Dagbok Olav Engen 1923

Fra Wiki
Hopp til: navigasjon, søk

1923.

Januar 1. Ny-år. Same ver, som gamall-året slutta med. 2. Still, lévér, litt fint småhagl. 3. Likeins, litt smått snøfjun fyremiddag. 4. Lévér, s.aust. Kjøla. 5. Still, smått regn. 6. Halvklår, lévér. Anne på Hemnes med Nyrud, hjå dokteren. Trettandag. 7. Same ver. 1. sundag e. trieining. 8.-11. Same veret for-så-mest, eit og anna vindkast av aust til sør-aust. Den 11. tok det til å snø so-smått. 12. Snø, tjukkare og tyngre utyver dagen og i kvelden, kjendest reint våt sistpå, men klår-glytt imillom. Då natta kom, klåra det heilt upp. 13. Um morgonen klår og kald, litt skydotter frammed fjellrandi, austavind på Rana, sterk eitt bil på ettermiddag. 20. juledag. Birma kalva fyre middag. Hemnestur med mjølk og to doryar, selt til Luneng. 14. Vind av n.aust, kov. 2. sundag etter trikongar. 15. Litt kald, ikkje heilt klår, drog sidan yver og lédna upp, tok til å snø smått då det vart myrkt. Vi trøska. 16. Lévér, skyutt, ingen nedburd. Trøska av, byrja drøfta. 17. Lévér, litt vind av s.aust. Dryfta resten. 18. Snødde litt på morgonstunda, sidan regn. 19. Regn og skletta um morgon, sidan austavind, kjøla lufta mot kvell. 20. Litt påfrosen, tok til å klåra av aust, sleit laust kovet, lévér, klabbføre. 21. Still, kovtjukk, ender-å dus. 3. sundag e. trieining. 22.-25. Veret ruskutt, skiftande fråS til NV, jamt fullt uver, sterkast 24. med SV og regn og 25. med V til NV og kov. 26. Sterk fyrst på dagen av NV med kov, etter middag spakare, i kveldinga nestan still. Litt påfrosen, bra dragføre. Vi drog ein dory åt Førneset med hjelp av Ole og Kr. Utland. 27. Lagt ned mykje snø i natt, rimføre, fælt tungt å draga mjølka åt Førneset. Fint ver elles, nestan still, spak nordaustkjøla på morgosida, sidan noko friskare og litt gnister-kov. Hemnestur med doryen og mjølka. Heimreis med dampen natt til 28. Kom heim kl. 3 på morgon. I dag kov, vind VNV, frisk stundom. Her er noe in øgjeleg brote med snø. (1.65 meter.) Sundag Septuagesima. – Ljonet slo ned i og tende eld i ein transformator på Hemnes natt til i går, han brann nestan ned. Ljoset slokna for bergboerne og dei fekk det ’kje att fyre i myrkninga. Verre var det at Ljos-Paulsen fekk ein loge i augo, so han fekk vondt i deim, men det gjeng vonleg bra. 29.og 30. NV og kov i elingan, lange dus med nokså fint ver. Vi laut til å moka av hustaki. I kjellarhuset og naustet er mitti tverrstokken knekt og taksperrorne neddotna. – Den 30. var eg på Jamtjord og blinka skog. 31. Stilt fyrr middag, sidan fint ver. Rimføre. Lars drog i Lofotferd.

Februar 1. Fint ver, litt kald, blåstr av nord-aust. Emissær Leknes kom til Medstraum i går, tala på skulehuset kl. 4 og i dag kl. 2, på Utland ikvell kl. 5, i Straumen i morgo kl. 2. 2. Same ver. Kyndelsmesse. Santalmøte på Nymoen. 3. Same ver, noko sterk av nord-aust, ÷ 6º a 7º R. 4. Stilt kov framyver middag, sidan yvertjukk utan nedburd. Sundag Seksagesima. 5. Stilt kov, tung snø, klabbføre då det leid på, i kveldinga regn. 6. SV og regn. Klåra upp sist på kvell. 7., 8. og 9. Klår for-så-mest, kald meir og minder, 4º - 6º ÷R., vind av aust til sør-aust, fin-fint ver. 10. Mest likeins, men noko vind-skyur, storm av sør til aust av Finneidfjorden og Sundsfjorden. Hemnestur med mjølk. 11. Nord-aust vind, klår, kald, klingande rendføre, god sterk is, men skrøpeleg landkall. Fastelaghelg. 12. – 18. Ind. (?) Klår og kald, nedtil ÷ 16º R (16.), aust spak, still for-so-mest. 18. 1. sundag i fasta. 19. – 25. Mildare ver, upptil + 1º R, aldt ned-um ÷ 6º fyrr 23. um morgon, då det var nedpå ÷ 10º ei lita stund med klår himmel, elles yverskya, imillom litt snøfjun, luftdraget sudleg til austleg, til og med 24., spak NV den 25., litt snø. 2. sundag i fasta. Johannes Utland døydde den 25. kl. 10 fm. – ”Hergard” kalva den 23. i morgonstunda – ein fin svart uksekalv. Missionsmøte hjå Fridtjov den 25. 26. Klår og kald, ÷ 12º R fyremiddag. 27. Ikkje rett so kald, noko austavind. Mest likeins den 28., sud-austen noko sterk.

