Dagbok Olav Engen 1937

Fra Wiki
Hopp til: navigasjon, søk

1937

Januar 1. Ein myrk dag, full av regn, vind ogso i elingan, som i går. Rein sjø ned-um Kjeldnese og Elvkjeften. Her på land tek de til å berrkast i bakkebrunane att – men her attmed stova er 20 cm snø. 2. Vestleg kjøla, regnfusk, her-uppe rek isen imillom landi, nedum Kjeldnese isbrot og skravl, til hinder og bægje for farten. Hemnestur, eg, frå Medstraumsjøen. 3. Still, snøfjun, stundum NV-elingar. Sundag e. nyår. Anne og eg gjekk til Jamtjord og Nyvoll og var burte til kvelds. 4. Same ver. Likferd med Iverta Husnes – gjekk med motorskøyta uppåt Elvkjeften, noko brydd av sørpa. Botnfjorden i eit fælt uføre. 5. Same ver. Trygve køyrde rundt til Eide, med og etter spinnegods. 6. Trettandag. NV-elingar med nokso tett kov, de aukar no fort på marka. 7. Nord-vest, øgjeleg tjukt kov i elingan – klårglytt imillom. Vi køyrde i vegen innyver til Medstraum, Trygve for sidan iveg med ”Bergthora” som var tidig, til storoksen hans Per Olsa. 8. Mest same ver, men letta upp ut-yver dagen, klårholutt um kveld. ”Idun” kalva yver middag, hadde vore sjuk mest eit dygn, de var ugreie, so vi laut bodsenda dyrlækjaren, som kom i middagstida og fekk de på rett stell. Der kom ein kvit kvigkalv, litt raud på sidene. 9. Still, regn. Hemnestur, Trygve, frå Eide, med Lamo. Eg køyrde rundt em. i møte med Trygve. 10. 1. sundag e. H-3-K. Still, klår, men mild, berre sovidt kjøleg at isen støna litt og folk tok til å ferdast på han. 11. Like-eins, ÷ 1º - 2º R. Trygve hogg ved i Øverenge. 12. ”Midvinter”. Grå-røykutt himel med litt auster-gråe – tunnast av ut-etter dagen, same kulde pålag. 13. ”Tjugan-dag”. Sud-aust, halvklår. 14. Still, turr, lett snø. (”Bjora” laupa – Medstraum-okse.) 15. Still, klår, ÷ 7º R. Sola glytta i Finneid-skare, ikkje fullt halv uppfyre. Dagljoske strakst etter kl. 7. Folk ferdast på isen heilt åt Førnesodden. 16. Sud-aust, frisk bris, store, myrke vindskyar med klårhol imillom. Hemnestur, Trygve, frå Førnese, med Jens. 17. 2. sundag e. H-3-K. Mest same ver, litt spakare sud-aust, ÷ 1º R. 18. Same ver. Trygve køyr’ heim ved frå Øverenge. 19. Sud-aust bris, tunt skylag, friska seinare på med vinden og samla skyane i flokar med klårhol imillom. Vi hadde flatbrødbaking – Trygve vedhogging. 20. Sud-aust, vindskyar. Vedhogst, både her og der. 21. Nord-aust, sterk, klår med vind-lurvor, ÷ 6º R. 22. Same ver, i ridom sterkare eller spakare, ÷ 4º R. Trygve køyrde til Falle med smør. Anne ein tur til […]. 23. Sterk sud-aust på morgonsida, spaktest i lysinga og vart mest still ei stund med røykutt himel og litt haglfjun. Trygve køyrde ein tur til Eide – rundtum. 24. Sundag septuagesima. Jamngrå himel, litt sud-aust, + 2º R. 25. Still, halvklår, 0º ned til ÷ 1º R. Skoging og vedhogst. – Edvin i Botne fekk ein son. 26. Still, mest fullklår, ÷ 10º R i lysinga, drog på em. yver frå SV. Trygve for til Hemnes tidleg i otta, skulde i ligningsarbeid. 27. Austavind, som kula på ut-etter dagen – skyflokar, med frisk drått av sud. Mest klår, både morgon og kveld. ”Bergthora” laupa uppatt. 28. Austavind, nokso frisk kring middag, stilltest mot kveld. Sky-lurvor frammed fjelli fm., fullklår um kvelden, ÷ 5º R. 29. Austerkjøla, litt friskare på em., mest fullklår, ÷ 4º R. 30. Same ver. Hemnestur, eg, frå Førnese. Trygve kom heim, etter gjort arbeid. 31. Sundag seksagesima. Klår, still, ÷ 15º R. Anne for åt Hauan i ”Bondekvinnelage”. ”Studiering” her. – 48 cm snø.

Februar 1. Still, klår, ÷ 15º - 16º R i lysimga, ÷ 12º R i myrkninga. Vedhogging. 2. Kyndesmess. Same ver, ÷ 13º - 14º R. 3 Like-eins. 4. Halvklår, ÷ 13º R – ei rid på em. heilt yvertjukk, mot kveld klårholutt att. 5. Litt ”frosthare” i natt, i lysinga ÷ 8º R, sidan på dagen ÷ 5º - i kveld fullklår og still. 6. Still, klår, ÷ 16º R. Hemnestur, Trygve. 7. Fastelags-sundag. Still, røykutt himel og ”frosthare” fyrst på dagen, ÷ 11º R, klåra mest heilt uppatt mot kveld. Eg var ein tur til Tverrbekklia. 8. Still, gråhimel og frosthare, ÷ 8º R. ”Sanitet” på Jamtjord (nordgard), Anne er der. 9. Same ver, ÷ 6º R. Eg byrja køyra ved heim frå Vinberbakken. 10. Sud-aust um natta og fm., sidan still – yvertjukk, ÷ 4º R. Eg har same arbeid. Trygve steller til trøskings. 11. Austavind, sterk, halvklår i morgonstunda, klåra sidan upp, ÷ 5º R. Trygve køyrde åt Botne etter trøskmaskin og motor, Lars Martin var med hit og montera. 12. Still, klår og kald, ÷ 12º R fyre solovringa. Trøsking, med Martin og Else Nymo og Ragna Utland til hjelp. 13. Still, klår, ÷ 14º R. Trygve køyrde motoren til Nymoen og henta dryftaren hit att – stelte so til dryftings på køyrbrua. 14. 1. sundag i fasta. Still, klår fyrst på dagen, ÷ 10º R. Tok framåt middag til å blåsa litt av aust og samstundest å tjukna yver av vest og lédna upp. 30 cm snø. I kl. 16-tida tok de til å snø litt. 15. Still, litt snø på fm., sidan halvklår, ÷ 2º R. Vi dryfta kornavlinga, 370 kg bygg, mest inkje lettkorn. 16. Still, kov-elingar, stundum nokso tjukk, på em. noko lettare. 0º, upptil + 2º og vasshagl. Trygve var køyrande rundt til Eide. 17. Spakenn utnordshengsl, kovmøra., 0º. Eg køyrde ved frå skogen, Trygve dryfta grasfrø. 18. Still, yvertjukk, men letta upp framyver dagen og vart ingen snø, men fullklar i kveldinga, ÷ 5º R, 64 cm snø. Trygve køyrde inn gulrot or kula. 19. Still, klår i nord-aust, elles yvertjukk i morgonstunda, blåste sidan upp ein frisk nord-aust med snøfok og klåra upp, ÷ 2º um middag. 20. Same ver. 21. 2. sundag i fasta. Noko spakare, halvklår – same kulde. Eg var på skulen i ”Ring”-møte (barneavholdslage), høyrde ”radio”-preike frå Johanneskyrkja i Stavanger – ein missionspreike. 22. ”Peters stol”. Vere umlag like-eins – friskare vind enn i går. Eg hogg ved på skulen. 23. Vere noko likt, men spakare, sistpå heilt still og kaldare. Eg i same arbeid. 24. Still, klår, ÷ 12º R i lysinga. Trygve for til Hemnes med Bjerkli-motoren frå Eide. – Tok kring middag til å draga upp skylurvor av sud, men skifta mot kveld um til nord og klåra upp att. Eg tutlar heime. 25. Still, skoddhimel, ”frosthare”, ÷ 4º R. Eg i same gjerd – Trygve burte. 26. Still, klår i morgonstunda, ÷ 12º R, sidan rek-skyar frå sud, i kveldinga litt blaff frå nord-aust. Trygve kom heim i natt, hadde vore ein tur på Mo, sidan i heradstyre på Hemnes. 27. Nord-aust-blaff, røykgrå himel, ÷ 4º R, stigande til ÷ 1º. 28. 3. sundag i fasta. Yvertjukk med klårhol, nord-aust blistring, 0º - ÷ 1º. ”Sanitet” på skulen, Inga er der. Anne ein tur til Jamtjord.

