Dagbok Olav Engen 1928

Fra Wiki
Hopp til: navigasjon, søk

1928.

Januar 1. Still, yvertjukk, léver. Kyrkjetur, Anne, med ”Ranfjord”. Brev frå Trygve i går kveld, brev sendt åt han i dag att. 2. Same ver, noko gråkaldt. ”Hergard” kalva. 3. S til V vind, frisk, regn. Spaktest og stiltest mot kveld. 4. Yvertjukk, sudleg, léver, utan nedburd. 5. Lettskyutt, litt kjølegare. Seinare frisk sud-aust vind, klår med siglande skydottar. 6. Still, halvklår, på em. litt kov-flistr i lufta – drått frå sud. 7. Still, tett kov på fm., minder på em. Hemnestur, rodd ut med Utland-karane, heimatt med motorbåten hans Jon Tybekk. 8. Halvklår, litt austavind og fok um middag, seinare still, tjuknande upp av sud. 1. sundag e. H-3-K. 9. Still, litt snø i lufta. 10. Still, noko kov, kram-snø. 11. Sud-aust storm og fok – klåra upp mot kveld. 12. Klår, still, lite kald, fint ver. 13. Austavind, frisk, halvklår, yvertjukk og kov-gnistr um kvelden. 14. Halvklår, spak austavind. Hemnestur – med Førnesmotoren. 15. Halvklår, still, litt rek-kov i myrkninga, sidan mest klår. 2. sundag. 16. Still, klår. Såg sola fyrste gong, skulle ha sett henne laurdag, um han hadde vore klår. 17. Still, klår, kald, ÷ 11º - ÷ 12º R. 18. Litt røykutt på himelen, litt snøfjun um natt-morgon, klåra elles snart upp og vart like kald. 19. Klår, still, ÷ 15º R. 20. Endå litt kaldare i morgonstunda, drog so yver himelen med frostrøyken og døyvde kulden – midt på dagen var han ÷ 8º R., sidan endå minder. 21. Ein kov-eling i lysinga, sidan lett-skyutt, austavind på Rana. Hemnestur, frå Eide med ”Ranfjord”. 22. Spak sudleg vind, skletta, sidan regn. 3. sundag. 23. Still, yvertjukk, litt fin skletta. 24. Spak sudleg vind, kram snø. 25. Sudleg vind, skletta, stundum regn. Brev frå Trygve. 26. Still, léver, fin haglsnø og regn um einannan. 27. Like-eins. ”Sanitets”-møte på Jamtjord, Anne var der. 28. Austavind, halvklår, kjøleg um morgon, klåra sidan heilt av og vart kald. Hemnestur, roande frå Førnes. 29. Still, klår og kald. 30. Like-eins fyrst på morgon. I lysinga tok’n til å blåsa av nord-aust, lédna upp og tjukna smått til. 31. Halvklår, frisk austavind fyrr dag. Då dagen lyste, tjukna’n heilt yver av sud med sterk drått, vinden friska på. I kveldinga kov-flistr.

Februar 1. Yvertjukk, léver, sterk sud-aust, fok. (2. febr. manglar.) 3. Spakare, litt hagl-flistr i lysinga. Seinare uppklårande, kjøleg um kvelden.4. Tjukna yver i morgonstunda, kom med SV, skletta og regn, då ikkje noko sterk. Hemnestur, roande frå Førnese. 5. Vestleg, spak, litt tung snø. Sundag septuagesima. Misjonsmøte i Tverbekklia, Anne var der. 6. Sudleg drått, yvertjukk, still, léver, seinare kov-fjun. 7. Tung, kram snø, skletta, regn, sist på kveld klår-holutt, litt kjøleg. 8. SV og regn, um kvelden upphalds, litt kjøleg. Brev frå Trygve. 9. Litt snøfjun, elles uppklårande, de frys skare. 10. Klår og kald, dreg mot kveld upp av NV og tek til å snø smått. 11. Snødd litt i natt. Klabbføre, vest og sud-vest, spak, kovmøra. Hemnestur, roande med Utlands-karane. Um kvelden austavind, uppklårande. 12. Klår, kald, still, ÷ 10º R midt på dagen. Sundag seksagesima. Seinkvelds atter NV drått og kovfjun. 13. Snødd i natt ein 10-12 cm. Still, kovtjukk. Upphalds, halvklår ÷ 6º R ei stund på fm., sidan atter kov. No er hagegjerde gjøymt, d.s.s. umlag 1 meter snø. 14. Still, kovtjukk, men ikkje no’ vidare snødd i natt. Lyste smått upp framyver dagen. 15. Klår, still, storfrost. Blåste upp av aust då de vel var vorten ljost og lédna smått. 16. Sud-aust storm og fok, yvertjukk, litt kov-flistr. 17. Same ver, litt spakare. 18. Sud-aust spak, litt kovenn i fjelli. Hemnestur, med Utlands-karane. 19. Klår og kald fyrst på morgon, sidan skyutt, med spak NV drått. Fastelags-sundag. 20. Still, halvklår, kjøleg. 21. Klår, still, kjøleg alrafyrst, tjukna sidan yver og lédna upp. Feite-tysdag – eg røyste dory. 22. Halvklår, kjæleg allrafyrst, sidan yvertjukk, kovmøra, léver. 23. Still, smått regn. 24. Vestavind spak, litt kjøleg til i myrkninga, då sette de i med SV og regn. 25. SV frisk, litt regn-fusk. Hemnestur, med Utlands-karane. 26. V til N, skletta og kram snø. – Bra ver millom elingane. 1. sundag i fasta. Um kvelden regnfusk. 27. Still, regn. 28. Same ver. 29. Skodda, léver, mest inkje regn. Eg spanta dory med Harald Øverland som handlangar.