Mars 1. Likeins ver, nord-aust og fok her, sud-aust på Rana, rokk av Sundsfjorden. Eg for til Hemnes etter middag med ein 17’ dory, (selt til K. Jakobsen), kom heim kl. 11 med ein lånt båt. 2. Same ver, men litt spakare og mildare. 3. Spak aust til sud-aust, fin-fint ver. For til Hemnes ettermiddag med lån-båten, gjekk i møte i heradsdelingsnemda, for med dampen til Falle, kom heim kl. 3 morgon den 4. I dag still, lett yverskya. 3. sundag i fasta. ”Idrettslage” held kapprend. 5. Yverskyad, still lett kov-fjun. 6. Likeins til å byrja med, tjukna til med kovet. Far 87 år. 7. Snødd ein fire-fem timar um natta og fyrst på morgon, lédna upp og vart sistpå skletta og regn. 8. Still, regn og skletta, byrja klåra seinkvells. 9. Klår, kjøleg. 10. Klår, bitande kald. Hemnestur med mjølk. 11. Likeins ver. Medfaste sundag. Johannes Utland vart gravlagd. 12. – 13. Yverskya, gråkaldt. 14. – 18. Regn, stilt fordetmeste, men stundom SV, sterk ei lita rid den 16., elles eitt stutt klår-glytt um morgon den 16. Den 18. er Marimesssesundag. 19. – 20. Same veret. 21. Skyutt, still, ingen nedburd. 22. Regn og frisk blåstr av V til SV. 23. Likeins som 21. pålag. Eg for til Finneide med ein dory (selt til Joh. L. Finneide), gjekk Sørfjordisen utyver til Hemnes, og rodde heim saman med Lars, som i millomtida var faren til Hemnes. 24. Same ver. Anne og Trygve for til Hemnes med mjølk. 25. Klår, austavind. Palmesundag. Fest på ungdomshuset i Utskarpen for dei som hadde gjeve til bygginga – Anne og eg var der og nestan alle grannane herikring. Kom heim so halv 12. 26. Klår fyrst på dagen, still, tjukna sidan yver av sud. 27. Yvertjukk, still, drått av NV. 28. Veret likeins, men meir upplàk (?) av V og SV, tok til å regna så smått på ettermiddag. Isen og serleg landkallane skaltrast mykje no. 29. Stilt regn, skodda, surkaldt. Skirtorsdag. Lars 45 år. 30. Same veret å byrja med, tok til å tetta av upp-åt middag, klår og kjøleg um kvellen. Langfredag. 31. Klår og kald, skaraføre. Køyrde nokre mykkerlass uppyver bakken.

April 1. Blankver, morgonkald, skare. Påske. 2. Same ver, litt utnords-glya. Andredagen. Tjukna til mot kvell. 3. Yvertjukk, lévér. 4. Likeins, litt nattkald då likevel, bra morgon-skare. Klåra upp mot kvell. Båe desse dagane har folk gått isen ’punn’ Jamtlia og i land i Langnesbugta i fjæratida, men i flotida har dei rodd frammed. 5. Klår og kald. 6. Likeins. Eg var gangande til Ulriksen i Sjona med smør og egg. Botnkarane drog doryar åt Førnesodden fyrr middag. 7. Same ver. For til Hemnes med mjølk. Det brann i natt og imorgest på Hemnesberget, brann upp strandlina frå og med Grimstad. (”Vafé Nord” (?)) til og med Dreyer og uppyver til Jens Jenssen – Todal – Anstensen – Aas – Henriksen – Lars Mathisen. Det var avbrunne til middag. 14 handelsbuder strauk med. 8. Same ver um morgon, tjukna til utpå dagen. 1. sundag etter påske. 9. Halvklår, skaraføre um morgon, tjukna til og vart regn um kvellen. 10. NV til V vind; regn i elingan, men lange fine dus. 11. Halvklår, léver. Isen er landlaus no å rekna for. Den 9. for her folk yver han frå Laneset til Hagaholet – men det vert visst siste gongen. 12. Halvklår, nordavind, natt-kald. Isen gjekk av mellom Kjellneset og elv-osen. 13. Same ver. Ner-isen ligg og rek landemillom. Ein snø-eling på kvellsida. 14. Halvklår, nord-aust vind, blå-is på Nerstraumen, gamal-isen reist igårkvell. Sumarmål. Eg rodde båten heimanfrå til Medstraum-auren i går ettermiddag. 15. Nesten heilt klår, blå-is, skare, austavind, solskin. 2. sundag e. påske. 16., 17. Yverskya, surkaldt, spak nordleg vind (til NV), stundom litt hagl og regnfusk. 18. Likeins til å byrja med, klåra upp på kvellsida. 19., 20. Klår, kald. 21. NV storm og kov, byrja i natt, lettna upp mot kvell. Hemnestur med mjølk, rodde heilt heim i flodtida, med litt krangel i Medstraum-auren. 22. Nord-aust, frisk, klår, kald. 3. sundag e. påske. 23. Nord-aust, frisk, yverskya, kovenn kring fjelli. 24. Likeins men litt spakare. 25. Likeins, berre meir klår, nattkald og skare heile dagen. 26. Skyutt, nattkald, nord-aust sterk. Øverisen har i natt vore innfor elvkjeften, men kjem no ut-att. Vinden kanta seg til sud-aust og kila isen heilt i Botn-auren. 27. Nord-aust storm, nestan klår. Santalmøte på Jamtjord hjå Ida. Isen molest sund på Botn-leira. 28. Nattkald, klår på morgonstunda, tjukna sidan upp og tok til å blåsa litt av NV med litt kov-fjun. Anne 51 år. 29. Nordan-kjøla, smått snø-flister. 4. sundag e. påske. 30. Snødd 4-5 tumar i natt, nord-kjøla og kov-elingar.

