Dagbok Olav Engen 1925

Fra Wiki
Hopp til: navigasjon, søk

1925

Januar 1. Klår, litt kjøleg ei stund i natt-morgons, tok til å snerkja litt på Nerstraumen. Då det dagna, drog det yver att og vart léver – still, utan nedburd. 2. Regndripl og hagl-skletta, sud-aust storm. Mot kvellen still. Regndripl stundum, klår-holutt imellom, vind av sud til sud-vest, mest spakenn. Hemnestur, rodde frå Utland med litt isbryting um Førnesodden. 4. NV, tung snø. Sundag e. nyår. 5. Regn, berrmark og hålke. Um kvell og natt snøskletta. 6. NV spak, ikkje så lite kovenn i elingan, tok då av utetter dagen. Trettandag. 7. Vere noko likt, kjøla då lufta og var ei tid på ettermiddagen nestan klår. Tjukna då uppatt av SV mot kvell. Køyrde ein 17’ dory til Eide i kvell-månskine. 8. Vestleg kjøla, tung snø. Byrja brjota skogveg. 10. Same ver, mot kvell noko sterkare. Braut skogvegen upp-igjennom. 10. Same ver, men spakenn og lite snø fyrr leid på kvellen, då de tok til å kova tett. Hemnestur – med Oskar -, skulestyremøte – prosten formann. 11. Stor snø-dunns i natt og morgest, då de var mest ljost byrja de regna, ikvell SV storm. 1. H-3-K-sundag. 12. SV rok og regn. 13. Likeins, gjorde åt ner-isen utetter dagen og natta. 14. Same ver, litt spakare fyrst på dagen, blåste i myrkninga upp ein storm av sud, kantra til sud-vest att. Roande frå elva. 15. Orkan av vest-sud-vest både natta og dagen, veldug flo um natt-morgon og nestan likestor um kvellen. Meir vestleg, uppi NV seinkvells, med hagl og snø. Reiv ut isen heilt åt Hagaberg-odden og Timberberg-bekkjen. 16. Stormande av NV til V, haglsnø, rok-glan, um kvellen og natta regn att, snøsurpa på sjøen um morgon, men den sopast snart vekk. Botnkarane køyrde doryar – i alt 4 – hit åt nauste og rodde herifrå. 17. Storm av V til SV, litt hagl og regn, tok av med vere utetter dagen. 18. Spak SV, regn. 2. H-3-K-sundag. Byrja blåsa frisk av SV um kvellen att. 19. Orkan av vest, sidan VNV um natt og morgon, den hardaste kuling eg minnest ha vore med her heime. Tok noko av utetter dagen, men var sterk å rekna for um kvellen og. Isen upp-broken åt Lanese og ytter Hagaberg-odden, elles ope frammed Botn-auren og. 20. Frisk i elingan, litt regnfusk. Tur til Falle på ”Smørlage” med fyrste sendinga. De spyrst adskilleg skade kring lande av stormen og storfloa. 21. Vere likeins, men tek av. 22. Still, klårar upp. Rodde heimanfrå (med ein 18’ dory) og rundt til Eide og heimatt, og folk rodde tilkvells hit-upp, men um natta fraus’n att. 23. Klår um morgon og blank-is, tjukna upp av SV utyver dagen, litt snøfjun seinkvells. De er elles mest berrmark no i låglende. 24. Snøfjun um natta, i dag spak sud, skodd-himmel, litt rek-is på Rana. Hemnestur, skulestyremøte. 25. Still, yvertjukk, seinare på dagen regn. 3. H-3-K-sundag. 26. SV, regn, berrmark og hålke. 27.Likeins, stormande, reiv ut ny-isen og hadde resten av gamall-isen uti Botnhôle godt påglid. 28. Vergjerda likeins, men spakare, stiltest av mot kvell, kjende austleg og klåra upp seinkvells. 29. Klår og blank-is att, men drog upp av sud-aust med vindskyar og tok på å blåsa utav deim i kveldinga. 30. Sud-aust storm um natta og fyremiddag, reiv upp ny-isen att åt Elvkjeften og Kjeldnese. Spakna på ettermiddagen. 31. Still, léver, litt dun snø. Januar er ute og d’er berre sumar. Den 22. pløgde Alb. Straumfors, og på Jamtjord slepte dei sauene ut!

