regn-elingan. Skrapslått i Steinbakken og Témmerberge. 2. SV og regn, ruskver. Slått i Øverbakken (maskinen brakk), slo de av til kvelds. Rensking i kjellaren fm. 3. Kongen er 66 år. Kuling av NV, turr skodde. Hesjing på Øverbakken Etter nondag høykøyring. 10 lass. 4. Regn i natt og morgonstunda, sidan vestavind, upplettande til halvklår, tjukna til att seint på kveld. Hesja resten, raka so skraphøye i seter. 5. SV og regn. Em litt turrare. Slått i Øverenge. 6. Still, yrvæta fm, turr em og litt upp-letten. Hemnestur, Einar. Slo av Øverenge – og dermed alt – i kveldøkta. 7. 8. sundag. Sud-aust gråe, halvklår, varm. Raka sete i Øverenge um kvelden. 8. Same ver pålag, stundum noko regnlik, so vi hadde otte for å våga setene. Køyrde inn 8 lass hesjehøy. 9. Same ver i morgon-økta, kom so med havgøla, var skiftande klår og skyutt, + 19º R. Mot kveld nokso mykje skodde uti Sjongape og Vestfjella. Tok inn skraphøye, rekna til 4 lass. 10. Klår med små rekskyar, sudaust-gråe, + 19º R. Trygve for til Hemnes i heradstyremøte, kom heimatt kl. 14-15. Einar slo grønfor og hesja på nylande. 11. Halvklår, frisk havgøla, + 18º R. Reiv upp fjøstele på vestsida, for umvøla. Høykøyring em, 8 lass. 12. SV-gråe, sid råskodde, som letta på fm, klåra heilt av, med frisk VNV, + 16º R. Fjøs-arbeid. 13. Klår, austleg i morgonstunda, seinare frisk havgøla, lette rekskyar, + 18º R. Hemnestur, Anne og Dagmar. Normann Nyvoll, Dagmar sin bror, kom på vitjing, gjekk herifrå heim til Nyvoll. 14. 9. sundag. Vestleg gråe, yvertjukk. Anne og eg ferdast åt Kåtaenge – rodde åt Témmerberge, gjekk gjennom marka. Høyrde i Radio preika av bisp Normann i Kjøllefjord kyrkja, som har stade i 200 år og høgtida dette. 15. Vestavind, halvklår, tjukna til mot kveld att. Dei arbeid i fjøse – køyrde dertil inn 2 høylass. Eg hespa upp hesjestreng. 16. Sterk regnskur i natt – i dag vestleg gråe, yvertjukk med klårhol, ein og annan regnskvett. Same arbeid. (Fjøsarbeide lyt stoppa upp for vyrkjesløysa). 17. Sudaust-kjøla, yvertjukk og klårholutt, nokre regndropar imillom. Dei byrja riva upp røter på Témmerberge. 18. Still fyrst på dagen, ein sterk regnskur på fm, sidan klårglytt. På em frisk gråe, skoddhimel, turr – uppklårande til fullklår um kveld. 19. Sterk VNV og regn fm, gjekk til VNV på em, spakare, turrare. Nylandsarbeid. Eg byrja måla under kjøkenlofte. 20. Spak vestleg og regn fm, friskare VNV em. Klårholutt, turr. Same arbeid. 21. 10. sundag. Vester-gråe, regn, med fine klårglytt. Anne og eg i Radio hoss Hans i Botne, høyrde domprost Reidar Kobro, Stavanger. 22. Vester-gråe, yvertjukk, litt regndripl no og då. Byrja skjera bygg. 23. Still, ausregn til i kveldinga, då de vart litt el-dus. Laut slutta med skurden, eg heldt fram med målinga. 24. Barsok. Still, sid skodde fyrst, letta av på fm og vart fullklår med sudaust-kjøla. Heldt fram med åkerskurden og stauring. 25. Same ver, same arbeid – vart ferdig, kring 100 staur iallt. Trygve for burt-yver Rana den 22. (på ”bureisings-teljing”), kom att no i midnattstida, hadde sykla fjorden rundt. 26. Same ver, med litt rekskyar frå sud, + 17º R. Einar og ”Gro” til Falle med smør fm. Køyrde inn 2 lass grønfor. hespa sidan upp streng og skar sist ut nokre grantre i Grindberge. 27. Yvertjukk, still fyrst, byrja sidan blåsa av nord-aust og kom med regn, som vara dagen ut. Hemnestur, Trygve – heradstyre. 28. 11. sundag. SV og regn. 29. Sudaust-kjøla, uppklårande, + 14º R. Trygve og Einar for åt Straumsnes med temmer, som Magnus skjer til fjøs-tel. Kom heimatt med farmen burtåt midnatt. 30. Halvklår, sudaust-kjøla, varm (+ 18º R), nokre regndropar av og til. Trygve i Nerstraumen på planing. 31. Halvklår, frisk nord-aust, nokre regndropar. Lufta full av røyk, lukta tora. – Trygve umkring gardane på ”teljing”. Heime fjøsvask.

