Dagbok Olav Engen 1935

Fra Wiki
Hopp til: navigasjon, søk

1935

Januar 1. Still, klår, ÷ 8º R. Joletrefest på ”huse”, ungfolka for dit. Petter Gjesbakk med familien kom køyrande hit. 2. Spak sud-aust, halvklår, ÷ 2º - 3º R. 3. Still, yvertjukk, på em. nord-aust og snø. Nils Øvringmo, Margret, Marie og Dagny var her på jolegjesting. 4. Same ver um natta, tok av i dagninga og vart spakare, klårglytt. 5. Halvklår, litt austavind. Hemnestur, Inga. 6. Trettandag, sundag e. nyår. Still, klår, ÷ 13º R. Tjukna yver og lédna upp seinkvelds. Eg gjekk åt Førnese og såg åt Ivar som ligg for dauden. 7. Still, gråfrost, litt klårholutt seinare. – Ivar Førnes døydde idag. 8. Likeeins pålag. 9. Likeeins, men litt mildare, litt snødryss leid på dagen. Ivar lagt i kista. 10. Nordaust-blistring, tett, smått kov. 11. Sudleg, kladdsnø, slo um i regn i kveldinga. Trygve køyrde rundt til Eide em., eg fylgde til Medstraumen med ho ”Bjora”, som trengte okse. 12. Medvinter. Spak SV gråe, regn eller tunn skletta i elingan. Hemnestur, eg. 13. Tjuganddag, 1. openberrings-sundag. Still, snøfjun. Skulekrinsmøte. 14. Kovmøra, still. Tok upp skogvegen att. 15. Like-eins – med ein liten vestavindsgufs i myrkninga. Vedkøyring. 16. Still, litt snøfjun. Same arbeid. - 80 cm snø. 17. SV, skletta og regn. 18. Same ver. Spakna litt mot kveld. Gravøl i Førnese, vi var der, Anne og eg. Rodde punn’ Lia, køyrde derifrå yver brua til Medstarum. 19. Mest still, lite regn til kveldykta, då vart’n sterk av VSV. Hemnestur, Trygve. 20. 2. openberings-sundag. SV, kantrande til VNV, skletta, regn og hagl. 21. Vind til VNV, skletta og hagl. 22. Still, ausregn. Seinkvelds vestavind og turr hagl. 23. NV og kov, fullt uver. Vedkøyring. 24. Same ver å byrja med, spaktest og gjekk til nord-aust mot kveld. Same arbeid. 25. Friska på og gjekk til sud-aust i natt, sterk på formiddagen, yvertjukk og smått kov, men spaktest mot kveld. Same arbeid. – Eibukta, som låg og var farande yver nyåre, braut upp i dagane fyrr Trettanhelga, er no tilsnødd og attfrosen pånytt. 26. Spak auster-kjøla, klår, ÷ 10º R. 27. 3. openberrings-sundag. Still, klår, ÷ 16º R. 28. Spak austavind, kovmøra. Trygve og eg rodde til Hemnes, han hadde skulestyremøte – fekk fylgja innatt med Jens Førnes, han hadde mått’ ut i sjukeskyss med Einar Lamo, som hadde svoll-hand. 29. NV og kov, stilltest og klåra upp mot kveld. Trygve køyrde i skogvegen og køyrde sundt greie. 30. Still, klår, ÷ 7º R. Greibøting. ”Sanitet” hoss Olianna, Inga er der. 31. Auster-gråe, snøfjun. Trygve til Hemnes i heradstyre. Vedkøyring heime, eg.

Februar 1. Spak auuster-gråe, mest still, med kov-elingar. 62 cm snø. – ”Idun” kalva – svartsidutt okse – i morgonstunda. 2. Halvklår, frisk austavind. Kynnesmess. Vedkøyring. 3. 4. openberrings-sundag. Still, yvertjukk, kov-elingar. 4. Nordaust-kjøla, kovfjun no og då. Køyring. 5. Halvklår, rek-elingar med rim-snø, gnerrkald, ÷ 8º R. Ferdig med vedkøyringa. 6. Mest same ver, kaldare, ÷ 10º R fyrr solovringa. Nepekøyring. 7. Mest still her heime og fyrst på dagen, seinare nordaust-aur med snøflistr. Anne og eg for åt Utskarpen, der det var vigsel-høgtid på den nye gravplassen deira, med’ sama dei gravsette Ole Håkensen Dalos (død 26/1). De var ei fin og fager stund, endå vere var grinut. 8. Regn, still fm., sidan nokre tak av SV. 9. Stilt regn. Hemnestur, Trygve. 10. 5. sundag. Still, regn fm., snøskletta em., med eitpar glytt av klårhimel. Trygve for åt Brennberge, der er ”Bondefest” 11. Still, kladdsnø. Trygve kom att frå festen so kl. 2 (etter midnatt). 12. Still, røykutt himel fm., sidan spak nord-aust og kov. 13. Still, halvklår. Sekretær Wisnes i Missionsselskape heldt uppbyggingsmøte hoss Svein Utland, vi var der, Anne og eg. 14. Nordaust, kov, ÷ 7º R. ”Barbro” kalva – svart okse. 15. Still, uppklårande, ÷ 12º R. 95 cm snø. 16. Still, klår, ÷ 12º R – på em. austavind, lédna litt. Hemnestur – Inga. 17. Septuagesima. Still, kovtjukk. 18. Nord-aust, røykutt himel, byrja snø frampå fm., spaktest og kom seint på kveld med SV og regn. 19. NV og kov. Flatbrødbaking. 20. Same ver, frampå em. meir vestleg og rå. Nepekøyring. 21. Same ver i morgonstunda, men spak. Kjende sidan upp i nord-aust og kjølde lufta. 22. Peters stol. Nord-aust og fok, 0º. 1,25 m snø. 23. Litt nord-aust, klårholutt, fin. Hemnestur, Trygve. 24. Sundag seksagesima. Still, smått kov, + 2º R. 25. Still, yvertjukk, + 2º R. Smått snøflistr i myrkinga. 26. Still, noko snø i natt og i morgonstunda, upplettande frametter dagen, i kveldinga klår. Imorgest 0º, i kveld noko kaldare. 27. Still, heilklår i morgonstunda, ÷ 10º R, tjukna yver på fm. og kom med snø, i kveld ÷ 3º R. 28. Røykutt himel, smått snøfjun, ”frosthare”, ÷ 3º R, klår um kvelden.

