Dagbok Olav Engen 1931

Fra Wiki
Hopp til: navigasjon, søk

1931

Januar 1. Yvertjukk med klårhol, frisk sudaust. Joletrefest på skulen, vi var der all-i hop. 2. Same ver. Nepekøyring. 3. Still, léver, kovfjun, litt austleg gråe på Rana. Hemnestur, eg, frå Eide med ”Grei”. Skulestyremøte. Heimatt med ”Delko”. 4. H-3-K-sundag. Still, lett yverskya, ei stund på fm. mest klår og litt kjøleg, frå middag atter yverdregen og léver. 5. Still, yvertjukk, léver, nordaust drått, uppklårande, seinkvelds mest fullklår. 6. Trettandag. Still, klår, ÷ 10º - 11º R. 7. Still, yvertjukk, ÷ 4º R, yrfint snøfjun fm., stigande, berre ÷ 2º R i myrkninga. 8. Same ver, litt meir dun-snø, uppklårande mot kveld. 9. Halvklår, still. Vi frettar, at Thore Straumsnes døydde i går. 10. Same ver. Hemnestur, Trygve, frå Førnese med motoren deira. 11. Klår, nordaust. 1. sundag e. H-3-K. Krinsmøte og telefonmøte på skulen. 12. Still, dunsnø. 13. Tjugand-dag. NV, spak, med kov, klårglytt i kveldinga. 14. Skoddhimel, sudaust, klår ved kveldtid. 15. Klår, frisk nordaust, fok, kaldt. 16. Klår med skydottar, austavind, ei stund fyre middag og derikring sudaust storm. Tore vart førd til graven, vi var der, Anne og eg. 17. Klår, spak, fin auster-gråe. Hemnestur, eg, med Førnesbåten. 18. 2. sundag e. H-3-K. Still, klår, ÷ 12º R. Missjonsmøte i Botne hjå Hans, Anne og Trygve var der. 19. Like-eins, ÷ 15º R. 20. Same ver. Vi spanta dory – ein 15’. 21. Same ver fm. – tjukna yver kring middag, tok til å kjøla litt av sudaust, seinkvelds litt snøfjun. Mo-tur, med dampen, Georg Hauan og eg, møte i vegnemda. Kom ut att med same skip til Hemnes kl. 22, vart liggande der. 22. Litt auster-kjøla, snøfjun i morgonstunda, sidan uppklårande. Fekk fylgja Arthur Toresen frå Hemnes til Falle, kom gangande derifrå heim so kl. 17. 23. Halvklår, sudaust. Nepe-køyring. 24. Same ver, litt sterkare og meir sudleg. Hemnestur, Trygve, med Førnesbåten, han vart yver til imorgon, då han skal halda ”bondemøte”. 25. 3. sundag. Frisk nordaust, klår med siglande skydottar. Trygve kom sist på kveld gangande frå Falle, hadde fylgd Ragnar Teigen dit. 26. Same ver. Køyrde doryen åt Førnese, laut køyra rundt, etter landkallen, då isen er yverflødd av krav. 27. Same ver. Trygve byrjar stella til hønsehus i ”Trollhuse”. – ”Trilla” lamma tvillingar, sau og ver. 28. Yvertjukk, nordaust, litt snøfjun på em., men klåra upp mot kveld. 29. Klår, nordaust frisk, ÷ 4º R. 30. Same ver, spaktest, leid på dagen. Slakta ”Napoleon” (ungokse), Hans i Botn var her og hjelpte oss. Sende doryen til Finneide, på slep med Hjalmar Kåtenge. Køyrde sidan slakte ned-um. 31. Austavind, yvertjukk, kovgnistr. Hemnestur, eg, frå Førnese, med Førnesbåten.

Februar 1. Sundag septuagesima. Still, klår og kald, ÷ 7º - 8º R. Årsmøte i Hemnes Samvirkelag. Trygve for dit, saman med mange fleire, Førnesbåten gjekk so kl. 11, skyssa fritt. Han kom att burtåt kl. 21. 2. Same ver, ÷ 11º - 12º R, litt glya yver himelen ei stund på fm. til fram-åt myrkninga. Kynnesmess. 3. Same ver, ÷ 16º i lysinga. 4. Skyrand kring fjjelli, elles kald, ÷ 12º R på fm., seinare upptil ÷ 8º R, klåra av mot kveld att. 5. Fullklår att, still og ÷ 12º R på fm.,sidan upptil ÷ 7º R, tjukna til av vest i myrkninga og var ved kveld heilt yvertjukk. 6. Still, klår og kald att, ÷ 11º R. 7. Still i morgonstunda, blåste sidan upp nordaust og tjukna upp til halvklår og ÷ 7º - 8º R. Hemnestur, Trygve, med Førnesbåten. 8. Sundag seksagesima. Same ver – frisk blåstr av nordaust. De spørst, at Hans Larsen Medstraum døydde imorgest. 9. Austavind, snøfjun. 10. Still, yvertjukk fyrst på morgon, seinare SV, skletta og regn. Sist på kveld klårglytt. 11. Léver, sudleg vind, regnfusk. Seinkvelds uppklarande. 12. Sud-aust, yvertjukk, léver. 13. Same ver, uppklårande og litt kjølegare mot kveld. 14. Same ver. Hemnestur, eg, med Førnesbåten. 15. Fastelagssundag. Sudaust, léver. Smørmøte i Dalosen, Trygve for dit. 16. Same ver. 17. Klår med ei skyrand i vest, litt kaldare. Gravøl på Medstraum, kring 90 gjestar, storgilde. Anne og eg var der og. 18. Som i går, klår med skyrand i vest, som drog vekk då de leid på dagen, - kald, ÷ 10º R. Vi spanta dory – ein 17½’. 19. Endå kaldare i morgonstunda, men tjukna upp framyver middag og steig fort på gradstokken - ÷ 4º R og sudaust blåstr på em., i kveldinga kovfjun. Vi spyr at Anna Gjesbakken – kona åt Jens Andersen – er avliden (i går?). 20. Still, kovfjun i morgonstunda, klåra sidan av, på em. tjukna’n til pånytt med austavind og fok, seinkvelds smått sklettfjun. 21. Yvertjukk, sudaust kjøla, sklettfjun, + 3º R fm. Seinare frisk sud-aust, uppklårande, solglytt. Hemnestur, Trygve, frå Førnese med motorbåten. 22. ”Peters stol”, 1. fastesundag. Klår, mild og fin, ei stormrid med kov strakst etter middag, sidan like fin att. Bondefest på ”huse”, vi var der alle tri. 23. Ei kov-rid i lysinga, sidan klår med lette skyar, dragande imakje frå sud. 24. Sudaust til sud, frisk blåstr, tett kov med eitpar glytt på em. Seint på kveld still, upplettande. Vi køyrde doryen åt Førnese. 25. Sterk austavind, klår i morgonstunda, seinare skyutt, ÷ 2º upptil 0º. ”Sanitetsmøte” på Eide, Anne gjekk dit. 26. Austavind, skyutt, på em. kov burtmed fjellrandi, som tunnast av mot kveld. 27. Like-eins pålag, stiltest av mot kveld. 28. Still, klår og kald, ÷ 16º R. Hemnestur med ”Delko” (Hjalmar Koteng). – Eg mælte snøen den 25., då var her 47 cm, de meste her enno har vore- - Seinkvelds yvertjukk, dunsnø. – Hønsi har lagt 8 egg i februar.

