Dagbok Olav Engen 1930

Fra Wiki
Hopp til: navigasjon, søk

1930

Januar 1. Nyår og same ver å byrja med, som i sluten på gamall-åre. Eg gjekk yver frå gamall- til nyåre liggande på sjukestua, men armen betrast no med doktertilsyn og kunnig stell. Trygve kom til kyrkja og såg inn-åt meg, so eg fekk tidend heimefrå. Soffi er heime hjå Anne. Elles er folk hjartansgode og snille, i dag t.d. vart eg boden på middag saman med sjukesystra, åt Nanna Brose og Parelius, mannen hennar, som er husvertar. Og mange har titta inn åt meg, Kullerud, Paulsen, fru Pleym, fru Laws, fru Julla Værnes-Olsen – å, umogeleg å rekna dei upp alle. 2. Halvklår, kjøleg, auster-gråe, fint ver, mot kveld tjukna’n til att, byrja snø so smått. 3. Yversnødd um morgon og snødde smått til i myrkninga, då slo de yver i regn, SV og ruskver. 4. Sud-aust, yvertjukk med klårhol, men tjukna upp til yver middag og kula på av sud med kov. Hemnestur, Trygve, ut med Utlandskarane frå Førnese, heim med ”Grei” til Eide, då for eg ogso heim. 5. Sundag etter nyår. Sudaust, yvertjukk med klårhol, regn um natta og fm., turr på em. 6. Trettandag. Still, tung snø, skletta og regn. 7. Sudleg kjøla, halvklår morgon og fm., sidan still, sklettfjun. 8. Still, léver, snøtung, lett kram snø i lysinga, sidan slo han um i regn. 9. Still, skletta og regn. 10. SV, skletta og regn, mot kveld meir vestleg, upplettande, klårholutt, litt kjølegare, so de snerkja på opensjøen nedpå Eidbukta og ’punn Lia. 11. Likeins som i går kveld pålag, nordleg kjøla um morgon, sudaust på em., aldri-so-litt påfrosen. Hemnestur, eg, frå Eide med ”Grei”. (Hjå doktoren.) ”Nordkapp” kalva um kvelden – svartsidut okse. 12. 1 H-3-K-sundag, midvinter. Still, regn um natt-morgon, upphalds sidan de vart ljost, klårholutt. 13. Tjuganddag. Still, yvertjukk, léver, i myrkninga litt snøfjun. 14. Still, yvertjukk fm., litt tunnt kov em. 15. Spak vestleg, lette kov-elingar. Førnesmotoren gjekk til Finneide på em., tok doryane våre med. 16. V og VNV med kov-elingar, på fm. noko sterk, på em spakare og meir uppletten. 17. Still, kovfjun. 18. Snødd litt i natt, slo yver i regn då de byrja dagast. Um kvelden sterkt regn. Hemnestur, Trygve, frå Førnese med ”Grei”. 19. 2. H-3-K-sundag. Still, regn og ruskver. Krinsmøte på skulen, der møtte 5, Anne og lærarinna, tvo tilsynsmenn og eg. 20. SV rokk og regn. 21. Vest, upptil NNV, sterk stundum i elingane, elles fine dus, tung snø. Um kvelden klårglytt, kjølegare. 22. Still, lett yverskya, snøfjun no og då, klårglytt eingong på fm., so vi øygna sola for fyrste gong. ”Sanitetsmøte” på Nymoen, Anne var der. Vi spanta dory, ein 18’. 23. Still, kovtjukk, har snødd ein 3-4 tumar i natt. Frå lysinga vart snøen kram og framåt middag regna de, heldt so på til kvelds. 24. Still, mild, snøfjun. Um kvelden klårglytt, kjølegare. 25. Kjøleg, mest klår, litt austavind. Hemnestur, eg, frå Førnese med Oskar Jensen. 26. 3- H-3-K-sundag. Klår fyrst og litt kald, drog sidan lett yver og blåste upp av aust. Sette doryen ut og drog’n yver isen burti Hagahole. 27. Frisk austavind, klåra av, noko kald, isen og landkallane styrknar. O. Øverland køyrde doryen vår åt Førnese. 28. Same ver. Dei fer beinvegen nedyver isen åt Langnesbukta i dag. Fyrre onsdag -21.- var de open sjø mest dit. 29. Austavinden spakare, still, leid på dagen, kring middag ÷ 7º R, um kvelden ÷ 10º. 30. Still, yvertjukk alrafyrst, men klåra heilt upp då de dagna, kvesste alt i med froste. 31. Same ver, i myrkninga litt linnare, med auster-kjøla. Eg er enno ikkje fullgod av sjukdomen, men i dag har eg prøvd meg i skôte og gjort eit båtbord.

Februar 1. Still, klår, byrja blåsa austavind uppå fm. og vart nokso sterk leid på dagen. ÷ 7º R. Hemnestur, Trygve, doryskyss frå Eide, leigd motorbåt heimatt. 2. Kyndelsmess, 4. sundag. Same ver. 3. Yvertjukk, mildare, spakare, kula på sidan, ÷ 5º R. 4. 90 år sidan Skrefsrud vart fødd. Frisk nord-aust, yvertjukk, spaktest og klåra upp i kveldtida. 5. Still, klår, ÷ 12º R. 6. Still, drog yver i dagningen, tok til å snøfjuna, heldt so på til kvelds, stundum ikkje so lite. 7. Still, snøfjun. 8. Like-eins, léver. Hemnestur, Trygve, med Førnesmotoren frå Eide. 9. 5. sundag. Same ver å byrja med, tok til å regna uppå fm. og auka på framyver dagen. Missjonamøte hjå Svein Utland, vi var der, Anne og eg. 10. Still, regn tidlegst på morgon, SV då det ljosna, sidan V, V til N, og VNV, regn, skletta og hagl, stundum sterk, fullt uver. 11. Mest same ver, men spakare, på em. mest still. Harald Øverland køyrde ny-doryen vår – ein 16’ – åt Førnese, med gamall-gampen hans Kristian. 12. SV storm og regn, svinver. 13. Same ver, men spakare på fm., sidan storstorm. 14. Same vergjerda, men spak so å segja, heile dagen – regn, hagl, snø til skiftes. 15. Spak NV, kov-elingar. Hemnestur, eg, frå Eide med Førnesmotoren. Etter heimkoma gjekk han til Finneide med doryane våre, Trygve var med, kom heimatt kl. halv 24. 16. Sundag septuagesima. Still, kovmøra. 17. Same ver å byrja med, men slo yver i regn då de ljosna, seinare ogso litt vind av SV. 18. SV og regn, styggver att. 19. Same ver, men spakare. 20. Likeeins um morgon, lyste upp på fm., stilltest og klåra heilt av, men byrja draga yver att um kvelden. 21. Yvertjukk, still, tok yver middag til å regna smått, i kveldstunda ei stutt SV-rid. 22. Still, tett regn fm., tok sidan av, klår ei stund i kveldtida. Hemnestur, Trygve, med Førnesmotoren (frå Kvannvika). 23. Sundag seksagesima. Still, klår med lette småskyar, dragande frå sud, mild. Skeis-is, um ikkje den alrabeste, hålkeføre. Tjukna meir til mot kveld. 24. Still, klår og kald fyrst, men tjukna snøgt yver på fm. og tok til å snø-fjuna, heldt slik på og lédna upp, til de seinkvelds var mest reint regn. 25. Still, kovfjun fyrst, skodda nedpå um fm., klåra av på em. 26. Still, kovmøra fm., SV og regn em. 28. SV storm og regn.

