Dagbok Olav Engen 1933

Fra Wiki
Hopp til: navigasjon, søk

1933

(2 ark i dagboka for 1933 er skadd, slik at noko av teksten anten er borte eller uleseleg. Rekonstruksjonen er usikker sume stader. OE)

Januar 1. Ein herleg nyårsdag, den finaste eg kan minnast å ha upplivd, når alt reknast med: léver, be[…] heile Straumen open, litt auster-kjøla, halvklår med raude og gullglimande skyar yver fjelli i sud. Ved kveldtid måneljost med nordljos, sopass kjølegt, at de tok til å tela marka. I middagstida gjekk Anne og eg ein tur åt Storlia, for […] å njota utsynet frå Sjåbakk-pynten. 2. Still, yvertjukk med klårglytt, litt snøfjun lagt i natt – de snerkjer på Straumen. 3. Yvertjukk, , sudaust-kuling, sopa i hop isfalen, so her er reint […] 4. Still, yvertjukk, smått regn. Seinare på dagen turr, kl. […] frisk SV drått. Vi rodde til Eide med ein kornsekk, skulle sendast til Brattlands-mylna. Gamle Berntsen gjesta oss i kveldseta, han kom frå Utskarpen, vart her natta yver. 5. […] klår fm. og noko kjøleg, so Straumen snerkja [……….] yver og blåste frisk upp av sud-aust, spaknande mot kveld. 6. Trettandag […. Eit par liner uleseleg ….] is her frammed stranda til Vollbekkjen, derfrå open sjø – men de såg ut for, han snerkja fort yver. 7. Still, skodde, noko kjøleg, hålke og rim, Straumen attlagt. Hemnestur, Inga, med ”Grei” frå Eidbukta. Joletrefest på ”huse” um kvelden, vi var der all-i hop. Johs. Lauvbakk hadde slege ei lita gangbru [yver?] elva på foss-hovude. 8. 1. H-3-K-sundag. Still, yvertjukk, [.. uleseleg .. ] litt snøfjun, so de dekte marka. Anne og eg i jolegjesting på Ryland. 9. Still, yvertjukk, 5-6 cm snø. Litt gråe av VNV med […] seinare på dagen. 10. Still, regndripl fyrst på dagen, […], um kveld litt kjølegare, med lett skodde. 11. Still, nokso [….] skodderøyk yver himelen. På em. smått snøfjun, [……] kvelden. 12. Midvinter. Litt kovenn i morgonstunda, [….] ..etter dagen, for so å tjukna til seinkvelds. Vi henta mjøl […..] frå Bratlands-mylna. 13. Tjugand-dag. Lettskyutt [….] fyrst, seinare snøfjun, lédna upp. 14. Still, […..] Hemnestur, Trygve, frå Eidbukta med [uleseleg] […..] tok’n til å blåsa litt av sud-vest. 15. 2. sundag e. H-3-K. Yvertjukk, léver, sud-aust. ”Sanitetsmøte” på Nymoen, Anne er der. Lettar upp mot kveld og kjølar lufta. 16. Still, klår, vi ser sola – blåser litt […] og drog upp nokre skyfillor på em. 17. Yvertjukk, sudaust-gråe. Folk gjeng yver isen heilt ned-unde Lia – opensjø ned-um Fagerlinese – men d’er kje komande på’n med floa. 18. Halvklår, austavind, upplettande, ÷ 4º R. Isen og landkallane styrkjast. 19. Klår med rekande s[…] frisk austavind, ÷ 8º R. 20. Same ver, berre somykje klårare i sud at […] fekk skina – elles kald og bisk, ÷ 8º R. 21. Like-eins – klår, kald[..] bisk auatavind, ÷ 9º R. Hemnestur, Anne, frå Førnese. – Målaren Grønbeck er død den 18. 22. Fyrst på morgon og fm. still og klår[…] glya kring fjellrandi. Frå kl. 11 tok’n til å tjukna yver av […] og lédna upp – frå ÷ 12º R i lysinga til ÷ 6º R i myrkninga. Litt dun-snø frametter kvelden. 23. Still, yvertjukk, varmemåle stigande frå ÷ 4º til ÷ 1½º R. 24. Still, skodde, skletta og regn. 25. Sud-aust, léver med litt vester-kjøla – byrjar verta hålke på vegane. 26. Same ver, i kveldinga ein liten rusking av SV, byrjar verta flekkjebert [….] ein gong. 27. Litt kjølegare fyrst på dagen, still og litt snøfjun, so marka vart kvit og hålka gangande. Mot kveld SV og regn att. 28. NV storm og kov. Hemnestur, eg, frå Førnese. – Spakna mot kveld. 29. 3dje H-3-K-sundag. Still, snøtung, upplettande frametter dagen, mild i lufta. 30. Still, smått kov fm., sidan upplettande, littt kjølegare og mest klår ved kveld. 31. Yvertjukk, sudaust-blistring, 0º. Vi set i stand køyregreiene

Februar 1. Same ver. Nepekøyring. – Dei byrjar i dag vegarbeid – hovudvegen Røli – Storalteren – innpå Jamtjorda. 2. Kynnesmess. Still, léver, SV-drått, tung snø. Vi la skogveg åt Vinberbakkan og køyrde heim 4 lass. 3. NV og kov, ildt(?) ver. Skogkøyring, 6 lass. 4. Still, kov-elingar. Hemnestur, Trygve, undan Lia, med Førnesbåten. Skogkøyring, eg, 4 lass. 5. 4. sundag. Vere som i går. 6. Klår med skyar kring fjelli fyrst på fm., seinare ein lang og tjukk kov-eling – på em. litt tunn kovmøra – upplettande – still heile dagen. Køyring fortfarande, 6 lass. 7. Still, klår med lett glya og skydottar frammed fjelli, ÷ 10º R. 2 lass, slutt med vedkøyringa, tok til å køyra stein av nylande. 8. Still, yvertjukk, kom med kov frampå fm. Heldt fram med steinkøyringa. ”Sanitetsmøte” på Øverland, Anne var der. Ferdig med steinkøyringa. 9. SV og regn – i kveldtida ein heil kuling. 10. NV og kov. 11. Same ver, men spak. Hemnestur, eg, frå Eide med Førnesbåten. 12. Sundag septuagesima. NV og hagl, sterk i elingan, still og fin imillom (ein regnskvett fyrst, tidleg på fm.). ”Morsfest” på ungdomshuse, vi var der, Anne og eg. 13. Still, tjukk, SV-elingar. 14. Like-eins. 70 cm snø, ÷ 2½º R, stigande til 0. 15. Still, klår, litt auster-kjøla i lysinga, ÷ 7º R. 16. Skyutt frammed fjelli, drog smått yver og var jamngrå ved kveld – umlag same kulde. 17. Litt nord-aust fm., sidan still, klåra upp, ÷ 9º R. 18. Still, klår, med aldri solite fin glya, ÷ 11º R imorgest, steig til ÷ 6º R um kvelden. Hemnestur, Trygve. 19. Sundag seksagesima. Kald, bisk nord-aust, fok, ÷ 7º R. 20. Same ver, ÷ 10º R på fm., tjukna til og lédna liitt mot kveld. 21. Same ver, berre ein mon sterkare, yvertjukk og lik til kov, til fram mot kveld, då de byrja letta upp. Nepekøyring, resten. 22. Klår, spak austavind, stillare i lufta, upptil ÷ 1º R. 23. Klår, kald nord-aust att, ÷ 8º R. 24. Same ver, ÷ 7º - 4º R. 25. Still, klår, ÷ 15º - 12º R. Fastelagssundag. Still, klår, ÷ 17º R i solovringa. 27. Same ver pålag, eitpar grader mildare, til de i skyminga drog upp litt dimma yver fjelli. 28. Still, litt snøskodde burti fjelli, drog smått yver, til de upp mot middag byrja snø. Skogarbeid – både i går og i dag. Kulde: ÷ 11º R på fm., stigande til ÷ 4º i skyminga.