Februar 1. Still, yvertjukk, snødun. 4. H-3-K-sundag. Utyver kvellen meir snø-tjukk, med kram-snø. 2. Likeins. Kynnesmess. Um kvellen blåser’n litt NV. 3. Noko likt med igårkvell. Med floa fer Botnkarane inn-um med tvo doryar, dreg deim med tôg frammed land gjennom tjukk snøsurpa. 4. NV og noko kov, men fint ver millom elingane. Vegmøte på Jamtjord – i Nordigar’n. 5. Same vergjerd, legg ned ikkje lite snø no, ein stutt kuling av SV med regn um ettermiddagen; vil leggja surpa på Nerstraumen, men vinden held han open. NV og hagl um kvellen att. 6. NNV, turr snø, eit langt dus på ettermiddagen, nestan klår, men tjukna til att mot natta. Køyrde upp veg til Medstraum i kveldinga og køyrde ein dory dit. Køyrde doryen til Eide og leverte han til Johan Fineide, som vi møtte der. Um kvellen motest klår. 8. Still, mest klår fyremiddag, tjukna noko upp av VSV, men sette så i å blåsa av aust ein frisk blåstr. Skyutt i kveldinga, fyk litt. Sundag Septuagesima. – Den 6. rodde dei endå frå Utland, men elvkjeften var fullstuva av surpa. I går snødde og fraus de i hop. Frisk sud-aust, yvertjukk. Trygve hogg seg i låre på ettermiddagen, men de er no ’kje fårleg. 10. 11. 12. Spak NV med litt kov-møra, klåra upp um kvellen den 12. 13. Kjøleg, nestan klår, styrkjer isen. 14. Still, halvklår med sudleg drått. 15. Likeins, på kvellsida yvertjukk. Sundag Seksagesima. 16. 17. Likeins, litt snø um næterne, so no er det kring 1 alen snø på undlende. Det går seint med å styrkja isen. 18. Klåra upp igårkvell og kjende austleg, klår, kjøleg, isen farande yverallt. Hemnestur. 19. – 28. Klår og kald, upptil ÷ 11º R., dei 4 siste dagar ein ill austavind. Køyrde dory over isen til Eide, upp i Langnesbugta. Roande frå Eidbugta, Slettrape og nedyver. ”Smalvakker” lembde tvillingar, sau og ver, den 24.

Mars 1. Spak austleg vind, måteleg kald, lett-skyutt. 1. sundag i fasta. Hemnestur, berre eg, saman med Svein Utland. Årsmøte og fest i Hemnes Samvirkelag på ungdomshuse. Vi kom heim etter midnatt. 2. Yvertjukk, gråfrost, dun-snø. 3. 4. 5. NV og kov, stundom ikkje solite snø. Eg held på å leggja skogveg, men vert brydd å få noko fastleik i han. 6. Nordleg vind, fok, kald, ÷ 5º R. Far 89 år. 7. Nordaust, sterk, bitande, ÷ 10º R. Same ver, ÷ 10º. 2. sundag i fasta. 9. – 14. Kald, frå ÷ 5º til ÷ 15º R., blåstr av nord til nord-aust nestan med-eitt. Køyrde dory åt Førnese i morgonstunda den 14., fekk køyra um de tvo oddane med fjæra. 15. Stilt, klår, ÷ 11º R. 3. sundag i faste. ”Hergard” kalva um onsdag 11. 16. Still, lett-skyutt himel, seinare på dagen litt sud-aust kjøla. Skogmerkjing hjå Kr. Sjåvik. Drog yver av vest um kvellen. 17. Still, léver, litt snø. Slagta kalven. 18. SV, mykje regn. Hemnestur med kalvekjøt og mjølk. 19. NV og kov, fullt styggver i elingan. Santalmøte i Tybekk. 20. Same ver, ikkje fullt so sterk. 21. Klår, litt vest kjøla, mest still, ikkje noko kald, men kvesste i mot kvell. Vår-jamdøger. 22. Klår um morgon, drog så smått yver av vest og byrja dun-snø litt utpå ettermiddagen. Midtfastesundag. 23. – 28. Fint ver, jamnast spak sud-aust, stundom uppi nord-aust, og då litt sterkare, mest allstødt natt-og morgonkald, seinare på dagen léver, ender-å-gong litt dun-snø, mest 27. Den 28. mælte eg 77 cm snø nedfor hagagjerde. 29. Halvklår, litt gråkald, spak sud-aust, på ettermiddagen meir sudleg med snø-dun. Kyrkjetur, Anne og eg, ein kapellan preika, Kullerud er burtreist for å gifta seg. Lars-bror 47 år. Brev frå han, frå Prince Rupert, B.C. 30. Yvertjukk, léver, litt nord-aust blåstr. Etter middag nordleg vind og tett kov. Køyrde dory til Eide kring middag. Seint på kvell ein liten regnskvett. 31. Nord-vest til vest og kov, , klabbføre. Smørtur til Falle. Umlag 90 cm snø her på gardsflata.

