Dagbok Olav Engen 1926

Fra Wiki
Hopp til: navigasjon, søk

1926

Januar 1. NV spak, kov-møra. Joletrefest på skulen. Ottar, gjetaren, kom på jolevitjing, 2. SV spak, skletta og regn. Hemnestur. 3. Still, klår og kald. Sundag e. nyår. 4. 5. 6., same ver, då ikkje yver ÷ 12º R. 7. Sud-aust, skyutt, léver. 8. Like-eins fyrst på dagen, mot kvell klår, då inkje kald. 9. Noko kaldare, frisk skollung ei tid, sterk på Juvika og Sundsfjorden. Køyrde dory, ein 17’, til Eide, leverte til Joh. Fineide saman med ein 16’ som vi drog nedyver den 30. f.m. 10. Auster-kjøla, kov-møra, lagt ned ein 4-5” snø. 1. H-3-K-sundag. 11. Stilt regn. 12. Solborg kalva. Regn, spak SV. 13. Léver utan nedburd, skodda la seg ned-på jorda. Tjugandag. 14. Likeins på morgonsida, sidan klår, kjøleg. 15. Klår, still, ÷ 4º - 5º R. 16. Yvertjukk, smått snøfjun i fyrste morgonstunda, klåra upp mot middag, still. Hemnestur, Trygve. 17. Klår, litt austleg vind på fyremiddagen, sidan still, ÷ 3º - 4º R. 2. H-3-K-sundag. 18. Klår, still, ÷ 10º R. 19. Likeins. Ole Øverland var her, slagta ”Kallik”. 20. Snøfjun, ”frosthare”. Drog til Eide med slagte og sende med dampen saman med O. Øverland. 21. Likeins pålag. Køyrde ein 18’ dory til Eide. 22. Kovtjukk, austleg. For åt Straum-marka, Trygve og eg, hogg ei spant-selja. 23. Klår og kald, noko austleg vind. Hemnestur. 24. halvklår, frisk nord-aust. 3, H-3-K-sundag. 25. – 31. Kald heile vika, stundum austavind og fokk, verst 28., då det var fullt uver. 30. Hemnestur, skulestyremøte. 31. Sundag Septuagesima. Still, klår.

Februar 1. Lettskyutt, still. Mot kvell litt nordaust-kjøla. 2. – 6. Kaldt med-eitt, meir og minder, ned til ÷ 8º R. Stundum vind av nord-aust, delvis fok. 6. Hemnestur. Sud-aust rok på Sundsfjorden. 7. Vere like-eins, litt auster-kjøla. Sundag Seksagesima. Tur til Fineide med doryar, Arthur Thoresen slæpte, 12 iallt. Same ver - ÷ 8º R. 9. Klår, ill-kald, ÷ 12º R. 10. Likeins pålag. 11. Klår, ÷14º R. um morgon, tok kring middag til å blåsa av aust (nord-aust), med noko fok, skyast upp og lédna i vere til pålag 0º um kvellen. 12. Kald att, nedpå ÷ 7º R i morgonstunda, men yvertjukk, tok til å dun-snø i lysinga, auka på med kov framyver dagen og var om kvell og natta mykje kov-tjukk med vind av sud til vest, ”vesterskollung”. 13. Frisk vind (likeins som i natt) tidlegast um morgon, men spakna og vart retteleg fint ver etter middag. Hemnestur. 14. Still, yvertjukk, léver. Fastelagsundag. 15. Klår og kald att. Mot kvell austa-vind, skyast upp. 16. Spak austleg vind, lett snø. 17. Frisk austleg vind, kov og fok. 18. Still, nokså mild i lufta. Presten held fastepreike kl. 3 på ungdomshuse på Falle, Anne er der. 19. Fyremiddag still, klår og kald. Nord-aust storm, fok om ettermiddagen. 20. Frisk nord-aust, kald, ÷ 12º R. Hemnestur. 21. Still, klår, ÷ 17º R. 1. fastesundag. 22. Like-eins. Skyast upp og lédna mot kvell. 23. Still, tett kov. Litt yver 1 meter snø på jamn mark. 24. Same ver å byrja med, men tok til å regna frampå fyremiddagen. Um kvellen moka vi av stovetake. 25. Still, upplett, litt kjøleg. Skogblinking hjå K. Sjåvik. Regn um kvellen att. 26. SV og regn. 27. Spak SV vind på fyremiddag, sud-aust på ettermiddag. Hemnestur. 28. SV og skletta og regn fyremiddag, still og yvertjukk ettermiddag. Byrja regna att i kveldstunda. 2. fastesundag.