Mars 1. 2. fastesundag. Still, lett snø, ”frosthare”. – Vi ferdast til Nyvoll, Anne og eg, hadde de retteleg festleg der, saman med systri Bjørnareim og Pernille Bjerkli. 2. Same ver i morgonstunda, seinare vestleg skôtung, kov og dam. Minnedag um ein uversdag i Lofoten for 40 år sidan. 3. Still, lettskyutt, kjøleg. 4. Still, klår og kald, ÷ 15º R fyre solovringa. 5. Same ver, ÷ 16º R. Same ver, ÷ 15º med’ same de var ljost, blåste sidan upp av aust og varmemålaren steig fort, heilt til ÷ 2º R på em. Far sin fødsledag for 95 år sidan. ”Idun” kalva um kvelden – ein myrkraud kvigekalv. 7. Klår i morgonstunda, still her heime. Auster-gråe på Rana, drog yver av nord-aust framyver dagen og var i myrkninga lik til snø, men letta sidan av. Hemnestur, eg, roande frå Førnese utyver, heimatt med Ingv. Hagen. 8. 3. fastesundag. Klår, litt skyutt fyrst frammed fjelli i aust, men de reinskast vekk. ÷ 8º R fyre solovringa. Her er 60 cm snø. 9. Yvertjukk, still, litt skoddeheng, ÷ 5º R. Klåra upp framåt middag. Køyrde vrakbord frå Jamtjordsaga. 10. Yvertjukk med klårglytt, litt dunsnø eitpar gonger på fm. 11. Yvertjukk, still alrafyrst, blåste sidan upp nord-aust og klåra av. 12. Gregusmess. Nordaust, lettskyutt, gråfrost. For til Finneide med doryen, saman med Svein og Kristian Utland. Hjalmar Koteng slæpte. Kom heimatt so kl. 19. 13. Yvertjukk, still i morgonstunda, med aldri-so-lite dunsnø, ÷ 2º - 3º R, austavind, uppklårande på em. 14. Still, klår, ”spikar”-kald, ÷ 15º R fyre solovringa. Hemnestur, Trygve, med Ingv. Hagen frå Førnese. 15. Midfastesundag. Still, klår, ÷ 10º R, på em., med’ sola vermde mest, ÷ 3º R. 16. Still, klår fyrst, ÷ 10º R, tok i lysinga til å draga yver av vest og tjukna smått til frametter dagen. 17. Still, yvertjukk, dun-snø (”frosthare”) til ei stund etter middag, då han sette i med SV og regn, nokso sterk. 18. SV storm og regn i morgonstunda, spaktest og letta upp framyver dagen, um kveld still og klår. 19. Yvertjukk, still, dunsnø på fm., ingen nedburd em. ”Sanitetsmøte” på Nyvoll, Anne var der. 20. Still, léver, på em. smått duskregn. 21. Aus-regn, still her heime, litt vestleg gråe på Rana. Hemnestur, eg, frå Førnese med Ingv. Hagen. 22. Vårfrumess-sundag. Still, tett regn. Mot kveld nordvestleg, skletta. 23. Still, klår, kjøleg i morgonstunda, men tjukna yver tidleg på fm. og vart SV med skletta. 24. NV og kov, men nokso lange, fine dus. Missjonsmøte på Straumsnes, Trygve for dit, kom heimatt so kl. 18. 25. Vårfrumess. NV og kov fyrst på dagen, gjekk framåt middag um til SV med skletta og regn. 71 cm snø. 26. NV, tett kov. 27. Like-eins fyrst på dagen, avtakande og upp-lettande mot kveld. 28. Still, klår og kald, ÷ 8º - 9º R fyre solovringa. Millom Jamtlia og Førnesodden, der de har vore ope heilt åt Bustien til iforgår, er de no hudheilt av ihopfrosen snøsurpa, og Svee ligg blankt av blåis. Hemnestur, Trygve, frå Førnese roande, heimatt med Ingv. Hagen til Eide. Um kvelden yvertjuknande frå vest. 29. Palmesundag. Litt snø inatt, klåra upp fm., ÷ 7º R. Lars 53 år idag. 30. Halvklår, gråkald i morgonstunda, tjukna sidan yver og tok til å snø, ei stund på em. våt snø, mest regn, ”ising” med 0º R. 31. Still, halvklår, gråkald um morgonen, seinare litt regnfusk, på em. still, mild, utan nedburd, men drått av nord-vest.

