Dagbok Olav Engen 1932

Fra Wiki
Hopp til: navigasjon, søk

1932

Mars 28. Det har inkje vorte skrive her fyrr i dag. Eg reiste frå sjukehuse den 5. januar, kom heim den 6., låg på Hemnes natta yver. Handa var endå ’kje rett heil, de var ho fyrst pålag den 18. Elles har eg vore mest krypling, invalid, hjelpt til med kokkeras, ved og vatn og elles eitt og anna lettare arbeid.

Nyårsdagen var ein kald dag – og i fyrste luten av mars nokre dagar – framtil midten. Elles har veret skapt seg pålag likeins i nyåre som i slutten av gamalåre – mykje mildver, jamt stormande. 27. januar bleiv Johannes Olsen Bustnes (Jamtjord) på Rana. Fiskarane vart sinka på Lofotvegen, fisket hindra, forlis og mannskade er skjedd. Elles er de kjekt med fisk og svære fangstar, når dei kjem ut, men prisane er små.

Mars 29. Sudleg, léver, skyar og solglytt. Lars er 54 år – hadde brev frå han i adventa. 30. Litt nattkald og skaraføre, elles like-eins. 31. Like-eins – med litt regndripl.

April 1. Sunnanvind, snøbrede, bert i reinene. Andre stader mest ål-bert. Yvertjukk ei stund, men klåra mot kveld. 2. Nattkald, skare, stilla og solskin. Hemnestur, Anne og eg, unda Lia med Førnesbåten. Inga reiste – med dampen. 3. 1. sundag e. påske. Nattkald, still og klår. 4. Lettskyutt, drått av nord, elles solskin fyrst på fm., kom sidan med nokre kov-elingar. Slakta ”Kyrre”, okskalven hans Trygve. Ola Øverland hjelpte oss. 5. Still, léver. Køyrde slakte rundt til Eide – og kartera de til Mo. Sidan nokre dagar léver, delvis regn og skletta, sud-aust til sud-vest vind. Brev frå Lars ein av desse dagane. - 10. 2. sundag e. påske. 14. Sumarmål, tok de til å klåra upp og kjølte lufta. ”Trilla” lamma seint på kveld – 2 verar og eit saulam. 15. Isen tek på å verta landlaus, i dag med floa har dei krangla seg med båt ned-um i Langnesbukta. 16. Nordleg, snøfjun, spak. Hemnestur, eg, unda Lia med Førnesbåten, - rodde dit frå Medstraumsjøen frammed isen. – Det eine verlamme sprakk. 17. NV og kov. 3. sundag, kyrkjetur, Trygve o.fl. med Førnesbåten. Etter preiken mjølkemøte med foredrag av Breirem, Hovde og Rusten. 18. Litt kjøleg, klåra upp. Isen brotna av millom Hagaberge og bekkjekjeften vår. 19. Klår, nattkald, ÷ 6º R i lysinga. 20. Endå kaldare, ÷ 7º R. 21. ÷ 6º, litt glya på kveldhimelen. 22. Klår, ÷ 4º i morgonstunda, midt på dagen fleire varmegrader. Til i går har skuleborni frå Utland fare yver isen frå Hagahole åt Lanese um morgon. 23. Still, mild, halvklår. Hemnestur, Trygve, unda Lia med ”Grei”. 24. 4. sundag. Same ver pålag. Mot kveld litt austavind. 25. Yvertjukk, frisk sud-aust. Isen brotna um natta millom Elvkjeften og Kjeldnese, og ner-stykkje rak nedigjennom. 26. Same ver, ikkje fritt for litt regnfusk. 27. Klåra upp um natta, kjøleg, litt blåis um morgon, blåste sidan upp av aust, gjekk til sud-aust og drog yver. Køyrde rundt til Eide med ein sekk tates, som var selt til Vikholmen. – Trygve harva på telen – nedpå Sjøbakken. 28. Halvklår, solglytt um morgon, like-eins um kveld, ei stund um middag og strakst etter yvertjukk og regn. Anne er 60 år. Botnkjerringane, Josefine Rydland og Karen Lauvbakk var bedne hit til eit lite gilde på em., dei kom alle sonærsom Margrete. 29. Lettskyutt, still. Isbroti ligg og rek landemillom, de bles sudaust-gråe framyver dagen, so dei kjem ’kje nedigjennom. – Sloga timber åt Botnsaga. – 30. Halvklår, still i morgonstunda. Siste isen er endeleg reken vekk. Hemnestur, Anne, heimafrå med Førnesbåten.

