Dagbok Olav Engen 1922

Fra Wiki
Hopp til: navigasjon, søk

1922

Nyårsdagen rann upp med skyut, jamngrå himmel og nordaustleg vind, som gjekk um til nordvest med tett kov, då dagen ljosna; det vart elles ikkje skikkeleg ljost. Nordvesten heldt seg då spak. Mykje laus snø og tungt føre, lite ferdafolk å sjå, ein einsleg for ut-um innanfrå. I myrkninga kom Nils Botn med Margrete og Marie på vitjing til gamlingen. 2. Litt likare, lettna heilt upp utyver kvell og natt. 3. Klår og kald, ÷10 ÷11 R. For til Hemnes i dag med Johs. Utland og Anton Sveinsen. 4 Skyut og grå um morgon, men klåra upp att og vart like kald. 5. Litt mildare, noko skyut. 6. Like-eins å kalla, sers fint ver. Trettandag. Anne og eg for åt Straumen på vitjing. 7. Skyut, still, litt snøfjun i myrkninga.

31. Ei einaste frostrid sidan sist det er uppskrive, ei tid austanstorm og fok, framtil 20., alrasterkast sundag 15. Då var eg med kyrkja i Sjona. Frå 21. stilt og kaldt, 5-12º ÷ R. 23. – 24. Heradstyremøte. 29. – 3. s.e.H.3.k – var kjerringa og eg hjå Martin Jensen Tybekk.

Februar 1.-5. – 4. s.e.H.3.k – Klår og kald, eine dagen som hin – dei 2 siste 16 og 17º ÷R. Sidan 25/1 har vi halde på i skogen, hogge og drege heim beitbjerk og sidan gran, vil halda fram med det enno ei tid, med’ føret varer. I går, 4. Hemnestur med mjølk. 6. – 7., klår og kald, 8., litt mildare, skyutt i vest.9. Litt snø um natta, nordvestkuling, slo um i regn etter middag. 10. Smått regn um morgon, men slutta snart med det, klåra og kjølna utetter dagen. 11. Sudvest og regn, uver å rekna for. Kristian Nymo og eg var i dag på Hemnes med mjølk, det var eit ”slørv-sjøvér”. I dag fekk vi kuvatn or fjøsbrunnen, vi har bore frå heimebekkjen i meir enn ei vike. 12. Sundag Septuagesima. Same veret. Føret reint umogleg, vatnet stend og demer i snøen yver-allt. 13. Lyste upp og kjøla lufta. Var sidan fint ver dag etter dag, stundom heilt klår, alldri mykje kald, sjeldan somykje som ÷ 5º, stundum skyutt, ender-å-gong heilt yverskya, litt austavind imillom, til fredag 24., då det tok til å snø og blåsa frå vest, sidan stilla. 25. Austavind fyrst med mør-kov. For heimefrå kl. 5 til Hemnes med mjølk, hadde austavind til Finnbekkjen, men kovet vart då upp-i skletta og regn, kom til Hemnes i stilla – og 10 minutt etter braka det i husveggjene av vestavind, stygg-sterk; kom heim kl. halv 2. Vestanstorm og regn heile kvellen. 26. Fastelags-sundag. Fin-fint ver, stilla og nestan klår. For til kyrkja, kjerringa og eg, var med i valet på menighetsråd i kyrkja, sidan i årsmøtet for Samvirkelaget i Ungdomshuset. Kom heim kl. 7 um kvell. 27. Same veret fyrst på morgon, drog yver frå sør, vart austavind med litt kov-fjun fyremiddagen, sidan still og utan nedburd. 28. Siste februar, feit-tysdag; litt snø, så det skylad holka og vart glette å ganga.

Mars 1. og 2. Samelag ver, noko austavind, då ikkje meir snø enn snaudt skifeste. 3. – 4. Litt skyut, still, berre på Rana litt austavind. Hemnestur 4. 5. Fyrste fastesundag, - fin-ver. 6. – 7. likeins. Heradstyremøte. Kaldt, 12º ÷. 8. endå kaldare, 15º R÷ i dagningen. 9. Endå kaldare, 16º ÷. 10. Mildare, berre ÷ 8º i dagningen, tok til å tjukka i vest, smått snøfjun fyremiddag i 9-tida, sidan klårna det, men mot kvell tjukna det heilt yver av sør. 11. Snøa adskilleg um natta, tungt å draga mjølkelasset nedyver isen – og da eg nådde Førneset kom han innbrjotande med sudvesten, stygg-sterk, og heldt soleis ved heile dagen, så Hemnesturen vart um inkjes. 12. Andre fastesundag. Nordvest og hagl um natta, likeins dagen, sterk, noko spakare ettermiddag. 10årsfest på ungdomslaget. 13. Nordvest og kov, men spakare, so det greidde seg å ro til Hemnes. 14., 15. og 16. Kov-møra, spakenn vind frå ymse kantar, mest frå nordvest. 17. Stille, lévér. 18. likeins, spakenn auastavind på Rana. Hemnestur med mjølk. 19. Tridje fastesundag. Austanstorm. ”Frelsesarmeen” heldt 2 møte på skulehuset. 20. 21. Klårt, storfrost, men døyvdest og tjukna upp i kveldinga. 21., 22. og 23. Nordvest og kov – slog um i regn den 23. og 24. Still, yvertjukk med solglytt, vestleg gråe på Rana fyremiddag, sud-austleg ettermiddag. Hemnestur med mjølk. 25. Still, klåra upp og vart det yndelegaste solskin. Vårfrumess. Noko kaldt um kvellen. 26. Midfastesundag. Gangande skare um morgonen. Yverskyad, men still og fin. 27. Still, halvklår, litt snø-fjun frampå ettermiddag, klåra sidan upp. 28. Blankvér, nokså kald i dagninga. 29. Lars 44 år. Klår, ÷10º R. 30. likeins, då lite grann mildare, blåste upp ein noko sterk austavind. 31. Sterk austavind fyrst, ÷ 5º R, spakna i kveldinga.

