Dagbok Olav Engen 1929

Fra Wiki
Hopp til: navigasjon, søk

1929

Januar 1. NV med harde kov-elingar på fm., meir upp-letten, minder kov og lengre glytt på em. 2. SV, tung snø, skletta og regn. Trygve reiste. 3. SV storm og regn. 4. Same ver um natta og i morgonstunda, spaktest sidan og vart nærmast still. 5. Likeeins, litt sudvest-gråe på Rana. Hemnestur, frå Førnese med Oskar. 6. Sundag, trettandag, same ver. 7. Still, klår, kjøleg, ein fin dag. 8. Like-eins, men tjukna yver då de myrkna, og tok seinkvelds til å snø-fjuna. 9. 10. 11. SV og regn. 12. Yvertjukk, still i morgonstunda, seinare vind av SV, V og NV, sterk ei stund på em. Hemnestur, frå Eide med A, Toresen. Olaus Henriksen døydde den 10. – Brev frå Trygve. 13. Nordavind, spak, kovfjun, uppklårande på em. Sundag, Tjuganddag. 14. Klår, kjøleg, still, i myrkninga og kvelden frametter rek-elingar med smått kov. 15. Klåra upp i dagningen og vart bitande kaldt, ÷ 15º R. 16. Same ver, endå kaldare, nedpå ÷ 17º R. Drog innyver litt um kvelden. 17. Snøfjun, ”frosthare”, still, ÷ 10º R. 18. Klår att. Sterk nord-aust. Spaknad mot kveld og tjukna yver av vest. 19. Klår att, men tjukna til framyver dagen. Frisk austavind på Rana, spakare, mest still em. Litt tunt kov i kveldinga. Hemnestur, frå Eide med Førnesmotoren. 20. Yvertjukk, still i morgonstunda, klåra sidan fullt upp. 2dre sundag e. Kr. Openb. 21. Nord-aust, lett yverskya, tjukna seinare til og vart kov og damm. Seinkvelds letta han av litt. 22. Still, litt kov-møra, upplettande. 23. Still, klår og kald. Vi spør den utidend, at Ivar Skjæran og Magnus Kvitnes har blive på Rana, nedfor Seljehammartuva den 21. seint um kvelden. 24. Same ver. 25. Lettskyutt, svivande snøfjun, ”gråfrost”. 26. Mest same ver, litt kov i fjelli. Hemnestur, frå Førnese med Førnesgutane. Eibukta var islagt. 27. Sundag septuagesima. Likeeins til å byrja med, sidan austavind, uppklårande. 28. Austavind, yvertjukk, snøflistr. 29. Sudaust, halvklår. 30. Same ver, minder kaldt, mest léver å rekna for. 31. Same ver, litt snøfjun seinkvelds.

Februar 1. Still, léver, snøfjun, på em. regn. 2. Regn um natta, letta upp i dagningen og var på em. fullklår og auster-gråe, på Rana still med skodde yver Straumen. Kynnesmess. Hemnestur, ut med ”Ranfjord”, skulestyremøte, inn med ”Hårek”. 3. Sundag seksagesima. Still, yvertjukk, snøfjun. Misjonsmøte i Botn hjå Hans, Anne var der. ”Maia” lamma – 1 verlam. 4. Same ver. 5. Same ver, berre meir snø og litt kjølegare. 6. SV og regn. 7. Still (tekst borte). Brev frå Trygve. 8. Still, kjølegare, litt snøfjun. 9. Sudaust-kjøla, fris (tekst borte) Sundsfjorden, på em. austleg, ut-av Nord-Rana. Hemnestur, frå Førnese med Førnesgutane. 10. Fastelagssundag. Sterk sud-aust og fokk. Yvertjukk (manglar?) med klårhol. Anne for til Bjerklia, kom heimatt so kl. 17 (5. em.) 11.Yvertjukk, still, kovfjun, uppklårande mot kveld. 12. Klår og kald. Eg køyrde ein 17’ dory åt Førnese. 13. Same ver, endå kaldare. Rodde doryen til Hemnes, kom heimatt med Elias Bjerkli til Eide. 14. Same ver, men ikkje fullt so kald. 15. Like.eins. 16. Like-eins. Hemnestur, roande, med Utlandskarar frå Førnese. Emissær Sund kom hit frå Utskarpgrenda. 17. 1. Fastesundag. Same ver, ÷ 13º R. Møte i skulestova kl. 11 og kl. 16 ved emissær Sund. Vi var båe tvo på det fyrste, Anne på det siste. 18. Same ver, ÷ 16º R. Emissær Sund reiste åt Utskarpen att. 19. Same ver, ÷ 16º - 17º R i lysinga, steig frametter dagen til ÷ 10º R, de drog litt tunn skodde yver himelen. 20. ÷ 10º R i lysinga, tjukna yver og lédna, steig til ÷ 5º R, tok til å snøfjuna i myrkninga. – Vi har i dag tri fulle ”kvartal” på høylofte, og noko på det fjorde. 21. Still, snøfjun fm., skletta og regn em., upplettande sist på kvelden. 22. Austavind, klår og kald. I går var eg køyrande på Eide etter ein liten fisk-kase, som kom frå A.H. Solvang, Selvær. Vi fekk brev frå Trygve. 23. Same ver, ÷ 10º R. Hemnestur, frå Eide med Iversen. 24. 2. fastesundag. Still, klår, ÷ 17º - 18º R. 25. Same ver, ÷ 19º R. 26. Same ver, ÷ 16º R, gjekk upp til ÷ 10º R. Litt glya yver fjellranda. 27. Still, klår med ei skyrand i vest, ÷ 10º R i morgonstunda, tjukna yver og lédna snøgt, eitpar varmegrader sistpå kveld. 28. Léver, still, snøfjun, ei stund litt regn.