April 1. Still, kov-tjukk, sud til vest (vesterskotung). Sterkt kov på ettermiddagen. 2. Litt kjøleg og klår ei stund på natta, drog yver av sud på fyremiddag, sud-aust og smått kov ettermiddag. Køyrde ved frå skogen. 3. Léver, kov-fjun, sud-aust. Vedkøyring. Um kvellen og natta nord-vest og kov. 4. Lagt ein 10-12 cm snø i natt. Klåra upp då dagen kom og kjøla lufta. Still og solskin til mot kvell, då de drog yver av SV. Trygve på Hemnes. 5. Skletta fyrst på morgon, sidan SV og regn. Palmesundag. 6. Same ver. 7. Still, regn. Lyste upp mot kvell og kjølde lufta litt. 8. Litt skare um morgon, elles solskin og snøbrede. 9. Litt kjøleg i natt, skare likeins pålag som igårmorgest, drog sidan yver av SV og tok til å regna smått. Skirtorsdag. Kyrkjetur (berre eg herifrå) med Førnes-motoren. 10. Still, klårver, snøbrede. Langfredag. 11. Litt nattkald, då ’kje nokon sterk skare, elles likeins som i går. 12. Still, skyutt, léver. Påskedag. Landkallen skaltrast og tærast upp. 13. Same ver. Andredag. 14. Sol, snøbrede, litt sud-aust. 15. Same ver fm., drog yver av sud på em. og kula på av sud-aust. Snømål i dag 68 cm, den 5. var de vel 1 meter. 16. Yvertjukk, léver, spak sud-aust. 17. Same ver, litt regndripl på ettermiddagen. Roande frå elvkjeften. 18. Lettskyutt, NV kjøla i morgonstunda, seinare skletta og regn. Hemnestur. Um kvellen køyrde vi dory - ein 17’ – åt Medstraum-auren og rodde’n åt Eidbugta. 19. Klår, solskin, NV, spak, drog yver på ettermiddagen med kaldvoren blåstr. Rodde doryen til Finneide, for derfrå åt Sæter, der eg låg um natta.1. sundag e. påske. 20. Klår um morgon med fin skare, drog yver frampå fyremiddagen, og kom på ettermiddagen med smått kov og skletta. For frå Sæter’n so kl. 10 og til Hemnes, der eg råka Storeng-gutane og fekk fylgja heim – kom hit so kl. 5. 21. Still um morgon, sidan SV, skletta og regn. Tok til å velja upp sed-tates. 22. Halvklår, kjøleg, sud-aust kjøla. Byrja køyra møkkr, heldt elles fram med sed-tatesen. Ner-isen slitna frå i går og er no på reis. Øver-isen landlaus yverallt. 23. Halvklår, sud-aust, snøbrede. Ner-isen burte. Sterk sud-aust, leid på dagen. 24. Spak austleg – nærmast nord-aust på ettermiddagen – halvklår. Dei ror frå Botne frammed isen med’ floa. 25. Still, kov-møra. Letta av frampå fyremiddagen, med spak austleg gråe, på ettermiddagen smått regn, um kvell vest kjøla. Hemnestur. 26. Nordvest, stundom frisk, litt sklett- og regnfull, isen køyrast innpå Medstraum-auren. 2. sundag e. påske. 27. Halvklår, kjøleg, blå-is her uppå fjæra. 28. Nestan klår, kald, still, sterk skare. Møkk-køyring både igår og i dag. Isen ligg og sperrar millom Kjeldnese og Medstraum-auren – hud-heil med blå-is imorgest. Anne 53 år. 29. Likeins som igårmorgest, på ettermiddagen frisk austleg vind. Isen for ned-um igårkvell. 30. Yvertjukk, frisk nord-aust um morgon, klåra upp frampå fyremiddagen. De berkast fram-i bakkane.