1. april. Still og fin. Hemnestur med mjølk. 2. Likeins, litt kald. Marimess-sundag. 3. Klår, bitande kald ÷10º R. 4. likeins, 5. ÷ 9º R i dagningen, litt austavind seinare på dagen. 6.Likeins, noko meir blåstr. 7. Klår, kald, still. 8. Um morgon ei tunn dimma over himmeln, litt snøfjun i fjelli, gråfrost, klåra sidan upp, austavinds-kjøla. 9. Palmesundag. Blank-ver, morgonkald. 10. Snøfjun i fjelli, gråkald, litt austavind. (Heradstyremøte.) Klåra upp frampå dagen og vart bitande kald um natta og morgonstunda den 11. Still då fyrst på dagen, tok til å blåsa litt austavind etter middag, litt snøfjon i kveldinga. 12. Austavind, kov og damm. 13. Skirtorsdag. Klåra upp um natta, still og nokså kald i morgonstunda, blåste upp sud-aust på fyremiddag og tjukna upp utetter dagen. Storstorm um natta. 14. Langfredag. Sumarmål. Sameslag vind, då litt spakare, tok til å snø på fyremiddag. I går, liksom i dag, sterk snøbrede (?). Snøfallet i dag vart berre litt fjun og tok snart slutt. 15. Påskeaftan. Still um morgon, noko dimma kring fjellrandi, tok til å blåsa av sud-aust og vart skottungs-rôk (?), leid på dagen; reiv so laust regn og spakna um kvellen. 16. Påskedag. Still, sidregn, skodda. 17. Andredagen. Mest same veret, litt nordaustvind, ikkje solite sterk ei rid midt på dagen. 18. Sudvest og regn, gjekk til nordvest og kjøla lufta litt, så det fraus skare. 19. Yvertjukk og sudaustgråe att, litt regndriv og. Hemnestur, formannskapsmøte.. 20. Same veret. 21. Sudvest, sterkt regndriv, men lyste upp på ettermiddag og vart tannklår (?) og kald. 22. Fint skaraføre, blankver, litt lettskya frå sud um kvell. Anne og Trygve for til Hemnes med mjølk. 23. 1. sundag etter påske. Solskin og stilla, tunne skyar på himmelen. Gammal-sauen bar tvillinglam, sau og ver. 24. Litt nattkald, bra køyreføre på fyremiddag, men trutna upp og tok til å blåsa litt av nordaust, men lévér og sudleg drott. 25., 26., 27. same veret, ofte sterk blåstr, stundom regn-driv sliter hardt på snø og is. 28. Mest likeins, storsterk på Rana segjer folk; bles elles sunnavind på ettermiddag. 29. Austavindsråk. Isen gjekk av for Kjellneset, var elles mest all på nersida. Hemnestur med mjølk, Nils Botn og eg laut setja båten att og fylgja Nyrud. Vi har elles streva med møkkøyring kvar dag. ”Hårek” er liten, men utruleg sterk. 30. Litt austavind fyre middag, sidan still, litt nattekald og klår um morgon, drog sidan yver med skodde-dimma. 2dre sundag etter påske. – Ner-isen reiste i går kvell, var elles mest uppeten. Eg rende yver øver-isen åt indre Hageberg-odden idag kl. 11.

1. mai. Sterk austavind. 2. likeins, sliter hardt på isen. 3. er det roandes hit; spak, fint ver. 4. Litt regn um natta og på fyremiddag, sidan blankver, sudaust og solskin. 5. Yverskya, still. Noko regn mitt på dagen, sett klårglytt på ettermiddag, skoddutt, kjøleg um kvell. Siste skinn-flaga av øver-isen for sin veg. 6. Klår, kald med blåis-flak på sjøen fyre solrenninga, still, finver langt utetter dagen, litt vestavind og regnrusk um kvell. Hemnestur med mjølk, Anne og eg. 7. Still yverskya; litt regndrippel imorgest. 3. sundag etter påske. Smått regn mot kvell. 8. Still, regn. Frampå dagen meir regn, med sud-vest. 9. same veret. Etter middag nordveststorm og kov. 10. Stille å rekna for um morgon, blåste upp litt sunnanvind, gjekk um til vest framåt middag, sidan til nordvest, og aukad på. 11. Storm av vest. 12. Nordvest, skletta. 13. Still tidleg på morgon, tok til å kjøla av sud fyrst, gjekk til vest og nordvest og aukad til storm med skletta. Hemnestur med mjølk. 14. Nordvest og skletta fyrst på dagen, spaknad i middagstida og var sidan still å rekna for. Solklår ei stund, men tjuknad til um kvellen att, var elles noko kjøleg. 15. Skottung (?), sterk ender å rôsa, yvertjukk, regnfusk, spak ei stund frå fyrr middag og frametter, um kvellen ruskut att. 16. Nestan likeins dagen frametter, men still um kvellen. 17. Blank-solskin, sudaust-gråe. Anne og Trygve på Hemnes saman med Nils. På undlende har vore lenge bert no, heilt frå fyrst i mai på flatorne, i dalar og holer har liggje snø og is til no. Telen sit i enno, så det har ikkje vilja grodd, byrjar no fyrst i bakkane og åkerreinom. Ingje våronn byrja endå. 18. Veret likeins, byrjar tjukna til av sud um kvellen. I dag har kyrne vore ute fyrste gong. Sauene var fyrst ute den 15. Vi har 4 mjølkekyr, 1-fors ukse ”Hårek”, 2 kalvar - ukse og ku –, 2 sauer med 3 lam, gravér og gjeldvéren hans Far. 19. Yverskya, still, litt regn um kvellen.