September 1. Austavind, noko spakare, litt regndripl, toreluktande røykdimma. Trygve åt Utskarpen. Heime fréhøyslått. 2. NV, skodde fyrst, sidan still og mykje regn. Stauring av fréhøye. Trygve kom heim i middagstida. 3. Umlaupande vind, sudaust – sudvest – nordvest, still imillom, røykskodde. Hemnestur, eg og Trygve. 4. 12. sundag. Vestavind, regn og skodda, med glytt imillom. Trygve for avgarde tidleg, saman med Olav Straumfors åt Skogfrudalen, for å sjå åt oksane. Kom heimatt kl. 22, har funne alt vel. – [Albert Straumfors død.] 5. Still, skodde og regn i morgonstunda, sidan uppklårande, fullklår um kveld. Håslått og silofylling. 6. Klår, sudaust-kjøla. Same arbeid. Køyrde staur, kring ein 50, i kveldøkta. 7. Same ver. Frampå em kom’n med havgøla. Lagt full siloen og steina’n ned. Eg gjekk på skuleved-kløyving fm, slutta til middag. 8. Vere som i går. Slått og sylting til nondags, då bar de til å slakta kalvar – Rølin og Brenngo’ – med Edvin til meister. 9. Same ver til framåt middag, då drog de yver av SV og kom i kveldøkta med litt regndripl. Eg for til Mo med slakte og litt kål og rips, fylgde Martin Nymo – Per på Eide var ogso med. Heime fyllde dei og let att siste siloen. 10. Spak SV og regn – kula på framyver dagen. Hemnestur, Trygve. Eg på skulevedhogst. 11. 13. sundag. SV og regn, uver mest å kalla. Albert Straumfors død. 12. Same ver, men spak og med fine el-dus. 13. Still, regn, litt snø i høgste fjellom. Letta upp til halvklår frametter dagen, i kveldtida nordvest-gråe og drått. Trygve strauk åt Utskarpen på planing. 14. NV til V vind, sterke regn-elingar, snø lenger nedi fjellom. Trygve kom heimatt nondagstida. Vi baka flatbrød. 15. Halvklår, still fyrst, utyver dagen NV-elingar med regndripl, snøen minka i fjellom. Trygve og Einar for til fjells etter oksane, kom heimatt kl. 21, alt vel. 16. Same ver, men seig burti SV og meir regn, då de leid til kvelds. Trygve rodde burt imorgest, i ”embetd ærend”. Eg tek upp tates. 17. Same ver, morgonstund og [..] ei stund på fm halvklår og turr. Flatbrødbaking hoss oss. Trygve kom heim med Hemnesfolke. 18. 14. sundag. Still, regnfusk. Fekk heim mesteparten av sauene, nemleg dei 2 eldste sauene og deira 4 lamm. 19. Still, klår, rimfrost – blåis på Botnfjord’n. Vi stelte åt sauene i sumarfjøse, tok upp tates, tok inn resten av byggstauren i kveldøkta. Albert Straumfors gravferd. Trygve for til Brattland på planing. 20. Klår, sudaust-gråe, stiltest og tjukna yver på em. Tateslandarbeid. Sauene sprang på skogen. 21. Har regna litt i natt, still, halvklår i morgonstunda, seinare auster-gråe, rekskyar. Tatestaking. 22. Yvertjukk, still – byrja regna smått so kl. 8, auka på frametter dagen, med tett, sid skodde. Same arbeid. 23. Haustjamdøger. Same ver, tok elles til å letta upp og klåra heilt av til kvelds. Trygve kom heim med dampen i natt-morgest. Same arbeid. 