Dagbok Olav Engen 1936

Fra Wiki
Hopp til: navigasjon, søk

1936

Januar 1. Nyårsdagen fin-fin, mest klår, urlite auster-kjøla, men ikkje sopass at’n heldt flagda frå stonga. Men marka svell upp, fårleg hålke yverallt. Nils og Margret var her på vitjing em. 2., 3. og 4. Same ver. ”Bjora” laupa den 2. – kvit Botn-okse. Hemnestur, Trygve, den 4. 5. Sundag e. nyår. Snøfjun (frosthare), på em. nokso tett. Joletrefest på ”huse”, ungfolkje for dit. 6. Trettandag. Still, snø. ”Idun” kalva kl. 3 morgon, vart kalla ”Rask”? eller ”Ask”? 7. Still, klår, ÷ 15º - 16º R. 8. Som i går, ÷ 13º R, lédna noko upp mot kveld. Månemyrkja, mest heil (total) so kl. 18-20. 9. Austleg bris, små sky-lurvor dragande frå sud, klåra sidan av, men tjukna til mot kveld. ÷ 7º R. 10. Yvertjukk med klårhol, ei og anna ròsa av sud-aust, léver. Kula seinare på, kjendest ein og annan regndrope i kveldinga. 11. Sud-aust, frisk um morgon, stilltest seinare. Yvertjukk, regn – på em. nokre klårglytt. Hemnestur, Inga. Vedkøyring frå Øverenge. 12. ”Med-vinter”. 1. sundag e. Kr. openberring (Heilag-3-kongar). Still, yvertjukk, litt snøskletta. Em. kuling av vest til nord og kov. Anne var i vitjing på Jamtjord. 13. Tjugand-dag. Halvklår, stundum litt klårare, ÷ 10º R. Um kvelden yvertjukk, snøfjun. 14. Austavind, halvklår, klåra heilt upp på em. ”Sanitetsmøte” på Utlande – ingen herifrå, såg de ulikt, for der var mykje krav på isen. Kulde ÷ 5º R. 15. Still, nokre skodd-dottar fm., sidan klår, ÷ 5º R. Sola synte øverkanten sin i Finneidskare i går. 16. Still, halvklår, kulden pålag like-eins. Vedkøyring frå Øverenge,litt kvar dag. Trygve er ikkje rett fjelg, vore sterkt forkjøld dei to-tri siste vekene. 17. Klår, austavind, ÷ 10º R. Eg på Falle med smør. 18. Austleg kuling, yvertjukk, smått kov-flistr, ÷ 2º R. Hemnestur, Trygve – han var hoss dokteren og fekk vita at høgre lunga var ’kje heilt rein. 19. 2. sundag e. Kr. openberring. Sud-aust, styggsterk i natt, spakare no, yvertjukk med klårhol. Krinsmøte på skulestova, vi var der, eg og Trygve – han er krinsformann. 20. Austavind, frisk, yvertjukk med klårhol, 0º. Midt på dagen var eg køyrande i Førnese etter ein formjølsekk. 21. Same ver, mest klår ei stund midt på dagen, um kvelden yvertjukk att og litt kovfjun. ”Barbro” kalva. 22. Klår med glya, helst i sud, so sola ikkje fekk syna seg berr.. Nord-aust bris. 23. Same ver. 24. Litt kjølegare, elles like-eins. 25. Still, klår fyrst på dagen, 0º, tjukna sidan yver og var i kveldinga kovtjukk. 26. 3. sundag. Snøa litt i natt. I dag auster-kjøla, skoddhimel, gråfrost, ÷ 6º R. 27. Nord-aust , frisk, mest klår, ÷ 7º R. 28. Vind som i går, tjukna smått yver av [?] - ÷ 7º R. 29. Same vind, halvklår, ÷ 4º - 5º R. 30 Still, klår, ÷ 10º R. 31. Still, halvklår, ÷ 7º R, stigande, litt kovflistr i myrkninga.

Februar 1. Still, halvklår, ÷ 2º R. Hemnestur, Trygve. 2. Kynnesmess. 4. sundag. Auster-kjøla, halvklår, 0º. 3. Noko kaldare, ÷ 4º - 5º R, elles same ver. 4. Same ver – drog yver i kveldtida. ”Gusta & Josefine” – Byrja arbeid på Jamtlivegen. 5. Still, rek-elingar med snø-fjun. 6. Same ver, nedpå ÷ 5º R. 7. Still, tett kov til yver middag, då de slo um i SV og regn. 8. Tok av med regne frampå natta, gjekk til vest, sidan NV då de vart ljost, fraus litt på frametter dagen, still mot kveld, litt vass-hagl alrasist. 9. Sundag septuagesima. Ein fin dag, still, klår med småskyar, skeis-is. Her kom fisk-kase frå Hans Ryland. 10. SV og vestleg, tjukt kov og skletta. 11. VNV blistring, halvklår, litt påfrose, fin-fint skiføre. ”Sanitetsmøte” her, 21 frammøtt. Eg var på skulen, byrja hogga ved. 12. Same ver å byrja med, men kantra sidan ymist med vinden, heilt til aust, med kovfjun i elingan. Same arbeid. 13. Klår, ÷ 10º R, still. Gardtutl heime. – ”Bergthora” kalva på morgonsida. 14. Still, frosthare, ÷ 8º R. 15. Still, ÷ 10º - 13º R, klår med frostrøykdottar. Hemnestur, Trygve – fekk formjøle heim frå mølna. 16. Sundag seksagesima. Klår, austleg bris, ÷ 8º R i lysinga. 17. Still, yvertjukk, rimsnø no og då. Var køyrande yver isen kring middag, til Eide etter sildmjøl. 18. Klår med skydottar her og der frammed fjelli, litt austavind på em. Eg var på skulen på vedhogging. 10. Mest same ver – same arbeid. 20. Austavind, ujamn, mest spak, noko skyutt, ÷ 2º R. Trygve køyrde korn åt Førnese på em., 2 sekkjer. 21. Litt dimm og skoddutt i lysinga, frisk nord-aust, klåra av og kvesste i med froste til ÷ 8º - 9º R. Eg køyrde til Falle med smør, kom heimatt kl. 13. 22. ”Varmestein”, still, klår, ÷ 12º R. 23. Fastelagsssundag. Still, klår, ÷ 17º R i lysinga. ”Sør-Rana Bondelag” hadde årsmøte og fest på ”huse”, Anne, eg og Trygve var der. 24. Same ver, ÷ 15º R. . 25. Still, klår med glya kring fjellrandi, ÷ 11º R. 26. Noko skyutt, litt austavind, ÷ 11º R i morgonstunda, ÷ 2º R på em. Eg for til Eide og fylgde Ole Bjerkli til Hemnes, kom heimatt so kl. 17. 27. Still, mest yvertjukk, gråfrost, ÷ 5º R. 28. Mest like-eins, ÷ 6º - 7º R, uppklårande. 29. Still, skyrand frammed fjelli i sud, ÷ 7º - 8º R i morgonstunda, ÷ 4º R em., klåra heilt av mot kveld. Hemnestur, Trygve.