Mai 20. Still fyrst, yvertjukk, noko regn, sudleg, vindgråe frampå fyremiddag, lyste upp middagsleite og vart sudaust og solskin. Yvertjukk og regn sistpå kvell att. Hemnestur med mjølk. 21. Vestanvind og fuskregn. 5. sundag etter påske. Ettermiddag still, skyutt med solglytt. 22. Regn, litt vestavnd fyrst på dagen, gjekk um til sud, sudaust og aust, turr. (Heradstyremøte.) Sist på kvell og um natta sterkt regn. 23. Litt regnfusk fyre middag, ettermiddag sudvest og meir regn. 24. Still, yverskya, turr, ender og då solglytt. Sådde bygg på Rabben. Tates sette vi fyrst den 19., gulrot og kålrabi den 20. – 25. Still, sidregn fyre middag, sidan vestanvind, turr frå kl. 4 em. Himmelferdsdagen. 26. Still, yverskya med solglytt. Tok til å regna sist på kvellen. Eg høyrde gauken fyrste gong i år, Trygve segjer, han har høyrt han fyrr. 27. Sterkt regn um natta og fyrste morgonstunda, vestergråe, letta upp i 6-tida og vart klår-holutt og solskin. Ettermiddag regnelingar no og då. Hemnestur med mjølk. – Jakob Eriksen Utland døydde snøgt onsdagsmorgon den 24. – 28. Storm av V.t.NV med kaldt regn og snøskletta. (6. sundag etter påske.) Kvellen utetter mykjegodt turr snø. – Fyredrag kl. 9-11 i ungdomshuset av Elias Melvær um ”Korleis me skal fremja vår åndsvokstr.” Eitt gildt fyredrag, det var det berre ei meining um. 29. Still, men kaldt regn på morgonstunda, sidan SV storm, fælt med regn. 30. Regn, spak vestanvind, litt turr frå kl. 8 til framyver middag, sidan austleg, mest still, mykje sidregn. 31. Likeins um morgon, seinare vestanvind til NV, nestan turr.

Juni 1. Turr kald nordanvind. Kristian Utland var her og pløygde. 2. Likeins å byrja med, klåra upp frampå dagen og spakna med’ sama, nestan still sistpå kvell. Jakob Eriksen vart førd til graven, vi var med. 3. Sudaust og solskin, då ikkje mykje varm. Vestavind ettermiddag. 4. Still, skyutt, snart jamngrå, frå kl. 10 tok’n til å regna smått, sidan ikkje så reint lite, men heldt uppe sistpå kvell. Kvitsundag – var med’ kyrkja Anne og eg. Våd-eld på Lapphella igårkvell, fata i Tønderbryggja, brann upp 5 bryggjehus i alt. 5. andredagen, yverskya, still, letna sidan upp og vart solglytt, trutna til att og regna litt i kveldinga. 6. Yverskya, still, litt solglytt midtpå dagen. 7. Regnfusk fyrst på morgon, sidan turr vestanvind, noko sterk framyver middag. 8. Solskinn, turr vestanvind. Sette resten av tatesen uppå Øverbakken. 9. Solskin, vestanvind. Sådde havre. 10. S.aust, solskin. Hemnestur med mjølk. 11. Solskin, s.aust, sterk i 4-5-tida em. 19º R +. Trieiningssundag. Anne og Trygve med kyrkja. Preike av missionær Thunem (?). 12. halvklår, solskin, litt nordanvind. 13. sudaust, varm. 14. Varm fyrst på dagen, seinare nordanvind, sterk, kjøleg. Sådde nsiste åkrane til mognings. 15. Vestanvind, regnfauka, stundom ikkje solite, 16. likeins. 17. S.aust yverskya, litt regndripl um morgonen, klåra upp, ettermiddag nordanvind, tjukna upp. Sådde grønfor. Hemnestur med mjølk. 18. Halvklår, still. Konfirmasjon. Far og Harald med kyrkja. (1. sundag e.trieining.) 19. Still, smått regn å byrja med, sidan meir, ettermiddag sterkt regn, noko vind av SV. 20. Mest likeins til kl. 3-4 em. då det lyste upp og vart fin-ver. 21. Still, varm um morgon, men blåste snart upp nordanvind og vart sterk. 22. Skyutt, blåstr av V t. NV heile dagen, litt regnfauka stundom. Solkverv. 23. Vind av V t. SV, litt regn. 24. Vestanvind, fauka, frisk blåstr. Hemnestur med mjølk. Jonsok. Sådde siste grønforet (Steinbakken).