Mai 1. Klår, skaraføre, aust-gråe um morgon, drog i middagstida yver av vest og tok seinare til å blåsa litt den vegen. Mo-tur, kom heim so kl. 6. 2. Vestleg vind, snø, skletta og regn. Hemnestur, Anne og eg, (med Oskar). 3. Austleg vind, yvertjukke. 3. sundag etter påske. Krossmess. Ettermiddag sterk, noko regnfusk. 4. Stilt regn. Seinare NV, kjøleg, sklett-elingar. 5. Turr nord-vest, kjøleg. Berr-flekkutt på tune og strendom. 6. Nord-aust, klår, skare, blå-is. Trygve var på Mo, med Førnes-gutane. 7. Likeins. 8. Mildare, ingen is eller skare, sud-aust og snøbrede, skyutt himel. 9. Same ver. Hemnestur, roande, åleine. Um kvell i Straumen på sei-drått, Trygve og eg. 10. Same ver lengste stunda. Frå kl. 5 em. vestleg vind og regndripl. 4. sundag etter påske. 11. Stilt, regnfusk um morgon, letta av mot middag, um kvellen nord-aust, klår, kjøleg. 12. Yvertjukk, still fyrst på morgon, sidan på fyremiddagen frisk nord-aust blåstr med regn, på ettermiddagen spakare, regn for de jamnaste. 13. Still, yvertjukk fyremiddag, regn, sterke rôsur av sud-aust på ettermiddagen. 14. SV og regn, stundom sterk, still imillom, mot kvell ei haglskur av nord-vest. Berrmark på heimetune, Lamyra undanteke, eit par snøflekker i Ratadalen, ein flekk som eit stovebord for kjøkenglase. 15. Stilt regn. 16. Yvertjukk og smått regn fyrst på morgon, men letta fort upp med austleg kjøla, mot kvell nestan klår. Hemnestur, Anne og eg. Skulestyremøte. 17. Klår, blank-solskin, austleg gråe. Trygve og eg for til Hemnes og var med i festen, kom heim burtåt kl. 8 kvell. Byrja seinare å tjukna yver. 18. Yvertjukk, still. Byrjar smått med vår-onna, baking. 19. Same ver. Stelte hagen, sådde kålrabi. Seinare på dagen ei rid frisk NV med skodd og regndriv, lyste upp mot kvell av nord med kjøleg luft. 20. Mykje godt same ver. Pløgde, møkra og harva på Rabben. 21. Halvklår, kald nordleg vind. Heilag-torsdag, uppbyggjingsmøte på Straumsnes hjå N. Iversen, vi var der, Anne og eg. 22. Still, klår, kjøleg i morgonstunda, sidan frisk nord-aust og nokså kald. Eg for til Falle meg smør og til Dalosen etter gjetar, Ove heiter han. 23. Klår og kald, is på vassbyttunn, frisk nord-aust. Trygve for til Hemnes, de var slutfest på fylkesskulen, han kom heim med dampen so kl. 6. Eg pløgde på Sjøvegen. Vi slepte ut kyrne, hadde elles hatt deim ute so snarast den 21. Sauene har vore ute kvar dag sidan 19, har ligge i sumarfjose um nætene. Dei fortel at Adrian Falk, Medstraum, og Ludvig Kåtenge kom heim frå Amerika, Falk har vore der i 42 år, Ludvig i 18. 24. Spak nord-aust, kald, lett-skyutt. 6.sundag e. påske. 25. Still, klår og kald. Sådde havre her ved stoveveggen. 26. Same ver, blå-is, rimfrost, seinare frisk nord-aust. 27. Still, noko mildare luft, lettskyutt i sud. Sådde bygg i ”Solbakken” i går, pløgde elles på Sjøvegen, andre sida. I dag sette vi tates på Rabben. – De blåste upp frisk austavind, sidan uppi n.nord-aust, drog yver av sud, sleit nokre regndropar. 28. Halvklår, frisk austleg vind fyrst, tjukna snart upp, spaktest og tok på ettermiddagen til å regna. Møkra og harva på ”Sjøvegen”. 29. Yvertjukk, spak austleg vind, friska seinare på, gjekk til nord-aust og kjøleg luft. Køyrde møkk og harva uppå bakken. 30. Sterk nord-aust um natta og morgonstunda, yvertjukk, mild luft, sterk skottungs-drått; byrja regna so kl. 7 fm., spaktest sidan og gjekk til sud-aust og sud, fine solglytt skiftande med regnbøygjor utyver dagen. Hemnestur. 31. Vest til sud-vest vind med regnbøygjor, skiftande med fint solskin. Pinsedag. Marta Steinsvik heldt fyredrag på ungdomshuse kl. 4 – 6 em. – um lækjedom ved bøn -, vi var der og høyrde på, Anne og eg.