Mars 1. Still, skodda, léver i morgonstunda, klåra upp då de ljosna og kjølde lufta, fraus skare. 2. Klår og kald, gangskare yverallt. Drog doryen (ein 17’) åt Førnesodden, Øverland-gutane hjelpte meg. Brev frå Trygve. 3. Skoddhimel, auster-kjøla, kjøleg so skaren heldt seg godt. Hemnestur, vi båe, med Utlandskarane, Nette var her og stelte til middag. 4. Still yvertjukk, sidan skletta og regn. Misjonsmøte på Øvringmo, eg var der. 2. faste-sundag. 5. Same ver å byrja med, gjekk so smått til utnords med kov-flistr og klårglytt. Seinkvelds tett, turt kov. 6. Utnords-hengsl, sidan NV og kov. 7. Klår og kald, ÷ 8º R. 8. Utnordshengsl, kovfjun. 9. Still, klår, kald. 10. Still, yvertjukk, snøfjun på Rana, litt auster-kjøla, på Sundsfjorden litt frisk sud-aust. Hemnestur, roande. 11. Spak SV fyrst og regn, sidan sterk NV med haglsnø. 3. faste-sundag. 12. Same ver, spak fyrst på morgon, sidan frisk NV og kov, kantra til SV og kov, kantra til SV og regn og attende. Kr. Utland og eg rodde doryar til Finneide, kom att so kl. 6 em. 13. Klår og kald, drog litt yver i kveldstunda. 14. Halvklår, kjøleg, sidan yvertjukk, kovmøra, gråfrost. 15. SV, skletta og regn. Anne var på Eide på ”sanitetsmøte”. Brev frå Trygve og frå Lars. 16. Still, skodd-himel, stjerneglytt i morgonstunda, sidan skletta og regn. 17. Halvklår, kjøleg, påfrosen litt i morgonstunda, frisk austavind på Rana til yver middag. Tjukna yver, kom so kl. 3 med SV og skletta. Hemnestur, roande. 18. SV og regn, styggver. Midfaste-sundag. 19. Same ver. Spanta dory. 20. Still, léver, turt på fm., sidan regn att. Jamdøger. 21. Still, regndripl um morgon, klåra sidan og kjølde lufta. 22. Nattkald, skaraføre, still fm., sidan frisk sud-aust og yvertjukk. Køyrde doryen åt Førnese. 23. Nattkald, skare, lettskyutt, litt auster-gtåe. Seinare på dagen frisk nord-aust. Rodde doryen til Finneide i lag med Kr. Utland, kom att so kl. 5. 24. Nattkald, skare, lédna upp framyver dagen. – Hemnestur. 25. Yvertjukk, léver, sterk snøbrede. Vårfrumess-sundag. 26. Same ver. 27. Same ver, men austleg, uppklårande, kjøleg i kveldinga. 28. Austleg, kald, skaraføre, tina utetter dagen. 29. Klår, nattkald, skare, frisk nord-aust, tina lite i sola. Sanitetsmøte på Jamtjord, Anne var der. Lars 50 år. 30. Nattkald, skare, tjukna sidan yver, storm av aust. 31. Yvertjukk fyrst på dagen, frisk austavind, kantra sidan til sud-aust, klåra upp og spaktest. Hemnestur, med Utlandskarane. Trygve kom heim med lokalen.

April 1. Nattkald, klår, austavind. Palmesundag. 2. 3. og 4. Léver, sud-aust, drivskyar, stundum yvertjukk med litt skletta. Vi arbeider i skôte, Trygve og eg. 5. Same ver. Skjertorsdag. 6. Same ver – ja eigentleg stilt, tett regn. Langfredag. 7. Sudleg vind, spak, litt regndripl ender-å-gong – fint ver, Hemnestur. Landkallen smått forgjeng, d’er roande åt Medstraum-elva, men enno kjem vi millom Geitvegen og Lanese. 8. Still, tett regn att. Påske. 9. Spak sudleg vind, skodde, litt kjølegare. Vi rodde til kyrkja – frå Medstraumsjøen, frammed isen, båten drog vi dit på landkallen igårkveld. – Trygve reiste med’sama, gjekk umbord i ”Ranen” på Hemnes. 10. Skyutt, kjøleg, frisk austavind. Klåra upp på em. og kvesste i med froste. 11. 12. Klår, kald, sterk nord-aust, skaraføre. 13. Spakare, elles same ver. Byrja draga møkkr på Rabben. ”Idun” kalva so kl. 5 em. 14. Same ver, frisk nord-aust på Rana, ÷ 8º R i sol-ovringa. Hemnestur, med Utlandskarane frå Førnese, de ligg blå-is på Nerstraumen sidan igårnatt, då nerisen reiste. Lofotfolke byrjar koma. – Sumarmål. Gjekk og drog yver isen åt Geitvegen, men landkallen er noko skrøpeleg der. 15. Same ver, då ikkje so kald. 1. sundag e. påske, preike av presten på ungdomshuse på Falle, Anne og eg var der. 16. Still, kald, lettskyutt sudleg drått. 17. Still, skyutt, léver. ”Maia” lamma tvillingar, sau og ver. Anne datt og slo seg på hålka, so ho vart noko halt. 18. Léver, skyutt, still, drått av nord. Blåisen løysast upp, øverisen heilt landlaus å rekna, men endå den 16. gjekk folk yver han. Brev frå Trygve – alt vel. 19. Nattkald, austavind, blå-isen vekke. Eg rodde doryen – ein 17’ – her heimanfrå med floa, frammed isen, igjennom og rundt til Eide, han skal med dampen imorgon – selt til H. Røli. 20. Same ver. Gjekk til Falle med smør i morgonstunda. 21. 21. Same ver. Hemnestur, roande frå Medstraumauren, med Lars Rydland. Ikkje solite blåis på Nerstraumen å slå igjennom. 22. Vestavind, sterk i elingan, med snø og skletta. 2. sundag e. påske. 23. Still, skyutt, léver. 24. Sudleg vind, kovflistr på fm., regn em. 25. SV og regn. Eg ber inn sædtates. Fjøsvegen berr, nær-so her millom husi, her er tjukk klake. 26. Stilt regn, tjukk skodde. 27. Like-eins fm., litt upplettande em. Møkkr-køyring. 28. Vestavind, regnfusk fm., turr em. Hemnestur, med Førnesmotoren. Brev frå Trygve. ”Trilla” lamma tvillingar, ver og sau. Anne 56 år. – Øverisen rak nedigjennom. 29. Still, skyutt i morgonstunda, seinare klår, nordaust-gråe. 3. sundag e. påske. 30. Halvklår, nordleg drått, kjøleg. ”Sanitets”-møte på Straumsnes, Anne var der. Eg køyrde møkkr åt Solbakken, byrja sidan å fli i hagen.