Mars 1. Same ver til å byrja med, seinare SV, skletta og regn. 2. SV og regn, storstorm. Spakna noko mot kveld. 3. Tridje fastesundag. Spak NV, tunne snø-elingar på em. Eg for til kyrkja med Utlandskarane. Ny-bispen, Eivind Berggrav, preika i Hemneskyrkja. Misjonsstemne. 4. Same ver. 5. Mest like-eins. Spanta dory. Artur var her til hjelp. 6. Klår og noko kald. 7. Still, léver, smått, lett kov. 8. NV, halvklår, kjøleg. Køyrde doryen til Eide. 9. Nordleg kjøla fm, seinare auster-gråe. Hemnestur, rodde dory, fylgde Toresen heim. Seinkvelds kovfjun. 10. Midfaste-sundag. Same ver. 11. Same ver, slo yver i regn mot kveld. 12. Gregesmess. SV og regn, på em. fullt rokk. 13. Same ver, noko spakare. 14. (uleseleg) fm., kantra på em. til NV med kov-elingar. 15. NV og kov, stiltest og lédna mot kveld. 16. Vesta-vind, smått regn og skletta, på em. (manglar). Hemnestur, frå Førnese med Utlandskarane. 17. Vårfrumess-sundag. (manglar) og regn att. Nils Johan døydde igårmorgest, 93 år. 18.-22. Berre SV og regn, smått sterkare, smått spakare. ”Idun” kalva den 20. um kvelden. 23. Yvertjukk, vester-kjøla, mykje regn um morgon framåt kl. halv 9, sidan turr til seinkvelds. Hemnestur, frå Eidbukta, med N. Iversen. 24. Yvertjukk, still, litt regn og skletta fm., turr em., eitpar små solglytt. Palmesundag. 25. Vårfrumess. Still, yvertjukk. Mykje flekkjebert i bakkane. 26. Still, skletta og regn, på em. litt vestavind. 27. Still, skletta og regn um morgonen, sidan SV-elingar. Trygve kom heim so kl. 5, hadde kome til Hemnes i går og med Elias Bjerkli til Eide i dag. I kveldinga var eg iveg etter skrotet hans, de var ruskver og søraføre på isen, landkall berre i Langnesbukta på den sida og dårleg nokk, landkomande berre med fjæra, å segja. 28. Skirtorsdag. SV, regn og skletta fm., NV og hagl em. 29. Langfredag. NV og hagl, uppklårande, skifta til nord-aust. 30. Påskeaftan. Klår, nordaust-kjøla, kald. Hemnestur, Anne og eg, roande, med Ole Øverland. 31. Nord-aust og frost – klår. Påskedag.

April 1. Andredag. Nord-aust og frost. Isen styrkner til pånytt. 2. Same ver. 3. Like-eins Tjukna på em. yver av NV og fall nokre snøfjun, men tok til å klåra upp att sist på kvelden. 4. Nord-aust spak, klår og kald, ÷ 11º R. 5. Like-eins. Isen ligg nylagt åt Førnesodden og Bollaskjere, tenkjer han er gangande. – Tjukna yver av V og tok til å snø so kl. 15 (3 em.). Vi drog dory (ein 17½’) til Eide og 4 sekkjer kunstgjødsel heimatt – ja Johannes Jamtjord hjelpte oss å køyra båe delar eit stykkje frammed Jamtlia. 6. Still, smått kov. Hemnestur, frå Eide med N. Iversen. Litt nordvest-gråe frametter dagen. 7. 1 sundag e. påske. Nordvest kjøla, klårholutt, fint ver. Rodde til Finneide med doryen, kom heimatt so kl. 20 (8 em.). 8. Nattkald, nordaust kjøla, mest klår fm., men tjukna til mot kveld. For til Eide i morgonstunda, Trygve og eg, og drog heim ein sekk kunstgjødsel – den siste. 9. Klår, nattkald, tjukna i dag og yver på em. Trøska bygg og grasfre, Arthur og Ellida var her til hjelp. 10. Klår, nattkald, still, fint skaraføre, som de elles har vore sidan påske. Vi for åt Botne etter dryftaren og dryfta drôsen, fekk pålag ein sekk storkorn og ein sekk lett do. ”Trilla” lamma trillingar, 2 verar, ein sau. 11. Sudleg vind, skyutt, tok til å snøflistra smått, sidan til å regna. 12. SV, mest turr fm., sidan regn, mot kveld nokso stridt. Eg var på skulen fyrst på dagen, saman med Heitmann mura eg upp loddpipa i uthuse. Isen er knekt frå inder Hagaberg-odden åt Timbergberg-bekkjen. Imorgest gjekk likevel ein mann til Eide. Men seinare på dagen gav inderstykkje seg frå, og våka vidkast ut. Landkallen vert og skrøpeleg her frammed, no når han er storsjøa. 13. SV og regn, på em. storm. Landkallen vart sopa i hop med floa, so her vart mest roande frammed. Trygve for til Hemnes, roande frå Førnese med Ola Øverland. Då han kom att, so kl. 16 (4 em.), laut vi taka han i land med båt. 14. Sumarmål, 2dre sundag e. påske. NV og kov, stundum nokso sterk, frampå em. lange og nokso fine el-dus. Isen landlaus rundtumkring og adskilleg bert kring husveggjene. – Seinkvelds still og mest klår. 15. Klår og kald, ÷ 5º R, skaraføre. Tjukna til att frampå em, og vart nordvest og nov. Køyrde møkkr på Rabben. 16. NV og kov. Same arbeid. 17. Same ver på fm., SV og regn på em. 18. Still, skletta og regn fm., mot kveld nordavind og turt kov. 19. Nord-aust, kov mot kveld uppklårande. 20. Austavind, klår og kald, ÷ 7º R. Hemnestur, frå Eide med Førnesmotoren. 21. 3. sundag. Spakenn utnordshengsl, lett kov. Ner-isen ligg i Aurgape, har lege der sidan igårmorgest, og Straumen er tilfrosen med blå-is. D’er gangande med fjæra yver Botnfjorden. 22. Austavind fyrst, seinare sud-aust, halvklår eller lett-skyutt, tjukna yver seinkvelds. Eg rodde frå Førnese til Hemnes, møtte i herad- og valstyre – heradsdelinga vart avgjord – kom heimatt mot morgon den 23. Litt lett kov då i morgonstunda, seinare halvklår, sudleg, léver. 24. Halvklår, léver, som i går. Ner-isen for nedigjennom. 25. Klår, nord-aust og frost. Med floa rodde vi rundt frammed lande til Eide, med fjæra går dei her frå Lanese til Hagahole. 26. Same ver, tilfrosen sjø i morgonstunda, blåste reint då sjøen flødde upp. 27. Same ver, blåstr heile natta, so det heldt ope frå elvkjeften nedetter. Hemnestur med ”Grei” (fyrr ”Ranfjord”), frå og til Medstraumsjøen. 28. 4. sundag e.påske. Same ver. Møte på skulen til kåring av valkandidatar. Anne 57 år. 29. Same ver. 30. Still, klår og kald, ÷ 7º R.

