Dagbok Olav Engen 1924

Fra Wiki
Hopp til: navigasjon, søk

1924

Januar 1. Same ver å byrja med, men litt mildare. ÷ 9 - 10º R. 2. Litt kaldare. 3. Litt mildare att, yvertjukk um morgon ÷ 6 – 7º R. 4. Litt kaldare att, men tjukna upp og lédna mot kvell. 5. Byrja snø so smått, ÷ 3º, lédna att og vart stilt regn um kvellen og natta. 6. Tok til å letta upp med regnet i morgonstunda, spak V vind, klåra og kjølde lufta mot kvell. Skyssa Trygve til Hemnes, fekk harald med hit-att. Trettandag. 7. Klår, kjøleg, still, ÷ 8º. 8. Likeins, litt austleg vind på Rana. Rodde til Finneide med ein 16’ dory, selt til Joh. L., kom att med lokalen som hadde skift rute den 9. kl. 5 morgon. Same ver, ÷ 8º R. Seinare på dagen austleg vind, mindre kaldt, i kveldinga sterk, yverskyad av sør. 10. Austleg vind, sterk, yvertjukk, snø-flister, 0ºR. 11. Likeins, men spakare. 12. Vind, sud-aust til sud, stundum sterk, skyutt, men stundum nestan klår. Hemnestur med mjølk. Skulestyremøte. 13. Stilt kov. Tjugan-dag. 2. Heilag tri Kongar sundag. 14. Stilt kov ei stund, på ettermiddagen regn, SV kjøla. 15. 16. Regn, storstorm av SV, spakna um kvellen den 16. Kjøla lufta. 17. kald, halv-klår, litt austleg vind. Var på skogmerking hjå martin Gjessbakken. 18. Still, klår, ÷ 8º R. 19. Tjukna upp um natta, blåste upp av sud-aust, gjekk um til nord-aust, sterk her heime, spakare på Rana, klåra av utetter dagen, men vart ’kje heilt klår. 20. Lett-skya, nord-auststerk. 3. H-3-K-sundag. 21. Same ver, kannskje ikkje fukllt so sterk, allvisst då det leid på dagen. I kveldinga spak, nestan still, klår himmel, noko kaldare. 22. Klår, ÷ 12º R, gjekk upp til ÷ 8º R leid på dagen, tok til å tjukna upp av SV. 23. Yvertjukk, ÷ 7º - ÷ 8º R, ”gråfrost”, tok til å dun-snø i myrkninga. 24. Snødd i natt ein 2-3 tumar, lett-skyutt, still, ÷ 5º R. 25. Likeins, tok i myrkninga til å blåsa litt av sud-aust og varmemålaren gjekk upp på 0º. 26. Sterk ”skottung” (?) um natt-morgon,kantra so kl.. 8 – 9 til SV med regn og rok. Var på hemnestur, men laut snu attmed Mølnhus-skjæran. Litt spakare på ettermiddagen. 27. Sterk um natta, likeins fm., sidan litt meir ”bedagelig”. 4. H-3-K sundag. 28. Vestleg vind, kantrande millom VSV og VNV, stundom regn, stundom haglskletta. Tok Hemnesturen i dag, med Ivar J. Førnes. 29. Litt snøfjun her, austavind på Rana. 30. SV og regn att, sterk fyrst på dagen. 31. Same ver, men litt spakare.

Februar 1. NV og kov, sterk, men lange dus. 2. Likeins, på morgonsida storm, so Hemnesfararne vart seinka og hindra. Sist på dagen spak. Likeins som igårkvell. 5. H-3-K-sundag. Varmegrad 0º. 4. Still, halvklår, litt kaldare, klåra sidan heilt av, nedpå ÷ 7 - 8º R. Snødde litt i natt, yvertjukk, still sidan dagen kom, ÷ 5 - 6º R. Klåra mot kvell. 6. Klår, blåstr av nord-aust, drog sidan yver frå vest og spaktest. Imorgest ÷ 8º R, på ettermiddag 11º. Snø-fjun i kveldinga. 7. Lett kov, still. Klåra upp kring middag og gjekk ned til ÷ 9º R. 8. Lett kov-fjun, still, ÷ 4º - 5º R. 9. Still, klår og kald. Hemnestur, Anne og eg. 10. Same ver fyrst på dagen, men upp mot middag drog han yver og tok på å blåsa av nord-aust. ÷ 3º R. 6. H-3-K sundag. – Mot kvell stygg-sterk natta yver og 11. likeins, med lurvutte skodde-skysr med klår-hol innimillom. Spaktest, leid mot kvell. 12. Yvertjukk, spak nord-aust. 13. Snødde litt um natta og i morgonstunda, still, tunn skyutt sidan dagen lyste. 14. Lettskyutt, lite kald, fint ver, spak vestleg drått. 15. Likeins. Kov-fjun i myrkninga. 16. Vestleg vind, litt kovenn, våt-skletta då de myrkna. 17. Sud-vest, regn og skletta. Sundag septugesima. 