Mai 1. Klår og kald, is-fale. Tjukna upp fyrr kvell og vart regn. 2. Lyste upp og vart solskin. 3. Lévér, sud-aust. 4. Nattkald, hard skare, men kjukna til og vart lévér med sterk blåstr av sud-aust. Var i Sjona med smør og egg til Ulriksen. 5. Still, regn so smått. Hemnestur med mjølk. 6. Still, fint ver, yvertjukk, ur-lite regndripl no og då. 5. sundag e. påske. Var med kyrkja all-i hop. 7. Same ver, meir regn, leid på dagen, snøskletta i kveldinga. 8. NV turr sjnø um natt og morgon, sidan skletta og regn, tok av med veret mot kvell. 9. Spak V kjøla, regndripl no og då. 10. Kjøla, fyrst frå aust, sidan sud og vest, regndripl. Heilagtorsdag. Anne og eg var med kyrkja. – Lars for heimanfrå den 3. april, sa han skulle på Finnmarka. No har vi fenge vissmun um at han er faren til Amerika. 11. Austavind, sterk, upptil storm, yverskya, eitt og anna klårhol. 12. Likeins i morgonstunda, kantra tol sud-aust og spakna mot kvell, klåra upp og kjøla lufta. Hemnestur med mjølk og potet. 13. Sud-aust, sterk fyremiddag, eit lite dus middagsbil, ettermiddag rjukande storm. 6. sundag e. påske. 14. SV og regn. 15. Likeins. 16. Skyutt, still, klåra upp mot kvell. 17. Skyutt, stilt um morgon, blåste upp fyremiddag av sud-aust og var ein knakande storm, - spakna då mot kvell. 18. Skyutt, still. Mot kvell SV og regn. 19. Still i morgonstunda, austleg kjøla, litt friskare på Rana. Hemnestur med mjølk. 20. Skyutt, litt små regnskurar. Pinse. Anne og Trygve med kyrkja. Det ligg enno snø under berget austafor skøtet og litt på Rabben og i Lamyra, elles bert på heimjorda. Natt til 17. fraus det blå-is, nestan hud-heilt på Botnfjorden. – 21. Still, litt skyutt. I kveldinga litt regndripl. Andredag pinse. Trygve for i ettermiddagstida med spell-laget inn til Storaltern for å syna fram eit spelstykke på ein fest der – dei kom heim kl. 6 morgon den 22. Veret umlag likeins då, litt regndripl seinare. Vi hadde sauene ut fyrstegong og sette deim i sumarfjøse um kvelden. 23. Still, yr-regn. 24. Um morgon auster-gråe, skyutt med solglytt, ettermiddag spak V, um kvelden regndripl. Anne og eg på Hemnes, henta gjetaren (Harald). 25. Sud-aust, skyutt med solglytt. Tok til å køyra møkk og harva. 26. Same ver til seinkvells, då det tok til å regna tett. Heldt fram med onna, sådde kålrabi og gulrot, sette lauk og noko tates. 27. SV og regn. Trieinings-sundag. Snøsklette seinkvells. 28. Heilt kvitt uppi liene. NV sterk, med fauka heile dagen, hustre og kaldt. 29. Skyutt, nordanvind – vinterver. Ragnvald Vaage heldt fyredrag i ungdomslaget um kvellen. 30. Kvitt på marka tidleg i morgest. Nordanvind, kald, skyutt. Sådde bygg på Sjøvegen vestsida. 31. Fyrst på dagen s. vind og regn, ettermiddag nordleg vind og turrkaldt.