Mars 1. Klår, nordaust-kjøla, ÷ 3º R, 1,35 m snø. 2. Still, klår, ÷ 15º R i morgonstunda, tidleg på em. ÷ 6º R. 4. Same ver alrafyrst, ÷ 15º R – men tek til å tjukna upp i SV, varmemåle uppå ÷ 3º, men klåra upp att mot kveld. Eg køyrde åt Førnese med 40 kg korn, som skal på mølna. 5. Still, ”frosthare”, - upptil 0º, men klåra mot kveld med ÷ 4º R. Trygve køyrde rundt til Eide etter kraftfor. 6. Still, lett yverskya, frampå dagen klårholutt, solskin – mot kveld yvertjukk att og lett snø. 7. Still, dun-snø, +3º R. Um kvelden våt sklettsnø. 8. Still, regn. 9. Regn, spak SV. Hemnestur, Trygve. 10. 1. fastesundag. Same ver. 11. Still, regndripl, med fine solglytt. 12. Gregesmess. Som i går. 13. og 14. Same ver for-so-mest, berre minder um solglytt. Trygve vel upp tates, kålrot og gulrot. 15. SV og regn. Eg var på Falle med smør fm. Vi drog kålrot og gulrot ned-um em. 16. Same ver, litt kaldare. 1 m snø. Hemnestur, Trygve. 17. 2. fastesundag. Klår med lette røykskyar, still, ÷ 6º R i morgonstunda. Frå middag rek-elingar av ”frosthare”. 18. Like-eins, ÷ 6º R i morgonstunda, sidan frosthare-rider, med fint solskin imillom. 19. Still, dunsnø, ÷ 2º R. Mot kveld ei rid NV og kov. 20. Klår, litt austaviind og fok, ÷ 2º morgon. 21. Jamdøger. Still, klår, ÷ 18º R. Drog upp glya og lédna upp mot kveld. Var iveg med ”Idun” hoss Nordigardsoksen. 22. Still, klår med litt glya, ÷ 2º R. Still, yvertjukk fyrst, klåra sidan heilt av. Hemnestur, Anne. 24. 3. fastesundag. Still, klår, ÷ 11º R, drog på em. upp av NV, de fall nokre snøfjun, men klåra so upp. 25. Vårfrumess. Yvertjukk med klårglytt alrafyrst, kom tidleg på fm. inn-yver med ein lett kov-eling, klåra sidan fint av. ÷ 2º R. Anne gjekk til Gjesbakken. 26. Lettskyutt, litt snøfjun no og då, em. mest klår. Pålag kl. 16 såg vi og høyrde nokre fljugarar, på veg søretter. Vi arbeidde med skogrudning i Øverenge. 27. og 28. Nord-aust bris med kov, nokso tett i ridom – i morgonstundene ÷ 4º og ÷ 7º R – båe dagar klår mot kveld. Same arbeid, dertil køyring. Skaraføre, køyrande yverallt, har vore so sidan sundag. 16. Is og landkall bergsterke, undateke nedst ’punn Lia. 29. Lars 57 år. Spak vestavind – litt kovflistr og fok, elles skein sola og meidde snøen. Eg gjekk til Falle med smør, kom att til middag. Trygve tok inn kålrot utor ”kula” – til fémat. 30. Still, klår med skydottar, ÷ 3º i morgonstunda. Hemnestur, Trygve. 31. Midfastesundag. Still, lett yverskya, på em. litt spak NV med kov i fjelli. 1 meter snø. 0º til + 3º R. ”Missjonsmøte” hoss Svein Utland, Anne og eg var der.

April 1. Still, yvertjukk med klårhol, ÷ 2º R fyrr solovring, klåra sidan heilt av. Trygve grov snøen av drivbenkjen i hagen, sanna sidan nedpå Sjøbakken. Eg på skoging i Øverenge o.a. 2. Still, klår med skoddbakke i vest, ÷ 10º R i morgonstunda. Same arbeid. 3. Still, klår, ÷ 9º R, byrja frampå fm. å blåsa av sud-aust, tjukna yver og lédna upp til + 2º. Skogarbeid. 4. Sud-aust, skyutt, spaktest frampå dagen - + 2º R. Um kvelden klårholutt. Køyring frå Øverenge. 5. Still, halvklår, + 4º R tidleg på em. Trygve til Falle med smør. 6. Still, klår med litt fin glya. Hemnestur, Inga. I kveldtida yvertjukk, draup kvikt unda torvhalli. 7. Vårfrumess-sundag. Halvklår, léver. 8. Still, klår med litt glya, ikkje serleg kald, skaren veikare og smeltast mest upp frametter dagen. Eg gjekk til Medstraum for å hogga ved åt skulen. Trygve vøler inn i fjøse. 9. Still, røykutt himel, tjukna sidan til og kom i kveld-økta med litt dunsnø. Eg arbeider med veden på skulen, Trygve med veden heime, Anne vaskar upp kjøken – åleine.- Brev frå Lars. 10. Still, klår, litt kjøleg, + 1º R i solovringa, lédna upp til + 4º og yvertjukk. – Eg same arbeid. 11. Sud-aust, frisk, yvertjukk. Trygve og Heitmann for til Hemnes etter kvar sin grisunge, kom sendande frå Vefsn. Eg bar inn sædtates’n. 12. Yvertjukk, spak sud-aust, + 4º R. Eg bar smør til Falle. 13. Still, lettskya, léver. Eg hogg skuleved. – I går var isen knekt for Elvkjeften, dei rodde yver frå Kjeldnese. Landkall er de berre ’punn Bergan og her frammed. 14. Sumarmål, plamesundag. Same ver. 15. Klårholutt, aldri-so-lite påfrosen, still. 84 cm snø. Isen knekt her millom Bakarvollen og Hagaberge. – Ferdig med skuleveden. 16. Litt snøfjun i natt, still, røykutt himel i morgonstunda, sidan på fm. ei bra tjukk snørid, på em. regn. 17. Klår med lette rekskyar, drått av sud-aust. Isen heilt landlaus, med floa rodde eg frammed og la båten i Medstraum-aura. 18. Skjertorsdag. Still, yvertjukk, snøfjun fyrst på fm., + 2º, litt regndripl på em. 19. Yvertjukk, nordaust-gråe. Ner-isen heilt vekke. (Langfredag.) 20. Påskeaftan. Austavind, regn. Hemnestur, Trygve. (Sende brev til Lars.) 21. Påske. Lett yverskya, still fm., sidan auster-gråe. Øverisen knekt endå ein stad. 22. Andredag. Still, kjøleg, bra sterk skare på morgonsida, tjukna yver på em. 23. Sudaust-gråe, skyutt, léver. Trygve rodde herifrå til Eide, med di han braut gjennom issørpa innved Elv-auren, de gjekk nokso lett. – Vi vel upp og ber inn sædtates. 24. Sudaust-gråe, yvertjukk, litt snøfjun, på em. regndripl. Resten av sædtatesen. 25. Litt vest og sud-vest gråe, snøskletta. Isen heilt burte i natt. Trygve til Hemnes i heradstyremøte – kom att kl. 22. 26. Vestavind, turt kov. 27. 100 år frå Maren Gurina, mor hennar Anne, vart fødd. Litt nordaust-kjøla, mest klår, blåis på Botnfjorden. Førnesbåten greidde då å koma upp-åt Ytter Hagabergodden. Hemnestur, Anne og Inga. 28. 1. sundag etter påske. Same ver pålag, litt kvikkare nord-aust, litt mindre blåis. Anne 63 år. Anne og eg rodde åt Straumen, fylgde Sjåvikmotoren til kyrkja. 29. Still, klår, nattfrost, skaraføre. Eg sanda på skaren. 30. Same verog føre, ÷ 4º R i solovringa, tjukna upp av vest på em. og lédna, kom mot kveld med litt blåstr av nord, ei rid litt kovflistr. Straumen hudheil av blåis heile dagen. – Anne gjekk ein tur til Holmsjøen – Trygve samestad m.fl. stader på planlegging. Eg drog heim grankvist på skaren. 68 cm snø.