18. NV og kov. 19. Same ver, men nokre lengre dus. Tok i myrknings til å snø sterkt. 20. Snødd mykje i natt, kov framleis. Fekk doryen køyrd nedover åt Førneset (Kr. Utland), fælt med krav på isen. 21. Lyste upp, stilt, ÷ 7º - 8º R. 22. Likeins pålag – lett skyutt, seinkvells nestan klår. 23. Gråskoddutt himmel, v.kjøla. Solglytt midt på dagen, klåra heilt upp um kvellen og skaut i med frost. Hemnestur, Anne og eg. Anne var og tala med dr. Lind frå Mo, søkte råd for sine sjukdomar, fekk trøyst og von um betring, berre um å vera tolug og varsam med seg sjølv. 24. Kula, klår, still. ÷ 13º R. Sundag seksagesima. Mor hennar Lise Utland og tvo av smågjentene var herburte. 25. Klår og kald, ÷14º - ÷ 15º R. Still her, isvind, ”Snegg” (?), på Rana av sud-aust med mykje frostgóve. Harald og eg for til Finneide med ein 17’ dory, han vart att for å fara til Hemnes, eg kom heim so kl. 7. 26. Kald fyrst på dagen, men ikkje heilt klår, tjukna til med litt blåstr av sud-aust, og tok til å snø kring middag. Eg for til Hemnes saman med Nils Øvringmo, der eg, saman med Anton Sæter, heldt takst på husi hans Kr. Jakobsen. Kom heim kl. 10 um kvellen. 27. Kov, sterk sud-aust, gjekk um til SV, V og NV med skletta og kov. M. J.(?) Tybekk døydde kl. 9 fm. Storstorm, styggver. 28. NV og kov, sterk på fyremiddag, spakna sidan og letta upp. Noko kald i kvellinga. 29. Kald, litt skoddutt i dagninga, klåra sidan upp. Tok seinkvells til å blåsa av nord-aust.

Mars 1. Klår, nord-aust og frost. Kula på etter det vart ljost og vart stor-storm, kantra til aust og sud-aust. Dei som for til Hemnes, kom ikkje att. Sameslag vind, men spakare, ikkje fok slik som i går. Fastelags sundag. – Spakna smått utetter dagen, men heldt ved. 3. Same vind, litt røykutt himmel, kula på og vart sterk ei stund på ettermiddagen (fullt nord-aust). Kasta lett kov-fjun, men vart umsider klår att og spaknad, 4. Plent likeins med ver og vind frå morgon til kvell. 5. Still og klår um morgon, men trutna til utetter fyremiddagen, og tok smått til å snø i middagstida, sidan meir, men heldt upp att sist på kvellen. 6. Klår, morgonkald, litt solskin, still. Far 88 år. 7. Klår på fyremiddagen, men trutna til på ettermiddagen, og tok um kvellen til å blåsa av sud-aust og snø litt. 8. SV frisk i elingan, skletta. Hemnestur. Trygve vart med heim, skal ha frimåndag. Harald melder at han er sjuk og kan ikkje koma hit alt no. 9. Fyrst på morgon likeins som i går, gjekk so upp i NV og N og klåra av for-so-mest. Fint solskin. 1. fastesundag. 10. Klår, kald, still. 11. Uppslag i vére, litt austleg vind, lett kov, som auka på mot kvell. 12. Still og nestan klår på fyremiddag, sidan litt lett, tunt kov, rimføre. Gravøl i Stor-enge i går, Anne og eg var der. 13. Kov og skletta, utpå dagen regn og S og SV vind. 14. SV storm og regn. 15. NV og kov um morgon, fullt styggver. Spakna upp mot middag og vart finver. 16. Litt skyutt og N vind fyrst um morgon, sidan austavind og klår, fin-fint ver og klingande føre. 2. fastesundag. 17. Klår og kald – still. 18. – 21. Likeins, nedtil ÷ 16º R. 22. Skyutt um morgon, nord-aust blåstr, sidan klår, still, mild um kvellen, kaldare. Hemnestur. 23. Klår, still, morgonkald, utetter dagen solbreda (?). 3. fastesundag. 24. 25. Same ver, 25. frisk austleg vind. 26. Mest likeins, lett-skyutt. 27. Still og fint solskin. 28. Skyutt, léver. 29. Klår, med små godver-skyar. Lars 46 år. Brev frå han i går. 30. Likeins. Medfastesundag. I går 100 år sidan Hans N. Hauge døydde. I dag minnepreik for honom i alle landsens kyrkjor – ja ikkje i Hemnes men Korgen. 31. Skyutt, gråfrost.