Mai 1. Mest fullklår, litt austavind, som friska på utetter dagen. Eg måla kring vindaugo og døra på sørsida. 2. Halvklår, frisk austavind. Hemnestur, åleine, førde korn på mylna. Sidan møkkr-køyring. 3. Still, klår, kald, mykje blå-is. Krossmess. Like-eins, ikkje fullt so kald. Årsdagen sidan Far døydde. 5. Skyutt, litt regndripl, still. Hemnestur, roande, eg åleine. 6. V og NV vind, snø-elingar. 4. sundag e. påske. Brev frå Trygve. 7. Spak nordleg vind, heilt yversnødd, litt snøfjun fyrst på morgon, seinare kov og damm. 8. Halvklår, still, nattkald, mykje blå-is – de var de igårmorgest og. Her er pålag 10 cm nysnø – han tina vekk framyver dagen i sør-bakkehaldi, men ligg imak på flatom og i baklende. 9. Still, klår, kald, ÷ 3º R, nestan heil blåis på Botnfjorden. Nordavind på em. 10. Like-eins både fyrst og sist. 11. Klår, frisk nord-aust ei stund. Smørtur til Falle. 12. Klår, spak austavind, hud-heil med blå-is. Hemnestur, Anne og eg, roande. N(?) på em. 13. Lettskyutt, still, mildare. 5. sundag e. påske. 14. 15. Yvertjukk, still og mild, sudleg utan nedburd. Møkkra, harva og sådde kveite i Solbakken; braut upp i hagen og sådde kålrot. Det blåste upp den 15. av sud-aust, nokso frisk, kantra sist på kveld mest til nord. 16. Lettskyutt, drått av nord i morgonstunda, sidan austavind. Stelte hagen, sådde gulrot, raudbet, pastinakk og kålrot, møkkra og harva på Rabben og sette svensktates. 17. Austavind, storm, halvklår, de kjendest litt regndripl, men de vart snart slutt. Himmelfartsdag. Foreldrefest på ungdomshuse, eg var der ei stund. Sauene var ute fyrste gong den 15. D’er ålbert på undlende å rekna for. 18. Same ver, litt meir regn ei stund, so marka vart våt. Pløgde og harva på Sjøvegen. 19. Still, regn, ei stund litt sudvest-kjøla. Hemnestur med Førnesmotoren. Brev frå Trygve. 20. Same ver. 6. sundag e. påske. Seinkvelds nordavind, sterk, med ver-glan. 21. NV og kov, sist skletta. 22. Vestleg, mest still, skletta og regn. Em. friska vinden på, gjekk nordleg og klåra av. 23. Nordavind, haglfjun i morgonstunda, elles yvertjukk, kjøleg. 24. Yvertjukk, kjøleg, spak vestleg og nordleg. Kåre Nymo flutte hit, skal vera gjetar. Eg pløgde åkren på vestsida, sådde resten av gulrot og kålrabi og lauk. 25. Same ver. Pløgde nedpå nylande og køyrde møkkr, sådde salpeter på grasvollane. Ruth Skogholt flutte hit, skal vera her i sumar. 26. Same ver (still i morgonstunda). Pinsaftan. Hemnestur, åleine, roande. Ettermiddag nordavind med litt fauka, seinkvelds still og littt regn. 27. Still i morgonstunda, myrkbakke, tok til å blåsa av NV so kl. halv 10, auka på til nokso frisk i kveldinga. Kvitsundag, kyrkjetur, Anne og eg, roande. Frelsesarmeen hadde møte på ”huse” um kvelden. 28. Andredag. Same ver med litt regndripl både i natt og i dag – vesta-gråe frå kl. 10, friskande på framtil kl. 6, sidan spakare, tilslutt still, nordleg, mest klår. 29. Halvklår, kjøleg, austavind ei stund på fm., nordleg på em., klåra heilt av. Kyrne ute. Sådde havre på nylande, sette tates på Rabben. 30. Still, klår, kjøleg, + 1º R fyrst på morgon. Sidan på fm. nordleg vind. Eg pløgde nedpå ny-åkren, småkarane sette tates på Sjøvegen. Em. kald, bisk nord-aust. 31. Like-eins som i går kveld – på fm. På em. nordavind. Småkarane på skuleplanting. Eg pløgde og harva og renska eng. Byrja sist på kveld å planta ut kål. – Brev frå Trygve.