Mai 1. Vestleg gråe, halvklår – sovidt gangande skare i fyreøkta. Ungfolkje heldt flatbrødbaking. ”Bergthora” laupa. 2. Still, yvertjukk, tunnt kov. Mot kveld uppklårande, kjøleg. 3. Krossmess. Still, lett yverskya – på em. litt nordaust-gråe, snøfjun. Trygve til Falle med smør. 4. Ingen nedburd, elles same ver pålag. Hemnestur, eg. 5. 2. sundag. Still, halvklår fm. Mot kveld mest klår, vester-kjøla – allersist drog han yver att. Inga og Trygve for til kyrkja, der vart innsett ny prest – hr. Gjeitanger. 6. Still, regn. Fjøsvegen og bekkjevegen er på de nærmaste berre. På em.mest turr. Hemnestur, Trygve, med Jens Førnes, etter kunstgjødsl. Har kjøpt 1100 kg iallt. 7. Still, halvklår, kjøleg i morgonstunda, blåis på Botnfjorden. Framyver fm. nord-aust bris, på em. vestleg kjøla, frisk sistpå kveld. Trygve var i Førnese og Kåtenge og tok dyrkingsplanar. 8. SV og regn. Ove i Dalosen kom hit, skal vera gardsgutt. 9. Still, regn – frampå em., mot kveld, ogso noko vind – av vest. Umvøla på køyrebrua. 10. SV-kjøla, regnfusk, frampå em. NV og kov. 11. Heilt yversnødd i morgonstunda, mykje blåis, NV-gråe. Hemnestur, Inga. – På em. kald, bisk nordavind og kov-fjun. 12. 3. sundag. Halvklår, vester-gråe, på em. kald nordleg vind. 13. Nord-aust på fm., klår med skyfillor, dragande frå nord – em. nordleg vind med hagl og kovfjun. Eg har teke til å bryta nyland upp-um berge, skal vera ny hage. Trygve og drengen skyt stein. 14. Nordleg kjøla, turt kov i elingan. Same arbeid. 15. Vind fyrst frå nord-aust, kantra til sud-aust, slo tilslut um i NV med kov- og sklett-elingar. Ved kveld still, klårholutt, SV-drått. Same arbeid. ”Villa” lamma, 1 verlam. 16. Halvklår, kjøleg, kaldblåstr frå sudaust- nordaust-nord, såg til dels ut som kovfjun i fjelli. Eg bryt nyland, dei andre køyrer møkkr og harvar – på Sjøbakken. Andre åkrar er enno ikkje berre. De er mest berre flekkjebert enno å kalla – her ligg ein stor snøflekk tett utfor kjøkenglase endå. 17. Litt austavind, yvertjukk, regnfusk no og då. Eg var på Falle med smør, braut sidan nyland. Elles onn-arbeid. Fest på ”huse” um kvelden. 18. Yvertjukk med klårhol, still fyrst, men kom fram-åt middag med vester-gråe, seint på kveld ein liten regnskvett. Hemnestur, Ove. Trygve pløgjer og harvar. Brødbaking hoss oss fm., nylandsbryting em. 19. Halvklår, litt kjøla av nord. 4. sundag e. påske. 20. Halvklår, bisk nordvest-aur – har regna litt i natt – stiltest mot kveld og tjukna til av SV. Pløgjing, møkkr-køyring og –breiing, steinskjoting. Nylandsbryting (eg). 21. Klår med tunne skydottar, dragande frå sud-aust. Still, litt sudaust-gråe skiftevis. Same arbeid. Trygve sår dessutan i hagen. Eg braut ferdig nylande mitt, møkkra og harva de. 22. SV og regn, nokso ufyse ei stund på em. Steinkøyring fm., Trygve sådde kunstgjødsel – em. meir innehyses arbeid. – Siste snøklatten burte for kjøkenglase. 23. Vester-gråe, regnfusk, ein turr kov-eling på fm. Em. litt mildare, utan nedburd. Harving, såing av kunstgjødsl. 24. Still, skletta fyrst, sidan kaldt regn, un kvelden ogso SV-vind. Eg planta fri-kålrabi på nylande. Ove grev veit. Trygve sådde i Sjøbakken – bygg og grasfrø og harva ned. Eg renska eng og hogg ved. 25. ”Ålmanns plog”. Still, sid skoddhimel fyrst – klåra sidan upp med frisk vester-gråe, noko kjøleg. Hemnestur, Trygve. Planta løk, sådde gulrot – elles harving og drilling. 26. 5. sundag. Klår, sudaust-kjøla, litt blåis i solovringa. Anne og eg for til Straumsnes på vitjing. 27. Inga 29 år. Still, skoddhimel, regnfusk å byrja med, seinare SV-gråe, stridregn. Ymist onn-arbeid, solenge ein greidde de. Sauene ute som snarast, vart flutt åt sumarfjøse. 28. NV-kjøla, klår med skydottar, kjøleg – nordvest-elingar med snøfjun frametter dagen. Møkkrkøyring, breiding og harving – Ove grev veiter. 29. Nordavind og kov med rokglan. 30. Heilagtorsdag. Klår med tunne, kvite skyar, vestleg gråe, kjøleg. Eg var ein tur til Holmsjøen med ull og lørve. 31. Nord-vest, kovfjun og skletta. Dei laga til – drilla upp – tatesland i Lamyra – eg byrja setja. – Ole Ivarsen var funnen død under Jamtlia igårmorgest – på Fagerlinese.