April 1. Same ver som i går, morgonskare. I dag er de 90 cm snø for stovedøra, den 1. mars var de litt meir, sidan har de minka. 2. Léver, snøfjun. 3. Snøskletta, sidan reint regn. 4. Snø og regn. 5. same ver, ikje solite ruskutt. Hemnestur. 6. V vind, larv-kladdsnø. Vårfrumess-sundag. 7. N vind og kov. 8. Klår og kald, tjukna upp ettermiddag, tok til å snø i kveldinga att. 9. 10. Kov frå nord-vest til nord-aust. 11. Snø fyrst på dagen, men kjende austleg, og klåra upp. 12. Klår, kald, still, lédna upp, leid på dagen. Anne på hemnes. Trygve kom heim, skal ha påskefritid. 13. Léver, litt snø-dun, men klår og solskin imillom. Palmesundag. Anne og eg var på Falle, der Kullerud preika på ungdomshuse kl. 4. 14. Klår, nattkald. Snøfjun, vestleg. 15. (Uleseleg) kald, brasa sida nupp med vestleg vind og skletta. 16. Léver, skyutt med solglytt og snøbrede, sud-aust vind. 17. Still, tunn-skyutt, solskin. Skirtorsdag. Vi for iveg kl. 5-6 morgon, Trygve og eg, og drog ein 17’ dory ned-unde Jamtlia. I middagstida rodde eg til Finneide med’n, der eg kom so kl. 4 em. Rodde derifrå kl. 8 og kom heim um midnatt. Då var det yvertjukt og léver. 18. Still, regn. Lyste upp seinkvells og kjølde lufta. 19. Klår, nattkald. Hemnestur. 20. Nattkald, ikkje heilt klår, drog sidan heilt yver og tok til å regna so kl. 4 em. Påskedag, Anne og eg med kyrkja. Isen enno farande åt Førnesodden. 21. Sud-aust storm, drivskyar, klår-holutt. Andre påskedagen. Fest i ungdomslage, alle vertfolk innbodne, vi var der alle, kom heim kring midnatt. 22. Spakare, mest still, snøbrede, kaldare mot kvell. ”Gamle Dordi” (sauen) lemde tvillingar. ”Smalvakker” lemde palmelaurdag, einbøling, saulam. 23. Kald, nord-aust, liten verknad av sola. Sterk framyver natta. 24. Likeins, noko spakare til yver middag, friskna sidan på. Hemnestur med Trygve, som byrja skulen att. 25. Nord-aust storm, ill-kaldt. 26. Klår, nattkald, nord-aust, som friska på utetter dagen, sterk sistpå kvell, skybakke i vest. 27. Klår, nattkald, nord-aust storm. 1. sundag e.påske. 28. Yverskya, léver, nord-aust vind, litt spakare. Anne 52 år. Seinare på dagen still, sudleg. 29. Still, sudleg. Isen landlaus ned-um Medstraum-auren og Kjeldnese. – Klåra upp på føremiddagen, vart blankt solskin, snøen rann sterkt. 30. Litt nattkald, klår fyrst, men tjukna snart upp og lédna i lufta. Bra snøbrede i dag med, men enno ei aln snø nedfor hagagjerde. Mai 1. Still, yvertjukk, mot kvell fint regn. 2. Still, skyutt med klår-hol. Sidan mest klår, sterk snøbrede. 3. Litt meir kjøleg i lufta, still fyremiddag, litt vest-gråe med regndripl etter middag, nær så seinkvells, då var han mest klår att. Isen landlaus, berre litt skravl av landkall burtmed Gjeitvegen. Hemnestur, for rundt til medstraumsjøen (men Botnkarane drog dory yver isen åt elvkjeften). Krossmess. 4. Sud-aust, still imillom, yverskya. 2. sundag e. påske. Isen knekt millom elvkjeften og Kjeldnese. 5. S til SV gråe, regnfusk. Ner-isen reiste. 6. Nord-aust, laber på fyremiddag, sidan still, litt skletta. 7. Still på fyremiddagen, yvertjukk, på ettermiddagen vind av vest til nord-vest med regnfusk. Var på skogblinking hjå K. Sjåvik, rodde frå Laukbekkjen (?) rundt isen frammed Hagaberge og Kjeldnesauren, men kom ’kje den vegen attende, då isen snudde på seg av vinden, laut leggja åt i Medstarum-auren. 8. Klåra um natta og fraus skare, men drog yver og lédna upp med sud-aust vind. Isen køyrdest uti Botn-hole. 9. Vind v. spak (?), isen rak innover og snudde seg ned-åt Kjeldnese, men stanga mot odden med faldande. 10 SV, frisk, regn, isen vart kila uppi Storbergbugta. Seinare på dagen vest og nordvest, sterk, med skletta. 11. Sudleg, still, yvertjukk. 3. sundag e. påske. Isen ligg i Storbergbugta. 12. Still, sudleg, regn sist på dagen. Isen reiste. 13. Still, mykje regn um natt og morgon, men held tupp frampå fyremiddag. Litt kjøleg. 14. Still, yvertjukk. Sterk regn på ettermiddagen. Anne på Hemnes – med Ivar Førnes. 15. Sudleg vind, spak, litt regn. 16. Mest klår, spak nordle vind. Rodde i middagstida til Finneide med dory, kom heimatt kl. 8 kvell. 17. Klår, nattkald, mykje blå-is i sol-ovringa. Austavind fyremiddag, nordleg vind ettermiddag. For til Hemnes, Anne og eg, heimanfrå kl. 8.30 fm., heimatt kl. 7 em. denne veka har det smått berkast på heimetune og i bakkane, men på alle flatir – soleis Lamyra – ligg snø og klake enno. Litle-lia er nestan ål-berr fram-i. – Doktor Gundersen døydde i går. 18. Skyutt, nord-vest vind, spak, kjøleg. 