Mars 1. Sudaust, ei og anna droga, gråhimel, ÷ 2º - 3º R. 56 cm snø. ”Barbro” laupa. 2. Still, léver, snøfjun. Eg på skule-vedhogst båe desse dagane. 3. Same ver, + 2º - 3º R – inkje snø. 4. Same ver fm., littnord-aust em., klåra upp. 5. Still, klår, ÷ 9º R i lysinga. Trygve på Falle med smør. 6. Still, klår, ÷ 14º R. 7. Medfaste-sundag. Skyrand i aust og sud i morgonstunda, spreidde seg seinare som lett dimme yver all himeln. ÷ 15º R. Anne gjekk utigjennom åt Rølia ein tur. 8. Still, klår – mot kveld litt sudaust-kjøla, ÷ 7º R, stigande. 9. Sud-aust, nokso frisk, litt skyutt, ÷ 4º R. Klår i kveldtida. 10. Klår, ill-kald austavind og fok, ÷ 10º R, stilltest mot kveld. 11. Klår, ÷ 14º R med’ sama de var ljost, sidan austavind med små, tunne skyfillor. 12. Gregersmess. Røykutt himel, kaldbisk austavind, ÷ 10º R, klåra upp em. og spaktest, men kula i mot kveld att. 13. Frisk nord-aust og snøfok, lurvskyar, ÷ 8º R. 14. Vårfrumess-sundag. Mest same ver, ÷ 7º R. Spaktest på em., stilt i kveldtida. Eg ferdast åt Kåtenge. 15. Halvklår, still, ÷ 10º R, drått av sud. Leid på dagen tjukna’n yver og vart ei lita snørid, steig til + 2º R. 16. Still, yvertjukk, 0º i lysinga, + 4º R strakst yver middag. 40 cm snø. ”Bergthora” laupa upp-att – Hans-oksen. 17. Austavind, yvertjukk, litt snøfjun no og då, + 3º - 5º R. Trygve for til Hemnes, frå Eide med Bjerklibåt’n, hadde litt gulrot med. Vi vaska upp kjøken. 18. Same ver, men utan snøfjun – klåra upp sist på kveld. 19. Still, klår, ÷ 5º R i lysinga. Trygve køyrde korn, kålrot og gulrot åt Førnese. Vi baka flatbrød. 20. Auster-kjøla, klår med litt glya. Hemnestur, Trygve, frå Førnese. 21. Vår-jamdøger, Palmsundag. Auster-kjøla, ÷ 3º R i lysinga, stigande til + 5º R på em. Yvertjukk med små klårglytt fm., sidan jamngrå. Anne for åt Straumsnes på missjonsmøte. – Fram mot kveld kula’n på, med nokre snøfillor. 22. Auster-kjøla, lettskyutt, + 5º R, fullklår i kveldtida. Nepekøyring – siste kula tømt. 23. Still, klår, ÷ 7º R i lysinga, steig til + 4º på em. – Litt tjukna i vest um kveldtid., drog heilt yver nokso fort. 24. Still, yvertjukk med klårhol, drått frå NtV, litt snøflistr (utnordshengsl). 25. Vårfrumess, Skirtorsdag. Still, halvklår i morgonstunda, klåra heilt upp ut-etter dagen. Sterk skare. Eg gjekk til kyrkje – Sjona kapell – Anne gjekk til Eide og lydde i radio. 26. Langfredag. Still, klår, ÷ 6º R. Anne gjekk til Jamtjord, ”Frelsarheren” på ”huse” kl. 16. 27. I otta still, kjøla, + 9º. Tjukna sidan yver av vest, kjøla litt av sud-aust og sud, litt snøfjun på em. og léver. 28. Påskedag. Yvertjukk, kov i fjelli, frampå em. ogso her nede – ei stund litt blistring av sud-aust til sud – nokso illt. Anne og eg gjekk til Eide (til Johannes) og lydde i radio på biskop Sunde sin avskilspreike i Vår Frelsars kyrkje i Oslo. 29. Annandag. Lars 59 år. Spakenn utnordshengsl og frosthare. ”Bygdemøte” på ”huse” em., Trygve var der. 30. Same ver i morgonstunda, sidan SV med kov, mot kveld regn, bra sterk i elingan. 31. SV og regn. 57 cm snø. Gudrun Hauan kom og skal vera hoss ungfolkje.