Juni 1. Andredag pinse. Still, nokso mykje regn um natt og fyremiddag, sidan lange fine solglytt. Missionsfest på Utland hjå Svein, Anne og Far er der. ”Dokki” – lagt 11. mai – kom med kjuklingar igår og i dag. 2. Spak sud-aust, lettskyutt, fint sommarver. Sådde bygg uppå ”Rønningen”, sette tates på Sjøvegen. 3. Still, yvertjukk um morgon, eit stutt solglytt på fm, so vestleg vind og kjøleg, drog upp av sud, og tok til å regna tett og smått so kl. 5. Veitgraving uppå bakken. 4. Still, smått regn, skoddytt. Seinare vind av vest, kjøleg. 5. Lett yverskya, still, varm. Tok til å pløgja uppå bakken. 6. Austavinds-gråe, regn. Hemnestur, eg åleine, kom heim so kl. 2. Pløgde sidan vidare. 7. SV, sterk, og regn. Trieiningssundag. Sist på dagen ein solglytt. Santalmøte her, med val på utsending åt krinsmøte. 8. Stilt yr-regn. 9. Spak SV, mykje regn. Stelte med gjerdene. 10. Yvertjukk, still, klåra av etter nondag og vart varm. Sådde havre uppå bakken. 11. 12. 13. SV, meir og mindre sterk, og regn. 12. laut eg heimatt med gjetaren Ove, han greidde ’kje vera her lenger. 13. Hemnestur. 14. Upplett, halvklår på fyremiddag, drog sidan yver att, bles upp nordleg vind og tok til å regndripla. 1. sundag e. trieining Vegfest på ungdomshuse. Vi fekk ein ny gjetar frå Dalosen, Ottar Elvebakk. På vegfesten var vi alle. 15. Yvertjukk, litt sudleg kjøla, turr for-so-mest til kl. 8 em. då han tok til å regna. Pløgde, sådde og harva siste åkerlappen uti Lamyra – bygg og grasfrø. 16. Spak SV, tett, smått regn. 17. Likeins. Um kvellen litt klår-holutt med drått av nord. 18. Som igårkvell. Mot kvell drog’n yver med myrkbakke. 19. Myrkbakke, litt fauka no og då. Eg var i Litlenge på skogmerkjing. 21. Same ver fyrst på dagen, klåra upp etter middag, og vart um kvellen retteleg blankver. Hakka fyrste potetlande. Hemnestur. 21. Lett-skyutt, varm, eit og anna regndripl. 2. sundag e. trieining, konfirmasjon. 22. Tunne, lette godversskyar, still. Kyrne vart flutt åt sumarfjøse den 19. – På ettermiddagen nordleg vind, drog seinkvells yver med myrkbakke. 23. Som igårkvell: Ettermiddag nordleg vind og yr-regn. 24. Klår, blank-solskin, men nordleg vind, kjøleg. Jonsok. Tateslandi hakka fyrste gong. I kveldingen myrkbakke. 25. Nordleg vind, myrkbakke, fauka. Gravøl i Straumen yver Halle, som døydde den 19. Vi var der, Far, Anne og eg. Vesle Ivar i Husnese døydde den 20., skal gravast imorgo. 26. SV og regn. Henta bord frå Jamtjord-saga. 27. Halvklår, frisk nordleg vind, mot kvell myrkbakke att. Hemnestur. 28. Yvertjukk i morgonstunda, letta sidan upp og vart klår um kvellen, spak nordleg vind heile dagen. 3. sundag e. trieining, kyrkjetur Anne og eg, missionspreike (santalmisjonen). 29. Halvklår, still, seinare på dagen vestleg vind, kjøleg. 30. Klår, spak sud-aust, varm. Havgula i kveldinga.

Juli 1. Vere likeins som i går. 2. Yvertjukk, litt regndripl i morgonstunda, sidan klår. 3. Klår, steikjande heit. Vegarbeid i lag med Botn-karane i Gjeitvegen. 4. Likeins. Hemnestur, Anne og Trygve. 5. Heitt solskin, regnfloingar. 4. sundag e. trieining. 6. Varm, men skyutt, kjendest ender-å-gong litt regndripl. Hyppa tateslandi. 7. Same ver, berre med ein sterk regnfloing tett fyre middag. Henta slåmaskin frå Eide. 8. Skyutt men turr fyremiddag, men sette so i med torgong og tok til å regna sterkt. 9. Heldt fram likeins. 10. Hesja upp noko gras vi har slege med (?) tateslandi. 11. Vest vind, myrkbakke, litt fauka. Hemnestur. 12. Still, tett, smått regn, litt minder på ettermiddagen. 5. sundag e. trieining. Anne og Trygve med kyrkja. Nypresten, Knut Mollestad, skal innsetjast og preika her fyrste gongen. 13. SV og regn. Lyste upp mot kvell. 14. Klår og varm. Byrja slå litt kring husi. 15. Still, halvklår. Ettermiddag heilt klår. 16. Litt regn i morgonstunda, lyste sidan upp, um kvellen klår. Byrja slå i vegane desse dagane, frå den 14., kunn’ eg segja. 17. Klår um morgon, drog upp fram mot middag og vart på ettermiddagen sterk tor-gong og regn. 18. Klår um morgon, vere laga seg elles nett som i går med torgong og ljon endå sterkare, dertil so kl. ½5 eit sudvest råk med stort hagl, som vi aldri har sett fyrr. Stilltest mot kvell og heldt upp å regna. Hemnestur fyremiddag. 19. Skyutt, vestleg vind, men turr og varm. 6. sundag e. trieining. Trygve på fjelltur med ungdomslage – på Knausane. 20. Regn i morgonstunda, men lyste upp mot middag, um ettermiddagen skein sola og turka høy. 21. Klår og varm, byrja um kvell å draga upp av sud-vest. Eg er 54 år. 22. Skyutt, havgula, lett skodd i fjell seinkvells. Kan rekna 6 lass turrhøy til i dag. De er fyrste dagen vi har slege noko nemnande med maskinen, prøvde han elles den 15. for fyrste gong. 23. Skyutt. Still, frisk SV drått, tjukna snart upp og vart mykje regn em. 24. Vestleg vind, klår-holutt, frå kl. 4 em drog han yver med skodda og vart fauka og yr-regn tilkvells. 25. Vestleg vind, halvklår i morgonstunda, klåra av og byrja blåsa av aust. Hemnestur. 4 lass turrhøy, i alt 15 no. 26. Sud-aust, lettskyutt, varm. Seinkvells torgong og regn. 7. sundag e. trieining. Nypresten, Mollestad, heldt preike på ungdomshuse på Falle, Anne og eg var der. 27. 28.29. Regn, meir og minder. Slått og hesjing. 30. 31. Fine høyversdagar, sud-aust med floingar, men berre dripl. I alt i juli 23 lass høy.