4. sundag e. påske. Same ver. Eg hadde lånt Bernhard-merra og køyrde møkk uppå Øverbakken. 20. NV, frisk, tunn skletta, snø-elingar i fjelli. 21. Nattkald, nordanvind, nestan klår. Trygve og hus-felagen hans, Berner Engan frå Sør-Nesøy, kom roande hit um kvellen. 22. Nattkald, klår, tok til å blåsa av nord-aust. Sauene ute fyrste gongen. Gutane rodde so kl. 4 til Hemnes att. 23. Nord-aust, frisk, skyutt, regn på em. Dr. Gundersen gravlagd. 24. Regn, nord-aust vind, frisk på føremiddag, sidan spakare, um kvellen still. 25. Yvertjukk, nord-aust. 5. sundag e. påske. No fyrst tek de til å syna seg grøn gror på heimebøen. I Litl-lia og Sumarfjøsbakken har de sunt seg for eitpar dagar sidan. Lamyra er enno ’kje heilt berr, og nedi Ratadalen ligg adskilleg snø enno. – Kula på med vinden leid på dagen, og kjøla lufta. 26. Regn, stilt fyrst, SV kuling frampå ettermiddagen. Rodde etter tang. 27. Vestleg vind, regn um morgon, lyste sidan upp og vart nestan klår, ikkje solite sterk ei rid på ettermiddagen.. Kjøleg i kveldinga. Var på tangfjæra i dag og. SV, kaldt regn, styggver å kalla. 29. Vestleg vind, sterk, snøskletta – på ettermiddagen nærmast NV, spakna mot kvell og still og fin. Heilagtorsdag. Sidan 20. har kyrne fenge berre (uleseleg?) til middag, og sidan 26. har dei fått mest berre tang tilkvells. Fælt lite gror på heimemarka enno, litt betre i Sumarfjørbakken og Litl-lia, so sauene greier seg no. 30. Klår og still i morgonstunda, men kula upp av nord-aust, samstundes som de smått drog yver av s.(?). I middagstida var de heilt yvertjukt og tok til å regna., og utyver kveld stilltest vinden og regnet auka på. 31. Kom med SV mot morgon, slang meir vestleg, uppi NV, stundum sterk, meir og mindre regn. Hemnestur, Anne og eg. Slutfest på Fylkesskulen, Trygve kom heim. Sauene låg burte i natt. Der er enno ikkje fritt for snø på Øverengmyra.

Juni 1. Vestleg vind, spak, tett regn, nokso kjøleg. 6. sundag e. påske. Stilltest yver middag og held tupp å regna. Kjøleg i kveldinga, nestan klår, men drått av vest. 2. Skyutt, nord-aust. Tur på tangfjære. 3. Frisk vind av vest til nordvest, kald fauka og skletta. 4. same ver, litt spakare og mildare på ettermiddagen. Vi slepte kyrne ut fyrste gong. 5. Likeins. 6. Likeins. Sådde havre på Rabben. 7. SV, kaldt regn, skletta i fjelli. Hemnestur. Spakna og klårna upp mot kvell. Sådde bygg på Sjøvegen. 8. Spak vestleg vind, skyutt, kjøleg. Pinsedag. Fyrst no er de vorten litt grønt å tala um her på heimebøen. Endå den 6. låg det snø nedi Ratadalen, so stor flekk som eitpar tunnebotn. I Kåldalen på Medstraum ligg snø som vi ser frå sjøen, og under Storbakken på Jamtjord er ei heil snø-reim (?) frå Sjøvegen til midt for saga. 9. Spak aust vind, nestan klår, men lite varm. For til dalosen og henta gjetaren, Even Olsen. 10.-11.-12. NV og kaldt og skyutt kvar dag, litt regn natt til 13. Marka gror fælt seint, men kyrne lyt no for-so-mest berga seg ute, då vi inkje meir har åt dei, berre litt høyfrølåg kvar morgon og mjøldrikka tilkvells. Vi strevar med onna, møkrar, harvar og sett tates. Oksen fær ein (uleseleg) høyvisk no og då, elles tang og mjøl. 13. Skyutt, still (?) etter kl. 10 fm., nordled vind att. 14. Nett likeins vind, gjerde (? og uleseleg)

(Slutt bunke 1, start bunke 2) - nestan klår himmel og spakenn. Hemnestur. 15. Spak sud-aust , skyutt, mild. Trieinings-sundag. Kyrne utslepte utan morgonmat. Etter middag vestleg, frisk. 16. – 21. Varme i lufta, + 15º - 17º R, still eller spakenn, gråe frå nord-aust, etter middag S til V, eitpar gonger ein liten regnskvett, elles jamt skyutt himmel. De held på å verta vel turt, men grase har vakse fort no. 20. Skuleplanting (skog) hjå K. Sjåvik. 31. ser vi fyrste tatesen uppkomen. 22. Spak sud-aust fyremiddag, vestleg etter middag. + 19º R, skyutt. 1. sundag e. trieining. Konfirmasjon. Anne og Trygve med kyrkja. Solkverv. 23. Regn, spak sud-aust på fyremiddagen, gjekk på ettermiddagen um til nord-aust frisk, ei stund sterk. Far og eg med kyrkja (altergong). Skulestyremøte. 24. Nord-aust frisk um morgon, spakna, sidan smått regn. Jonsok. 25. Austleg vind, spak fm., vestleg em., skoddutt, litt regn imillom. 26. Vest kjøla, yvertjukk, smått regn. Ein austleg klåre. 27. Likeins fyrst på dagen. Etter middag tjukna det upp, tok til å blåsa av aust, med regnbøygjor seinkvells. Trygve og eg var ut-roenn og drog sei-kokri. 28. ?-aust, byrja spakna kl. 3 em., stilt um kvellen. Hemnestur. Brev frå Lars. 29. Spak sud-aust, lett skyutt. 2. trieinings-sundag. 30. Spak sud-aust, skyutt.