Mars 1. 1. sundag i fasta. Still, gråfrost, ÷ 11º R i lysinga, ÷ 5º R em. 2. Still, turr, lett snø. 3. NV og kov, 0º - ÷ 2º R, klabbføre i middagstida.. ”Sanitet” på Øvringmo, Anne var der. 4. Still, mild, kov-elingar, sudleg kjøla og –drått seinare på dagen. 5. Still, mildare i vere, umlag 0º. 67 cm snø. 6. 100 år frå Far (Jakob Larsen) var fødd. 0º, austavind og fôk. Eg var på skulen på vedhogging. ”Barbro” laupa (Veslegutt). 7. Nord-aust, litt haglsnø. Hemnestur, Inga. Trygve legg loft i skôte. 8. 2. sundag i fasta. Still, sovidt nedum 0º, skyutt, kov-elingar. Trygve for åt Nerstraumen på meieritegning. 9. SV og V vind, kladdsnø, ein regnskvett kring middag. Trygve kom heim so kl. 11. Eg moka av stovetake. 10. VNV og kov. Eg var på Eide etter posten. Nedum Elvkjeften og Kjeldnese er de eit grisutt føre med vindhol og krav. 11. Still, kovmøra – klåra og kjølde lufta mot kveld. 12. Gregesmess. Still, mest klår, ÷ 8º R, stigande til + 2º em. 13. Still, røykutt himel, ÷ 5º R i lysinga, steig seinare til yver 0º og litt snøfjun. 14. Still, lett yverskya, eitpar kuldegrader, seinare mildver, + 3º R, litt vått snøfjun. Hemnestur, Trygve. 15. 3. sundag i fasta. Still i morgonstunda, seinare SV og vestleg vind med kov. Meierimøte på ”huse”. 16. Sud-aust [?] kjøla, kov. 17. Like-eins pålag. Flatbrødbaking. 18. SV til V, kladdsnø. Moka av take. 96 cm snø, + 2º - 3º R. 19. Klår med skydottar kring fjelli, still, upptil + 3º R. 20. Still, røykutt, dunsnø i morgonstunda, klåra sidan av, kjøleg um kvelden. Vårjamdøger. Eg var på skulen på vedhogging. 21. Still, røykhimel. Hemnestur, Anne. 22. Midfatssesundag. Still, reint regn. Tok av med regne på em. og heldt upp tilslut. 23. Still, yvertjukk med klårhol i morgonstunda, blåste sidan upp av aust og klåra av. Eg er på skulevedhogst. 24. Austavind, klår, ÷ 1º R. Anne i Botne på vevrending. 25. Vårfrumess. Bisk nord-aust, fekk kov laust framåt middag og tetna til framyver dagen. Trygve køyrde ein tur til Eide etter sildmjøl. Eg hogg skuleved, var ferdig med de der var. 26. Lett yverskya, nord-aust, har fôke noko i natt, litt spakare no – stiltest heilt kring middag. ”Bergthora” laupa (Veslegutt). 27. Still, yvertjukk, gråfrost – eitpar varmegrader em. 28. Still, kladdsnø og skletta, em. reint regn – seinkvelds uppklårande. 29. Vårfrumess-sundag. Lars er 58 år. Still, klår, aldri-so-lite skjelja på snøen, snøbrede, takdrope. Barneavholdslage hadde utflukt til Nyvoll, Anne og eg var med. (”Idun” laupa – Lauvbakk-okse). 30. Still, lettskya, ÷ 4º R i lysinga, seinare brånande (?) på snøen. (”Idun” og ”Veslegut”). 31. Still, skodde, regn. Emissær Nystad kom frå Utskarpen, heldt tale på skulen kl. 16.

April 1. Still, skletta og kladdsnø. Nystad preika på skulen i dag og til same tid. Anne var der – i går var vi båe der. 2. Nord-vest og kov – då ikkje nett sterk. Trygve til Hemnes i heradstyremøte, heimanfrå vel so kl. 5, heimatt kl. 23. 3. Same ver, dei tjukkaste kov-elingar i heile vinter, kald og bisk, men klabbføre på ski. Trygve og eg var utigjennom med smør – drog på kjelke. 4. Still, halvklår – ei lita kov-rid i skyminga. 5. Palmesundag. Spak nord-vest, kovtjukk, gnerr-kald. 6. Vere pålag de same fm. – upplettande på em. 93 cm snø. 7. Mest plent like-eins med vere – stabbtjukk av kov fm., solglytt em. Vi ”prøvekøyrde” isen i kveldinga, burti Hagahole. Isen er bra, frårekna litt krav, landkallen er dårleg øvst i. 8. Nett like-eins – berre minder med glytt på em. 1 meter snø. Trygve for til Hemnes, kom heimatt so kl. 16½, køyrde i kveldinga – kl. 18-20 – åt Førnese etter malden(?). 9. Skjertorsdag. Ein slump tungsnø i natt, litt klårholutt em., men seig i hop mot kveld att og snødde villigvekk. 10. Langfredag. Våt snø, stundunm mest regn, tidde og rann under torvhalla. 1 m 12 cm snø. Klåra mot kveld. 11. Påskaftan. Still, klår, nattkald, skare. Fyrste smålam – sau. 12. Påskedag. Like-eins- ”Sibylla” lamma tvillingar. 13. Andredag. Litt skyutt fyrst på dagen, ill og bister nordleg vind med smått kovgnister. Klåra upp og stiltest på em. Eg drog åt Førnese i fjæratid fm. med ein halv sekk korn, skal på mølna. Trygve for åt Utskarpen (Solheim) i planleggar-ærend. 14. Sumarmål. Nattkald, klår, skare. Trygve steller med møkkr-vegen. 15. Same ver og føre – blåste på fm. upp av nord-aust med kvite, tunne rek-skyar. Møkkr-køyring. 16. Same ver. ”Sanitet” på Skogholt, Anne var der. 17. Same ver. Tjukna yver på em. Møkkr-køyring framleis. 18. Yvertjukk, austavind, lédna upp frametter dagen – litt kov-gnistr på em. Hemnestur, Trygve. Eg køyrde møkkr. Andre ungsauen hans Trygve lamma – 2 verar. 19. 1. sundag e. påske. Yvertjukk, austavind, léver – regn frampå em. Trygve for ein tur åt Straumdalen og Smålia, kom heimatt so kl. 20. Eg var i avholdsmøte på skulen. ”Villa” lamma tvillingar, sau og ver. 20. Yvertjukk med klårglytt, sud-aust bris, frisk drått, god snøbrede. 80 cm snø. Eg ber inn sædtates. 21. Sud-aust, halvklår, aldri-so-lite styrkja på snøen. Brødbaking hoss ungfolkje. God snøbrede. 22. Mest same ver framyver middag, klåra sidan heilt upp, undateke litt dimma i sud-aust. Trygve ber inn sædtates. 23. Still, klår med tunne, kvite skydottar. Isen er landlaus nedanfor elva. Trygve bar inn resten av sædtates’n – steller elles med hagebenken. 24. Still, klår, skaraføre. Møkkrkøyring. 25. Sudaust-gråe, yvertjukk, ei stund på fm. litt regnfusk. Hemnestur, eg, unda Lia, med Steen – kom attende roande med floa, åt Leirfallmoen. Trygve er illruskjen, trur d’er influensa. 26. 2. sundag etter påske. Still, skodde og regn fyrst ei stund frampå fm., sidan lettare, klårholutt. Trygve ligg for-so-mest. Hulda Straumdal kom og skal vera her. 27. Klår med lette godversskyar, sterk snøbrede. Trygve kjem seg likare – og er smått ute og putlar med einkvart. Eg byrja i skôte med båtarbeid. Birger Straumbotn er her og hjelper meg. Isen knakk for elvkjeften. 28. Anne 64 år. Ner-isen i aur-gape. Øverisen landlaus yver-allt. Still, halvklår, léver, sterk snøbrede, byrjar glytta på berrmarka frammed husveggene. Nerisen gleid nedigjennom i kveldinga. 29. Mest klår, litt kjøleg og påfrosen i morgonstunda, solskin og varme (+ 9º R) sidan på dagen. Trygve for til Eide – rundt, roande med morrafloa - til Hemnes med Bjerklibåten, skal sitja i ligninga. 30. Still, halvklår, léver – snøen brånar.