Mars 1. Still, frosthare, med fine solglytt, ÷ 3º R. 45 cm snø. 2. Still, lettskyutt, uppklårande, litt kjølegare mot kveld. Inga kom med ei dotter strakst yver midnatt. I dette høve var Lise Utland og Jensine Nymo her tilhjelp – forutan jordmora. 3. Still, klår, ÷ 13º R. Elles ein fin-fin, solblank vinterdag. 4. Klår, litt nord-aust blåstr, ÷ 4º - 5º R. 5. Fyrste sundag i fasta. Same ver. Kula på med vinden i kveld-ykta. 6. Klår, sterk, bisk nord-aust, ÷ 5º R. 7. Like-eins – spaktest og byrja tjukna til mot kveld. 8. Still, yvertjukk, litt snøfjun. Skogarbeid – likeins dagane fyrr – rydjar av uppi Granmoen. 9. Same ver, same arbeid. 10. Snøfjun til de vart skikkeleg ljost, då de tok til å regna. 11. Still, regn, skodde. Hemnestur, Trygve, frå Eide. 12. Gregesmess, 2. fastesundag. SV og regn. 13. Still, litt regn, litt skletta, upplettande og litt kjøleg mot kveld. 14. Still, lett yverskya, klårglytt, ÷ 4º R i morgonstunda, + 3º em. 15. Still, dun-snø, ÷ 9º R i morgonstunda, sidan litt vestleg blåstr og smått kov – på em. atter klår. 32 cm snø. ”Idun” kalva – svartsidutt okse. 17. Still, klår, ÷ 10º R i lysinga, stigande til ÷ 2º på em., med litt austa-blåstr. 18. Klår, ÷ 6º R, kald, bisk nord-aust. Um kvelden still, med litt tjuknad kring fjelli. 19. 3. fastesundag. Still, morgonkvass, litt frostrøyk yver fjelli fyrst på dagen, seinare klår, ÷ 10º R i solovringa, stigande med soli, ÷ 7º i myrkninga. 20. Still, frostrøyk yver himelen, litt fallande snøfjun, ÷ 10º R i morgonstunda, lédna upp frametter dagen, men kvesste i mot kvelden att. 21. Jamdøger. Still, halvklår i morgonstunda, ÷ 8º R, seinare yvertjukk og lett snø, lédna upp til + 2º em. – ved kveldtid atter klår og kjøleg. 22. Still, kov – lagt ein slump snø i natt. 23. Same ver – fyrst på dagen. På em. kladdsnø, som slo yver i regn so kl. 17 pålag. 24. SV og regn med solglytt imillom. 25. Vårfrumess. SV og regn. 26. Midfastesundag. Still, yvertjukk med klårglytt, ingen nedburd. 27. Yvertjukk, snøskletta fyrst på fm., sidan regn. De byrjar verta flekkjebert uppi bakkebrunene. 28. Still, regn, eitpar solglytt midt på dagen. Byrja køyra møkkr. 29. Lars 55 år. Still, regn, vester-kjøla. 30. Like-eins – med nokre solglytt, turr mest heile em. 31. Still, yvertjukk, smått regn. Dei for i likferd med Bernt Storholmen, som døydde den 19. Anne og eg fylgde med på kyrkjegarden.

April 1. Like-eins som i går til å byrja med. Men alt tidleg sett’n i med NVog kov. Hemnestur, Anne og Trygve. – Vinden kantra på em. uppi nord-aust, med turr snø og fok. 37 cm snø. 2. Vårfrumess-sundag. Nord-aust og frost , ÷ 5º R. Anne og eg gjekk til Storholmen på gjesting. 3. Same ver. 4. Halvklår, still, ÷ 5º R i morgonstunda. Misjonsmøte på Straumsnes med fastepreike av presten, Anne og eg var der. 5. Yvertjukk, skletta og snø, på em. vind av VNV. 6. Spak vester-gråe snø-elingar, som tok av til dei utpå em. heldt upp. 7. Still, ÷ 4º i morgonstunda, klår med litt sudaust-glya, tjukna til seint um kveld. 8. Still, litt smått rek-kov. Hemnestur, Trygve. 9. Palmesundag. Klår med tunne rek-skyar, litt austavind, tjukna heilt yver mot kveld og kom med litt urfint vass-hagl. 10. Still, skodde og regn. 11. Léver, still, ingen nedburd, tunnt yverskya. Møkkr-køyring på fm. På em. tok’n til å regna stridt. Ludvig Dverseth og fru, foreldri hennar Inga, kom hit strakst etter middag. 12. Stilt, skodde, regn. ”Pekka” lamma um kvelden, ein stor ver. 13. Vind, vest til nordvest, regn, skletta og turr snø. ”Trilla” lamma um natt-morgon, 2 ver- 1 sau-lam. – I går gjekk de an – på ski – å koma av og på land i Langnesbukta med halvfallen sjø – i dag ser de ut for å vera roande. 14. Langfredag, sumarmål. NV-elingar med kov, fine klårglytt. 15. Påskeaftan. Yverskya, gråkaldt, nord-aust og snøfjun ei stund. Møkkr-køyring fm. 25 cm snø. 16. Påskedag. Still, klår, nattkald, skaraføre, ÷ 8º R i solovringa. 17. Andredag. – Same ver. 18. Like-eins. Trygve for til Eide på fm. til møtes med fylkesagronom Breirem, som kjem for å halda fjøsvitjing – Trygve skal vera med. 19. Same ver til litt yver middag, då de tok til å tjukna av utnord og lédna i lufta. Trygve til fjells med Breirem, kom heim til kvelds med honom i fylgje, og han var her um natta. Eg køyrde møkkr upp-yver på nylande. 20. Still, yvertjukk, léver. Trygve iveg med Breirem, ikkje ventande heimatt fyrr helga. Dverseth-karane reiste. Mot kveld ein stutt snø-eling, sidan smått regn. 21. Still, léver, ender-å-gong nokre regndropar. Møkkr-køyring. Inga på Øverland kom hit i går kveld, skal vera hoss vår Inga. På em. litt sudvest-gråe. 22. SV og regn – i middagstida gjekk’n meir til vest med kov – um kvelden nord-vest og ordentleg ruskver. Isen brotna av millom Bakarvollen og Hagabergbekkjen. 23. 1. sundag etter påske. NV og kov-elingar. Isen brotna millom Elvkjeften og Kjeldnese, ner-isen rek nedyver. På kveldsida reint regn att – spak vestleg vind. 24. Same ver som i går kveld. 25. Still, skletta og regn – på kveldsida litt vind av sudvest. bar inn sædtates. Trygve kom heim um kvelden etter sengjetid. 26. Still, yvertjukk med litt regndripl fm., sidan turr. Ner-isen rak ned-igjennom, øver-isen heilt landlaus. Sædtatesbering, resten. 27. Still, yvertjukk – fjøsvegen heilt berr. På em. litt regndripl. 28. Anne 61 år. Same ver. Vi – Anne og eg – rodde frammed isen og til Eide, med di, at vi drog båten yver Medstarum-aursnippen. 29. Same ver – isen ligg like-eins. Hemnestur, Trygve, frå Medstraumsjøen med ”Grei”. 30. 2. sundag e. påske. Spak, utnordskjøla, litt fint sklettfjun i morgonstunda, sidan turr, klårholutt på em.