Juni 1. Still, klår, kald, + 1º R de allrafyrste på morgon. Vaskefata botnfrose her attmed stoveveggjen. Austavind seinare på dagen, um kvelden nordleg vind, tjukna yver. Harva, hakka og køyrde møkkr. 2. V og NV vind, yvertjukk, fauka, seinkvelds stilt regn. Hemnestur, åleine, roande. - Sådde havre og bygg. 3. Trieiningshelg. Vestavind frisk, yvertjukk, regn-elingar. Seinkvelds turr snø. 4. Still, kov og damm, marka jamnkvit til langt frampå fm. Byrja sidan å blåsa av NV og klåra upp. Køyrde møkkr og sette tates. 5. Halvklår, auster-kjøla, frisk drått av aust, kjøleg i morgonstunda. Blåste sidan upp ein braking (?) av sud-aust. Sette resten av tatesen, planta ut kål. 6. Klår, med lette godverskyar, spak austavind, varm framyver middag. Seinare på em. nordleg vind. Pløgde uti Fjøsmyra og sådde bygg. Groren har skote meir fart i dag enn fyrr. 7. Mest yvertjukk, spak drått av sud fyrst på morgon, sidan sudaust-gråe med regndripl. 8. Like-eins pålag, men seinkvelds vester-gråe og turr. Byrja brjota nyland nedmed gjerde – på Bakarvollen. 9. Yvertjukk, regndripl, sudaust-gråe fm., SV og sterk regnskur i midagstida, sidan vestergråe og yrvæta. Um kvelden klår-holutt og turr. Hemnestur, roande, med Ola Øverland. 10 Auster-gråe, regndripl, stundum ikkje so lite. 1. trieinings-sundag. ”Sanitetsfest” på ”huse”, dei andre er der alle. Sauene har no ’kje vore i hus sidan natt til onsdag (6.). 11. Yvertjukk, still um morgon, em. vestleg vind, klår-holutt, eit lite bil straks etter middag mest fullklår. Mot kveld tjukna’n til att med litt regndripl og frisk blåstr av sud-aust. Arbeidde på nylande. 12. Still, klår-holutt, drått av sud, blåste seinare av sud-aust ei lita stund på fyremiddagen, sidan frisk vestavind. Same arbeid. 13. SV, regn, mest svinver å kalla. Same arbeid. 14. Still, skoddutt tidlegast på morgon, sidan vesta-vind og fauka. Seinkvelds turr nordavind. Gjorde nylande ferdig og sådde bygg. 15. Klår-holutt, nordleg, kjøleg fyrst, sidan vestleg, sterk med fauka. 16. Vest storm, regn og skletta, mykje snø i fjelli, mest nedi engjesbreddane (?) um morgon, men spaktest på fm. og var lenge mest still, men gråa på att utyver kvelden – litt fauka heile dagen. Hemnestur, eg, med Førnesmotoren. Brev frå Trygve. 17. Like-eins som i går kveld lengste tida. Frå kl. 6-7 em. uppklårande, sist lettskyutt med sudleg drått. 2. trieinings-sundag, konfirmasjon. 18. Halvklår, sudleg i dråtten, seinare frisk sud-aust vind. 19. Same ver. La bord på sumarfjøstake (dubla de), flutte kyrne dit. 20. Yvertjukk, still allrafyrst, byrja so kl. 7 morgon å blåsa sud-aust og klåra upp frametter dagen. Ein varm dag og vokstren skyt fart; den fyrste tatesen – på Rabben – ugrashakka eg den 16. – 21. Solkverv. Sudaust, klår, varm. Kom ei stund yver middag med havgula og byrja draga yver med skodd-dottar. Meir tatesland-hakking. 22. Vester-gråe, myrkbakke fyrst på morgon, men klåra tidleg på fm. og vart varm. Bøtte og bredde båten. 23. Klår, austa-vind, varm. Hemnestur, Anne og eg, roande. 24. Jonsok, 3. trieinings-sundag. Yvertjukk, frisk austavind, nokre regndropar på fm. Frampå em. so kl 6 kantra til nordleg vind og klåra upp, men byrja seinkvelds å draga yver att. 25. Vester-gråe, yvertjukk, litt regn sist på natta og frametter fm., sidan turr, klårholutt – tjukna litt til mot kveld att. Koming-lapping og hagearbeid. 26. Yvertjukk, still, litt regn um natta og i morgonstunda, seinare sud-aust, turr, halvklår. Tateshakking. Um kvelden nordleg vind. 27. Sud-aust, halvklår fm. Yvertjukk, regndripl em. La upp ny-slipsteinen. 28.. Still, yvertjukk, regnfusk, em. nordleg vind. Tateshakking, hagerensking, torvkøyring. 29. Still, myrkbakke og fauka i morgonstunda, seinare vester-gråe, mot kveld sudleg. 30. Mest same ver som fm. I middagstida ein sterk regnskur, deretter austavind og småregn. Um kvelden ein sudvest-braking med ausregn. Hemnestur, med ”Ranfjord”.

Juli 1. 4. trieinings-sundag. Regn um natta, uppklårande frametter fm., fælande varm. Tjukna upp so kl. 5-6 og vart ein sterk regnskur, sidan sudvest-gråe og yvertjukk. 2. Still, skyutt, sudleg drått fyrst, sidan spak SV, smått regn. Seinkvelds frisk SV drått. Kronprinsen 25 år. 3. Still, SV drått, smått regn. Seinare sudvest-gråe. 4. Same ver til frampå em., då vinden kantra ut-i og de klåra upp. Eg sette i stand høysleden. 5. Still, yvertjukk alt i morgonstunda, seinare vestleg vind og regn, ruskver. Um kvelden uppklårande. 6. Halvklår, sud-aust. Skog-arbeid fm., elles umvøla på køyrebunad o.l. 7. Mest klår fyrst på morgon, sidan nordleg vind, på em. nokso sterk med jagande skodde-dottar. Hemnestur, roande åleine. 8. Nordleg vind, yvertjukk. 5. sundag. Kyrkjetur, Anne og eg, saman med nokre Utland-kvende. Hans Johnsen og Laura Sjonbotn vart gift – i går Nils Eibukt og Karen Bjerkli. 9. Still, yvertjukk, regnfusk. 10. Same ver. Slo undan tateslandi og hyppa deim. 11. Same ver, litt sudvest-gråe på fm., klåra upp em. Tates-hypping. 12. Still, skoddutt, yrvæta, seinkvelds ruskver, SV og regn. Eg rodde til Finneide, for derifrå til Grønvikmoen på hypotektakst, i lag med Gbj. Mortensen. Kom heimatt so kl. 3 på morgonsida den 13. Same ver. 14. Same ver. Hemnestur med ”Ranfjord”. 15. SV storm og regn, fullt ”svinver”. 6. sundag. Eg gjætte kyrne. 16. Like-eins, men spaktest og gjorde ver-glytt utetter dagen. Mot kveld seig ’an i hop att. Slo i hagen og millom husi og hesja. 17. Still, regn mest med eitt. Same arbeid. 18. Same ver – berre ein mon verre. Men gras vert her bra med, ser de ut til. Alrasist på kveld eit verglytt med klårhol utmed have. Umvøla på kjørbrua. – Brev frå Trygve. 19. Halvklår, still i morgonstunda, sidan vestavind og regn-elingar. Slo og hesja, vøla um på fjøstake. 