Juli 1. Sud-vest og regn. 2. – 3. Spak sud-aust, lett-skyutt, stundom nestan klår, ender-å-gong litt regndripl. 4. Sud-aust, storm, skyutt. 5. Fm. spak sud-aust, lett-skyutt, grysjeleg heitt. Em. (frå kl. 3) SV og regn. For til Hemnes for å ta hypotek-takst hjå Hotel-Svensen. 6. Spak SV, regn. 3. trieinings.sundag. Fest i ungdomslage. 7. Spak SV, regn fyrst på dagen. Mot kvell klåra’n upp. 8. Klår fyrst, drog så yver av NV og byrja blåsa den vegen, kjøleg i lufta. 9. – 10. Likeins, lett og still um natta og fyrst på morgon, NV lengste tida av dagen. 11. NV kjøla, yvertjukk, klåra av mot kvell. Køyrde tatesland (2dre gongen, fyrste svensktates’n har vi no hakka 3. gong), gjekk sidan åt Svahell-lia og sette upp gjerde. 12. Spak sud-aust, tjukna upp av sud-vest. Hemnestur, Anne og Trygve. Ettermiddag frisk havgula, klåra upp. 13. Spak sud-aust, klår, varm. 4. trieinings-sundag. 14. Same ver, + 21º R. 15. V vind, myrkbakke, regnfauka imillom. Anne var på Mo. 16. Klår og varm att. 17. Sud-aust, spak, varm, noko skyutt. 18. SV, regn. Byrja letta upp frampå fm. og var still og solskin um kvellen. 19. Regn um natta, skyutt framyver middag, klåra av mot kvell. 20. Spak sud-aust, solskin. 5. trieinings-sundag. Missionsfest på Jamtjord. 21. Likeins. Byrja slå utfor hagen og vegane. Tjukna upp på ettermiddagen og fall nokre regndropar. 22. Vind, spak, skodda, litt regn. Slo og hesja av gardstune. Jordfesting på kyrkjegarden på Medstraum – ved presten. 23. Upplett, varm, men ikkje heilt klår. Slo frammed strandlina, fekk inn litt. Gjorde ny trekkpipa i fjøse. 24. Yvertjukk på fyremiddagen, klåra mot kvell. 25. Klår, varm, frisk sud-aust. (Uleseleg) rekna slått-onna byrja i dag. 26. Klår, varm, spak sud-aust. Hemnes-tur. Til i dag 5 lass høy. 27. Same ver. 6. trieinings-sundag. 28. – 31. Spak, steikjande heitt, + 20º- 22ºR, sumetider noko skyutt, sterk øl-moda. Slåtta gjeng fram, har snart slege av alt skraplande. 16 lass i juli. (31. 20 år sidan vi vart gift.)

August 1. Byrja likeins, men kom i middagstida med tor-gong og ljon med ausande regn. 2. regna fyrst på morgon, skein so av til yver middag, då de sette i med torgong att. 3. Sud-aust og solskin. 7. trieinings-sundag. 4. Still, skyutt yver fjellranda i sud, såg fårleg ut i åbit-økta, men skein av og vart fint høyver med frisk sud-aust. 9 lass. Tjukna til um kvekken att. 5. Frisk sud-aust, yvertjukk, litt regn. 7. SV og aus-regn, stygg-ver. Etter non still, minder regn. 8. Aus-regn, still. Seinare på dagen SV, ruskver, um kvelle neit ver-glytt. 9. Regn nestan ustanseleg, laber SV. Hemnestur. 10. SV, sterk, regn fyremiddag, sidan vest og nord-vest, held tupp å regna. Hemnestur med Per Nyrud, medlemsmøte i Samvirkelaget. 11. Still, regn fyremiddag, minder eller inkje em. 12. Skoddutt, still, skein av og vart varm, med mykje øl-moa. 1 turrhøulass. 13. Varm men noko skyutt, litt regndripl so kl. 3 em. 2 lass. 14. Yvertjukk, regndripl. Skein av etter åbitsmund og vart turr, men med mykje dimma i fjelli og skyutt rundt um, så han var nokså regn-lik. 3 høylass. 15. Yvertjukk fm., skein av i middagstida og vart klårare enn i går, med frisk kjøleg vestleg vind – de var de ei stund i går og. – 4 lass – resten av Øver-enge. 16. Halvklår, sud-aust, nokså frisk på em. og kvell. 10 lass – mest hesjehøy. 17. Frisk sud-aust, noko skyutt tidomtil, lita regnskur um middag. 9. trieinings-sundag. 18. Sud-aust, solskin. 9 høylass. 19. Sud-aust, storm, tunge drivskyar sleit regndropar no og då, solglytt imillom. 6 lass. Lita regnskur til 7 em, sidan still, solskin. 20. Spak sud-aust, halvklår um morgon, seinare mykje yvertjukk og frisk vind, etter kl. 4 em. varmt solglytt. Slo av. 4 høylass. 21. Still, halvklår fyrst på morgon, men tjukna upp og tok til å regna so kl. 10, regna mykje på ettermiddag og kvell. Hesja på Lamyra. 