April 1. Halvklår, kjøleg i morgonstunda, sidan solskin og snøbrede. 65 cm. snø 2. Like-eins pålag. Skirtorsdag. Fullklår og noko kjølegare mot kveld. Månemyrkje. 3. Langfredag. Still og klår i morgonstunda, nattkald, litt teikn til skare. På em. yvertjuknande, léver. Isen ned-i Eidbukta – den nye – tek til å gå upp. 4. Påskeaftan. Halvklår, gråkald, litt snøfjun i morgonstunda, seinare klår, litt austleg vindgråe på Rana. Mot kveld tjukna’n til att. Hemnestur, frå Eide med Ingv. Hagen. 5. Påskedag. Austavind, yvertjukk og lik til snø i morgonstunda, uppklårande framyver dagen. Anne for til kyrkja – frå Eide med Ingv. Hagen, kom att med Nils Øvringmo åt Førnese. 6. Still, klår, nattkald, skare, drog upp skyar av nord mot kveld. Andre påskedagen. 7. Still, halvklår, nattkald, drått av nord-vest, litt dunsnø på fm. Vi drog ei ny harv (rulleharv) frå Eide på fm., de var fælt med hålka på Jamtlivegen. Um kvelden klår. 8. Still, klår, nattkald, ÷ 7º R i solrenninga, sidan snøbrede. Eg for iveg og grov mark og gjekk på isen, drog upp dugeleg kokri. 9. Klår, ÷ 3º R i morgonstunda, nordaust-blistring. På isen og drog bra med fisk i dag og. 10. Frisk nordaust, skaraføre. Byrja leggja møkkr-veg og køyra møkkr på Rabben. 11. Still, klår, ÷ 5º R i morgonstunda. Møkkr-køyring. Hemnestur, Anne og Trygve, roande frå Førnese. Lofotfolkje byrjar koma heim, har lite og inkje fått. 12. Klår, nordaust, nokso frisk stundum. Vi ferdast åt Hesthaugen, Anne og eg (1. sundag e. påske). Mot kveld tjukna de upp i sud og vest. 13. Still, yvertjukk, snøfjun. Slakta ”Ruggen” (nær 16 mnd. gl.), Hans i Botne hjelpte oss. 14. Sumarmål. Same ver, solglytt på em, snøfjun mot kveld. Køyrde slakte åt Førnese. 15. Vestleg gråe, yvertjukk, kov i fjelli, på em. og framåt myrkninga snøfjun. For til Hemnes med slakte, Kåre Øvringmo skyssa, Nils var med og Edvin og Heitmann og Johs. Lauvbakk. Fekk 142 kr. for oksen. 16. Nordleg kjøla, nattkald, seinare skyutt og lett snøfjun, men klåra mot kveld att. 17. Klår, still, nattkald, dagen frametter solskin og snøbrede. 18. Same ver, litt sudaust-kjøla. Hemnestur, Trygve, med Førnesbåten. 19. 2. sundag. Same ver. Isen landlaus åt Elvkjeften, men Kåre Øvringmo gjekk av og på han attmed Stor-Langnese i dag. 20. Still, skarafrost, klår med lette skystrimor yver heile himelen, drått av sud. 21. Mest heilt yvertjukk i morgonstunda, likevel ÷ 2º og skare. Klåra sidan upp og vart varm og still heile dagen. De tek til å berrkast, både i hagen og upp i bakkane. Ber inn sædtates. 22. Lettskyutt, drått av vest, 0º R fyre solrenninga, sidan varm, sterk snøbrede. Ferdig med sædtatesen, 620 kg iallt. 23. Yvertjukk, sterk austavind, tok til å snø frampå fm., skletta fyrst på em., mot kveld turr. 24. Still, yvertjukk med solglytt. Køyrde båten inn-åt Medstraumsjøen. Isen er landlaus der inne åt Storbergbukta. 25. Lett yverskya, spak austleg gråe. Um kveldtid klår og still. Hemnestur, Trygve og eg, roande frå Medstraum-auren, kom roande rundt strendene attende hit åt Bakarvollen. 26. 3. sundag e. påske. Lett glya på himelen, mild, litt austleg vind på em. 27. Halvklår, tjukk i sud og vest, still, mild. Isen landlaus yver alt, ner-isen vekke. Blåste upp frisk sudaust frampå fm., som vara dagen ut – og natta med. 28. Anne 59 år. Yvertjukk med klårhol, frisk sud-aust, ein liten regnskvett på em. Foredrag på ”huse” kl. 20-23 av ein sekretær Bryn i Norges Bondelag – vi var der alle tri og høyrde på. 29. Same ver. Same foredrag vart held på Falle um kvelden, Trygve var der. – Isen knakk av for Inder Hagabergodden igårnatt og inderstykkje rak nedigjennom i natt. Ytterstykkje er no skruva uppå Utlandsfjæra og krava sundt. 30. Same ver, med undatag av vind. D’er ål-bert her på heimebøen å rekna, berre ei remsa med isklake frammed gjerde i Lamyra og litt i dalbotnane.

Mai 1. Klår, still, aldri-so-lite styrkja på dya i morgonstunda, blåste tidleg på fm. upp av sudaust og tjukna upp, men klårast mot kveld att. P. Johansen, Hammerfest, er 90 år gamal i dag, vi har sendt helsing åt han her um dagen. 2. Klår, still, litt austleg kjøla på Rana. Hemnestur, eg, roande åleine heimefrå, på slep med Jens Førnes heimatt. Skulestyremøte. Frakta heim kunstgjødsel med motor’n. Sauene ute fyrstegong. 3. Krossmess, 4. sundag. Sudaust kjøla, tunn glya på himelen. 4. Same ver, ja litt friskare sudaust. Tok til å så ut kunstgjødsel og harva nyland. 5. Klår, still, litt rimkaldt i morgonstunda. Harva på nylande, møkkrharva med risdroga på enga, rodde timber på Botnsaga. ”Sanitetsmøte” på Straumsnes, Anne var der. 6. Still, yvertjukk i morgonstunda, seinare regn, på em. frå kl. 16 turr vind av V og VtN. Nylandsharving, møkkr-køyring frå sumarfjøse og risharving. Hemnestur, Trygve, med ”Sirius”, henta resten av kunstgjødsla, 750 kg iallt. 7. Still, yvertjukk, kjøleg, litt regnfusk på fm., em. turr vind av V og VtN. 8. Klår med drivande skyar, kald, turr NV blåstr. Harving både i går og i dag på åker og voll, hagestell. – I kveldinga snøfjun. 9. Marka yversnødd, sterk NV, kov-elingar. I kveldinga nokso kald. Hemnestur, eg, med ”Grei”. 10. 5. sundag. Halvklår, blåis på Botnfjorden i morgonstunda, vestleg vind, som snart sopa reint. 11. Klår med litt glya, still, mild, tjukna til i vest mot kveld. Møkkr-køyring og harving. Flarbrødbaking. 12. Yvertjukk, smått regnfusk, still, ei vind-rosa av sud-vest i kveldinga.Pløgjing på ”Sjø-åkren”. 13. Still, skoddutt, regn, frampå dagen litt vestleg gråe. Hagearbeid, rensking kring veitene nedi myra. 14. Heilagtorsdag. Same ver pålag, noko turrare på em. Songkor på ”huse” av Hemnes songlag. Trygve var der. 15. Yvertjukk, still i morgonstunda, klåra sidan upp og vart varm, tjukna til mot kveld att og tok til å regna. Eg rodde burti Finneidfjorden, Svalenge, for å halda ein takst, - som ikkje vart um – kom heimatt kl. halv 20. Harving heime. 16. Yvertjukk, still, regn mest heile fm., turr og fint ver em., seinkvelds regntjukk att. Harving. Hemnestur, Trygve, med ”Grei”. 17. 6. sundag. Regn fm., mest klår em. til kl. 20, då de atter byrja regna. Fest på ”huse”, vi var der alle, Trygve heldt talen. 18. Still, yr-regn mest heile dagen. Møkkr-køyring og pløgjing (på Rabben), matrialføring av Botnsaga. 19. Same ver i morgonstunda, kom kl. 8 med turr nordleg vind og klåra upp. Pløgjing og upprensking frammed veitene. 20. Klår, kjøleg, nordaust blåstr frå morgon av. Same arbeid, dertil harving. 21. Klår, kjøleg, isfale på Straumen fyre solrenninga, kom sidan med nordaust-kjøla, ei stund ikkje so lite frisk. Harving. 22. Halvklår, mild, sudaust gråe. Sådde bygg og harva yver, sette fyrste potetesen. 23. Klår, auster-kjøla. Trygve planta ut kål (på Rabben), harva (samestad). Hemnestur, eg, med Førnesbåten. 24. Pinsedag. Yvertjukk, still, regnfusk. Kyrne slepte vi ut fyrste gong den 22, i dag har vi deim i utmarka, og gjev deim litt høy berre morgon og kveld, forutan litt kraftfor. Sauene har lege ute sidan 20., dei held seg uti Storlia og har de godt der. 25. Andredag, Urbanus, Ålmanns plog. Klår de fyrste imorgest, men tjukna yver tidleg på fm. og vart smått regn. 26. Skodde og regn. Harving, potetsetjing. 27. Same ver, dertil sudvest-gråe, då de leid på dagen. Potetsetjing, møkkrkøyring og –breiding på nylande. 28. SV og regn med ”rôkglan” i morgonstunda, gjekk um til NV og N og klåra upp. Potetsetjing, harving. 29. Nattkald, klår, nordaust. Potetsetjing, vart ferdig. Harving på nylande. 30. Same ver fyrst på dagen, stilltest og tjukna til på em. Hemnestur, Anne, med ”Grei”. Harva nylande ferdig og sådde kålrot og nepe. 31. Trieiningshelg. Still, mykje regn. Bygge bryddar nede på Sjøbakken. Siste høystråi gjekk til i dag, kyrne har ikkje fått turrhøy sidan pinse.