Mars 1. Still, regn og skodde um morgon og frametter fm., kula sidan på att av SV, og ausande regn. Hemnestur, Trygve, med Edv. Jamtjord, roande unda Lia. 2. Fastelagssundag. Same ver. ”Idun” kalva seint um kvelden, ein raudsidutt oksekalv. 3. Same ver. Byrja kasta litt skletta seinkvelds. 4. V til VNV, hagl og kov. Ner-isen er sundkrasa og køyrt nedi Eidbukta, så d’er roande frå Utland og Medstraumsjøen. Vi drog ein 15½ dory nedyver isen og rodde han åt Førnese. 5. Same ver i morgonstunda, tok av då de ljosna og var ei stund mest klår, men drog yver att og vart kovtjukk mot kveld. Den 3. var de berrmark eller hålkeføre på alt undlende, no er de sovidt skofeste med snø. 6. Still, kov fyrst, kanhenda ein 15 cm snø yver marka – men då de vart skikkeleg ljost vart de regn, sidan SV storm og tok til å vaska snøen vekk pånytt. 7. Same ver, snart berrmark og klaka att, litt isfale, som var lagt på Nerstraumen, vert sopa i hop att. 8. NV, skletta, hagl og snø, sterk fm., avtakande em., um kvelden mest klår, spak kjøla. Hemnesturen vart ’kje lenger enn til Medstraum. 9. 1. fastesundag. Halvklår, ei stund kovtjukk i lysinga, austleg, uppklårande på fm., solskin og fint ver, is på Nerstraumen. Kyrkjetur, eg, frå Eide med Edv. Jamtjord. 10. Frisk austavind, yvertjukk, kovenn kring fjelli, kovgnistr og fok frametter dagen, klåra av mot kveld. 11. Klår og still, ÷ 10º R i dagningen, seinare spak austavind, drog upp med lette skyar um em. og kveld. 12. Gregusmess. Yvertjukk, kovfjun, ”frosthare”, ÷ 5º R i lysinga, lédna seinare upp til ÷ 1º, SV drått på em., fram-åt myrkninga ein frisk kuling av same kant. 13. Still, halvklår, noko kaldare i morgonstunda enn i går, på em. mest yvertjukk att og upptil 0º. Vi drog ein ny dory (17’) nedyver isen åt Førnese på fm. Isen var veik og ujamn attmed Kjeldnes-og Førnesodden, elles bra. I skyminga såg eg ei menneskja gå yver frå Kjeldnese åt Langnesbukta. 14. Still, klår og kald, ÷ 8º R då de var lyst um morgonen, um middag og litt seinare 0º. På em. litt austavind med glya yver himilen, drått av nord-aust. 15. Klår og kald, spak austavind, ÷ 10º R pålag i lysinga. Hemnestur, eg, roande frå Eide med Edv. Jamtjord. 16. 2. fastesundag. Same ver, ÷ 12º R fyre sol-ovringa. U.L. ”Heim” hadde fjelltur til Grønlia, Trygve var med. Anne ferdast åt Straumen, saman med Ingeborg Jamtjord. 17. Same ver i morgonstunda, men drog snart skyar upp. Yver middag tjukna’n heilt yver og tok til å snø, lédna meir og meir i lufta. Eg gjekk åt Tverrbekklia på em. etter eitpar stamnkrokar, gjekk og drog på kjelken heile vegen, skare på gamallsnøen ned-under, nysnø uppå, de var då litt tungt frå Langlia upp-etter, då der var meir snø og fôken i skavlar. Kring 1 meter snø deruppe, på jamt land. 18. Halvklår, stundum mest klår å kalla, spak austavind, léver, + 4ºR yver middag. 19. Lett yverskya, frisk sud-aust, kovfjun frampå em. Santalmøte i Hauan, Anne gjekk dit. 20. Still, yvertjukk, ÷ 4º R fyrst på dagen, seinare litt nordleg kjøla, kovfjun, men klåra so av og vart solskin og finver, kald i kveldinga. 21. Jamdøger, yvertjukk, austavind, eitpar kuldegrader, litt snøfjun. 22. Yvertjukk, frisk austavind, sterk ei stund um middag, sidan spakare, seinkvelds litt kovenn. Hemnestur, Trygve, med Edv. Jamtjord, frå Eide. På em. for eg til Finneide med 2 doryar, saman med Johannes, Heitmann og Kr. Utland og med N.I. Straumsnes som fyregangar, kom heimatt framåt midnatt. 23. 3. fastesundag. Still, yvertjukk, snøfjun fyrst på morgonsida, seinare regn, då ikkje mykje av de, mot kveld endå litt klårholutt. 4. Still, tung snø fm., skletta og regn em., la på ein 3-4 tumar snø. 25. Vårfrumess. Mest same ver, men ikkje so de auka på snøen, de minka heller. 26. Still, klår, påfrose, ÷ 5º R i morgonstunda, blåste sidan upp av nordaust med små skydottar. 27. Klår med skyrand kring fjelli, sterk nordaust, ÷ 2º R. 28. Lett yverskya, sterk nordaust, ÷ 2º R fyrst på morgon, tjukna sidan upp og tok til å snø, spaktest, leid på dagen. Trygve har halde på å køyra møkkr denne veka, i dag reiste han burt med lokalen. 29. Yvertjukk med klårhol, spak austavind. Hemnestur, eg, roande frå Eide med Edv. Jamtjord. 30. Medfastesundag. Yvertjukk med klårhol, sterk sudleg vind i ridom, varm, snøbrede, litt regn ei stund midt på dagen. 31. Yvertjukk med klårhol, still, léver, sudvestleg drått. Landkallen vert skrøpeleg både her og der. Ettermiddag SV og regn.

April 1. Yvertjukk, still, uppklårande frametter dagen, sudaust på em. Møkkr-køyring i morgonstunda i går og i dag. 2. Klår, still, påfrosen. Møkkr-køyring. 3. Same ver, same arbeid. Vart ferdig med møkkr-køyringa på Rabben. I går byrja dei å arbeida på brua yver Medstraumelva – steinskjoting for de fyrste – idag small fyrste skoti. 4. Ver og føre like-eins. De vert mykje berrmark no på heimebøane, elles er de klake fordemeste på undlende. 5. Same ver og føre. Hemnestur – yver isen og frå Førnese, roande, med Svein Utland. 6. Vårfrumess-sundag. Same ver og føre. Vi gjekk tur til Jamtjord i strålande sumarsol og såg på arbeide i Seljehaugen og Forshaugen. 7. Same ver, noko meir nattkald. Eg sanda på klaken her på heimebøen. De tjukna upp litt av sud um kvelden. Trygve kom heim so kl. 21, frå Hemnes. 8. Litt yvertjukk de allrafyrste, men klåra upp på fm. og vart same ver som fyrr. Drog yver mot kveld att. 9. Stilt regn, skoddutt kring fjelli. 10. Same ver. Isen landlaus, likevel rende Harald Øverland yver han i dag frå Lanesbekkjen åt Gjeitvegen. Skuleborna frå Utland har gjenge rundt i går og i dag. 11. Same ver, då lite regn på em. Vi sette ut ein 17’ dory og rodde og staka oss rundt isen åt Eidbykta, der vi sette han upp. I går og i dag har dei rodd millom Medstraumsjøen og Kjeldnese, ner-isen rek lande-millom. 12. Yvertjukk, still på fm.. austavind på em., øverisen vart broken i molar og køyrd uti Botn-hole, nerisen rak nedigjennom um kvelden med fallstraumen. Hemnestur, Trygve, med Førnesgutane, som kom frå Lofoten den 8. Dei andre er sidan komen, sonærsom ”Grei” (Nyrud) og Artur Toresen. 13. Palmesundag. Same ver. 14. Sumarmål. Yvertjukk med klårhol, sterk austavind – isrestane ligg utpå Botnleira. På em. regndripl og snøfjun. 15. Regndripl, austavind, spaktest utetter dagen, still um kvelden. 16. Yvertjukk, still fm., sidan litt auster-gråe, uppklårande, kula på til ein frisk nord-nordaust um kvelden. 17. Yvertjukk, still alrafyrst, påfrosen mark og blåis-fale på sjøen, kula snøgt upp til friak nord-aust og byrja i middagstida å fjuna med kov. Skirtorsdag. ”Trilla” lamma den 15., 1 verlam, 1 saulam. 18. Langfredag. Yvertjukk, kovfjun, kald sterk austavind. 19. Klår, austavind, litt spakare enn i går, still sist på kvelden, nokso kald, jordskorpa frosen heile dagen. Hemnestur, Trygve med ”Grei”. 20. Påskedag. Yvertjukk, still, kald, Straumen hudheil av blåis. Frampå fm. tok’n til å kjøla av nord til aust, med kovfjun, kula sidan på til ein frisk blåstr. 21. Andredag. Klår å rekna for, nordaust-gråe. 22. Halvklår, mest still fm., sudaust gråe em. Eg for til Finneide med doryen, kom heimatt so kl. 16. 23. Still, smått regn. Vi har bakedag, Sofie er her. 24. Still, klår, kjøleg, blåis på Straumen. Austleg kjøla f.m., aukande til frisk vind på em. 25. Likeeins. 26. Likeeins, då ikkje blåis. Hemnestur, Anne, med ”Grei”. 27. 1. sundag etter påske. Still, klår, nattkald, is i morgonstunda. På em. vestavind, drog yver av vest mot kveld. 28. Anne 58 år. Yvertjukk, vestavind. 29.NV, frisk, regndripl. 30 Same ver.