Mai 1. 5. sundag. Yvertjukk, vester-gråe, litt regnfusk no og då. D’er berrmark mest på heile heimflata, sonærsom Lamyra og ”Ratadalen”. 2. Yvertjukk, litt blister-vind av vest til nord-vest. Trygve for til Hemnes med ”Grei” (som skyssa skuleborna åt dokteren), og henta heim kunstgjødsl. Anne og eg henta bord frå saga. 3. Same vind, med skletta og regn. Køyrde upp kunstgjødsl, henta matrial. Trygve byrja så ut gjødsl. Krossmess. 4. Still, halvklår, litt nattkald, blåisfale. Matrialføring, gjødsl-såing. 5. Helgetorsdag. Halvklår, austa-gråe, mot kveld vestleg kjøla, klår, kjøleg. 6. Still, klår, ÷ 3º R i solovringaa, Straumen mest hudheil av blåis. Blåste seinare upp av aust og tok til å tjukna yver. Matrialkøyring, møkkr-køyring (på eng). 7. Yvertjukk, sudaust-gråe, litt kovgnistr på fm. Hemnestur, Trygve, med Førnesbåten. Mot kveld uppklårande. – Risharving på voll. 8. 6. sundag. Halvklår, sudaust-gråe. 9. Like-eins, halvklår, kjøleg og still i morgonstunda, berre litt yver 0º. Seinare på dagen yvertjukk, vestavind, fauka. Møkkr-køyring og –breiding på Rabben, byrja pløgja. 10. Litt av same veret, seinkvelds still, uppklårande. ferdigpløgd på Rabben. 11. Still i morgonstunda, kjøleg, 0º, blåste frampå fm. umm av nord, frisk. Eg for til Mo med ”Grei”, kom att so kl. 17. Kovgnistr i lufta um kvelden. Pløgjing på Sjøvegen og i Tørvenn. 12. Halvklår, frisk nordleg vind. Møkkring, harving på nylandet. 13. Still, klår med lett glya, nattkald, blå-is. Sidan austleg vind, på em. sud-aust, men nokso kald. Vi skyssa Trygve til Eide, han reiste til Sørfold, skal gifta seg der. 14. Frisk austavind, klår, kjøleg, seinare tjukna’n yver og tok i middagstida til å regna smått, aukande fram til kvelds. Hemnestur, Anne, med Førnesbåten. Um kvelden var Joh. Dilkestad og O. Evensen Dalos framme her på ”fjøsbefaring”. 15. Kvitsundag. Stilt regn. 16. Andredag. Klår fyrst på dagen, austa-gråe, som friska på og gjekk til nord-aust på em., mot kveld tok de til å tjukna yver. Presten heldt jordfesting på kyrkjegarden og preika på ungdomshuse. 17. Litt regnskvett i morgonstunda, klåra sidan upp, sudaust-kjøla. Slepte sauene ut og sette deim i sumarfjøse um kvelden. Harva på nylande og på Sjøvegen, hakka senger og sådde erter og nepe. 18. Klår med tett glya, sudaust-kjøla fm., tjukna sidan yver og kom med nordvest og fauka. Brudlaupsdagen hans Trygve – i Sørfold. – Vi onnar, plantar lauk og sår gulrot, harvar og hakkar. 19. Skoddutt, still fm., sidan nordvest kjøla og fauka. Harva og sådde kunstfrau på nylande, Artur Straumbotn er her til hjelp. 20. Vestleg, skodde, smått regn. Artur er her i dag og, vi køyrer møkkr og breider, sår kveite og bygg og harvar yver. Spada i hagen i går m.a. 21. Nordavind, yvertjukk med klårhol. Inga og Trygve kom heim med lokalen på em. 22. Trieinings-sundag. Halvklår, auster-gråe. 23. Klår med skydottar, sterk, kald nord-aust. Harvar på nylande – nepeland -, Trygve plantar ut kål og set upp hønsgjerde. 24. Lettskyutt, same vind. Uppsetjing av hønsegjerde, harving og møkkr-køyring – på tatesland. 25. ”Ålmanns plog”, ½ år sidan eg skada handa. Sud-aust, lettskyutt. Møkkr-køyring og –breiding, pløgjing. 26. Sudaust-kjøla, solskin, varme. Pløgjing og harving. 27. Inga er 26 år. Same ver på fm., litt nordleg gråe em. og kveld. Harving, potetsetjing. 28. Vere like-eins som i går på for- og ettermiddag. Same arbeid heime. Hemnestur, Anne og eg, med Førnesbåten. 29. 1. sundag e. trieining. Still, klår i morgonstunda, drog framåt middag yver av nordvest, skvetta litt fauka frampå em. 30. Klår, kjøleg um natta og solovringa. Auster-kjøla sidan, på em. havgola. Harva, drilla og sådde nepe. 31. Kjøleg, litt skyutt, nokre regndropar på fm., sidan nordavind og turr. Harva på Rabben, vølte um gjerde. Kyrne ute fyrste gong, ein tur i i Øverenge på em.