August 1. Yvertjukk og regn um natta og fyrst på morgon, men lyste snart upp og vart fint høy-ver. 7 lass høy. Hemnestur, skulestyre. 2. Regn natt og morgonstund, sidan fin, sud-aust, halvklår. 8. sundag e. trieining. 3. Yvertjukk, sud-aust, turr. Skein noko av, men kom so med floing i 4-5-tida og vætte turrhøye. Fekk inn 5 lass hesjehøy seinkvells. 4. Regn um natta og morgonstunda, sidan vestleg vind og skoddhimel, skein noko av på ettermiddagen. 1 lass turrhøy. 5. Halvklår, still, varm, seinare på dagen vestleg vind, skodde i fjellom. 6. Likeins. 7. Regn um natta og morgonstunda, sidan turr vestleg vind og skoddhimel, turka litt setehøy. 8. Yvertjukk, still allrafyrst på morgon, sidan vestleg vind, klåra upp mot middag og vart varm. Hemnestur, 11 lass høy. 9. Still, klår ei stund på fyremiddagen, tjukna upp mot middag og tok til å smådripla, um kvellen torefloing. 9. sundag e. trieining. 10. Skyutt, spak sud-aust, turka litt setehøy. 11. Halvklår, sud-aust, høyturk slik han var. 12. 13. 14. Regn, vest til sud-vest vind. Slo av den 12, elles hesjing og framkøyring. 15. Still, skoddhimel um morgon, lyste sidan upp og skein litt sol på ettermiddagen. NV, laber. Hemnestur, Anne og eg. 16. NV, spak, skoddhimel med klårglytt. 10. sundag e. trieining. 17. Vere mest likeins, ikkje fritt for regndripl, fekk då inn eitt lént lass turrhøy. 18. Varm, lettskyutt, spak, sud-aust, regn i kveldinga. Fekk inn resten av høybreiene. 19. 20. Regn til frampå fyremiddagen den 20., då de tok til å blåsa litt av aust og turka litt. 21. Sud-aust, halvklår, varm, godt høyver. 22. Likeins. Hemnestur, Far, Trygve og eg. 23. Klår, spak sud-aust og solskin. Nypresten heldt uppbygging ved skulestova på Medstraum kl. 12 og sidan jordfesting på gravplassen. De er fyrste gong ein prest tala her til høgmessetid. Her samlast uvanleg mykje folk, både av heimfolk og framande, 2 motorbåtar skyssa, dessutan ei mengd med robåtar. 24. 25. 26. 27. 28. Klår kvar morgon og heitt solskin, sud-aust, stundum sterk, um kvellane skyutt, til dels yvertjukk, den 28. tok de på å regna um kvellen. 29. Halvklår um morgon, still, bles upp so kl. 8 med sterk S vind, spakna so kl. 2 og tjukna upp, tok på å regna kring kl. 4. Hemnestur, Anne og eg. 30. Still, smått regn. 12. sundag e. trieining. ”Nominasjonsmøte” i Hauan. 31. Regn, spak sud-aust, lange el-dus. – Høye fekk vi inn fyrst i fyrre vika, tilmed litt hå som nyleg var slegen, i alt umlag 75 lass. Siste korne skar vi den 28. 32 byggstaur, 34 havre.

September 1. Sudleg, regn med lange glytt. 2. Litt regn, men mest turt, på em., nordleg vind, seinkvells vest vind og tett regn. Reiv ned Førnes-nauste – de datt elles i vår – og sloga de heim i går og i dag. 3. Still, ausregn, sist på dagen austleg vind. 4. Sterk sud-aust, solskin. Tok inn 40 staur. 5. Still fyremiddag, litt gråskyutt, so eitt solglytt i middagstida, sidan yvertjukk, spak vestleg vind, smått regn. Hemnestur. 6. Sterk austleg vind morgon og fyremiddag, skyutt, sidan spak og still, solskin. 13. sundag e. trieining. 7. – 11. Same veret. Tok upp tates. 12. Spak vestleg, skodde, fauka. Hemnestur. 13. Sudleg, regn. 14. sundag e. trieining. 14. SV, sterkt regn. 15. Likeeins um morgon, tok av utetter dagen. Trøska bygg. 16. Austleg, lyste smått upp og vart turr. Dryfta det vi hadde trøska. 17. Litt frisk sud-aust, skyutt, stundom nokso regn-lik. Tok inn resten av stauren. 18. 19. Likeins. Hemnestur 19. 20. Likeins. Anne, Trygve og Ottar på kyrkjetur – 15. sundag e. trieining. 21. Mest likeeins. Tok upp resten av poteten. 22. – 26. Sudleg, spak, mest turr og solskin, men ender og då litt regndripl. Hemnestur 26. 27. Same ver. 16. sundag e. trieining. Gjetaren slutta og for heim. 28. Sud-aust, halvklår. 29. Sud-vest, mykje regn. Mikkjelsmess. 30. Same ver.