Mai 1. Still, tettskyutt, kjøleg, litt påfrose på dya, litt blåis nedpå sjøen. Kring husnovene er de no bert eller nedpå klakane. 2. Like-eins å byrja med, men tjukna til uppå fm. og byrja falla litt snøfjun, som på em. gjekk i tung skletta og um kvelden i SV og regn. 3. Krossmess. Vesta-vind, skletta, med klårglytt – i kveldtida NV og turt kov. Øverisen vart skuva innyver, so de no er rein sjø i Botnhole, heilt til inder-enden av Laberge. 4. I morgonstunda still, mest klår, nattkald, Botn-hole attfrose og yverkvitt av snø. Reiv seinare upp ny-isen, men NV og kov heile dagen. 5. NV og kov, heilt yversnøa, Straumen full av snøsurpa. Tok av med vere ut-etter dagen, um kveld spakenn utnordshengsl. Botnkallane var her og snakka um stam-uksen – utan resultat. 6. Spakenn NV, halvklår. Hemnestur, Anne, frå Kjeldnese med Førnesbåten. På em. slo vinden um til nord-aust og klåra heilt upp. Inderstykkje av øverisen rak ned-igjennom, ytterstykkje tørna upp i Kjeldnese og vart fasthelda der av vinden. 7. 3. sundag e. påske. Nord-aust, bris, klår og kjøleg. 8. Still, nattkald, lettskyutt – blåis på Straumen på fm. ei stund, so kom de litt auster-kjøla, som køyrde siste isflake ut i Botn-hole att. 9. Halvklår, drått av vest til nord-vest, still fm., kom på em. med havgola. Sloga timber på Botn-saga, byrja stella litt i hagen. Trygve arbeid med å leggja ny sjøveg. 10. Nord-aust, nattkald, klår – fram mot kveld små skydottar med drått frå sud-aust. 11. Nord-aust bris, tunn glya yver heile himelen, på em. varm. Trygve strauk åt Utskarpen på planleggjing. ”Sanitetsmøte” i Botne hoss Fridtjov, Anne var der. 12. Still, klår, nattkald, godt påfrosen i morgonstunda, kom sidan med sudaust-gråe og tjukna yver, so de i kveldtida var mest likt til regn. Sloga matrial frå Botn-saga. 13. Auster-gråe, halvklår fyrst på dagen, tjukna sidan meir til, som i går. Hemnestur, Trygve, heimanfrå med Førnesbåten, fekk heim kunstgjødsla, 9½ sekk i alt. 14. Lettskyutt, auster-gråe, drått av nord. 4. sundag e. påske. Klåra sidan heilt av og var ei stund bra varm og god snøbrede. Anne og eg rodde til Jamtjorden, derfrå gjekk eg åt Nordenglia og kjøpte 200 never hoss Fredrik. 15. Austavind, klår, helst kjøleg å kalla. Spading i hagen, kunstgjødselsåing. D’er bert no yverallt på heimebøen, undateke ein liten snøflekk nedst i ”Ratadalen” og ein under berge attmed skôte.De tek smått til å gro litt òg – sauene er ute fyrste gong og vart flutt åt sumarfjøse. 16. Nord-aust, klår, nattkald. Eg for iveg i solovringa, innåt elva ved Nordenglia og bar nævera uppfyre på køyrandland. Elles spading og harving, laukplanting og gulrotsåing. 17. Still, kjøleg, litt tunn glya yver himelen og ei skyrand ytst i vest – tjukna yver frametter dagen. Trygve køyrde åt Hesthaugen etter nævera og fram i Litl-enge og lånte moldskuffa – tok so til å arbeida på nylande. Barnefest på skulen. 18. Yvertjukk, still, aldri solite regndripl eitpar gonger på fm., sidan turr, vester-kjøla. Harving og jamning på nylande, utjamning av molda etter nepedungane, litt spark i hagen. 19. Yvertjukk, nordavind, i kveldtida litt regndripl. Sådde bygg på nylande. 20. Lett yverskya, still i morgonstunda, sidan NNV bris, klåra upp. Hemnestur, Anne, med Førnesbåten. Harving og hakking på nylande – pløgjing på Sjøbakken, og jamning med moldskuffa. 21. 5. sundag e. påske. Klår, auster-kjøla, nattkald, mykje blåis imorgest. 22. Klår, sud-aust og solskin. Trygve møkkrar og pløgjer, og spadar i hagen. Vinden gjekk på em. um til nord-aust og de kjendest kjølegt etter soleglad. 23. Klår, auster-køla, som seinare gjekk til sud-aust. Møkkrkøyring og pløgjing. Sette kålrot, nepe og svensktates i hagen. Rogna tek smått på å spretta ut, elles er de smått med lauvinga i skogen. 24. Sud-aust og solskin. Pløgjing, møkkring og harving. 25. Heilagtorsdag (”ålmanns plog”). Klår, sud-aust kjøla fm., på em. kjøla av nord. 26. Mest like-eins, berre litt friskare nordleg bris på em. Harving, kunstgjødselsåing, byrja setja tates. 27. Inga 27 år. Same ver. Sette tates, sådde bygg, og harva ned. 28. 6. sundag e. påske. Like-eins – sud-aust fm., nordleg vind em., nokre siglande skydottar frå vest på em., um kvelden litt tunn glya i sud. 29. Halvklår, nordleg vind, uppklårande mot kveld. Tates-setjing, vart ferdig – møkkra og pløgde kål-åker (ned-um fjøsen). 30. Klår med lette skyar, dragande frå nord – still og auster-kjøla fm., nordavind em. Eg bredde båten, Trygve gjorde kål-åkren ferdig, sådde kålrot, køyrde sidan møkkr på nedi ”Tørvenn”, de, som nepeland skal vera. Kyrne ute fyrste gong og gjekk i Øverenge. 31. Yvertjukk, nordavind, ikkje fritt for snø-elingar i fjellei. Eg rodde til Finneide i lag med Svein Utland, kom att so kl. 16.