Arnt Nilsen Trongmo døydde den 16. hjå K. Sjåvik, Straumen, 74 år gl., vart gravlagt den 22.

25. Vind V t. SV, regn. 2. sundag e. trieining. Lyste upp eit bil yver middag og vart varmt solskin. 26. S.aust og solskin til yver middag, drog så yver frå sud og vart regn um natta. 27. Lettna smått til solglytt, var elles jamt skyut og litt regnskvett imillom. 28. Solskin og stilla um morgon, bles upp s.aust frampå fyremiddag, gjekk um nonsbil um til SV, sterk, med skyut himmel og regnbøygjor. 29. Skyutt, regndripl om morgon, blåste litt av, lettna sidan upp og vart solglytt og noko varm, men bles same vind tilkvells. Seinkvell still, nestan klår, litt glya i sør. 30. Spak vind av V, regn.

Juli 1. Sterk SV og regn um morgon, seinare spak, klår-holutt, solskin millom regnbøgjer. Hemnestur med mjølk. 2. Same veret som i går kvell um morgon, klåra upp og vart solskin og S.aust, drog då yver mot kvell att og vart still i lufta. 3. Likeins å byrja med, solglytt, varm i lufta (17º + R), s.aust og litt regndripl um kvell. 4. Vind og litt regn utetter dagen, tett regn på kvellstunda. 5. Still, yverskya, jamgrå, varm i lufta, ein og annan regnskur, litt austavind etterm. (?) Hemnestur med mjølk. Anne, Trygve og eg, Trygve hjå tannlækjaren. 6. Solskin og varme, tunne regnskurar som i går, frisk s.aust, og yverskya etterm. Auka til storm seinkvell og vart striregn um natta. 7. Regn, S vind, drog um til SV. 8. Same veret, spaknad leid på dagen, still seinkvells. 9. Regnskurar i morgonstunda; lyste upp fyremiddag og vart solskin og varme, spak V vind. (4. sundag e. trieining.) 10. Skyutt, spak aust gråe. Ei sterk regnskur yver middag, elles turr. (Heradstyremøte.) 11. S til V vind, skuytt, regn imillom. 12. V. vind, spak, klåra upp leid på dagen. Hemnestur med mjølk. 13, 14.og 15. S.aust og solskin kvar dag varm, upptil 21½º R (14.) Har slege litt høy i hagen, i vegane og kring veggjene og fenge inn kanskje eitpar lass. 16. Likeins med veret. 5. sundag e. trieining. Anne og smågutane med kyrkja, eg gjeter. 17. og 18. Båe likeins, s.aust og solskin, regnfloingar kring middag. (22º R den 18.) 19. Yvertjukk om morgon, klåra av fyremiddag, kom så med NV vind. Klår heile kvellen. 20. Myrkbakke fyremiddag, skin so av, men tjukna upp att mot kvell. Ikkje heilt fritt for fauka sistpå. 21. Skodda fyremiddag, klåra upp middagsbil og vart solskin, V.vind. Til og med i dag 4 lass turrhøy. I dag er eg 51 år. 22. Klår og varm reint storveges, + 22º R, litt s.aust med floingar, som då ikkje rakk hit, anna lite grann dripl seinkvells og um natta. 23. Skodda um morgon, skein av, men med vest kjøleg frisk vind, + 15º R. 6. sundag e. trieining. (I går 4 lass turrhøy.) Tjukna upp og vart regn so kl. 6. Bar inn pålag eitt lass med setehøy då. 24. Yvertjukk um morgon, men skein av og vart varm med floingar. 25. Plent likeins. Regna noko um natta og morgon den 26., men skein så av då og. 27. og 28. Sprak-solskin, s.aust føremiddag og havgula ettermiddag. Slo i Øverenge, fekk inn 2 og 4 lass. Drog yver med skodda av NV seinkvells den 28. Litt fauka um morgon den 29, men turka av leid på dagen, vart då ikkje heilt klår. Fekk eittpar høylass då og. Hemnestur med mjølk den 26. og 29. 30. Likeins med veret som i går, men tjukna til og byrja regna i kvellstunda. 7. sundag e. trieining. 31. Sidregn fyremiddag, lettna av ettermiddag, så vi tok til å slå og hesja på Lamyra. Fått inn 22 lass høy i juli.