Mai 1. Vere likeeins som i går. Klåra av og kjølde lufta mot kveld. Vart ferdig med båten. Trygve kom heim um kvelden. 2. Still, klår, blåis. Hemnestur, eg – køyrde nybåten åt Medstraum-aur’n og tok’n med – selt’n for 48 kr. Trygve køyrde møkkr. 3. Krossmess. 3. sundag. Same ver. 4. Litt auster-kjøla, men still for-so-mest, med tunne kvitskyar. Trygve for til Hemnes ilagmed Martin Nymo og Johannes Jamtjord, skal sitja ei seta til i ligninga. – Vi har brødbaking. 5. Klår med rek-skyar, dragande frå sud, frisk bris av aust. Trygve kom heim um morgon kl. 5. – Baking i dag og, hoss oss. 5. Øverisen heilt vekke. De berrkast fort millom husa og nærmast kringum, og liene uppi er mest ålberre, dei og. 6. Still, klår, litt nattkald, blåisfale på sjøen nærmast nedfor. Trygve ryd i Øverenge. Eg ryd til ein båtkjøl, ymist elles med vedrusk og upprensking – sådde kålrotfré i kasse på freist. 7. Same ver. Vedkøyring. 8. Litt røykutt himel fyrst, men klåra upp att. Trygve reiv skurveden av skôte på austsida. Mot kveld litt kjøla av nord. 9. Still, sid skodda i morgonstunda, men klåra snart upp og vart blankver. Hemnestur, Anne – ho fekk høyra Mollestad i radio kl. 11. Trygve spikrar ny skurved på skôte, eg hjelper til so smått. 10. 4. sundag. Klår, auster-kjøla. – Brev frå Lars. 11. Still, klår, rim på marka, blåisfale på sjøen fyre solovringa. Vi arbeid med skôte, ferdig med austveggen, reiv av på vestsida. Anne gjekk til Jamtjorden, åt Sofie, som er 70 år i dag. 12. Rim og blåis, som igårmorgest, byrjar kjøla litt av aust. Trygve med fleire for til Hemnes, leigde Førnesmotoren, henta kunstgjødsl. Eg stelte med å retta upp for skurveden på skôtveggjen. 13. Same ver. Trygve sår ut kunstgjødsl. Eg nådde til å byrja kleda på skôte, bredde elles skiar. 14. Klår, sudaust-kjøla. Trygve byrja harva på ”Teien”. 15. Klår, litt rimfrost, sidan gråe av nord på fm., av aust (?) på em. og gloande varm. 16. Sud-aust og solskin. Harving, sædkornbeising. Hemnestur, Hulda. 17. 5. sundag. Fest på skulen, Anne, Arna og eg var der. Blanksolskin, nordaust-kjøla. 18. Klår, still framtil kl. 17, kom so med frisk havgøla og drog smått yver. Harving, Trygve sådde erter og gulrot. Eg byrja stella med min hage. 19. Yverskya, vester-gråe, smått regn, som auka på frametter dagen. Trygve pløgjer i Lamyra. 20. Yvertjukk med klårhol, nordvest-kjøla, litt regnfusk imillom fyrst på dagen, uppklårande mot kveld. Trygve harvar. Eg spar og møkkrar og harvar hageflekkjen. 21. Himelfartsdag. Frisk nord-vest, yvertjukk med ver-glytt, litt fint regnfusk no og då. Anne og eg for åt Nerstraumen – umforest med Josefine, som kom på vitjing hit. 22. Yvertjukk, nordvest-gråe, kjøleg, klåra upp på em. Møkring og harving. 23. Klår, kjøleg, auster-kjøla i morgonstunda, sidan vester-gråe. Trygve sådde bygg og grasfré, og harva yver. Eg drilla upp og sådde nepe og gulrot og planta løk. – Sauene ute fyrste gong – utanum 2 sjuke lam og mor åt den eine av dei. Dei utslepte vart sett i sumarfjøse til kvelds. 24. 6. sundag. Still og klår alrafyrst, men drog snart yver av nord-vest, med myrkbakke og fauka og kjøleg vindgråe. Ein stutt, sterk regn-eling i 16-tida. 25. ”Ålmanns plog”. Høyrde gauken fyrste gong. Yvertjukk med klårhol fyrst på morgon, tetna til og regna ein skvtt strakst yver middag, klåra sidan heilt av. Trygve køyr møkkr i Steinbakken. Eg sette tri byttor tates (svenske). 26. NV bris, myrkbakke, fauka. Møkkrar og pløgjer i Steinbakken, tek ut stakkar i fjøse. 27. Inga 30 år. Yvertjukk med klårhol, still alrafyrst, men kom snart med nord-vest og fauka. Trygve pløgde og vart ferdig til kvelds. Eg breidde møkkr, renska sidan eng i Øverengje. 28. Klår med siglande skydottar, NV bris, de låg hagl i vegane i morgonstunda og var kaldglåme heile dagen, men sola stakk heitt frami husveggjene i glyttan. Vinden gjekk til nord-aust på em. – Trygve harva. Eg sådde kålrotfré, hogg ved. 29. Klår med små, kvite skydottar, drått frå nord, auster-kjøla. På em. bøgjor med haglflistr. Harva og hakka tates-åkren, drilla upp nokre furor, møkkra sidan kållande (på ”Teien”). 30. Pinslørdag. Sudaust-gråe, men nokso kjøleg, klår med større og minder sky-lurvor med drått frå sud. Vi – Trygve og eg – drillar upp for kålrot og tates, og han sette noko av båe delar på kveldsida. 31. 1. pinsdag. Frisk nord-aust gråe, skoddhimel, litt tunn fauka no og då.

Eg høyrde gauken fyrstegong den 25. Bjerka og lauvskogen idetheile – er bra lauva, men er noko gul av lit. De gror heller ikkje fort – utan i brattlier.