Juni 1. Still, halvklår de fyrste, sidan auster-kjøla på fm., vestleg vind på em. Trygve strauk åt Utskarpen på landmåling, eg køyrer møkkr. 2. Auster-kjøla, yvertjukk med klårglytt de fyrste, sidan friskare austavind, regnskodde i fjelli, ender-å faukdropen på fm., turr på em. Åkertromling, møkkbreiding, pløgjing (på Sjøbakken). Trygve kom heimatt um kvelden.3. Yvertjukk, auster-kjøla fm., frisk NV em., nokso kjøleg. Heldt fram og vart ferdig med pløgjinga. 4. Yvertjukk, sameslag vind, friska på og vart sterk frametter dagen, snøfjun i kveld-ykta. Harva og renska ugras av åkren. Halvklår i kveldtida. 5. Halvklår, frisk NV, kald og turr. Sådde grønfor. Kalkunhønorne kom med kjuklingar, iallt 25 livande. 6. Halvklår, vester-kjøla fyrst på fm., seinare litt friskare, men spaktest mot kveld att. Hemnestur, Trygve, med ”Grei”. Sådde grasfrø, harva og tromla. 7. 1. trieiningssundag. Yvertjukk, still i morgonstunda, seinare vestleg vind, friska på og klåra upp på em. Kyrkjetur, Anne, med ”Sirius”. Trygve for åt Utskarpen på eit ”kjøtmøte”. – Anne kom heim kl. 18, gangande frå Utskarpen, hadde fylgt dit. 8. Halvklår, vesterkjøla, tjukna til seinare på dagen med friskare vind – ei stund av sud – og litt regndripl av og til. Eng- og hagerensking. 9. Same ver, litt meir regndripl. Arbeid med skurveden på Trollhuse – de nye hønsehuse. 10. Same ver i morgonstunda, kula seinare på av NV med kaldt regn, skletta og snø i fjelli. Trygve for inni grenda på landmåling, eg arbeidda med skurveden. 11. Stilt regn i morgonstunda, kula sidan upp av N til V og klåra upp – um kvelden still og klår med lette skydottar. Trygve teiknar dyrkingsplanar, eg steller med fjøsveggen inn-imillom anna gardtutl. 12. Halvklår, still i morgonstunda, men blåste snart upp av vest og nord-vest, tjukna yver og kom på em. med regn. Same arbeid. Trygve gjekk på em. til Gjesbakken på landmåling, kom våt heimatt mot kveld. 13. Vestavind, yvertjukk, regnfusk. Hemnestur, eg, med Thoresen-lina. 14. 2. sundag. vestavind og regn, reint ruskver. 15. Halvklår, still i morgonstunda, seinare auster-gråe, uppklårande, på em. heilt klår. Arbeid med hønsegjerde og i sumarfjøse – innahyses uppvask, med Jenny Straumbotn til hjelp. 16. Klår, auster-kjøla fm., havgula em., gjekk nord mot kveld og vart kjøleg med skodda i fjelli. Flutte kyrne åt sumarfjøse. Hagerensking. 17. Yvertjukk, still i morgonstunda, kom sidan med sud-aust, gråe og letta upp, mest klår em. og kveld, med litt havgula. Rensking i hagen. Fylkesagronom-medhjelparen, Anders Lothe, kom hit yver middag og vart her natta. Trygve gjekk med han rundt i grannegardane og såg på nokre dyrkingsfelt, kontrollera arbeide. 18. Klår i morgonstunda med sudaust-kjøla, men tjukna fort yver av sud og sette i med sterk sud-aust, med litt regnskvett. Trygve og framandkaren for åt Utskarpen i ærende sitt, kom att so kl. 14, sidan skyssa eg han til Eide. Hagestell. Um kvelden kl. 20 kom vegnemda i fylkestinge – som no møter på Hemnes – gangande hit frå Eide og eg vart med deim til Rølibrua. De var desse herrane: Johnsen (Gildeskål), Rødli (Velfjord), Tofte (Evenes), Pettersen (Hol), Krane (Saltdal), Selfors (Nord-Rana), Myklebost (Tjøtta), Hansen (Hadsel), Almli (Drevja), dertil av den samansette heradsnemda ordførar Venes (Mo), bonde Per Sletten (Nord-Rana), ordførar Langseth og lensmann Drotninghaug (Nesna), eg, som var med herifrå og Georg Hauan derifrå. Ved Hagen hit-um Rølibrua venta Sjoneidbilen for å køyra deim til Myklebostad. Per Sletten og eg snudde der og gjekk heimatt. 19. Skyutt, still um morgon, seinare SV og regn. Jordstyre var her på jord-uppmæling. 20. SV og regn, svinver. Hemnestur, Trygve, med Førnesbåten. 21. 3. sundag. Stilt regn um morgon, sidan turr, upplettande. 22. Solkverv. Yvertjukk, austleg fyrst på morgon, litt fint regndripl ender-å-gong på fm., letta sidan upp med gråe av nord. Umvøla på køyrebrua. 23. Jonsokaftan. Halvklår, vestleg gråe fyrst, seinare frisk nord-vest, yvertjukk og regndripl (fauka). Køyrebrua, ugrasrensking. 24. Jonsok. Same ver. Køyrde hesthakka i tateslande. Trygve gjekk til Gjesbakken em. i uppmålings-ærend. 25. Same ver, meir vått igrunnen, litt turrare ei stund i kveld-ykta. Neperensking, torvstikking og –hesjing. 26. Still, skodde og regn – ausregn utan stans, litt vindgråe av sud-vest og, sidan, yver middag ei stund nokso frisk. Eg skyssa Trygve på Juvika i morgonstunda, han reiste til Alstahaug på bondestemna, med motorbåt frå Hemnes. Vi har tidend av, at dei er vel framkomen, men hadde hard motbør. 27. SV og regn, ei stund kring middag storsterk å kalla, men då litt minder regn. Hemnestur, eg, med Førnesbåten. Eg m.fl. var inne på Fylkestinge og høyrde på ein times tid. Laurits på Straumsnes døydde mot kveld den 24. 28. Same ver: ausande regn, men ikkje so sterk, ender-å dus, leid på dagen. 4. sundag. 29. Same ver, men avtakande framyver dagen, seinkvelds mest still. Trygve kom heim i middagstida. – Eg hadde målar-arbeig inne i kjøken. 30. Skodde og regn att, spakenn vind av SV og V. Gravøl på Straumsnes yver Laurits, vi var der, Anne og eg.