1. august. Tjukk og regnfull, litt V vind, lyste upp framyver middag og vart litt sete-turk, men drog i hop alt seinkvells. Køyrde inn eitpar lass rått setehøy og la på turk inne. 2. Frisk V vind um natta og morgon, ikkje regn, men sky-tung. Tok då til å regna att so kl 8-9, just ikkje mykje, spakna noko med vinden i kl. 4-tida, lyste so upp og regna kje nok omeir. Hemnestur med mjølk, Anne og eg. 3. Klår og fin, litt skodde på fjelli i sør. Spak sør-aust, god høyturk. 6 lass. Skyutt sør-yver um kvellen. 4. Likeins som i gårkveld fyrst på morgon; litt kald. Drog upp av sør, men tunnest att og vart høyver, berre ein liten floing i middagstida. 3 lass. Byrja tjukna upp i kvellstunda. 5. Myrkbakke, fauka, vind v. laber. Hemnestur med mjølk. 1 hesjelass um kvellen, no iallt 10 lass i august. 6. Myrkbakke og fauka til å byrja med, lyste upp framyver middag, vind v. frisk. 8. sundag e. trieining. 7. Fyrst på morgon klår midt i kvelven, skoddutt kring fjelli, kjøleg, + 5½º R. Bles upp av vest, frisk, framåt middag, fint høyver, 8 lass. Tjukna til kring fjelli seinkvells. 8. Natta og fyremiddag myrkbakke og fauka, vind frisk NV t. V. Køyrde inn 5 lass hesjehøy i natt kl. 2½ - 5. Regnfauka, delvis mykje, vind V t. SV frisk. Hemnestur med mjølk. 10. Skyutt og regnfull, men lange, heite solglytt. Sterke floingar i middagstida og framyver kvell. 11. Likeins, men turr på ettermiddag, så vi fekk i hop noko seter. 12. Solskin austerkjøla, men skyutt og utrygg innimellom; ender å gong litt regndripl på ettermiddagen.5 lass turrhøy. 13. Austavind, solskin, ikkje heilt klår. Køyrde inn 4 lass. (9. sundag e. trieining.) 14. Søraust, solskin. Drog skyflager yver himmelen og var nokså regnlik medkvart, men vart turr heile dagen. 7 lass. 15. Likeins, men tjukkare skyflagur med litt regn-dripl ender-å-gong; turkad høy likevel, fekk 1 lite lass, resten av breidene. 16. Mest likeins, men meir regnfauka, serleg føremiddag, ettermiddag mest turr. Hemnestur med mjølk, bork og nytates, Anne og eg. Klårad heilt av seinkvells. 17. Heilt t--- klår, still, kjøleg morgonstund, + 5º R. Bles upp s.aust, drog upp glya smått um senn og var noko skyut um kvellen. Slog litt krampslått på Timberberget og i ”Verflokebakken”, reknar elles for avslege um laurdag (12). 18. S.aust, sterk, heilt yvertjukk, synst ha regna litt i natt. Dagen vart mest med turr-blåstr, sleit nokre regndropar ender-å-gong. Frå nondag stiltest det og tok til å regna meir. Vi tok til å stella um gjerdi kring jorda. 19. Klår for-så-mest, men skyutt i sør. Drog upp og vart torefloing i nonstida. Hemnestur med mjølk, Lars og eg. Fekk inn litt kramphøy, men har enno litt ute. Køyrde elles inn 2 hesjelass den 17., men har ei hesje standande enno. Klåra upp seinkvells. 20. Tett, sid skodda, tok snart til å småregna og heldt so på dagen ut. Anne og Trygve med kyrkja. (10. sundag e. trieining.) 21. Halvklårt fyrst på morgon, men seig i hop att og heldt dagen ut med regn-elingar og vind av vest, frisk yver middag, sidan spakare. 22. Likeins til å byrja med, men lyste upp og turka av på fyremiddag, heilt klår seinkvells. Slo av litt hams, som sto att uppi Steinbakken. 23. S.aust, solskin med drivande skyflagur, turr til kl. 4, byrja då å dripla, sidan meir noko stridt regn i kvellstunda. Hemnestur med mjølk. Fekk inn resten av høyet, 3 lass, reknar no i alt 72 lass innkome. Lars byrja vøla på kjellarhus-taket. 24. Yvertjukk s.aust, sterk, regndripl. Skar og staura bygg på Rabben, slo fré-timotei. 25. Yvertjukk, same vind, men turr, klår-holutt på kvellsida. Byrja å setja upp gjerde i Grindberget og uppetter. Skar fyrste havren, 3 staur. 26. WS.aust, ujamn, spakt, frisk, skyutt, regndripl ender-å-gong. Heldt fram med gjerdinga. Hemnestur med mjølk, Lars og Harald. Kyri låg burte i natt, fann dei kl. 4 imorgest på Langtjørnbenken. 27. SV, spak, tunne regnbøygjor. 11.sundag e. trieining. 28. Still, regn. Gjorde ferdig gjerdet i Rift-holet (Verflokebakken.) Skar havre. 29. Skyutt, med solglytt, stil, varm. Skar havre og staura (11 staur), slo grasfré-åkren i Lamyra. 30. S.aust, spak, ei regnskur i middags-tida, lyste upp og vart klår um kvellen. Hemnestur med mjølk (Anne). Myhre kom her ikvell med innbjoding til gravøl over kjerringa hans (Elen Tverrbekkli) som døydde den 25. 31. S.aust, solskin, øl-moa i fjelli, + 17º R. Skar havre uppå¨bakken.