Juni 1. Pins-ann’dag. Auster-gråe, skoddhimel, litt regnskvett, - på em. nokre tette skurar. 2. Slutt med regne. Nordavind, skoddhimel fyrst – klåra upp ut-etter dagen. Sette tates i Steinbakken – dei hadde Else Nymo tilhjelp. 3. Nordleg gråe, halvklår fyrst, drog sidan heilt yver. Trygve møkrar og harvar - på ”Teien”. Eg henta heim – frå Eide – ein pakke skogplantar. 4. NV, yvertjukk, kjøleg, litt tunn fauka no og då. Møkkring og harving på nep-åkren – ”Teien” -. 5. Still, halvklår, vestleg drått, seinare nordvest-gråe, skodde og regn. Vi vaska upp kjøken – og kotte – fm., eg var um kvelden iveg og leita etter sauene, utan resultat – dei har lege ute sidan den 2. Trygve harva ferdigt på ”Teien” og planta kål. 6. Still, skoddhimel, fauka, seinare ogso vestavind. Trygve sådde nepe (turnips), sidan var vi alle ute og planta skog – i Grindberge – Laura Øverland ogso med. Dessutan sko-lapping – eg. 7. Trieinings-sundag, konfirmasjon. Still, skoddhimel fyrst, blåste sidan upp havgøla og klåra upp. Kyrkjetur, Hulda. 8. Halvklår, still, varm på fm., vester-gråe, fauka em. og kveldøkt. Eg rulla åkrane fm., dei andre planta skog. Em. var eg og med å planta. Vi vart ferdig – 1050 gran. 9. Yvertjukk med klårhol, ein og annan regnskvett – litt meir på em. og sudvest(?)-gråe. Vedhogst m.m. 10. Halvklår fm., med frisk drått av sud-aust, litt vindgråe sameleis, nokso varm. Em. tetna de til, kom med SV og adskillig regn. Trygve for til Hemnes – frå Eide med Bjerklimotoren – i heradstyremøte, skulde derfrå til Stor-Bjerka på planlegging. 11. Still, skodde , regn i morgonstunda, klåra so upp og vart heit – sist litt havgøla. Trygve heim – seint. 12. Still, klår med kvite røykskyar, overhendig heitt – byrja tjukna litt til av sud um kvelden. Hemnestur, Anne og eg, med Sjaavik, kyrkjetenest, gravferd yver Kullerud – stor høgtid. Etterpå gjestebod i forsamlingshuse. – I går slepte vi ut kyrne fyrstegong og flutte deim åt sumarfjøse. 13. Regna noko i natt, yvertjukk, ender-å-regnskvett fram-etter dagen, um kvelden SV og torgong. Trygve på Bjerklia på yversyn. 14. 1. sundag e. trieining. SV og regn. ”Sanitetsfest” på ungdomshuse. Anne, eg og Hulda var der. – ”Olskotates’n” byrja koma upp. 15. Halvklår, still, varm – de veks so de høyrast, både åker og eng. Trygve for burt på yversyn – til Brattland og Sandnes. Eg vøler på gjerdi. 16. Sud-aust og solskin – kok-heitt, + 24º R. Tjukna til i sud mot kveld. Trygve kom heim i natt, for avstad i dag att, til Grønlia. 17. Vestavind, skodde, regndripl fyrst på dagen, letta sidan upp og slutta å regna. Trygve var på tur, skulde til Dalosen, men snudde. Eg stelte med gjerdane. 18. Vestavind, skodde, nokso tjukk i fjella på em. Trygve for åt Nordgrønlia – saman med fleire – med ein oksekalv, ”Goliat”. Eg – og Anne – gjette kyrne, som vart slepte gjennom grinda ’punn Litlelia for fyrste gong i år. 19. Har regna i natt – i dag vestavind, yvertjukk – nokre regndropar av og til. Trygve for åt Dalosen på planlegging. Eg hakka tatesland. 20. Vestavind, spak, yvertjukk, seinare på dagen halvklår. Hemnestur, Trygve. Eg vøla um gjerde på Lia. 21. 2. sundag. Solkverv. Klår med tunne rek-skyar, austleg kjøla fm., nord-vest bris em., tjukna yver av SV mot kveld Kyrkjetur, Anne og eg, med Sjåvikmotoren, som skyssa dåps-selskap frå Hesthaugen. 22. Noko skyutt alrafyrst, austleg kjøla, uppklårande. Køyrde hesthakka i kål-, nepe- og tatesland, eg køyrde sidan vedrusk frå Øverenge. 23. Jonsokaftan. Klår med litt tunn glya, noko tjukk djupast i vest – litt vindgråe av vest frå midt på fm. pålag – imillom still og varm. 24. Jonsok. Kjøleg NV-blistring, skoddhimel. Trygve til Hemnes – med Bjerklibåten – og til Brennesvika i emgets-ærend. 25. Same ver fyrst, byrja regna frampå fm., em ogso vind av SV til V. Trygve fyller på kjørbrufoten, eg kleder på skôtveggjen. 26. Ruskver, SV og regn. I natt kom dei to yngste systrinn og bror hennar Inga med dampen frå Mo – dei var komen i går på sykkel yver fjelle. Trygve køyrde smør til Falle fm., slakta oksen, ”Veslegutt”, em., med Edvin til meister. – Um kveld mest uver å kalla. 27. Same ver fyrst, då litt spakare, heldt upp å regna på fm.og letta smått upp frametter dagen. Brev til Lars. Eg tunna ut i kålrothagen min, byrja hyppa ”olsoktates’n”. Hemnestur, Trygve, kom so kl. 11 ein snoptur att med jordmora åt ho Inga, som er fallen i barnseng – ho kom med ein kraftig son ei lita stund yver middag. 28. 3. sundag. Yvertjukk med klårhol, NV blistring. Trygve og Olav Dverseth – svogeren – tok tur utigjennom, på sykkel. – Um kvelden mest rein himmel. 29. NV bris og litt fauka i elingan, millomstunder klårholutt, ender-å-varmt solglytt. Gravferd for Anne Olsdotter Jamtjord, vi var der, Anne og eg. Heime nepetynning. 30. Nord-vest gråe, halvklår, sumetider mest heilklår. Seinkvelds synst’n tjukna til att. Slått og silofylling – leigde Kåre Nymo og Joh’s Øverland. De har i dag vore samla 12 menneskje her – 6 mannfolk, 6 kvinnfolk – med stort og smått.