April 1. Still, yvertjukk, léver – klåra og kjøla lufta mot kveld. 2. Still, klår, ÷ 2º i morgonstunda. Anne og eg køyrde til Falle med smør – gjesta hoss Jakob-Angell o.fl., kom heimatt kl. 19. 3. Som i går i morgonstunda, drog sidan upp glya i vest og sud. Hemnestur, Anne og Trygve. 4. 1. sundag e. påske. Still, lettskyutt, sovidt under 0º i morgonstunda, steig sidan og tjukna yver. Anne og eg gjekk til Nyvoll – Inga og Trygve var fyre oss ein tur innpå veglina og til nybygget hans Eiliv – dit kom eg og, sidan. 5. Ver som igårkveld. Trygve køyrer møkkr upp-yver på ”Teien”. 6. Same ver, same arbeid. 7. Lettskyutt, léver, klåra heilt upp mot kveld. Trygve og eg i skogen, felde gran, trødde skogveg. 8. Still, klår, ÷ 2º tidlegst, fint skaraføre. Trygve køyr heim témmer fm., sidan på hogst. Anne og eg iveg med ”Idun”, som laupa med uksen hans Sigurd. 9. Like-eins morgo og fm., skyast yver og lédna upp em. med litt sud-aust kjøla. Skogsarbeid, køyring – Trygve køyrde dessutan ein tur til Eide i middagstida – rundt-um, for isen er ’kje lenger farande åt Langnesbukta. 10. Lettskyutt, ikkje mykje nattkald, men då litt påfrosen – litt sudaust-blistring seinar på da’n. Trygve i skogen, køyrde og hogg. Hemnestur, eg. 11. 2. sundag e. påske. Lettskyutt, nordaust-kjøla. Landkallane tek til å bli skrøpelege, nedpunn Lia er’n mest all, og isen berre skum. Arthur i Botne har likevel rendt i land i Langnesbukta i dag fm. – på morgonskaren. 12. Same ver. Skogarbeid – i Øverenge. 13. Same ver pålag. Litt meir nattkald, vårskare. Same arbeid. Eg bar inn fyrste sædtatesen. 14. Sumarmål. Same ver. Landkallane forgår. Roande i går frå Medstraumen ned-yver. Same arbeid. 15.Klår, still, nattkald, men tjukna yver og lédna upp på em. med litt sudaust-gråe. Skoghogst og køyring. Eg ber inn meir sædtates – skjøljar og vel upp. Isen nedum Elvkjeften er upptærd å kalla – øverisen knakk av i kveld millom oss og Hagaberge. D’er flekkjebert her kring husa og upp-gjennom bakkane. Burt på flata er 21 cm snø. 16. Yvertjukk, sudaust-gråe. Témmerkøyring frå Øverenge, nedpå Laberge – resten. 17. Nordaust-kjøla, halvklår, snøbrede. Hemnestur, Trygve – frå Medstraumsjøen – han skulde fara vidare, uppi Elsfjord’n, på eit bygdemøte. 18. 3. sundag e. påske. Halvklår, sudleg, + 10º R. Fram i kveld-økta blistring av aust og nord-aust. Isen landlaus mest allstader, flata her heime berrkast fort. Eg møtte i barnelage. 19. Halvklår, nordaust-gråe. Eg køyrde grankvist frå Øverenge. Trygve kom so kl. 17, roande til Medstraumsjøen. Seinare, då sjøen flødde upp, rodde han frammed leira hit heim, med sédtates og malder(?). 20. Aust og sud-aust gråe, yvertjukk med klårhol. Trygve byrjar velja upp sédtates. Sakrina med røykjeskinka. 21. Frisk sud-aust, store vindskyar i fart yver himeln. I kveldtida mest klår. Trygve tok inn resten av sédtates’n. 22. Still, halvklår, drått av sud. Ei stund på em. vind av nord-aust til nord. Isen rek landemillom - um kvelden rek han ned-um, den falen som var att av av inder-isbrote. Trygve reiv skurveden av skôte, fram-veggen. 23. Halvklår, sudaust-gråe, siste isbrote rak nedigjennom på em. Trygve m.fl. for til Hemnes etter kunstgjødsl, leigde Førnesmotoren – kom att strakst etter middag. Byrja sida å lekta upp skôtveggen. 24. Skoddhimel, NV-kjøla, regndripl no og då. Heldt fram med arbeide på skôte. 25. 4. sundag e. påske. Som i går, men turr, han berre regna litt i natt. Fest på ”huse” – ”Heim” er 25 år gl. Anne og eg var der. – Mot kveld reiv’n skodda av og klåra upp. 26. Halvklår, vester-gråe fm., uppklarande em. Arbeid med skôte. D’er berrmark no på all dyrkajorda vår. 27. Klår, nordaust-gråe. Trygve bordkled på skôte. Vi bakar flatbrød. 28. Anne 65 år. Skoddhimel, vestavind, mot kveld litt fauka. Trygve sår kunstgjødsl (byrja elles i går). Eg bredde møkkrvogna. 29. VtN spak gråe, regn, ei stund nokso mykje – mot kveld litt turrare. Arbeid inne i skôte (dørhole). Presten kom til Medstraum og preika på skulestova kl. 17 – eg var der, likeins Inga og Trygve. 30. Same ver. Vi rulla ned témmer og gjorde sloga og rodde åt Botn-saga - 15 stokk, smått og stort. – Gudrun slutta her og gjekk heim.

Mai 1. SV og regn fyrst – kantra frampå fm til VNV, auka til kuling, med hagl-elingar. Trygve arbeid med skôtdøre, eg med golve i kjøkensvalen. 2. 5. sundag e. påske. Vestleg vindgråe, tett regn. Dagmar Nyvoll kom, skal tena her. 3. Krossmess. Mest still, ausregn fm, sidan turr, skoddhimel. ”Sibylla” lamma, tvillingar, sau og ver. Vi rodde meir témmer på saga og skurdlast derifrå. 4. Still, skodde yverallt i morgonstunda, letta sidan med sudaust-kjøla og vart riktig blankver. Trygve førde av saga, både med morgo- og kveldfloa. Elles stelte vi i hagen. – Brev frå Lars. 5. Klår, sudaust-gråe, varm. Tjærebreding, hagestell, utjamning etter nepedungane. 6. Heilagtorsdag. Vestleg kjøla, regn – klåra av mot kveld. 7. Still, klår, nattkald, blåisfale på Straumen – seinare på dagen nordaust-gråe. Trygve, i lag med Georg Hauan, til Hemnes i heradstyremøte, roande herifrå – kom heimatt so kl. 20. Kaldversglya sist på kveld. Eg heldt fram med jamning på nep-åkren. Prøvesådde kålrotfré. 8. Still, kjøleg-klår i morgonstunda, frå kl. 10 frisk havgøla. Hemnestur, Anne – med Jens Førnes. Trygve harva. Eg fullførde jamninga, stelte meir i hagen. 9. 6. sundag e. påske. Klår, varm, sudaust-kjøla. Sauene ute fyrste gong. 10. Same ver. Møkkrkøyring og harving – Steinbakken. 11. Vestleg kjøla, skodde. Same arbeid. Eg har litt vondt for å arbeida, etter eit glett-steg og ein støyt for bryste i kjellarluka – igårmorgest. 12. Frisk havgøla, kjøleg, skodde. Vi vaska upp stova. Trygve same arbeid. 13. Same ver. Møkra og harva ferdig i Steinbakken. Eg tok sidan til å spa upp hagen min uppfor berge. 14. Same ver, med eit og anna klårglytt. Trygve køyrde til Falle med smør, sådde sidan salpeter. Vi vaska upp kjøken fm, sidan heldt eg fram med spainga, som eg vart ferdig med, møkkra og harva sidan. 15. Klår, havgøla. Sauene låg på skogen i natt. Trygve sådde bygg og grasfrø i Steinbakken, mylda ned og rulla yver. Eg møkkra litt meir på hageflekkjen, byrja drilla upp og planta ei rand med svensktates. Sauene er burte i kveld og. 16. Kvitsundag. Same ver. 17. Annandag, fridomsdag. Still og klår i morgonstunda, tjukna sidan fort yver av sud, med’ de blåste ein frisk gråe av aust, som spakna og stilltest strakst yver middag – deretter byrja de regna, fin, mild vår-dripl. Inkje høgtidstell her i høve av dagen. Nokre av ungdomen for til Hemnes – med Førnesmotoren. Eg planta ei seng med erter. 18. Yvertjukk, still i morgonstunda, seinare auster-gråe, regndripl. Trygve køyrde ut møkkr på ”Teien”. Eg planta lauk og sådde gulrotfré. Sauene heime. 19. Spak auster-gråe, yvertjukk lengste tida, ender-å-gong nokre små regndropar. Klåra heilt upp i kveldtida. Trygve for til Hemnes i heradstyremøte – fylgde Sjaavik-motoren – kom heimatt so kl. 16, køyrde sidan møkr. Eg tok utor stakkane i fjøse fm, sette sidan svensktates i Solbakken. Sauene på skogen att. 20. Klår, auster-gråe, + 17º R. Møkrbreiding og pløgjing på ”Teien”, eg heldt fram med tates (mandel) i Solbakken. 