Mai 1. Fyrst på morgon yvertjukk, still, seinare vester-gråe, skodde, regndripl.Tok til å bora nedi Laberget og skjota grøftestein. 2. NV-elingar og regn, um kvelden sklettfjun. 3. Krosssmess. NV-elingar med snøfjun, sterk stundum, klårglytt imillom, um kvelden still, mest klår, lette skyar, dragande frå nord. Hemnestur, Trygve, med ”Grei”. 4. 2. sundag e. påske. Still i morgonstunda, blåis, byrja tidleg på fm. å kjøla av NV, snøfjun, auka på til nokso sterk i middagstida og em. 5. Klår, nattkald, blåis, still i morgonstunda, sidan auster-gråe. Steinskjoting. Trygve sådde gulrot. 6. Klår, nattkald, blåis, blåste upp av aust fm., aukande frametter dagen. Byrja grava veitor i Tørvenn. 7. Halvklår, austavind, ei stund nokso regnlik. Veitegraving. 8. Halvklår, austavind. Veitgraving og attleggjing. 9. Yvertjukk, sterk sudleg vind, litt regn tidleg på fm. Svein Utland var her med merra og harva fjor-potetlande. Elles same arbeid som i går. 10. Halvklår, auster-gråe. Hemnestur, eg, med ”Grei”. 11. 3. sundag e. påske. Halvklår, austavind, stilltest og tjukna til mot kveld. 12. Still, yvertjukk, regnfusk frampå fm., skodde, vestavind og meir regn em. Trygve for åt Brennberge på landmåling. 13. Still, yvertjukk i morgonstunda, nordleg kjøla på fm., kula i på em., regnrusk so kl. 18, likeeins seinkveld kl. 21. Sådde havre i går kveld, bygg imorgest. 14. Nordleg kjøla, halvklår i morgonstunda, blåste i og klåra upp, fullklår på em., kjøleg seinkvelds. Køyrde møkkr på Sjøvegen. 15. Still, klår, nattkald, rimfrost. Trygve spada upp på Sjøvegen, eg hjelpte so smått til. Blåste upp av nord-aust, frampå em. glya de upp av sud, vinden kantra til nord. 16. Auster-gråe, halvklår, um kvelden nordleg vind. Trygve spada og stelte med åkren, eg for åt Dalosen på skogtilsyn. Sauene ute fyrste gong. 17. Grunnlovsdagen. Elingar av vest, vind med regn og hagl, klårglytt og solskin imillom – men um kvelden stilt regn. Hemnestur, Trygve, med ”Grei”. Fest på ”huse” um ettermiddagen, Trygve er der. Eg spada ferdig på Sjøvegen. 18. 4. sundag e. påske. Austavind, spak, halvklår, drått av sud. Sauene sett i sumarfjøse. – Vi frettar, at Nansen er dåen. 19. Yvertjukk, austleg gråe i morgonstunda, seinare frisk sudleg vind med regndripl, avtakande mot kveld. Trygve sådde kålrot. Sauene ligg på skogen ikveld. 20. Yvertjukk med klårhol, still, sterk drått av sud i morgonstunda. Frampå fm. tok de til å regna med litt gråe av sud, seinare SV, um kvelden NV.Køyrde ut og breidde møkkr på Rabben, Trygve byrja planta ut kål, eg byrja renska eng. 21. Still, yvertjukk, regndripl fyrst på morgon, seinare turr vestleg vind. Trygve planta kål, eg renska eng. Hadde sauene heime og merkte lammi. 22. Klår, sudaust og solskin, varm. Hadde Svein med båe Utlandshestane her og harva på Rabben, byrja setja tates. 23. Klår, still, kjøleg i morgonstunda, sudaust, varm frametter dagen, um kveld nordleg vind. Tates-setjing. 24. Nordleg kjøla og myrkbakke um morgon og fyrst på fm., skein sidan av og vart sudaust og solskin, um kvelden nordleg vind att. Vart ferdig med tates’n å kalla. Hemnestur, eg, med ”Grei”. 25. 5. sundag e. påske. Varm, sudaust og solskin. Presten kom på skulen og preika der til høgmesse. ”Sanitetsfest” på ”huse”, presten held foredrag der, Anne og Trygve er der. 26. Halvklår, sudaust og solskin. Steller og sår nepeåkren. 27. Same ver. Rullar nepeåkren, renskar ypp, vøler um gjerde. 28. Still, lettskyutt i morgonstunda, sidan sudaust og solskin, um kvelden nordleg vind. 29. Helgetorsdag. Nordavind, skodde, aldri-so-lite regndripl ei stund på em. 30. Litt regndripl um natta, um morgon austavind, uppklårande, um kvelden nordleg vind. 31. VNV, klår, frisk. Hemnestur, Trygve, med ”Grei”. Sauene burte sidan 21. Kyrne ute fyrste gong den 30.