Juli 1. Klår, sudaust gråe fyrst, men kom alt tidleg på fm. med havgøla, som friska på ut-etter – noko varm elles, + 16º R fyre nondag. Slo utor hagen og breidde – hyppa resten av ”olsoktates’n”. Trygve tetta yver siloen og køyrde stein på’n – tunna sidan ut nepe og gulrot. 2. Sud-aust kjøla, spak, klår, kokande heit, + 19º R – kom fyrst i kveld-ykta med litt havgøla. Seinkvelds still, tjukna upp i vest. Eg kledde vestre skôtveggen ferdig. Trygve renska i neplande. 3. Still, yvertjukk, torgong og flo-regn. Em. turr, klårglytt, litt havgøla. Neplandsrensking. Eg var på skulen og hogg litt skrot-ved. 4. Halvklår, frisk havgøla. Hemnestur, Trygve – og alle tri Dverseth-ane. Tjukna til, sleit ender-å-då i regndropen. I kveldykta regna de sterkt. Fest på ”huse” – ungdomen var der, undateken Olav Dverseth. Eg bar inn høy og renska hage. 5. 4. sundag. Sudaust-kjøla, yvertjukk, litt regnskvett, mot kveld mykje regn. Trygve var ein tur i Tverrbekklia. 6. Vestavind, sterk sume rider, noko regn, litt tunnare em. Skolapping, vedhogst og ymist gardtutl. Dverseth’ane reiste med ”Ranen”, Harald Øvringmo skyssa deim til Hemnes. 7. Same ver. Hage- og neplandrensking. 8. Sud-aust, klår med godversglya, kokande varm. Hand-hakking i neplande. 9. Same ver, + 22º R. Same arbeid – ferdig med hakkinga framtil nons, byrja sidan hyppa tates. 10. Same ver. Hyppa ferdig, køyrde sidan i neplande. 11. Litt skodde yver himelen, som snart skein av og vart like heit som fyrr. Tjukna yver i kveldykta att. Anne og eg reiste til Mo, fylgde Harald Øvringmo som gjekk til Hauknes etter telefon-arbeiderar – derifrå med bil til by’n. Seinare på em. gjekk vi til Hammar’n, der vi hyste. 12. 5. sundag. Yvertjukk, still, eitt og anna lite klårhol. Gjekk frå Hammar’n kl. 14 og nedtil Mo, gjekk rundt der på gjesting til seinkvelds. 13. Har regna i natt, elles same ver som i går, uppklårande mot kveld. Vi reiste frå Mo til Hemnes med ”Ranen”, med motorbåt frå Juvika til Tetmo, gjekk frammed Brennberge til Straumsnes, derfrå båtskyss heim – dit vi kom kl. 22. 14. Sudaust-gråe, godvers-skyar, + 21º R. Byrja slå kringum husa. ”Midtsumar”. 15. Yvertjukk, klårholutt, sudaust-gråe, ender-å liten regnskvett. Slo i ”Ratadalen”, breidde og raka i hop til uppkøyrings. 16. Yvertjukk og mest klår, skiftande, vindblaff frå ymse kantar, kokheit – på em. torfloingar. Slått og hesjing i Sjøbakken (”Tørvenn”). 17. Nordvest, frisk, skodde, nokre faukdropar av og til. Slo og hesja nedst i Lamyra, raka seter i dalen. Mot kveld klåra de upp og stiltest. 18. Skoddhimel, vestleg gråe, uppklårande mot kveld. Hemnestur, eg og Hulda. Slått og hesjing i Lamyra (grønfor). 19. 6. sundag. Yvertjukk, still, ein regnskur uppmot middag, sidan upplettande, klårholutt. Anne og eg var ein tur på kyrkjegarden. Trygve gjekk åt Skogfrudalen, m.fl., kom fyrst heimatt framåt midnatt. + 18º R. 20. Austleg kjøla, smått regn, skodde i fjelli. Grønfor-hesjing. I kveld-økta byrja vi slå på Rabben. 21. Eg er 65 år. Frisk vestavind, skodde, regndripl no og då. Slått på Rabben (og hesja). Mot kveld litt klårholutt. 22. Frisk vestleg vind, yvertjukk fyrst på dagen og fauka med klårhol imillom, klåra sidan upp og vart seteturk – fekk inn fyrste turrhøye, eit hamardrøgje, or ”Ratadalen”. 23. Still, yvertjukk i morgonstunda, seinare sudaust-gråe og varme solglytt. I kveldøkta ein regnfloing med frisk sunnavind. Slått i Inderdalen og Timmerberge – hesjing – seteraking. 24. Halvklår, sudaust-kjøla, + 20º R, ein floing i kveldtida. Slått i ”Solbakken” og uppå Timmerberge. Køyrde inn eitt hesjelass og eitt or Inderdalen. 25. Ein liten regnskvett i morgonstunda, ein floing mot kveld, elles som i går. Hemnestur, Trygve. Innteke 3 vognlass hesjehøy, 3 sledelass småhøy. 26. 7. sundag. Still, yvertjukk, sterk ølmoa – litt regndripl no og då, i kveldtida ausregn. Kyrkjetur, eg og Trygve, roande (henta 2 smågrisar med’sama). 27. Fullt uver, skodde, vestavind og regn. Vedhogst, fjøsvask. 28. Same ver – same arbeid. 29. Olsok, gl. Litt lettare i lufta, halvklår og varm ei stund på fm., men seig snart i hop att og tok til å regna på em. Slått på Øverbakken, byrja setja upp hesja. Herman Hansen på Mo kom hit på ein liten motorbåt i kveldøkta – på grønsak-kjøp – for herifrå til Litl-enge. 30. SV-gråe, småregn. Hesjing. 31. Still, skodde, regn fm., sterk SV, ausregn em., - eit dus mot kveld. Hesja og vart ferdig på Øverbakken.

August 1. Auster-kjøla, mest klår i morgonstunda, men tjukna snart yver att. Hemnestur, Anne – til lækjaren (som ikkje vart um). På em. litt sud-aust kjøla, tok so smått til å regna att. Vi hadde ute dei eldste setene – på Timmerberge – men laut strakst ta deim i hop att. Tok upp nytates. 2. 8. sundag. Sudaust-gråe, yvertjukk med klårhol fyrst på dagen, men seig i hop att og regna smått i kveldtida. Olsok, ny – still, yvertjukk med klårhol – litt austleg gråe kring middag, men tjukna sidan til att og byrja regna kl. 14-15. Fekk inn 3 lass, hesje- og setehøy. Slo sidan i Steinbakken. Frisk, turr austavind i kveldinga. – Kong Håkon 64 år. – 4. Regn i natt – i dag yvertjukk med klårhol. Frampå fm. blåst’n upp av vest til nord, drog smått skodda inn-yver og byrja regna so kl. 16-17. Fekk inn 1 hesjelass – elles hesjing i Steinbakken. – Vi frettar, at Hans Ivarsen - på Falle – døydde i går. 5. Vestleg kjøla, skodde og regn i morgonstunda, seinare ei stund bris av sud-aust og mest turr – mot kveld atter stilt regn. Hesjing i Steinbakken 6. Vestavind og regn. Kalkpuss i fjøse. 7. Same ver. Uppvask på stovelofta. Trygve køyrde til Falle med smør. 8. Still, skodde og regn. Hemnestur, Trygve. – Mest turr frå kl. 10 og til kvelds, so vi fekk køyra inn 9 lass hesjehøy og grønfor. 9. 9. sundag. Still, skodde og regn. Missjonssekretær Wisnes preika på skulen, Anne og eg var der. 10. Same ver. Hespa upp hesjestreng, hogg ved m.m. – Hoss oss flatbrødbaking fm. 11. Still, yvertjukk, regndripl no og då. Frammed-slått øvst i Steinbakken og Grindberg-gjutorne. 12. Halvklår, varm, nokre regndropar i morgonstunda, noko mykje og trugande ei rid frampå fm., men skein då av. 2 lass hesje- og grønfor. Maskinslått i Steinbakken, byrja hesja – slo elles i Temmerberg-gjutorne og byrja på Øverenge. 13. Like-eins med vere. Slo mesteparten av Øvereng-myra, fekk inn 3 lass skoghøy. 14. Klår og varm, frisk havgøla em., ein torfloing gjekk inn etter Rana frampå em. Byrja slå på Sumarfjøsbakken. Fekk inn 7 lass høy iallt. 15. Still, yvertjukk i morgonstunda, klåra sidan upp og blåst’ upp havgøla. Hemnestur, Anne. Slo av på em., 2 turrhøylass. 16. 10. sundag. Still, yvertjukk med klårhol, ein og annan regnskvett – varm, mot kveld torgong i sud og litt vindblaff derifrå med litt tettare regnskurar. Presten heldt jordfesting på kyrkjegarden og preika ved skulen – vi var der alle, so-nær-som Inga og litlglunt’n. 17. Still, skodde, ausregn fm., noko turrare em. Inne-arbeid. 18. Still, sid skodde, har regna i natt, letta upp og vart solskin, so vi kasta ut sete og fekk inn mesteparten – vel eit lass. Raka nokre sete nedpå stranda, siste slåtten. 19. Yvertjukk med klårhol, litt sudaust-kjøla, utrygg, regndripl rett som var. Slakta ”Ask” – Idun-kalven, Edvin var meister. 20. Nord-aust, nokso frisk stundum, regn-elingar, skodde. Tur til Mo – Martin Nymo – med slakt og grønsaker til Hermann Hansen. 21. Still, yvertjukk med solglytt, men regndripl rett-som de var. Byrja skjera bygg. 22. Same ver. Skar og staura. Hemnestur, Anne. 23. 11. sundag. Same ver. 24. Barsok. Yvertjukk med klårhol, regn, på em. litt vestleg kjøla. Skar av byggen og staura – 82 staur iallt. 25. Same ver. Skar fréhøy (timotei). 26. Fullt uver av SV og regn. Trygve staura fréskurd em. På kveldsida litt spakare, so han for til Eide etter posten – eg fekk brev frå Gudrun Johansen, Hamarfest, at ho er på reis og kan ventast hit. 27. Same ver, endå ein mon verre, både vind og regn. Trygve var likevel i timoteiåkeren ei stund og stræva med resten – vann ikkje rett åt han. Skodde og regn, sudvest kjøla. Letta upp på em. og var mest klår seinast kveld. Trygve skar og staura resten av fréhøye. 29. Klår med skodd-dottar her og der, litt sudaust-kjøla, som uppåt middag auka til ein gråe, med varm sol, som turka litt setehøy, den stunda de var. På em. drog’n upp glya av SV att. Skrella utor hesjene og setehøye, iallt 5 lass. Hemnestur, Trygve. 30. 12. sundag. Still, skodde, regn. 31. Still, skodde,”yrvæta”. Slo hå og køyrde i betongsiloen med Joh’s Øverland og Ludvig Nymo tilhjelp.