Juli 1. Same ver. Trygve teiknar kart, elles vedhogging og anna innahyses arbeid. 2. Same ver å byrja med, men letta upp frametter dagen og heldt seg turr til kvelds – solglytt òg imillomstunder. Nepetynning. – Eg var på Medstraum saman med K. Sjåvik og skreiv upp eignalutene hennar Iverta. 3. Yvertjukk, still, turr til å byrja med, men tok smått til å regndripla på fm. og heldt på slik meste tida, auka på mot kveld. Vart ferdig med nepetynninga, so gjekk Trygve til fjells på landmåling. D’er 10 år i dag sidan han vart konfirmert. 4. Halvklår, still um morgon ei stund frametter, frå middag sudaust gråe, varm, + 18º R. Hemnestur, Anne, med Førnesbåten. Heime nepelandrensking. 5. 5. sundag. Same ver. Ungdomsstemna på ”huse”. 6. Same ver, uppklårande med sudaust gråe, steikjande varm, + 22º R. På em. toreskyar bak fjelli i sud, men klåra av mot kveld att. Ugrasrensking i nepeland og hage. 7. Klår med lette skydottar, still, varm. Køyrde hesthakka i tateslande. Trygve inni grenda på landmåling um kvelden. 8. Halvklår, still, varm fyrst på morgon, blåste upp av sud-aust tidleg på fm., tjukna til og regndripla litt no og då framtil nondags, sidan turr. Hemnestur, Trygve, med ”Sirius”. På em. bøting av fjøstake. 9. Klår med skyrand kring fjelli og still fyrst på morgon, men blåste so upp av sud-aust, tjukna til og tok på em. til å regna nokso tett. Vi grov og mura nedi bekkjehole, til vi laut slutta for regn. 10. Still, klår med lett glya, helst kring fjellrandi. Tjukna seinare yver og kom med kjøleg vester-gråe. Trygve gjekk åt Utskarpen med smør og på landmåling hoss Jakob-Angel. Eg køyrde stein, grov og mura. 11. Yvertjukk, fauka, stiv kuling av nordvest, kjøleg. Hemnestur, eg, med Førnesbåten. Trygve slog unda her millom husi og hesja. 12. 6. sundag. Same ver, på em. nokre klårglytt, spak mot kveld. Anne og eg ferdast til Seljehamaren, ho ville sjå til kona der som ligg nervesjuk. 13. Nordvest gråe, kjøleg, yvertjukk med klårhol i morgonstunda, klåra frametter fm., klår em. med frisk havgøla. Slo kring potetlande og vegane, køyrde fram og hesja. 14. ”Midsumar”. Still, klår, kjøleg i morgonstunda, sidan på fm. frisk sud-aust, kom i nonstida med havgøla. Hyppa tateslande, ugraskøyrde nepelande. Skyutt kring fjellrandi mot kveld. 15. Yvertjukk med klårglytt, eitpar regnskurar på em. Arbeid med leidstenger på køyrebrua. – Sudaust-gråe. 16. Still, yvertjukk med klårglytt fyrst på dagen, gråa på av sudaust , tjukna til og byrja regna em. Vart ferdig med køyrebrua, måla sidan i kjøken. Trygve slo eit stykkje frå fjøse uppetter, tok sidan til med reingjering i fjøse. 17. Yvertjukk med klårglytt, litt regnskvett i morgonstunda, sterk sudaust storm, reiv’n av og vart halvklår um kveld. Ferdig med målinga, heldt fram med fjøs-reingjeringa, raka seter. 18. Yvertjukk med klårhol, frisk sud-aust, stundum sterk frametter dagen, nokre regndropar so kl. 13, sidan turr til kl. 17, då de tjukna til, stilltest og tok til å småregna. Fekk inn eit lass høy pålag av seter og nedfall av hesjene. Hemnestur, Trygve, med ”Grei”. 19. 7. sundag. Yvertjukk, vester-gråe, regndripl. ”Sanitetsfest” på ungdomshuse, Trygve er der. 20. Margit Vassause. Frisk vestavind frå kl. 8. umlag, yvertjukk med brennheite solglytt, regndripl no og då, på em. mest jamn skoddhimel. Tok inn eit lass halvturt setehøy. Elles handhyppa vi ein potetlandsnipp, slo og hesja, prøva slåmaskina. 21. Eg er 60 år. Skoddhimel, vester-gråe, seinare frisk havgola, uppklårande framåt middag og deretter burtåt kl. 16, då de tjukna upp att av sud med toredun, og tok til å regna. Slo og hesja, køyrde in eldste hesja, 1½ turrhøylass. 22. SV gråe, regn, skoddhimel, ruskutt, serleg på em. Var ute fm. og hesja resten av de vi slo i går kveld, sidan innearbeid. 23. Fyrste hundedagen. Still, elles same ver fyrst på dagen, men held tupp å regna frampå fm., og klåra av um nondagsleite. Slo i Lamyra (køyrde sund slåmaskina), og sette upp hesja. Ved kveldtid fullklår, med ei skyrand i sud. 24. Yvertjukk, stilt, regnskodda i fjelli, litt regnsfusk her nede og no og då på fm., em. klåra de upp – seinkvelds halvklår. Hesja i Lamyra. 25. Jakob Våthatt. Klår, sudaust-kjøla i morgonstunda, drog frampå fm. upp frå SV og var meir og minder skyutt frametter dagen . Seinkvelds litt regnskvett. Varm, god høyturk, raka nokre seter i Lamyra, køyrde inn av hesja på Sjøvegen eitt turrhøylass, slo i Tørvenn og hesja på att. Hemnestur, eg, med ”Grei”. 26. 8. sundag. Har regna litt inatt. Yvertjukk fyrst på dagen, sudaust-kjøla, uppklårande, varm, + 20º R. 27. Sjusovar-dagen. Klår i morgonstunda, tjukna upp frametter dagen av sud, + 22½º R, toredun og nokre regndropar i kveldinga. Slo nedimillom veitene og i Inderdalen og breidde. Fekk inn halvt-anna turrhøylass. 28. Yvertjukk, frisk sud-aust, regndripl imillom fyrst på dagen, kom so kl. 11 med ausregn. Køyrde inn eit lite lass setehøy, slo elles skrapslått og breidde. Sette slåmaskina i stand på em. 29. Olsok. Frisk sud-aust, yvertjukk med klårhol, upplettande til halvklår, + 19º R, god høyturk – tjukna til att, leid på dagen, og regna litt etter nondag. 4 turrhøylass. Svensktates so stor som ein vaksen fingerled. 30. Still, lett yverskya i morgonstunda, tjukna til og vart tor-gong og aus-regn em. Slo og hesja ovanfor berge, Solbakken – Hanåkren. 31. Halvklår i morgonstunda, sudaust-gråe, tjukna seinare til, med fauka i fjelli, varme solglytt frametter dagen, men so utrygg at vi ikkje torde kasta ut seter. Slo og hesja grønfor-åkren. I kveldinga toredun og regn. Køyrde inn 1½ lass hesjehøy.