21. Små, lette skyar yver himel’n, sudaust-kjøla – upp-åt + 20º R ei stund. Same arbeid – vart ferdig med pløgjinga, like-eins med tates’n i Solbakken. Sidan tok eg til å vøla litt på gjerdane. Trygve køyrde kunstfrau på ”Teien”. 22. Yvertjukk, still fyrst, kjøla sidan frå sud-aust og klåra av. + 16º R. Harving på ”Teien”, kålrotsåing, engrensking. 23. Trieinings-helg. Yvertjukk, frisk vestleg gråe. Kyrkjetur, Trygve, Inga, Arna - med Førnesmotoren, som gjekk med dåpsborn for Edvin Botn og Kr. Utland (dei vart kalla ”Øyvind” og ”Ingrid Ellida”). 24. Yvertjukk, still, klåra upp ut-yver dagen. Nokre regndropar i etter-økta. Harving og uppdrilling, gjerdevøla. Kyrne utslepte på em og sette i sumarfjøse i kveld. 25. ”Almanns plog”. Eg sette tates og stelte med gjerdi . dei planta ut kål, hadde Ane Ryland tilhjelp. Still i morgonstunda, sidan frisk vesta-vind, kjøleg – men turr, turr! 26. Sudaust-gråe, glya på himeln – stiltest og tjukna yver fm, tok på em til å regna smått – ynskjedropar! – som auka på fram mot kveld. Sakrina og Betzy kom hit, laga krinalefsa – steikte i gamall-bakaromnen. Ungfolka sette tates, sådde erter og nepe og gjorde ferdig på ”Teien”. 27. SV og regn. Inga 31 år. Skogplanting (U.L. ”Heim” og skulen skal planta til natt’an – i Botne og på Utlande). Skletta og regna uppå fm, stiltest og letta upp – heilt klår um kveldtid. 28. Yvertjukk med klårhol, kjøleg, frisk NV – klåra av framåt middag. Trygve og Inga planta gran, Anne og eg vaska upp stovelofte. 29. Yvertjukk med klårhol, frisk VNV, uppklårande. – Hemnestur, Trygve. Tjukk utmed have seinkvelds. 30. 1. sundag e. trieining. Still, skodde, tett regn. Fest – ”hestfest” – på Falle. Trygve var der og heldt fyredrag. 31. SV, spak, skodde og regn, stundum noko stridt fm, - minder på em. Kyrne, som hittil har vore stengt i Øverenge, vart sloppen i utmarka.

Juni 1. Still, skodde, regn-elingar. Veitgraving, jordbryting. 2. Yvertjukk, med ender-å klårglytt, kjøleg nordvest-blåstr, litt fauka. Same arbeid – dertil brødbaking hoss oss fm. 3. NV-blåstr, turr skodde – em aldri-so-lite fauka og ikkje fritt for snø i fjella. Veitgraving og fylling. 4. Spak vestleg gråe, yvertjukk med faukedropar fm., uppklårande em. Same arbeid. 5. Klår, still i morgonstunda. Hemnestur, Dagmar. Em sudaust-gråe, drog upp glya frå sud. Same arbeid. 6. 2, sundag. Still, skodde og regn. ”Sanitetsfest” på ”huse”, Anne er der, Inga, Trygve og Arna like-eins. 7. Same ver – men turr og klårholutt ei stund fyrr og etter middag. Trygve slakta ”Goliat”, Edvin er meister. 8. Spak SV og regn fm, sudleg, uppklårande em. 9. Still med glya yver himel’n og tjukk ølmoa i fjelli. Trygve for til Hemnes i lag med Hans i Botne og Edv. Jamtjord, alle med okseslakt – dei leigde Jens Førnes til å skyssa. Der kom ein hard ”frøning” so kl. 14, som spurdest havari og ulukker etter, men stilltest like fort og vart regn. Dei her folka kom vel heimatt kl. 15, Trygve kom heim kl. 20 med ein annan båt til Eide, hadde fenge vérmora, Anna Dverseth, med, ho hadde kome med dampen til Hemnes. Aksel Dilkestad kom i kveld-økta og tok ein dyrkingsplan. 10. Still, halvklår, frisk SV-drått fyrst på dagen, sidan yvertjukk, regn-elingar framtil nons, sidan mest turr. Veitfylling. 11. SV og regn natt og fm, sidan mest turr. Trygve til Falle med smør fm, sidan veitfylling. 12. Kuling av VtN, regn og drev i elingan med rôkglan. Veitfylling, jordbryting – eg hyppa erter og rota i tatesdrillane her i ”Solbakken”. 13. 3. sundag. Yvertjukk i morgonstunda, kjøleg, vester-gråe, upplettande til halvklår em. Kyrkjetur –med Jens Førnes – Anna Dverseth, Inga og eg. Biskop Berggrav preika, han har no gjort siste visitas-runde fyrr han fer frå Hålogaland til Oslo, der han no er sett til bisp. 14. Klår, sudaust-kjøla fm, havgøla em, still i kveldtida med litt glya. Braut upp og jamna resten på nybrote uppi bakken, køyrde sidan hakka i tateslande på ”Teien”, eg renska ugras av gulrot- og laukdrillane mine sist på kveld. 15. Litt gråe av vest, yvertjukk, litt regndripl. Nepelandsrensking (handhakking), møkrkøyring og harving på nylande. 16. Vestleg gråe, skodde og adskilleg regn framyver middag, sidan turr, mot kveld ogso still. For til Hemnes, Anne, eg og Trygve (frå Straumen med Sjåvikbåten), han for å vera på Andersen-auksjonen, vi to for å gå på kyrkjegarden med Inger-Dortea Seljehamar, som døydde den 11. 17. Still, yvertjukk, turr fm å rekna, sidan litt regndripl. Trygve sådde bygg i nylande, mylda ned og rulla – eg vølte um gjerde på Lia. 18. Halvklår, frisk sud-aust fyrst på dagen, + 18º R, stiltest sidan og tjukna yver, mot kveld litt regn. Rensking og køyrehakking i kål- og nep-åker. 19. Still, yvertjukk, + 16º R, uppklårande i kveldtida. Køyring i nepåkren – ymis umvøla. Trygve for i kveldøkta til Hemnes – med Nymogluntan – etter ein kasse grisungar – 4 st. – som dei kom attmed – han var reist med bilferja til Elsfjord. 20. 4. sundag. Klår, frisk havgøla, + 20º. Anne og eg ein vitjetur åt Tverrbekklia. 21. Solkverv, yvertjukk og ein regn-eling i morgonstunda, letta upp på fm, - sidan turr-glya og sudaust-svala, + 22º R. Trygve kom so kl 18, frå Mo med slaktar H. Hansen, som kom og tinga eit kalvslakt hoss honom. Trygve har kjøpt ei merr i Elsfjord. – Eg vølte på stovebrua. 22. Klår med siglande småskyar, frisk sud-aust, + 22º R. I kveldinga ein liten duskregn. Slakta største okskalven – Edvin gjorde de – etter nonsbil. 23. Jonsok-aftan. Halvklår, ein liten kuling av sud-aust, noko ujamn. Trygve strauk avgarde i morgonstunda, skulde til Seljelia etter merra. Kvinnorne byrja tynna nepe, eg kålrot H. Hansen, som i millom har vore uti Sjona, kom her kring middag og henta slakte. Eg hyppa ”olsoktates’n” tilslutt. 24. Jonsok. Sudaust-kjøla, yvertjukk, litt fauka i elingan, på em gråe av VNV. + 14º R. Nepetynning. Anna Dverseth reiste um kvelden. 25. Sudaust-gråe fyrst på dagen, seinare vestleg, yvertjukk, ein og annan regn-eling. + 16º R. Nepetynning – ferdig til nons. Litt fyrr kom Trygve heim - rundtur um Nordrana – med ei gråskimla, fin og statleg merr, ho kosta 65 kr. 26. SV og regn, nokso ruskutt. Trygve køyrer heim ved-skrot og høgg sund, eg lappar sko. 27. Konfirmasjon, 5. sundag. Olav 1 år. SV og regn, uver mest å kalla. Anne og eg for til Utlande ein tur, utpå em. 28. Same ver de meste av dagen, helst ut-i VNV, kjøleg, snø i fjella i natt. Eg var i telefonen og gjorde handel med H. Hansen på oksen (”Brede”). Sidan skolapping. Trygve for åt Straumen med merra. – Letta upp mot kveld og vart mest klår. 29. Vester-gråe, yvertjukk, litt fauka. Renska i kål- og nepland. 30. Havgøla, nokso frisk ei stund – yvertjukk med klårhol. Hansen kom, ”Brede” vart slakta. Hansen med fylgje yvernatta her.