1. september. Veret likeins. Staura havre, fellte gran, slo grønfor. 2. Same ver. Hesja grønfor. Hemnestur med mjølk, eg åleine. ”Hergard” trødde hol i sumarfjøs-telet i natt-morgo og skamfor seg noko uppå låri, so ho kunde ikkje sleppast til skogs, men laut tjorast heime – syntest snautt gangfør, men vi tykkjest no, ho betrast. 3. Same ver, men meir skyutt, sistpå heilt yvertjukk, SV og regn seinkvells. 12. sundag e. trieining. Santalfest hjå O. A. Straumbotn. Eg var med kyrkja og sidan på ”nominasjonsmøte” på meierisalen, der vi laga til ei ”bygdeliste” til heradstyrevalet i haust, skal vera 16. oktober. 4. SV, spak, regn. Skar grønfor, resten uppi Steinbakken, skar bygg på ”Rønningen”. 5. Skyutt, n.aust vind i morgonstunda og framåt middag, stillast so av og tok til å regndripla. Hemnestur med mjølk – eg åleine. Skar og staura bygg i Steinbakken. 6. S.vest, spak, regn. Gravøl i Tverbekklia, vi var der, Anne og eg. 7. Skyutt, smått regn, solglytt. Skar av og staura byggen (34 staur), skar noko meir havre uppå bakken. 8. Solskin, frisk vest vind. Fekk 8 fine silde burtmed Hageberget, eg sette 2 garn der igårkvell. Ikvell sette eg på Førnesbugta og. 9. Spak s. vind framyver middag, sidan frisk v., tunne regmbøygjor heile dagen, halvklår og noko kjøleg i kvellstunda. Rim på marka i morgonstunda, har nokk frose potetgraset sommestader. Fekk 44 silde, derav 32 på Førnesbugta. Hemnestur med mjølk, Lars og eg. 10. Skyutt, spak s.aust (13. sundag e. trieining). Gjekk um til SV, tok til å regna smått yver middag, kula på og vart mykje regn i kveldinga. 11. SV storm, mykje regn. 12. Same veret. 13. Likeins å byrja med, lyste upp fyre middag med s.aust vind og solskin. 14. S.aust, solskin. 15. Likeins. 16. regn, SV um natt – morgon, lyste upp då det vart skikkeleg dag og vart fint ver, spak s. vind. Hemnestur med mjølk, Anne og Trygve. Byrja ta upp tates den 14. 17. S.aust, storm natta og fyremiddag, tok tidleg til å regna og vart mykje regn i ridene utetter dagen. 14. sundag etter trieining. Anne og eg gjekk til kyrkja i Sjona. 18. S.vest til vest, sterk stundom, men nestan turr, godt tateslandver. 19. Likeins å kalla. Skar havre uppå bakken og hesja bandi. 20. N.aust, sterk, klår i morgonstunda, men tjukna snart upp av s.vest og byrja regna smått i middagstida, men heldt smått uppe til i myrkninga, då ’n vart mykje regn. Fekk inn all stauren. Hemnestur med mjølk, eg åleine. 21. S.vest, regn i morgonstunda og i elingane utetter dagen, men lange fine dus. 22. S.vest, snøskletta, ikkje fri for kvitt på marka i morgonstunda. Seinare vart det fine el-dus liksom i går, sistpå dagen heilt turr, fint tateslandver. Fekk upp all jordepli sonærsom litt ”peiksæd” av framandt slag, som vi vil lata veksa i det lengste. Av svensken fekk vi 4 tunnur, seks fald pålag, av gråtates vel 8 tunnur, 10-fald, av kvit- (og raud-)tates 13 tunnur og 8 byttur, noko meir enn 9-fald. I alt umlag 26 tunnur, millom 8 og 9 fald. 23. Stilt fint ver, litt regnfusk ender-å-gong, elles solskin. Hemnestur med mjølk, Anne og eg. 24. Likeins ver. 15. sundag e. trieining. 25. Klår, rimfrost, is-fale i solovringa. 26. – 30. alle dagar likeins, klår og solskin, nattkald, ned til ÷ 2º R, kaldast natt til 29. med heil islagd sjø, litt aust vind sopa’n vekk på ettermiddagen. 30. også heil is, og då vart ’n liggande for-så-mest. Hemnestur med mjølk, eg åleine. Tjuknad upp mot kvell og var heilt yvertjukk framyver natta, men klarad av mot morgon att. I går Mikkjelsmess. Tok upp nepa den 26. og siste jordepli den 27.