Juni 1. 6. sundag. Klår, still i morgonstunda, sidan nord-aust. Gjerde-uppmæling. 2. Klår, frisk nord-aust, nokre lette skyar, dragande frå sud. Vølte um gjerdi, byrja brjota nyland nedi Tørvenn. 3. Klår, still i morgonstunda, seinare nordleg vind, byrja sleipast upp um kvelden. Nylande. Eg var roande i Straumen etter nokre timberstokkar hjå K. S. (Kristian Sjåvik). 4. Yvertjukk, vestleg gråe, byrja regna upp fm., auka på mot kveld. Same arbeid. 5. Vest til nordvest, regnelingar, Same arbeid, de vart ufyse. 6. Same ver, men letta litt i regne em. 7. Vestleg gråe, faukelingar fm., uppklårande på em., um kvelden fullklår. Hemnestur, eg, med ”Grei”. 8. Kvitsundag. Klår, still fyrst, sidan nordvest gråe og lette skyar. Kyrkjetur, Anne og eg, roande, i lag med Førneskarane. 9. Andredag. Same ver. 10. Yvertjukk, frisk sud-aust, stilltest og byrja regna so kl. 10. Køyrde og hakka i tateslande, braut nyland. 11. Yvertjukk med klårhol, vestavind, ender-å-gong litt fauka. Frå kl. 17 pålag SV og stridt regn. Renska tateslande, braut nyland til de vart for vått. 12. SV og regn, styggver. Nylandsbrjoting. 13. Vestavind og regn, styggver, litt spakare og turrare mot kveld. Same arbeid. 14. Vestavind, litt spakare, regn i elingan. Hemnestur, eg, med Førnesmotoren. Elles nylandsbrjoting. Ordføraren, Johan L. Fineide, gifta seg i dag. 15. Trieinings-sundag. Spak vestleg vind, yvertjukk, litt regndripl ender-å-gong. Konfirnasjon, Trygve var med kyrkja. 16. Still, yvertjukk i morgonstunda, letta sidan upp til halvklår med spak vestleg vind. Trygve gjekk åt Utskarpen på landmåling, eg renska kålrotland. Anne og eg var i kveld-ykta boden i konfirmasjonsgilde for Birger, gudsonen vår. 17. Still, yvertjukk med klårhol, uppklårande utyver fm., litt sud-aust kjøla, seinare vestavind, fullklår ved kveldtid. Sloga timbere åt Medstraumelva, blaut nyland, renska kålrot- og kålland. 18. Klår, still i morgonstunda, sidan vestleg kjøla, friskare på em. Um kvelden atter still, litt glya på himelen med drått av sud til vest. Drog timbere upp på Medstraumsaga, braut nyland, renska i hagen og neplande. Gjetaren kom, Arnt Olsen. 19. Lettskyutt um morgon, tjukna sidan til og dripla nokre regndropar i nonstida. La i hop matrial på Medstraumsaga, braut nyland, slutta med de til kvelds. 20. Halvklår, still fyrst, tjukna sidan til, kjendest nokre regndropar på em., uppklårande i kveldinga att. Slo undan kting fjøse og i hagen og hesja. 21. Klår, still, varm, mot kveld litt vestavind med skodde yver nordvest-himelen. Møkkr-køyring på nylande. Hemnestur, eg, med Førnesmotoren. 22. 1. sundag e. trieining. Skodde yver himelen og litt kjøleg i morgonstunda, uppklårande, varm på em. Santalfest på Gjesbakken, Kullerud preika der, eg var der som snarast. Solkverv. 23. Jonsokaftan. Halvklår, still um morgon og fyrst på fyremiddag, sidan vestleg kjøla, noko friskare i kveld-ykta – dagen elles mykje. Møkk-køyring på nylande (Trygve), gjerdebygging på Lia (Arnt og eg). 24. Jonsok. Ei sterk regnrid frå midnatt til kl. 9 pålag, sidan turr, spak vestleg vind, uppklårande, klår seinkvelds å rekna for. Renska kålland (Arnt og eg), tynna nepe (Trygve). Per Forsbakk var her med gamal-uksen og harva nylande, som sistpå vart sådd og yverharva. Alt veks no med fart. 25. Still, klår med lett, fin glya i morgonstunda, tok tidleg på fm. til å blåsa av sud-aust, seinare aust og vart sterk på em., tjukna til og dripla regndopar i kveldinga. Henta bord av saga, rulla nylande (eg), tynna nepe (Trygve og Arnt). Tok inn hesja um kvelden. 26. Still, yvertjukk og skoddutt, litt regn. På em. vestleg vind, kjøleg, mest turr, um kvell klårholutt. Henta bord (eg), stakk torv og hesja upp (Trygve og Arnt). 27. Still, yvertjukk med klårhol, litt regnskvett fyrst på dagen, seinare nordavind, uppklårande, mest klår um kveld. Vaska upp og kalka i fjøse. 28. Klår, austleg kjøla, varm, svalast no og då av skydottar. Hyppa tateslande. Hemnestur, Trygve, med Førnesmotoren. 29. 2. trieiningssundag. Same ver. Anne og eg gjorde fjelltur, heilt åt Straumdalen, kom heim kring kl. 20. 30. Still, klår og varm i morgonstunda, seinare vestleg kjøla, frisk blåstr på em., tjukna smått yver mot kveld. Slo utor og kring hagen og hesja, renska kålland, førde matrial av saga. Grønfore, sådd jonsokdagen, kjem upp.

Juli 1. Yvertjukk, auster-kjøla, litt regndripl fyrst, tok framåt middag til å letta upp og kjøla av vest, friska på og klåra upp. Slakta ”Brage” um kvelden. 2. Klår, auster-kjøla, varm, um kveld eit lite blaff frå vest, nokre siglande skydottar frå sud. Hemnestur med slakte, Trygve og eg, roande. J. Hansen kjøpte de, de vog 44½ kg og vi fekk 1 kr. kiloet. 3. Klår og heit, blåste av sud-aust ei stund kring middag – um kveld siglar store skydottar nordetter. Skogarbeid. 4. Still, klår, varm, + 23º R. Kring middag sud-aust, um kvelden vestleg vind, dreg upp skyar i S og V. 5. Halvklår, still i morgonstunda, seinare auster-gråe, på em tjukna de upp, blåste upp av SV so kl. 18-19 og fall ein sterk men stutt regnskur. Hemnestur, eg, med Førnesmotoren. Elles: nepelandsrensking, takbreding (kjellarhuse). 6. 3. sundag. Halvklår, still, varm, i kveldinga litt vestleg gråe. Harald Olsen, gamle gjetaren vår, var her på vitjing – frå Storholmen, der han er slåttkar. 7. Same ver, halvklår, varm, still fyrst, frå kl. 9 sudaust, kl. 15 still att, sidan frisk vestleg vind, drog yver med skodde, stilltest att og tok kl. 19 til å regna, kom seinare med SV gråe. Byrja slå for alvor, hesja de her heime på tune. 8. Still, skodde og smått regn. Slo og hesja. Flatbrødbaking. 9. Same ver til kl. 10 pålag, sidan turr vestavind til kl. 20, då de byrja regna att og vinden stilna av. Hesja på em., byrja slå i Lamyra. 10. Still, skoddhimel, turr, uppklårande frampå fm., frisk NV frå kl. 11 pålag. Slo av i Lamyra og hesja halvparten pålag. 11. Still, klår, varm på fm. til kl 11, då de byrja blåsa frå NV som i går. Sette inn-yver med skodde seinkvelds. Hesja resten i Lamyra, byrja slå skrapslått uppetter bakkane. 12. Still, tett skodde i morgonstunda, letta upp millom kl. 6 og 7 og vart klår med auster-gråe, som seinare stilna av og i middagstida skifta med nordleg vind. Anne og eg rodde til Hemnes, var med i krinsmøte åt Indremisjonen, rodde til Sund um kvelden, der vi tok hus hjå Julius (Jonella). 