Juni 1. Same ver pålag. Hemnestur, Trygve. Sette tates, eg vart ferdig med min. 2. 5. sundag. Klår med tunne skyar, kald austavind – elles kov i natt og imorgest, heilt yversnødd då vi stod upp. Nypresten, hr. Gjeitanger, var her på kyrkjegarden og heldt jordfesting, og på ”huse” og heldt preike. Etter alt dette var slut vart eg med Johs. Lauvbakk og Kr. Nordgård til Eide, der vi la like av Ole Ivarsen i kista og førde de til Medstraum og sette de i klokk-huse. 3. Auster-gråe, halvklår, mot kveld fullklår, still, kjøleg. Alrafyrst imorgest ikkje fritt for blåis. Sådde kålrot, køyrde heim ved. Trygve sette resten av tates’n sin. 4. Fm. auster-gråe, halvklår, SV drått, em. vestavind, kjøleg. Harving, veitegraving, engrensking. 5. Still, halvklår, vestleg drått. Vi merkte lamma i dag fyrr vi slepte sauene – dei har vore inne kvar natt til no. 6. Sudaust-gråe, yvertjukk, regnfusk. Anne og eg i gravøl på Lauvbakken – yver Ole Ivarsen. Trygve for på planlegging åt Brennberget og Utskarpgrenda. 7. Austavind, uppklårande – um kvelden klår. Eg renska i Øverenge, vøler um i sumarfjøse. Ove legg att og fyller veiter. 8. Austavind, frisk, yvertjukk, regnfusk. Hemnestur, Anne. – Trygve kom heim um natt-morgon. Ove og eg strevar med de same. Sauene har no ’kje vore inne sidan 5. 9. Pinsdag. Still, smått regn og skodde fm., sidan SV, um kvelden ausregn. Ole Andersen Botne døydde kl. 14. Eg var der sidan og hjelpte til med å bera han ut. 10. Annandag. SV og regn. Gjekk på em. vestleg og gjorde rokglan – mest klår i kveldtida. Slepte kyrne ut og flutte deim åt sumarfjøsen. 11. Auster-gråe, klår. Kyrne beitar i Øverenge. 12. Still, de dreg upp av sud, tjuknar yver og byrjar å regndripla em. – aukar på fram til kvelds. Umvølingsarbeid heime, på gjerda m.m. – Trygve for åt Utskarpen på planlegging. 13. Still, skodde og regn. Trygve kom heim um natt-morgon. Dei pløgjer nyland i dag – med ”Brede” åleine. 14. Vester-gråe, regnfusk-elingar. Gravøl i Botn yver Ole Andersen. Alle der, sonærsom Ove – han pløgde ferdig nylande. 15. Halvklår, vester-gråe – um kvelden klår. Harving. Hemnestur, eg. Modolf Sjøgard kom saman med meg, på yversyn – Trygve skyssa han sidan åt Førnese. 16. Trieining – konfirmasjons-sundag. Klår på fm., drog på em. yver av sud. Anne, Trygve og Ove for til kyrkja. Kom heimatt seinkvelds og natt, Trygve for åt Leirvika på planlegging. – Tates byrjar koma upp. 17. Halvklår, frisk sud-aust, regndripl imillom på fm., stiltest på em., og byrja regna tettare. Harving på nylande. Vi byrjar vaska upp. 18. Still, smått regn. Sådde og harva på nylande – heldt elles fram med uppvasken. Trygve kom heim um kvelden (med Steen). 19. Yvertjukk, vester-gråe, ender-å-regnskvett. Flatbrødbaking hoss oss – Trygve sit inne og teiknar planar. Ove grev veit. 20. Mest same ver –litt klårholutt imillom. Vi vaskar upp i kjøken – Inga gjer likeeins – elles same arbeid. – Klåra heilt av på em. 21. Klår, varm – mot kveld litt skyutt i vest. 22. Litt regn i natt. Skoddhimel, vester-gråe, uppklårande. Hemnestur, Inga. 23. 1. sundag e. tri-eining. Jonsokaftan. Still, skoddglya fyrst på morgon, tjukna til av sud og byrja regndripla so kl. 8 – auka sidan på og var i middagstida nokso utrivelegt med vestavind, skodde og regn, men vart sidan betre og var, etter kl. 17, klårholutt, turr, litt NV-gråe. Eg gjekk til Inder-Eide i morgonstunda, i lag med Heitmann Medstraum og Per Forsbakk, fylgde Ole Bjerkli, som gjekk med motorbåt derifrå til Mo – so derifrå med bil til Skonseng. Helgeland Skogselskap heldt årsmøte der – 30 år sidan de var skipa. Vi kom heimatt so kl. 23-24 – då blåste de nordavind. 24. Jonsok. Halvklår, heite solglytt. Trygve for til Hemnes i heradstyre – eg bred ski, sleder o.l. – Ove grev skoggrøft. 25. Nordavind, yvertjukk med solglytt. Same arbeid. Trygve kom heim på em., hadde vore på planlegging etter møte. 26. Klår med rek-skyar, tjukna til utyver kvelden, bris av aust og sud-aust. Eg køyrde rullstokken yver nylande. – Trygve åt Utskarpen på yversyn og planlegging, elles same arbeid. 27. Yvertjukk, still. Trygve kom heim etter midnatt. Han tynna nepe og sådde salpeter. Inga med barne reiste med dampen um kvelden, skulde sjå heim åt folke sitt. 28. VNV frisk bris ei stund, yvertjukk, uppklårande til frampå em., tjukna sidan til att. Tateslandkøyring, nepetynding, kvistkøyring, tjærebreding. – Trygve arbeid med dyrkingaplanar, etter middag for han til Fredheim og til Bjerklia på godkjenning og ny-utmæling. 29. Still, skodda, regn – på em. ogso litt SV-gråe. Hemnestur, Anne. Ruskver tok til att ut-etter kvelden. 30. 2. sundag. VNV, frisk bris, uppklårande. ”Sanitetsfest” på ”huse”, Anne er der.