Juli 1. Vester-gråe, halvklår – uppklårande. Nepelandrensking, tatesland- og kålhypping. Hansen reiste med slakte kl. 6 – betala 260 kr. 2. Klår med rekskyar, sudaust-gråe. Neplandrensking. – Kongen for fram-um Hemnes på reis til Bodøy, mange her frå grenda for iveg for å nytta høve til å få sjå han. 3. Klår, sudaust-gråe – i kveldinga havgøla. Hemnestur, Anne og Trygve. Køyring i nep-lande i kveldøkta. 4. 6. sundag. Klår, varm + 20º R, nordvest-gråe, som friska på ut-etter dagen og svala lufta. Presten kom og heldt jordfesting og høgmess-preika – vi var alle der. 5. Klår med godversglya, sudaust-gråe fm, + 22º R, litt svaling av havgøla um kveld. Byrja slå i hagen og nærmast ikring. 6. Same ver pålag, kom litt tidlegare med havgøla. Flatbrødbaking hoss ungfolka. Eg raka og hengde på hesja. 7. Same ver. Slått i Ratadalen og Inderdalen. 8. Same ver, gruveleg heitt, + 26º R. Nordavind og skodde i vestfjelli seinkvelds. Seteraking, eit hamardrøgje turrhøy. 9. Nordavind, skodde – på em nokre regndropar, elles turr. Hesja på Rabben, kasta sete og raka deim i hop att – fekk ein turrhøydott og. 10. Skoddehimel å byrja med, klåra ut-etter fm og vart varm som fyrr. 4 lass turrhøy. 11. 7. sundag. Klår, litt havgøla, som svala litt. Anne og eg gjorde fjelltur til Nordenglia i lag med fleire. 12. Same ver. Maskinslått, seteraking. Imillom neplandrensking og tateshypping. 13. Same ver. Sudaust-gråe. Seteturk, byrja hesja noko av går-slåtten. Fekk inn 6 lass turrhøy. 14. Same ver. Skrapslått, hesjing, seteraking, - Eg byrja vøla på stovetroppa. 15. Same ver. Maskinslått i Lamyra – avslått ned-um Berge, undateke ein teig i ”Tørvenn”, skal vera fré-lo. + 20º i middagstida. 16. Same ver. Trygve køyrde til Falle med smør. Randslått i Steinbakken. 5½ lass turrhøy. 17. Same ver - sudaust og solskin – til i kveldøkta, då de drog yver med skodde og vinden kantra til vest, ein heil blistring og litt fauka. Lamyra raka i sete, 1 lass turrhøy. Hemnestur, Trygve. Fru Olga Bjoner kom hit um nondag, skyssa av Ola Landeng (Røli), heldt fyredrag på ”huse” kl. 9-10 og vart so skyssa vidare til Mo – Trygve var med. 18. 8. sundag. Frisk NV bris, skodda og fauka fyrst på dagen, + 13º R. På em klårholutt, turr. Anne ein tur til Hauan og Gjesbakken. 19. Halvklår, sudaust-kjøla, stundum nokso regnlik, men heldt då turt heile dagen. 14 lass høy. 20. Margit Vassause. Som i går fm, tjukna upp i middagstida og kom med ein kraftig tor-floing. Slo i Steinbakken med både ljå og maskin. + 20º R. 21. Eg er 66 år. – Still i morgonstunda, eitpar regnskurar, - sidan sudaust-gråe, uppklårande – på em heilt klår. Slo resten av maskinslåtten, byrja hesja uppi bakken. 22. Klår, sudaust-kjøla, rekskyar, tjukna til p em., syntest regn og der burti fjella, men kjendest inkje her. Seteraking i Steinbakken, hesjing på Øverbakken. 23. Halvklår, aldri-so-lite regndripl i morgonstunda. På em ogso floingar burti fjella, men nådde ikkje hit. 3 lass turrhøy. Trygve tok til å setja upp ei løda attmed køyrebrua. 24. Same vergjerd som i går. Hemnestur, Anne og Dagmar. Hesja resten på Øverbakken. 25. 9. sundag, Jakob Våthatt. Klår med glya og ølmoa, sudaust-kjøla, + 23º R. Um kvelden torgong, men mest inkje regndropar her. 26. Som i går, til framåt nondag, då de byrja tora, og umkring kl. 17 fekk vi ein kraftig regnskur. Køyrde inn ei hesja, 4 lass, fekk litt vått i siste lasse. Slo elles på Témmerberge fm, byrja i Øverenge i kveldøkta. 27. Sju sovarar. Klår med ”skystolpar” eller floingar i sud-aust – still, kokheit. Kom i middagstida med havgøla, som kjølde av litt – mot kveld seig de myrkbakke inn-yver. Slo i Øverenge, fekk 2 sle-lass turrhøy og raka ei mengd seter. 28. VNV blistring, skoddhimel, + 15º R. Slo av til middags, både engslåtta og ein grønforlapp her-uppi berge, hesja sidan upp grønfore, tok inn eit lass set-høy frå Øverenge. 29. Gl Olsok. Yvertjukk, vestleg kjøla fyrst, sidan friskare havgøla, uppklårande til fullklår em. Tok inn 6 slé-lass hesjehøy og to do. skrothøy frå Øverenge. 30. Yvertjukk, still i morgonstunda, sidan havgøla, uppklårande. Fekk inn resten av høye, 4 slé-lass. Iallt 38½ vognlass og 15 slé-lass. Trygve køyrde grankvist heim frå Øverenge i kveldøkta. 31. Klår, sud-aust gråe fm, havgøla em, + 20º R. Vøla (glaskjetting) på vindauga.