Oktober 1. Klår, morgonkald, litt skyutt djupast i vest, stilt, blå-is på Straumen, 16. sundag e. trieining. Drog smått yver av vest på ettermiddagen, heilt yverskya i kvelltida. Blå-isen rak vekk sonærsom her på Botnfjorden. 2. Yvertjukk, stilt, smått regn, is endå på Botnfjorden, men han for vekk i middagstida. S.vest, ruskver ettermiddag. 3. Mest likeins. 4. Lyste upp og vart mest klår, utan no’vidare kulde, litt v. kjøla. Hemnestur med mjølk, eg åleine. 5. Likeins, tjukna upp um kvell og utyver natta. 6. Tok til å regna i lysinga, sidan SV storm, mykje regn. 7. Lyste upp um natta, mest klår, s. gråe, mild i lufta. Tjukna upp ettermiddag. Ti’nbytte i går og i dag. Hemnestur med mjølk, alle tri. 8. Still, smått regn. 17. sundag e. trieining. 9. same veret, litt SV gråe i morgonstunda, seinare still, yvertjukk utan regn. For til Hemnes i heradstyremøte, reiste um kvellen inni Elsfjorden saman med Anton Sæter for å halda Hypotekbanktakst på Tveråmoen. 10. Veret mykjegodt likeins, men lengre og tjukkare regn-elingar og stundom vind av SV. Vi yvernatta på Sanden hjå Jonsen, gjekk derifrå kl. 8 uppigjennom bygda til Tveråmoen, der vi kom kl. 11, utretta erindi vår og gjekk derifrå att kl. 7 nedtil Sanden, der vi kom kl. 10. 11. Still, yvertjukk, turr. For yver Elsfjorden so kl. halv 12, med motorbåt, til Hemnes kl. 1, og heim kl. 5. 12. Stundum noko skyutt, stundum nestan heilt klår, still, litt kald i morgonstunda. Vi gav oss til med stovetaket på sørsida, sette upp stillads, tok upp nytorv, byrja flekkja av gamaltorva. Tryggve 16 år. Agronom Joh. O. Drevvatn kom her i kveldinga og måta til nokre veitor her på heimebøen – for herfrå til Utland. 13. Veret likeins, mest klår fyrst på dagen, drog upp skyar i myrkninga og var heilt yvertjukk seinkvells. Held fram med sørsida av stovetaket og vart ferdig med det fyrr det myrkna. Ole A. Straumbotn var her og hjelpte oss. Og gamle Far - 86½ år var på taket og tekte i lag med han. Tett vart det og, det synte seg den 14., då det byrja regna og vart mykje regn mot kvell. Eg for til Hemnes med mjølk. 15. Sterk regn i elingane, men solglytt innimillom, litt SV, sterk ei rid um natt-morgon, elles spak. 18. sundag e. trieining. 16. Nestan klår, vind V t. NV. Heradstyreval, dårlegt frammøte, der røysta berre 50 av 132. 17. Likeins, nestan klår, still, noko is på Straumen, den rak vekk utpå dagen. Tjuknad upp litt um kvell og heldt sjøen open. 18. Still, halvklår, litt isfale. For til Hemnes, Anne og eg, med eit saulam vi hadde selt. 19. Still, smått regn, blåste upp litt av SV på kvellsida. 20. SV storm og regn, fullt uvér. Gjekk upp i NV leid på dagen og vart nestan klår um kvell. 21. Still, lett yverskya på morgonstunda, men byrja snart å blåsa upp av SV, kantra til vest og nord-vest storm med snøskletta. Hemnestur med mjølk. 22. Vinden spakare, elles likeins. 19. sundag e. trieining. 23. Spak NV, snø, klår-hol med solglytt, ”utnordshengsel”. Byrja samlast snøsurpa på Botnfjorden. 24., 25., 26. Same veret. Snøsurpa aukast og styrknar til um nætene, då gradstokken sig under 0, medan han stend upptil +3º um dagen. – Klåra heilt upp um kvellen den 26. 27. Klår på morgonsida, ÷ 9º, heilt islagt til Medstraum-auren og Kjeldneset. Tjukna upp att og tok til å snø um kvellen. 28. Still og kovenn på morgonsida, tok til å kjøla av SV seinare på fyremiddagen, lédna upp og kom med regn i myrkninga. Hemnestur med mjølk, fór umkring åt Medstarumsjøen og derfrå yver til Utland og fylgde Svein. 29. Kjøla lufta frampå natta og vart turr snø, heldt på slik i elingane dagen ut. 2. sundag e. trieining. 30. same veret. Eg var utmed Botn-saga og drog upp og lunna stokkane mine på ettermiddag. 31. Litt kaldare, ingen nedburd. Henta trøskemaskinen frå Botn.

November 1. Snø att – ustanseleg snø, tek til å verta mykje no. Lufta held seg nett på frysepunktet, so det vil frysa litt framfor døri og i uthusi, men inga styrke for isen, han ligg berre i krav. Helgamess. Tok um kvellen til å blåsa litt austavind. 2. Austavind og fok, lédna upp i lufta og var ein liten regnskvett i myrkninga. 3. Framleis vind, klara upp leid på dagen og vart fint ver på kvellen. Bededag. 4. I morgonstunda tett snø, still, seinare V vind, hagl-elingar. Hemnestur med mjølk, trasking rundt til Eibugta. 5. Tett, våt lure-snø heilt til middag, moka ned ei svær mengd. Sidan litt smått regn. + 3º R. 21. sundag e. trieining (helgamess-sundag). 6. Klår, kjøleg, i myrkninga litt austleg vind. 7. Austavind, letna upp og tjukna yver. 8. Snøskletta, stilt. 9. 10. Snø, meir og minder tung, lufta på frysepunktet, siste kvellen litt under. 11. Austavind, snø um morgon, seinare hagl, skiftande med regn. 12. Tung snø fyremiddag, sidan stridt regn. 22. sundag e. trieining. 13. Stridt regn um natta, alle bekkjer yverfløyma. Etter det vart ljost, blåste det upp med storm av vest. Var på tur til Hemnes i heradstyremøte, men kom berre åt Jamtbekkjen. 14., 15., 16., 17. Alle dagar likeins, regn, snøskletta ender-å-gong, eit og anna ”hikst” itt meir ytleg, elles jamt storm av SV t. V, ”skavér”. 18. Austleg, spak, fint ver. Hemnestur um Eibugta. 19. Turt fint snøfjun, still, léver. 23. sundag e. trieining. 20. Umlag likeins. Tok til å rydja noko kjerr uppå bakken og draga heim til ved. Køyrde heim kvist frå Øverenge. 21. Still, vasshagl, sidan: regn, SV storm. 22. Likeins. 23. likeins på fyremiddag, tok så til å kjena (?) ytleg og klåra upp – imillom sklett-elingar. Ner-isen vekke i går, i dag roande heilt til Leirfallmoen. Um kvellen tok det til å snø tjukt. 24. NV kjøla, kov; spak of fin millom elingane. Hemnestur (med Nyrud frå Eide). 26. Stilt kov. Klåra upp um kvellen. 24. og siste sundag e. trieining. Straumen snøa att ånyo natt til 24. og ligg i same uføret, har (?) aldri vore gagn i. 27. Still, smått kov. Klåra upp leid på dagen og vart litt kald. 28. Klår og kald. ÷ 10º R, still. Dei segjer, det er isfale på Rana. 29. Klår og kald på morgon, sidan stilt kov. 30. Dimmen, snøfjun. Vi trøskad havre i går og dagen fyreåt, henta dryftaren i går-efta og dryfta i dag.