Oktober 1. SV og regn med solglytt på fyremiddagen, ettermiddag storm, styggver. Eg var og arbeidde på Jamtlivegen. 2. Vere likeeins. 3. Likeeins, gjekk an å koma til Hemnes i fjæratida um morgon. Ti’nbyte. Eg kom heim i middagstida i storstorm med hagl-elingar. I kveldinga NV med haglskletta. 4. Same ver som igårvell, marka kvit. 17. sundag e. trieining. 5. NV og hagl-skletta. 6. Same ver å byrja med, men spaktest smått, lyste upp utetter dagen og var um kvellen austleg og kald. 7. Mest klår, blåisfale på Straumen, frosa mark. Hemnestur med kålrabi, Trygve og eg. Leid på dagen bles han upp av vest med haglflister, men kjende smått upp-i nord-aust att. Fyrste dagen at alt fée stend inne og fær all maten. Elles har dei fått litt um morgon sidan Mikkjelsmess. 8. SV, skletta og regn. 9. Aus-regn, tok all snøen av her ned-på marka. SV storm. Gjekk um kvellen til NV og kov. Sterk om natta, likeins den 10., difor vart de ingen Hemnestur, um de var laurdag. Yversnødd att. 11. NV og kov framleis. 18. sundag e. trieining. 12. Stilla og kov. Straumen snør att. 13. Klår og kald, Straumen frys og legg att. 14. Kald, ÷ 11º R. Enno um morgonen roande millom Kjeldnese og Medstraumen. 15. Same ver. Om kvellen gjekk eg yver frå Lanese til ut-um Gjeitvegen. 16. Same ver. Drog eit kjelkelass med mjølkespann åt Førnese. 17. Same ver. Hemnestur med Førnesmotoren. 18. Yvertjukk, léver, ur-smått snø-fjun. 19. sundag e. trieining. 19. Klår og kald fyrst på dagen, men tjukna upp so kl. 1-2 og tok sidan til å snø. Kommuneval. Eg sat i ”stemmestyre” saman med Georg Hauan og Olav Straumfors. 20. Vestleg, snø. 21. Still, ender-å eling med regn eller tung snø av vest til sud-vest. Klåra mot kvell av aust og kjøla lufta. 22. Blåste litt nord-aust, men ikkje vidare kald, solskin og litt vindskyar. 23. Still, solskin, lettskyutt, um kvellen fullklår og kjøleg. Breirem var her. 24. Noko frisk austleg vind, yvertjukk, litt regndripl. Hemnestur. 25. Still, yvertjukk, léver, utan regn. 20. sundag e. trieining. 26. Kjøleg og nestan klår um morgon, tjuknad til utetter dagen og vart likeins som i går. 27. Like-eins morgon og kvell, dertil frisk sud-aust. Isen veiknar og landkallen er nestan ubrukande. 28. Yvertjukk, sud-aust, léver. Slagta ”Birma”, Ola Øverland var her og gjorde de. – Klårglytt ei stund kring middag. 29. Yvertjukk, smått regn frå kring kl. 11 fm., frisk austleg vind. Marka berflekkutt frammed strendene. Byrja snø sistpå kvell. Vi køyrde slagte til Eie. 30. Austavind, kov, yversnødd att, isen avbroten og landlaus. Klåra upp frampå fyremiddagen, spakast mot kvell og tok til å frysa. Bededag. 31. Still, klår og kald. Nedanfor elva, som var mest roandes i går, er frosen til att, og gamal-isen styrkjast pånytt. Ragnvald Ramslie, Anne sin systerson, kom på vitjing.