Mars 1. SV storm og regn. 2. SV og skletta. 3. Klår og kald, skyast upp på ettermiddagen. 4. Vestleg vind, litt kov-gnister leid på dagen. 5. Um natta og fyremiddagen nord-vest og mykje kov, ettermiddag spak og upplett, klår og kjøleg sist på kvell. 6. Still, dun-snø, ”frosthare”. Hemnestur, Trygve. Far 90 år. 7. Still, halvklår, vestleg drått, kjøleg. 3. fastesundag. 1.14 m snø. Trygve drog på fjelltur med ungdomslaget til Straumdalen. 8. Same ver på morgonsida, sidan NV og kov. Køyrde ein 15’ dory til Medstraumsjøen og drog’n yver elva åt Stien, køyrde sidan ein 18’ dory åt Storbergje. 9. SV og regn, seinare skletta og kov. 10. Klår og still på morgonsida, frå kl. 10 umlag NV og kov. Køyrde båe doryar til Eide. 11. Sud-aust og sudleg, spak med kov-elingar, i myrkninga NV og kov. Rodde doryane til Finneide.. Kristian Utland var i lag med, og Ivar Førnes. 12. NV og kov, retteleg styggver til umlag kl. 3 em., sidan klår ei stund, (uleseleg). Seinkvells atter NV og kov. 13. V og NV med kov-elingar, stundum adskilleg sterk, still og solskin imillom. Hemnestur. 14. Nord-vest og kov. Midfaste. 15. Still ei stund, nestan klår, men tjukna yver av vest og nord-vest. Var med Medstraumkarane og trødde upp skogvegen. 16. Litt snø fyrst på dagen, sidan regn og skletta. 17. Like-eins. 18. Still, léver utan nedburd. 19. Klår, påfrosen. Drog elles yver av NV mot kvell. 20. Yvertjukk, gråfrost, ein tunn kov-eling i 10-tida fm., vestavind på Rana, ettermiddag nordleg vind, frisk, kantrande til n.nord-aust. Hemnestur, Anne og eg. Den 16. var her 1.30 m snø. Då moka vi av fjostake, den 17. av skot-take. 21. Klår og kald, skaraføre. Tjukna yver av NV mot kvell. Jamdøger, Vårfrumess-sundag. 22. Snødd ein 3-4 tumar um natt-morgon, dun-snø framyver middag, då det slo um til regn. Santalmøte på Bjerkli. 23. SV og regn. 24. NV og kov. Var i Litl-enge på skogmerkjing. 25. Klår, skaraføre. Tjukna yver av NV mot kvell. Vårfrumess. 26. Snødd um natta, byrja regna uppå fyremiddagen, kjøla lufta mot kvell og fraus på litt. 27. Yvertjukk, léver, V til SV vind tidleg på fyremiddagen, sidan still. Hemnestur. Drog i kveldinga ein 16’dory åt Førnesodden. 28. Still, regn. Palmesundag. 29. Frostskodde tidlegast på morgon, blåste upp av aust og letta av, tok seinare til å skyast upp av sud, nord-aust storm på Rana ettermiddag. Rodde til Finneide med doryen og fylgde heim med motoren hans G. Bjerkli. Lars 48 år. 30. NV til N aurvind, kaldt, yvertjukk med små kov-flister. 31. Kald i morgonstunda, gangskare yverallt. Tjukna yver av sud på ettermiddagen, smått sklett-driv um kvellen. 1,10 m snø.

April 1. Léver um natta, klåra upp i dagningen med drått av nord. Solskin og stilla dagen lang. Emissær Gulsvåg kom hit frå Utskarpen den 21. fm., heldt møte då og dagen etter i skulestova og i dag kl. 11 i Straumbotn hjå O. Andersen, for derifrå til Utskarpen att. Skirtorsdag. 2. Still, klår og kald, sterk skare.Vi moka upp båten her innmed stranda og drog’n til sjøs – til Førneset. Langfredag. 3. Yvertjukk, léver, byrja snø smått strakst det var ljost, sidan adskilleg kovtjukk med bisk austavind på Rana. Hemnestur, Trygve og eg rodde. Regn ettermiddag, frå kl. 5 pålag. Påskeaftan. 4. Still, mild, litt regn. Påskedag. 5. SV og regn. Andredag. 6. Stilt regn. Snøen minkar. 6. Nord-aust storm, kald. 7. Likeins, spakna og tjukna upp. 8. Still kov, slo um i regn. 9, SV og regn og skletta. Mot kvell kjende’n um til VNV med kov. 10. Spak NV og kov med fine klår-glytt. Hemnestur. 11. NV, meir kov enn i går, minder klårglytt. Snøen aukar truleg no. 1. Sundag e. påske. Frå kl. 3-6 em. so kovtjukk som’n aldri har vore fyrr ivinter. Prest Mollestad kom, skyssa av Falkmo, og heldt eit utmerkt fyredrag på ungdomshuse. Vi var alle og høyrde på. Seinkvells klår og kald. 12. Kald, NV og kov-elingar med klårglytt. Leid på dagen lyste de upp. 13. Halvklår, kald fyremiddag, kov og damm på ettermiddagen. 14.Nord-kjøla, litt snøfjun fyremiddag, seinare austavind, klår. Sumarmål. 1.27 m snø. Rodde til Finneide med ein 16’ dory, for derifrå til Hemnes, fekk fylgja Thore til Straumen, kom heim kl. 10 kvell. 15. Yvertjukk, nord-aust vind. Klåra upp på fyremiddag, men tjukna til att mot kvell. Vedkøyring. 16. Nordleg vind, kov, kaldgrimutt fm., klår em. Tjukna til seinkvells att. Skoghogging, køyring. 17. Nord-aust, kovgnistr i morgonstunda, sidan klår. Hemnestur, eg åleine, kom roande til Medstraumsjøen i flotida em.18. Halvklår, nord-aust, frisk. 2. sundag e. påske. 19. Klår, skaraføre. - ”Dokka” 2 verlam. 20. Same ver. 21. Sud-auat, noko skyutt, snøbrede. 22. Klår ei stund, noko varm, tjukna upp på ettermiddagen og regndripla i kveldinga. Litt skog-arbeid alle dagane, litt båt-arbeid, byrja velja upp sæd-tates. 23. Halvklår, austavind, tek hardt på snøen. Isen mest landlaus yverallt. Køyrde heim siste bjerkvedlasse. 24. Klår, still, skare, men veik. Hemnestur, rodde frå og til Medstraumsjøen, Anne og eg. 25. Same ver. Fest på ungdomshuse for Foreldri og husvertane. 3. sundag e. påske. 26. Klår, still, sterk skare. 27. Likeins. Møkkøyring, sædtatesbering. ”Tomina” lamma, eit saulam. Isen gjekk av for elva. 28. Likeins. Anne 54 år. 29. Likeins. Ner-isen reist i natt. 30. NV, spak, skodde, lite skare. Vegen så veik, at det ikkje går an å køyra møkkr. Klåra upp på em., friska på med vinden og sette øver-isen i fart, så han gleid nedum Kjeldnese og ned-åt Førnesodden.

