Dagbok Olav Engen 1921

Fra Wiki
Hopp til: navigasjon, søk

1921

Året byrja med urolegt ver, vestleg med kov. Og urolegt har det heldt seg for det meste. Snømengda var kje stor, liten kulde sidan midt i februar, mest sud og sudvestleg med regn. Nokre solskinsdagar i fyrste luten av mai. Snøen gjekk tidleg vekk, her i bygda då ikkje stort tidlegare enn vanleg. Etter pinse som var 15. mai, vart det nemleg kaldt regn, som ikkje bredde fort på snøen, so i utmarka vart han liggande nokså lenge på sine stader. Men i liene som snur mot sør, grodde det tidleg, så vi for vår del fekk tidleg berging åt feet – elles hadde vi fenge bunaud. Sauene var ute fyre pinse, kyra frå 20. mai. Og frå 1. juni fekk dei inkje mat inne meir. (Vi har 1 vaksen sau med 2 vårlam, 1 gymmer, 1 gjeldver – kårkretur -, 3 vaksne kyr, 1 kvige på fyrste kalven, 2 vinterborne uksekalvar, 1 4-fors ukse.

Nyfjøset, som eg sjølv timra mesteparten av vinteren 1918, og som vart upp-boren på tufta i oktober i fjor – tufta gjorde Lars-bror ferdig i fjor sumar – tok vi til å arbeida på 2. mai, med Jens A. Gjesbakken som meister. 18. mai la vi upp mønsåsen, 15. juli tekte vi han ferdig. Vår-onna vart mykje sinka utav våtver, til og med kaldt, så ingenting vilde ---

Bygg sådde eg på Sjøvegen 26 (27?) mai, potet vart sett samestad (andresiden) same dag. 26.juli tok han til å skytast. Olsokdagen fann vi svenskpotet knytt som ein vanleg moltekart. Siste bygg-åkren vart sådd 16. juni (fjor-nylandet uppå bakken). Siste grønforåkeren sådde eg 20. juli (Steinbakken). Slått-onna tok til å rekna for 25. juli, men det vart slegen berre 2 dagar denne vika, for veret skuld og graset kløkkt. I juli berre 2 lass turrhøy pålag. Frå 15 har veret vore varmare.

Tryggve vart konfirmert d. 3. juli, 6. s.e. trieining. Heile konfirmasjonen gjekk for seg på gamlemåten, med lovnad av kvar einskild endå kyrkjelyden i kyrkjemøte 2 vikor fyreåt hadde vedteke ein ny framgangsmåte – utan lovnad. – 21. juli fylte eg 50 år og fekk på den dagen eit fint dikt – i fornyrdalag - frå Trygve.

1. og 2. august kan ein mest kalla gode høyversdagar, sola skein fint og adskillig varmt ei stund kvar dag. Så sette vi i å slå med full kraft – litt høy fekk vi inn og. Regn vart det då fyrr kveld den 2. Og vått har det jamt heldt seg sidan med – og varmt, so graset veks framleis, berre eitt og anna tidleg gras-slag folnar eller tek til å folna. Slåtten gjeng sin gong med hesjing. 10. slutta det med regnet i morgonstunda og vart brukande sud-aust med hesjeturk. 11. og 12. vart det endå solskin så ein fekk litt skraphøy på breida. Graset er elles enno solite utvakse, at det er tungturka. Natt til 13. regna det, men den 13 heldt det upp, så folk fekk hesjor inn. I natt og i dag (14) regnar det. Til i dag har vi i det heile fenge 27 lass høy – derav 22 nedanfor berget.

21. Vika har vore våt. Berre tysdag (16) var det upp-lett ei stund, så vi narrast til å slå ut litt på breida. Men kl. 4 var det regn att. Fekk inn eitt lass halv-vått myrhøy. Sidan har det yr- og silregna, stilt, nestan utan upphald. I dag –sundag – er det då turt med litt blåstr av vest. – Dei har stengt av ein brote med sild på Sve, 4-5 lås, notbruk frå Lurøy og Gildeskål, fleire tusen mål, småfallen, seljast til oljefabrikkane. Onsdag stengde dei på Eidbugta og Førnesbugta med 4 nøter. – 2 hesjelass om kvelden.

28. Fine høyversdagar måndag og tysdag, fekk inn 4 og 2 lass. Onsdag ausregna det, torsdag endå verre, so vi laut halda oss inne meste fyremiddagen. Fredag likare, godt slått- og hesjever. Laurdag klåra det upp og vart solskin og sud-aust; sistnemnde held på heile natta til i dag, stuvande sterk. 12 lass høy. Trutna til att i 5-tida em., men heldt seg då turr å rekna for til i dag, då det har skvetta litt imillomstunder og vinden er gjengen til vest. Gulle i Botn døydde i natt, har vore sjuk sidan februar.