September 1. Still fyrst og litt regndripl, seinare NV-gråe og nokonlunde turr. Same arbeid, fylt siloen. Gudrun Johansen kom med dampen, for til Medstraumen. 2. Nordvestgråe, halvklår. Gudrun Johansen kom hit frå Medstraumen. 3. Uppklårande, heilklår og kjøleg um kveld. Gudrun Johansen hyste her um natta, etter å ha vitja på Øvringmo igårkveld – eg skyssa ho til Medstraumen i dag, ho skal reisa imorgon. – Slo hå i Lamyra og hesja. 4. Austleg kjøla, klår med litt glya, byrjar turka høy. 5 Same ver. Hemnestur, Trygve. Køyrde inn av siste høyhesja 1 vogn- og eit sledelass, igårkveld – tok siste oppsope i kveld. 6. 13. sundag. Fin-ver – kyrkjetur med Jens Førnes – dåpshøgtid her og hoss Arthus Thoresen. Gutebåne her vart kalt Olav, gjentebåne hans Arthur vart kalt Eli. Faddrar på Olavguten var Inga og Trygve sjølv og Inga Øverland og Ludvig Nymo. 7. Klår, fin auster-gråe. Håslått og silosylting, med same mannskape. 8. Same ver – same arbeid – ferdig med siloen, tok sidan inn all byggstauren. 9. Still, klår, nattkald, rimfrost. Trygve åt Utskarpen på planlegging. Eg tok upp løk, hausta erter, køyrde staur i hop. 10. 65 år sidan eg vart døypt. Still, skodde og regndripl. På em. sudvest-gråe. Trygve kom heim etter nondag. 11. SV og ausregn, tjukk, sid skodde. Flatbrødbaking fm. hoss oss. Trygve teknar planar. 12. Still, yvertjukk og skoddutt fyrst på dagen, klåra sidan upp, med auster-gråe. Hemnestur, Hulda og eg. 13. 14. sundag. Tett skodde i morgonstunda, sterkt doggfall – letta snart upp og vart heilt klår, med austleg bris. 14. Still, yvertjukk med klårhol, nokso varme solglytt imillom. Trygve for avstad på landmåling åt Brennberg, Brattland og Leirvika. Eg køyrde inn håhesja, 1 skikkeleg lass. 15. SV og regn. Eg renska og kalka kjellaren. 16. Litt sudaust-gråe, yvertjukk med klårhol, uppklårande mot kveld. Eg byrja ta upp svensktates, vart ferdig med’n på de nærmaste - 15 byttor. 17. Yvertjukk med klårhol, sterk drått av sud, sudvest og vest, uppklårnade på em. med bris av sud, då alltid myrk i vest og nordvest. Køyrde inn ”fré-loa” på em. Trygve kom heim – frå Brattland. 18. Yvertjukk med klårhol, frisk vind og drått av vest. Trygve til Falle med smør – og på utlegging av dyrkingsjord. – På em. seig’n burti SV og regn, i myrkninga nokso ruskutt. Eg tok då upp ei tunna tates. 19. Same ver – stormande. Hemnestur, Trygve. Eg tok upp nokre tatesbyttor. 20. Same ver – og ein mon verre. 21. Same ver, men spak – på em. still, skodde, ikkje no’ regn å tala um. Eg tek upp tates på em. – Trygve arbeid med planar. ”Goliat” kom heim frå fjelle. 22. Ruskver att – vestleg vind og regn, serleg fm., de snør smått i fjelli. Tok upp litt tates. 23. Jamdøger. Still på fm., yvertjukk, smått regn med solglytt imillom, på em. vestavind og tjukkare elingar. De snør langt ned i fjelli. Tateslandarbeid ”yver heile jekta”. 24. Same ver, litt snøskletta i elingan ogso på låglende. Vi fekk bod at sauene våre var tekne åt Botne – millom andre – og for då iveg og henta heim dei der var, ”Sibylla” med 2 lam og ”Villa” med 1. Ein sau med 2 lam er framleis burte. 25. Regn og snøskletta, marka yverkvitna, de rann då av tidleg på fm., so nautfe’e fekk koma ut – sauene står inne. Ikkje tatestaking. 26. Yversnødd um morgon. Nordvest gråe, tok av og letta litt i vere, halvklår på em. Hemnestur, eg. Trygve til fjells og leita etter kretura. 27. 6. sundag. Spak vind med regn-elingar – skletta i fjelli – eitt og anna solglytt, til ei stund yver middag, då de seig burti sudvest med ausregn. Trygve m.fl. på sauleiting – utan resultat – Anne og eg på vitjing åt Kotenge. 28. Styggver av SV og regn – spaktest litt, leid på dagen. Ufyse i tateslande – men de går no. 29. Mikkjelsmess. Litt turrare, vinden meir vestleg, letta og klåra upp med kveld. Kristense Øverland og Ane Ryland var her i tatesland-arbeid. 30. Klår, still, frose på vatne, rim på marka. Edvin i Botne og Mensine Straumdal har Bryllaup i dag, Hulda er der. Kristense og Ane i arbeid her i dag og. Sanitetsforedrag på Skulen i kveld, Anne var der og høyrde på.