Juni 1. Nordavind, litt spakare enn i går, gjekk til nord-aust og klåra upp. Nattkald, berre + 2º i solovringa. Trygve harva, Anne og eg vaska upp (kjøken). Kålplanting. 2. Still, klår, nordaust-gråe. Uppvask (stovelofte), Trygve sår grasfrø og rullar byggåkren, harva nepelande ferdig og rulla, batt i hop sagtimber i sloga – og sådde nepe um kvelden. 3. Klår, sud-aust, tjukna upp i sud og vest mot kveld. Hemnestur, Trygve. – Uppvask (vi to, stova). Trygve, meir kålplanting mot kveld, alrasist burt til Skogholt for å leggje ein dyrkingsplan. 4. Pinsdag – vester-gråe, skodde og regn. Kyrkjetur, Anne og eg, med ”Grei” (Nyrud), som gjekk med dåpsborn frå Jamtjord og Eide. 5. Andredag – same ver i morgonstunda, men heldt snart upp å regna og klåra av på em. Presten heldt jordfesting på kyrkjegarden og preika ved skulen, Anne og eg var der. 6. Still, klår med skydottar i morgonstunda, tjukna upp utetter dagen. Trygve til nerstraumen på dyrkingsyversyn – eg med gardstutle heime. Kyrne vart flutt åt sumarfjøse. 7. Still fyrst på agen, litt glya og ølmoa kring fjelli, kom strakst fyrr middag med havgøla og klåra heilt av. Trygve for åt Utskarpen i yversyns-ærend. Heime held Kåre Øvringmo på med å setja dørhol på andrestuveggen. 8. Still, klår fm. og steikjande varm (+ 19º R), em. havgøla, som kjølde lufta litt. Gjerde-vøla – Trygve framleis i Utskarpen. 9. Klår i morgonstunda med små skylurvor, sette smått upp myrkbakke og blåste upp ein frisk bris av NV, i kveldtida halvklår. Sotdryfting, steinkøyring – Trygve kom heim mot kveld. 10. Still, yvertjukk, regndripl fyrst på dagen, sidan turr vester-gråe, ved kveld klårholutt. Hemnestur, Anne og eg – med Førnesbåten. Svensktatesen byrjar koma upp. 11. Trieinings-sundag. halvklår i morgonstunda, still, kom sidan med frisk havgøla og klåra upp. (Konfirmasjonshelg). 12. Still, klår, litt kjøleg i morgonstunda, med sterkt doggfall, elles turr og varm. Arbeid på nylande (grøfting og fylling) med Ludvig Nymo tilhjelp. 13. Klår fyrst, drog kring middag upp litt glya og tjukna mot kveld heilt yver og fall nokre regndropar – litt sudleg kjøla fm., em. vestleg gråe. Varmaste adgen hittil, + 22º R. Same arbeid med same mannskap. 14. Yvertjukk, frisk vestleg bris, litt regnskvett ender-å-då. Same arbeid, men utan framand hjelp. 15. Klår og varm att. Rensking på nylande. 16. Klår, varm, sudaust-kjøla. Nylandspløgjing, Hans og Kristian. 17. Still fyrst, noko skyutt, ei stund ikkje so lite lik til regn, men blåste upp med sud-aust og reiv’n av att -. harving og hakking på nylande. Trygve laut fara til Hemnes um kvelden – roandes, i lag med Heitmann – for å høyra etter eitpar grisungar dei venta, og som ikkje kom – dei kom heimatt i midnattstunda med ugjort ærend. 18. 1. sundag e. trieininga. halvklår, sudaust-gråe, uppklarande ved kveld. 19. Sud-aust bris med skydottar, + 21º R. Harving og rensking på nylande, sådd bygg og grasfrø um kvelden. 20. Same ver, + 23º R. harving (yvermolding) og rulling på nylande. Trygve teiknar dyrkingaplanar. To av syatrene hennar Inga kom med dampen hit på gjesting, Laura og Emma. 21. Same ver – turt, turt! Solkverv. 23. Jonsokaftan – men ingen jonsok-eld, berre klårver, med nokre tunne, turre skyar fyrst i morgonstunda, som sopast vekk strakst sola kjem fram-i. 24. Jonsokdagen – klår, med frisk austavind. Hemnestur, Trygve, med Førnesbåten. 25. 2. sundag. Dåpshøgtid, vi var til kyrkja all-i hop – med Førnes – so-nær-som Inga Øverland. Litl-tausa vart kalla ”Arna”. Faddrar: Lise og Svein Utland, Emma Dverseth og Edvin Straumbotn. Litt havgøla på em. 26. Frisk havgøla, skyar her og der kring fjellranda. Vi rodde timber på medstraumsaga på em. med floa. Elles nepetynding og flatbrødbaking. 27. Yvertjukk, litt auster-kjøla. nepetynding, flatbrødbaking – henta litt matrial av saga. 28. Ein liten frisk regnskur i 2-tida i natt – i dag frisk havgøla, upklårande. Trygve sloga matrial i natt. I dag nepetynding att. De har vore turt i heimebekkjen både denne og fyrre veka, vi ber vatn frå Engesdalen og Øverenge – i fjøsbrunnen er då litt leirvatn enno. Åker og eng held seg langt betre enn ventandes, etter all turken. 29. Klår, med skydottar og havgøla på em. – i kveld-økta tok’n til å tjukna upp av SV. Vi slo burtetter fjøsvegen og kringum skôte, som vi skal tekkja upp. 30. Yvertjukk, vestleg gråe, litt fauka no og då. Vi reiv skôt-take av på austsida og byrja tekkja på de.