Juni 1. Klår, nattkald- sidan austavind fm., nordavind em. Vølte um gjerde, sådde grønfor og grasfre – på Rabben -, harva og rulla. 2. Skoddutt, vestleg vind, regndripl, som auka på og vart snøskletta, heldt so på heile dagen, kaldt og ruskje, med småe millombil. Gjerde-vøla og litt skogarbeid. Kyrne ute berre på em. ei stund. 3. Halvklår, kjøleg, auster-gråe. Gjerdevøla. 4. Klår, auster-gråe, nattkald, frôse på vassbyttone. – Hemnestur, Trygve. Engrensking. 5. Tunne skyar, sudaust-gråe, då litt kjøleg i morgonstunda. 2. sundag. Heldt eit lite gilde på em., som eit atpåbrudlaup, for nærmaste skyldfolket på båe sidor – det var Margret og Nils Øvringmo og so Betsy og Johannes Jamtjord – dertil fylgde Sofie med og so kom Kristine Tybekk og Antonette Utland av ei tilfelle. Iallt 7 framande. 6. Sterk NV med små fauke-elingar. 7. Stilt, smått regn. Matrialhenting av Botnsaga. Steinskjoting, nylandsarbeid. 8. Vester-gråe, regnelingar, mot kveld NV og mest turr. Trygve i Utskarpen på planlegging, kom heimatt seinkvelds. Eg stelte i sumarfjose, vi flutte kyrne dit. 9. Nordvest-gråe, yvertjukk med klårhol. Trygve iveg att. 10. Mest same ver, regnskvett no og då, turr um kveld. Trygve kom heim um nondag. 11. Mest turr nordavind, yvertjukk med klårhol. Hemnestur, Trygve, for frå Hemnes til Utskarpen, kom fyrst heim seinkvelds. Tateshakking i hagen. 12. 3. sundag. Mest klår og nokso varm (+ 15º R) på fm., tjukna fort yver i middagstida og kom med regn og sud-vest, som sidan kantra til nord-vest. Sanitetsfest på ”huse”, vi var der alle. – Far hennar Inga er 60 år. 13. Yvertjukk, regn-elingar, frisk NV. Trygve tegner dyrkingaplanar, elles vedhogging og ugrasrensking. 14. Nordleg vind, spak, halvklår, kjøleg. Anne og eg var på fm. i Botne og stampa, Trygve har plan-teikning, gjekk i kveldykta åt Botn og Utland på utmåling. 15. Klår med skydottar, frisk nordleg vind, kjøleg. Trygve åt Utskarpen, kom heimatt seinkvelds. 16. Klår, nordaust-kjøla i morgonstunda, sidan still og noko varm, havgula på em. Trygve for inni grenda på planlegging og vart til seinaste kveld. 17. Klår og varm fyrst på dagen, men kom fyrr middag med frisk havgola og kjøla lufta. Trygve på planlegging åt Storvika og Husnese – kom heim so kl. 15. 18. Klår, havgola frå morgon, då ikkje serleg sterk og ikkje so lite varm. Hemnestur, Anne, med Førnesbåten. 19. 4. sundag. Same ver som i går. Inga og Trygve gjekk tur åt Utskarpen, kom heimatt so kl. 20. 20. Klår, sudaust-kjøla i morgonstunda, sidan havgola. Trygve har kontorarbeid, elles er det uppvask inne, gardtutl ute. 21. Solkverv. Same ver, same arbeid. 22. Skoddhimel og stilt på fm., klåra sidan upp og kom med havgola. Ugraskøyring i tateslande. 23. Jonsok-aftan. Same ver som i går. Nepe-tynning. 24. Jonsok. Halvklår på fm. og sudaust-gråe framtil kl. 11, kom so med havgola, tjukna upp av SV seinkvelds. Nepe-tynning, ferdig. 25. Litt regnskvett i natt, halvklår, vester-kjøla, nokre regndropar ender-å-då. Hemnestur, Trygve. Eg stakk upp strøtorv. 26. 5. sundag. Har regna i natt, yvertjukk og vester-kjøla i dag. I kl. 18-tida ein regnfloing av sud. Fest på ungdomshuse, Inga og Trygve for dit. 27. Still, skoddhimel, byrja elles tidleg å blåsa av vest. Brødbaking. Trygve laga fluttbart hønshus. 28. Vestavind, skoddhimel, fauka. Hesja torv, tok til å grava upp og vøla um ned i bekkjegropa. 29. Still, yvertjukk med klårhol, litt fauke-dripl av og til, vester-gråe. Graving og muring i bekkjehole. 30. Halvklår, Nokre regn-elingar fm. Minering (Trygve), kominglapping (eg). Klåra upp em., blåste litt havgola.

Juli 1. Klår med skyrand kring fjelli, tjukna til mot kveld. Varm, still, + 18½º R. Minering, Lars Rydland tilhjelp. 2. Klår, still, varm. Kronprinsen 29 år. Hemnestur, Anne og eg, vi for til Sund og slo oss ned der hjå Julius. 3. Still, yvertjukk og litt regnskvett i morgonstunda, kom frampå fm. med litt nordaust-gråe, halvklår på em., men tjukna til mot kveld att. Rodde frå Sund til kyrkja (konfirmasjon), heim etter kyrkjetenesta med Førnesbåten. – 6. sundag. 4. Vester-gråe, regn og skodde. Letta upp på em. og vart halvklår i kveldtida. Steinkøyring, muring i bekkjehole. 5. Still, halvklår, varm, upptil + 21º R. Steinkøyrimg, muring. 7. Same ver til i kl. 16-tida, de hadde då smått tjukna til av sud og tok til å regna smått, aukande framyver kvelden. Ferdig med muringa. 8. Still, tett regn, skoddutt i morgonstunda, sidan litt turrare. Skøytte på muringa nedi hole med ei bord-renne og moka yver. Køyrde matrial og flisved upp frå sjøen. 9. Yvertjukk, vestleg kjøla, litt smått regndripl no og då. Hemnestur, Inga, med ”Sirius”. Hyppa siste tates-drillane, på nylande nedpå bakken. Svensktatesen - sett 21/5 - fint knytt so stor som ei blåbær. 10. 