Oktober 1. Still, klår, nattkald, rimfrost. Ingen leifolk i tateslande i dag. Eg vann åt mitt til middag. – Tjukna yver mot kveld – Anne og eg fekk 12 tunnor i alt. Eg var på skulen og høyrde foredrag av sanitetssøstra um ”de hellige land”. 2. Still, sid skodde, yrvæta. Trygve tok upp siste tates’n til kvelds. Anne på sanitetsforedrag. 3. Yvertjukk, austleg, uppklårande på em., frisk blåst i kveldinga. Hemnestur, Hulda (”tinbyte”). 4. 17. sundag. Still, klår, rimfrost – ein blank, fin dag. Vi for inn-yver, Anne og eg, såg på nyvegbrote inn-i Jamtjord-engan, gjesta sidan på Nyvoll og høyrde radio hoss lærarinna på skulen. Trygve til fjells på sauleiting – utan resultat. 5. Still, klår med litt tunn glya, frose på Botnfjorden. Byrja ta upp nepe. Eg rodde med floa frammed herifrå, fylgde til Hemnes med Jon Tybekk i vedfrakt – hadde litt kålrot og gulrot med meg. 6. Auster-gråe på Rana, yvertjukk, kov-gnistr, still her. Eg kom heim, roande frammed, strakst etter middag. Hulda reiste til Sandnessjøen. Nepehausting heime, Ane Ryland til hjelp. 7. Still, skodde, yrvæta, på em. litt vester-gråe med klårhol, sopa vekk blåisen. Alle mann i neplande, Ane Ryland med – um kvelden gulrota. 8. Still, skodda, litt regndripl imillom. Gjorde frå oss opptakinga, byrja rauka i hop. 9. Still, skoddhimel, regndripl. Framhald med rauking av nepa. Hulda kom att. 10. Same ver. Fekk ihopkøyrd resten av nepa. Hemnestur, Trygve og Hulda – ho reiste for godt. 11. 18. sundag. Same ver. Anne og eg tok ein tur til Gjesbakken og Hauan. Åsmund Selfors heldt fyredrag på ”huse” – sidan Frelsesarmeen. 12. Trygve 30 år. Same ver. Trygve til fjells på planlegging. 13. Yversnødd. Nordvest-gråe, mør-kov. Arbeid med neperauking, både i går og i dag. Trygve for til Eide til møtes med stortingsmann Mjåvatn, som kom hit og vart her til kl. 19, då han reiste på ”huse” og heldt eit val-fyredrag – eg og Trygve var med – sidan gjekk Jens Førnes til Hemnes med han, Trygve var med der, kom heim yver midnatt. 14. ”Vet’næt”. Same ver. Stell i kjellaren med tates’n, på åkren med å ”kula” ned gulrot – vedhogst m.m. 15. Noko lettare i lufta – ein frisk nord-aust pust tidleg fm. Trygve til Hemnes – med Jens Førnes – i heradstyremøte – kom heimatt nondag. 16. Austleg gråe, lett yverskya. Her er upptil 7-8 cm snø på flatene – men sauene går ute kvar dag og ruskar seg nepkål på åkren og eitt og anna strå ’punn tre’ann og fram-i bakkane. Køyrde nepe inn åt fjøse, førde sagmask frå Botnsaga. 17. Lett yverskya, still, léver – byrja frampå fm. å blåsa litt auster-gråe, de vara dagen ut. Hemnestur, Anne og Trygve – han i Bondelagsmøte, kom fyrst heim seinkvelds frå Utskarpen. 18. 19. sundag. Nord-aust blistring, lett yverskya. Anne og eg tok ein tur åt Josefine Straumsnes, som er sjuk. – Mot kveld uppklårande. ”Bjora” kalva – kvit okse. 19. Klår, med tunne skydottar, nord-aust gråe, blåis. Stortingsval. Trygve er formann i røystestyret, reiste til Hemnes med valsetlane – Martin Nymo skyssa -, kom heimatt so kl. 21. 20. Litt dunsnø i natt og no og då frametter dagen. Trygve inn-i grenda på yversyn. Eg hogg vinterved – i Øverenge. Slakta oksekalven ”David” em. og lamme vårt. 21. Austleg kjøla, klår, med lett glya, meir og minder. Isen ligg og rek millom landa – ope ned-um Kjeldnese. Trygve åt Utskarpen på yversyn – eg i skogen. 22. Same ver, med ei noko tjukkare skyrand kring fjelli. Attfrose ogso ned-um Kjeldnese, men roande yver derifrå. Trygve framleis i Utskarpen og Brennberge – kom heim um kvelden. ”Sanitet” på Nyvoll, Anne for dit. Skogblinkar O. Johansen kom hit fm., eg for då tilskogs med han og fekk utmerkt 145 graner, likt og ulikt. 23. Still, smått regn. De berrkast i bakkane, byrjar bli hålke etter vegane. 24. Same ver fm., sidan litt turrare, med klårhol – Trygve rodde frammed fjæra til Eide på em. 25. 20. sundag. Vere som i går em. Mest ål-bert her heime – sauene har godt med mat. Møte her i kveldinga for skiping av ”studiering” – de vart vedteke å gjera ein freistnad – 3 innskrivne på staden. 26. Still, skodde, regn, isen vekke. Letta upp fram-mot middag og vart klår-holutt, austleg kjøla, finver. Trygve inni grenda på yversyn og planlegging. Vi steller kjøtmat. 27. Vere som i går, til i myrkninga, då tjukna’n yver. Litt austleg bris. Trygve burte i same ærend framyver middag – byrja sidan å pløgja på ”Han-åkren”. 28. Still, skoddhimel, litt regndripl fyrst på fm., seinare uppletten, fint ver. Framhald med pløgjinga. 29. Litt kjølegare um natta og i morgonstunda, med litt sklett-fjun og snø i fjelli – dagen frametter still, yvertjukk, regnfusk no og då. Pløgjing – og ferdigpløgd å segja. 30. Bededag. Snø, marka yverkvita – men regna nokso sterkt i elingan heile dagen, so snøen renn mykje vekk. Sauene vart flutt åt heimfjøse. ”Studiering” her i kveldseta. 31. Spak SV, skodde, regn-elingar. Berrmark på låglende. Hemnestur, Trygve.

November 1. Helgamess-sundag. Same ver. Trygve gjekk til Falle strakst etter middag, der er bondestemna. 2. Spak sud-vest, regn – stundum skletta, so marka var mest kvit. Trygve kom heim yver midnatt. Vedhogst o.a. 3. Same ver. Trygve har ”kontorarbeid”. Eg bøter på møkrdunge-kledinga, hogg ved. 4. Still, litt kjølegare, med snøfjun. Trygve strauk til Hemnes med Jens Førnes (som gjekk med skuleborni), skulle til Leirvika på planing. Anne til Gjesbakken eit ærend. Eg tok på å vøla um skôt-tele. – Seinkvelds er marka kvit. 5. Still, 2-3 tumar snø, isfale på Botnfjorden – snør framleis, legg sørpa på sjøen. Eg rodde til Eide strakst fyre middag, krøkte meg fram millom sørpeflaka. 6. Still, regnfusk – letta upp på em. med litt austleg kjøla – um kvelden halvklår. Is og sørpa ligg og rek. Eg køyrer inn kunepe. Trygve kom heim seint i går kveld – frå Utskarpen – for iveg att imorgest, samestad – kom heimatt seint um kveld. 7. Still, grå skoddhimel – de tek til å bli berrflekkutt att. Litt auster-gråe em., klårholutt i myrkninga, men tjukna til att, seinkvelds. Vi køyrde nepe fm., resten av fyrste rauka. Em. for Trygve inn-i grenda på yversyn o.a. 8. 22. sundag. Still, yvertjukk, frisk drått av sud. Mest bert att, her kring husa. Anne gjekk åt lærarinna på ”radio”. 9. Austavind, yvertjukk. Full berrmark å kalla. – På em. klårholutt. Trygve pløgde i ”Solbakken” – sidan vedskoging. 10. Same ver. Trygve i vedskog – eg vøler um i skôte. 11. Same ver fm., tjukna sidan yver, i myrkninga litt regnfusk. Trygve køyrde heim ved, fekk so eine stortåa klemt, so han laut slutta. 12. Auster-kjøla, skodde, yrvæta. Em. noko turrare, litt skletta um kvelden. Trygve har innesitjar-arbeid. Vi lefsebaking em. 13. Still, vestlegare drått, skletta, marka yverkvita. Vi rydde (og steikte) lefse fm. Em. slakting – Edvin var her og slakta dei 4 lamma hans Trygve. – Um kvelden turr snø. 14. Nordaust kjøla, snøfjun, litt is-sørpe på Botnfjorden. Uppflia og pakking av slakte – em for eg og Trygve til Eide og fekk de avstad med dampen. 15. Austleg kjøla, uppklårande, frå middag fullklår, de snerkjar is på Straumen. Trygve skyssa eg åt Straumen i lysinga, han for til Korgen i lag med Lars Sjaavik med fl. – på eit ”kursus”. Missjonsmøte hoss Svein Utland, der var vi, Anne og eg. Vi kom berre åt Storbergbukta roande, på heimvegen. 16. Austavind, klår og kald. Tjukna upp frå sud framyver dagen. Straumen heldest open frå Storbergbukta nedyver av vinden – utetter Botnfjorden ligg isen heil. Eg køyrer heim risved. 17. Still, yvertjukk, léver. Eg hogg ved på skulen. 18. Mest same ver – litt snøfjun mot kvelden. Same arbeid. 19. Still, snøfjun fm., regnfusk og vestavind em. Eg i same arbeid. Trygve kom heim i skyminga – lande rundt frå Førnese. 20. Vestavind og regn. Trygve åt Utskarpen med smør – og på dyrkingsyversyn. 21. Noko turrare på fm., og mest still – yrveta og stridregn um einannan em. – gråe av SV – resten av Botnfjord-isen ligg og rek landemillom. Hemnestur, eg – frå Medstraumsjøen med Jon Tybekk. Trygve roande på Eide i myrkninga. 22. 24. sundag. SV og regn – isfritt. Vestleg, styggsterk i kveldinga. Toredun og ljon. 23. Yversnødd - litt spakare. Kovfjun hele dagen frametter. 24. Still – eller ”utnordshengsl” – snøfjun – Straumen mest hudheil med sørpe, berre roande mellom elva og Kjeldnese. Eg på skulen på vedhogst. Trygve til Bjerklia em. på yversyn. 25. 5 år sidan handa mi vart øydelagt. Still, léver, regnfusk. Gardtutl-arbeid heime. 26. Same ver – same arbeid. Gusta Nyvoll var her i skyminga. Trygve la drivbenk. Opensjø frå Hagaberge nedyver. 27. ”Fyrste adventdagen”. Austleg kjøla, skoddhimel, regnfusk – heilt isfritt att. Trygve roande til Eide em. 28. Litt kjøleg, still, snøfjun, isfale og sørpe – har snødd to-tri tumar i natt. Hemnestur, Trygve, rodde herfrå til Førnese, kom roande frå Utlande heimatt, um-enn noko prakka av issørpa. 29. 1. advent-sundag. Nordaust gråe, kov – Straumen attsnødd. 30. Still, tung snø, skletta og regndripl – em. turr sudaust-gråe. 19 cm snø på tunflata. Eg på skulen, på vedhogst.