Mai 1. Nordvest-kjøla, skodde, litt fauka på fyremiddagen, ettermiddag halvklår. Isen ligg påtvert millom Førnesodden og Kvannvika, slapp roande ned-igjennom med adskilleg bry um Kvannvikstien. Hemnestur, Trygve og eg. 2. Vestleg, spak, yvertjukk. Isen reist. Eg kan ’kje i all mi tid hugsa slik ei snop avferd på Straum-isen. Det gjeng fort med snøen og no, byrjar berrkast i hagen, forutan fram-i Timberberge og i Litl-lia. Fram-med Rana er de so å segja ål-berrt. 4. sundag e. påske. 3. Still, yvertjukk, léver. Krossmess. Seint på kvell regn. 4. Nord-aust, kov-flister. Sloga timber på Botn-saga. 5. Nord-aust, halvklår, nattkald, skaraføre. Tjukna yver fram mot middag, med kov-flistr, mot kvell sterk nord-aust, skletta, ruskver. Møkkr-køyring. 6. Nordavind, turt kov. 7. Yvertjukk, litt nattkald, sud-austleg vind, sterk på kveldsida. Satt på skulen ei stund fyremiddag for eksamen skuld. Møkkr-køyring morgon og kveld. 8. Yvertjukk, still å rekna for, litt aust-kjøla på Rana og Sundsfjorden. Hemnestur, eg åleine. Skulestyremøte. 9. Yvertjukk med klårglytt, sterk sud-aust. 5. sundag e. påske. Umframt medlemsmøte i Hemnes Samvirkelag kl. 4. Eg m.fl. for dit, fylgde Oskar Jenssen, som gjekk med skøyta. 10. Sud-aust, skyutt. 11. Likeins, adskilleg sterk, kaldglåme. Tekkjing på stovetake. 12. Same ver, litt spakare mot kvell. Fullførde tekkjinga, førde bord av Botnsaga. Byrja regna smått seinkvelds. 13. Still, regn. For til Grønlia med komag-verkje. Heilagtorsdag. 14. Likeins. De kom tidend igår – ja eigentleg onsdag – at Roald Amundsen og amerikanaren Byrd har fljuge yver Nordpolen, Byrd komen att-ende til Svalbard på måndag, Amundsen til Alaska på onsdag. Upplett, solskin ei stund midt på dagen, regn att i kveldinga og um natta. 15. Vestleg vind, halvklår. Hemnestur, Anne og Trygve. – Vestavind, regn og ruskver i kveldinga att. 16. Regn um natta. Heldt upp kring 8 fyremiddag, lyste av smått-um-senn og var mot kvell nestan klår. 6. sundag e. påske. . Den 11. kunde vi gå på berrmark åt fjøse. Og sidan har de gått tolleg fort med snøen, men enno er der store flekkar att av dei drjuge skavlane i dalar og under bakkar, likeins frammed veggane, der de er moka av taki. 17. Klår, still, nattkald, blå-is. Siste snøklatten tina utor hagen. Sauene ute og vart sett i sumarfjøse. Byrja stella i hagen. 18. Same ver. Nord-aust og nordleg vind, seinare på dagen sud-aust og nokso varm. Gjorde ferdig ei grøft gjennom hagen. Trygve held fram med hagestelle, eg køyrer møkkr på Sjøvegen. 19. Nattkald, blåis, seinare på dagen nord-aust, um kvelden nokso sterk. Sådde havre på Sjøvegen. 20. Still, nattkald, ikkje fritt for blåisfale. Berrmark på heimebøen, sonærsom frammed gjerde i Lamyra, ein klatt for kjøkenglase, dessutan mykje i ”Ratadalen”. Sauene har leita fram åt Litl-lia kvar dag og har inkje høy fenge. Men her heime gror de seint. – Frå kl. 9 fyremiddag kald nord-aust, som friska på utyver dagen, men mot kvell tjukna’n yver av sud. 21. Nord-aust til nord, sterk, yvertjukk, smått regndripl, dråtten av sud. Frå kl. 9 fyremiddag still med smått, jamt regn. Møkkrharving på enga, vølte bislagtake hans Far og vaska upp der. 22. Skodde, kald-hustre, vestleg vind. Klåra sidan upp, men tjukna til mot kvell. Hemnestur, eg åleine. 23. Still, lett yverskya. Tjukna til og byrja regna so kl. 7 morgon, og held so på meir og minder heile dagen, stundum med frisk vestavind. Pinsedag, kyrkjetur, Anne og eg. 24. Regn, i morgonstunda spak. Andredag pinse. – Regn att i middagstida og ei stund frametter, frisk SV til V i elingan, kantra til NV so kl. 5 og heldt upp å regna, spaktest smått-um-senn. Trygve for med spell-lage til Stor-Altern, Førnes-motoren skjussa. 25. NV med snø-elingar. Trygve kom heim so kl. 7. – Upp-lett, kald på ettermiddagen. 26. 27. Nordavind, snøflistr på morgon, ill blåstr seinare, men tjukna til av sud. 29. Sud-aust, stundum sterk, yvertjukk, litt regn. Hemnestur, Trygve på fylkesskulen sin sluttfest. 30. Sud-aust. Frisk, yvertjukk, turr. Trieining-sundag. 31. Regn, kald-rusken, mest so ei skletta.