7. sundag. SV og regn. 11. Same ver, men spak, nærmast still, solglytt i middagstida. Fjøsvask. 12. Skodde og regn. Fjøsvask og kalking. 13. Same ver i morgonstunda, seinare V og NV vind, upplettande. Umvøla på fjøsgolve, slo litt i hagen. 14. ”Midtsumar”. Halvklår, drått av sud, havgola. Slo på gardstune og hesja. Trygve tok til å grava ei lita veit. 15. Halvklår, still fyrst på dagen, seinare frisk havgola, mot kveld ein liten blistring av sud-aust. Veitgraving – ut-um fjøse. 16. Yvertjukk, still. Hemnestur, Anne og Trygve – kom heim med ein grisunge. 17. 8. sundag. Still, lett yverskya. Inga og Trygve for til Gjesbakken, skulde i dåpsgilde åt Matilde og Petter. Bondefest på ungdomshuse i Brennberge, Anne og eg for iveg dit so kl. 14, i lag med Oleanna og Hans i Botne. Inga og Trygve kom dit frå kyrkja. Kom derifrå heimatt kl. 23. 18. Still, skodde og regn fm., vestleg vind, mest turr em. Byrja slå for alvor. 19. Yvertjukk, vind NV til V, litt fauka i fjelli. Slo og hesja. 20. Halvklår, still fm., yvertjukk, vestavind, regndripl em. Slo ”Ratadalen”. 21. Eg er 61 år. Vestavind, yrvæta. Slo upp-um berge (Solbakken – Hanåkren). 22. Still, klår, med skodd-dottar i fjelltoppane i morgonstunda, men tjukna strakst yver av sud og tok til å regna etter middag. Same arbeid. Trygve byrja slå grønfor på Rabben. 23. Halvklår, upplettande, sud-aust og solskin fm., tjukna til em. og byrja regndripla so kl. 15. Køyrde inn eit turrhøylass. Hesja upp grønfore. De kom hit i middagstida ein ”kontrollassistent”, Gunnar Sem, frå Landbrukshøgskulen, og Trygve laut iveg med honom og sjå på dyrkingsfelt her og i Utskarpen, han kom heimatt burtåt kl. 23. Hemnestur, Anne. 24. 9. sundag. Havgola, halvklår, tjukna stundum meir yver og for med fauk-elingar i fjelli. Seinkvelds vart’n mest klår. Vi ferdast til Gjesbakken, Anne og eg. 25. Yvertjukk, tok til å regna millom kl. 7 og 8, regna sterkt ei stund, letta upp og klåra av på em. Slo og hesja i Lamyra og i Steinbakken. 26. Still, klår, varm, + 20º - 21º R. Slo i Steinbakken, fekk inn 2 lass turrhøy. 27. Halvklår, sudaust-kjøla, skein av og vart varm som i går – tjuknad til og sette upp tore-floingar mot kveld. – 3 turrhøylass. 28. Ein regnskvett um natta, dagen klår og varm, med tjukna mot kveld – 14 lass. 29. Olsok. Still, yvertjukk, varm – 4 turrhøylass. Byrja slå uppå ”teigen”. 30. Still, lett regn fyrst på dagen, nordvest gråe, turr framtil nons, sidan SV og regn. Tok ned hesjor, slo skrapslått. Hemnestur, Anne. 31. 10. sundag. Still, skodde og regn i morgonstunda, seinare vestavind attåt.

August 1. Still, yvertjukk um morgon, seinare vestavind og regnskvett. Slått og hesjing på ”Teigen”. 2. Same ver – litt meir turr på em. – same arbeid – ferdig med hesjinga, byrja slå i Øverenge. 3. Yvertjukk, still, turr framyver kl. 17, sidan regndripl. Køyrde inn 7 lass, mest berre hesjehøy. Kong Håkon 60 år. 4. Still, regn på fm., mest turr og litt vestavind på em. Slo i Øvernge, køyrde fram og hesja. – Tok upp nytates. 5. Vere plent like-eins. Slo i Inderdalen, køyrde fram og hesja. 6. Still, halvklår og turr framtil nons, kom so med floing. Køyrde inn 4 hesjelass or Lamyra. Raka i hop noko setehøy i Øverenge – slo av um kvelden. 7. 11. sundag. Vestavind og regn frå kl. 9 pålag – still og klårholutt fyrr -. Rodde heimanfrå so kl. 7, Anne og eg, etla oss til kyrkja, men då ingenstad vart fylgje, slo vi oss på gjesting nedi Straumen – Kåtenge m.fl. 8. Vestavind og regn. Møkkrkøyring på eng. 9. Same ver i morgonstunda, sidan yvertjukk og turr til i kveldinga. Trygve åt Nerstraumen på planlegging, eg køyrde fram rågras og hesja. 10. Vestavind, yvertjukk og skoddutt med klårhol, litt fauka i fjelli. Køyrde fram setehøy, tok inn eit lass pålag – Trygve grev veiter. 11. Still, klår, kjøleg, + 6º R i morgonstunda, seinare varm, ein god høyversdag. Fekk resten av setehøyet i Øverenge, 3 lass, og grønforhesja, 5 lass. 12. Yvertjukk, still fyrst på dagen, letta upp og klåra frametter fm. Køyrde inn av torvhesja, hengde litt på’n att. 13. Klår, varm, sudaust-gråe, i kveld-ykta torefloing. Hemnestur, Anne. 14. 12. sundag. SV og regn fm., meir vestleg em., med klårglytt, nærmast turr – uppklårande mot kveld. 15. Still, klår med skydottar, drått av nordvest pålag. På em. vestavind. Veitgraving og –sprengjing, høykøyring – 6 hesjelass. 16. Yvertjukk, vestleg kjøla fyrst, sidan ein pust av sudaust, litt upplettande på fm., men seig i hop att og byrja regna so kl. 15 – regna stilt og nokso tett utyver kvelden. 3 turrhøylass. 17. Yvertjukk, SV drått og kjøla, byrja snart å regna og vart mykje regn. 18. SV og regn. 19. Like-eins i morgonstunda, byrja letta upp på fm., men seig i hop att og vart ein mon verre. 20.Like-eins, uver mest å rekna fm. Hemnestur, Inga og Trygve. 21. 