29. Ausregn. Lyste upp um kvellen. 30. Skin av og vart fint ver med sud-austvind og god høyturk. 30. Regnrusk att – nordvestkuling.

1. september. Same ver te byrja med, lyste upp etter middag. Gulle i Botn førdest til graven. 2. og 3. godt ver – vi slo av umkring kl. 6 em. den 3. 4. september. Sundag. Vi var med kyrkja, der var konfirmasjon på 2 gjentor. Dotter til prosten, Dagny Kullerud, og sonedotter til gamalklokkaren, Bergljot Haugen, og ein gut, soneson til Tomas i Skreien, Gerhard Tomassen.

5. Skyut um morgon, skein av og vart fint ver. Fekk inn dei siste 5 lass høy. Har i alt fenge 70, derutav 35 nedanfor berget og 7 på ”kåret”. 6. Sudvest og regn. 7. Stille regn. 8. Likeins. 9. og 10. Upplett, 11. sudvest og regn fyremiddag, sidan opplett, 12. upplett fyremiddag, sidan regn. (Heradstyremøte.) 13. Fint ver. Slog eldste byggåkeren, 5 staur. 14. Fint ver, kjøleg, nordvestleg. Slagta ”Ruggen”. 15. Fint ver, austleg, spak. Førde okseskrotten til Hemnes og kartera’n til Kr.a. (Valgstyremøte.) 16. Upplett, men kald nordanvind, 17. endå sterkare, stilna mot kveld og vart regn. 18. Sudvest og regn. Vegfest på ”huse”. 19. Mest sameleis. 20. Letna av utpå dagen. 21. Yver-tjukk, tok til å regna smått upp mot middag. Skar bygg på Øverbakken. 22. Smått regn, upp-lett imellom. Slo grønfor, tok så til med resten av bygg-åkren. Mot kveld storm og striregn. Ein snipp av bygg-åkren vart standande att. 23. Øgjeleg storm og regn, ”Skaver”. Ikkje å koma ut. Flutta kyrne heim åt nyfjøse. 24. Ikkje så sterk, elles ikkje mykje betre.. 25. Sundag. Stilt, kaldt regn, mykje nysnø i fjellom. 26. Fyrst på dagen blåst’n vest- og nordvestleg med regnfauka. Klåra sida nupp og vart kald sistpå kvellen. Skar av byggen, staura, (19 staur), hesja grønfor, byrja ta upp tates. 27. Smått regn um morgon. Tok upp tateslandet på Sjøvegen, men laut slutta, då regnet auka på og vart reint fælt. 28. Vestanstorm og regn. Letta i regnet uppå formiddagen, så vi gjekk åt tateslandet og sto til nondags, då det vart grisever med snøskletta. Fekk heim siste sauen, gymmera, dei andre er komen for 2 dagar sidan. 29. Mikkjelsmess. Heilt yversnøa. Men mandag kl. 11 tok vi til å moka av nokre tatesrender og grava upp, og sidan tina det av og vart litt betre ver – lengre el-dus - , så det gjekk ikkje så verst. 30. var veret likeins og då fekk vi upp resten. Snaut 10 tunnur i alt, stort og smått i hop. Smak og traustleik tolleg bra. Slog siste grønforet på ettermiddagen og byrja skjera på siste havresnippen i myrkninga.

1. oktober. Snøskletta og regn, nordaustleg vind, spak, nestan ikkje minste dus. 2. Sundag. Litt mildare, berre reint regn utan upphald, stilt; tok av snøen på undlendet. Litt upplett allersist på kvelden. 3. Yverskya, still, skoddutt, ikkje regn. Litt klår-holutt (?) og kjøleg sist på kvelden, isflate på sjøen. 4. Ikkje so lite is, men snøskletta og sur-ver alt.. Heilt yversnøa. 5. Regn, tok snøen av att. 6. 7. 8. Ustanseleg regn, åja til lite hikst på morrastunda kvar dag. 9. Tiendbyttsundag. Litt betre, men då regnutt lell.