Juni 1. Byrjar med same ver: Kaldt regn. Byrja så kålrabi og gulrot i går, heldt fram i dag. 2. Mest likeins morgon og framyver middag, men letta upp og klåra av fram-åt nons-bil, var då nordleg og nokså kald i kveldinga. Byrja pløgja uppå bakken. 3. Halvklår og litt varmare, sud-aust, sola fær smått meir makt. Køyrde møkkr og harva på Rabben, pløgde vidare uppå Bakken. Skogplanting av skuleborni i Botn hoss Fridtjov og Kristian. Kyrne ute fyrste gongen. 4. Halvklår, nokso varm, sud-aust, spak fm., havgula em. Pløgde ferdig uppå Bakken, byrja harva, vølte vegen i Gran-alleen. Sådde gulrot og sette tates på Rabben, måla kjøkkenveggjen. 5. Same ver. Hemnestur. Harva og sette tates i Rønningen, rulla havre-åkrane på Sjøvegen. 6. Same ver, meir yvertjukk mot kvell. 1. trieinings-sundag, Anne og Trygve med kyrkja. 7. Vestavind, regnrusk, klåra mot kveld og blåste upp av nord-aust. 8. Klår, litt austavind, solvarm. Henta gjetaren – Ottar Elvebakk – frå Dalosen, møkkra, harva og sådde uppå bakken. 9. Sterk nord-aust, halv-dimm fyrst på morgonen, sidan sud-aust, varmt solskin. Flutte kyrne åt sumarfjøse. Sauene har ’kje vore i hus sidan 1. juni. 10. Sud-aust, solskin, lettskyutt. Pløgde nyland med Ola Øverland-uksen i beite med min. 11. Sud-aust, solskin, steikje-heit. Køyrde møkk på nylande, som pløgd var, stelte um gjerdi, renska eng, måla husvegger. 12. Same ver, Hemnestur, Anne og eg. 13. Same ver. 2. trieinings-sundag. Misjonsfest på Utland, hjå Svein, pikeforeininga. 14. Sud-aust, solskin, lett-skyutt. Tjukna yver fram mot kveld. Pløgde upp meir nyland nedpå flata med Botn-hestane, Hans og Kristian. 15. Klår, still, steikje solskin att, blåste i middagstida upp med nordleg vind. Køyrde møkkr på nylande. 16. Heilt klår fyrst på morgon, kom tidleg med nordleg vind, drog upp med nokre lette skyar av sud. Anne og Trygve på Hemnes, ho på missjonsfest, han på sesjon. Harva på nylande, sådde ein snipp med bygg. 17. Nord-aust, frisk, nokså kjøleg. Harva nylande ferdig. Trygve reiv skurveden av vestre stoverøyste. 18. Klår, kjøleg, frisk vest vind. Sådde grønfor og harva ned. 19. Frå morgon av frisk vestleg vind, klår, seinare meir nord-vestleg, sklett-bøgjor i fjelli. Hemnestur, skulestyremøte. 20. Nordavind, myrkbakke, litt regndripl so kl. 9-10. Elles har de longe vorte for turt, so vi ottast, all vokstr gjeng kroken. 3. sundag e. trieining., 40 år dagstøtt sidan Anne og eg vart konfirmert. Konfirmasjon i Hemneskyrkja i dag med. 21. Ei stund vest gråe, sidan sud, halvklår, turr. 22. Yvertjukk med klår-hol, still, litt regndripl so kl. 7-8 fm., elles turr. Sistpå kvellen nestan heilt klår. Solkverv. 23. Halvklår, still, har regndripla litt i natt. Jonsokaftan. Ein velsigna regnskur i middagstida, sidan nordavind, halvklår. Samtalmøte på Kleppen, Anne gjekk dit. Har stræva med skurved på vestre stoverøyste desse tri dagane. 24. Nordavind, myrkbakke. Jonsok. 25. Nordavind, myrkbakke, regndripl no og då. 26. Yvertjukk, still fyrst på morgon, seinare klår, sud-aust, steikjande varm. Trygve for til Hemnes med mjølka og for å møta på ungdomsstemna, som han er utsending til frå ungdomslage ”Heim”. 27. Sud-aust, solskin fyremiddag, yvertjukk og regnlik ettermiddag, men berre yrande lite regndripl no og då. 4. trieinings-sundag. Ungdomstemna på Hemnes for Hålogaland, preike av Lars Kjensvoll. Anne og eg var roande med kyrkja, elles gjekk her 3 motorar med stemnefolk. 28. Yvertjukk, still, har regna litt i natt. Fleire små regnskurar utetter dagen. 29. Nordavind, myrkbakke. Letta upp på kveldsida. 30. Sud-aust og solskin fyremiddag, nordavind ettermiddag, tjukna upp av sud og spaktest og tok til å regndripla litt. Fullført og måla skurveden i vest-røste.