24. Still, klår, mild – eit nydelegt ver. Hemnestur, Dagmar. Dei fekk upp resten av tates’n – eg har att ein liten lapp i ”Solbakken”. 25. 15. sundag. Sudaust-kjøla, klår, litt røykmoa frammed fjellom. Anne og eg rodde til Førnese og Utlande.26. Yvertjukk, frisk sunnavind, upplettande fm, tjukna til em av sud-vest, litt regndripl seinkvelds. Pløgde voll på Rabben (byrja den 24 i kveldøkta). Eina grev grøft. Eg vann åt tates’n til nondags – og har fått: Grå 31 byttor, mandel 24, svenske 6, kvit 5 – iallt 66 – forutan ei tunne småtates og utskot. 27. Still, skodde og regn, på em ogso SV og noko ruskutt. Pløgde ferdig på Rabben. 28. Gråhimel i morgonstunda, seinare regnfusk, still, skodde. Trygve for til Hemnes i heradstyremøte –fylgde Martin Nymo.. Einar grev veit uppi ”gjutenn”. Trygve kom heim burtåt kl. 22, roande åt elva. 29. Mikkjelsmess. Halvklår, auster-kjøla i morgonstunda, uppklårande, til fullklår ved kveld. Henta sauene heim or fjelle. Nylandsarbeid i Témmerberg-gjut’n. 30. Still, tjukk, sid skodde, kom sidan med auster-kjøla, letta skodda men himelen grå. - Eg gjekk til Falle med smør. Elles same arbeid.

Oktober 1. Still, yvertjukk med klårhol. Hemnestur, Inga. 2. 16. sundag. Klår, sudaust-gråe, tjukna noko upp mot kveld. De var preike på ungdomshuse på Falle og jordfesting på Stomm-ekra – Anne var der. 3. Sud-aust bris, skoddhimel. Nep-hausting. 4. Sud-aust, passelig kuling, yvertjukk og sterk blå-svart – litt klårholutt kring middag. Nepkøyring og rauking. 5. Same ver. Nyland-arbeid. (Sau-gjeting kvar dag). 6. Same ver – litt klårare i middagstida. Still, yvertjukk um kveld. Same arbeid. 7. Litt regnskyutt i natt-morgest, still, skoddutt framtil middag, klåra heilt av mot kveld og kjølde lufta. Same arbeid. 8. Still, mest fullklår i morgonstunda, tjukna sidan yver med sudaust-kjøla og litt regndripl no og då. Einar og Dagmar for til Hemnesmarkna’n. Trygve reiste med dampen i kveld til Sandnessjøen. 9. 17. sundag. Sudaust, frisk, yvertjukk, fauk-elingar. Halvklår alrasist på kveld. 10. Yvertjukk, sud-aust storm. Einar i nylande. Trygve kom att frampå em – frå Utskarpen. Stormen vart orkanaktig um middag og der framyver – rokskyar jamhøge med Furuhaugen – spaktest i kveldtida. 11. Still, skoddhimel. Nylandspløgjing herheime. Hans i Botn var her og køyrde i beite. – Byrja regna litt i skyminga. Flutta kyrne åt heimfjøse. 12. Trygve 32 år. Regn-elingar, sudvest-gråe. Kålhausting. Presten preika på skulen kl. 16, vi var der både gamalt- og ungfolke. – Ausregn sist på kveld. 13. Still, regndripl, uppklårande i kveldstunda, mest fullklår sistpå. 14. ”Vet’næt”. Klår, austleg gråe, litt kjøleg. Trygve på ”hovslagerkurs” på Falle. Einar på nylande, eg ein tur på fisking i går og ein i dag – de gjekk kjekt. 15. Still, skoddhimel, litt fauka i fjella. Trygve på ”kurs” i dag og har merra med, skal få ho skodd av fagmann. – Klåra upp på em til fullklår seinkvelds. ”Bjora” kalva – svartsida ku. 16. 