10. Ausande regn mest heile dagen. 11. Vestleg vindgråe, lite regn. 12. Fint ver, austergråe, nestan klår um morgonen, men trutna snart til og kl. 5 var det regn att. 13. Sudveststorm og regn. 14. Ausregn så fælt som aldri fyrr, til middag, då det reiv i og brasa upp med storm frå nord. Um natta snøa det. 15. snøa det meir og kvita marka heilt. 16. sundag var det regn att, tok snøen av på undlendet. Storstorm av sud-vest til vest um kvellen. 17. Sameleis mest heile dagen, dovna litt mot kveld. 18. Skletta og regn fyrst, lyste upp litt av aust um ettermiddagen. 19. Fyrst på dagen god blåstr av nord-aust, tok så til å snø. Tok inn 19 byggstaur (resten) og spila upp inne i røystet. 20. Snø og skletta. 21. Regn, vestleg vind fyrst på dagen, sidan sud-aust. 22. Lyste upp og vart fint ver, kjøleg um kvellen. 23. Sundag. Klår himmel, Straumen islagt. Tok til å tjukna upp um kvellen. 24. Yvertjukk, tok til å snøa smått uppå fyremiddagen, og tettare utetter dagen. (Stortingsval. Auksjon i Botn etter Gulle.) 25. Snø og ruskutt. Sudaustvind frisk på Sundsfjorden og Juvika. For til Hemnes med valgsetlane i gårkvell og sat i valstyret natta yver frå kl. 6 kvell til 10 fm. – 26. Regn. 27. Lik, rett dugeleg. 28. Regn, men minder, litt austavind. 29. Austavind og nestan klår. Rodde heimanfrå til Førneset rundt isen med noko bry i Medstraum-aura. Reint nedanfor. 30. Sundag. Tjukna smått yver. Heilt islagt åt Førneset. Byrja snø litt um kvellen og blåsa av sud-aust. 31. Snø og sudauststorm. (Heradstyremøte.) 1. november. Snø, 2, 3 og 4, likeins. (4. bededag.) 5. Klår, litt påfrosen. 6. (sundag, helgamess) Likeins, men tjukna til utpå dagen, tok til å snø um natta lite grann. 7. Litt nordaustvind og snøkov. 8., 9. og 10. likeins, isen sokk heilt ned, stor-uføre. Vinden drog seg den 10. um til sud og sudvest og nedburden gjekk i regn. 11. Mykje regn, isen gjennomblåna yver-allt. Klåra upp og fraus på. 13. Sundag. Klårver og fin-fin skeis-is, men ikkje rett jamnsterk endå. 20. Sundag att. (Missionsmøte hjå Jakob Utland.) Heile vika same godføre, klårver lengste tida, eitpar dagar yvertjukke av sud, litt vind frå nordaust til sudaust, varmemål frå 3º + til 8º ÷. 21. 22. Klår og kald, 8-10 gr. 23. Yverskya um morgon, klåra av frå aust, drog yver av sudvest i myrkninga att. Kom med snø um natta, slog um i regn morgonen den 24., heldt fram med regn og sklette heile dagen og natta, likeins, men minder, den 25. og 26. 27.Spakare nordvest, litt snøfjon. 1. sundag i advent. 28. Same veret. – utnords-hengsel – til det myrkna, då byrja det kjøla frå aust, ein frisk gråe utpå natta. (Heradstyremøte.) 29. Snø, still i lufta, ei lita regn-kremma um natta. 30. Lyste upp og vart kald.

1. desember. Klår og klingande frost, 13º R ÷ (Merknad: Gradestokken i Enget viste Reamür, ikke Celcius). 2. Yvertjukke, litt snøfjun utetter dagen, um kvelden nestan klår. 3. Snøskletta, sidan regn, sudveststorm ettermiddagen. 4. Sudvest og regn. 2. sundag i advent. 5. Stilt regn. 6. Lyste upp og fraus på. 7. Tok til å snø-fjona, léna upp. 8. mest likeins. 9. Skletta. !0.Likeins. 11. Regn, sudvest (3. s. i advent). 12. Ei stund likeins, lyste upp og var fin med sunnanvind i kveldinga. Men natt til 13. rauk det upp-att med regn og sudvest, stygg-sterk, heldt på soleis dagen ut og noko på natta til 14., men spakna då, vart meir vestleg, skletta og kram snø, turrare mot kvell. 15. Meir kjølegt, turr snø, 16. likeins. 17. likeins fyrst på dagen, austleg vind, kula på til storm mot kvell, utan snø. 18. Still og klår, ÷5º R (4. s. i adv.) 19. Likeins. 20. Austanvind, sterk sumetider, skyutt, kov i fjelli i myrkninga. Var i Sjona etter ferskfisk, kleint sjøver der ute, så det var ’kje godt um å få. 21. Likeins, stundom yverskyat, stundom nestan klår, kovenn i myrkninga. 22. Same veret. Solkverv. 23. Same veret. Tollaksmess. 24. Still, heilt klår jolafta. 25. Still, klår um morgon, drog yver frampå dagen. Fyrste joledagen. – Byrja snø så smått i myrkninga. 26. Still, snør turt og smått, men tett. 2dre joledagen. ”Korg-preike”. Joltrefest på skulen. 27., 28., 29., 30., i det heile likeins med veret, litt austanvind den 30. 31. um morgon nordvest og kov, spakenn, vart elles still og fin utetter dagen.

Siste dagen av 1921. Inkje noko sers å melda um i fylgd av det. Inkje har det kome gjestar hit i jola, inkje har vi vore nokonstad, snaut nok hatt tidend frå nokon av grannane, heller ikkje frå Lars, som er på sildvåg i Finnmark