Juli 1. Fyremiddag spak nordleg vind, yvertjukk, fauka. Ettermiddag still, solvarm. Rodde til Finneide for uppgjerd med Joh. L. Fineide, heimanfrå so kl 10 fm., heimatt kl. 7 em. 2. Still, noko skyutt, tjukna upp fram-yver dagen og tok til å regndripla i kveld-ykta, blåste spakenn sørleg vind. 3. SV-elingar med adskilleg sterke regnskurar fyremiddag, vestleg vind og turr på ettermiddag. Hemnestur. 4. NV, halvklår, steikjande heitt når sola fekk skina blank. 5. trieinings-sundag. Santalfest med Storholmen, Anne gjekk dit, eg er gjetar. Fylkesutstillinga i Bodøy vert opna i dag. 5. Yvertjukk, still, seinare vestleg vind. 6. Yvertjukk, still allfyrst, kom tidleg med nordleg vind, som friska på utetter dagen; still sist på kvell att. Trygve for iveg med Oskar Jensen til utstillinga i Bodøy. 7. Yvertjukk, still til kl. 9 fm., sidan vestleg vind, klår. 8. Klår, turr vestavind. 9. Skodde, frisk nordleg vind på morgonsida, skodda blåste vekk på fyremiddag, sidan turr vestavind. Hemnestur, heradstyremøte. Trygve kom heim på ettermiddagen, glad yver turen. 10.Turr V vind, yvertjukk um morgonen og fram-yver middag. Vølte um kjøkenlofte. 11. Yvertjukk, litt regn um natt og morgonstunda, klåra sidan og vart steikje-heitt. Fest i ungdomslaget ”Heim”, Trygve og Ottar gjekk dit. Anne og eg gjekk til Bjerklia og til Bentsen på Kleppen. 6. trieinings-sundag. Tjukna upp-att på ettermiddagen, tok til å regna i kveldinga og rengde tett då vi gjekk heim so kl. 10-11. 12. SV og regn, turr vestavind ei stund på ettermiddagen, men høljeregna um kvellen att. Vølte um sumarfjøstake. 13. SV og regn. Satt inne og lappa komingar, måla kjøkenlofte, La nokre fleire bord på sumarfjøstake. 14. ”Midsumar”. SV, regn, styggver. 15. Like-eins på fm. Em. turr, frisk NV. 16. Stilt regn, skodde. 17. SV og regn – ikkje sterk. Hemnestur – med A. Toresen. 18. Same ver. 7. sundag. Preike i skulestova av prest Mollestad, vi var der all-i hop. 19. Same ver. Byrja slå so smått i hagen og kring husi. 20. Halvklår, stilt, klåra heilt av mot middag, med spak sud-aust. Slo og hesja. 21. Halvklår, still. Eg er 55 år. Klåra upp mot middag. 22. Vere skapar seg nett likeins. Slo i Langdalen og Engesdalen i går og i dag. 23. Halvklår, still um morgon, tjukna til på ettermiddagen og byrja regna um kvell. Slo Troppenn, Bekkjenesann og Ytter-reflenn. 24. Sterk sudleg vind og ausregn i natt, letta av so kl. 7, sidan halvklår, frisk vest og nordvest med regndriv. Hemnestur. 25. Ei stund halvklår, spak sud-aust, tjukna til em., og kula på til storm. 8. sundag. Raka og køyrde høy, fekk 5 lass. 26. Same ver fyrst på dagen, klåra på fyremiddag og var klår til kvelds. 4 lass høy. 27. Halvklår, still i morgonstunda, overlag heitt solskin, kom tidleg på fyremiddagen med nord-vest, ein liten regnskur so kl. 11, sidan myrkbakke, turr. Slo og hesja. 28. Same ver. Hesja fm., slo sidan vegen upp-gjennom Steinbakken. 29. Skodde-himmel (myrkbakke), NV vind, litt fin fauka. Olsok. Vi tok upp og koka svensk-tates, godt etande, mest som ein tumelfinger, den største. – Letna smått i lufti, ettermiddag klår å rekna, drog då yver med skodda mot kveld att. 3 lass turrhøy. 30. Still i morgonstunda, myrkbakke, har vore fauka eller sterkt doggfall i natt. Slo yttre Øverengmyra i går. Klåra upp på fyremiddag og vart heit, men blåste samstundes upp nordavind, som kula på noko sterk på ettermiddagen. 5 lass høy. 31. Nordavind, myrkbakke, fauka. Hemnestur, eg åleine. 17 lass turrhøy iallt i juli.

August 1. Nordavind, halvklår. 9. sundag, Anne, Trygve og Ottar med kyrkja, eg gjette kyrne. 2. Halvklår, still i morgomstunda, klåra av og vart varm, litt vestleg vind på em. 7 lass høy. 3. Halvklår, still i morgonstunda, blåste tidleg på fyremiddagen upp av vest og tjukna yver, tok til å regna smått so kl. 5 em. Slo og hesja i Lamyra, raka setor i Øverenge. Ny Olsok, Kongen sin fødsledag. 4. Yvertjukk, vester-kjøla. Klår på ettermiddagen. 5 lass høy. 5. Klår med litt skodde kring fjellgarden, kom med havgula frampå fyremiddag og sopa skodda vekk. 4 lass høy. 6. Still, klår, tjukna halv yver av SV på fyremiddagen, men kom so med havgula og skein av att. 3 lass. 7. Halvklår, vester-kjøla, drog upp av sud. Hemnestur. På Rana havgula frå kl. 7 fyremiddag pålag, her heime nord-aust til middag, sidan frisk havgula og heilt klår. 4 høylass. 8. Klår, varm, spak nord-aust. 10. sundag. Ettermiddag havgula. 9. Klår, still, varm, havgula i kveld-ykta. 8 høylass. 10. Halvklår, nordaust-kjøla, sidan sudleg, skein av og vart varm; toreskyar i sud i kveldinga. 4. høylass. 11. Klår med litt tunn-glya (?), tjukna mykje upp i middagstida og der fram-yver, men letna att og turka godt; 5 høylass. 12. Klår, steikjande heit. Slo av, 4 lass høy. 13. Halvklår, still, dreg sterkt av sud. Byrja regna so kl. 8 fm og regna smått heile dagen. Slo litt krampslått uppi Granmoen, køyrde inn eit lass setehøy, køyrde fram rågras, hogg kjerr og lauva. 