Juli 1. Still, grå, smått regn fm. – turka’n av på em. og lyste upp mot kveld. Nepetynding. 2. Klår og varm – havgøla på em. – tok mot kveld til å tjukna til i vest. Nepetynding og -hakking – ferdig med de til kvelds. 3. Still, halvklår til å byrja med, men tjukna smått til av sud og tok strakst yver middag til å småregna, som sidan auka på, tok so kl. 16 til å blåsa SV, so de var reint ruskutt. Trygve åt Utskarpen på planlegging em., Anne gjekk og dit for å høyra på Olga Bjoner, som skal tala der på ungdomshuse kl. 18. Dei kom heimatt kl. 22 pålag, og var velnøgde. 4. Still, skoddutt, yr-regn, noko mykje i ridom. Slått og nedleggjing i syre-silo. – Lyste litt upp mot kveld. 5. Halvklår, still fyrst, sidan bris av vest til nord, tjukna til og lyste upp skiftevis. Fylt siloen. Trygve vart sjuk og laut leggja seg på em. 6. Vestleg bris, yvertjukk, kald fauka. Hemnestur, eg. Trygve ligg i kregda. 7. 3. sundag. Same ver. Ungdomstemne på Hemnes – Ove var herifrå. 8. Still, skoddhimel, smått regn, seinare litt sudaust-kjøla, auka med regne. Batt i hop timmersloga. 9. Still, yvertjukk, jamt regndripl. Ove fører sand frå Medstraum-auren hit og køyrer upp-åt fjøse. 10. Skodddhimel, auster-kjøla. Trygve ligg og hostar blod – men stod sidan upp og gjekk ned. – Klåra upp på em. 11. Still, halvklår i morgonstunda, men drog snart yver og kom med SV og regn strakst fyrr middag. Ove fører sand med kvar flo til imorgest. I kveldøkta rodde vi temmersloga på Medstraumsaga. 12. Austleg, yvertjukk, seinkvelds uppklårande. Slo utor hagen og frammed tateslande, og hesja. Em. var eg og Ove kvar si stund på saga. Trygve byrjar sitja oppe litt, hosten har gjeve seg noko. 13. Klår med rekskyar, drått av sud, auster-gråe fm., havgøla em. Hemnestur, Anne. Tateshypping fm. Fest på ungdomshuse um kvelden og natta, dit for Ove og Inga (Øverland). 14. 4. sundag. Vester-gråe, skoddutt, em. regndripl. 15. Same ver. Kål-rensking, sandføring og –køyring. 16. Same ver. Slut på sand-sjauen. Byrja minera for ein ny silokumme. 17. Same ver, same arbeid. Litt klår-holutt på em. 18. Sudaust-gråe, yvertjukk med klårhol, ein liten regnskvett i morgonstunda. Arbeid med nep-binge i trollhuse. Anne gjekk åt Tverrbekklia i lag med Antonette Utland. – Fyrste bygg-åker’n tek til å skytast. – kula på av aust mot kveld, ein stutt, sterk regnskur sist. 19. Frisk austavind, yvertjukk med klårhol, ein regnskvett um morgon og ein um kveld. Arbeid i Trollhuse, matrialføring. Eg renska i kjøkenhagen. 20. Klår med rekskyar um morgon, still, drått av sud, tjukna seinare til, kula upp av vest og dripla nokre regndropar. Hemnestur, Trygve – elles: nepelandrensking, matrialføring. 21. 5. sundag. Eg er 64 år. Klår med rekskyar, still fm., vestavind em. 22. Still i morgonstunda med skoddhimel, blåste sidan upp frisk vestleg bris og reiv klårhol. Matrialføring, minering. 23. Yvertjukk med klårhol, still, varm, utpå em. tjukna’n til og tok til å regna. Same arbeid pålag. Eg tek til å måla under kjøkenlofte. 24. SV-gråe, sidregn. Mot kveld klårholutt, turr. Eg målar, dei støyper golv i Trollhuse – byrjar sidan laga til for slåttonna. 25. SV-gråe, skodde og regn i morgonstunda, sidan litt meir uppletta og turr, litt regndripl att i kveldinga. Byrja slå og hesja. 26. Still, skodde, sidregn. Slåttarbeide går og kryr då. 27. Vestleg gråa, regn fm., meir og minder, letta sidan upp til halvklår. Hemnestur, eg. 28. 6. sundag. Still fyrst, kom med havgøla frampå fm. og heldt dagen ut dermed – meir og minder yvertjukk, stundum mest klår – nokso varm. Tok inn fyrste hesja i kveldykta. 29. Olsok. Yvertjukk med klårhol, frisk havgøla. Slo på Rabben og i Inderdalen, hesja de meste, men breidde ogso litt. 30. Yvertjukk og skoddutt, NV blistring, fauk-elingar på fm., klårhol inn-imillom – turr på em., so de turka setehøy – vi raka 17 i Inderdalen. Slo elles Ratadalen og byrja ovanfor berge. 31. Skoddhimel, NV-gråe – har regna litt i natt. Seinare frisk NNV, fauk-elingar. Hesja upp de likaste av gårkveld-slåtten, slo sidan på Temmerberge og breidde. – Siste bygg-åkren skytast no. I dag koka vi gulrot. Svensktates’n finst, vel so stor som litlfinger’n min.

August 1. Skoddhimel, vester-gråe fyrst på dagen, letta sidan upp til mest fullklår med frisk havgøla om em. Fekk eitt lite turrhøylass og burtåt 50 sete. 2. Drog yver frå sud i morgonstunda og kom med regn framåt middag. Køyrde inn nokre sete tidleg på fm., slo sidan i Øverenge til middag. Em. i kål-åker’n og i skôte. 3, (Ny olsok) Still, skodde og regn. Hemnestur, Anne og Trygve. Heradstyre. – Lyste upp i middagstida, vart mest klår med havgøla, turka litt, so vi fekk inn eit hamm(?)drøgje med setehøy, raka dessutan nokre seter. 4. 7. sundag. Still, halvklår fyrst, klåra sidan heilt upp med frisk havgøla – VNV. Arbeidde med høye heile dagen, fekk inn 3 turrhøylass, raka sete i Øverenge. 5. Still, skodde, regndripl fyrst på dagen, seinare havgøla, turr, uppklårande. Slo og breidde i skrotland fm., sidan med maskinen på ”Teien” og hesja. 6. Still, tett og stendig regn. Slo av ”Teien” og hesja med strengen vara. 7. Same ver. Fjøsvask. 8. Same ver, litt turrare em. Same arbeid fm. – hoss oss baking. 9. Still fyrst på dagen, skodde i fjelli, ikkje heilt fritt for smådripl, sidan havgøla, turr, eit og anna solglytt. Fekk inn (x) lass hesjehøy, raka vel 60 sete. 10. Still, skodde, kom tidleg på fm. med litt regndripl, som smått auka på, til de i nons-økta ausregna . kom mot kveld med eit NV-kast og reiv litt i’n. Slo og hesja i Steinbakken. 11. 8. trieiningssundag. VSV, regnelingar. – Ny-tates’n prøva vi på gamle Olsokdagen – men han var små og grøn. I dag er han bra etandes. 12. Same ver – mot kveld nærmast VNV, med rok-glan. Slo i Øverenge og køyrde åt Steinbakken for hesjing. 13. Still, skodde og regn fm., vestavind og rok-glan ei stund på em., - mot kveld atter still og ausregn. Hesja med strengjen vara, slo sidan til nondags – og slo av. 14. Regne strøymer ned – imillom vindflagor av SV og V. Trygve for til Hemnes – åleine, roande, kom fyrst heimatt seinaste kveld. Ove slær stein. 15. Som i går, då ikkje fullt somykje regn i kveldøkta. Steinarbeid. Eg køyrde fram noko av eldste setehøye, åt Steinbakken – for hesjing. 16. Spak vestleg, regn-elingar med klårglytt imillom – avtakande, i kveld-økta turr, so de greidde seg å køyra inn nokre lass hesjehøy – 7 iallt – når vi kasta utor de som vått var. Elles steinarbeid – eg hesja gamall-sete. 17. Klår, sudaust-kjøla. Fint høyver. Hemnestur, Anne og Trygve. Elles høyarbeid – 5 lass turrhøy. 18. 9. sundag. Same ver. 19. Same ver, um kveld litt tjukk i vest. Trygve for burt på planlegging – i Storvika – fyrst på morgon. Elles høysjau. Fekk inn 5 lass av hesjor og setor. 20. Still, skoddhimel, skein av fram-åt middag og vart klår og varm – litt havgøla i nondagstida. Støyp-arbeid i Trollhuse. Eg veiva upp hesjestreng. 21. Yvertjukk, still fyrst, nokre små regndropar, kom seinare med litt sudaust-gråe og klåra upp – heilt klår på em. Køyrde inn eit lass hesjehøy i morgonstunda. Elles same arbeid. 22. Klår, sud-aust gråe til i kveldøkta, då han tjukna yver av sud-vest. 2 hesjelass inn um kvelden. Støyparbeid – eg grev grøft. 23. Siste hunddagen. Still, himelen skoddegrå, ølmoa i fjelli, eit lite vift av vest em., klåra samstundest noko upp. 4 lass turrhøy. Stod elles i same arbeid. 24. Barsok. Vere skipa seg mest liksom i går. Hemnestur, eg. Elles same arbeid. – Urmakar Ivar Berg på Hemnes døydde den 20. 25. 10. sundag. Still, tjukk ølmoa i fjelli, tetta seg i hop til skodde og drog yver himeln, blåste so kl. 14 upp av vest, frisk bris, byrja regna kl. 16. 26. Skodde og regndripl i morgonstunda, letta sidan upp og vart mest klår, med sud-aust gråe. Veit-arbeid (eg), støyp-arbeid (dei). 27. Klår, sudaust-gråe, + 18º R. Same arbeid – køyrde um kvelden inn resten av hesjene, 2 lass. 28. Same ver. Same arbeid. Ludvig Nymo tilhjelp i Trollhuse. 29. Frisk austavind, sky-lurvor jagande av sud-aust. Same arbeid, Ludvig Nymo med, men slutta i kveld. 30. Same ver. Ferdig med støypen, byrja med pussen. 31. Same ver i natt, stilltest i morgonstunda og tjukna yver, byrja regndripla strakst etter middag. Hemnestur, Trygve og Ove.