Juli 1. Yvertjukk, litt fint duskregn i elingan. Hemnestur, Anne og Trygve, eg putla med taktekkjinga, vi vart då ferdig til kvelds, med undatak av nokre torver. 2. 3. sundag. SV og regn – kula på ut-etter dagen og vart nokso ruskutt. 3. Same ver – no vart de slutt på vass-nauda. Torva på resten av skôt-take, elles lappar-arbeid – inneseta. 4. Yvertjukk, turr vester-gråe til yver middag, sidan seig’n burti SV og regn att. Hyppa tateslande, køyrde heim ved. 5. Spak SV og regn. Eg rodde ned-um på fisketur, de gjekk’kje so verst. 6. Yvertjukk, frisk vestavind, klåra upp ut-etter dagen, ved kveld still og klår med litt glya og tjukna kring fjellrandi. Rudde kjerr og lauva. 7. Vere som i går kveld med litt austleg kjøla. Same arbeid. 8. Same ver. Etter middag for eg til Eide og reiste med ”Thorolf Kveldulfson” til Sandnessjøen. 9. 4. sundag. ”Thorolf” gjekk til Mosjøen med folk, derifrå bilskyss til Hattfjelldalen, der Helgeland Skogselskap hadde årsmøte – eg var med – kom dit-upp so kl. 14. Møte – med tri foredrag – var slutt burtåt kl. halv 19 –, kl. 20-21 bar de nedover igjen til bilane, kl. 23 i Halsøy umbord i ”Thorolf”, som venta ved kaia, og attende til Sandnessjøen. - Nokre regndropar i Hattfjelldal so kl. 19. Heime ”sanitetsfest” på ungdomshuse. 10. Klår, frisk sud-aust. Dampen gjekk frå Sandnessjøen so kl. 6, kom til Nesna innåt kl. 11, fekk fylgja ein motorbåt til Skogsøy, tok derifrå umlag kl. 12 uppfyre på vandring yver Sjonfjellet. Uppå høgda komen fekk vi frisk blåstr, fyrst av SV, kantrande til vest og VNV, med aldri-so-lite regndripl, de tjukna yver og la skodde um dei allrahøgste tindom. Auka på til kuling, stiltest mot kveld. (Kristian Koteng var med meg). Kom til Jektstranda kl. 18, til Falle kl. 19, heim kl. 21. 11. Yvertjukk, ein regnskur i morgonstunda, sidan uppklårande. Byrja slå so smått. 12. Yvertjukk, still fyrst, seinare litt vestleg vind og fauka. Maskinslått og hesjing. 13. Yvertjukk, vestleg gråe, upplettande fram-yver dagen. Same arbeid, dertil lauving. 14. Vester-gråe, halvklår. Slutta med hesjinga, slo ”Ratadalen” og litt annan skrapslått og breidde – fekk litt turrhøy, so de kan reknast for 2 lass i alt. 15. Yvertjukk, regndripl, som auka på og tok til å blåsa av vest, so de kring middag var reint ruskver – kantra sidan til NV, letta upp og vart turr. Hemnestur, Trygve. Ingen slått, men litt lauving. 16. 5. sundag. Vestavind, yvertjukk med klårhol, uppklårande på em., um kveld mest fullklår. Anne og eg gjekk åt Botnfjelle, på ”Svarthamaren”, derfrå til Hauan, kom heim so kl. 19-20. 17. Yvertjukk, still, regn fm., sidan vestavind og turr. Slo og hesja på Rabben. 18. Vestleg kjøla, regn fyrst på morgon, brasa sidan upp med frisk austavind og turkast litt, men de rak då regn-elingar heile dagen. Ferdig hesja på Rabben, slått i Inderdalen, eg er ’kje med, eg har eit lite vondt gnagsår å dragast med. Vinden spaktest mot kveld. 19. Still, yvertjukk, stridregn. Slått uppå ”Teien”. Eg sit inne. Margit Vassause. 20. Same ver. – Vi høyrer at Randi Bjerkli er avliden – den 17. Slått og hesjing framleis på ”Teien”. 21. Eg er 62 år. Yvertjukk, nordvest gråe, men turr, upplettande, klåra av på em. og turka setehøy – fekk inn å rekna for 2 lass. Arbeidde elles med hesja på ”Teien” og vart ferdig – no er eg med. 22. Klår, varm, sudaust-kjøla fm., havgøla em. 5 lass turrhøy. Slo på Timmerberge. Randi Bjerkli vart gravlagd i dag. 23. 6. sundag. Klår med små, kvite rek-skyar med sagteleg drått av sud-aust framyver middag, tjukna sidan til med torefloingar i sud, her gjekk sterke toredun og skvatt nokre regndropar – still og yvertjukk ved kveld. Anne og eg for burt-yver til Utlande, gjekk til fjells, mest upp-åt ”Tuva” og ned derifrå fram-um Storeng-gardane – heimatt kl. halv 19. 24. Sudvest-gråe, regn ei stund framyver middag, turka sidan av og letta upp – halvklår ved kveld. Slo og hesja uppå berge og i Steinbakken. 25. Jakob Våthatt. Still, med skodde nedpå, i morgonstunda, letta upp og kom med havgøla, tjukna seinare til, men heldt’n då turr til seinkvelds, då de byrja regna smått, men med klårhol ut-mot have. Tok inn hesjor og setehøy, 7 lass. Slo i Steinbakken. – Bjelkane åt nybrua yver Straumdalselva kom i går kveld – slepa på ein lektar uppigjennom åt Elvkjeften. 26. Still, yvertjukk med klårglytt, litt smått regndripl i morgonstunda, seinare nordavind og skodde. – Skrapslått uppi ”Gjutane”, hesjing i Steinbakken. 27. ”Sju sovarar”. Nordavind, skoddhimel, litt fauka i fjelli, men letta smått upp og turka høy – var ved kveldtid mest klår. Fekk inn litt skraphøy, rekna for 1 lass. Vi smaka nytates av den fyrste svensken. 28. Yvertjukk, still, eitpar gongar litt regndripl. Slo i Øverenge, fekk i hop noko setehøy. Vi frettar, at Berit Mathisdet i Straumen døydde igårmorgest, 98 år gamall, vi vart bedne til gravøle, skal vera 1. august. 29. Olsok. Klår, med små, tunne skydottar, havgøla i morgonstunda, tjukna sidan nokso mykje upp i aust og sud, men vestavinden kula på og heldt’n turr heile dagen. Hemnestur, Trygve. Køyrde inn hesje og setehøy, 11 lass. 30. 7. sundag. Lett yverskya, vestavind, eitpar små fauk-elingar på fm. 31. Halvklår, sudaust-kjøla fyrst, kom frampå fm. med nordleg vind, urlite regndripl i middagstida, elles turr. Fekk inn resten i Øverenge, 3 lass, - slo elles i Lamyra og slo av uti-kveld-økta.