13. 4. sundag. Klår, vestleg kjøla, friska på seinare på dagen. Seinkvelds noko skyutt i sud-aust. Rodde frå Sund til Hemneskyrkja, derifrå heim, der vi kom litt etter kl. 15. 14. Klår, auster-kjøla, friskare, leid på dagen. Køyrde inn ei hesja, 4½ lass. I alt fenge inn 10 lass no. 15. Same ver. 9 lass høy. 16. Klår, still tidlegst på morgon, sidan litt sudaust-kjøla, framyver middag til nons frisk vestavind, floingar, nokre regndropar etter nonsbil, litt skyutt kring fjelli seinkvelds. 14 lass høy. Vi finn svensktates so stor, at han til naud er kokande. 17. Klår med skyar kring fjelli, still fyrst på morgon, sidan sudaust kjøla, frisk NV på em., floingar og toredun i sud, nokre regndropar so kl. 19. Slo gras-åkren uppå bakken. 2 lass turrhøy. 18. Halvklår, still i morgonstunda, sidan sudaust kjøla og blankver til middag, då de drog upp floingar av sud og høyrdest sterk toregong, men berre ein urliten regnskvett nådde hit. Um kveld mest klår att. Hesja uppå bakken. 1½ turrhøylass. De drog eit likfylgje framum her, Maren Storholmen er dåen, vi hadde ikkje spurt de fyrr. 19. Klår med lette skyar, still alrafyrst, blåste sidan upp frisk sud-aust som vara heile dagen, klåra av på fm., tjukna yver em., men klåra mot kveld att. Slo i Solbakken og eit stykkje av Steinbakken, hesja noko av de. Hemnestur, Trygve, med ”Grei”. 2½ turrhøylass. 20. 5. sundag. Klår, frisk austavind. De held på å verta vasslaust her heime no. Tateslande stend i full bløming. 21. Same ver. Eg er 59 år. – Vi slo resten av Steinbakken, byrja på Øverenge. 1½ lass høy. Sistpå kveld still. 22. Klår, still, + 10º R i morgonstunda, kjenntest mest kjøleg med de, etter all steikjevarmen um dagane. Slo i Øver-enge. 8½ lass høy. 23. Still, klår, + 7º R fyrr solovringa. Vi er vasslaus heime, har ’kje runne i Bekkjeberge sidan sundag, vi ber vatn frå Øverenge. Frå kl. 10 pålag frisk NV, stilltest av seinkvelds att. Slo på Timmerberge, tok inn hesjene på ”Teien”. 12 lass turrhøy iallt. 24. Klår med litt glya, still, kjøleg, + 5º R fyre solovringa. Byrja mest strakst å blåsa nord-vest, men vart ’kje so lite varm endå. 2 lass høy. Slo av. 25. Still, klår, med små, tunne skydottar, dragande frå NV, kjøleg som igårmorgest. Drog yver med turr skodde so kl. 8 og blåste upp av NV, men skein av framyver middag att. 5 lass høy. 26. Like-eins som igårmorgest, men tjukna ikkje yver, heldt derimot litt kjøla av sud-aust på fm. og var klår og varm, skifta um til vest etter middag. 2 lass høy – dei siste. I alt kring 70, derav 29 nedanfor Berge. Hemnestur, Arnt, gav seg yver til imorgon. 27. 6. sundag. Klår med skydottar, dragande fyrst frå sud og sud-vest, men på kveldsida frå NV og N. Frisk NV frå kl. 8 pålag. Eg rodde på Juvika og gjekk til kyrkja, fekk Arnt med heimatt. De var ein ung prest som preika, Rolfsen frå Sjona. – Det spørst litt sildtidend frå Sjona. 28. Yvertjukk, still, litt regnfauka i morgonstunda, sidan frisk NV, mest turr heile dagen. Minér-arbeid (Trygve), fisking (Arnt). 29. Olsok, gl. Yvertjukk, still, litt regndripl kl. 8-9, sidan turr. Fisking, stein-arbeid (gutane), timberkøyring (eg). 30. Yvertjukk med klårhol, still i morgonstunda, blåste upp av NV på fm. og klåra upp. Skogarbeid. Nils I. Straumsnes og fru har sylvbrudlaup. 31. Still, klår med skodd-dottar kring fjelli i morgonstunda, frå kl. 11 pålag frisk, kjøleg NV. Vi arbeidde med steinkjøring, utgraving, muring og fylling nedi bekkjegropa nedmed sjøen. 26 år sidan vi vart gift.

August 1. Still, yvertjukk, nordleg drått, ei stund nokso regnlik, men blåste upp av NV som vanleg, og klåra upp – heilt klår på em. Eg mura ferdig i bekkjen, Arnt slo hå i og attmed hagen, Trygve var ute på landmåling og manntaltaking. 2. Still, kjøleg i morgonstunda, + 5º R fyre solovringa, dagen heit som fyrr, frå middag NV. Hesja hå. Hemnestur, Anne og Trygve, med ”Grei”. 3. 7. sundag, ny Olsok, Kongen sin fødsledag. Klår, heit sud-aust. Trygve og Arnt gjekk til fjells, kom heimatt so kl. 21. Sanitetsforeininga hadde utflukt til Mo, med ”Grei”. + 19º R i middagsstunda og deretter. Litt sky-lurvor frå sud seinkvelds. 4. Klår att, sud-aust kjøla i morgonstunda, + 10º R, sidan frisk sud-aust, på em. + 20º R. Skar og hesja byggen, byrja på havren. 5. Yvertjukk med klårhol, frisk sud-aust, + 17º R i morgonstunda, friska på med blåstren, klåra smått av og tjukna smått til heile dagen frametter, seinkvelds klår med siglande skydottar, + 20º R um middag. Skar av og hesja havren. 6. Som igårmorgest – og heile dagen elles, berre nokre regndropar i nondagstida. Ved- og matrialkøyring, minering. 7. Same ver - + 20º R – same arbeid mykjegodt og. 8. Klår med skyrand i aust og sud-aust, litt sud-aust kjøla, fælande varm. Mot kveld havgøla. – Eg rodde til Hemnes på fm. med hagesaker og selde, møtte i skulestyre kl. 15-17½, kom heimburtåt kl. 21. 9. Likeeins som igårmorgest å byrja med, drog sidan smått upp skydottar og tunnte deim smått att. På em. byrja de blåsa havgøla, kantra til NV og sette inn-yver med skodde, var ved kveldstid mest yverdregen. Hemnestur, Arnt, med ”Grei”. – Inga Dverseth, kjærasten hans Trygve, kom med dampen. Vi køyrde inn bygghesja um kvelden. 10. 8. sundag. NV, spak, skoddhimel, nokre regndropar i natt, nokre i dag kring middag. 11. Yvertjukk med klårhol, sud-aust gråe, klåra upp fm., men tjukna til att em., der gjekk torefloingar i sud og vi fekk ein liten regnskur i kveldinga – den fyrste sidan 9.juli. 12. Still, yvertjukk med klårhol, i middagstida ein torefloing. Rettsmøte på skulen – i Fagervollsaka. Klår men skyrand kring fjelli, sud-aust og solskin, såg regnfloing i Rostafjelle strakst yver middag. Minering, Trygve på planlegging (Nymoen), Anne på Hemnes (med ”Sirius”). 14. Klår med skodde i fjelli og yver sjøen, still, kjøleg i morgonstunda, letta upp frametter dagen og vart heilt klar frampå em., byrja draga yver att seinkvelds. Eg drog til fjells tidleg på morgon for å vera med i skyne etter tilsegn frå skrivaren, og vart liggjande deruppe (i Kvanndalen). 15. Still, skoddhimel um morgon, men letta snart upp og vart klår og blank – de var overlag fint å ferdast i fjelli. Vi vart ferdig og kom ned til Utskarpen so kl. halv 19, derifrå kom eg heim inn-åt midnatt. 