14. Still, smått regn, skodde. Hemnestur, Anne og Trygve. Aus-regn millom kl. 7-8 fm, lyste sidan upp og turka setehøy, kom kl. 6 att med regn og vind-rosur av sud. 15. Still, smått regn til yver middag, sidan turr, yvertjukk. 11. sundag. Byrja regna att i kveldstunda. 16. Still, sid skodde, smått regn. Slo og hesja grønfor. 17. Still, skodde heilt nedpå låglende, upplettande, varm ut-etter dagen, regndripl att seinkvelds. Køyrde inn siste høylasse (63 i alt), slo grønfor og hesja. 18. Skodd-himel, tett regn. Frå kl. 9 og framyver turr vind. Byrja skjera havre på Sjøvegen. 19. Still, myrkbakke, skein av um middag, tjukna til att seinkvelds. Skar og staura havre. 20. Still, myrkbakke. Skein av med vestavind på ettermiddagen, tjukna til um kvell att. Hogg ned kjerr og lauva. 21. Myrkbakke, regndripl, bles upp nord-aust og skein av mot middag. Hemnestur, eg åleine, elles lauving. 22. halvklår, austavind, varm. Seinkvelds nordleg vind. Santalfest på ”huse”. 16. sundag. 23. Sterk nordleg vind, myrkbakke, fauka. Spakna og vart still mot kveld. Kjerr-rudding og lauving. 24. Halvklår, vester-kjøla allrafyrst, sidan austleg vind, klår. Byrja tjukna til av sud mot kveld. Same arbeid. 25. Auster-kjøla, yvertjukk med sudleg drått, regndripl. Letta so smått, ettermiddag still, halvklår, seinkvelds nestan heilt klår, litt kjøleg. Skar bygg. 26. Halvklår, litt nordleg drått. Ettermiddag frisk NV vind. Skurd (bygg), stauring, lauving. 27. Still, skodde, regn, frå kl. 9 fm spak vestleg vind. Førde heim frå Straumen noko båtmaterial vi kjøpte hjå Johan L. Fineide. 28. Vére likeins. Hemnestur (Trygve). Letta upp frampå fyremiddagen med vestleg vindgråe, solglytt. 29. Still, smått regn, ei stutt, sterk regnrid midt på dagen. 13. sundag. Kyrkjetur, Anne og eg. 30. Still, yvertjukk, små regn-elingar no og då. Skar og staura siste havren (uppå bakken), rodde på Své etter nokre båtvedstokkar. 31. Same ver på fyremiddagen. Sterk av SV til V på ettermiddagen.

September 1. Storm av SV, regn, fullt styggver. 2. Likeins, spaktest elles utetter dagen, mest still um kvelden, men tettare regn. Sloga båtstokkane på Botn-saga. 3. Stilt regn. 4. Likeins. Hemnestur, eg og Ottar, som for til kyrkja, der biskop Støren heldt barnegudstenest og overhøyring. 5. Stygg-uver, sterk SV og regn att. 14. sundag. 6. Same ver, men spakare, på em. stilt, tett regn. Skar resten av byggen, på nylande på heimebøen, 12 staur. I alt 42 byggstaur. 7. Stilt regn med klårglytt, stundum nokså lange. Støypte silobotn under køyrebrua. 8. Nordavind, svart skodde i vest, elles nestan klår fyrst på morgon, men ràk vestleg att og vart sidregn på ettermiddagen. 9. Yvertjukk, stilt regn. Tok upp svensktatesen, som fyrst var sett, fekk umlag 2 tunnur. 10. Yvertjukk, still. Ettermiddag regn, alt tettare mot kveld. Bygde silo attmed køyrebrua. 11. Sterk SV, regn. Hemnestur. 12. Still, yvertjukk med solglytt. 15. sundag. Trygve og Ottar på sauleiting. Fekk heim sonærsom 3 lam. 13. SV og regn, styggver. 14. Likeins, kanskje verre. Førde heim bord av Botn-saga i kveldinga. 15. Still, smått regndripl no og då men mest turr. Byrja ta upp tates. Sauene heime. Henta heim eit lam, som var komen til Nymoen. 16. Halvklår, lange, varme solglytt, men regndripl no og då, vestleg vind. Køyrde inn 3 lass grønfor. Heldt fram med tates-upptakinga, stappa tatesgras i siloen. 17. Still, skoddutt, regn-elingar i morgonstunda, sidan turt, litt austleg vind. Køyrde inn resten av grønfore, 3 lass, og nokre havrestaur. 18. Fyrst på morgon nestan klår, rimfrost, is-fale på Botnfjorden, seinare litt austavind, fint solskin til kl 3 em., då han tjukna til av SV og byrja å regna i myrkninga. Hemnestur, Anne og eg. Køyrde inn nokre fleire havrestaur, tok upp kålrot. 19. Still, SV drått, yvertjukk, regn inatt og i morgonstunda, letta av ut-etter dagen og gjorde klår-glytt mot kveld. 16. sundag. 20. SV og regn, mest styggver på fyremiddagen, men betrast utyver dagen, so det gjekk bra i tateslande. 21. Nestan klår, solvarm, litt sud-aust, tjukna til att mot kveld og tok til å regna smått. Køyrde inn nokre byggstaur. 10 år sidan Mor døydde. 22. Stilt regn. Fekk upp tatesen til nons, 30 tunnor iallt. 23. Still, yvertjukk. Jamdøger. Letta noko upp kring middag og vart nokre solglytt, men tjukna til mot kveld att. Tok upp kålrabi. 24. Still, sid skodde i morgonstunda, letta smått upp og var um kveld mest fullklår og sudaust-kjøla. 25. Sud-aust, klår. Hemnestur, Trygve og eg. Tok inn nokre havrestaur um kvelden. 26. Same ver. 17. sundag. Anne og Trygve (--?). Forbods-fyredrag på ”huse” av Wicklund og Kullerud. 27. Same ver. Trøska havre. 28. Same ver, frisk sud-aust. Veitgraving. 29. Same ver å byrja med, men tjukna smått upp. Stein-ula tuta mest heile dagen. Tok inn resten av byggstauren. Elles veitgraving. Mikkjelsmess. 30. Yvertjukk, still um morgon, byrja regna so kl. 9. SV på ettermiddagen. Fesjå på Medstraum, vi var der med 3 kyr: Solborg (3. pr.), Nordkapp (3. pr.) og Idum (godkjenning).