August 1. Regn i natt, yvertjukk i morgonstunda, letta seinare upp til halvklår. Anne og eg for åt Straumen i gravøl, heimafrå kl. halv 8, heimatt kl. 19. Trygve tok inn 5 lass høy, byrja hesja i Lamyra. 2. Vere like-eins pålag. Hesja ferdig i Lamyra. 3. Kongen er 61 år. SV og regn. Trygve legg an og skal byggja silo. 4. Still, skodde og regn i morgonstunda, seinare ogso SV, kantrande til vest og V til N på em. Byrja litt arbeid med skotveggen. – Trygve og Inga vaskar upp fjøse. Hildur Straumfors døydde – 32 år. 5. Skodde og fauka, på em. frisk NV, turr. Hemnestur, Trygve. Fjøsvask på em. – lauving i kveldøkta, eg. 6. 8. sundag. Still, yvertjukk med klårhol, klåra heilt av til middag, men tjukna upp att mot kveld og kom med regn seinkvelds. Kyrkjetur, Anne, med Jens Førnes. Vi køyrde inn 3 lass hesjehøy um kvelden. – Vi frettar, at Jakobia Hagen døydde i går kveld (nær 80 år). 7. Stilt regn i morgonstunda, seinare ogso SV. – Mot kveld atter still og silregn. Eg arbeid i skôte, Trygve minerar i silo-tufta. 8. Yvertjukk, SV og V gråe med regn i elingar. Anne og eg rodde ut på fisketur, men fekk ikkje vidare. 9. Still, skodde og regn, nokso mykje frampå fm. Eg rodde på sjøen, drog vel ein 20 stk. 10. Yvertjukk med klårglytt, still, ein og annan regn-eling. Lauving. 11. Halvklår, nordleg vind, turr. Tok inn 5 lass hesjehøy. – Gravferd både frå Litlenge og frå Hagen, 2 på same dag, noko som aldri har hendt fyrr i dei snart 40 år kyrkjegarden no har vore ibruk. 12. Still, tunn myrkbakke, litt fin fauka um morgon, meir seinare. Hemnestur, eg. Trygve arbeider med siloen. 13. 9. sundag. Same ver som i går. 14. V, ausregn i elingan. Mest innearbeid. 15. Still, yvertjukk, upplettande framyver dagen. Slo og hesja grønfor. 16. Still, halvklår fyrst på dagen, blåste sidan upp av sud-aust, de fall nokre regndropar strakst yver middag, sidan upplett og fin til kvelds. Lauving, matrialkøyring. 17. Still, yvertjukk, smått regn, seinare sud-aust bris, blåste noko av. 18. Mest like-eins. Lauving. 19. Still, skodde, sidregn til fram-åt middag, heldt sidan upp å regna og blåste litt av aust. Hemnestur, Trygve. 20. 10. sundag. Yvertjukk, frisk bris av aust, litt fauka burti fjelli. Vi køyrde inn 4 hesjelass. Bondefest og premi-utdeling etter fjøs-sjå i vårvinter um em. på huse, vi var der alle. 21. Halvklår, litt austa-vind, fint høyver. Vi byrja skjera bygg. 22. Same ver, endå noko friskare austa-vind og mest heilklår på em. Staura skurden uppi bakken og byrja nedi Lamyra. 23. Litt regn um natta, elles like-eins med vere. Skurd og stauring. 24. Barsok. Regn um natta og ein kraftig skur i morgonstunda, klåra sidan upp, men gjekk kring fjelli med floingar og var utrygg. Tok inn litt rest av hesjehøy og litt hå – skar og staura. – Lars-Martin og Kåre Øvringmo er her og byggjer silo. 25. Halvklår, sudaust-kjøla fm., frampå em. sudleg med regnbøgjor. For til Finneide med båten hans Øvringmo, han sjølv og Kåre, Lars-Martin Nymo, Trygve og eg – for å sjå på dei la ned surhå på nymåten (A.I.V.). Vi kom dit framåt middag, for derifrå att so kl. 18, heim kl. 20. 26. Vestavind, regn-elingar, klårglytt imillom. Hemnestur, Anne og Trygve. 27. 11. sundag. Still, skodde, ausregn mest med-eitt. 28. Same ver. Eg gjekk til Bjerklia og henta merkjeøksa, skal yvertaka skogtilsyne att. Elles skjering – vart ferdig til kvelds. 29. Uver um natta, avtakande i morgonstunda, betrast frametter dagen og var nærmast still og turr ved kveld. Stauring, hesje-nedtaking. 30. Still, klår med skyrender kring fjelli – tjukna yver mot kveld att. Eg gjekk åt Hauan på fm. og blinka 30 graner åt’n Georg – kom heimatt kl. 11. Elles åker-raking, arbeid med siloen og ymis umvøla. 31. Still, yvertjukk, regn fyrst på morgon, seinare ogso vestavind og slikt ei tausregn at inkje tak stod for, de rann igjennom allstader. Trygve køyrer i hop mold og fyller kring siloen, eg arbeid med skôtveggjen.

September 1. Regn, drev og drope i natt, i morgonstunda still og eit og anna klårhol å sjå, letta og klåra frametter dagen, i kveldtida berre urlite skodde frammed fjelli. Same arbeid. 2. Still, klår, ikkje so lite varm. Hemnestur, Inga Øverland. Vi arbeidde med jordfyllinga um siloen og fekk de ferdigt. 3. 12. sundag. Skodde um morgon, som drog seg vekk på fm. og vart klår himel, med ei skyrand uti vesten. 4. Still, yvertjukk, smått regn. Slakta ”Nansen” (”Nordkapp”-kalven). Hans i Botne hjelpte oss. 5. Yvertjukk og regnlik, vester-gråe i morgonstunda, letta sidan upp og vart austleg og klårholutt. Trygve og eg rodde heimefrå kl. 6 til Hemnes med slakte, som vart selt åt Jakob Hansen, kjøtpris 0.45 = kr. 27, hudpris 0.50 = kr. 5.00, i alt kr. 32.00. Trygve gjekk i land på Brennberge på heimvegen, for å leggja ut ein dyrkingsteig – eg rodde heim, framum Eide etter ein glassballong med A.I.V.-syre, kom heim kl. 14, Trygve kom kl. 19. 6. Still, klår, varm. Slår hå og køyrer i siloen – og syrer – Harald Øverland er her til hjelp. 7. Still, halvklår, tjukna til ut-yver dagen med skodde i fjelli og byrja framåt nondag å regna smått. Same arbeid – tok dertil inn 27 staur. 8. Still, skoddhimel, aldri-so-lite regndripl. Ferdig med siloen, han inneheld 7 tonn rågras. Rensking i kjellaren. 9. Still, yvertjukk i morgonstunda, byrja på fm. smått å regndripla og blåsa av vest, som la til ut-etter dagen. Trygve inni grenda på planlegging. – Hemnestur, eg. 10. 13. sundag. SV kuling og regn, styggver. 11. Same ver, berre spakare. Trygve på planlegging inni grenda. – Litt klårholutt på em. 12. Still, sidregn til fram-i kveld-ykta, då var de nokre dus. Trygve åt Utskarpen på planlegging. 13. Nordleg drått, uppklårande, still i morgonstunda, sidan NV bris og nokre fauk-elingar, mot kveld atter uppklårande. Slo litt hå og hesja, slo av noko potetgras svidd av ”stengelråte”. 14. Still, halvklår, kjøleg, rim i grase i morgonstunda, seinare NV med fauk-elingar. Uppklårande mot kveld – nordlys. Trygve kom heim i går kveld. Kl. 15 for han, Anne og eg til Hemnes med Jens Førnes, der var ordinasjon (prestevigsl) av kand. Arne Lundar i kyrkja ved biskopen. Vi kom heimatt so kl. 23½. 15. Mest klår de alrafyrste, la sidan yver med skodde, som låg til framåt middag, sidan uppklårande. Køyrde inn stauren og resten av grønforhesja. (Iallt 127 kornstaur og 2 lass grønfor). Trygve for frå Hemnes i går burti Leirvika på planlegging. 16. Klår i morgonstunda, still, med litt tunn glya, som tjukna til framyver dagen, byrja regna på em. so kl. 16. Hemnestur, Anne – Trygve kom heim. 17. Still, skyutt i morgonstunda, letta sidan upp og vart mest klår. 14. sundag. Anne og eg rodde åt Straumen på em. for å sjå nybygge hans Arthur Toresen. 18. Still, heilt klår i morgonstunda, sidan sud-aust bris med små skydottar. Slo litt hå i Lamyra. 19. Still, skoddutt mest framtil middag, sidan upplettande og sudaust-kjøla. Håhesjing, staurkøyring, veitgraving. 20. Still, klår med skydottar, sudaust-drått. Tjukna til og skvatt nokre regndropar strakst fyrr middag, sidan turr, halvklår, sudaust-kjøla. Byrja ta upp tates. 21. Still, yvertjukk med klårhol, sudaust-drått fyrst, klåra sidan heilt av. Same arbeid. 22. Yvertjukk, sudaust bris, som friska på og klåra upp på fm., tjukna til att i kveld-ykta og kom med regn. Nyss fyrr køyrde vi inn 2 lass hå – tok elles upp tates. 23. Sudaust-gråe, smått regn. Jamdøger. Hemnestur, Trygve. Heime same arbeid. Fekk upp vår tates – 8 tunnor pålag. 24. 15. sundag. Vestavind, regn-elingar. Trygve på saueleiting i fjelle, kom heimatt utan å ha funne noko. 25. Yvertjukk med klårhol fyrst, klåra sidan fullt av. Tatesland-arbeid. 26. Still, klår og blank til i kveldinga, då tok de til å tjukna til att. Ferdig med tateslande hans Trygve, han fekk xx tunnor – xx fold pålag. 27. Yvertjukk, still, mot kveld litt klårholutt. Trygve gjekk til fjells og henta sauene heim på fm. – elles kalking og umvøla i fjøse. 28. Still, yvertjukk, litt regndripl no og då. Endå litt umvøla i fjøse. Trygve tok upp kålrot. 29. Mikkjelsmess. Skoddutt, still fm., SV og regn em. Eg tok upp kålrot; flutte kyrne åt heimfjøse. Trygve inni grenda på planlegging. 30. SV og regn med rôkglan, snø i Holmfjelle og Rostafjelle.