13. sundag. Still, skodde, sidregn, de tek til å verta vel mykje vått no. Nokre solglytt, leid på dagen. Eg tok meg ein fjelltur, såg åt Hanstein-folkje – nybyggjarane på Tverrbekklifjelle. 22. Same ver. Stubb-bryting og rensking uppå Øverbakken. 23. Vestavind (til vest-nordvest), mest turr, litt fauka imillom. – same arbeid. 24. Barsok. Same ver fyrst på dagen, seig til att på em. og tok til å sidregna. same arbeid – ferdig. Ole Olson (Medstraum) kom hit på avskilsvitjing i kveld-ykta – han skal reisa på laurdag. 25. Regn – med dis -, vester-kjøla um kvelden. Tok på med skurden. 26. Yvertjukk, still, letta smått upp og turka litt. Skar av åkren, høyrde so inn nokre høylass. 27. Klår og fin, litt havgola på em. Hemnestur, Anne og eg. Trygve staura byggen – 62 staur – hadde ut-att noko høy, som var sleipt på hesja, turka og køyrde inn – 6 lass iallt i går og i dag. Høy-avlinga er hermed kome i hus, 54 lass i alt. 28. 14. sundag. Still, lett yverskya mest heile dagen, klår um kvelden. Anne og eg tok ein tur på kyrkjegarden, gjekk sidan åt fru Jørgensen på Kleppen (Jamtjord). Rigtig hyggeleg. Um kveld ball på ungdomshuse, ungfolka gjekk dit. 29. Lett yverskya, still, nordleg drått fyrst på fm., kom sidan med litt fauka og nordvest gråe. Slo hå (på Rabben), køyrde heim og hesja. Trygve inn-i grenda på planlegging. 30. Still, skoddregn fyrst, byrja letta upp framåt middag, kom med havgola – um kveld mest fullklår. Hesja hå, raka bygg-åkren, tok ned hesjor, lauva. 31. Klår med tunne godversskyar, sudaust kjøla. Slo hå og breidde, tok ned hesjor. Trygve for til Hemnes, skulle ut på planlegging.

September 1. Klår, sudaust-kjøla, byrja mot kveld å tjukna til av sud. Trygve kom heim landvegen frå Utskarpen, framåt nondag. Eg bredde svaltake, lauva og hogg ved, elles tok vi inn turrhøy (hå). 2. Skoddhimel, stilt regn. Køyrde og breidde ut sumarfjøsmøkkr på ”Teigen”. 3. Same ver, same arbeid. Hemnestur, Anne. – Leid på dagen kjende’n nordvestleg, med fauk-elingar og rôkglan. 4. 15. sundag. Spak vester-gråe, regn-elingar. 5. Styggver, SV og regn. Innahyses arbeid. Mot kveld nordvestleg med el-dus. 6. Still, turr, uppletten, mest halvklår ei stund, men seig i hop att på em. og byrja regna so kl. 20. Veitgraving og fylling, uppå bakken. 7. Yvertjukk, stilt regn på fm., eit austavind-kast kring middag. Same arbeid. I kveldykta SV og ausregn. 8. V og NV vind, fauk-elingar millom solglytt. Veitgraving. 9. Same ver fm., uppklårande – på em. vestavind og mest klår – men byrja tjukna til att i kveldinga. Slakta ”Nubb” – oksekalven hennar ”Nordkapp” – Hans i Botn hjelpte oss. 10. Still, tett regn framtil kl. 10, sidan yvertjukk men turr. Seinkvelds klårholutt. Reiste til Hemnes, Trygve og eg, med Førnesbåten, selde slakte, 29½ kg kjøt à 0.50 = 29.75 + skinne 9½ kg à 0/35 = 3.30 – iallt kr. 33.05. 11. 16. sundag. Still, yvertjukk, smått regn. Inga og Trygve for til kyrkja. Anne for til Bjerklia – ilagmed Jonette Nymo. 12. Still, ausregn fm., litt turrare em., med vind av V til NV. Um kvelden klår-holutt. Skoflikking, kjellar-umvøla. 13. NV, sterk, med regn og rôkglan. Trygve for åt Utskarpen på planlegging, eg sit inne og lappar styvlane. 14. Halvklår, still fm., vester-gråe em. Byrja ta upp tates. 15. SV og ausregn. Innahyses-arbeid. 16. Same ver, men spakare, tok av med regne og heldt lengre dus. I tateslande ei stund, mest på em. 17. Regn-elingar, vester-gråe fm., tok smått av og letta upp em. Hemnestur, Trygve, - Inga og eg i tateslande. Køyrde inn stauren. 18. 17. sundag. SV og regn att em. 19. Stilt regn, litt dus ei stund midt på dagen, so vi arbeidde litt med tates-onna. 20. NV-gråe med fauk-elingar. Full dag i tateslande. 21. NV-gråe, klårholutt, turr. Fekk sauene heim, henta deim frå Botne, flutte kyrne åt heimfjøse. – Elles tates-onn. 22. Still, yvertjukk, turr. Same arbeid, på de nærmaste ferdig. 23. Jamdøger. Still, smått regnfusk. Tok upp siste tateslandstubbane i åbit-ykta, sidan kålrot og gulrot, køyrde kål heimåt fjøse. 24. vester-gråe, yvertjukk med klårhol, små regn-elingar mot kveld. Tok upp resten av gulrota. Hemnestur, Anne og Trygve. 25. 18. sundag. S-kjøla, yvertjukk, turr. Anne og eg for til kyrkja (med ”Skalken”?). 26. Små regn-elingar med fine solglytt. Stakk upp noko taktorv. Trygve tok upp kål, pakkar ned hagevokstrar for sal. 27. Mest same ver, men minder um solglytt. Inga og Trygve til Straumsnes på auksjon. Eg køyrde heim grankvist. 28. Sudaust-gråe, ausregn. Hemnestur, Trygve, med hagevokstrane. Etter heimkoma byrja’n ta upp nepe, då de heia(?) litt i regne. – Vi raspa tates. 29. Mikkjelsmess. Same ver, med litt dus på em. Trygve tek upp nepe. 30. De fossar av lufta dagen lang, mest alt land står under vatn å segja – Trygve stod likevel i nepelande i full skinnhyr, bytte endå tri gonger på føtene.