20. Marit Vassause. Halvklår, forsomest turr, berre ender-å-då litt fauka, nordleg vind. Slo litt ut- og oppfor fjøse og fekk de seta, tok sidan på å hesja att. 21. NV og kaldt regn. Hemnestur med ”Ranfjord”. Sidan hesjing. Eg er 57 år. 22. 7. sundag. Noko spakare, elles mest like-eins fyrst på dagen, mot kveld ei stund turr og litt lettare i lufta. Presten heldt jordfesting på kyrkjegarden, sidan preika på ungdomshuse. 23. NV, fauka. Nokre solglytt på fm. som fekk oss til å kasta ut setene. Strakst yver middag laut vi ha dei i hop att, snautt vasslaust, vi køyrde de likevel inn og spreidde de yver heile fjøslofte. 1 turrhøylass å rekna. 24. Yvertjukk, spak NV, turr til kl. 4 em. pålag, då tok’n til å regna att, - stilt regn. Slo i Lamyra og hesja. 25. Jakob Våthatt. Vesta-vind, regnfusk, frametter dagen stundum nokso mykje regn. Same arbeid. Upplettande sist på kveld. 26. Yvertjukk med solglytt, ender-å-då litt regndripl – i 6-tida em. ein sterkare regnskur. Hesja endå litt i Lamyra, slo sidan skrapslått uppetter sumarfjøsvegen. 27. Regn i natt, ser i morgonstunda like-eins ut som i går. Turr til yver middag, sidan regndripl mest i eitt. Halv-anna vikes hesja enno ikkje turr. Slo på fm. enno litt av skrapslåtten. 28. Yvertjukk, sterk S drått, varme solglytt frametter dagen. Frå kl. 4 em. ei sterk sudaust-rid, deretter regn. Slakta ”Snorre” i morgonstunda (Hans i Botn gjorde de), for sidan til Hemnes, roande, Anne og eg, selde kroppen og huda til J. Hansen for 56 kr. Etter heimkoma køyrde vi inn eldste hesja (2 lass) og raka no’n seter. 29. 8. sundag, Olsok. Sterkt regn um natta og i morgonstunda, frå kl. 10 pålag turr, solglytt, varm til kl. 4 pålag, då det atter tok til å regna smått. 30. Ausregn um natta og tidlegast på morgon, heldt uppe frå kl. 8 pålag, turr med ender-å solglytt til middag, då de atter tok til å regna smått, sidan meir og meir, til de i kveldinga auste ned. Slo og hesja, køyrde inn 2 lass hesjehøy. 31. Yvertjukk med solglytt, turr til yver middag, sidan rek-elingarmed regn til i 6-tida, då de klåra heilt upp. 2 hesjelass. Slo og og hesja, som fyrr. Reknar 7 turrhøylass i juli.

August 1. Still, sid-skodde, som snart letta av, men de tok straks på å draga yver att, og i middagstida tok de til å regna, elles ikkje mykje – med litt vestavind og drått av NV. 2. Skoddhimel, regn i natt og mest heile fm., sidan turr nordavind. 3. hesjelass. Slo og hesja på Rabben. 3. Skoddhimel, frisk nordavind. Tok inn 2 hesjelass, 1 lass setehøy. 4. Still, sidan vester-ljøla, skodde, yrvæta frametter morgonstunda, turr frå kl. 9-10, på em. frisk NV. Hemnestur, roande. 1 hesjelass. 5. 9. sundag. Lettskyutt, nordvest-gråe, som friska på, meir nordleg, og klåra upp. I kveldinga klår med skodd-rand kring fjelli. 6. Yvertjukk, still i morgonstunda, sidan nordavind, upplettande, um kvelden mest klår. Hesja uppå berge. 7. Still, skodde yver himelen; kjøleg, solglytt frampå em., sist litt nordavind. Slo i Steinbakken, hesja og breidde. 1 lass høy. 8. Yvertjukk, still, drått av sud, tok frampå fm. til å blåsa litt av aust, solglytt frametter dagen og varm, men tjukna til mot kveld att, smått regndripl alrasist. 3 turrhøylass og ei stor mengd seter. Byrja slå i Øverenge. Brev frå Trygve. 9. Yvertjukk med klårhol. 5 lass høy. 10. Vere mest like-eins. Slo av Øverengmyra og vestre-gjuta, byrja på Sumarfjøsbakken, køyrde rågras. 2 lass turrhøy. 11. Yvertjukk, vestavind, fauka. Hemnestur, eg, med ”Ranfjord”. Hesja i Steinbakken. 12. 10. sundag. Still, mykje regn. 13. Like-eins i morgonstunda, klåra i 7-tida heilt av med ein blistring av sud-aust, tjukna yver i middagstida att og fall nokre regndropar. Sidan turr vind til kl. 7 em. då det atter dripla litt. Køyrde inn hesjer, 11 lass i alt. 14. Halvklår, ein braking av austavind – til sud-aust. 6 lass høy. 15. Same ver, men still ei stund på fm. og i kveldinga, idetheile spakare. 3 lass. 16. halvklår, still, sudleg drått, litt regndripl no og då, men ikkje verre enn at vi fekk i hop nokre seter og 1 turrhøylass. 17. Same ver i morgonstunda, men tjukna til frametter fm. og byrja regna strakst yver middag. Slo av. 18. Yverjukk med klårhol, still, sudleg drått i morgonstunda, klåra fint av på fm., men tjukna til att yver middag, heldt de då turt heile dagen. 4 høylass. Hemnestur med ”Ranfjord”. 19. 11. sundag. Halvklår, sud-aust, seinkvelds klår og still. 20. lettskyutt, still i morgonstunda, klåra heilt av og vart fælande varm. Hesja uppå bakken, 1 lass turrhøy. 21. Klår, still, varm. Hesja resten uppå bakken, køyrde inn 2 lass hesjehøy. 22. Klår, still, varm fyrst på dagen, kom med nordleg vind fram mot middag og kjøla litt. Slo og hesja grønfor på Bakarvollen, slo sidan litt krampslått, og i kveld-ykta stakk vi torv og hesja. 23. Siste hunddagen. Still, tett, sid skodde i morgonstunda, som seinare letta av, med nordavind og skydottar, ikkje serleg varm. Enno litt krampslått, 1 lite turrhøylass. Byrja måla i fjøsrøyste. 24. Barsok. Kjøleg morgonstund, halvklår, drått av nord. Sette sidan i med kald, sterk nordavind og fauke-elingar, tjukna mot kveld heilt yver av myrkbakke. Anne gjekk til Falle med smør. Eg bygde målar-stillas attmed fjøse, gjekk sidan tilskogs og kvista gran. 2 hesjelass. 25. Spak nordleg vind, myrkbakke, friska sidan på og klåra upp. Hemnestur med ”Ranfjord”. 26. 12. sundag. Still, yvertjukk med solglytt. 27. Still, myrkbakke, spak nordleg drått i morgonstunda, seinare nordavind, ender-å solglytt på em. Måla i fjøsrøyste, bøtte på fjøstake. 28. Myrkbakke, fauka, solglytt på em., nordleg vind. Bøtte og gjorde ferdig på fjøstake, måla litt. 29. Skodda og stille i morgonstunda, kom med austavind og klåra upp, ei stund nokso heit. I kveldinga nordavind. Måla fjøs. – Brev frå Trygve. 30. Stilla og regn. Vaska upp i fjøse. 31. SV og regn. Solglytt kring middag og framyver em. og kveld. Kalka i fjøse, køyrde ut møkkr (åt Steinbakken).