Mai 1. Same ver. P. Johansen 88 år. 2. Same ver, men berre ÷ 3º R. Drog litt glya yver himelen frametter dagen. Foredrag på ”huse” av fru Ursula Frost kl. 17. Anne og Trygve var der. 3. Krossmess. Halvklår, still, ÷ 1º R. Um em. nordvest og kovfjun. Frisk NV og kov natt og fm., tunnt kovflistr i elingane på em. Hemnestur, frå Medstraumsjøen med ”Grei”. 5. 5. sundag etter påske. Nattkald, klår. Frampå fm. sudaust-kjøla. Øverisen er knekt fleire sta’n, men de inste ligg og knip millom Medstraum-auren og Kjeldnese og stengjer. Torsdag (2.) gjekk vi åt fjøse på berrmark. På em. nord-aust, tjuknar upp i sud og vest. 6. Austavind, yvertjukk, kovfjun, sidan regn, sistpå turr, upplettande, vinden mest bein nord. Isen tok til å flytja på seg, men vann ’kje ned-um Kjeldnese. 7. Lettskyutt, still, litt kjøleg, blå-is på Straumen. Tok tidleg på fm. til å blåsa sud-aust og tjukna yver, med regndripl. Inderstykkje av isen for nedigjennom. 8. Still, yvertjukk, léver. Siste isstykkje rak ned-um. Litt sudaust-gråe og regn på fm., halvklår og turr på em., tjukna upp mot kvell att. 9. Still, regndripl fyrst, eitpar solglytt på fm., SV, skletta og regn em. Heilagtorsdag. 10. Like-eins pålag, men spakare og mildare, heilt still um kvelden. 11. Still, regndripl . Hemnestur, Anne og Trygve, med ”Grei”. 2 år sidan gravferda hans Far. 12. 6. sundag e. påske. SV og regn. 13. Still, smått regn, solglytt. Trygve arbeider i hagen, sår gulrot, vi andre vaskar upp. 14. Same ver, same arbeid. 15. Nord-aust, lettskyutt på morgonsida, frå kl. 10 pålag yvertjukk og regn. Eg for til Hemnes og møtte i valstyre. Trygve køyrde møkkr. 16. Still, yvertjukk med klårhol. De berrkast no reint fort og gror etterkvart. – Seinkvelds smått regn, vestleg vind. Køyrde møkkr, byrja pløgja nyland på Rabben. 17. Halvklår, NV, frisk, seinare klår. Fest på huse em., vi var der all i hop. 18. Austavind, klår. 18. Austavind, klår. Hemnestur, roande åleine. 19. Pinsedag. Same ver. Kyrkjetur, alle tri, roande. 20. Andredag. Sud-aust, frisk, yvertjukk, ein regnskvett kring middag. Sauene var ute pins-aftan fyrste gong, i går stod dei inne, i dag er dei ute att. De berrkast og gror. 21. Sud-aust, halvklår. Trygve harvar. 22. NV, yvertjukk, litt fauka imillom. Vi pløgjer på Rabben. 23. Lettskyutt; austavind, spak, kjøleg i morgonstunda. (Jonella Straumfors døydde den 17.) Harva og sådde havre på Rabben. 24. Lettskyutt, still, SV drått, seinare sudaust og klår. 25. Sudaust og solskin + 17º R. Hemnestur, roande åleine. Møkkring og pløgjing båe dagane. 26. Trieinings-sundag. Same ver. Vi ferdast åt Utskarpen, Anne og eg, kom heimatt kl. 9. 27. Same ver på fm., vestavind på em. med litt glya av nordvest. Harva og sette tates nedpå Sjøvegen. 28. Nordavind, myrkbakke, fauka. 29. Same ver. Heradstyreval, avrøysting på skulen, eg sat i røystings-styre, for sidan – kl. 17 - til Hemnes med setlane. N.I. Straumsnes skyssa. Var yver på Hemnes til den 30. Same ver. Kom heim til middag, hadde med meg gjetaren, Arnt Olsen. I millomtida er tates’n sett og Trygve har drilla upp og planta kål. 31. Mest same ver, ikkje noko nemnande fauka, men kald, frisk nordavind. Trygve sådde turnips. Kyrne slepte vi ut i går fyrste gongen.

Juni 1. Still, yvertjukk. Hemnestur, Trygve, med ”Grei”. Eg raka møkkr og renska eng. 2. Yvertjukk, spak nordleg vind, skodda og fauka i fjelli. 1. trieiningssundag. Anne og eg rodde til kyrkja. 3. Yvertjukk, frisk sud-aust, litt fauka no og då, etter nondag still, regn. Pløgde voll på Rabben. Still, regn fm., turr, nordleg vind og skodde em. Pløgde litt meir um kvelden. 5. Still um morgon, seinare litt aust og sud-aust vind, klår og mykje varm em., still, kjøleg, nordleg drått um kveld. Rodde til Hemnes i otta, møtte i heradstyre, kom heim etter midnatt. 6. Nordavind, skyutt, fauka, uppklårande, solskin em. Pløgde ferdig, køyrde møkkr. 7. Sud-aust og solskin. Møkkra, harva og sådde grønfor på Rabben. Renska eng. 8. Yvertjukk fyrst på morgon, klåra upp til sud-aust og solskin, kom på em. med nordavind og regn. Hemnestur, roande åleine. 9. 2. trieinings-sundag. Yvertjukk, still fm., seinare klår, nordavind, kjøleg. 10. Nordavind, halvklår, um kvelden klår. Vølte um gjerdene. 11. Klår, kjøleg, skyar i vest. Seinare på dagen austavind. Meir gjerdevøla, uppvask. 12. Yvertjukk, still. Skog-arbeid. 13. Same ver. Meir uppvask. 14. Sud-aust, regndripl. Rodde nokre stokkar på saga. 15. Yvertjukk, auster-gråe, klåra sidan upp. Hemnestur, Anne og eg, roande. 16. 3. sundag. Yvertjukk, regndripl um morgon, uppklårande, um kvelden fullklår. Konfirmasjon med kyrkja. 17. Yvertjukk, still, etter kl. 18 tett regn. Vi for åt Storenge med ”Brede” og fekk han gjelda, dyrlækjaren var der på hestskjering. 18. Mest like-eins, berre eit lite solglytt fm. og ikkje rett somykje regn um kvelden. 19. Yvertjukk, still, regndripl. Skogarbeid. 20. Yvertjukk, still fm., sidan sudleg vind, etter kl.17 sterk SV og regn. Hakka tateslande. 21. Solkverv. Sterkt regn natt og fyremiddag, sidan halvklår, varm. Vaska upp fjøse. 22. Halvklår. Vestavind, aldri so lite regndripl. Um kvelden klår, med ”bakke” i sud-aust. Hemnestur, med Førnesgutane. Skulestyremøte. 23. Jonsokaftan, 4. sundag. Yvertjukk, austavind, regndripl. Bondefest på ”huse”, vi var der all i hop. 24. Jonsok.Yvertjukk med klårhol, storm av aust. Heilt klår på em. Henta matrial av saga, tynte ut nepe. 25. Klår, varm, litt sudaust-kjøla fm., nordleg kjøla em., seinkvelds still, litt glya på lufta. Tok til med umvøla i andrestova. 26. Same ver, same arbeid. 27. Myrkbakke i vest, nordleg kjøla, tjukna yver og klåra upp att. Same arbeid. 28. Still, klår, kjøleg i morgonstunda, elles ein varm dag. 29. Myrkbakke, spak vestleg vind, solglytt. Rodde til Hemnes kl. 5, kom heimatt kring middag. Um kvelden reiste Anne og eg til Mo med dampen frå Eide og gjekk åt Hamaren, der vi vart liggjande. 30. 5. sundag. Vester-gråe, smått regn frå morgon, um kvelden mest turr, yvertjukk. Gjekk frå Hamaren til kyrkja, tok sidan bil-tur upp til Villa og nedatt til Mo, der vi tok hus.