Juni 1. NV sterk, kov og skletta, fullt uver. Hemnestur med mjølk. 3. Same ver, litt meir solglytt i middagstida. 1. sundag e. trieining. 4. Same ver fyrst på morgon, men letta upp kl. 6-7, men heldt seg kald, sterk NV på ettermiddag, ein kov-eling kl. 5-6, sidan still, klår-holutt. 5., 6., 7. Sv, V og NV vind, jamt sterk og stormande, kov, skletta og kaldt regn. 8. Mildare i lufta, sud til sud-aust, vind, halvklårt. 9. Same vind, fyrst på dagen skyutt, tok til å regna tett, vinden gjekk til SV, sistpå til V, turr. 10. Vind av vest, frisk, litt fauka imillom. 2. sundag e. trieining. Vinden dovna av, blåste upp av aust leid på dagen og var sterk um kvellen og natta. Halvklår himmel. 11. Austavind, skyutt, regndripl. 12. NV, kaldt regn, ver-glan (?) imillom. Still, halvklårt, kaldt um kvellen. Fekk sjå fyrste brodden av byggen på Sjøvegen Eg sådde havre på austsida den 1. juni, han synst ikkje enno. Pløygde åkren på Øverbakken i går og i dag. 13. Still, solskin, litt austleg vind i kveldinga. Sette tates på Øverbakken. 14. Sør-aust, spak, mildt, klår føremiddag, sidan skyutt – litt regndripl seinkvells. Gjorde frå oss poteten, sådde havre og bygg uppå bakken. 15. Sud-aust og solskin, men ikkje mykje varm. 16. Sterk, kald nordleg vind, turr, halvklår. Hemnestur med mjølk, smør, egg. 17. Same vind, heilt yvertjukk. 3. sundag e. trieining. 18. Sud-aust, solskin føremiddag, vestleg vind på kvellsida. 19. Austleg, skyutt, varm. 20. V. vind, kjøleg, smått regn. 21. Likeins fm., sidan meir regn, SV, klårglytt seinkvells. 22. Skyutt, still. Anne og far og eg var i gravøl på Straumsnes, Marit Jensdet vart gravlagd, ho døydde den 14. – NV og kulde, regnskurar seinare på dagen. 23. Likeins. Jonsokaftan. 24. V storm, kaldt regn. Jonsok. – 4. sundag e. trieining. 25. Same ver. 26. Stilt regn, litt mildare. Ettermiddag klårglytt. [... Uleseleg] 27. Still, mild s. drott (?) i morgonstunda, sidan V vind, smått regn. Vi flutte kyrne åt sumarfjøse. 28. Still, mildt um morgon, frisk vind umkring middag, stille, kjøleg um kvellen. 29. Spak vestleg vind, smått regn. 30. Still, kjøleg, ”utnordskengel”, litt regndripl i morgonstunda, seinare litt austleg vind, noko mildare. Siste juni – fyrste dagen eg kan segja, eg såg mun på grasvoksteren. Hemnestur med mjølk og tates, Anne og eg.

Juli 1. Still, skodddutt, ein regnskur so kl. 8 um morgon, sidan turr og meir upp-lett. 5. sundag e. trieining. Konfirmasjon. Kyrkjetur, Far, Trygve og eg. Frisk N vind ettermiddag. 2. Spak V gråe, skyutt, regndripl. 3. Skyutt, still, mild, solglytt. 4. Tett regn, still fyrst på dagen, sidan SV gråe, mindre regn, um kvellen turt, klårglytt, spak S kjøla. 5. Skyutt, still, smått regn um morgon, solglytt, varm seinare på dagen. Var på merking hjå Bentsen. 6. Still SV drått, smått regn. 7. Stridregn, SV um morgon og framyver middag, sidan klårglytt, men seinkvells heilt yvertjukk og regnskodda i fjelli. 8. Upp-lett, fin, sud-aust gråe, ettermiddag heilt klår. 6. sundag e. trieining. 9. Blankver, sud-aust, varm + 21º R. I kvell-ykta vestleg vind, frisk, drog yver med skodde. 10. Skodde til umlag kl. 10, letta so av og vart klår. Still heile dagen. Var på hemnes, harald og eg. 11. Skyutt med solglytt, varm serleg ettermiddag. Drog upp av SV etter non, men skein av att. Seinkvells kom det då ein strid floing. 12. Skodda med solglytt fm., em. regnfauka. 13. Still, SV drått, nokså tett regn stundum, serleg mot kvell. 14. SV, regn, fullt uver. Spakna noko og letta i regnet mot kvell. 15. Skoddutt, regndripl, spak SV gråe fm., letta sidan upp og klåra av med sud-aust kjøla. Hemnestur med mjølk, i lag med Jens Straumfors. 7. sundag e. trieining. 16. Skyutt, still, ovheite solglytt. 17. Likeins, regndripl imillom. 18. Likeins, litt meir regn um kvellen. Hemnestur med tates, Anne og eg. 19. og 20. Mest same ver. 21. SV og nokså mykje regn i elingom. Min fødseldag, 52 år. 22. SV og regn. 8. sundag e. trieining. 23. Skyutt um morgon, lettna smått utetter dagen og var nestan fullklår um kvell; frisk V vind eit bil ettermiddag. 24. Skyutt, still morgon, varme solglytt – frisk V vind, regndripl ettermiddag. 25. Likeins. 26. Likeins. (Ikkje heilt som med veret den 24. – klår fm., turr vind em. Men 25. var som skrive stend på 24.) 27. Skyutt med solglytt fm., litt regn em. 28. Skyutt, varm, still fm. Spak V vind em. 29. Likeins. Var ferdast (?) til Finneide alle tri. 9. sundag e. trieining.