September 1. Eitt bil i morgonstunda mest klår, nordleg i dråtten, snø i høgfjelli. Tjukna snart yver med vestavind og fauka. Um kvelden still og fossande regn. Hemnestur med ”Ranfjord”. 2. Halvklår, nordleg drått i morgonstunda, tjukna sidan yver med vester-gråe. 13. sundag. Um kvelden regndripl. ”Nominasjon” på Eide, til heradstyrevale. 3. Halvklår, still i morgonstunda, klåra upp med frisk sud-aust og vart ein varm dag. Tjukna upp-att av sud mot kveld. Køyrde inn 7 hesjelass, måla fjøsrøyste ferdig. 4. Regn att, SV-kjøla. Solglytt frametter dagen, tett regn i kveldinga. Byrja skjera bygg. 5. Uver – SV og regn. Staura, breidde møkkr. 6. Still, regn um morgon og ei stund frampå fm., letta sidan upp og vart mest heilklår. Skar bygg på Sjøvegen – resten. 7. Yvertjukk med klårhol, austavind, litt regndripl fyrst på morgon og litt i middagstida, elles turr, nordleg vind frå kl. 11 pålag. Staura byggen, køyrde inn resten av hesjene på Øverbakken, 2 lass pålag, byrja skjera havre. 8. Yvertjukk, vester-gråe, fauka – i kveldinga still, tett regn. Hemnestur – med ”Ranfjord”. Staura havre. 9. 14. sundag. Still, yvertjukk med klårhol. 10. Regn um natta, i morgonstunda mest klår. Sidan frisk sud-aust, tjukna smått yver, men endå seinkvelds halvklår, turr. Skar havre. 11. Regn um natta. Dagen mest klår, varm, vestavind-gråe. Skar av havren, staura. 12. Yvertjukk, still i morgonstunda, frametter dagen faukedripl og solglytt. Staura havre – millom 80 og 90 staur iallt, 44 byggstaur. 15 år i dag sidan Maren Gurina døydde, 20 sidan Hans Olsen do. Brev frå Trygve. 13. Still, yvertjukk med klårhol fyrst, sidan mest fullklår, sud-aust, varm. Tjukna til av sud mot kveld. Slo fregras i Inderdalsbakken. Kvista upp gran. 14. Still, yvertjukk med klårhol, drått av sud. Sist på dagen skoddutt og smått regn. Vølte um stuttingen, køyrde fram timber. 15. Stilla og yrvæta. Hemnestur, åleine, roande. Sloga sidan timber på Botn-saga, gjorde kjellaren rein. 16. 15. sundag. Still, tett skodde nedpå sjøen og undlende på morgonsida, letta upp so kl. 10 og vart solklår. ”Sanitetsfest” på ”huse”. På em. rodde Anne og eg åt Lyhaugen, ho for til Sund og eg åt Sæteren, ho på vitjing, eg på takst-tur til Seljeli. 17. Sud-aust og solskin – lettskyutt, mot kveld tjukna’n upp og vart alrasist litt regndripl. Vi for til Seljeli, Anton Sæter og eg, derifrå att kl. 6-7 em., skildest i Grønviknese, eg komtil Sund so kl. halv 9 og låg der um natta. 18. Yvertjukk, regndripl, seinare på dagen nokso tett regn. Kom heim so kl. 11 fm. Byrja setja upp gjerde tvertyver lande her uppe. 19. SV og regn. Arbeidde med gjerde. 20. Vestavind, regn-elingar og klår-hol. Fullførde gjerde, køyrde ned timber og sloga på Botn-saga og førde bord derifrå. 21. NV, fauke-elingar med fine solglytt. Skar og staura kveiteåkren (Solbakken). Byrja fli i kjellaren, Kåre byrja ta upp svensktates. 22. Nordavind, spak, yvertjukk med fauke-elingar og solglytt. Hemnestur, Anne og eg, roande. 23. 16. sundag, haust-jamdøger. Yvertjukk, smått regn um morgon, sidan turr. Frelsarheren hadde fest på ”huse”. 24. Mest fullklår, sud-aust og solskin framyver middag, kom so med nordavind og tjukna til. Byrja ta upp tates for alvor, tok inn eldste stauren. 25. Sterk nordleg vind, fauke-elingar, kaldt, skiftande med fine solglytt. Tates-upptaking. 26. Halvklår, kjøleg, rimfrost i morgonstunda, tjukna so yver og kom med skletta, regn og SV storm. Slo hå, tok upp tates, men laut slutta til middag. Flutte kyrne åt heimfjøse. 27. Yversnødd. Snø og skletta heile dagen, verst fyremiddag, litt lengre dus på em., so vi sparka av og tok upp 26 byttor tates. 28. Same ver, kring 6 tumar snø. Sat mest inne og lappa sko, ikkje noko nemnande tatesland-arbeid, men tok upp gulrot. Kåre på sauleiting i går og i dag, saman med Botn-karane. No har vi fått alle heim. 29. Mikkjelsmess. Same ver. Hemnestur med ”Ranfjord”. Sopa snø av stauren. Tok upp ei halv tunne tates. 30. 17. sundag. Austavind, klår. Køyrde um kvelden inn resten av byggstauren og 25 havrestaur. Brev frå Trygve.