22. Yvertjukk og tung på fyremiddag, men tok til å blåsa sud-aust, kula på til storm og spikt’n (?) klår på em. Køyrde inn hesja på Rabben og tri lass til, i alt 8. 23. Klår, varm, spak austleg vind, tjukna mykje mot kvell, men tunnt’n att då natta kom. Hemnestur, 6 lass, resten av breidene. 24. Klår, laber sud-aust. 10. trieinings-sundag. 25. skodda og smått regn fyrst, skein av kl. 10-11 fm. og vart nestan fullklår. 26. Yvertjukk, jamngrå. Tunnt’an att utyver dagen, klårholutt um kvell. 27. Halvklår, sud-aust, varm. 28. Likeins, men vestleg vind i kvell-ykta. 29. Nestan klår, sud-aust og varm til mot kvell, då de tjukna upp av sud. 30. Regn um natta, skyutt men varm dagen utetter, regndripl i kvell-ykta. Køyrde inn resten av hesje-høye. 2 lass, 4 lass den 28. I alt no 84 lass, derav 37 nedanfor berge, 8 av kåre. Har elles skore og staura denne veka, vart ferdig med skurden ikvell, men siste havren - i Lamyra – ligg u-staura. 31. Yvertjukk, still. 11. trieinings-sundag. Anne og eg med kyrkja. Spak austleg vind, klara upp frampå dagen.

September 1. Halvklår, still, vam. Staura siste havren, var i skogen, byrja grava veitur. 2. Heilt klår i morgonstunda, drog seinare med skydottar yver himilen og var i kvellstunda mykje skoddutt. Køyrde inn eit grønforlass. Stelte elles med gjerde på Timberbergje. Johs. Medstraum var og gjerda eit stykke for seg. 3. Still, skoddhimmel (myrkbakke). Anne og Trygve for til Hemnes. V vind frå kl. 9 fm., klårholutt framyver dagen til kl. 8 kvell, då myrkbakken seig innyver att og de byrja småregna. 4. Vestleg vind, frisk, skodde, regndripl i morgonstunda, seinare nokså mykje regn, mot kvell minder. 5. Still, yvertjukk, vestleg drått på ettermiddag, men turr heile dagen. 6. Mest likeins, men kom tidleg med vestavinden, pålag til kl. 9 fm. Hemnestur. 7. Yvertjukk med små solglytt, spak S vind. 12. trieinings-sundag. 8. Sud-aust, halvklår. Vestleg, spak um kvellen. 9. Yvertjukk, regndripl no og då. 10. 11. 12. Mest likeins, siste tvo vestleg vind, nok omeir regn. 13. Nestan klår, rim i grase i morgonstunda, men drog yver fyrr middag og tok til å regna. Um kvellen mykje regn. Veitgraving og fylling mest heile tida. 14. SV storm og regn. 13. trieinings-sundag. 15. Klår himmel og rim i morgonstunda, men trutna til mot kvell og vart regn-lik. Byrja på tateslandet uppå bakken, hadde teke upp eitpar smålappar her nede fyrr helga. 16. – 20. Regn heile tida, meir hell’ minder, men serleg 17. godt tateslandver, elles ei stund kvar dag, så vi vart ferdig med øverlande den 20. Hemnestur 20. 21. Halvklår, spak sud-aust i morgonstunda, friska på i middagstida og vart sterk, tjukna upp og tok til å regna. 14. trieinings-sundag. Anne og eg ferdast til Tetmoen. 8 år i dag sidan Mor døydde. 22. Regn um natta og tidlegst i morgonstunda, blåste upp av sud-aust, letta av, turka staur, som vi då køyrde inn på ettermiddagen, men regna um kvellen att. Arbeidde elles med ku-båsane i fjøse. 23. Still, litt regnrusk fyremiddag, sidan halvklår, fint ver. Fyredrag på ungdomshuse av tingmann Steiro, vi var all-ihop og høyrde på’n, kl. 7-8 um kvellen. 24. Skyutt, still, turr. Veitegraving att. Båsane i fjøse nokoleis ferdige, tok kyrne heim. 25. Skoddhimmel, regn em. og kvell. Slagta ”Veslemøy”. Skog-arbeid em. 26. Vestleg vind, regnbøygjor, Anne og eg på Hemnes med kjøt, tates og mjølk. 27. Skoddutt, regnfauka no og då. Skog-arbeid, sloga timber på Botn-saga. 28. Vestleg vind, stundom sterk, smått regn. Um kvellen still. Anne og eg ferdast til Dalosen, fylgde gjetaren, som flutte heim. 15. trieinings-sundag. 29. Mikkjelsmess. Regn, ei stund nokso tett, litt vestleg vind. Tok upp kålrabi og gulrot. 30. Stilt regn fyrst på dagen, lyste upp fyrr middag og vart fint ver. Tok upp ”jordstyretates’n”, 2½ tunne. I alt no 34 tunnor tates, 7-fald pålag.