Juli 1. Halvklår, vester-gråe, klåra upp utyver dagen, frisk vestleg vind um kvelden. Fekk låna båt og rodde frå Mo til Bjerklisjøen, kom heim so kl. 13. 2. Still, yvertjukk, fauk-elingar, på em. klårglytt og litt vestleg vind. Hakka tates- og nepeland. 3. Halvklår, still, har regna litt i natt, utyver dagen nordleg vind, fauk-elingar i fjelli. Arbeid uti stova både i går og i dag. 4. Nordleg vind, mest klår. Same arbeid. 5. Still, klår med myrkbakke bak fjelli um morgon, tok frampå fm. til å blåsa nordleg vind, friskande på utetter dagen. Nokso kjøleg. Slo i hagen og under fjøse og hesja. 6. Mest like-eins. Hemnestur, roande, Arnt og eg. Skulestyremøte. 7. Same ver. 6. sundag. 8. Still, sværande varm fm., nordleg vind em. Køyrde heim nokre lauvkjerr og skrotved. Ferdig med panelinga i andrestova. 9. Austavind, yvertjukk, um kvelden still. Tok til å kalka i fjøse, måla litt avslepp på fjøsveggen. 10. Still, yvertjukk med klår-hol, seinkvelds mest klår. 11. Still, yvertjukk, regn.12. SV og regn. Desse dagane ymist innreidingsarbeid og fyrebuing til slåttonna m.m. 13. Same ver. Hemnestur, ut med ”Grei”, frå Hemnes fylgde eg folk til Sandnes saman med Gbj. Mortensen, der vi tok takst på eit landstykkje, så vart eg skyssa åt Kvitnesodden og gjekk gjennom Brattlands- Storstrand- og Gjesbakkmarkene, kom heim kl. halv 22. 14. 7. sundag. Same ver..15. Same ver, mykje regn, rett styggver. Gjorde ferdig med vaskinga og kalkinga i fjøse. 16. Same ver, litt spakare og turrare på em. 17. NV frisk, regnbøgjor. Slo unda tateslande og hyppa, hesja sidan de vi hadde slege. 18. Vester-gråe, litt regndripl no og då. Gjorde hesja ferdig, sidan skog-arbeid. 19. Yvertjukk, still fyrst, klåra av på fm. med sudaust-gråe, klår og varm på em., men tjukna upp att av SV sist på kvelden. Slo og hesja, fekk inn fyrste hesja, 1 lass. 20. Still, skoddutt, regndripl, aukande til nokso mykje regn um kvelden. Slo og hesja. Hemnestur, Trygve med ”Grei”. 21. 8. trieinings-sundag. Still, ausregn. Eg er 58 år. 22. SV og regn, styggver i ridene. Um kvelden still, uppklårande. 23. Still, halvklår, varm. Frå kl. 10 pålag yvertjukk og regn att. Slo i Lamyra og hesja. 24. Vester-gråe, yvertjukk med klårglytt, stilltest og tjukna yver på em., og tok til å regna sist på kveld. Same arbeid, vart ferdig med Lamyra. 25. Sudaust-kjøla til å byrja med, yvertjukk med klårglytt til yver middag. Sidan NV, litt fin fauka. Slo litt grønfor og hesja. , slo sidan noko skrapslått uppetter Timmerberge. 26. Vere like-eins å rekna for, turr til kring kl. 18, sidan yrvæta. Slo av på Timmerberge, raka nokre seter, tok inn ein dott turrhøy, byrja sistpå å slå i Steinbakken. 27. Yvertjukk, vestavind, fauka. Stillstand med slåtta. Hemnestur, Anne og eg, roande. 28. 9, sundag. Same ver, på em. då mest turr. 29. Olok. Yvertjukk med klårhol, still, seinare sudaust-kjøla, på em. havgula og klår, men tjukna yver alt mot kveld. Køyrde inn 1 lass sete-og eit lass hesjehøy. 30. Nordavind, yvertjukk og fauka i fjelli på fm. Uppklårande på em. Køyrde inn eit hesjelass. Slo i Steinbakken og hesja. Slakta ”Leikros”. 31. Halvklår, still, kjøleg i morgonstunda, seinare litt austavind, solskin og høyturk. 4 lass hesje- og setehøy. Hemnestur med slakt og poteter, eg åleine roande. Sylvbrudlaupsdagen vår.