Oktober 1. Still, lett yverskya, kjøleg i morgonstunda, kom med snøfjun frampå fm., ei stund ikkje so lite. Letta upp att på em. og vart sist på kvelden mest klår. Køyrde inn all stauren, sonærsom kveiten, tok sidan upp tates (moka snøen av fyrst). 2. Kjøleg natta og morgonstunda, litt påfrosen, men lédna snart og tok til å snø-fjuna, frampå em. til å regna. Tok upp tates og kålrot. 3. Still, regn, jamt og tett. På em. nokre el-dus, seinkvelds klårhol. Stelte i fjøse, førde sagmask og matrial av Botn-saga. 4. Halvklår, vestavind, turr på fm., fauk-elingar på em. Berrmark i flekkjenn. Feet, som har stade inne sidan 27. f.m., er ute att. Tok upp resten av tatesen – litt raud-tates innpå Rabben. Heile tates-avlinga er: Svenske 26 byttor, Grå 111, Heim-kvit 62, Jordstyre 64, Raud 25 – iallt 288, tett på 29 tunnor. 5. Vestleg, halvklår, turr fm., sidan yvertjukk, frå kl. 3 em. tett regn. Køyrde ut sumarmøkkr. 6. Yvertjukk, still, regn, SV drått i morgonstunda, sidan turt, klårholutt, på em. litt auster-gråe. Hemnestur med ”Ranfjord”. 7. 18. sundag. Halvklår, kjøleg fyrst på morgon, still heile dagen, tjukna smått upp og byrja etter kl. 3 em. å regna smått. Brev frå Trygve. 8. Ti’nbyte. Svinver, SV og regn. 9. Spakenn, regn og skletta i elingan, med fine dus. 10. Mest klår, kjøleg, rimfrost i morgonstunda, elles stilt, godt ver. Tetta på kjellarmuren. 11. Yvertjukk, still, mild i lufta, solglytt på em. I kveldinga yvertjukk og litt fauka. ”Sanitetsmøte” i Husnese, Anne var der. 12. Yvertjukk, still, mild, litt snøfjun i morgonstunda, klåra sidan upp med litt sudaust-gråe, ved kveldstid mest fullklår og noko kjøleg. Trygve 22 år. 13. Still, klår, kjøleg alrafyrst, men drog yver med skodda i lysinga, litt snøfjun no og då, litt austavind på em., um kvelden still. Hemnestur med ”Ranfjord”. 14. Vet’nat. Halvklår, kjøleg, litt nordavind. 19. sundag. 15. Litt påfrosen, men lédna upp frametter dagen. Klår um kvelden att. Heradstyreval på skulen frå kl. 9 – 2, eg sat i røystestyret. 16. Klårt og kaldt, Botnfjorden islagd, marka frosen, vi hadde då alt feet ute ei stund. Slakta 2 lam. 17. Kaldt framleis, tek til å svella upp, men lédna og tidde, leid på dagen. Sist på kvelden litt snøfjun. Pakka slakte – i lag med Fridtjof – og for til Eide med de – køyrde rundt på brua. 18. Snøskletta i natt, marka kvit, men tidnar av i dag. Sauene ute i går, men ikkje i dag. Botnfjorden ligg, men d’er framleis roande til Medstraumsjøen. Seinkvelds klår, still. 19. Klår, litt kjøleg fyrst på dagen, men drog snart yver av sud-aust og blåste upp ein frisk vind, lédna upp og tidde. Sauene ute. Vedaskogarbeid. Møkkrkøyring. Brev frå Trygve. 20. Yvertjukk um morgon, sud-aust, frisk, klåra smått av på fm., fullklår på em. Hemnestur (Anne) med ”Ranfjord”. Skogarbeid heime. Drog yver um kvelden att. 21. 20. sundag. Yvertjukk, små regnskurar um natta og på fm. Em. turr nordaust-gråe. Isen vekke. 22. Halvklår, sud-aust og solskin. Um kvelden still, klår, kjøleg. Måla på fjøsveggjen. 23. Klår og kald i morgonstunda. Straumen islagt. Leid på dagen tjukna’n til att av sud. Um kvelden reint regnlik. Fylkesskulen hadde utflukt, kom frå Falle inn gjennom grenda åt ungdomshuse. Styrer Wicklund var framme og snakka med oss. Eg måla meir på fjøs’n, køyrde matrial frå sjøen. 24. Yvertjukk, regn i natt. Em. frisk sud-aust, sopa isen i hop, berre eit lite flak att i Botn-hole. Eg stelte med matrial’n og køyrde heim resten. 25. Yvertjukk, still, regndripl. 26. Same ver, ei stund reint mykje regn. 27. Yvertjukk, austleg, seinare klårholutt, fint solskin. Hemnestur med ”Ranfjord”. 28. Still, yvertjukk på fm., klåra sidan upp, kjøleg um kvelden, med skodde. 21. sundag. Vi for til Straumen og Kåtaenge, kom heim so kl. 6. 29. Yvertjukk, sud-aust, regndripl, på em. adskilleg mykje regn, storm av aust-nord-aust, byrja um kvelden å skletta. 30. Still, skletta, adskilleg kvitt på marka. Klipte sauer i dag, sauene ute som snarast i går. Snøen tina av i dag på em. 31. Yvertjukk, nord-aust blåstr, snø. Marka kvit att. Trøska litt havre med sloga. Litt vedskog-arbeid.