Oktober 1. 16. sundag. SV og regn. 2. Vester-gråe, regn-elingar med klårglytt, snøa i fjelli nedåt skoglista. Nepe-upptaking, arbeid med skôtvrggen. 3. Same ver pålag. Hemnestur, Trygve, med Øvringmo, for å selja kålrot. Elles nepe…. [uleselege ord]. 4. [Uleseleg ord].. still – Trygve på Hemnes med Einar Lamo, i same ærend som i går. 5. Halvklår, austavind fm., spaktest og tjukna upp em., byrja regna tilslut. Nepekøyring og upp-seting. 6. Still, skoddutt og regnfull i morgonstunda, seinare uppletten og turr til i myrkninga, då de seig i hop og byrja regna att. Veitegraving, steinkøyring. 7. SV, ausregn – på em. litt el-dus. Steinkøyring, kledning på skôtveggen. 8. 17. sundag. NV, uppklårande. 9. Still fyrst på dagen, klår og kald, Straumen islagt. Tjukna seinare upp og tok til å blåsa av sud-aust og riva isen upp. Moka mold på nepedungane, flikka på stovetake. 10. Yvertjukk, sudaust-gråe, regndripl – i kveldinga mykje regn. Veitgraving, flikking på kjøkentake. 11. Still, halvklår fyrst på fm., men tjukna snart yver og kom med regn. Same arbeid (Trygve, veitgraving). 12. Trygve 27 år. Yvertjukk, spak sunnavind fm., sidan SV og regn, noko ruskutt sist på kveld. Kyrne ikkje ute i dag. Trygve grev veit (i Lamyra), eg ruskar i hop litt ved. 13. Fullt uver av SV og regn, stundum med hagl i – tok litt av framyver dagen, mest still sistpå kveld. 14. ”Vet’næt”. Still, yvertjukk, seinare SV og regn. Hemnestur, Inga. 15. 18. sundag. Regn-elingar med lange dus. Kyrkjetur til Sjona kapell, Anne og eg. 16. Yvertjukk, still fyrst, sidan litt sudaust-gråe. Stortingsval. 17. Same ver. Trygve lagar til hagebenk for komande vår. 18. Same ver. Trygve på planlegging i Botne, på em. – Kyrne ute ei stund. 19. Still, klår, utan nemnande kulde, marka sovidt rima i solovringa. Trygve pløgjer i Lamyra, eg gjer stige. 20. Klår, still, nattkald, blåis på Straumen. Framhald med pløgjinga. 21. Same ver, is åt Elvkjeften og Kjeldnese. Hemnestur, Trygve. 22. 19. sundag. Same ver. 23. Still, yvertjukk, byrja regna smått frampå em. Trygve strauk avstad til Straumsnes – Brennberg – Utskarpen på yversyn og planlegging. Eg gjekk tilskogs og ruska ved. Inga Øverland kom hit. 24. Vestleg kuling, regn, hagl-skletta. Vedhogst. Isen ut-riven att. 25. Vestleg gråe, marka yverkvita, snø og skletta i elingan. Eg ruskar ved. Trygve kom heim. 26. Still, uppklårande. Vi slakta, med Edvin Straumbotn tilhjelp, Trygve 1 kalv (Drosla) og 1 verlam (23 kg.), vi 3 lam (17½, 18½ og 20½ kg.). 27. Halvklår, sudaust-gråe, blåis yver heile Straumen i morgonstunda – kula seinare på av aust og sopa isen i hop. Bar den største lamskrotten til Medstraum åt lærarinna, som kjøpt’n. 28. Still, klår, vil snerkja til på sjøen, men tjukna til og lédna upp på fm. med litt auster-kjøla, so de heldt ope, undateke her i Botn-hole. Hemnestur, Trygve. 29. 20. sundag. Skoddhimel med eit og anna klårglytt, still fyrst, seinare auster-gråe, so de heldt isfritt. Kyrkjetur, Anne og eg, med Nyrud – han gjekk i dåpsferd med gluntbåne hans Olav Straumfors, vart kalla ”Per Arnljot”. – Øven Jamtjord døydde. 30. Halvklår, frisk austavind, lite kald. Trygve tok inn nepe, for sidan inni grenda på dyrkings-yversyn. 31. Same ver alrafyrst, tjukna sidan yver og bar ned litt kovfjun på fm., stilltest sidan og lédna. Trygve for åt Utskarpen på planlegging og yversyn. Lensmannsdrengen (E. Forsbak) for um her på tur åt Botn og derifrå