Oktober 1. SV og regn. Breirem var her og anla Frau-brunn (?). Korntrøsking. 2. Vestavind, sterk, regn, snø i fjelli. Hemnestur (med Førnes-motoren). 3. Still, halvklår, NV drått. 18. sundag. Gjetaren for heim. Um kvelden regn, litt vestleg vind. De brann på Hemnesberge, 16 hus på Lapphella. 4. Yvertjukk, still fyremiddag. Regn, V vind ettermiddag. Veitgraving. 5. SV og regn, fullt styggver. Trøska bygg. 6. Same ver, men spakare, spakna elles smått av og slutta med regne. Trøska av og tina. 7. Still, regn fyremiddag, sidan turr. Henta dryftaren frå Botne og dryfta. 8. Klår, solskin eit lite glytt um morgon, tjukna snart yver og regna um ettermiddag. Dryfta ferdugt, køyrde sidan timber. 9. Still, regn fyremiddag, halvklår, NV vind ettermiddag, um kvelden kjøleg, nestan klår. Hemnestur, roande. 10. Upplett, halvklår, rima mark, is på vassholune. Tjukna yver frametter dagen, drått av sud, snøfjun i fjelli. Eg var på fjelle og såg etter sauer. 19. sundag. 11. Styggver att, SV og regn og skletta. Far flutte heimanfrå til Øvringmo. 12. Yversnødd, norda-kjøla og kov-elingar, nestan klår imillom, kjøleg, vil leggja is på Straumen. Slagta 2 sauer, førde skrottane åt Førnese. Trygve 20 år. 13. Lettskyutt, still, kjøleg. Straumen hud-heil allrafyrst, men sleit’n av og rak nedyver, so de vart roande frå støa vår, um kvelden frammed heilt åt Botten. Hemnestur med slagt, ”Tutankhamen” skjussa. 14. Same ver. Pløgjing, tekkjing (bøting). 15. Same ver å byrja med, tok til å snø kring middag. Slagta 4 lam. Kyrne har fått morgonvondel sidan 11. Men ute er dei i dag og. 16. Still, tett kov. Straumen full av surpa, likevel greidde de seg å ro frå Leirkjeldberge. Trygve for til Hemnes (med ”Tutan”), vi som heime var førde slagtgrinda til Eide. Trygve låg yver på Hemnes for skuld 50-årsfesten på fylkesskulen. 17. Still, lettskyutt, kjøleg, mykje surpa og blå-is, men med slit i, so de er roande imillom. 20. sundag. Litt kov-møra i myrkjinga. Trygve kom heim so kl. 5 em., velnøgd med turen. 18. Skyutt, still. Slagta ”Dokka”. Folkeavrøysting um brennevinsforbod, eg var med i røystingsstyre for Straumen og satt på skulen frå kl. 9 til halv 3. 19. Halvklår, kjøleg, litt austa-gråe, still um kvellen, vil snerkja på Botnfjorden (de har vore roande hit sidan sundagskveld). Slagta ”Rølin”. 20. Still, yvertjukk på fyremiddag, klåra noko av på ettermiddag, med litt austleg vind. For til Hemnes med slagt, rodde frå og til Medstraumsjøen (islagt på Botnfjorden). 21. Halvklår, austavind. 22. Like-eins. Køyrde heim frå skogen litt ved og anna trefang. 23. Like-eins, nokso frisk austavind. Køyrde ut noko sumar-møkkr. 24. Still, mest heilklår (yvertjukk imorgest), kjøleg. 21. sundag. – Brennevinsforbode er nedrøysta med vel 100000 røyster overvekt av upp-åt 1 million avgjevne røyster – vert avteken yver nyåre. 25. Still, halvklår, kjøleg. Sette inn ny vindaugekista i vestre stoverøyste. 26. Nestan klår, ÷ 6º R. Drog yver og lédna litt mot kveld. Sette dubbel-glasi fyre. 27. Klår, still, ÷ 9º R. Skogarbeid. 28. Still, klår, like kald. Blå-is nedanfor elvekjeften, der de har vore ope til no. 29. Same ver, ÷ 10º R. ”Nordkapp” kalva. 30. Litt skyutt, austavind, litt mildare. Hemnestur. 31. Litt skyutt, snøfjun um natta, likeins seint på kveld, still. 22. sundag. Skeiserenn av ungdomen.