Vi slo kring potetlandi og i hagen og hesja upp den 20. So slo vi på ei hesja til den 26. – 27., då la vi ogso litt på breie. 30. Skyutt fm., frisk sud-aust, letta av og vart heilt klår seinkvells. Byrja slå for ålvår; fekk fyrste turrhøylasset. 31. Skyutt mest heile dagen, frisk sud-aust, klår sistpå kvell. 3 turrhøylass.

August 1. Halvklår, frisk sud-aust fm., sterk em., heilt klår seinkvellen. 3 lass høy. 2. Same ver fm., tjukna til, spakna og fall litt regnfusk i middagsstunda, men vart då turr og klårna upp att. 3 lass. 3. Mest yvertjukk allrafyrst, men klåra upp, var fullklår alt um åbitsmund. 7 lass. 4. Noko skyutt, men turr og varm heile dagen. 3 lass. 5. Solskin, skyutt frammed fgjellrandi i sud og vest, frisk havgula. 10. sundag e. trieining. 6. Skyutt, spak v. kjøla fyrst, sidan friskare, skoddutt kring fjelli, eitt stutt, varmt solglytt yver middag, elles kjøleg. 2 lass. 7. Skyutt fyrst, klara upp mot middag, men kjøleg havgula. 3 lass. 8. Ei kjøleg natt, heilt klår i morgonstunda, sidan lettskyutt, havgula. 5 lass. 9. Heilt yvertjukk i morgonstunda, skein av på fyremiddagen, heilt klår mot kvell. 5 lass. 10. Skyutt, klar-holutt allrafyrst, men tjukna til av sud og byrja regna, leid på vart det mykje regn. 11. Skyutt, litt aust gråe, solskin i dimma. Hemnestur med mjølk. 1 høylass. Kom med regn ei stund etter middag.12. Skyutt, frisk vind. 11. sundag e. trieining. Kaptein Aksel Hansen med fru og son, frå Mo, var her på vitjing. Og eg fekk brev frå frenden min, telegrafinspektør O. Johansen, Hammerfest. 13. Skyutt, still på morgonsida, men letta av frametter og var klår i middagstida og høyturk. 3 lass. 14. Kjøleg natt, rim nedi myra i solovringa, klår, still. Etter middag drog han yver av SV, byrja blåsa litt av vest, og kom med regndripl so kl. 5. 2 lass. 15. Stilt regn. 16. Skyutt, still, skein av, men vart floing med regndripl frå fyrr middag og frametter. 1 lass. 17. Yvertjukk fyrst, men tunntest og vart solskin, V vind og bra høyturk. 7 lass. 18. Yvertjukk, still um morgon, tunntest utetter fyremiddagen med V vind, heilt solskin etter middag. 4 lass. Anne på Hemnes med mjølk. 19. Litt regn um natt-morgon, yvertjukk, v. gråe. 12. sundag e. trieining. Klåra upp leid på dagen. 20. Yvertjukk, still. Letta av på fyremiddag og vart klår og varm. 1 lass. 21. Klår heile dagen, små skydottar seinkvells med frisk drått av sud. Slo av. 2 lass. 22. Yvertjukk, frisk sud-aust i morgonstunda, tjukna til, stilltest og kom med regn. Heldt upp på ettermiddag, men regna sterkt att i kveldinga. 23. Sterkt regn, vest gråe. Letta upp frampå fyremiddag, med frisk vind, stiltest mot kvell att og byrja å regna på nytt. 24. Still, smått regn fyrst, sidan frisk SV og regn. Letta upp etter middag med frisk V vind. 25. Skyutt, stilt på morgonstunda, auster kjøla, som friska på utetter fyremiddagen., letta upp og skein sol, men tjukna so til att og vart ender-å regndripl ettermiddag. 1 lass. Hemnestur med mjølk. 26. Likeins som igårkvell. 13. sundag e. trieining. 27. Klår i morgonstunda, skyutt på fjell-randa i sør, kjøleg. Tjukna til og vart smått regn att tydleg på fyremiddag. Vølte um vegen yver bekken ned-med sjøen, byrja hesja upp noko setehøy i Steinbakken. 28. Nett likeins som igårmorgest, men tok ’kje til å regna fyrr etter middag, og vart då bra mykje regn. 29. Skyutt, still, regn. Seinare litt SV vind. 30. Still, regn, solglytt etter middag, klår seinkvells. 31. Skyrand i sør, lettskya uppyver, sudaust kjøla, tjukna smått til, men skein av att, so det vart turt heile dagen. 9 lass hesjehøy. Slo grønfor uppå bakken.