August 1. Still, regn i morgonstunda, men kom snart med frisk vestavind. Regne vart ikkje vidare utav, berre litt fauka no og då. Tjukk skoddhimel, SV drått. Slo ”Ratadalen” og hesja. Hemnestur,Trygve, med ”Grei”. 2. 9. sundag. Same ver. 3. Yvertjukk og myrk, litt vestleg gråe tidleg på fm., tok sidan til å regndripla og auka smått på, til de um kveldtid var reint ufyse ausregn. Køyrde inn 1 lass hesjehøy fyre regne, slo sidan skrapslått i Øverbakken og maskinslått i Steinbakken. 4. SV og regn, eit forfælande Herrens ver, fossar, ikkje berre i bekkjene, men i alle bakkar med – og dryp og renn gjennom alle tak. Tok litt av utetter dagen. Vi slo og hesja i Steinbakken. 5. Litt meir vestleg, fauk-elingar, på em turr, vi fekk somenn køyra inn de meste av ei hesja i Lamyra, 3 lass – heldt elles fram med hesjinga i Steinbakken. 6. Halvklår, still, varm, ein bra høyversdag. Fekk inn andre hesja i Lamyra og gamalt setehøy, 6½ lass iallt. 7. Still, yvertjukk med klårhol i morgonstunda, seinare frisk vestavind, upplettande, bra høyturk. Slo skrapslått uppmed køyrevegen og byrja på ”Teigen” uppå bakken, sette upp hesja og byrja hengja på. 2 lass turrhøy. 8. Same ver pålag. Hemnestur, Trygve, med Førnesbåten. 3 lass turrhøy. Slo og fyllte på hesja på ”Teigen”. 9. 10. sundag. Halvklår, fin sudaust gråe. Vi vart bedne og gjekk alle tri på em. til Øvringmo – Jens var heime med den unge kona si – dei var gifte i Mo den 19. juli – og dei heldt i høve av de eit lite gilde åt oss. – Køyrde inn eitpar hesjelass um kvelden. 10. Frisk austavind, yvertjukk, regndripl i morgonstunda, seinare turr, upplettande. Slo og hesja resten av ”Teigen”. 11. Still, yvertjukk, regndripl fyrst, sidan vestleg vind, upplettande, solglytt frametter dagen, i kveldinga atter regndripl. Slo mesteparten av Øverenge. 12. Yvertjukk, still i morgonstunda, seinare vestleg gråe, uppklårande, fullklår ved kveld. 6 lass høy. 13. Still skoddhimel i morgonstunda, kom med havgola tidleg på fm. og letta upp, vart godt høyver, mest fullklår. Slo av. 5 lass turrhøy. 14. Klår på fm., frisk havgola heile dagen, drog upp av sud-aust på em. og fall nokre regndropar mot kveld. Trygve reiste med dampen, skulle upptil Bodøy. 5 lass høy. 15. I natt litt regn, halvklår i morgonstunda, ei lita regnskur på fm., elles frisk sud-aust, uppklårande. Hemnestur, Anne, med Førnesbåten. Køyrde inn 2½ lass hesjehøy um kvelden. 16. 11. sundag. Yvertjukk, auster-gråe, litt regndripl no og då. Presten kom til Medstraum og heldt jordfesting på kyrkjegarden og preika ved skulen, vi var der, Anne og eg. Elles var de møtt fram ein stor folkelyd, både her frå grenda, frå Utskarpen og frå Hemnes og derikring. 17. Yvertjukk, sudaust-kjøla, litt regndripl no og då på em. Køyrde inn ei grønforhesja - 2½ lass. 18. Yvertjukk, austleg vind tidlegst på fm., seinare still, litt smått regndripl no og då, på em. nordavind, turr, små solglytt. Køyrde inn 6 lass hesjehøy. Kåre Nymo var her og hjelpte oss. 19. Still, skodde og regndripl fyrst på morgon, sidan turr vestleg vind. Slo litt skrapslått. 20. Still, skoddhimel i morgonstunda, seinare nord-vest gråe, stundum nokso frisk, turr her, men vi såg regn på Rana strakst etter middag – uppklårande framyver em., til fullklår ved kveld. Slo timotei-hå på Sjøbakken og køyrde åt hesja, gjekk sidan tilskogs og sette istand ein gjerdestubb (mot Botnmarka). 21. Still, skoddhimel til framåt middag, då de tok til å småregna med vestavind-kjøla. Hesja hå. 22. Skoddhimel, nordvest-gråe. Hemnestur, eg, med Førnesbåten. Etter heimkoma krampslått og hesjing. 23. 12. sundag. Yvertjukk, still fyrst på dagen, frå kl. 11 regn. Gjekk til Gjesbakken, Anne og eg, såg åt Jens Anderssen, som ligg sjuk. 24. Barsok. Same ver, endå meir regnfullt. Hesja ein rest av skrapslåtten, elles inne-arbeid, vedhogst og komagflikking. 25. SV og regn, litt spakare og turrare på em., klårhol utmed have og nordvest-gråe ved kveldtid. Inne-arbeid (kominglapping). 26. Halvklår, still i morgonstunda, klåra fint av til mest fullklår, kom tidleg på fm. med nordvest-gråe og små skoddedottar, meir vestleg frampå em., stilltest mot kveld og tjukna til att. Trygve kom heimatt. Slo hå i hagen og hesja, tok inn 4 lass hesjehøy. – Vi frettar, at Lars Jakobsen Møllevik (mitt systkinbarn) er død på Bodøy sjukehus den 24. 27. Still, skodde og regn fyrst på dagen, seinare sudvest-gråe attåt – seinkvelds still att. Hespa inn hesjestreng, tok upp og drog heim staur, køyrde møkkr. Eg fær telegram frå Hamarfest um at min frende Olav Johansen døydde i går (på Talvik pleiehjem?). 28. Still, yvertjukk, sudleg drått, seig i regn att på em. Trygve på landmåling (møkkrkøyring og breiding fm.), byrja skjera bygg um kvelden. 29. SV og regn um morgon, kantra nordleg på fm. med rôkglan, stilltest og tjukna til mot kveld att. Åkerskurd. Hemnestur, eg, med Førnesbåten. 30. 13. sundag. Stilt regn um morgon, seinare vestavind, solglytt, tunne fauk-elingar, um kvelden still og regnfull. ”Nominasjon” åt heradstyrevale vart halde på ”huse”, Trygve var der. 31. SV og regn, eit havsens ver i elingan, med ”råkglan” imillom. Skar og vart ferdig med byggen.