November 1. Helgamess. Yvertjukk, léver, austavind, uppklårande mot kveld. Trygve kom heim. Eg ruskar ved. 2. Mest klår, auster-kjøla. Her ligg eit isflak på Botnfjorden sidan sundagsnatt og de vil snerkja attåt, men enno bryt dei seg frammed, til og frå Botne. Trygve køyrde åt Utskarpen etter eit verlam han har kjøpt hoss Jakob-Angel. 3. Bededag. Still, klår, litt kaldare enn fyrr, men de kunde då vera roande herifrå med floa. Fyrste dagen sauene ikkje har vore ute – undateke slaktardagen. 4. Yvertjukk, snøfjun i kveldinga, sudleg, regndripl. Trygve kartlegg gravplassen på Medstraum. 5. 21. sundag (Helgamess-sundag). SV, skletta og kladdsnø – reiv ut isen på Botnfjorden og kyla skravle inni Medstraum-auren. 6. Vestavind, spak fordemeste, tung snø. Gravferd for Øven Jamtjord, vi var der, Anne og eg. 7. Still, klår med skydottar frammed fjellrandi, litt kjølegare fyrst på dagen, sidan ei lita rid med snøfjun og regn, - mot kveld lett yverskya. Tresking – Magnus Thoresen, med motor. 8. Still, halvklår fyrst, tjukna sidan yver, litt kjøleg. Straumen attlagt av snøsurpa og blåis, berre sovidt roande frå Kjeldnese til Medstraumsjøen. Trygve køyrde treskardoningen til Jamtjord i lysinga. 9. Austavind, smått kovfjun fyrst (har snødd umlag 10 cm i natt), seinare skletta, tilslut regn. Trygve slakta ”Balto” – med Absalonsen + Edvin til hjelp. 10. Still, stridregn i lysinga, sidan turr, yvertjukk. Trygve henta dryftaren frå Botne. Køyrde sidan inn nepe. ”Nordkapp” kalva um kvelden kl. 17-18, raud-sidutt kvigekalv, vart kalla ”Gullbrå”. 11. Still, klår, liten kulde. Dryfting. 12. 22. sundag. Still, klår, nedtil ÷ 8º R. 13. Same ver, ÷ 11º R i lysinga. Dryfting. 14. Same ver, ÷ 9º R. Ferdig med dryftinga. Utbyte 353 kg tungt-, 217 kg lettkorn. 15. Noko mildare, ÷ 5º R, nokre skydottar med drått av sud-aust. Vedkøyring. 16. Klår med litt glya, still, ÷ 8º R. 17. Still, klår, ÷ 12º R. Skogarbeid. 18. Same ver, ÷ 12º R. Hemnestur, Trygve, rundtur til Eide. 19. 23. sundag. Like-eins, ÷ 12º R. Sanitetsforeininga heldt fest på ”huse” for Olav Lauvbakk(?), nypresten (Lundar) heldt tale. Anne og Trygve er der. 20. Same ver, ÷ 10º R, - sudleg drag i lufta, byrja lédna litt ved kveldtid. Skogarbeid. 21. Still, yvertjukk, litt snøfjun, som snarast slo um i regn. Gard-tutl heime. 22. Still, tett regn. Kl. 17 bondefyredrag på ”huse” av Jæger-Leirvik frå Foldereid – eg og Trygve var der. 23. Still, skodde i morgonstunda, men heldt seg umlag på 0º med de var ljost. Jæger-Leirvik og sekretær Torsen var her til middag, dei vandra sidan ut-yver åt Utskarpen, der dei skal tala i kveld. 24. Still, klår, ned-åt ÷ 10º R pålag – i kveldinga drog’n upp litt glya av sud. Skogarbeid. 25. Still, lett yverskya, sudaust-gråe på Rana, frisk på Sundsfjorden – mot kveld byrja’n å snø. Hemnestur, eg, frå Førnese. 26. 24. sundag. Still, mykje regn, skodde. 27. ”Fyrste adventsdagen”. Same ver – med litt minder regn. Eg for åt Litlengmarka på skog-yversyn – kom heimatt so kl. 16. 28. Klår, auster-kjøla og påfrosen – tjukna yver att av SV på em. Eg åt Utskarpen på skogsjå og merking åt’n Hans Jonsa. 29. Still, skletta og regn. Vedhogst og kominglapping. Trygve gjer ferdig dyrkingsplanar. ”Sanitetsmøte” hoss Bernard Jamtjord, Anne er der. 30. Same ver fm., upplettande em. Same arbeid. ”Bjora” kalva – svart kvigekalv.

Desember 1. Still, skoddhimel, upplettande på em. og litt kjøleg – um kveld heilt klår. 2. Still, klår, kjøleg, skaraføre – isen styrkjast. Byrja glyast yver og lédna mot kveld. 3. 1. adventssundag. Still, yvertjukk, dunsnø fyrst, sidan regn. Missjonsmøte hoss Svein Utland, vi var der, Inga og eg. 4. SV og regn. Nepekøyring. 5. Same ver – dus frampå em og kveld. Isen mest landlaus – berrmark og hålke. 6. Halvklår, nordleg vind, i kveldtida klår med ei skyrand i vest. 7. Halvklår i morgonstunda, frisk NV drått, la seinare um til SV og tjukna yver, litt fint snøfjun på em. 8. Regnfusk i morgonstunda, blåste sidan av med nordavind, som gjekk til nord-aust og klåra himelen – still i kveldinga. 9. Yvertjukk, aldri-so-lite snøfjun fyrst, sidan skodde og regn. 10. 2. adventssundag. SV og regn fm., ei lita haglrid og so NV og kov em., uppklårande i kveldtida. 11. Mest klår fyrst i morgonstunda og litt kjøleg, tjukna elles snart yver, kom med litt snøfjun og hagl, som feste seg på hålka. 12. Klår med skyrand yver fjelli og tunne stripur her og der på himelen – nokso ill-kald. 13. Yvertjukk, kram snø, sist på dagen NV, då ikkje so sterk – um kvelden regn. Slakta grisen, med Ivar Breivoll til meister. 14. Klår, kjøleg, still fyrst, drog sidan yver og fall litt dunsnø. Trygve køyrde på em. åt Førnese med halve grisen – tvertyver isen her med Lanese. 15. Still, smått kov, ei stund tungt og rått – Trygve køyrde ned-um med eit lass kålrot.. 16. SV og regn, seinare vestleg og VNV, skletta og snø, styggver. Hemnestur, Trygve. Slurvsjøver, men alt gjekk då bra. Still um kvelden og klårglytt. 17. 3. adventssundag. Still, tung snø, skletta og regn. 18. SV og regn – tek til å verta hålke etter vegane att. 19. NV, tung snø og hagl – de festar på hålka. Stormande i ridom både i går og i dag – i kveld spakare, klårholutt. 20. Still, halvklår – seinkvelds yvertjukk og litt kovfjun. 21. Still, kovmøra, slo um i regn då de lyste og heldt so på dagen ut. 22. Solkverv. Still, regn og skodda, um kvelden litt hagl. 23. Tollaksmess. Storm, kantrande frå SV til NV, regn, hagl og snø, de dekte på¨berrflekkane og hålka, som emna seg bra pånytt att – braka sund isen ned-i Eidbukta, der de fyrr hadde lege heilt, like-eins landkallane heruppe. 24. 4. adventssundag., jolafta. Yvertjukk, stilt, i kveldinga litt sklettfjun. 25. Joldagen – still, klår og kald, ÷ 7º R. 26. Same ver. Margret og Nils Øvringmo var her på jolgjesting i kveldinga. 27. Still, klår fyrst, drog sidan yver og blåste upp av aust, sterk. På em. var vi alle på Øvringmo i jolegjesting. 28. Mest klår, sterk austavind, tjukna til og var adskilleg skyutt på em. med litt mildare luft. 29. Klår att og kald, bitande nord-aust, på em. nokre små, siglande skylurvor. Køyrde ein tur åt Vinbærbakkan etter ved. 30. Same ver – ei lita skyrand djupast i vest – litt spakare på em. Ein skogkøyretur i dag og. Trygve for dragande til Eide på em., og fekk nytta isen heilt nedi bukta. 31. Sundag millom jol og nyår, Nyårsaftan. Same ver, litt yvertjukk i morgonstunda, men spaktest og stiltest frampå dagen. Preika på skulen på Falle, Anne og Trygve var der.