Oktober 1. Halvklår, still (auster-kjøla på Rana), litt kjøleg. Hemnestur, eg. Trygve tok upp resten av nepa og ”kula” ho i hop. 2. 19. sundag. Klår lengste luten av natta, rimfrost, tett skodde frå morgonstunda framtil middag, sidan skyutt med klårhol, drått av nord. 3. Halvklår, nordleg kjøla. Trygve dekk på nepedungane med kål og mold. Eg tek til å ry torvhall åt skôte. 4. Snødd i natt, so marka er kvit, men de klåra upp og snøen tina av i sola. ”Sanitetsmøte” her, 20 frammøtte kvinnfolk samla. 5. Still, klår, ÷ 5º R. Straumen hudheil, marka byrjar frysa. Eg køyrde åt Hauan etter eit lass næver, eg hadde tinga. Trygve innreider i fjøse, for til Bjerklia em. på planlegging. Isen rak vekk til kvelds nedanfor Kjeldnese. 6. Same ver. Trygve til Medstraum og Litl-enge på planlegging. Kyrne står inne i dag, fyrr har dei vore ute ein tur kvar dag. Slakta eit lam og ein kalv. 7. Tok til å tjukna til av sud og lédna upp. Kyrne ute att. Trygve åt Botne og Utland på planlegging. 8. Halvklår, sudaust, léver, marka tiner upp. Hemnestur, Trygve, unda Lia med ”Grei”. (Haustmarknad). 9. 20. sundag. Halvklår, still, + 1º R i morgonstunda – men jorda vil frysa og isen styrkjast. 10. Léver, sudaust-kjøla, stundum nokso frisk – skyutt med solglytt, marka byrjar tina upp, ner-isen skaltrast. Trygve gjekk ned-um, rundt Botne, for til Hemnes med Oskar Tybekk, skulde til Leirvik – Sandnes på planlegging. Heime steller vi og lagar til tekkjings på skôte. 11. Same ver, men friskare vind, serleg em., - isen vart skruva i hop i Botn-hole. Vi tekte vestsida av skôt-take, hadde Myhre til meister og Arthur i Botne til handtlangar. 12. Trygve 26 år. Same ver, men spakare, mest still og eit bil kring middag mest heilt klår. Siste isskravla rak vekk og marka heilt upptina att. 13. Same ver – still fm., sidan litt sudaust-gråe. Køyrde i hop nepekål. Trygve kom heim i kveld-ykta, skyssa med motor frå Bjønnvika. 14. Same ver, frisk sud-aust. Slakta ”Pia” og ”Lire” – sau og gjeldver – Edvin hjelpte oss. 15. Same ver, litt solglytt kring middag. Hemnestur, Anne og eg – heimanfrå, med Førnesbåten. Nokre regndropar i kveldinga. 16. Yvertjukk, sunna-vind, regnskvett – skletta i fjelli. 21. sundag. 17. regn og ruskver. Rensking på nybrote, Kåre Nymo til hjelp. 18. Ausregn i morgonstunda, byrja dusa litt so kl. 9, mot kveld klårholutt og mest turr. Nylandspløgjing, Hans og Kristian. 19. Snøfjun, marka yverkvitna. Kyrne har ’kje vore ute sidan sundag (16). Uppklårande, kjøleg mot kveld. Trygve åt Utskarpen på utmåling, kom heim til kvelds. 20. Snøfjun (og skletta), vester-kjøla. Trygve ut i same ærend – heim til kvelds. Eg kasa i hop kvistved. 21. Halvklår, austavind, styrkjar litt på dya. Straumen attfrosen, natt til 19. Trygve på utmåling inn-i grenda. Eg moka mold på nepe-dungane. 22. Same ver. Gullbryllop i Kotenge, Anna og Johan Olsen – vi for dit på em., Anne og eg, krangla og rodde frammed strendene. Hemnestur, Inga, unda Lia med ”Grei”. 23. 22. sundag. Nordaust kuling og skletta fm., spakna sidan av og slo um i regn. Ner-isen sopast vekk, øver-isen køyrast uti Botn-hole. – Anne og eg yvernatta i Husnese, rodde derifrå til Førnese, landsette båten der og gjekk til Utlande, vart skyssa derifrå åt Storbergbukta, kom heim yver middag. 24. Still, smått regn, stundum litt skletta i. Leid frampå fm. vart de lange dus, med solglytt. Nylandspløgjing, Hans og Kristian. 25. Yversnødd i natt. Still, litt dunsnø smått heile dagen frametter. Trygve åt Førnese og Storvika på dyrkings-yversyn. Kvistkøyring heime. Sauene settest på heimfjøse. 26. Still, yvertjukk fyrst på dagen, uppklårande, til mest fullklår og kjøleg ved kveldstid. Skoghogst i Vinbærbakkan. 27. Still, klår og kald, ÷ 7º R. Trygve åt Utskarpen på planlegging og yversyn, kom att so kl. 19. Eg arbeidde med nepebingen i fjøse. Straumen frys til att, men ope for Kjeldnese-Elvkjeften og nedi Eidbukta. 28. Same ver – jorda frys. Fjøsarbeid fm., skogarbeid em. 29. Same ver – med litt glya frammed fjelli. Hemnestur, Trygve, frå Eidbukta med ”Grei”. 30. 23. sundag. Same ver. Attfrôse millom Kjeldnese og Elva – ungdomen er ute og prøvar skjeis-isen. Anne og eg gjekk åt Utskarpen, kom heimatt i myrkninga. 31. Same ver. Skogarbeid.