November 1. Yvertjukk, still um morgon, sidan auster-kjøla, klåra på ettermiddag og kjøla lufta. 2. Halvklår, kjøleg, fint ver. Tok til å arbeida i skôte, reiste dory. 3. og 4. Mykje godt same ver, men yvertjukk um kveldane, litt kov-fjun imillom. 5. Halvklår, léver. Bededag. Sud-aust storm um kvelden og natta framyver. 6. Noko vind endå i dagningen, men mest still etter de vart ljost. Litt austavind att på ettermiddagen, léver, litt regnfusk imillom, klårglytt seinkvelds. Hemnestur, med Førnes-motoren. 7. Halvklår, litt kjøleg i morgonstunda og fyremiddag, tjukna til ettermiddag, blåste upp av sud-aust med smått regndripl. Helgamess-sundag. 8. Still, léver, snøbrede, nerisen nestan all. – Tok til å regna smått, då det vart vel ljost og heldt so på til kvelds. 9. Klår, kjøleg, austleg vind. Rodde til Finneide, Kristian Utland og eg, kom heimatt so kl. 5. 10. Tjukna til att i går kveld og byrja å regna i natt, heldt ved og regna tettare utetter dagen, austleg vind ei stund, drog seg i myrkninga til sud-aust og sud. Spanta dory. 11. S vind og regn, berrmark, hålke, isen landlaus, dei ror frå elva, de gjorde dei alt den 9. med floa. 12. Jorda tina upp, turr sud-aust vind og tjukk himel. Sette ut ein 18’ dory og rodde han til Medstraumsjøen frammed stranda her. 13. Still, yvertjukk, sumar-ver, litt austavind på ettermiddagen, eit klårglytt mot kveld, allra-seinast yvertjukk att og sudleg vind. Hemnestur, Anne og eg – med ”Tutan”-. 14. Sterk sudleg vind um natta og fyremiddag, spaktest sidan og tok til å regna. 24. sundag. 15. Yvertjukk, still, seinare litt regn, um kvelden mykje. Eg pløgde på Sjøvegen, vi rodde til Eide og Førnese, frammed heilt heimanfrå med floa. 16. Sud-aust og regn. Køyrde møkkr nedst på Rabben. 17. Nord-aust, kjøleg, tek til å styrkja dya, litt snøflistr seinkvelds. Pløgde ferdigt på Sjøvegen, samla veitstein og køyrde upp utmed gjerdekroken i Lamyra. 18. Nord-aust, smått kov. 19. Same ver, nokso sterk, minder kov. Isen er køyrd uti Botn-hole, roande her frammed åt Lanesbekkjen. Vi står i båtskôte, eg turka korn i gruva på fyremiddag, so førde vi de i myrkninga umbord i ”Tutan”. 20. Storstorm av nord-aust, smått kov. Hemnestur – med ”Tutan” -. 21. Halvklår, mykje spakare enn i går, spaktest smått, til han um kvelden var heilt still, med drått av sud. Isen kjem rekande frå Botn-hole og hit. 25. sundag. 22. Sud-aust, lettskyutt, seinare yvertjukk, regn. Berrmark att, isen rek ned-um. 23. SV og regn. Vi for til Finneide med ”Tutan” og 12 doryar på slep (derav eg ein 18’), Svein og Kristian Utland, Johs. Lauvbakk og eg. Kom att so kl 4 em. Siste is-molen rak ned-igjennom. 24. Still, vestleg kjøla, smått regn og skletta. Vi spanta dory. 25. Vere pålag likeins. 26. Likeins. Sette doryen ut (ein 15’) og sette han til sjøen. 27. Vestleg vind, skletta, imillom klårglytt og nestan still. Hemnestur, Lars Rydland og eg rodde. Noko surpa på Botnfjorden i kveldinga. 28. Still, klåra upp og kjøla lufta frametter fyremiddagen, la is-snerkje på Straumen heilt nedyver. 1. adventsundag. Vi spyr at Jenny på Lauvbakken døydde imorgest, ho hadde lege ein tri-fire dagar i poliomyelitt. Bygda er uppskræmd yver denne fæle sjukdomen, som har vore fleire sta’n framme, verst på Eide. Tjukna noko upp mot kveld. 29. Lettskyutt, still, noko kjøleg på fyremiddagen, sette på ettermiddagen i med austavind og klåra upp. Skogs-arbeid og båtarbeid. 30. Nord-aust, sterk, ÷ 12º R. Innanhus-arbeid, vedhogst.

Desember 1., 2., 3. Vind av nord-aust og aust, stundum litt skyutt med drått av sud til sud-vest, kald, men då litt mildare enn den 30. f.m. Isen, som la den 28., var gangande her-yver den 1. desember, og den 2. for dei og drog doryar heilt åt Førnesodden. 4. Klår, spak austavind fyrst, tjukna smått til av sud og lédna upp utyver dagen. Hemnestur, med Førnesgutane. 5. Still, yvertjukk, léver. 2. adventsundag. 6. Snøfjun i morgonstunda og fyremiddag, sidan regn. 7. – 10. Regn, skletta og hendingsvis turr snø, skiftande. Vind av aust, sudaust og sud, den 10. sudvest. 11. Vestavind, til VNV, kov, sumetid nokso sterk. Hemnestur, men Førnesmotoren. 12. Still, nordleg, klåra upp (og) vart kald. 3. adventsundag. 13. Still, kald, nestan fullklår. Tjukna yver frampå fyremiddagen, tok til å snø tett i middagstida, byrja så seinkvelds å blåsa av sud-aust. 14. Sterk sud-aust og kov um natta og frametter morgonstunda, sidan still, yvertjukk, um kvell halvklår, kjøleg, med drått av sud. 15. Still, yvertjukk, nokså mild, um kvellen snøfjun. 16. Kov-tjukk, sud-aust, har lagt ned mykje snø i natt, snør framleis. 17. Gjeng til nord-aust, lettnar upp og vert kald. Vi legg veg yver isen og upp Haga-hole til Utland. 18. Still (litt austavind på Rana), storfrost. Hemnestur. 19. Same ver. 4. adventsundag. Køyrde dory åt Førnese um kveld. 20. Same ver. 21. Like-eins. Drog yver mot kveld. 22. Smått kov, litt kald i morgonstunda, men lédna snart upp og tok til å regna strakst yver middag. Solkverv. 23. SV og regn. Hemnestur, Ole Øverland og eg rodde. 24. Same ver, sterkare, nærmast uver å kalla. 25. NV, smått hagl, sterk um natta ei stund fyrr dag. Joledag. 26. SV og regn, fullt styggver. Andredag. ”Hergard” kalva kl. 6 morgon. 27. Same ver. 28. Spak, smått regndripl i ridom, klårglytt imillom. Kjølde lufti, leid på dagen og tok til å blåsa av aust, nokså sterk seinkvelds. 29. Nord-aust (spaktest og stildest, då de ljosna), yvertjukk, smått snøfjun, mot kveld nokso tett, men lett kov. 30. Yvertjukk, still, byrja seinare å snø smått, sidan tettare med kjøla av vest, la ned adskilleg til kvelds. 31. Vestavind, kov. Um kvelden nordleg vind, kantra til nord-aust, klåra upp. Hemnestur (Trygve) med O. Øverland. – Åre ute!