September 1. 11. trieiningssundag. Skodde nedpå marka fyrst på dagen, letta uppå fm. og klåra av, kom på em. med havgøla. Inga og Trygve tok tur utigjennom grenda, Anne og eg gjekk ein vending på kyrkjegarden. 2. Still, yvertjukk med klårhol i morgonstunda, seinare ein og annan regnskvett med solglytt imillom. Eg har målar-arbeid i kjøken, dei arbeid med silo-dekke. 3. Same ver å byrja med, elles mest turr all dagen, til i kveldøkta, då de skvatt litt fauka av nord med myrkbakke – seinkvelds mest klår att, ein liten gråe av aust. Framhald med pussen, med Lars Gjessbakken som ”pussmakar”. 4. Austavind, halvklår, sist på dagen yvertjukk og nokre regndropar. Pussinga skrid fram, elles skogrydjing i Øverenge og vedkøyring. 5. Still, halvklår, seinare auster-gråe. Pussen ferdig, Lars gjekk heim. Byrja skjera bygg på em. – Sjøbakken eldste åkren. 6. Austavind, halvklår. Staura fm., sidan framhald med skurden. Vi slakta ”Storegutt”, hadde Edvin til hjelp. 7. Halvklår, still fyrst, på em. nordavind. Hemnestur, Anne og eg – med slakte. Heime skar og staura dei, greidde nett åkren til kvelds – Sjøbakken. 8. 12. sundag. Halvklår, still fm., sidan NV-gråe. Fotball. 9. Klår, rimfrost, tatesgrase svidd. Drog sidan upp av NV, med fauk-elingar. Trygve ute på planlegging – heime skurdonn. 10. NV med regn-elingar, nokso tjukke og ufysne nokre av deim. Snø i fjelli på em. Trygve åt Utskarpen på planing, kom heimatt til kvelds. Vi staura bygg. 11. Nattkald, rim i grase i morgonstunda, sidan kald, bisk nordavind med myrkbakkedottar, uppklarande. Trygve ut-yver att. Heime slått i hagen og innreiding i Trollhuse. 12. Rimfrost, still, skodde i fjelli, blåste sidan upp sud-aust og skein av. Hesjing på hageslåtten. Ove i Trollhuse. 13. Raka dei skorne åkrane. Vere skapte seg som i går pålag. Byrja i kveldøkta å skjera på åkren uppå berge. Trygve kom heim. 14. Still, regn. Hemnestur, Trygve. Heime skurd og stauring. 15. 13. sundag. Sud-aust, halvklår. Josefine Straumsnes (og Betsy, syster hennar) gjesta oss. 16. Skodde og regn tidlegst på morgon, letta so upp til halvklår ei tid på fm., blåste deretter upp frisk austavind og tjukna til framyver em. Slo hå og køyrde i silo, Harald Øverland er her. 17. Still, skodde og regn på fm., letta sidan fint upp og var i kveldtida klår. Same arbeid. Trygve for åt Litlenge, skal vera med i utskifte. 18. Yvertjukk, upplettande, halvklår på em. Ferdig med siloen til middag, 6900 kg. Trygve i utskifte. 19. Still, noko regn fm., turr em. Skar bygg, vart ferdig med den. 20. Still, yvertjukk med ender-å-glytt. Staura byggen, skar sidan fre-timoteien. Trygve kom heim um kvelden, utskifte utsett. 21. Vest til nordvest vindkjøla, halvklår millom fauk-elingar. Hemnestur, Inga. Hesja fre-høy. Byrja smått i tateslande. 22. 14. sundag. Halvklår, vestleg gråe. Missjonsmøte hoss Josefine Straumsnes med talar av Kullerud og skreddar Grøttum (?), vi var der, Anne og eg. Trygve utyver åt Jakob-Angel. 23. Same ver, men med vindgråe av aust. Trygve åt Nerstraumen på yversyn og ny-utmåling. Elles tatesland-arbeid. 24. Haustjamdøger. Halvklår, austavind. Køyrde inn nokre-og 90 staur, - elles i tateslande. 25. Same ver, klåra heilt av mot kveld, med vinden kantra til nord-aust. I tateslande. Tok inn 16 staur um kveld’n. 26. Still, klår, frose på dya, blåis på Straumen. Trygve rodde til Hemnes i otta – i heradstyremøte – kom att i vanleg kveldstid. Same arbeid. 27. Same ver. Same arbeid – ferdig til nondags. Eg fekk 8 tunnor tates, ungfolka 26, forutan småtates. 28. Same ver – auster-kjøla. Hemnestur, eg. Trygve og Ove på sauleiting, fann deim fort all-i hop. Sidan gulrot-upptaking. 29. Mikkjelsmess. 15. sundag. Austa-kuling, tjukna yver av sud, byrja regna tett so kl. 9-10. Tok inn 60 staur til den tid. 30. SV og regn i natt og morgonstunda, stilltest og letta upp på fm., halvklår på em. Auksjon på Eide etter Ole Iversen, vi var der, Anne og eg og Trygve som snarast. Flutte naut-fee heim og sette sauene i sumarfjøse.