November 1. Same ver, med litt nordaust-kjøla. De vil segja: De tjukna yver av sud i går em. og byrja blåsa litt – i dag fm. klåra de heilt upp att. 2. Same ver – klår og nordaust-kjøla, frampå dagen litt friskare og noko skyutt i sud. 3. Nord-aust bris, klår med litt glya, ikkje vidare kald, mest kring 0º. – Skogarbeid både i går og dagen fyrr, i dag umvøling i heimehusi. ”Sanitetsmøte” i går hoss Lise Utland, Anne var der, gjekk rundt Botne. 4. Bededag. Ver og vind plent som i går. Inga og Trygve ferdast åt Utskarpen, kom heimatt innåt kl. 18. Isen traustnar og er no farande mest yver-allt, men landkallane er skrøpelege. 5. Still – elles like-eins i morgonstunda, byrja sidan blåsa nord-aust, tjukna yver og lédna upp. 6. Helgamess-sundag. Hadde snødd yver i natt-morgest, still med vasshagl i morgonstunda, slo um i regn då de lysna, frå kl. 10 SV storm. Anne og eg gjekk til Medstraum og lydde i radio – preika på Gjøvik av Hamarbispen og tri prestar, i høve av kyrkja sitt 50-årsjubileum. 7. SV og regn – berrmark og hålke. Innehyses arbeid. 8. Still, léver, skyutt, uppklårande. Rensking på nylande. 9. Still, klår, ÷ 4º R i lysinga, marka teler og svell upp. Mot kvell drog’n yver av sudvest. 10. Still, yvertjukk, spak sudvest-drått, ÷ 1º R i lysinga. Tok til å snø frampå em. og kvita marka. Slakta ”Irmelin”, Edvin Straumbotn hjelpte oss. 11. Still, léver, 2-3 tumar snø. Olav Lauvbakk køyrde slakte til Eide for oss. 12. Still, yvertjukk, smått regnfusk. Hemnestur, Trygve, frå Førnese. 13. 25. sundag. Still, léver, berrmark og hålke. 14. Styggver og regn. Landbruksmøte på ungdomshuse, tri fyredrag – vi var der all-i hop. 15. Still, yvertjukk, léver, marka held på å tina i yverflata. Trygve og eg køyrde til Falle etter ein komfyr han hadde kjøpt der. 16. Same ver. Trygve set upp komfyren i inderstova, etter at vi hadde teke ut litl-omnen. 17. Same ver, letta litt upp og kjølde lufta frametter dagen. ”Nordkapp” kalva på morgonsida kl. halv 2 – svartsidutt oksekalv, som vert kalla ”Nansen”. – I går rodde eg heilt herifrå med floa til Eide, isen når berre åt Leirfallmoen, uvere reiv’n upp solangt måndag og natt til tirsdag 14.-15. 18. Kald natt so Straumen er lagt att pånytt, marka frys til og vert glasert – men ut-etter dagen lédna de upp att – daud-still og yvertjukk. 19. Still, yvertjukk, aldri-so-lite snøfjun på marka i morgonstunda. Hemnestur, Trygve, frå Eidbukta med ”Grei”. Frampå em. tok de til å snø, la ned umlag 10 cm. 20. 26. sundag. Litt regndripl i morgonstunda, lyste sidan upp ogkjølde lufta, men seinkvelds tjukna’n til att. 21. Still, yvertjukk, léver, litt snøfjun seinast på kveld. 22. Still, yvertjukk, léver. 23. Same ver, med litt blåstr av sud-aust. Fekk uppgjør for ”Irmelin”, som var send åt Bøndernes Salgslag i Trondheim. Kontant kr. 66.62, vekt 105.6 kg = 63.45 øre pr. kg. – Trygve henta trøskemakinen hans Hans i Botne, som han hadde fått låna. 24. Same ver i morgonstunda, endå litt regndripl, letta sidan upp og fraus på. Trøsking, med Hans og Edvin og Dagny Øvringmo til hjelp. 25. Klår med skyrand kring fjelli, kjøleg. Eit år sidan eg skadde handa – ho er stél(?), maktlaus og nåmen, snar å frysa og fingrane krokutte, endå er ho utruleg brukande til vanlegt kvardagsarbeid, som ikkje er for tungt – ja d’er no vinsterhanda, som må halda take. – Byrja snø frampå fm., og heldt på og møra til kvelds – kram snø. Vi køyrde åt Botne med trøskaren og henta dryftaren attende. 26. Dronninga sin fødsledag (63 år) og gamle prost Kullerud (80). Léver, sudleg gråe. Hemnestur, unda Lia med ”Grei”. 27. 1. adventsundag. Yvertjukk, nordvest-kjøla, litt snøfjun på em. Møte på ungdomshuse på em., for skiping av innkjøpslag for grenda, Trygve var der. Isen ligg i uføre, han rekk åt Fagerli-nese, men dei har rodd mellom Elva og Kjeldnese rett som de var. 28. Yvertjukk, frisk VNV, ei kov-rid frå de var yver-ljost, framtil middag. Etter middag still, klårholutt. Vi dryfta. 29. I natt sunnavind, kov og fok, i dag SV og regn, styggver. Vi dryfta og vart ferdig. 376 kg fullmoge og 106 kg lettkorn. 30. Same ver, men litt spakare – skletta imillom. Byrjar berrkast i flekkjom att og laga hålke. Øverisen er knekt for Inder Hagabergodden, ner-isen ligg og rek, er mest all.