August 1. Yvertjukk med klårhol., still. Solglytt og varm på fm. Byrja regna strakst yver middag. Slo av i Steinbakken, hesja, breidde og raka rågras, køyrde inn eit lass dårlegt hesjehøy. 2. Yvertjukk med klårhol, frisk sud-aust til middag, då de stilltest, tjukna til og byrja regna. Slo og hesja. 3. SV og regn, styggver, inga meining i å arbeida ute fyrr nondag, då de gjorde litt dus. Hemnestur, Trygve med Førnesmotoren. 4. 10. sundag. Mest klår, sudaust-kjøla, varm. Presten heldt jordfesting og preike på Medstraum, vi var der alle sonærsom gjetaren. Køyrde inn 3 lass hesjehøy og ein liten dott skrothøy og raka ein 50 seter. 5. Lett yverdregen, sudaust kjøla i morgonstunda, klåra sidan heilt av og vart høyver. 3 setelass. 6. Yvertjukk, sterk sud-aust, gjekk strakst etter middag brått til SV og sterkt regn, som då gjekk fort yver. Etter nondag var de turt å kalla. Slo og hesja uppå bakken, på ”Teigen”. Køyrde inn 3 hesjelass på fm. 7. Klår med lett glya, sud-aust og solskin, fint høyver – tjukna då yver att på em. og dripla regn seinkvelds. 5 høylass – byrja slå i Øverenge. 8. Har regna i natt, still og yvertjukk i moronstunda, seinare vester-gråe, smådripl no og då. Heldt fram med hesjinga. 9. Mest like-eins, meir turr, helst på em. varme solglytt. Slo og hesja resten av ”Teigen”. Køyrde inn 2 hesjelass. 10. Yvertjukk og still i morgonstunda, sidan på fm. vester-gråe og yrvæta, em. austavind og solglytt, nokre faukedropar imillom. Hemnestur, eg, med Førnesmotoren, skulestyremøte. Slo i Øverenge, køyrde fram rågras og seter, tok inn ein turrhøydott, resten av Lamyra. 11. 11. sundag. Yvertjukk, still, regndripl, på em. ikkje so reint lite. Turrare, klårholutt sistpå kvelden. 12. Still, klår med skoddrand yver fjelli i sud, kjøleg i morgonstunda. Tjukna strakst yver og tok til å regna so kl. 10. Køyrde inn 2 lass rått hesjehøy. 13. NV og regn med klårglytt. Slo og hesja grønfor. 14. Skoddutt, still i morgonstunda, ein strid regnskur tidleg på fm., sidan NV vind med tunne faukeskvettar og klårhol. Mot kveld stilltest de og klåra fint av. . Kasta ut nokre seter og fekk turt, køyrde inn de og av ei hesja, so vi rekna 2 lass. Hesja elles grønfor og køyrde fram rågras. 15. Klår, auster-kjøla, berre + 2º R, ikkje fritt for rim i grase fyre solovringa. Slo i Inderdalen og i Tørvenn, fekk inn 6 turrhøylass og endå ein liten dott, køyrde fram setehøy og renska Øverenge. Byrja tjukna til i sud sist på kvelden. 16. Halvklår still, sudleg drått, skein av litt på fm. og vart ikkje so verst seteturk. Tjukna til att so kl.16 og tok til å smådripla, auka på mot kveld. Fekk inn eit lass pålag – slo elles her heime. 17. Stilt regn i morgonstunda, seinare SV kjøla med klårglytt. Hemnestur, Trygve med Førnesmotoren. Slo av å rekna, har ein lapp fre-timotei att. 18. 12. sundag. SV og regn. 19. Vestavind og regn, med klårhol, heldt upp å regna tidleg på fm. so de turka litt. 3 lass hesjehøy. Elles hesja vi og raka ei mengd seter. 20. Halvklår, auster-kjøla i morgonstunda, sidan frisk nordavind, uppklårande. 4½ lass setehøy. 21. Still, klår, + 1º R, rim i grase. Sudaust og varm utetter dagen, nokre skydottar av sud mot kveld. Hogg kjerr og lauva. 22. Lettskyutt, stilt i morgonstunda, blåste sidan upp med frisk sud-aust og tjukna til, allraseinast på kveld stiltest de og kjendest nokre regndropar. 6 hesjelass. Rudde og lauva. 23. Still, lett yverskya i morgonstunda, seinare frisk sud-aust, solglytt, høyturk. Fekk inn siste høyhesja, 3 lass. 24. Barsok. Regn, spak SV fyrst på dagen, seinare still. Hemnestur, eg, med Førnesmotoren. 25. 13. sundag. Regn um morgon, sidan turr, solglytt, varm. 26. Regn, vestavind, nokso sterk ei stund, styggver. Um kvelden still. Vølte um uti andrestova, litt umvøla på gjerde i Øverenge. Køyrde sidan timber ned og sloga på Botn-saga. 27. Spak SV, regn, då minder enn i går. Køyrde og sloga meir timber, førde heim matrial. 28. Same ver å byrja med. Gjekk um til NV med klårglytt og letta smått utetter dagen. Seinkvelds mest klår. Vølte um uti stua og på gjerdane, tok inn hesjestreng. 29. Lettskyutt, sudaust-gråe i morgonstunda, tjukna sidan yver, men auka samstundest på til frisk vind og gjorde ender-å solglytt, so høyvere var ’kje so kleint. Reiv skurveden av nordveggen og bislage, for umvøla skuld (Trygve), eg førde bord av Botn-saga, for sidan til Tverrbekklia med oksen og hjelpte Myre å køyra rågras fram og litt turrhøy inn. Etter heimkoma til de myrkna køyrde vi inn 3 lass grønfor. Still, yvertjukk, litt regndripl på fm., vester-gråe, turr på em. Bordføring og husarbeid. Tok inn resten av grønfore, 2 lass. 31. Halvklår, still i morgonstunda, frå kl. 7 pålag vestavind, kjøleg, ei og anna tunn fauk-bøgja i fjelli. Hemnestur, Anne og eg og gjetaren, roande. Vi fær tidend at Lorens P. Strøm er død i Amerika, den 9. juli.