August 1. 10. sundag. Vestavind, yvertjukk, har vore ein regnskvett i natt. Gjekk tur på Medstraumlia, Anne og eg. 2. Halvklår, still fm, havgøla em. + 19º R. Skar bygg. 3. Kong Håkon 65 år. Ny Olsok. Klår, sudaust-kjøla, tunne, små rekskyar. Framhald med byggskurd og stauring – ferdig til kvelds. 4. Halvklår, still i morgonstunda, seinare frisk nordavind, nokre regndropar i middagstunda, ved kveldtid klår att. Flatbrødbaking hoss oss. 5. Still, klår med tunne, lette rekskyar. Eg tjærebredde stegann og rullstokken. 6. Likeeins fm. Em nord-vest blistring – ein torfloing burt-yver Sørrana i kveldøkta. Framhald og ferdig med går-arbeide. 7. Klår, sudaust-kjøla – etter nondag litt havgøla, tjukna upp i sud og skvatt nokre regndropar ogso her. Hemnestur, Inga og Trygve. 8. 11. sundag. Myrkbakke, still i morgonstunda, sidan ein og annan vindgufs av vest og VNV og litt regndripl – ein gild skur so kl. 20. ”Saniteten” hadde utflukt åt Altermarken, eg vart med deim og vandra yver Straumdalsfjelle, kom att med bil um Storaltern – Bustneslia – Bjerkli – heim kl. halv 23. 9. SV og regn. Slår fréhøye i sjøbakken. 10. Yvertjukk, vind frå VtN med rokglan. Trygve staurar fré-åkren. Em rodde eg ut og drog kokfisk – fyrste gong på 2 år. Laut elles slutta snart, då vinden gjekk til NV og vart sterk. 11. Still i morgonstunda, yvertjukk, SV-drått – seinare nordaust-kjøla, uppklårande. Anne og eg på sjøen – og i Førnese. Fiskje til kokri. 12. Klår, still fm, havgøla em. Trygve til Hemnes i heradstyremøte, roande – heimatt so kl. halv 20. 13. Klår, sudaust-gråe framyver middag, sidan havgøla. Tok inn byggstauren. 14. Klår, auster-kjøla til kl. 19 – so kom havgøla. 15. 12. sundag. Heilt yvertjukk, austleg kuling sist på natt og morgonstund, letta sidan upp – sagteleg drått av nord. Anne gjekk til Bjerklia saman med Petrine i Botne. 16. Klår med rekande skydottar, vind og drått av sud-aust. Trygve byrja riva stomnar på Témmerbergje, med Gunnar Lauvbakk til hjelp. Eg tek ned hesjor. 17. Frisk austavind, turre skybankar, dragande frå sud, med klårglytt imillom. + 19º R. Same arbeid. 18. Ein regnskvett i natt, glya yver himeln, still fm, havgøla em. Same arbeid – dessutan hausta eg erter. 19. Skyutt himel, sudleg drått, meir og minder klårhol, nokre regndropar no og då, mest still, + 21º R. Vi hadde brødbaking fm, elles same arbeid. 20. Still, klår med glya. Trygve køyrde åt Utskarpen med smør. 21. Klår fyrst – og still – med skodd-dottar, som smått auka og drog heilt yver mot kveld, med frisk NV blistring. Hemnestur, eg og Trygve. 22. 13. sundag. Skoddhimel fyrst med aldri-so-fint regndripl, men skein snart snart av og vart klår og litt havgøla. Anne og eg ferdast åt Gjesbakken – åt ho Lisabeth. 28. Klår med skyar i sud og vest og litt tunn glya elles yver himelen, still fm, frisk NV em, torfloingar sør-yver, nådde ogso hit seinast på kvelden. Arbeid med fyrebuing åt silo-onna. 24. Barsok. Skoddhimel, still fm, havgøla, uppklårande em. Håslått, silofylling – Ludv. Nymo tilhjelp. 25. Klår, still fyrst på dagen, sidan frisk havgøla, tjukna noko til i kveldtida. Same arbeid, ferdig, tok inn fréstauren. 26. Vestavind, ølmoa. Rotkøyring frå Témmerberge. 27. Mest still, gkya og lette skyar fm, vestavind og skoddhimel sist på dagen. Same arbeid. 28. Yvertjukk, still, litt fin fauka no og då – sette i kveldøkta i med SV og ausregn. Trygve for til Hemnes, skulde reisa til Bodøy og vera der ei stund. 29. 14. sundag. SV og regn – kom seg til å renna i bekkjene, som de ikkje har gjort snart på 2 vikor. Spaktest mot kveld og heldt mest upp å regna. 30. Still, yvertjukk, spak sudvest-drått. Klåra smått upp ut-etter dagen. 31. Klår, sudaust kjøla – på em nordvest-gråe, tjukk i vest og nord. Eg var utmed Botnsaga og batt i hop sloga. Dei tok upp kål m.m., pakka og køyrde fram.

September 1. Klår med lette rekskyar, spak sudaust-gråe. Eg rodde sloga heim med floa, rodde sidan på sjøen og drog småhys-kokri. Gunnar for åt Hemnes med kålvaror. 2. Yvertjukk med klårhol i morgonstunda, tjukna sidan yver, i kveldøkta ei regnrid – frisk nordaust-gråe heile dagen. 3. Yvertjukk, nordaust blistring – spaktest på em, gjekk til sud-aust. Eg var ute og fiska, drog heile 25 småfisk burtmed Hagabergje. 4. Yvertjukk, sudaust-gråe, ein liten regnskvett fm og ein mot kveld. 5. 15. sundag. Regn i natt og morgonstunda, sidan klårholutt, turr, still. Vi var på ”huse” der vart heldt matprøve av eit ”husstellkurs” som er på gong no. 6. Yvertjukk med klårhol, litt regndripl natt og morgon, elles turr vestleg gråe. Eg førde litt bak-skrot frå Botnsaga, køyrde sidan kvist frå Øverenge. 7. Still, tett regn, litt turr kring middag, seinare ausregn med SV. Fjøsvask. 8. Same ver, same arbeid. 9. Yvertjukk, litt regn i morgonstunda, sidan [turr?] til so kl. halv 16, då de tok på å småregna att. Eg byrja ta upp svensktates – dei andre tek upp kål, løk o.l. 10. Regn i natt og imorgest, sid skodde fyrst på fm, still – letta upp framåt middag, klårholutt em. Eg dryfta korn fm, tok upp tates – mandel – em. 11. Nordavind, yvertjukk med klårhol, uppklårande mot kveld. Hemnestur, Inga og eg. 12. 16. sundag. Still, klår, litt rimfrost, men varm middagsleite. Anne og eg gjekk åt Utskarpen. Presten preika der på ungdomshuse og heldt jordfesting på kyrkjegarden. Vi kom heim so kl. 13. Rimfrost – klår, auster-kjøla. Tok upp tates. 14. Frisk nord-aust, rekskyar, nokso tjukk i sud-aust. Tatesonn (eg), veitgraving (Gunnar). Trygve kom heim strakst fyre middag (yver Saltfjelle). 15. Halvklår, frisk nord-aust, uppklårande på em, men til kvelds seig’n atter i hop. Tates-onn yver heile jekta. 16. Frisk nord-aust, yvertjukk, litt regnskvett no og då. Nylandspløgjing på Témmerbergje med Per Forsbakk og hesten tilhjelp. Elles i tateslande. Eg vann åt mitt til kvelds. Avling: 14 byttor svenske, 24 mandel, 55 grå, 2 kvit – iallt 95. 17. Same ver. Eg gjekk til Falle med smør. Elles same arbeid. 18. Same ver – med litt meir regn. Trygve ligg og er ufjelg. Tjenarfolkje står i tateslande. Anne er og ufjelg, men stuklar med de. Trygve drog seg og stod upp att, då de leid på dagen. 19. 17. sundag. SV og regn. 2 sauer –gjeldsauene – fekk vi heim frå Botne, dei var uppe på leiting. 20. Sudvest-gråe, yvertjukk, turr. Dei tek upp tates. 21. Still, yvertjukk med klårhol, spak nordvest-drått. Tates um fm, vart ferdig. Byrja ta upp nepe em, og leggja kål i siloen. 22. Same ver fm, - tok i middagstida til å småregna og blåsa av vest – vart sidan eitpar tette skurar. Tok upp nepe, la i silo. 23. Haust-jamdøger. Vestleg gråe, nokso stride regn-elingar med solglytt imillom. Vart ferdig med nep-haustinga og silo-fyllinga. Eg tok upp gulrot sist på dagen. 24. Same ver – ausregn då de lei framtil nons. Nepe-rauking. 25. Fullt uver av vestavind og regn. Spaktest upp-åt middag og var mest still i kveldtida. Nep-rauking – ferdig. 26. 18. sundag. Still, yvertjukk med klårglytt, litt regnskvett morgon og fm. 27. Halvklår fm, yvertjukk em, nordaust-gråe. Hemnestur, Anne, Trygve og eg, med Martin Nymo. 28. Still, yvertjukk fm, vestavind og ausregn em. Eg var i Botn og stampa fm. Trygve på skyldsetjing på Bjerklia (Sjøplassen). 29. Mikkjelsmess. Same ver – skodde og regn morgon og kveld, for-so-mest turr og still, dagen framyver. Skogkursus med hamntak(?) på Ungdomshuse, der møtte kring 40 mann, medrekna leidarane, som var sveinane åt skogselskapet, skogmeister Asla og son hans og heradskogmeister Johansen. Formann i Skogselskape, O. Benum, møtte og, dessutan skogrådet og bønder heilt frå Helgå i Sjona. Eg var med. 30. Still, regn i morgonstunda, frå kl. 8 turr, yvertjukk med klårhol, litt sudaust-gråe på em. Skogkurse heldt fram og slutta kl. 18.