16. Yvertjukk, still fyrst på morgon, sidan sud-aust, klårholutt, varm, nokte regndropar på em. Hemnestur, Arnt, med Førnesmotoren, elles minering og umvøla på gjerde. 17. 9. sundag, Yvertjukk med klårhol, sud-aust, varm, + 21ºR. Mot kveld ei stund vestleg vind, tjukna meir til og fall nokre regndropar seinkvelds. 18. 100 år sidan Ola-Tobias (O.T.Olsen, Hattfjelldalspresten) vart fødd, 67 for L.P. Strøm, Anne sin bror i Amerika, som døydde i fjor. Yvertjukk (myrkbakke), vestavind, ei regnrid kring middag og framyver. Hemnestur, Trygve, roande, i skyss med Inga, som reiste heim med ”Rana”. Gravferda hans Elias Bjerkli, som tok seg avdage fyrre mandag. 19. Klår, med skystripor yver fjellrandi i sud og n.(?), sudaust, varm, drog smått yver, men skein av att. Minering, Trygve arbeid med dyrkingsplanar. 20. Skoddhimel fyrst på dagen, eit og anna klårhol, fauka i fjelli og vestavind på em., ei lita regnskur her og burtåt nondag, sidan turr. Same arbeid. 21. Skoddhimel um morgon, men skein av med frisk vestleg vind, dreg turr-floingar yver himilen frå sud. Minering (eg), veitegraving (Trygve og Arnt). Vi fekk steikjesild sendande frå Utlande, fiska her attmed Hagaberge. – Mest yvertjukk seinkvelds. 22. Halvklår, sudaust og solskin. Køyrde inn grønforhesja. Elles veitegraving. 23. Lett yverdregen, mest still i morgonstunda, seinare auster-kjøla, klårholutt i sud og vest, mykje tjukk i nord og aust. På em. frisk vestavind, upplettande, men stilltest kring kl. 17, tjukna til og byrja regna smått. Hemnestur, Trygve og eg, roande. 24. Barsok, 10. sundag. Still, smått regn. 25. Still, halvklår på fm., tjukna til på em, med vester-gråe og litt fauka etter nondag – i kveldstida ein sterkare skur. Veitegraving, steinkøyring. 26. Vind, fauka, de renn litt i bekkjene no. Same arbeid. 27. Still, yvertjukk med klåhol, fin fauka fyrst, letta sidan upp, kom med havgula og heldt seg halvklår med drått av nord. Fesjå i Dalosen, Anne, Trygve og Arnt for iveg dit med ho ”Idun” og ho ”Bjora”. – Dei byrja arbeida på Jamtlivegen iforgår, måndag 25. – Kyrne våre fekk 3-premi på fesjåe. 28. Yvertjukk, still i morgonstunda, seinare vester-gråe, upplettande, varm. Tjukna til att i kveld-ykta og vart ein sterk torefloing. Veitegraving. 29. Still, yvertjukk, mykje dimma i lufta, på em. smått regn, sterkare mot kveld. Veitegraving (eg), håslått og hesjing (Arnt), Trygve for åt Utskarpen i landbruks-ærend. 30. Still, yvertjukk og dimma som i går, på em. frisk vestleg vind og regndripl. Hemnestur, eg, med Førnesmotoren. Veitgraving og attlegging. 31. 11. sundag. Vestavind, yvertjukk, turr, litt kjølegare enn fyrr.

September 1. Nordvest, regn-elingar med solglytt. Veitegraving, attleggjing. 2. Same ver å byrja med, men spakare, avtakande, vart turr og letta upp tilslutt. Same arbeid. 3. NV, halvklår, ender-å-gong litt fin fauka. Same arbeid, dertil møkkr-køyring frå sumarfjøse. 4. Still, yvertjukk med klårhol alrafyrst, sidan frisk NV, uppklårande, seinkvelds mest klår. Same arbeid. Trygve burte på landmåling. 5. Still, klår, nattkald (0º R), rim i grase, potetgrase litt svidd i bladi nedpå Rabben. Kom frampå fm. med sud-aust gråe, som heldt på til kvelds. Veitegraving. Trygve burte. 6. Same ver, kald i morgonstunda, men ikkje fullt so hard som igårmorgest. Byrja på em. å tjukna upp av aust og sud-aust, var ved kveldtid mest yvertjukk. Hemnestur, Trygve, med ”Førnes”. 7. 12. sundag. Halvklår, nordaust-gråe. Bondefest på Finneide, ”Førnes” gjekk dit strakst yver middag, Trygve var med, kom heim midnatt. 8. Klår med skydottar i aust, frisk austavind, som har blåst heile natta, + 4º R. Dagen framyver nærmast nord-aust. Veitegraving, Trygve åt Utskarpen på landmåling. 9. Same ver. Slutta med veitegravinga, byrja med minering att. 10. Klår og kald (0º R), still i morgonstunda, seinare sudaust-kjøla. Minering og skjoting, tok inn håhesjene. Trygve kom heim seint um kveld. 11. Same ver. Steinkøyring og veite-attleggjing. 12. Same ver fyrst i morgonstunda, men tjukna so snøgt yver av sud og var ei stund nokso regnlik, men letta og klåra upp på em. Byrja ta upp tates. 13. Still, klår og nattkald. Hemnestur, Anne og eg, roande – elles Tateslandarbeid. 14. 13. sundag. Halvklår, sudaust-gråe. 15. Yvertjukk, still, litt regndripl på fm., men letta upp i middagstida og var halvklår frametter em., no og då litt fauka av NV. Tateslande. 16. SV og regn fyrst på fm., men letta likeeins som igår. Same arbeid, vart ferdig, 34 tunnur iallt. 17. Still, yvertjukk, sterkt regn um natta og i morgonstunda, men lyste fint so kl. 7 og vart fullklår. Trygve på landmåling inni grenda. Ymist gardstutl heime. 18. Still, klår, nattkald, litt sudaust-gråe, leid på dagen. Trygve og Arnt rodde til Hemnes med kålrot og annan hagefrukt. 19. Vere like-eins, blåisfale i morgonstunda på Botnfjorden. Trøska havre, henta dryftaren frå Botne. 20. Like-eins, blåis i morgonstunda og langt frametter fm., då de byrja kjøla av sud-aust. Dryfta havre. Hemnestur, Trygve med ”Grei”. 21. Same ver. 14. sundag. 22. Yvertjukk, still i morgonstunda, seinare litt sud-aust gråe. Tok upp kålrot, Trygve til fjells på landmåling. 23. Still, smått regn fm., em. mest turr, yvertjukk. Bergboring, kålkøyring, Trygve ute i kontroll med jordbruksklubben. 24. Still, regnar kvikt. Trøska bygg. 25. Still, små fauk-elingar fm., turr, frisk nord-vest em. Steinbyting og –køyring, veit-attlegging. 26. Still, yvertjukk med klårhol, regn-elingar fyrst på dagen, seinare vester-gråe, mest turr. Trøska bygg fm., vart ferdig so nær som tininga. Em. veitfylling og –graving. 27. Still i morgonstunda, yvertjukk, smått regn, blåste upp V storm og styggver då de leid mot kveld. Hemnestur, Trygve, reiste med ”Grei”, kom att med dampen. 28. 15. sundag. SV og regn, ruskver. Missjonsfest hjå Svein Utland, vi var der, Anne og eg. – Kyrne flutte vi åt heimfjøse den 20. og har gjeve deim kålblad til morgons sidan. 29. Mikkjelsmess. Same ver fm., men noko spakare. Em. mest turr. Tining og dryfting, på kveldsida veitgraving. 30. Yversnødd, men tok vekk snøen til middag. SV spak; stritt regn i elingan, små dus, då de var varande ute. Veit-attlegging. Kyrne inne, sauene ute. Seinkvelds mest klår.