September 1. Byrjar like-eins, noko spakare imorgest, men sidan like fæl i elingane. Fjøskalking (Trygve), kjellar-rensking (eg). Auksjon på Medstraumen (etter Hans Larsa), Anne var der. Vi spyr, at Jens Andersen døydde sundagskveld (den 30.). 2. Same ver, men spak. Fjøskalking (ferdig), umflia på åkrane og håhesja. 3. Stilt regn i morgonstunda, letta upp frametter dagen, sud-aust-gråe på em., fullklår um kvelden. Trygve åt Utskarpen på yversyn. Eg køyrde, sand, leir, kvist, tilslut eit lass høy. 4. Still, klår, kjøleg, rim i grase fyre solovringa. Frampå fm. sudaust-gråe med lurv-skyar, skifta framåt nondag um til vest. Mykje gamalhøy vert innberga i dag, vi køyrde inn siste hesjelasse, de 60. 5. Yvertjukk, still i morgonstunda, sudaust-gråe fm. og upplettande, vestavind på em., fullklår og kjøleg seinkvelds. Hemnestur, Anne og Trygve, med Førnesbåten. Hans i Botne har skadd eine auge stygt med ein stein og lyt reisa på sjukehuse. 6. 14. sundag. Still, klår, rimkald imorgest, potetgrase frose i snippane (ikkje fritt den 4. heller), seinare frisk austavind med små skyfillor, dragande frå nord. Um kvelden nordleg vind. 7. Halvklår, nordleg vind. Slo hå og hesja. Køyrde inn eit lass hå. 8. Yvertjukk med små klårglytt og nordavind framtil nondags, sidan smått, stilt regn. Gravøl yver Jens Andersen, vi var der, Anne og eg. Håhesjing heime. 9. Still, regnfusk. Snø langt nedi fjelli, han byrja elles å syna seg for ei veke sidan. Arbeid i kjellaren og hønsehuse. 10. Yvertjukk med klårglytt, kald NV. Rydjing for nydyrkinga. Sette sildgarn um kvelden. 11. Same ver. Fekk 12 silde burtmed Hagaberge. Køyrde inn stauren, 33 iallt. 12. NV med fauk-elingar, klårglytt imillom. Kjellar-arbeid. Hemnestur, Trygve, med Førnesbåten. 13. 15. sundag. Same ver. 14. Still, smått regn fyrst, frampå fm. upplettande med vestleg vind, heilt turr på em. Nybrotspløgjing, Jakob-Angel var her med båe merrane med kvarsitt føl. 15. Stilt, jamt regn. Heldt fram med pløgjinga og vart ferdig. Trygve til Bjerklia på landmåling em. 16. SV storm og regn, styggver. Kalking i kjellaren, arbeid med hønsehuse (vindaugo). 17. Same ver, men mykje spakare. Framhald med same arbeide. 18. Same ver, kjende uppi NV på em. og vart noko turrare. Tok inn hesjematerial. 19. Vestleg vind, storm på Rana um morgon og tidlegst på fm., sidan spakare, tett regn på em. Hemnestur, eg, med Førnesbåten. 20. 16. sundag. NV og fauk-elingar med klårglytt imillom, ganske fin på em. 21. Mest same ver, kald i morgonstunda, sidan fauka her nede, snø i fjelli, klårglytt. Byrja ta upp tates. 22. Still, smått regn i morgonstunda, sidan NV med klårglytt og fauk-elingar. Um kvelden still og tett regn. 23., 24., 25. Same ver i-de-heile. Heldt fram med tates-onna, fekk Artur Straumbotn til hjelp. Han slutta og for heimatt um kvelden den 25. 26. Yvertjukk, vestleg vind, fauk-elingar, snøfjun i fjelli, då svært tunnt, so de mest var å rekna for turt. Hemnestur, eg, med Førnesbåten. Tatesen vart endå ikkje rett all. 27. 17. sundag. Stilt regn, skodde, på em. litt sudaust-kjøla. Trygve henta heim ein oksekalv, han har kjøpt hoss P. Nyrud. Han vert kalla ”Kyrre”. 28. Still, skodde, smått regn alrafyrst, letta sidan av og vart mest turr heile dagen, litt kjøla av s.sud-aust, endå eitpar små solglytt på em. Trygve for iveg på dyrkings-utmåling, eg stræva med resten av poteten, byrja so å ta upp kålrot. 29. Mikkjelsmess. Still, yvertjukk med klårglytt. Kålrot-upptaking. 30. Same ver, same arbeid. Køyrde inn hå-hesjane mot kveld.

