Brev

Fra Wiki
Hopp til: navigasjon, søk

Lærar Erik Ottesen skriv til Olav Engen

Saltdalen 24-2-1893

Gode ven!
Tak, takk, takk fyr det brevet, eg nyst hev fenget fraa deg! Aa det var rigtig skamelegt av meg, at du maatte venta so lenge paa brev!

Men kva skal eg segja? Eg er jamt so nedgravet i arbeid av so ymse slag, at eg mest ikkje fær tid til aa sputta ifraa meg. Ataat skulen og den tidspilda, som baade den og klokkartenesta krev med skriving, hev eg kastat meg inn i mangt meira. Gardsstellet skal eg og syta for. No held eg paa med aa faa lagat ei lesarforeining millom vaksne, for at me på ein billegare maaate skal kunna faa lesa dei nye bøker, som riumtil koma fraa vora største digtarar, t.d. B.B, Arne Garborg, Henrik Ibsen o.fl.

For her i dalen er det i grunnen smaatt med folkeleg aandsliv, so smaatt, at skal eg ikkje sjukna burt og døy, so maa eg freista, um eg kann faa folket, ialfall ein og annan, inn paa litt meir enn berre matstrævet. Presten og nokre fleira av dei faa, som fylgjer litt med i det ”offentlege” – aalmenne strævet hava skrivet seg inn, og med det fyrste skal eg kunngjera eit møte, so vi kan samnast um logar aat foreininga.

Ja, du fær tilgjeva meg, at det vart so lengje denne gongen, fyrr eg skreiv! Eg skal freista vera likare heretter. Du er altso i Stamsund no. Lukka til daa, med aa hiva torsken upp fraa havsens djup! Ja, dykk hadde eit fælande vedr i byrjingi. Stakkar dei mange ekkjor og faderlause born! Gud trøysta, hjelpa deim i deira sorg og naud! Eit faarlegt liv hava dykk; men dykk hava og eit friskare liv, enn eg og andre til meg, som er gjenget upp i berre ”stovegrisar”. Eg kjenner sume rior slik trong til aa koma ut aa braaka med nokot i det meir frie; - men naar eg ser til, so er eg fjettrad, og de so tilgagns, at eg ikkje hev so pass som ein sundag fri helder, og so maa eg freista temja og køyva den trongen. Fyr ikkje aa køyvast reint burt likavel, hev eg byrjat kaupa nye bøker, og naar eg hev berre ein alldri so liten blink til sitja i kvild, so finn eg fram ei av deim, og dei gjeva meg stødt nye tankar og halda meg meire frisk. No nyst hev eg leset Garborgs sidste bok ”Fred”, og Ibsens do. ”Bygmester Solnes”. Det er tvo merkelege bøker baae tvo, allvisst den fyrste. Det er den vestlandske pietismen Garborg i den boki gjeng i kamp mot, og boki er baade so du garta og graata aat henne. Den fyrre boki hans, ”Trætte Mænd”, var slik ar der var det fritenkjarane, som han gjorde narr av, so naar me halda dei tvo bøkene saman, ser det ut til, at Garborg no er paa laus fot, ein tvilar, som ikkje kan finna ”fred”. I fritenkjeriet hev han gjenge seg ”træt”, og i den myrke pietismen kann han helder ikkje finna fred, og den klaare, reine kristendom hev han ikkje fenget tak i endaa. Med andra ord: - det ser ut, som at han ikkje kann sjaa meir enn tvo vegar aa gaa: anten vera ein fritenkjar, elder og vera ein pietist, - logtræl, og kann ikkje vera nokon av dei tvo ting, og – so vert livet berre ei gaata, - ei myrk skodda.

Men kanhenda, at dette tyder på eit umslag hjaa Garborg og at gjenom dette myrkr skal ljoset, rett som det er, skina di klaarare og gjera honom til ei ny menneskja! Ja, kunde det gaa soleides, - daa vilde kristendomen vinna ein stor siger i vort land. Tenkja berre, at ein mann som Garborg kunde verta ein ret kristen!. Dei gaaver han hev, den livskjensla, den kvasse penni hans, - aa han vilde koma til aa slaa store slag fyr rett og sanning! Gjeva den dagen maatte koma, og det rett snart!

Du skulde faa tak i dei bøkerna og lesa deim, du ville hava stor hugnad av det. ”Fred” er skrivet paa landsmaal, og han førat eit sprok, som er rikt og stort. Du fær no koma aat meg og vera sumardreng, naar du er ferdig i Lofoten. Løni vert me og samde um, so kann du vera her til lofot-tidi att, um du vil. Eg fekk ein dreng ihaust var; men so vart de litt givling med honom i joli, og naar han no kjem att fraa Lofoten, veit eg ikkje, um han daa ser det likt aa gaa som tenar hjaa meg heile sumaren. Ut paa hausten kunde du naturlegvis fljuga ut paa sildtur her i Salten, um du vilde. Eg trur, vi skulde havt det nog so koslegt saman. Daa eg no hev paa lag ei lett teneste til ein dreng, kunde løni ikkje verta so stor, at du kunde slaa deg nettupp so stort upp paa det, - 50-60 kronur; men so trur eg du kunde hava godt av aa vera ein sumar utanfor Ranen.

Du fær no snart skriva til meg att, daa skal du sleppa venta so lenge paa svar.

Med dette maa eg slutta i kveld. Liva vel! Og taka imot ei kjærleg helsing fraa din ven.

E. Ottesen