18. sundag. Still, lett yverskya, blåisfale på Botnfjorden. Einar slutta tjenesta og for heim igårkveld. Trygve kom heim på morgonsida, dei hadde halde fest tilslut. 17. Same ver. Trygve på nylande, eg i gardtutl heime. 18. Still, smått regnfusk. Same arbeid. 19. Mest same ver – litt kvitt i fjelltoppa. Hemnestur, eg, yver Eide med Bjerklibåten. 20. Regndripl alrafyrst, letta sidan upp, til halvklår, fin sudleg kjøla. Mot kveld litt kjøleg, NV drått. 21. Still, litt regndripl, men turr for-so-mest. 22. Same ver fm, ausregn ei stund em, seinkvelds eit glytt, mest halvklår. Hemnestur, Trygve og Dagmar. 23. 19. sundag. Still, klår med skydottar fram-rand. – 10-års ”sanitetsfest” på ”huse” – Anne er der. Dagmar slutta og for heim. – Eg fekk brev frå Gudrun-frenka. – Yjukna yver mot kveld. 24. Still, smått regn. 25. Same ver. 26. Like-eins. 27. Still, sid skodde i morgonstunda, letta seinare upp, men heldt seg grå heile dagen – litt regndripl tidleg på em. Trygve tok sykkelen og for inn-yver fjelle til Ytter’n, der de skal vera ”kurs” fleire stader kring i bygdom. 28. Still, skodde fyrst, sidan upplettande, til mest fullklår ved kveld. 29. Yvertjukk, still, turr – klåra av til kvelds att. 30. 20. sundag. Still, klår, rim og blåis – kom frampå fm med sudaust-gråe [som] sopa blåisen i hop. – Hanna Gjesbakk kom, skal vera eit bil. 31. Still, yvertjukk – på em sudleg gråe og regndripl.

November 1. Helgamess. I morgonstunda mest klår, fraus litt blåis på fm, men byrja snart å blåsa av sud-aust og sopa isen vekk. Tjukna smått yver, og kl. 17 kom de ein sterk regnskur. ”Saniteten” hadde møte her, de møtte 20 framande kvende. 2. Litt regn i morgonstunda, sudaust-gråe frametter dagen og upplettande, mest klår sistpå kveld. Eg moka meir mold på neperaukene. 3. Still, klår, nattkald. Straumen hudheil åt Bollaskjere. Vi slakta verlamman våre (”Villa” sine), Edvin var meister. 4. Bededag. Still, grå himel – byrja falla snøfjun frampå fm, auka på framyver em, la ned no’ slikt som 10 cm snø. 5. Still, smått sklettfjun. Flutte sauene heim og sette deim i fjøsdøra. 6. Helgamess-sundag. Mest same ver. 7. Like-eins – ei stund på em frisk sud-aust, som sopa isen i hop. 8. Yvertjukk med klårhol, still, kjøleg, blåisfale – em litt austleg gråe, som heldt reint. 9. Still, røykutt himel, har snøfjuna litt i natt. Kom tidleg på fm med ei øgjeleg tjukk kovbøgja, byrja laga surpa på sjøen, men blåste i middagstida upp av vest og gjorde reint att. Sist på dagen still, sklettfjun. Eg var roande på Eide etter ein mais-sekk. Sidan hogg eg bjerk uppi bakkane. 10. Still, regn. 11. Still, røykutt himel fm, seinare skletta og regn. Trygve kom heim – frå Utskarpen. 12. Regn i morgonstunda, sidan turr, yvertjukk, auster-gråe – mot kveld eit lite klårglytt. Litt isfale øvst her på Botnfjord’n. Hemnestur, eg, frå Medstraumsjøen med Sten. 13. 22. sundag. Still, yvertjukk, sudleg drått, léver. Fylkesagronom Breirem kom hit seint på kveld (frå Utskarpen). 