Oktober 1. Still, yvertjukk i morgonstunda, seinare litt sudaust-gråe og klårglytt – um kveld halvklår å kalla. Tok inn resten av håen. Flutte kyrne heim. 2. Still, yvertjukk, smått regn. Trygve kom heim, frå Hemnes med ”Grei”, hadde fare Brendberglande og sørsida – Sannes – Leirvik – Høynes. 3. Still, yvertjukk i morgonstunda, byrja sidan å regna smått og blåsa av sud, gjekk til sud-vest og vest, auka på med regne og kula upp til storm og styggver. Hemnestur, eg, med Førnesbåten. Haustmarknad – ti’nbyte -. 4. 18. sundag. Yvertjukk, litt regn alrafyrst på morgon, sidan mest turr. 5. Still, ausregn. Tok upp nepe. 6. Vesta-storm og regn. Køyrde i hop nepe og rauka ho. 7. Spakare og minder regn. 8. Same ver. Slakta ”Nora”, kvigekalv, 9½ månader gl. 9. Spak, smått regndripl, mot kveld mest turr, litt auster-gråe. heradstyreval. Eg fylgde val-motoren – N.I. Straumsnes – til Hemnes em., med slakte og ei tunne potet – fekk kr. 31.80 for slakte. 10. Still, ausregn på fm., sterk vind på em. – Hemnestur, Trygve, med Førnesbåten. 11. 19. sundag. Same ver med ”rôkglan”. Både kyr og sauer gjeng ute ei stund kvar dag, grase står langt og fint på heimebøen. Her er overlag mykje týt i marka, ja her stend enno etande blåbær sumestader. 12. Trygve 25 år. SV storm og regn, svinver. (Anne fekk og ein ekstra godbit i dag som ho vonleg vil minnast.) Kyrne står inne, sauene er ute. 13. Litt spakare, elles same ver.14. Nokso frisk vestleg vind og skletta med el-dus og rôkglan. Kvitt av snø ned-åt eng-breddane. Hemnestur, eg, med Førnesbåten – for å selja rotvokstrar. Trygve inni grenda på landmåling. 15. Still, smått yr-regn. Trygve ut-yver. 16. SV og ausregn. Trygve kom heimatt på em. Eg måla på kjøkendørene. 17. Vest til nordvest vind, storm i elingan, skletta og snø, marka yverkvitna um kvelden. – Bru-kar i elva nedrive av vatne. Hemnestur, eg, med Førnesbåten. Sauene innsett i heimfjøse. 18. 20. sundag. – 5 tumar snø her på undlende. NV, skletta og snø. Sauene står inne. 19. Still, yvertjukk, litt skletta, mest regn. Noko SV på em. 20. I morgonstunda still, smått regn, sidan uppklårande med drått av nord-aust, frå middag litt kvikk gråe frå same kant. Hemnestur på em. –med ”Grei”, eg, med potet og kål. 21. Still, i natt klår, i morgonstunda yvertjuknande av NV, litt gråe frå den kanten på em., snøfjun. Slakta ”Lire”(?) (gjeldveren). 22. Utnordshengsl, emna smått til med isfale på Botnfjorden, de meste rak då vekk med fallande sjø. Førde ned-um noko kål som skal seljast, bøtte på fjøstake og kjøkentake. - Klåra upp um kvelden. 23. Still, klår, ÷ 7º R, islagt åt Medstraumaura – Kjeldnese, ope nedanfor. Ordning i kjellaren, nedpakking for froste, moka meir på nepedungane. 24. Same ver, ÷ 10º R, litt auster-kjøla ned frå elva, rek-is nedanfor, men endå komande. – Hemnestur, Trygve, frå Medstraumsjøen med ”Grei”. Doktor Hansen død. 25. 21. sundag. Same ver å byrja med, ÷ 11º R, tjukna yver av vest i middagstida. Rek-is ’punn Lia og nedmed Førnese. På Botnfjorden renner dei på skjeisene. 26. Yvertjukk, still, gråkald, ÷ 2º R. Trygve strauk åt Utskarpen på landmåling, der er de bert. Eg held på med vedhogst heime. 27. Still, kovmøra, la ned ein 4-5 tumar snø. Slakta ”Hergard”, Hans i Botne hjelpte oss. 28. SV(?), skletta og regn. Vi pakka inn slakte og Johs. Lauvbakk køyrde de til Eide for oss, vi sende de med dampen til Trondheim. 29. Litt regn i morgonstunda, letta sidan upp og kjølde lufta, klåra av mot kveld. 30. Bededag. Still, klår og kald, ÷ 7º R. Eg gjekk utyver åt Sjona kapell, de var preike der. 31. Still, storfrost, ÷ 12º R. Hemnestur, Trygve, frå Eide .

November 1. Helgamess-sundag. Lett yverskya, still på fm., lédna i lufta, tjukna til og byrja snø frampå em. 2. Still, smått regn i lysinga, sidan meir og meir, til de um kvelden auste ned. Tok inn nepe, elles vedhogst og anna innahyses arbeid. 3. Ausregn. 4. Like-eins. 5. Like-eins. 6. De sagtna litt med regne og sluta heilt på em. og tok til å klåra upp. Seinkvelds klår med litt skodde frammed fjelli i sud. 7. Skoddhimell fyrr dag, litt påfrosen, hålkeføre. Klåra upp att i lysinga. Hemnestur, eg, frå Eide med ”Grei”. 8. 23. sundag. Still, klår med litt lett-glya, léver, fm. fin. Tjukna yver sist på kveld. 9. Yvertjukk med klårhol, litt regndripl no og då, still, léver. 10.-13. Same ver, litt sudleg vind og regn ender-å-gong, marka berkast, isen røytast og veiknar, d’er roande frå elva. 14. Still, skodde i dagningen, seinare klår, ikkje mykje kald, men styrkjer då på – de rek blåis i hop nedi Eidbukta, lid på dagen. Hemnestur, Trygve, frå Medstraumsjøen med Førnesbåten, kom berre åt Timberberget – attmed Kvannvika – på attvegen. Inga kom med dampen um kvelden. 15. 24. sundag. Still i morgonstunda, seinare litt auster-kjøla, klår, ÷ 4º R. Anne og eg gjekk rundt til Eide og rodde til kyrkja derifrå – la åt på Juvika. 16. Same ver. Trygve ute på planlegging på berrfroste. 17. Same ver. Trygve åt Utskarpen (planlegging). Anne og Inga gjekk til fjells. 18. Same ver. Reiv ned kjøkensvalen og byrja setja han uppatt av nytt. 19. Same ver, stort sett, litt glya i sud på em. og sudaust-kjøla.Gjekk til Eide etter kofferten hennar Inga, for strake vegen yver isen frå Eidbukta – de gjorde dei elles i går kveld og. Trygve til Nymoen på planlegging. 20. Yvertjukk, aldri-so-lite regndripl i lysinga, men klåra smått frametter dagen, sudaust-kjøla og berre léver. Svalen gjorde vi nærmast ferdig med treverke. 21. Mest like-eins, men utan regndripl, klåra upp mot kveld og kjølde lufta. Hemnestur, eg, frå Eide med ”Grei”. 22. 25. sundag. Yvertjukk, myrk, still, litt regndripl i morgonstunda, elles turr. 23. Still, klår. 24. 25. Still, yvertjukk, léver. Vi trøska bygg, siste dagen til kl. 10, då hende de verste, som har hendt meg hittil: eg fekk høgrehanda sundkrasa i maskina. De vart å springa åt Førnese fortast vi vann og få gutane til å skyssa meg til Hemnes, der eg gjekk åt dokteren, men han ville ikkje gjera noko med de og tinga O. Johnsen til å gå til Sandnessjøen med meg på flygande flekken. Dit kom eg so kl. halv 19, fekk bilskyss uppåt sjukehuse, der dei flidde og fatla handa – peikfingren kutta dei vekk. På sjukehuse – rom nr. 13 – vart eg liggande året ut.

Veret i siste vekene av åre var mildt meste tida, lite snø, ikkje meir enn at de gjerne strakst regna av. Fleire stormrider, ei ovsterk jolaftan og joldag, med vind av SV og V. Sidan snudde de litt og kjølde lufta, nyårsaftan var de frost å rekna for.