Oktober 1. Austavind, frisk, yvertjukk, kom med regn frampå fm., men turka av mot kveld og reiv klårhol i skodda. Tok inn resten av byggen, 24 staur. Tok elles upp kålrot. 2. Still, yvertjukk, regn. Nepeupptaking, silofylling (nepkål). 3. Still, yvertjukk med klårhol. Same arbeid. Hoss oss flatbrødbaking ei stund både i går og i dag. 4. Still, halvklår, sudleg drått, nokre regndropar av og til. Hemnestur, Trygve, med ymse hageprodukt – de er marknad, ”ti’nbyte”. Siloen ferdiggjort. Arbeid med resten av nepa. 5. Same ver. Hemnestur, eg og Ove. Trygve køyr’ inn nepe. 6. 16. sundag. Still, skodde, smått regn. Preike og jordfesting i Utskarpen, Anne og eg gjekk dit. 7. Halvklår, still. Trygve på planlegging i fjellgardom, Ove raukar nepe, eg målar kjøken. 8. Same ver, same arbeid heime, Trygve på planlegging i Nerstraumen. 9. Still, yvertjukk med klårhol. Same arbeid. Trygve åt Utskarpen. Leid på dagen kom jordstyreformannen, Sæther, og for etter han utigjennom. 10. Halvklår, austleg vind, sterk i kveldinga, de blåna til då og byrja dripla. Ove i Førnese på vegarbeid. Eg med gardtutl. Køyrde inn mesteparten av frehøyhesja um kvelden. 11. Still, regn, mot kveld ogso sud-vest. Same arbeid. Trygve kom heim i lag med Sæther – hadde fare yver dyrkingsjorda i Utskarpen. 12. Trygve 29 år. SV og regn. Ymist stell i garden, vedhogging o.l. Sæther og Trygve gjekk tilfjells, kom hit-att um kvelden. 13. 16. sundag. Same ver – men noko spakare. Trygve og Sæther atter på fart – åt Brennberg – Kvitnes. 14. Vet’nat. Still, regndripl. Trygve burte. Gardtutl heime. Ove minerar. 15. Same ver, auka med regne og blåste upp av SV på em. 16. Still, regndripl i morgonstunda, letta so fint upp og var halvklår til kvelds, då de tjukna til og byrja regna att. Trygve kom heim, landvegen frå Utskarpen, og arbeidde litt med veiting uppfor berge, Ove med no’ liknande ut-um fjøse. 17. Still, yvertjukk, litt regndripl no og då. Trygve inn-i grenda i embets ærend. Heime vart resten av frehøyhesja heimkøyrt og hesja ’punn fjøstele. Klåra heilt av um kvelden. 18. Klår med litt glya yver fjelli i sud, sidan uppdragande rekskyar derifrå, litt nattkald, blåis på Straumen, styrkja på dya, rim i grase. Dei pløgjer voll uppå ”Teien”. 19. Still, halvklår. Hemnestur, Anne og Trygve. Ove pløgjer og vart ferdig å segja. 20. 18. sundag. Yvertjukk, sudaust-gråe, mild. Anne og eg ferdast åt Nerstraumen, - ilagmed Fridtjov & Co, ho åt Fine på Straumsnes, eg åt Kåtenge. 21. Same ver pålag. Trygve ut på landlegging i Utskarpen og Brendberge. Ove ryder skog i Øverenge. Slakta ”Nordkapp”, Hans i Botne var Meister. 22. Same ver – aldri-so-lite isfale, både i går og i dag, men rak vekk med fallstraumen. Jens Førnes kom upp-åt, vi skipa inn slakte. 23. Same ver. Eg for til Hemnes og selde slakte – for 82 kr. Trygve – som kom heim i går kveld – reiste med, for åt Leirvika på planlegging, skulle derfrå yver til Buvika. – Klår um kvelden. 24. Still, klår, Straumen heil med is. Ove minerar. 25. Same ver. Slakta sauer (lam), Edvin i Botne. Trygve kom heim i myrkjinga. 26. Same ver å byrja med, leid på dagen noko sudaust-blåstr. Hemnestur, eg, med lamskrottane, unda Lia med Jon Tybekk. – Ove reiste heim. 27. Sudaust-kjøla, rek-skyar. Anne ferdast åt Tverrbekklia i lag med Petrine. 28. Halvklår, auster-kjøla. Eg gjekk til Falle på em., de var ”generalmøte” (--) på ungdomshuse. Kom heimatt so kl. 21. Trygve i Tverrbekklia fm., på landlegging. 29. Same ver. Trygve til Fredheim (Vilhelm Steen) i same ærend. Eg sit mest inne og arbeid med kjøtmaten. 30. Noko frisk austavind, elles same ver, nokre snøfjun i morgonstunda. Ymist heimestell. 31. Yverskya, ein orntleg kuling av sud-aust, isen sopa i hop åt Botnhole. Trygve åt Utskarpen på yversyn, kom att burtåt kl. 20. – Stilltest frampå em. og byrja regna smått.