September 1. Still, smått regn. Hesja grønfor. Uksen hans Nils i Botn sumde over Straumen frå Gjeitvegen til Laneset. 2. Skyutt, still, solglytt fyremiddag, regnskurar etterm. 14. sundag e. trieining. 3. Turr NV vind, halvklår. 4 hesjelass. 4. Skoddutt, med solglytt, sud-aust vind, fin høyturk. Fekk inn resten av høyet, 3 hesjelass. I alt fått 73 lass, derutav 37 nedanfor berget, 4 av ”kåret”. 5. Halvklår, frisk sud-aust. Spaknad, tjukna til og kom med smått regn etter non. 6. Yvertjukk, still, litt regndripl tidleg på fyremiddag, sidan turr, austleg vind. 7. Stilt regn. 8. Likeins fyrst på morgon. Sidn vestleg vind med, i elingane stundom sterk, still imillom. Hemnestur med mjølk. 9. Skyutt, vestleg vind, smått regndripl. 15. sundag e. trieining. 10. Stridregn, storm av sud-vest, vest og nord-vest. 11. Stilt regn (litt v. kjøla), solglytt. Snø i fjelli (det var det elles natt til 8. og.) 12. Fyrst på dagen noko stridt regn i elingan, lyste upp framåt middag og vart solskin, halvklårt. 13. Yvertjukk, still fyrst, tok til å småregna på fyre-middag, sidan meir. Vi grov veit utmed fjøse, hadde eit fælt strev med attlegginga, då ho raus i hop. 14. Regn-elingar, solglytt, um kvellen nestan turr. Heldt fram med veit-arbeidet. 15. Skyutt med solglytt. Skar havre. 16. Skyutt, still fyrst, sidan frisk sud-aust, regn. 16. sundag e. trieining. 17. Yvertjukk, regn-tung, stilt, fint solglytt i middagstida, sidan smått regnfusk. 18. Yvertjukk, litt fauka, klåra upp fm. Og vart fint ver, frisk sud-aust. 19. S.aust, solskin. 20. Ein liten regnskur på morgon, sidan sud-aust, solskin. 21. Sud-aust, solskin, halvklår. 22. Likeins. Hemnestur med mjølk, Anne og eg. Byrja med poteten den 18., er enno ikkje heilt ferdig. 23. Sterk regnskur i morgonstunda, lyste upp frampå fyre-middag, sidan halv-klår, solskin, sud-aust kjøla. Kyri låg på skogen i natt så nær som ”Nordkapp”; fann deim fyrst so kl. 9. 17. sundag e. trieining. 24. Klår med skyrand i s.aust, still, nattkald, rimfrost. Vølte um skott-taket. Selde ”Frøydis” - kviga – til Normann Johansen Dalos for 150 kr. Tok upp resten av poteten, iallt 19 tunnor. – 3-fold. 25. Klår, still, rimfrost. Tjukna upp og vart regn på ettermiddag. Grov veit. 26. Skyutt, SV kjøla. Klåra upp. Same arbeid. 27. Klår, spak sud-aust. Attlegging av veit. Johannes Juvik og kona var her for å sjå på ”Nordkapp”. 28. Skyutt, sud-aust, smått regn, sidan meir. Trøska og dryfta byggen. 10 staur. 29. Mikkjelsmess. SV og regn, nokså mykje. På ettermiddagen ogso sterk, fullt uver. 30. Likeins, nestan ikkje å koma utum døri. 18. sundag e. trieining. Spakna på ettermiddag, og var nokså still um kvell.

