Brev fra sykehuset

Fra Wiki
Hopp til: navigasjon, søk

Den 8-12-1931.

Son min!
Eg lova vel, at eg skulde senda tidend frå meg jamt og samt, og eg vil freista gjera so, det kann vel klikka stundum, og eg veit det vil kjennast lenge å venta. Og so skal eg bala og gjera det sjølv, for det er no som det er å nytta framand hjelp, endå dei hjartans gjerne vil, eg fær det no ’kje rett som eg vil ha det. Eg er no glad for det vert lesande, det eg har rota med vinsterhanda, og eg trur det betrast. Seint går det, men no fekk eg god tid. Rart elles kor tida går, no har eg snart vore 14 dagar i ferda og det er ’kje so langsamt, som ein kunde tru. På romet her er jo ikkje nokon fårleg sjuk, det er operasjonstilfelle, beinbrot, svollar o. l., og her er alltid umskifte, folk fer og folk kjem mest kvar dag. Men her er og dei, som har lege lenge, upptil 10 vekor, og enno ikkje ferdig. Romet er stendig fullt, no er her 15 senger, det skal upphaveleg vera tenkt til 10. – I heile huset skal ligga kring 100. Her er 4 lækjarar, og trengst det fleire, so er ’kje distriktslækjaren langt undan. Kor mange systre her er veit eg ikkje, eg har fått kjennskap på 8-9, derimillom Hildur Malmhaug, ho helsar åt frendane sine.

Her har vore tvo med skada høgrehand i denne tida: ein bonde frå Glein, var komen pålag ei veke fyrr meg, hadde vore burti treskeverket og fått 1½ finger avklypt, men handa elles ikkje so ille medfaren, han vart helder snart ferdig, reiste fredag sist. Den andre, ein skipper frå Kilvær i Tjøtta, hadde fått ei salttunne nedpå seg, kom hit dagen fyrr eg, reiste no sundag. – Eg spurde dokteren i går, um eg kunde få vera uppe. Han svara, ”d’er litt vel tidleg enno”. Men ”på naturens vegne” har eg no vore uppe kvar dag sidan fyrste laurdagen eg var her. So eg trur ’kje det kan verta sers lenge no, - men ei stund vert det altso.

D’er ein ”unemneleg fryd” å sjå det fine veret og alt det yndelege i naturen elles. I natt har det snøa jamt yver her ute, men i dag er det klårver og solgull i fjelli. Og d’er meg ei gleda å vita at de er fjelge og fær gjera alt de kan vinna på i godveret. Det er då ’kje moro å koma i hug, at eg og kunde ha gjort noko, hadde ’kje villa vore yver meg eit stutt sekund, so eg vart for langfingrutt – og må bøta med ein drug pengeslump og uvisst um og når eg kjem meg til att – men vekk med dei tankane, det lyt skura og mala som det er – og eg må ’kje klaga, men liva i vona og takka til, eg kjenner ingenstad vondt – no har vi nyst ete middag, maten overlag god og mathelsa endå ein mon berte. Men her er fleire, som ikkje fær mat fordi dei ikkje toler ’n – Martin Skamdal t.d., han kom natt til laurdag og ligg her på romet, han fær berre ein mjølkdrope eller litt sukkervatn no og då, endå fær har harde mageverk-rider, då han berre ligg og ynkar og bryt seg. Men millom ridene kan han prata nokso kvikt.

- Det tek til å skymast. Og eg vert trøytt og nåmen av denne knipinga med vinsterhanda – brevet skal i posten fyrr kveld. De må difor ha det so bra dennegong og vera ved godt mod. Hels ho Mor og hels gjenta di, bed henne å ikkje verta skræmt yver denne uheppa mi, det høyrer liksom meg til. Gud vere med dykk alle dagar – og med meg, far din.

Olav Engen