November 1. Helgemess. Yversnødd. Skletta, still, seinare regn, um kvelden mest klår. Mykje snøsurpa på Straumen. Møkkrkøyring, vedhogging. 2. Still, skodde, léver. Surpa og is på Botnfjorden. Bededag. Brev frå Trygve. Eg gjekk rundt etter posten, men de kunde ha greidd seg å ro hit på em. 3. Klår og kald, Straumen hud-heil. Slakta eit verlam, trøska havre. 4. Helgamess-sundag. Lett-skyutt, gråfrost (÷ 7º R) på fm., sidan utnordshengsel, snøfjun. 5. Same ver på fm., tettare med snø på em. Trøsking, skogarbeid. 6. Sudleg vind, skletta og kov. Gardtutl-arbeid. 7. Austleg, kovmøra i lysinga, sidan SV og kladdsnø. Trøsking. 8. Regn um natt-morgon, på fm. NV med tjukke kov-elingar og ver-glan, i myrkninga SV og kladdsnø. Skoging, gardtutl. 9. Still, snøfjun fytst på dagen, seinare tette kov-elingar. 10. Tett og jamt kov, mest still, drått mest av SV – eit fælt jarvføre. 11. 23. sundag. Kov endå i lysinga, klåra sidan upp, i kveldinga kald. 12. Klår, still på fm., sidan austavind, drog yver frå sud. Vedkøyring. 13. Austavind, kov i lysinga, letta sidan av, skyutt, léver. Same arbeid. 14. Same ver, same arbeid. Seinkvelds kovgnistr. 15. Austavind, gråver. Skoging, køyring. Brev frå Trygve. Sist på kveld mest klår. 16. Halvklår, kjøleg, frisk austavind. Her er no 0.46 m snø. Isen, som ligg åt Fagerlirape og Førnesodden, har ’kje vore freista for å fara yver fyrr i dag, då Botnkarane drog doryar nedetter’n. – Ei kov-rid på fm., sidan yvertjukk, sterk nordaust. 17. Nordaust storm, halvklår, drått av sud-aust, noko kjølegare i lufta. 18. Halvklår, frisk nord-aust, + 2º R. 24. sundag. 19. Same ver. Trøsking, vart ferdig med havren. 20. Same ver, kjølegare, mest fullklår. Mot kveld tjukna’n til av sud. Køyrde åt Botn etter dryftaren og tok til å dryfta havre. 21. Stilt regn i morgonstunda, seinare litt austavind, turr på kveldsida. 22. Austavind, regndripl. 23. Yvertjukk, stundom halvklår, léver, austavind. 24. Same ver, um kvelden og natta noko sterk 25. 25. og siste trieinings-sundag. Same ver. ”Nordkapp” kalva igårmorgest kl. halv sju. 26. Léver, stilt (?) regndripl. 27. ”1ste adventsdagen”. Still, snøfjun. 28. Still snø og skletta. 29. Like-eins i morgonstunda, klåra av i lysinga, men tjukna til att på em., i kveldinga smått snøfjun. Brev frå Trygve. 30. Still, skletta. Ner-isen blånar og veiknar.

Desember 1. Still, léver, litt fint regndripl no og då. Hemnestur frå Førnese med Oskar Tybekk. Skulestyremøte. 2. 1. adventsundag. Still, skodde, smått regndripl. Missionsmøte hjå Svein Utland, vi var der både Anne og eg. 3. Klår i dagningen, still, kjøleg, påfrosen. Tok alt på fm. til å draga yver av sud, sidan av SV. Um kvelden snøfjun. 4. SV, snø og skletta. 5. SV og reint regn. 6. SV, haglskletta fyrr dagningen, sidan turt kov. 7. Still, yvertjukk. Klåra upp fm., tjukna yver att em. Klåra upp att um kvelden. 8. Austavind, lettskyutt, stundum fullklår. Um kvelden nokso kald. 9. 2dre advents-sundag. Lettskyutt, still, frosthare. Um kvelden skoddhimel, austavind, gråkaldt. Eg for til Hemnes på heradstyremøte, roande frå Førnese. 10. Austavind, klår og kald. Heradstyremøte gjekk upp i røyk, fordi Elsfjorden låg i uføre, so ingen kom derifrå. Eg kom heim so kl. halvsju em. 11. Skoddhimel, austleg kjøla, gråkaldt. 12. Like-eins. 13.Like-eins, uppklårande. 14. Klår, still, noko kald. 15. Klår og kald, ÷ 12º R, austavind på Rana. Hemnestur med Oskar. 16. Storfrost, ÷ 15º R, still. 3. advent-sundag. 17. Litt mildare, tok seinkvelds til å tjukna upp av sud. Eg for til Falle etter eit sildkvartel. 18. Yvertjukk, still, kovflistr. 19. Still, skodde, regn. 20. Like-eins. Trygve kom heim i kveldinga – frå Hemnes med Førnesmotoren. 21. Still, mykje skodde, mest turr frå han vart ljos. 22. Solkverv. SV og regn. Hemnestur frå Eide med ”Ranfjord”. 23. 4. adventsundag. SV, regn og snøskletta. Presten preika på ungdomshuse. 24. Still, elles same ver. 25, Joledag. Still, halvklår, léver. Um kvelden snøfjun. 26. Tung snø um natta og fyrst på dagen, em. upphalds, litt kjøleg. 27. Still, yvertjukk, léver, uppklårande og litt kjølegare mot kveld. Slakta ”Heimros”. Joletrefest på skulen, Anne og Trygve var der. 28. Utnordshengsl, litt snøfjun i lysinga, klåra sidan upp og vart kald. ”Hergard” kalva. 29. Still, klår og kald um natta, men drog yver av NV tidleg um morgonen og tok til å snø – nokso tett frametter fm., mindre på em., klårholutt um kvelden. Hemnestur, frå Eide med ”Ranfjord”, skulestyremøte. 30. Sundag etter jol. Still, lette kov-elingar, klår-holutt imillom. Fest på ”huse” i går kveld, Trygve var der. 31. NV, tett kov, på em. nærmast SV, tung snø, ei stund regn.