Oktober 1. Yvertjukk, spak aust gråe, litt regn em. Hemnestur, skyssa Trygve, som skal byrja på Fylkesskulen. 2. S. kjøla, sidregn, em. og kvellen ausregn. 3. Halvklår, sud-aust gråe. Kantra til S, SV og V, byrja å regna smått seinkvells. 4. Mykje regn, stundom snøskletta, um kvellen nestan turr snø. 5. Heilt kvitt um morgon, men tina av på ettermiddag nedpå undlendet. Snø-elingar på fyremiddag, men upplett og fin ettermiddag, klår og kald seinkvell. 6. Sud-aust gråe, lettskya, kjøleg, noko blå-is på Straumen. Hemnestur, tiendbyte. 7. Sud-aust, lettskyutt fyrst, drog yver framåt middag og byrja regna smått. Tok inn havrestauren. 19. sundag e. trieining. 8. Sud-aust, lettskyutt, tjukna sidan til og byrja småregna kring middag. For til Dalosen med ”Frøydis”, Anne og eg. 9. – 14. Fint ver heile tida, meir og meir skyutt, fine solglytt imillom, s.aust til n.aust, frå kjøla til frisk. Var på Hemnes den 12., leita etter dyrlækjaren um eitt sjukt lam, som eg laut slagta, han var ikkje heime. Trygve sin fødedag, 17 år. Har elles streva med å pløgja. 14. er sundag – 20. e. trieining. 15. Byrja småregna i dagningen, vart sidan regn, og nokså mykje um kvellen. Pløygde av uppå bakken. 16. Regna, etter middag stridt, snøskletta til fjells. Var iveg og leita upp sauene, som hadde liggje burte sidan 14., fann det i ”Reinhagen” uti Botnfjella. 17. Same ver, men tok til å letta av på ettermiddagen. 18. Klår i morgonstunda, men ikkje vidare kald, snerkja litt på sjøen, men det rak vekk att, tjukna upp em. og tok til å regna. 19. Skyutt, sud-aust, turr. 20. Litt regnfusk på fyremiddag, elles likeins. Hemnestur med mjølk, Anne og eg. Trygve kom heim på vitjing. 21. Skoddutt, s.vind på fyremiddag, klåra upp i middagstida, vinden um til V. 21. sundag e. trieining. Skyssa Trygve på Juvika. Austavind. Kjøleg, klår seinkvells. 22. Nord-aust, sterk, tjukk regn—(uleseleg). 23. Same vind, skyutt, men turr. 24. Same vind, tok til å klåra mot kvell. 25. Same vind, skyutt, små snøsklatta. Heldt på med veitegraving alle desse dagane. Anne i dag på ”Santalmøte” i Tybekk. Klåra upp og stiltest mot kvell. 26. Klår og kald, islagt Straumen. Blåste upp litt av aust med litt lett glya, spaknad mot kvell. Veitgraving og attlegging. 27. Skyutt, blåste upp ein frisk nord-aust og renska isen ut av Nerstraumen. Klår um kvellen. 28. Skyutt att, nord-aust frisk. Slit på blå-isen. 22. sundag e. trieining. I dag er fyrste dagen kyrne har stade inne og fått alt foret på båsen, elles har dei fått um morgon sidan Mikkjelsmess, då vi tok dei til heimfjøse, og frå 20. ds har dei fått litt um kvellen og. Sauene vart sett i heimfjøse ikvell. 29. Yversnøa. Nord-aust frisk, smått snødriv, spakna leid på kvellen. Slakta gjeldveren ”Breiavik” (?) 30. Yvertjukk, still, litt regnfusk på fm., klåra av litt på em., men tjukna til att seinkvells, tok til å blåsa av sud-aust. Isen vekk igårmorgest. Hogg og kara i hop litt vedrusk. 31. Yvertjukk, still, sidan regn mykje seinare.

November 1. Ausande regn um natta, sud-vest, stundom sterk, utetter dagen. Hemnestur med mjølk. Trygve kom heim, skal ha fritt eitpar dagar. 2. Regn, spak SV på fyremiddagen, sidan litt meir upplett. Bededag. Regna noko tett um kvellen att. 3. Still, regn um morgon, la yver med skodda uppå fm, letta upp og klåra av i middagstida, blåste sidan upp av aust og vart ein heil kuling um kvellen. Snøen var burte alt den 1., i går og i dag hadde vi feet ute att.Idag trøska vi havre fm., sidan pløgde eg nepeåkren og gutane fyllte ein ??-stubb. 4. Yvertjukk, sterk av aust til nord-aust, snøfjun i fjelli, kjendest stundom litt her nede og. Spakna på em. smått um senn og vart nestan still i kveldinga. Skyssa Trygve på Juvika. Helgamess-sundag. 5. Yvertjukk, snøskletta, kvita marka. 6. Smått regn, tok snøen av att. Veit-arbeid desse tvo dagane. 7. Yversnødd, smått snøfjun fm., still Skog-arbeid. 8. Skyutt, still, klåra upp mot kvell og kjøla lufta. Skog-arbeid, kjøring. 9. Klår, kald, Øverstraumen islagd. Kjøring. 10. Klår, endå kaldare i morgonstunda, men letna snøgtog drog yver av SV, storm og kov um kvellen. For til Hemnes, Anne og eg, og var på opningsfesten på fylkesskulen. 11. SV og regn. Kom heim frå Hemnes so kl. 2 em. Roandes til Medstraumen. 24. sundag e. trieining. 12. Same ver. Vedkøyring. 13. Regn, skletta og turr snø skiftevis,?V, sterk i kveldinga. Same arbeid, byrja laga til båtbygging. 14. Still, skyutt, sidan austleg vind, klåra litt av, men drog yver seinkvells att. 15. S.aust frisk, noko regn. Køyring båe dagane, båtarbeid i kvellsetene. 16. S.aust frisk, regn endå i i dagningen, letta sidan upp og byrja frysa litt. Isen er riven upp åt Leirkjellberget og Hagaberget. Still ei lita rid umkring middag, men blåste upp s.aust att og rota vekk litt nylagt blå-is. 17. Austleg vind, frisk, halvklår, ikkje vidare kald. Hemnestur, rodde frå Leirkjellbekkjen. Spakna og tjukna til på em., men klåra uppatt seinkvells og la blå-is. 18. Klår med vind-dottar, blåste upp av aust og reiv på blå-isen inni Storbergbugta. Lite kald. 25. sundag e. trieining. 19. – 24. Nydelegt vinterver, austleg, frå kjøla til sterk frå n.aust til ss.aust, halvklår for-så-mest, ender-å-gong litt snøfjun – open sjø åt Leirkjellberget. Vi slagta ”Hårek” den 19. (Ola Utland var slagtar), og den 20. rodde vi til Eide med skrotten og kartera han med dampen til Kristiania. 25. Still, halvklår, litt lett kov em. Presten Berg-Rolness tala på ungdomshuset igårkvell, Anne var iveg og høyrde han. Ikvell skal han tala på Falle i ungdomshuset der på 20-årsfesten åt UL ”Solgløtt”. Anne og eg gjeng dit. 26. Sundag. 26. Naust, kov. Dronning Maud 54 år. 27. Austleg, tunt snøfjun. Fyrste adventdagen. 28. Lévér, v.kjøla, litt snø. 29. SV, regn. 30. Litt kjølegare, V til NV, snø og skletta litegrann.