November 1. Klår, austavind, kaldt. Isen landlaus framleis her frammed. Helgamesss-sundag. 2. Lett-skyutt med drått av sud, austavind, sterk, kald. 3. Heilt klår att, austavind, kald. Still, yverjukk og litt mildare, klåra noko av mot kvell. Ramslie reiste. 5. Still, lett snø. Drog material frå Botn-saga. 6. Lettskyutt, still. 7. Klår, ÷ 11º R. Skog-arbeid denne veka, tid um annan. 8. Lettskyutt, still. 22. sundag e. trieining. Isen fullgod att. 9. Still, ÷ 8º R. Skog-arbeid etter middag. 10. Same ver, byrja tjukna til og lédna upp mot kvell. 11. Still, lett snø fyrst på dagen, mot kvell kram. Dory-arbeid i går og i dag. 12. SV og regn tek fort på snøen. 13. Same ver, full berrmark um kvellen. 14. Still, skodde, ender-å glytt på berr himmel. 15.Like-eins, endå tettare skodde. 23. sundag e. trieining. 16. Still, upplett, léver. Henta bord av Jamtjord-saga. Byrja hagla litt um kvellen. 17. Yversnødd. Spak vestleg, snø og skletta. 18. SV og regn, tok snøen vekk att. 19. SV storm, regn, ner-isen uppbroten. 20 Same ver. Isen vekksliten hit åt inder Hagaberg-odden og Hestlortbekkjen, so vi rodde dory derifrå til Eidbugta. Tok til å snø mot kvell. 21. VNVog kov, ikkje sterk. Hemnestur, eg og Trygve, rodde frå Hestlortbekkjen og kom dit att um kvellen, fylgde elles Førnesmotoren. Klåra upp seinkvells og fraus, der var mykje snøsurpa på Straumen. 22. halvklår, kjøleg, still, Straumen hud-heil. 24. sundag e. trieining. 23. Still, utnordshengsl, smått snøfjun. 24. og 25. Vere likeins med adskilleg snø, so de no ligg meir enn ½ meter på jamn mark. Isen i uføre, Rana rek med surpa og is heilt ut-um Hemnes. 26. Same ver å byrja med, men sette i kveldinga i med austavind og held tupp å snø. 27. Sterk austavind og fokk. Rana rein att. 28. Same ver, ikkje fullt so sterk. 29. Still, kald. Isen styrknar. 1. sundag i adventa. 30. Klår, spik-kald, ÷ 18º R.

December 1. Litt fin snø, ”frosthare”, ÷ 4º R. 2. Likeins. 3. Klår og kald att, ÷ 15º R. 4. Nord-vest og hagl. 5. Same ver, nokså sterk um natta og i morgonstunda, men spaktest då dagen ljosna og vart still. Tok til å snø etter det myrkna um kvellen. Hemnestur. 6. SV og regn i morgonstunda, lyste fram mot middag og vart still og fin. 2. sundag i adventa. Regn sistpå kvell att. 7. Still, yvertjukk, léver, litt skletta. 8. 9. og 10. Mest same ver. 8. var Johan Fineide her og henta doryar, fekk 2 17-fotingar hjå oss. 11. Litt meir kjøld i lufta, skyutt, ingen ovanburd. 12. Frisk nord-aust, smått snøfjun i elingan, litt kald. Hemnestur. Verd-takst hjå Hilda Todal. 13. Halvklår, kjøleg, still. 3. sundag i adventa. – Seinare litt austavind. 14. Still, klår og kald, ÷ 14º R. Fekk telefonbod um å møta i heradstyre som varamann, til formanns-vale, då Joh. Dilkestad hadde forfall. Eg for iveg so kl. 1 og rokk fram nett til møte byrja, kl. 3. H. Jakobsen, Drevvatne, vart ordførar, Boldermo varaordførar, G. Hauan og M. Michalsen formenn, Jens Bech, Johs Luktvasslimo, Joh. Dilkestad og Ole Evensen varaformenn. 15. Endå kaldare, ÷ 17º R. Drog yver med frostrøyk mot kvell. Eg kom heim frå Hemnes so kl. 2. 16. Fin snø, ”frosthare”. Køyrde nokre bord heim frå Eide, som eg hadde fenge hjå Joh. Fineide. 17. Klår, ÷ 16º R. 18. Litt mildare, ÷ 9º - ÷ 10º R. Um kvell yvertjukk med litt dun-snø. 19. Yvertjukk, dun-snø, ÷ 14º R., Still. Hemnestur (Trygve). 20. Same ver, litt mildare, ÷ 7º R. 4. sundag i advent. 21. Skyutt, litt sud-austleg vind, ingen ovanburd, ÷ 3º - ÷ 4º R. 22. Austleg storm, fok, litt gnister-kov. Solkverv. 23. Austavind, spak, ingen ovanburd, yvertjukk. 24. Same ver, endå spakare, mest still. Jolafta. 25. Still, skyutt. Jol, kyrkjetur, berre eg. 26. Same ver. Andredag. 27. Same ver. Sundag. Fest på ungdomshuse. 28. Same ver, berre litt austleg vind. 29. Klår og litt kaldare, still. 30. Austavind, storm, kov-gnister, veldig fok. 31. Still, halvklår, utnords-drått, litt kov-flister i kveldinga.