November 1. Bededag. Mest klår i morgonstunda, vil snerkja på sjøen – sidan litt sud-aust kjøla, tjukna noko upp mot kveld. – De meldast om Lars Ryland, som har lege på sjukehuse sidan Jonsok pålag, at de har versna med honom, so de er tvilsamt, han står det yver. 2. Still, yvertjukk, regn og haglskurar. Em. SV gråe og berre regn – med klårglytt. Trygve utyver på landlegging. 3. Helgamess-sundag. SV-gråe, regnfusk, skodde i fjelli. Eg var på skulen – på møte i barne-avhaldslage. 4. Litt auster-kjøla, halvklår, blåis-snerkje, styrkja på dya. Um kvelden fullklår. Trygve for Utskarpvegjen til Hemnes – i heradstyremøte – kom heimatt kl. 18. 5. Still, klår – attfrosen sjø. I går og i dag smørkursus hoss Hans i Botne, frå kl. 14-17, ved ei reisande meierske. Inga var der – elles stort frammøte, kring 30. – Lars Ryland døydde på sjukehuse. 6. Sudaust-gråe, rek-skyar. Marka telar og svell upp. Sauklipping. Hittil har dei vore ute kvar dag. 7. Yvertjukk med klårhol, still fyrst på dagen, på kveldsida sudaust-gråe. Varmegrader i lufta, marka tinar. 8. Sud-aust blistring, snø-elingar i fjelli fyrst på dagen, letta sidan upp til halvklår, med fine sud-aust skyar. Skogryding i Øverenge desse siste dagane. 9. Sud-aust, halvklår. Hemnestur, Trygve, frå Førnese, rundtur um Botne. 10. 21. sundag. Still, skodde, regn, isen skaltrast og er berre til mein. 11. Same ver. Trygve utigjenom i embets ærend. Mot kveld upplettande, mest klår på sisten. 12. Sudaust-gråe, regn fm., sidan stilt, mot kveld turr. Vi rodde til Eide og heilt heimatt frammed strendene i flotida. 13. Still, halvklår – uppklårande mot kveld og litt kjøleg. Lars Ryland vart førd til graven, Anne og eg var der. 14. Austleg gråe, yvertjukk, lédna alt upp, sist på kveld regn. Slakta grisen, Edvin var meister. 15. Litt auster-kjøla, yvertjukk med klårhol, sist på kveld mest fullklår. Vi rodde her frå støa so kl. halv 7, frammed stranda, laut bryta litt for Vollbekkje-kjeften, sidan reint vatn til Eide. – Trygve og Heitmann for til Mo med grisslakt, Kr. Sjåvik skyssa – kom heimatt so kl. 18. – Brev frå Lars. 16. Halvklår, austleg kjøla, upplettande til mest fullklår um kveld. Hemnestur, Anne, ho for vidare til Sund og kom ’kje heimatt. 17. 22. sundag. Still, klår med glya på sud-himelen, gradstokken på 0º. 18. Same ver. Open sjø frå elva nedyver i går – i dag attfrose. Utpå em. litt sud-aust-blistring, med sky-lurvor frå same kant. Rydjar-arbeid i Øverenge. 19. Still, yvertjukk, léver. Anne kom heim med lokalen, Trygve ein tur åt Kåtenge på yversyn. Avholdsfyredrag på ”huse” av ei frk. Rasmussen, Anne og eg var der. 20. Klår med skyrand aust-yver. Austavind, rekskyar seinare på dagen. Avholdsfyredrag i kveld og, Inga og Trygve var der. 21. Same ver pålag – auster-gråe, rek-skyar. 22. Klår, litt auster-gråe. Trygve ein tur åt Storenge. 23. Klår, nordaust-gråe, eitpar kuldegradar. Hemnestur, Trygve. Brev åt Lars. 24. 23. sundag. Still, klår, ÷ 8º R på fm., drog mot kveld yver frå sud. 25. 4 år sidan ulukka hende med handa mi. Still, snøfjun. Vi for yver isen åt Kjeldnese og henta heim trøskmaskin, med fjæra i lysinga. Um kvelden køyrde vi til Nymoen etter motor og fekk han uppmontert. 26. Framleis snø, lagt ned 10-12 cm pålag i natt. På em. smått regn – heile dagen still. Vi trøska fréhøy fyrst, sidag bygg – Martin og Else Nymo og Dagny Øvringmo tilhjelp. 27. Fyrste advent-dagen. Still, meir og minder snø. Vi tina korne, køyrde motoren heim og tok dryftaren attende. 28. Same ver. Auste upp og renska fjøsbrunnen fm., dryfta em. 29. Klår, nord-aust, ikkje serleg kald. Trygve åt Utskarpen med smør. 30. Still, snøfjun, 30 cm snø. Isen i uføre, Trygve køyrde rundt til Eide. På em. dryfta vi.

Desember 1. 1. advent-sundag. Frisk sud-aust, yvertjukk, léver. Jensine Nymo giftar seg i dag med Arne Kildal. 2. Same ver, sterk. Dryfting – ferdig med byggen. Fekk innåt 500 kg tungt og 260 kg lett korn. 3. Same ver. Ner-isen på rak millom landi. Trygve for ein tur åt Kobskjerlia i brandtakst-ærend. 4. Same ver. Byrjar ta snøen av og gjera hålke på vegane. Isen vart stuva uti Botnhole, so d’er roande mest åt Lanese. 5. Mest same ver, litt spakare, nord-austleg og kjøleg på fm. med kov i fjelli, mot kveld léver, still, myrk og dimm. Rodde båten heim frå Medstraumsjøen. 6. Kula upp att i natt av aust og nord-aust, klåra upp framyver dagen – spaktest på em. og var i kveldinga still, tok so smått til å snerkja att. Trygve og eg var roande i Førnese med korn (lett) og skipa umbord hoss Jens for å ha på mølna. 7. Yvertjukk med klårhol, auster-gråe, sopass de heldt open sjø, utanum eit smalt band frammed gamall-isen. Hemnestur, Inga og eg, her heimefrå og hit-att, med Jens Førnes. 8. 2. advent-sundag. Still og mest klår fyrst, drog sidan yver frå sud – litt auster-gråe em. 9. Still, yvertjukk, snøfjun. 10. Still fyrst, våtsnø og skletta, seinare på dagen SV-gråe. 11. SV og regn – de berrkast og blir hålke. Rodde til Eide i rein sjø. 12. Like-eins – mest uver stundum. 13. Spak vestleg, haglskletta i elingan. Eg gjekk til Falle med smør for ungfolka. Trygve tok inn nepe. 14. Still, yvertjukk med klårhol, har fjuna litt yver hålka i natt, so d’er betre å gå. De snerkjer på sjøen, men motorbåten gjekk då heilt hit lett. Hemnestur, Trygve. Eg vaska upp kjøken fm., tok inn nepe em. 15. 3. advent-sundag. Sudaust-kjøla, klår med sky-lurvor i frisk sudaust- drått. Straumen attfrosen. Trygve ein tur åt Nerstraumen – gangande rundt. 16. Sud-aust gråe, rek-skyar, tjukna seinare meir til og lédna upp em.(?), klåra so smått upp att. 17. Mest like-eins med vere. Edvin var her på em. og slakta gravéren. 18. Halvklår, still, til i kveld-skymringa, då de byrja blåsa litt av sud-aust og tjukna meir yver. 19. Sudaust-bris, yvertjukk, uppklårande. Folk går og freistar isen, han tek so smått til å verta berande. Trygve gjekk rundt Botne åt Førnese, rodde til Hemnes i heradstyremøte. 20. Sud-aust, ei og anna droga, halvklår. Eg gjekk til Falle med smør, kom heim-att i middagstida, gjekk sidan åt Førnese med oljespanna og litt sendegods. Botnkarane drog båtar etter isen heilt åt Førnesodden. Trygve kom heim so kl. 17. 21. Same ver pålag. Isen farande yverallt, men ikkje landkomande frå halvflødd til halvfallen. 22. 4. advent-sundag, solkverv. Same ver. 23. Nord-aust, yvertjukk, snøfjun og blindhålke. 24. Jolafta. Still, halvklår, litt kjøleg. 25. Jol. Still, kovfjun fm., uppklårande em. Anne og eg gjekk ein ”grynnetur” åt Sjåbakken – de var passeleg skosnø, men mykje blindhålke. 26. Still, halvklår fm., sidan yvertjukk med ein og annan gufs av aust. – Ove i Dalosen kom hit på jolevitjing. 27. Halvklår, austavind, tjukna til mot kveld. 28. Still, yvertjukk, léver. 29. Sundag etter jol. Sud-aust gråe, regnfusk. Eg gjekk åt Sjona, der var preike på kapelle. På heimvegen jolegjesting hoss Hans i Botne. Eg kom heimatt so kl. 18. 30. Same ver pålag. 31. Frisk, turr, kjøleg austavind, halvklår. Isen styrknar, men landkallane er enno skrøpelege.