1. desember. Yvertjukk, myrk, regn-lik, snøfjun. Klåra upp i kveldinga og vart kald. 2. Klår og kald, s.aust, spak. Hemnestur frå Eide. 3. Likeins. Drog yver mot kvell og byrja snø fint og tett. 1. sundag i advent. Isen endå ikkje farande på noko vis. 4. Halvklår, SV drått for månen, sidan hagl, regn og skletta um einannan. 5. Likeins. Utpå dagen SV storm og regn ei rid, um kvellen still, smått snøfjun. 10. Still, léver. 7. Klåra upp og kjøla lufta, ÷ 4º R. 8. Klår og kald, ÷ 14º R. Slagta gràvéren. 9. Tjukna upp og tok til å snø um natta, snøa adskilleg utetter dagen. 10. Snøa fort vekk, vart kram og slo han i regn um kvellen. For til Hemnes i dag med G. Hauan til heradstyremøte – det siste i året og i min tenesttid. Eg selde vérkroppen (til Fjeldavli, 29.5 kg, 1.80 pr. kg – feit og fin). 2. sundag i advent. 11. SV, regn. 12. Likeins, kjende vest-i og kjøla lufta, stiltest og kjende (?) austleg, blåste i og tok til å snø i myrkninga, nokså kov-tjukk sistpå. Heradstyremøte båe dagane, ordførar(formanns)val i ny-styre i går: Joh. Fineide vart ordførar. H. Jakobsen, Drevatne, varaordførar. G. Hauan og M. Michalsen formenn. 13. Kov, austleg vind. – Uppe kl. 6 og tok til å ro heim, kom heim kl. 10. Emissær Voje var her, gjekk herifrå kl.2. 14. Smått kov, klåra upp og kjøla lufta, ÷ 10º R um kvellen. 15. Klår og kald, ÷ 12º R ei tid, byrja å ”slå seg” ststpå kvell. 16. Kov, utnordshengsel. 17. NV, frisk, smått kov, still imillom. 3. sundag i advent.18. Still, klår, kvesste i med frost, ÷ 8º um kvellen. 19. Kald, ÷ 11º R fyrst på morgon, men lédna til ÷ 6º um kvell. 20. Fint ver, upptil ÷ 3º med litt auster-kjøla um kvellen. Lars kom heim, har vore på sildvåg nord-i Kvænangen, Ulfsfjord og Lyngen – var elles heime eit døger (14.-15.) i fyrre-vika, (kom nordfrå til Hemnes den 10.) har i millomtida vore i Mo på sildhandel. 21. Storm av nord-aust, litt kaldare um kvellen ÷ 5º - ÷ 6º um kvellen. 22. Frisk aust vind, lite kald, lidna alt upp og fekk laust litt fint kov om kvellen. Lars og eg på Hemnes. Denne veka har isen vore farande åt Førnesodden. Solkverv. 23. Fyrst på morgon som i går kveld, men snøen vart meir og meir tung og våt, so føret vart omouleg. Vi skulle draga dory ned-um, men kom berre ned-åt Kjeldneset, då vart’n for tung, vi laut leggja’n der. Klåra upp um kvellen. 24. Klår, litt kald, men drog yver og lédna upp att i kvellstunda. 4. sundag i advent, jol-afta. 25. spak SV, regn. Fyrste jol-dagen. Vi fekk kort frå Ramsli’s på Heggåsen med posten i går, vi har fyrr lese i bladi at det har brunne for deim. Dei segjer då, dei har det bra etter umstende. 26., andre joldagen. Still, yver-tjukk ”gråver”, litt påfrose, fin-fint ånnarføre. Joletrefest på skulen. 27. Likeins pålag, men byrja snø litt fyrr middag, men so kl. 2 vart det slut med det og han vart kjøleg og nestan klår frametter kvellen. Vi drog doryen åt Førneset og matrial frå Botn-saga. 28. Utnords hengsl (?), litt kov fyrr middag. Drog rest-material’n frå Botn-saga. 29. Austavind, sterk, lévér, skyutt. Fest på ungdomshuset, ”Lyngheim” heiter det no, skodespel, som Trygve er med i. Anne var der og såg på, ikkje eg, dei kom heim um midnatt. 30. Same ver – ja meir sudleg, så Rana var nokonlunde spak. Hemnestur saman med Kristian Utland. 31. Same ver. Sundag etter jol, nyårs-afta. Gildt ånnarføre, veksande måne.