14. Regn, nokso mykje, still, letta upp litt em, og heldt upp å regna. Trygve for i lag med Breirem åt Straumdalen – han kom hit att um kvelden. Brev frå Lars. 15. Still, regn-elingar frå VNV. Breirem for herifrå i middagstida – åt Utskarpen. Isen er heilt vekke, snøen renn smått av. 16. Vester-gråe, regn-elingar, snø i høgste fjella. Trygve roande til Eide med spinnegods. 17. Still, yvertjukk, mest turr – letta upp mot kveld, sistpå mest klår, med sterke nordlys. Eg på skulevedhogst. Trygve ror både på Botnsaga og til Eide. Snøen burte på alt undlende. 18. Still, klår, nattkald, hudheil blåis på Botnfjorden. Tjukna yver i lysinga og fall litt snøfjun frametter dagen. Trygve slakta 2 lam. 19. Same ver pålag, lédna upp frametter dagen – blåisfale på Straumen. Hemnestur, unda Lia – vi køyrde rundt med slakte. 20. 23. sundag. Halvklår, nattkald, is yver de heile, dya frys, de blir hålke i vegane. Dronning Maud død i London. 21. Still, kjøleg, mest klår, is og tele styrknar. Trygve vel upp tates i kjellaren. – Tek til å tjukna upp av sud og blåsa litt av den mot kveld. 22. Halvklår, sud-aust frisk fyrst på dagen – sopa isen i hop. Eg på skulevedhogst. Trygve i kjellaren. 23. Like-eins, men spakare. Trygve ror og hentar flis frå Botnsaga. – sist på kveld litt sklettfjun, som kvita marka. 24. Klår, still, Straumen islagt, jorda teler. ”Sanitetsmøte” på Nyvoll, Anne er der. Seinkvelds tjukna de upp av sud. Brev til Lars. 25. Lagt ein snøduns i natt, burtåt 10 cm. Kom i lysinga med regn og heldt dagen ut med de, meir og minder – med litt sudleg vind. Trygve i skogen på kvistkasing. Eg på skulevedhogst. ”Bergthora” kalva i natt – svartsidutt ku. – 7 år sidan eg lemstra handa mi på låven. 26. Yvertjukk med klårhol fyrst, skodde framtil middag, klåra sidan heilt av, undateke ei lita skyrand i sud, som tok til å auka sist på kveld., samstundes som de byrja blåsa litt av aust. Hemnestur, Trygve – unda Lia. Anne var i Botne i myrkninga og høyrde i radio landgonga i Oslo med like hennar Dronning Maud. (Fødselsdagen hennar.) 27. 1. adventsundag. Yvertjukk, frisk sud-aust, regn – spaktest og stilltest til kvelds. 28. Still, klår med skyrand i sud, - fårleg hålke på vegane. Seinare yvertjukk, sudleg vind og regndripl. Is berre på Botnfjord’n, ope inn-um. Edvin var her og slakta eine grisen hans Trygve (purka). 29. Klåra upp på morgonsida, kjølde lufta, klår og still heile dagen. Såg sola i Finneidskare, når eg gjekk på Øverbakken. Trgve og Inga reiste til Mo med gris-slakte, dei rodde herifrå til Eide, fylgde Sjåvikmotoren derifrå. Kom roande til Medstraumsjøen att, då var de attfrose. 30. Still, klår med ein skymur (?) yver Rostafjelle og Gjeitvikfjelle. Målaren så vidt ned-um 0º. De svell upp både her og der. Eg drog heim bjerk frå Øverenge. Trygve for åt Utskarpen på planing – kom heimatt so kl. 19. – Tjukna yver, seint på kveld.