Oktober 1. Still, kjøleg, klår med skydottar kring fjellrandi, blåis på Straumen, litt snøfjun ei rid på fm., sidan solskin og fint ver. Nepe-upptaking. Hemnestur, eg, med Førnesmotoren, henta heim ein slump veiterøyr vi har fenge frå Bodøy teglverk. Både kyr og sauer ute att. 2. Still, skletta og snø, marka hvit i morgonstunda, seinare sterkt og stendig regn, yver middag var snøen heilt vekk frå undlende. Køyrde nepa i hop i dungar, tok sauene åt heimfjøse og ordna der. 3. Still, skodde og regn i morgonstunda, blåste sidan upp av SV, V og V til N, med regn, skletta og turr snø i elingan. Sauer og kyr ute ei stund. Vi moka på nepedungane, køyrde nepekål i siloen, køyrde heim grankvist. 4. Still, yvertjukk med klårhol, snøfjun, marka kvit fyrst på dagen, men snøen rann vekk alt fyre middag. Røyrgrøft-graving og attlegging. Hemnestur, Arnt, som reiste med’ sama. Haustmarknad på Hemnes i går og i dag. – Seinkvelds mest klår. 5. 16. sundag. Klår med lette skydottar, frisk austavind. 6. Austavind, yvertjukk, litt tunnt kov i fjelli på morgonsida, på em. berre léver. Vi rodde til Hemnes, Trygve og eg, med litt kålrabi og 100 kg malder (?). So for han åt Leirvika på landmåling, kom attende til Hemnes og fekk fylgja ”Grei”, som var der ein snoptur, heimatt. Eg for til Sund, låg på Moan um natta og var med å taksera denne garden for Hypotekbanken dagen etter, den 7. Vere då var sud-aust, laber, yvertjukk, léver, gjekk til nord-aust og kjøla lufta seinkvelds. Eg kom heim roande so kl. 20½. Heime veitgraving. 8. Nord-aust, snø. Veit-attlegging fm., em. for eg til Jamtjord på skogblinking åt’n Jørgen Eide. Um kvelden klår, kjøleg. 9. Klår, med skydottar, litt blåis på Botnfjorden, kom snart med austavind, som sopa isen vekk. Trygve gjekk åt Utskarpen på landmåling. Ymist gardtutl heime. 10. Klår med skydottar, kjøleg i morgonstunda med isfale, sidan sud-aust kjøla og rein sjø. Slakta ”Dyre”, Birger var her og hjelpte til. Trygve kom heim um kvelden. 11. Yvertjukk, utnordshengsl fyrst på dagen, letta sidan upp til halvklår. Hemnestur, Anne og eg, med ”Grei”. 12. Klår med lett glya på himelen. Tjukna til mot kveld. 17. sundag. Det er ål-bert att på alt undlende, sauene er ute, mangstader nauti og. 13. Still, yvertjukk, litt regndripl no og då. Vi pløgde nyland, frå fjøse og ned-yver, hadde Edvard og Sverre Jamtjord med kvar sin hest. 14. SV og regn. Slakta eit verlam, som vi selde åt lærarinna. 15. Yvertjukk, spak sud-aust gråe, litt regndripl. Landbruksmøte (fyredragskurs) på Hemnes, motorskyss med Arthur Toresen, Trygve for iveg dit, kom heimatt so kl. 19 og vel de. Eg grov veit heime. 16. Same ver. Eg for på landbruksmøte, som heldt fram idag, kom att kl. 20. Trygve la att veit. Vi frettar, at Per Svendsen Brennbergli døydde tysdag kveld (14.) 17. Yvertjukk med solglytt, sud-vest kjøla, litt regnfusk imillom. Vi stod i veita båe tvo, grov og la att. 18. Vere like-eins pålag, då utan solglytt. Veitfylling (eg). Hemnestur, Trygve, med Førnesbåten. 19. 18. sundag. SV storm og regn, ”råkglan” imillom. Spaktest på em. 20. Still, mest heilt klår i morgonstunda, men tjukna snart til att og tok til å små-regna på em. Stortingsval. Veitgraving her. 21. Still, mest klår, nokre skydottar, som drog fort nordetter på fm. I kveld-ykta tjukna’n yver att, av sud. Røyrlegging, veitgraving. Hadde kyrne ute i dag, sist dei var ute var laurdag (18), sauene er ute kvar dag og fær inkje høy, dei ligg i sumarfjøse um nætene. 22. Still, yvertjukk i morgonstunda, letta upp framyver fm. til mest fullklår strakst yver middag, tjukna upp att mot kveld og byrja alrasist å regna smått. Trygve for åt Brennberge på landmåling. Eg grov veit heime, den siste nedmed Laberge. 23. Yvertjukk allrafyrst, klåra upp som i går, men tjukna snart til att. Trygve kom heimatt i går kveld, vi la att og tok til å fylla dei siste veitene. Klårholutt i kveldinga. 24. Still, klår, kjøleg, blåis på Botnfjorden. Tjukna yver på em., blåste upp av aust og sopa blåisen vekk. Veitefylling, jordkøyring, åkerjamning. 25. Yvertjukk, auster-gråe. Hemnestur, eg med ”Grei”. 26. 19. sundag. Yvertjukk, austavind fm., sidan still, smått regn. 27. Still, yvertjukk, regn fyrst på dagen, sidan turr. Sloga timber på Medstraumsaga. 28. Yvertjukk med klårhol, litt kjøla av sud. Trygve for åt Utskarpen på landmåling, eg gejkk på saga og stabla matrial, førde sidan derifrå. 29. Vere mest like-eins, litt meir sudleg gråe. Trygve har kontorarbeid, eg ryd og renskar og brenn upp kvist og skrot, ror sidan etter matrial. 30. SV storm, skletta og regn. Mest innahyses arbeid. 31. Bededag. Sudvest gråe, regn og snøskletta i elingan. Anne og eg ferdast åt Tverrbekklia. Der var marka yverkvita, her, ned-um buvegen, er framleis berrmark.

November 1. Helgamess. Still, yvertjukk, snøtung, marka kvit. Seinare nordvest-kjøla, snø, skletta og regn. Matrialføring av Medstraumsaga. Hemnestur, Trygve, med ”Grei”. Fekk tri kalkunar frå landbruksskulen med dampen i dag. Sauene vart tekne åt heimfjøse. 2. Helgamess-sundag. Ikkje so lite regn um natta, stilll, regnfusk fm., sidan klårholutt, turr. Surpeflak og blåis-snerkje på Straumen, men nokonleis bra roande. 3. Yvertjukk, nord-aust, frisk, sopa isfalen vekk. Trygve åt Straumen på landmåling, kom heimatt um kvelden. 4. Yvertjukk, austavind, léver, mot kveld litt regnfusk. 5. Still, yvertjukk, uppklårande med litt nordaust-kjøla på em., seinkvelds fullklår, blåis-fale. Sauene ute i dag og. 6. Still, klår og kald, Straumen hud-heil. Slakta sauer, ”Maia” og ”Pekka”. Sist på kveld skydottar på himelen med drått av sud. 7. Still, kovfjun fyrst på dagen, elles berre léver. Med floa rodde vi ’punn Jamtlia med slakte. 8. Yvertjukk, frisk sudleg vind, bryt på isen, storstorm på Sundsfjorden, sklett-fjun og regndripl. Hemnestur, eg, undan Lia med ”Grei”. 9. 21. sundag. SV, skletta og regn, styggver. 10. Mest like-eins natta framyver og i morgonstunda, sidan meir vestleg med klårglytt og litt haglfjun. Straumen er rein for is. – Skoflikkar-arbeid. 11. NV, spak og kov fm., still med regn-elingar og klårglytt em. Køyrde nepe åt fjøse, la inn matrial. ”Sanitetsmøte” på Jamtjord, Anne gjekk dit. Elles roande framleis, de låg litt surpesnerkje på fm., den rak vekk for ei lita vind-droga. 12. Same ver, slo sist på kveld um i regn. Fe-vask i fjøse, elles ymist inne-arbeid. 13. SV og regn, skletta og snø, roande sjø. Inne-arbeid. 