Desember 1. Still, snøfjun. Vedhogst og gardtutl heime. Roandes med floa mest åt Leirkjeldberge. 2. Still, litt kjøleg, gråhimel, ender-å stjerneglytt um kveld. Eg på skule-vedhogst, ferdig til avliden middag. 3. Still, uppklårande, ÷ 7º R. Heilt islagt. ”Sanitet” på Eide, Anne var der. 4. Frisk austavind, + 2º R. Yvertjukk, snøfjun, sist på kveld regnfusk. Trygve til Falle med smør. ”Sibylla” laupa. 5. Sud-vest og regn i morgonstunda, gjekk i lysinga ytleg, til VNV stormande, skletta og snø, em. spak, turr snø, klårglytt. Hemnestur, Gudrun – frå Eide. 6. 2. adventsundag. Still – utnordshengsl – kovfjun. Brandtakst hoss Hans i Botne, Olav Straumfors og Trygve. 7. Still, halvklår fyrst, heilklår em., ÷ 8º R. Spakenn utnordshengsl, snøfjun. Trygve køyrer ved heim. Eg gjekk rundt til Eide, med og etter post. Men frå Utlande gjekk ein mann yver isen åt Langnesbukta. 9. Vestleg, stormande, snø, skletta og regn – isen i uføre alt. Eg er i kjellaren og vel upp tatesen, som er godt påveg til å rotna burt. 10. Spak SV, regn. Eg har tates-sjauen. Trygve hogg ved – i går og i dag. 11. Sudaust-kjøla og regn. Same arbeid. 12. Same ver. Hemnestur, Trygve, frå Eide. Eg slutta i kjellaren, køyrde sidan ved. Brev frå Lars. 13. 3. adventsundag. Same ver. De held på å bli hålke etter vegane. 14. Still fyrst på dagen, uppklårande til mest heilklår – byrja sidan blåsa av sud-aust og tjukna yver mot kveld. Edvin var her og slakta båe grisane. 15. Frisk sunnavind, regnfusk. Køyrde rundt til Eide med 1½ grisskrott. 16. Klår med skyrand frammed fjelli, still lengste tida, byrja i skyminga å blåsa litt av sud og tjukna til – litt regnfusk alrasist på kveld. Trygve m.m.fl. for til Mo – frå Eide med Einar Lamo – for å selja slakt – kom att so kl. 20. 17. Sudleg gråe, smått regndripl, skletta sist på kveld. Nepekøyring. 18. Still, kladdsnø fm., regn em., seinast på kveld blåst’n upp av sud-vest. Trygve og eg for rundt til Eide fm. og henta ein okskalv, komen hit med dampen i går kveld, drog’n heim på kjelken – fór isen frå Langnesbukta – de gjekk an med fjæra, endå isen er avbroten for Inder Hagabergodden og stykkjane rek landimillom. 19. Sudvest-storm og regn natt og fm., spaktest på em. og kasta litt hagl i. Hemnestur, Trygve – under Lia med Lamo. – ”Barbro” kalva seint på kveld – raud okse. 20. 4. adventsundag. SV skletta og regn, sterk ei stund på morgon og formiddag, likeeins seint på kveld. 21. Stor-uver um natta og på morgonsida med torgong og ljoneld. Spaktest noko i lysinga, men heldt på dagen ut med lettare SV-elingar. Berrmark mest yverallt på undlende. Anne og eg var på Nyrud i gravøl over Per, som døydde den 12. – på sjukehuse i Sandnesssjøen. 22. Solkverv. Vind i elingan frå SV, kantrande til VtN, haglsnø, marka yverkvita – seinare på dagen lurvsnø. Eg og Trygve køyrde til Eide og henta ein trøskmaskin (bruka), som Trygve har kjøpt. 23. Tollaksmess. NV og kov, la ned ein heil slump snø. Vi lagar til jol - so smått – Straumen tjukk og heil av sørpe. 24. Jolafta. Mest same ver, ein rykkje-kuling i natt-morgest, sidan spak. – De meldast, at Iverta Husnes er avliden – i går kveld – på sjukehuse. 25. Jol. Utnordshengsl, stutte kov-rider, + 1º R midt på dagen. 26. Andre-dag jol. Still, snø og skletta fm., SV og regn em. 35 cm snø fyrr regne kom. Eg moka av kjøkentake og stovetake på nordsida. 27. Sundag e. jol. SV storm og regn til ei stund på em., då de kjende uti VtN med hagl og noko spakare vind. 28. VNV-kjøla – utnordshengsl. Trygve for avstad kl halv 6 åt Utskarpen, skulle til Hemnes i heradstyremøte. Ove Evensen vitja oss – han går på landbruksskulen og er heime i jola. 29. Still, skletta – ising – i morgonstunda, turr lysdagen frametter, um kveld klårholutt, kjøleg, haglfjun. 30. Still, yvertjukk, skletta i lysinga, sidan reint regn. Trygve for em. til Gjesbakken i embets-ærend. Vi frettar, at Rana ligg i uføre av sørpe og is. 31. Still, regnsikl fm., sidan ogso noko vind i takom av sud og sud-vest. Isen sundkrasa ned-um Kjeldnese.