December 1. Au. Vind, laber, halvklår, noko kjøleg. Eg har hatt vondt i høgre fotblade denne veka og halde meg mest inne, men i dag er eg sopass, at eg gjekk åt Førneset. 2. Skyutt med klår-hol, austleg kjøla. 1. sundag i advent. Anne og Harald for til Eide, vi drog båten åt Hestlortbekkjen, og dei rodde derifrå. Det er verdt å minnast, for det hender ikkje jamt. I 1913 kunde eg ha rodd herifrå den 2. desember, men det var då gjennom isskravl og surpe, dessutan hadde det då vore fast is fyrr, som var riven ut-att. Men i år har det snautt vore bægje av blå-is eitpar gonger. 3. Still, litt meir kjøleg, lettskyutt, is på Storbergbugta. 4. Likeins. 5. Smått kov, still. 6. Vel ein kvart snø um natta, og snøa jamt utyver dagen, letta upp um kvellen, ein liten vindsnert av NV, men lévér. Harald 14 år. 7. Still, skyutt, lévér, klåra imot kvell og kjølde lufta. 8. Lévér att, still. 9. Still, snøfjun. 2. sundag i advent. 10. Snøskletta, SV kjøla, regn um kvellen. 11. SV kjøla, meir regn. 12. Still, regn på morgonsida, sidan noko meir turt. Anne på Hemnes i dag med Botnkarane, dei hadde båten min og rodde frå Hestlortbekkjen. Trygve kom heim, slutta til jol på Fylkesskulen. Mykje regn um kvellen att. 13., 14., 15. SV og regn, ofte sterk. Um kvellen den 15. kjende han uppi NV og heldt upp å regna, blåste noko sterkt. Hemnestur med mjølk. Harald for heim til jol. 16. Still, klår um morgon, islagt heilt nedyver åt Førneset. I går rodde vi frå og til Hestlortbekkjen. Nolivande folk kan ’kje minnast slikt. – Ettermiddag i dag dimma på himmelen, frisk nord-aust. 17. Halvklår, austleg vind, noko kald. 18. Likeins. 19. Still, nestan klår fyrst på dagen, tjukna sidan til og tok til å snøa. Vi drog dory på isen i fjæratiden – kl. 4 – 5 heilt ned-um Førnesodden. 20. Still, nokså tett kov. 21. Klår og kald att, litt austleg vind på Rana. Eg for til Finneide med doryen – selt til Joh. L. Fineide -, heimanfrå kl. 10, til Finneide kl. 5, derifrå kl. 7, gjekk veglina utyver til Sund, der eg yvernatta. 22. Same ver, ÷ 18º R. Kom heim frå Hemnes med Utlandskarane. Solkverv. 23. Likeins, ÷ 15º R, litt austleg vind em. 4. sundag i advent. 24. Lettskyutt, still, lédna upp til ÷ 6 - 7º R. Jol-afta. 25. Mest likeins, litt snøfjun em., i kveldinga litt NV vind. 1ste joledagen. 26. Spak NV, litt snø. Andredagen. Sterkare leid på dagen. 27. NV utan nedburd fyrst, kantra til nord og nord-aust, frisk, klåra og vart kald. Stilna av em. 29. – 30. Klår, ÷ 15 - 16º R. Hemnestur 29., med mjølk. 30. Klår, ÷ 15º R. Sundag e. jol. 31. Same ver, ÷ 13º R.