Oktober 1. Skyutt men turr, still her, litt austavind på Rana, klårglytt um kvellen. Hemnestur med kålrabi. 2. Still, lett-skyutt, klåra av og var um middagsleite fullklår. Veitegraving. 3. Klår, litt rim-fale i sol-renninga, sidan varm som ein sval sumardag. Same arbeid. 4. Som i går, men inkje rim. Hemnestur, eg åleine, Trygve grev veit. 5. Klår fyrst, drog sidan yver av SV, smått-um-senn ei lett skyflo. 16. trieinings-sundag. Anne og Trygve med kyrkja. Ti’nbytt-helg. 6. Still fyrst på morgon, litt skodda på himel’n, blåste upp av aust og sopa skodda vekk, gjekk til sud-aust og vart sterk um kvellen, drog tjukt yver av S, regndripl. Ti’nbyte, Anne og eg på Hemnes. 7. Sud-aust storm, myrk himmel, regndripl ender-å-då, um kvellen meir. Veitgraving og fylling. 8. Regnfusk um natta, sud-aust storm, seinare aust og nord-aust, letta upp og vart klårglytt mot kvell. Veitfylling og bergboring. 9. Still, klårt mest yver heile himlen, skybakke i sud i morgonstunda, drog snøgt yver og tok til å regna smått, blåste upp av sud-aust. Veitfylling, minering, møk-køyring. 10 Frisk sud-aust, regndripl og klår-hol. Same arbeid, ferdig med veit og møkker. 11. Frisk sud-aust, nestan klår i kveldinga, yvertjukk, still, regndripl. Hemnestur. Mykje sjukdom – nervefeber – på Hemnesberget. 12. Still, yverskya, SV drått. 17. trieinings-sundag. Santalfest på Jamtjord. – regnfusk seinkvells. 13. SV og regn. Skog-arbeid. 14. Vestleg vind, sterkt regn i morgonstunda, letta sidan meir av og vart tolleg fint ver. Var i Botnfjelle på sauleiting, fann inkje. 15. Still, sterkt regn, serleg em. Sloga timber på Jamtjord-saga 16. Still, yvertjukk, turr. 17. Likeins på fyremiddagen, regn em. Saueleitartur på nytt, utan å finna. 18. Vestleg vind, smått regndripl, snøfjun i fjelli. Sauleiting att, både Trygve og eg, fann dei so på Merradals-skare og Sumarset-lia. 19. Kjøleg, snøfjun i morgonstunda, snøa langt nedi skogen i natt. Still elles, solglytt. 18. trieinings-sundag. 20. Still, kjøleg i morgonstunda, blåis på Botn-fjorden. Blåste sidan upp av aust og braut isen. Stortingsval. Slagta gjeldveren hans Far. Kyrne har fått mat til morgons sidan ti’nbyte pålag, no får dei litt um kvellen og. 21. Vestleg vind med snøfjun i elingan. Um kvellen spak og nestan klår, ottast is-lega. Slagta ”Gullrei”. 22. Kjøleg, litt isfale i morgonstunda, elles vestleg, spak med snø-elingar, solglytt imillom. For til Hemnes med kjøt. 23. Vestleg, spak, kov, heilt yversnødd. Mot kvell regn, SV. Feet stod inne. 24. SV storm og regn. Feet ute att. Førde bord av Botn-saga. Snøen heilt burte. 25. Vestleg, spak, skoddutt. Letna smått upp utetter dagen, nestan klår seinkvells. Hemnestur. 26. Klår, kjøleg i morgonstunda, skodda yver sjøen, ingen is. Mot kvell tjukna yver att. 19. trieinings-sundag. 27. SV storm, regn, alle bekkjer fløymer yver. Spakna mot kvell og tok av med regne. 28. Still, litt yr-regn. Sloga timber frå Straum-marka åt Botn-saga. 29. Aust kjøla, skoddutt, turr. Hemnestur, eg åleine. 30. Still, skoddutt, regndripl, klårhol imillom, um kvellen heilt klår, frisk nord-aust. Førde bord av Jamtjord-saga. 31. Nord-aust, skyutt, regndripl. Bededag.