September 1. 14. sundag. Klår med tunn gjya i sud, kjøleg i morgonstunda, rimfale i grase, sudaust-kjøla og varm seinare. Sanitetsfest på ”huse”, vi var der alle ei lita stund. – Friska på med vinden, tjukna yver, spaktest seint på kveld og tok til å regna. 2. Regn i natt og i morgonstunda, blåste sidan upp med sterk sud-aust og klåra utetter dagen. Husarbeid. 3. Yvertjukk med klårhol, frisk sud-aust, spaktest og tjukna til mot kveld, regndripl allrasist. Husarbeid, byrja å køyra ut møkkr. 4. Regn i morgonstunda, sidan sud-aust og solglytt, still og regndripl seionkvelds att. Husarbeid, møkkr-køyring. 5. Still, regn, ei stund på fm. ein frisk sudaust-gråe. Same arbeid. 6. Same ver i morgonstunda, tok sidan til å blåsa av vest til nord-vest, aukande, klåra upp leid på dagen. Husarbeid (bislage), møkkrbreiding, sistpå tok vi til å skjera bygg og staura 12 staur. 7. Nordavind, kald og bisk, sterk ei stund, mest klår, stilltest då de myrkna. Skar og staura, 15 staur. Hemnestur (Trygve) med Førnes-motoren. 8. Still, klår, rimkald, tatesgrase litt snæra. Tjukna til i vest mot kveld. 15. sundag. Austavind em. og kveld. 9. Lettskyutt, stilll, mild i morgonstunda, drog sidan meir yver. Skar av byggen – 52 staur iallt. 10. Yvertjukk, still fm., litt vind med fauke-elingar em. Slo hå og hesja, Trygve og Arnt rodde på fisking. 11. Still, yvertjukk, regndripl. Skogarbeid. Renska kjellaren. 12. Same ver, noko meir regn framyver middag, sidan mest turt. Sloga timber på Jamtjordsaga. Sidan rodde gutane på sjøen, eg lappa sko. 13. SV og regn, svinver um natta og morgonstunda, frå kl. 8 pålag turr, upplettande, halvklår um kvelden. Skar havre. 14. Yvertjukk med klårhol um morgon, auster-gråe på Rana. Tjukna sidan til, um kvelden smått regndripl. Staura havre, 58 staur iallt. Hemnestur, eg åleine, roande. På Hemnes var alle upptekne av ei flygemaskin, som gjesta staden. 15. 16. sundag. Yvertjukk, still, regndripl, eit solglytt kring middag. 16. Regn, vestavind, solglytt og still imillom. Førde bord av Botn-saga. 17. Still, yvertjukk, regndripl, kring middag nokso mykje regn. Vedkøyring, støvel-lapping. 18. Same ver, då ikkje mykje regn, mot kveld mest turr. Byrja ta upp tates. Eg gjekk inn til Jamtjord på fm., etter bodsending, for å møta med ingeniør Andersen, som stakk ut bru over elva. 19. Still, upplett i morgonstunda, sidan frisk sud-aust, turr framåt middag, tok so til å regna sterkt og stiltest av. Vi laut røma or tateslande og ta innandørs-arbeid. 20. Still, yvertjukk, smått regn fyrst, letta sidan upp til halvklårt og turt til framyver middag, då de tjukna til att og tok til å småregna. I tateslande heile dagen. 21. Same ver, noko vestleg vind. Tatesland-arbeid. Hemnestur, eg åleine, roande. 22. Still, yvertjukk, regn, SV, ruskver. 17. sundag. Flutte kyrne heim. 23. Jamdøger. Regn-elingar med fine glytt imillom. Tatesland-arbeid. Seinkvelds mest fullklår, kjøleg. 24. Still, ausregn fyrst, sidan SV, frisk kring middag, utpå em. vestleg med rôkglan. Innahyses arbeid. 25. Yvertjukk, still i morgonstunda, men byrja snart å regndripla, på em SV og sterkt regn. Tok upp resten av tatesen – vel 26 tunnur i alt – umfram 6-7 tunnur småtates. 26. Still, halvklår i morgonstunda, men tjukna snart til att og tok yver middag til å regna tett. Slo og hesja fre-timoteien. – Førde bord av Jamtjordsaga. Rodde på fisking em., Arnt og eg. 27. Still i morgonstunda, yvertjukk med regndripl, auka smått på til de fossa ned. Em. sterk, reiv ned staur. Spaktest i kveldinga att, so vi fekk stauren upp att. Førde heim resten av matrial’n, arbeidde sidan inne. 28. Spak sud-aust, sud og sud-vest, mest turr, regndripl ender-å-då. Hemnestur, Trygve, med ”Grei”. Arnt gjekk saman med Botn-gutane til fjells etter sauer, kom heimatt kl. 14-15. Vi fekk alle våre heim. 29. 18. sundag, Mikkjelsmess.S kjøla i morgonstunda, yvertjukk med klårhol. Frå kl. halv 9 pålag VSV, sterk med regnelingar. 30. Fm. svinver, SV og regn, snø i fjelli. EM litt betre, sistpå tolleg bra ver. Trygve for til Utland og Tybekk på oppmåling av dyrkingsfelt på em. Elles inne-arbeid.

Oktober 1. Litt regndripl i morgonstunda, letta sidan upp og vart solskin og stilla framtil kl. 14, då han kom med regn att. Trygve for til Bjerklia og fleirstades inni grenda. Arnt og eg førde for-mjøl heim frå Eide. 2. SV og regn fm., spakare, uppklårande em. Tok upp nepe og køyrde kål i siloen. 3. Aust og sud-aust vind, litt regndripl i morgonstunda og fyrst på fm., sidan yvertjukk og turr. Rauka nepe, tok inn byggstaur. 4. Yvertjukk, still her, litt nordaust-gråe på Rana fm., still em. Seinkvelds klårholutt. Hemnestur, eg åleine, roande, til haustmarkna’n med kålrot og gulrot. 5. Still, mest klår, kjøleg, isfale på Botnfjorden. Hemnestur, Trygve, med ”Grei”, kom fyrst heim med annan skyss um natta, på morgonsida. Arnt slutta og reiste heim. 6. 19. sundag. Still, klår, kald, la is i morgonstunda heilt åt elvkjeften og Kjeldnese, blåste upp austavind på em. og sopa’n vekk att. Marka rima og fraus litt, men vi slepte då feet ut – de tina elles, leid på dagen. 7. Yvertjukk, nokso sterk austavind i natt, auka på fm. til storstorm med regnfauka. Køyrde inn resten av havrestauren og hesjehøye (fre-timoteien), hadde teke resten av byggen den 4. og noko av havren den 5. Tok sidan upp hovudkålen, sidan innehus-arbeid. 