Oktober 1. Still, halvklår, tjukna meir til mot kveld. Trygve pakka inn kål og førde umbord i Nymobåten. 2. Litt regnfusk og still natt og morgon, sidan uppklårande, nordavind em, i kveldtida still, kjøleg. Hemnestur, Trygve, Dagmar og Gunnar (haustmarknad i går, i dag og måndag). Eg tok upp og rauka kålrot. 3. 19. sundag. Still, halvklår, - tjukna yver mot kveld av sud. Trygve er faren til Korgen i bondelags-ærend. 4. Sudaust-gråe, litt yverskya, tjukk blåbakke i sud-vest. Gunnar pløgjer voll i Steinbakken, byrja den 1. Trygve kom heim –frå Utskarpen – so kl. 18. 5. Regn i natt. I dag SV-gråe, jamngrå himel, turr. Pløgjing i Steinbakken, ferdig tilkvelds. 6. Litt regndripl i natt, still, turr fm, vestleg gråe em, litt fin fauka i kveldinga. Grøfting på ploglande i Steinbakken. 7. Vester-kjøla, yvertjukk, fauk-elingar no og då. Gunnar med merra åt Hesthaugen på nylandbryting. Elles grøft-arbeid. Trygve gjekk til Falle em, der er ”studieleiarkurs”, fest og fyredrag. 8. Yvertjukk og regn, frisk med solglytt imillom. Trygve pakkar kål og gulrot, lagar til førings. Eg ei stund i grøfta, elles med vedhogst og gardtutl. Gunnar og merra burte, som i går. 9. Regna litt i natt, uppklårande i dag, men seig saman i kveld att. Hemnestur, Inga og Trygve, han reiste på ein 3-vekes tur. Gunnar i grøfta. 10. 20. sundag. Utnordskjøla, tett regn – skletta på fm, kvitt langt ned-i fjelli – still og uppklårande i kveldinga. Vi flytte buskapen åt heimfjøse. 11. Same ver, undateke skletta – snøen tina burt i dei lægre fjella. Gunnar i grøfta. Eg på skulevedhogst em. 12. Trygve 31 år. NV-elingar med litt fauka, imillom lange dus med solskin og stilla. Same arbeid. 14. ”Vet’-næt”. Still, jamngrå himel i morgonstunda, sidan uppklårande, men drog yver mot kveld att – frå sud. Gunnar i grøfta – eg grov undan og mura upp steintroppa for skôtdøra. 15. Still, yvertjukk, sudleg drått – på em sudleg vind og noko regn, kula på i kveldinga og frametter natta. Fortfarande arbeid med skôt-troppa. Gunnar renskar på nylande. 16. SV og regn – på em meir yt-leg, med lange el-dus. Hemnestur, eg og Inga. Gunnar saga og hogg ved. Han slutta og for heim i myrkninga. 17. 21. sundag. Styggver, sud-vest og vestvind med snøskletta og regn fm, skaktest sidan og var i myrkninga still, yrvæta. 18. Kula på etter midnatt att av SV og vart ein mon verre – eg minnest mest ikkje so hardt eit ver her - spaktest noko på em og var mest still i kveldtida. Heradstyreval – avrøysting på skulen – Martin Nymo røystingsstyrar. 19. Still, halvklår til frampå em, då blåst’n litt auster-gråe, tjukna yver att og byrja regna i kveldtida. Vi baka flatbrød. 20. Spak vester-gråe, tett regn. Eg bøtte litt på take. 21. Regn i natt, i dag uppklårande, vestavind – tjukna yver mot kveld att. 22. Yvertjukk og fauk-elingar med klårglytt imillom – litt snø i høgfjella. 23. Mest same ver. Hemnestur, Inga. 24. 22. sundag. Auster-kjøla, halvklår. Anne åt Tverrbekklia.ilag med Petrine, på vitjing. 25. Yvertjukk, sudaust-gråe, eit og anna lite solglytt. 26. Mest like-eins, då med eit og anna lite fint regndripl. Vi baka flatbrød. 27. Same ver. Eg køyrde heim grankvist frå Øverenge. 28. SV og regn, litt haglskletta fm, snø i fjella. ”Bjora” kalva seint på kvelden, svartsidutt okse. 29. Still, klår, rimfrost, litt isfale på sjøen. 30. Still, røykutt himel, styrkja på dya, blåis. Hemnestur. Motorbåtane gjekk berre åt Kjeldnese. 31. 23. sundag. Still, yvertjukk, drått av sud, + 5º R. Blåisen ligg her på Botnfjorden, men d’er reint frå elva nedetter. Anne og Jonette Nymo ferdast åt Hesthaugen.