November 1. Stilt yr-regn i morgonstunda. Helgemess. Letna upp utetter dagen og var sistpå kvell nestan klår. 2. Klår, kjøleg i morgonstunda, blå-is på Straumen, rim i grase. Slepte ut fee likevel. Tjukna sidan upp. Helgemess-sundag. 3. Nestan klår, still, kjøleg, litt is-snerkje på sjøen, nordleg drått um kvellen. Skog-arbeid. Sauene ute, ikkje kyrne. 4. Yversnødd, legg smått meir blå-is, hud-heil å rekna for um kvell. Slagta gamalsauen, sidan skogarbeid. 5. Meir snø, vestleg kjøla. Skogarbeid. 6. Skletta og regn. Arbeid i fjøse. 7. Same ver, same arbeid. 8. Regn, SV, spak um morgonen, sterkare um kvell. Isfritt åt Lanese. Hemnestur, verditakst på lærar Wicklunds hus. Same ver, spak. 21. trieinings-sundag. 10. Same ver, heilt isfritt. Fram mot middag upphald med regne, tett skodde yver land og sjø. Um kvellen klår. 11. Klår, kjøleg, islagd Straum. 12. Likeins. Litt upp-sett av NV mot kvell. Snøfjun i natt og morgonstunda. Frampå dagen regn. Sistpå kvell klår-holutt. 14. Skoddutt fm., men kjøleg, påfrosen. Ettermiddagen klår. 15. Klår fyrst på dagen, tjukna upp av SV fram mot middag, og tok i myrkninga til å fjuna litt snøskletta. 16. Regn, spak s.(?). Brev frå Lars – frå Vancouver. 22. trieinings-sundag. 17. – 22. Snø, skletta, regn um-einannan, stundum vind, inntil storm, frå SV til NV. Snøen auka ikkje, stundum nestan berrmark. 22. braut isen laus av Botnfjorden for vestleg kuling, men stoppa upp i Kjeldnese og Medstraum-auren. Eg førde bord av Botn-saga. 23. SV storm, skletta og regn, mest på ettermiddag og kvell. 23. og siste trieinings-sundag. 24. V. gråe, Straumen rein att, men snerkjer smått blå-is, som då sopast ut etterkvart. 25. Spakenn utnords-hengsl, snerkjer smått på Straumen, men er då roande herifrå mest tilkvells. Eg var på skulen og sette åt ytter-vindaugo. 26. Nord-aust med kov-fjun um natta, sidan still med meir kov og skletta. 27. Regn um natta og morgonen, sidan skletta, SV og V, sistpå kvellen austleg og klår himel. Det snødde att Øverstraumen i går og i dag, og no frys de. 28. Nord-aust og kald. Nokonlunde reint hav nedanfor Kjeldnese. 29. Same ver, men reint spak. Var på Eide og karterte ein 14’ dory åt Nesøy. Tjukna upp um kvellen. 30. Nord-aust, smått kov, fyrst spak, friskare mot kvell. Dei for yver isen millom Hagaberge – ytterodden – og her, med fjæra idag – i går for dei frå Botn-auren åt Hagaberg-odden. Men de fins-’kje landkall, og isen er avbroten midtfor Hagaberge. 1. advent-sundag. ”Nordkapp” kalva imorgest.

December 1. Nord-aust og frost, skyutt frammed fjellranda i sud-aust. Open sjø nedanfor Kjeldnese. ÷ 14º - 15º R. 2. Frost, ÷ 15º - 16º R., still. Trøska bygg. Nerstraumen legg. 3. Likeins. Trøska av byggen, kring 40 staur. Um kvellen tok’n til å blåsa nord-aust att og tjukna upp. 4. Nord-aust, frisk, yvertjukk, léver, kantra til sud-aust, snøfjun sist på kvell. 5. Sud-aust, frisk, snøfjun, sterk um kvellen og natta. ”Solborg” kalva. 6. Sterk s.sud-aust, léver, seinare på dagen spakare, regn. 7. SV, regn, ruskver. 2. sundag i advent. 8. 9. 10. Same ver, stundum storm; isen lid vondt, landkallen vekke, hålke på vegane, flekkje-bert uppi bakkane. 11.12. Same ver med litt skletta og so marka kvitna og de vert fotfeste på holka. 13. Regn, still um natt og fyrst på morgon, sidan SV, i elingan nokså frisk. Hemnestur. 14. Still, regn. 3. sundag i advent. Isen sovidt farande frå Lanese til Hagaberg-odden (yttre), elles roande med floa frammed landi. 15. Still, snøskletta. 16. Same ver fyrst, sidan regn. Roande frå Medstraum. 17. Spak NV, kov-elingar, legg snøsurpa og snerkjer til nedetter Straumen. Køyrde ein 18’ dory til Medstraumsjøen, slapp sovidt roande åt Førnese med den. 18. Austleg vind, tett kov. 19. Sudleg, regn. 20. Still, kjøleg, på kvellsida frisk av aust, ei stund nestan klår. 21. Stilt kov fyremiddag, regn em. 4. sundag i advent. 22. SV rok og regn. Solkverv. Um kvellen spakare, sistpå heilt still. 23. Still, litt kjøleg, ei stund nestan klår. 24. Litt skletta og regndripl fyre middag, upphalds em, halvklår um kvell, men berre léver. 25. Nestan klår, ingen kulde. Tjukna upp av SV mot kvell. Fram mot midnatt tok de til å regna. 26. SV rok og regn, braut isen av ved inder Hagaberg-odden. Nedanfor Kjeldnese ligg isen berre og rek. 27. Spak aust til sud-aust, friskare på Rana, litt regn imillom. Hemnestur, rodde frå Medstraumsjøen, Lars Rydland og eg, laut brjota litt is for elvkjeften um morgon. 28. Still, skletta og snø, på kvellsida SV og regn, allersist NV med litt hagl, um natta still og nestan klår. Jolfest på ungdomshuse. 29. Likeins som i natt, men regn fyrr kvell. 30. Regn, stundum mykje, hagl eller skletta rett som de er. 31. Still, litt skletta no og då. Open sjø nedanfor elva.