8. SV og regn, svinver de fyrste vi glytte ut, men tok av, letta upp og vart still og fin, tjukna då til mot kveld att. Trygve for inni bygda på landmåling. Eg køyrde i hop kål, tok ned hesjor og ymist anna gardtull. 9. I morgonstunda nokso mykje regn, seinare berre fauke-elingar med fine dus. Trygve for åt Botne og Bakken på måling. 10. Still, yvertjukk med klårhol, turr fm., eitpar små regnskurar på em. Trygve for åt Brennberge på måling. 11. Halvklår, kjøleg, rimfrost i morgonstunda, blåste sidan upp av nord-aust, tjukna yver av sud og tok til å regna strakst fyre middag, vart då ’kje no’ vidare utav de. Trygve i fjellgardane på måling. Eg byrja med veitgraving i Tørvenn. 12. Yvertjukk med klårhol, tunnt regndripl ender-å-gong, still i morgonstunda, sidan litt kjøla av vest, sud-vest og sud. Hemnestur, Anne og eg, roande. Trygve 23 år. 13. 20. sundag. Still, lett-skya alrafyrst, uppklårande frametter morgonstunda, litt vester-gråe em., skyrand kring fjelli. 14. Vet’nat (=Vinternatt). Yvertjukk, austavind i morgonstunda, seinare S og SV, regn-elingar, snø i fjelli. Trygve i Utskarpen på måling. Heradstyremøte på skulen. 15. SV og regn, styggver, inneseta. 16. Litt regn i morgonstunda, sidan austleg, uppklårande. Slakta ”Rakel”. Trygve gjekk utigjennom på måling. 17. Nord-aust, sterk, klår, sopa vekk litt isfale, som byrja snerkja i går kveld. Slakta 3 lam. 18. Same ver, tek til å draga upp. Skyar av sud. Pakka slakte i grind saman med Fridtjof og førde til Eide. Førde sidan sagmask frå Botnsaga. Trygve kom heim i kveldinga. Vinden spaktest og kantra til sud-aust sist på dagen. 19. Yvertjukk, sud-aust, frisk på Rana, sterk på Sundsfjorden. Hemnestur, eg, med ”Grei”. 20. 21. sundag. Same ver. I går og i dag har kyrne ikkje vore ute, men sauene. Snøfjun seinkvelds. 21. Still, yvertjukk, snøfjun, marka kvit, litt auster-gråe på Rana. Tur til Finneide etter båtbord med Førnesmotoren, eg, saman med Kr. Utland. 22. Stilt regn, heldt uppe ei stund på em., men regna sidan stridt utetter kvelden. 23. Same ver, byrjar ta snøen vekk. Noko sud-aust på em., ål-berrt fyrr kveld. 24. Same ver. Hogg eitpar grantre, sloga på Botn-saga og henta sagmask derifrå. Sauene ute att. Trygve på utmåling inni grenda fm. 25. Same ver. Litt veitegraving og attlegging, elles innahyses arbeid. 26.Yvertjukk, still, uppklårande på fm., til fullklår i middagstida og sidan; kjøleg i kveldinga, tek til å snerkja på Straumen. Både kyr og sauer ute. Hemnestur, Trygve, med ”Grei”. 27. 22. sundag. Still, smått regn, is-snerkjen vekke. Eg skyssa Trygve åt Straumen, han skulle på oppmåling til Hestneslande. Frelsesheren heldt fest på ”huse”. 28. Austavind, regn fyrst på morgon, sidan sudleg, still, urlite regndripl no og då, men mest turr. Steinføring og –kjøyring, veitegraving. 29. Yvertjukk, still, litt rimkaldt i morgonstunda, sidan smått regn. Veitegraving (i Tørvenn). 30. Yvertjukk, frisk NV, upplettande til halvklår i kveldinga, med snøfjun i elingane. Veitegraving og attlegging. 31. Still, halvklår, marka kvit i morgonstunda, tina av i sudhalle utetter dagen. Tok smått til å snerkja på Straumen, Botnfjorden var mest hudheil sist på kveld. Slakta ”Dagros”, hadde Arthur i Botne her til hjelp. Trygve kom heim upp-åt middag, roande. Sauene ute (kyrne ute i går). Oktober ute og har korkje vore is eller snø å tala um.

November 1. Bededag. Still, yvertjukk, litt kovenn kring fjelli, snøfjun i ridom på em., blå-is på Botnfjorden. Eg for til skogs saman med Medstraumkarane, for å sjå på gjerdelina yver Lia. 2. Halvklår, litt vester-kjøla og regndripl imillom, em. turt. Hemnestur, roande utyver med ein båt Trygve hadde lånt, heimatt med ”Grei”. Botnfjorden rein att. 3. Helgamess-sundag. Still, skoddutt, regndripl, i kveldinga nokso mykje regn. 4. Vestavind, skletta og snø. Trygve for til Bratland på uppmåling, eg stelte med veita nedi Tørvenn. Vi spyr ei utidend: Jens Dilkestad og Anton Tøgersen er blivne i Sjona der dei var på sildfiske. 5. Still, snøfjun, ein 4-5 tumar nysnø, upplettande på fm. til halvklår. Noko snøsurpa på Botnfjorden. Vart ferdig med veita, elles vedhogst og anna gardtull. 6. Still, regn. Litt isfale på Botnfjorden, men godt roande herifrå med floa. 7. Same ver. Roande yver-allt, eg henta matrial av Botn-saga. 8. Litt klårholutt, elles same ver alrafyrst, letta upp i lysinga til halvklår og turr på fm. Strakst yver middag tjukna’n til og byrja regna att, blåste samstundes tupp av sud, nokso sterk. Mykje regn i myrkninga og kvelden utetter. Skogarbeid, har elles byrja snida upp båtved. 9. Yvertjukk i morgonstunda, upplettande, vester-kjøla på fm., austleg på em., fullklår, still, kjøleg um kvelden, blå-is yver heile Straumen. Hemnestur, eg, med ”Grei”. Nett sovidt eg kom roande frammed hit åt støa i kveldinga. 10. 24. sundag. Yvertjukk i morgonstunda, med snøfjun, marka kvit og påfrosen. Letta upp og var mest fullklår i middagstida. Straumen hudheil solangt vi ser. 11. Like-eins. Trøska grasfre, hogg av havreband og laga til trøskings. 12. Yvertjukk, austavind,skletta og regn – berrmark att. Same arbeid. 13. Still, klår, marka frys. Vedkøyring. 