Desember 1. Yvertjukk, sudaust-gråe, léver. Hanna slutta tenesta og for heim. Trygve i skogen em. Eg tutlar heime. 2. Same ver. Isen ligg og rek millom landa. Eg gjekk rundt åt Eide, og dermed gjekk de meste av dagen. 3. Same ver. Fram mot myrkninga klåra’n mest heilt av og blåste litt av aust – men seinkvelds tjukna de snøgt yver att og kom med skletta. 4. 2. sundag i advent. Still, regn, berrmark og hålke. 5. Yvertjukk, turr, sudaust-gråe. ”Bjora” laupa, Hagfors. 6. Mest like-eins – med litt snøfjun i høgste fkella fm. Trygve køyrande til Eide i myrkninga. – Klåra heilt upp sist på kveld. 7. Klår, auster-gråe, eitpar kuldegrader, lande i eit glitr av hålke. 8. Yvertjukk, ein snø-eling i lysinga, som kvita marka og laga blindhålke. Seinare regndripl, i kveldinga turr, auster-gråe. Anne og eg i radio i Botne hoss Hans, høyrde likferda hennar dronning Maud. 9. Yvertjukk, sudaust-gråe. Trygve gjekk til Falle med smør. – Em regnfusk og dermed atter berrmark og hålke. 10. Same ver – meir turr, då de leid på dagen. 11. 3. sundag i advent. Still, yvertjukk, sudleg drått. Roandes med floa her frammed isen – Botn-karane for ned-um med nybåtar. Trygve rodde til Hemnes, han skal ein tur åt Mosjøen. 12. Still, yvertjukk med klårhol – klåra upp mot kveld, med nordaust-blistring. 13. Still, klår, målaren på + 2º R – tjukna uver ut-etter dagen. 14. Halvklår, sudaust-gråe, uppklårande. Hemnestur, eg, frå Eide med Bjerklibåten. – Klår sist på kveld, nordaust-kjøla. 15. Still, lett yverskya. – Trygve for iveg, rundt Botne, skulde no til Hemnes i heradstyremøte – kom att kl. 23. – I kveldtida halvklår. 16. Still, klår, litt kaldare enn fyrr, isen fastnar. Botnkarane for yver åt Hagen med nybåtar. På em litt austavind, rekskyar frå sud, - um kvelden sterke, flimrande nordljos yver all himeln. 17. Sudaust-kjøla, yvertjukk, kom frampå fm med litt snøfjun, som heldt dagen ut. Trygve vøla um i fjøsdøra. Eg renskar og stellar um vass-dammen. 18. 4. adventsundag. Still, gråhimel – sporsnø og fårleg blindhålke. Eg gjekk likevel ein tur til Bakken (Petter Jensen). 19. Halvklår, auster-kjøla, uppklårande. Trygve slakta gris og okse (”Stubben”) med Edvin til meister. 20. ”Tommås fyrr jol”. Still, klår og kald – nedpå ÷ 10º R i morgonstunda. Køyrde slakte til Eide em. 21. Klår fyrst med skyrand i sud og vest, frisk nordaust blåstr, tjukna smått yver. Sopa landkallen i hop, so ein kunde rodd hit med floa. ÷ 5º R. Trygve for til Hemnes med slakte, hadde Sjåvikmotoren til skyss – gjekk ’punn Lia på heimturen. 22. Solkverv. Nordaust-kjøla, dunsnø, i kveldinga litt tjukkare. vedhogst og anna heimetutl. 23. ”Tollesmess”. Utnordshengsl, kovfjun. Trygve gjekk til Falle med smør. 24. Jolafta. Same ver - ÷ 1º a ÷ 2º R. 25. Jol, still, klår, nedpå ÷ 10º R. 26. Ann’dag. Klår first, med skybanke uti fjordhole, seinare austavind, ÷ 9º R, vindlurvor dragande frå sud. Eg var gangande til Jamtjord i myrkninga. 27. Tridag. Same ver. Trygve ilag med Georg Hauan for avstad til Jamtjord for å verdsetja umvøla på kraftverke hans Johs. Jamtjord. ÷ 5º R. – ”Idun” kalva kl. 22. 28. Isen sterk heruppe, men dårleg ned-um elva. Anne gjekk til Jamtjord ein tur. 29. Still i morgonstunda, halvklår med dårande fargre gullskyar i sud, ÷ 5º R, blåste sidan upp av sudaust og tjukna yver, men klåra av mot kveld att og kvesste i med kjølda. 30. Sud-aust blistring, halvklår med frisk drått av sud, seinkvelds heilt yvertjukk. I kveldøkta var Anne og eg i jula på Øvringmo. 31. Same ver. Framleis dårlege landkallar, og Ner-isen er ikkje rar.