November 1. Helgamess. Still, yvertjukk, frisk sudleg drått, litt smått regn fm. Blåisen vekke. 2. Still, frisk SV-drått, skodde og regn. 3. Same ver, upplettande, um kveld litt auster-kjøla, mest klår himel. Trygve kom heim i myrkninga – frå Hemnes med Bjerklibåten til Eide – har fare upptil Ofoten og Tjellsunde. 4. Yversnødd i natt – stilt og tett regn frametter dagen, tok vekk snøen på låglende. 5. Bededag. Still, skodde, mest turr, men framåt myrkninga litt støvregn. Anne og eg gekk innpå veglina, til Nyvoll. Snøen renn av. 6. SV-kuling og regn – spaktest mot kveld. 7. Hegamess-sundag. Same ver, men toleg spak. Anne og eg var på Eide og høyrde i radio preika av bisp Berggrav. 8. Still, skoddhimel, støvregn. 9. Still, regnfusk i elingan. Eg på skule-vedhogst. – I kveldtida klår, kjøleg. 10. Still, klår, rimfrost, blåisfale. Trygve slakta ”Rauskjegg” – Edvin var meister. Elles nepkøyring inn or rauka. 11. Still, røykutt himel, tjukna fort upp og kom uppåt middag med snø, som heldt ved utyver dagen. ”Sibylla” sjølsprakk med’ samå ho kom utor sumarfjøse imorgest – Eg på skulevedhogst. 12. Still, snø. Trygve køyrde rundt til Eide med spinnegods. 13. Same ver. Hemnestur, Trygve. 14. 25. sundag. Same ver. 32 cm snø. 0º varme. 15. Still, skoddhimel, gråfrost. 16. Like-eins. Uppklårande, kjøleg sist på dagen. (”Villa” laupa.) 17. Still, klår, ÷ 7º R. Trygve gjorde bås åt merra inni fjøse og flytte ho inn or fjøsgangen. 18. Nord-aust, halvklår, ÷ 2º R. 19. Still, halvklår, ÷ 2º R. Ei stund framåt middag meir yvertjukk og litt austavind – klåra mot kveld att. 20. Sud-aust, halvklår, frisk sudleg drått - 0º. Hemnestur, Trygve. 21. 26. (siste) trieining-sundag. Sudaust, yvertjukk. Den nye bispen vår – Sig. Normann – vigjast i dag i Oslo. 22. Still, gråhimel utan nedburd. På skulevedhogst em, vart ferdig. 23. Vere likeeins, med litt kovfjun i middagstida. Emissær Nystad kom frå Utskarpen og heldt andaktsmøte i skulestova etter skuletid, vi var der, Anne og eg. 24. Still, yvertjukk med klårhol, 0º. Trygve henta motor frå Nymoen og montera for trøsking. 25. 6 år sidan ulukka med handa mi. Still, skletta og tung snø. Trøsking her, Kaia tilhjelp, forutan maskinisten. 26. Litt kjølegare, still, snøfjun. Trygve køyrde motoren heim og henta dryftaren – Brev til Lars. Eg for rundt til Eide, skulde møta Sig. Haugen, som talar for avhaldsssaka. Eg var fortidleg ute og møtte han ikkje, han kom fyrst kl. 15, og tala på skulestova langt utetter kvelden. Der vart halvveges skipa eit avhaldslag. 27. ”Fyrste adventsdagen”. Litt vester-gråe, smått regn – seinare frisk drått av nord, upplettande og noko kjøleg mot kveld. Hemnestur, Trygve. 28. 1. advent-sundag. Still, snøfjun, + 1º R. 29. Nord-aust, snøfok, ÷ 1º. 30. Nordavind, ÷ 3º R, mest klår. Hans i Botn rente isen frå Langnesbukta og hit. Trygve køyrde rundt til Eide. Dryfting i går og i dag. Bygghausten 152 kg – på meg 30 kg.

Desember 1. Same ver fyrst på dagen, klåra sidan heilt av. ÷ 7º R, 34 cm snø. 2. Klår, frisk nord-aust, ÷ 10º R. Anne for åt Lise Utland i ”Sanitetsmøte”. Isen er god – heruppe i alfall. Han ligg åt Bustien. 3. Same ver, ÷ 12º R. 4. Still, klår, ÷ 15º R. Tok til å tjukna yver av frostrøyken på Rana mot kveld. 5. 2. advent-sundag. Gråhimel, mest still, ei og anna droga av aust, litt snø-flistr kring middag, ÷ 4º R. Trygve på ”studiemøte” i Botne. 6. Still, yvertjukk med ender-å-lite glytt, 0º. Framåt kveld klåra’n heilt upp og sette i med austavind. Trygve køyrer matrial heim frå sjøen. 7. Klår, nordaust-blistring, ÷ 2º R. Same arbeid. ”Barbro” kalva – raudsidutt ku. 8. Still, klår, ÷ 8º R. Trygve set upp bordskur attmed austre skôtveggjen. Anne gjekk ein tur åt Førnese og tinga båt åt Trygve, som skal i heradstyre imorgo. 9. Klår, litt auster-gråe, ÷ 10º R. Eg og Trygve for heimanfrå kl. 7 åt Førnese, rodde til Hemnes, kom heimatt kl. 23. 10. Austavind, klår fyrr dag, tok sidan til å draga yver frå sud, ÷ 5º R. Inga lagdest på barnseng i otta, eg for iveg og varsla Lise Utland, fekk sidan Steen iveg etter jordmora, som kom burtåt kl. 10. Kl. 11 kom der eit gutebån - - 11. Sud-aust, yvertjukk, ÷ 3º R, litt snøflistr på em. 12. 3. advent-sundag. Same ver fyrst, upplettande på em, til halvklår i kveldtida. Anne og eg var iveg åt Hans i Botne – som nyst har fått radio – og lydde på ny-bispen, som preika fyrstegong i Troms-kyrkja. 13. Sudaust(?)-vind , rett ein uling, yvertjukk, ÷ 3º R. 14. Same ver for-so-mest, ÷ 2º R, upp-letten ei stund kring middag, tjukna til mot kveld att. 15. Still, halvklår, ÷ 3º R, 30 cm snø. Anne for iveg til Eide – rundt-um. Trygve arbeider på matrialskure. 16. Still, klår, ÷ 10º R. Mot kveld drog de yver av nord-aust. 17. Still, klår, ÷ 8º R. Edvin var her og slakta grisen hans Trygve. Um kvelden køyrde vi skrotten åt Førnese. 18. Auster-kjøla, røykutt himel, ÷ 5º R. Hemnestur, Trygve, med slakte. Um kvelden køyrde vi til Eide, yver isen åt Langnesbukta. 19. 4. advent-sundag. Klår, still fm, sidan bris av aust, ÷ 10º R. Trygve køyrande åt Førnese fm. 20. ”Tåmmås fyrr jol”. Still, klår, ned-åt ÷ 15º R. 21. ”Frosthare”, varmemåle stigande, upp-åt 0º em. 22. Solkverv. Still, halvklår, ÷ 3º R, uppklårande em, atter yverdregen um kveld. 23. Tollaksmess. Yvertjukk, still fyrst, sidan sudaust-gråe, em kovmøra. 24. Jolafta. Still,smått kov. Fm var eg iveg til Nyvoll med jolgåvor. ”Bergthora” kalva kl. 22. 25. Jol. Still, regn, + 2º R. Um kvelden ogso SV, som heldt ved framyver natta. 26. Ann’dag. SV og regn, + 4º R. 27. Same ver – sterk. Anna Forsbakk død. 28. Same ver, med el-dus. 29. Vestleg, noko spakare, kov, + 1º R. Trygve for avstad i otta til Hemnes, i lag med Konrad Skogholt, i heradstyre, til formanns- og ordførarval m.m. Han kom heimatt på morgonsida frå Utskarpen. – Hans J. Utskarpen vart ordførar, Bjørnåli varaordførar, O. Evensen 3dje formann. 30. Sill, utnordshengsl, varmemåle yver 0. I kveldinga slo de um i SV og regn. Trygve køyrde til Falle med smør. 31. Klår med skystripor, vestavindkjøla, ÷ 2º R, 10 cm snø. Ved kveldtid mest yverdregen.