14. Yvertjukk med klårhol, litt sklettfjun alrafyrst på morgon, klåra sidan av og stiltest. Eg kledde kring fjøs-tele, Trygve laga dørkista på bislage. 15. Still, klår, kjøleg alrafyrst, byrja tjukna upp i lysinga og blåsa av nord-aust, sist på kveld regndripl. Trøska havre. 16. Aust og sudaust vind, sterk i natt stundum, yvertjukk, regndripl i morgonstunda, sidan turr. Hemnestur, Trygve, med ”Grei”, undan Lia. 17. 25. sundag. Halvklår, kjøleg. Roande frammed stranda med floa. 18. Same ver, litt snøfjun i natt og morgons, sidan upphalds, fint ver. Trøska bygg, med Fridjov og Jenny og Ludvig Nymo til hjelp. 19. Same ver, nordleg drått, klåra heilt upp og vart nokso kald til natta. Henta dryftaren frå Botne og tok til å dryfta. 20. Klår og kald, still fyrst på dagen, men blåste på em. upp av nord-aust, sterk i kveldinga, byrja tjukna upp og døyvde froste. Dryfta resten. ”Sanitetsmøte” hjå Lise Utland, Anne var der. 21. Halvklår, litt nord-aust blåstr, som auka på frametter dagen, nærmast klår seinkvelds. 22. Like-eins. I går var eg i Tverrbekklia etter nokre dorystamnar, Anne var med. Vi byrjar smått å arbeida i skôte. 23. Austavind, halvklår, seinkvelds mest klår. Hemnestur, eg, undan Jamtlia med ”Grei”. 24. 26. sundag. Klår med skydottar kring fjellrandi, still utan noko frost – tjukna yver av SV mot kveld. 25. Still, yvertjukk, yr-små sklettfjun i morgonstunda, so de vart vått på steinane, men vart ’kje meir utav de, lengste tida av dagen var nærmast turr. Um kvelden stjerneglytt. Trygve for på em.åt Hesthaugen på jord-utmåling. – De kom ein framandkar hit um laurdagskvelden (23) og bad um hus og fekk – gjekk herifrå i går att, gav seg ut for agent og baud ut separatorar. Han sa seg på veg til Sjona, men nemnde seg ikkje. Seinare har vi høyrt, at de var statspolitien (Høiberg). 26. Yvertjukk, med klårhol, austavinds-kjøla, mild i lufta. I byrjinga blåst’n uppp av nord-aust og klåra av, men tjukna til att kring middag med drått av s.sud-aust, og tok i myrkninga til å skletta smått. 27. Halvklår, still, mild. Slakta gamle ”Kolbjørn” med Ole Øverland til meister. – Um kvelden heilt yvertjukk. 28. Like-eins, men klåra av mot kveld og kjølde lufta. Olav Lauvbakk hjelpte oss å køyra slakte til Eide. 29. Still, klår og kald. I dag kjem skuleborni frå Utlande tvertyver isen hit åt Lanese, fyrr har dei gjenge rundt, dei tvo siste dagane har dei rodd frå Kjeldnese til Medstraumelva. 30. Same ver, ÷ 7º R. Hemnestur, Trygve, undan Jamtlia med Førnes-motoren.

Desember 1. 1. adventsundag. Halvklår, drått av sud. 2. Yvertjukk, austavind, litt snø i fyrstninga, men klåra upp, utan vidare kulde. Byrja med doryarbeid. 3. Klår, still i morgonstunda, blåste sidan upp av sud-aust, med skydottar og tjukna smått yver. Léver. 4. Yvertjukk, still, sklettfjun fyrst på morgon, blåste sidan upp ein sudaust-gråe og letta upp. 5. Sud-aust, noko frisk ei stund, halvklår, um kveld mest fullklår. 6. Yvertjukk, sud-aust, smått regn. Ei livsfårleg hålke yver all marka, isen landlaus. 7. Sudaust-kjøla, yvertjukk fm., klåra sidan upp, mest fullklår, men drog upp skydottar pånytt mot kveld. Hemnestur, eg, unda Lia med ”Grei”. 8. 2. adventsundag. Sudaust, halvklår fm., still, heilt yvertjukk em. 9. Still, klår utan kulde fyrst, blåste sidan upp sudaust og tjukna yver. 10. Yvertjukk, sudaust, regndripl. 11. Still, yvertjukk med snøfjun, so marka kvitna, klårglytt imillom. Rodde ein 16’ dory rundt åt Eidbukta med floa. 12. Halvklår, still i morgonstunda, seinare klår, austavind. Tjukna yver av sud mot kveld att. 13. Yvertjukk, still, snøfjun. 14. Frisk austavind ei stund um natt-morgon, i morgonstunda yvertjukk, still, i lysinga frisk sudleg vind og kovgnistr, sidan spakare, utan nedburd. Hemnestur, frå Eidbukta med Arthur Toresen. 15. 3. adventsundag. Still, yvertjukk, snøfjun, reint regn og kladdskletta um einannan. 16. SV, V og NV, regn, skletta og snø. 17. Spak vest og nordvest, snø-elingar. 18. Stilt regn i morgonstunda, seinare SV storm, styggver. 19. Same ver. Eg har fenge ein svoll i vinstre underarmen og er lemster og sjuk! 20. Still, klår, utan vidare kulde. 21. Same ver, litt kaldare. 22. 4. adventsundag, solkverv. Austavind, klår. 23. Mest same ver, litt lett godversglya. Eg for yver isen åt Førnese og fekk Aksel til å skyssa meg til Hemnes, gjekk åt doktoren og vart skyssa attende til Eidbukta, der Trygve kom imot meg, gjekk og kom heim burtåt kl. 20. Eg fær vita at det er ”rosenfeber” eg dregest med –og d’er vondt nok, d’er visst. 24. Same ver. Trygve for iveg med doryen på blankisen, i lag med Botnkarane. 25. Joldagen. Austavind, frisk, klår med små drivskyar. ”Hergard” kalva i morgonstunda kl. 6, ”Bjora” i kveldinga kl. 18. Svarte oksar båe tvo. 26. Same ver å byrja med, på em. jamna’n meir yver og stilltest. Sende brev iveg åt’n Lars-bror. 27. Vester-kjøla, snøfjun, marka kvit pånytt. 28. Auster-kjøla, lett yvertjukk, mot kveld léver, sudleg, sklettfjun. Hemnnestur, Anne og eg, undan Lia med ”Grei”. Eg for åt dokter’n, vart innlagt på ”sykestua”, og um kvelden vart svollen uppskoren og uttappa. 29. Sundag etter jol. Still, kjøleg, fint ver, skyutt med klårglytt. 30. Same ver. 31. Sudaust, skletta og regn. I bygdene sopass snø at d’er fotfeste – på Hemnes berrmark.