14. Still, léver, litt haglfjun no og då. Litt nordaust-gråe mot kveld, som renska vekk litt is-snerkje av sjøen. Skogrydning i Øverenge. 15. Har blåst i natt, so sjøen er rein i morgonstunda, stiltest, då de vart skikkeleg ljost, kring middag og deretter tjukke kov-elingar, vil samlast surpa på sjøen. Hemnestur, Trygve, med Førnesbåten. Eg heldt fram med skogsarbeide. 16. 22. sundag. NV, sterk, snø og hagl, Straumen rein, undateke nedst i Eidbukta, der snøsurpa vart stuva i hop. Meir vestleg, leid på dagen. Seinkvelds uppklårande. 17. Still, klår med skybakkar kring fjelli, mest i vest og nordvest, ÷ 7º R. Straumen islagt sonærsom millom Elvkjeften og Kjeldnese. Skog-arbeid. – Tjukna yver frå vest og tok til å snø-fjuna i kveldinga. 18. Still, yvertjukk, dun-snø, isen heil for elvkjeften, men open nedi Eidbikta. Sudleg vind på em. 19. vester-gråe, kov-elingar. Tur til Finneide med Aksel Førnes, eg, i lag med Anders Myhre og Svein Utland, Kom heimatt so kl. 18. 20. Spak NV, kov-elingar. Inne-arbeid (i skôte). 21. Sterk skôtung og fok, ikkje kov å snakka um. Køyrde rundt til Eide etter litt mjøl og matrial, henta frå Finneide, vart brydd av floa i bekkekjosane på heimvegen. 22. Still, yvertjukk, léver. Hemnestur, Trygve, med ”Grei”, frå Eidbukta. 23. 23. sundag. Same ver, litt kovfjun i myrkninga og frametter. 24. Same ver som i går kveld fyrst, men slo frampå fm. um i regn og heldt på å småregna til kvelds, då de klåra upp og byrja kjøla austleg. 25. Klår med siglande skyar, frisk austavind, ikkje kald, heldt seg til 0º. Sterke, ville nordljos både morgon og kveld. Snekkararbeid i skôte. ”Bjora” kalva. 26. Same ver, same arbeid. 27. ”Fyrste adventsdagen”. Same ver. 28. Same ver, ein liten mun kaldare. 29. Still, yvertjukk, litt kovfjun i dagningen, sidan sudaust-kjøla, gråhimel utan nedburd. Har vore noko kald i natt, attfrosen i Eidbukta. Um kvelden klara’n av og kvesste i litt. Hemnestur, eg, frå Eide med Førnesbåten. Heime snekkar-arbeid – uppsett dør for bislage. 30. 1. advents-sundag. Still, klår og noko kald i morgonstunda, men tok snart til å tjukna upp med sterk drått av sud til vest. Tjukna heilt yver frampå dagen og tok i kveldinga til å snø tung sklettsnø, slo sistpå um i regn.

December 1. Still, skodde og regn. Trygve ut på folketeljing, eg reiste dory i skôte. 2. Same ver, same arbeid. 3. Still, yvertjukk med klårhol, léver fyrst på morgonstunda, men i dagningen braut’n laus med SV og regn og vart fullt uver. Vi tykkjer d’er stuslegt for Trygve, som er ute på folketeljing. 4. Mest same ver, berre lengre dus og litt spakare, serleg på fm., men mot kveld regna de ufysleg, som fyrr. Trygve kom heim, våt til skinne. 5. Still, meir og minder regn. Berrmark på undlende å rekna for, isen er uppriven åt inder Hagabergodden. Nepekøyring, doryarbeid. 6. Still, regnfusk, skiftande med hagl og vestleg gråe med klårglytt, ”rôk-glan”. Vi køyrde båten åt Hestlortbekkjen og rodde derifrå – eg for til Hemnes med Toresen-motoren -, heimatt krangla eg meg frammed åt støda. I kveldinga mest klår, still og kjøleg, og sjøen snerkjer fort til att. 7. 2. advents-sundag. Sudaust-gråe, yvertjukk, léver, marka yverkvitna av litt hagl i natt, men ingen nedburd i dag. Straumen attfrosen. 8. Still, lett yverskya, kjøleg i morgonstunda, seinare austavind, klårholutt. 9. Sudaust-gråe – sterk drått – léver. 10. Mest like-eins, litt friskare vind, regndripl i myrkninga. 11. Frisk austleg vind, regndripl, berrmark og hålke. Ner-isen er vekke og den øvre slitest, er landlaus. 12. (Feilføring, tatt bort) Austavind - upp-i nord-aust – skyutt med klårhol, sterk drått av sud-aust. Rodde til Medstraumsjøen med floa frammed isen. 13. Spak austleg vind, yvertjukk, léver i morgonstunda, seinare på fm. ein frisk gråe av sud-aust, på em. still her heime å kalla, litt yr-fint regnfusk. Hemnestur, Anne og Trygve, frå elva med ”Grei”. – Mot kveld blåst’n upp att frå sud-aust, men seinkvelds still og mest klår. 14. 3. adventsundag. Still og klår alrafyrst, sidan nord-aust, tjukna yver av sud, ei stund mykje lik til kov, men tunna de av att. Isen slitast, so vi ror no her frammed mest kva tid vi vil. 15. Nord-aust, yvertjukk med klårhol, léver å kalla fyrst på dagen, byrja i ljosninga å blåsa upp av nord-aust, klårad upp frametter dagen og stødde i med kulden. 16. Nord-aust, sterk, klår, med jagande skydottar frå sud-aust, aukande kulde. Framleis roande heilt åt Botne her frammed – isen ligg burtåt Hagaberge. 17. Still, klår og kald alrafyrst, blåste i dagningen upp av nord-aust og heldt open sjø i dag og. 18. Still, klår, kald, ÷ 8º R – i går ÷ 5º R – blåste i lysinga upp av nord-aust, spaktest mot kveld og tjukna yver. Lande svell upp, so d’er snart ikkje gangande. Straumen attfrosen åt Elvkjeften, open nedanfor. Vi køyrde doryen – 17’ – til Medstraumsjøen og rodde’n åt Eidbukta. 19. Still, tett haglsnø, um kvelden slo’n yver i regn og SV storm. 20. Storm i natt, spaktest mot dag og vart mest still her heime, sudaust gråe på Rana og Sundsfjorden, skletta og regn. Hemnestur, eg, unda Lia med ”Grei”. 21. 4. advents-sundag. Still, regn. Seinkvelds austleg, uppklårande, litt kjølegare. 22. Solkverv. Austleg gråe, klår med litt skodde kring fjelli, kjøleg, de legg is nedyver frå Elvkjeften. Vi for til Finneide med Oskar Jensen, Anders Myhre, Svein Utland og eg – eg kom heimatt so kl. halv 16. 23. Tollesmess. Still, smått kov. Vedkøyring. 24. Jol-afta. Klår, kald, frisk nordaust. Vedkøyring, laging-til-jol. 25. Joldagen. Klår, ÷ 10º R, still her heime, spaken naustavind på Rana. Kyrkjetur, Anne og eg, frå Eide med A. Thoresen. 26. Andredag. Still, ÷ 13º R. ”Nordkapp” kalva. 27. Klår, still her heime, austleg gråe på Rana, ÷ 15º R. Hemnestur, eg, frå Førnese med Førnesbåten. 28. Sundag m. jol og nyår. Austavind, lett yvertjukk. Fest på ungdomshuse. Trygve var der. – Vinden kontra frampå dagen til sud-aust, sterk, lédna upp i vere, spaktest mot kveld. 29. Still, lett snøfjun. Letta upp på em. med nordaust og klårhol. Eg gjekk isen nedyver åt Langnesbukta, han er noko ujamn i stykkje Hagabergodden – Kjeldnese – Elvkjeften – Storberge, ja nedanfor og, men han går no an. 30. Sudaust, léver, skyutt med klårhol. 31. Same ver. Tur til Mo, Georg Hauan og eg, med Førnesmotoren, møte i vegnemda for Nordsidevegen – avstad kl. 6, attende kl. 19. Og so er jubileums-åre 1930 slutt.