Desember 1. Still, yvertjukk med klårhol, hålke på vegane, litt haglfjun uppå. Slakta kalkunar, 12 iallt. 2. Same ver å kalla – litt snøfjun no og då. Pakka kalkunane i kasse, drog til Eide og sende med dampen til Trondheim. 3. Yvertjukk, léver, sudaust-gråe. Hemnestur, Trygve, unda Lia. 4. Same ver, med litt regnfusk på em. – uppklårande seinkvelds. 2. advents-sundag. 5. Still, klår og kald, ÷ 5º R. Vedkøyring og –hogging. 6. Same ver, ÷ 8º R, same arbeid. 7. Halvklår og heilt yvertjukk, litt snøfjun i kveldinga. Trygve gjekk åt Utskarpen, for derifrå til Hemnes, der var ”krinsmannsmøte” – han kom heimatt so kl. 20. – Lensmannen er 70 år, og sluttar i dag. 8º kulde, stigande til ÷ 6º i skyminga. 8. Yvertjukk med små glytt, still, snøfjun. Vedhogging, steinkøyring. – 100 år sidan B.B. vart fødd. – Léver og kram snø seinkvelds. 9. Still, regndripl, byrjar verta flekkbert i bakkane. 10. Natt og morgonstund eit Herrens ver med SV, regn og torebrak – då de lysna kantra’n til V og VNV, med hagl-elingar, spaktest smått ut-etter dagen, mest still i kveldinga. 11. 3. advents-sundag. Sterk SV og regn natt-morgon og fm., kantra sidan, som i går, men gjekk mest til bein nord utan nedburd. Bjørnson-fest på ”huse” frå kl. 15, med tale av Trygve og lærarinna. 12. Still, yvertjukk, léver – berrmark og hålke. 13. Same ver fm., lyste smått upp em., og kjølde lufta. 14. Still, klår, litt kaldt i lufta. Drog lett yver av sud mot kveld. 15. Lettskyutt, still, tjukna til då de ljosna skikkeleg, og byrja falla dun-snø. Slakta grisen, Nils Sjøvoll var meister. 16. Still, snødde nokso jamt ut-etter dagen, la ned ein 10-12 cm til kvelds. Pakka inn halve grisen og 6 kalkunar og drog til Eide – yver isen. 17. Yvertjukk, sudvest-storm og regn millom kl. 6 og 7, spakna sidan og blåste litt sudaust-gråe – ei stund på fm. nokso frisk på Sundsfjorden. Hemnestur, Trygve og eg – unda Lia. 18. 4. advents-sundag. SV storm og regn – berrmark og hålke. 19. Same ver, men spak – isen er landlaus. 20. Same ver. Trygve strauk av tidleg, tenkte seg utpå Dellsta-lande på planlegging, som nokon der hadde kila på etter – han snudde ved Storholmen. Isen er avbroten ved Inder Hagabergodden. 21. Same ver. ”Bjora” kalva, svartbrun kvigekalv. Letta smått upp, klårholutt mot kveld. 22. Solkverv. Yvertjukk med klårhol fm., tjukna sidan yver. 23. Tollaksmess. Yvertjukk, still, regndripl i kveldinga. 24. Jolaftan. Yvertjukk, still. 25. Jol. Still, tett regn, på em. ogso vind av SV med sid skodde, sterkare mot kveld. 26. Andre joldagen. SV og ausande regn, men ikkje fullt so tjukk skodde som i går – kring middag endå eit lite klårhol i sud. Berrmark på¨alt undlende å rekna for – Anne har vore gangande i Øverenge og ikkje trødd på snø. Ner-isen er heilt vekk, øver-isen er landlaus og slitar ilt. 27. Same ver, myrk og dimm, aldri fullt dagsljos. Berrmark langt uppi marka, snø berre til fjells. 28. Same ver, med litt skletta ei stund kring middag. Lars og Josefine Rydland var her på jolegjesting. 29. Same ver, berre ein mon verre. Øvringmo-karane fekk låna båten vår i går med’ floa og rodde herfrå til Eide. Dei kom ’kje heilt attende hit, fordi de isbrote som er att, skruva åt land her, samstundest vart de rein sjø frammed Hagabergje. I dag er heile skiten krasa og sopa vekk – rein sjø overalt. 30. Still, skoddhimel, smått regn. Hemnestur, Trygve, med ”Grei”, roande heimanfrå. 31. Same ver. Kring middag og ei stund framyver em. litt snøskletta, så de kvitna i fjellbrunorne. Hemnestur, Anne og eg, med Jens Førnes, som gjekk heilt hit-upp til Botn – på Nyårsaftan!