Dagbok Olav Engen 1934

Fra Wiki
Revisjon per 1. okt. 2005 kl. 10:32 av Hallvor (diskusjon | bidrag) (Opprettet siden)
(diff) ← Eldre revisjon | Nåværende revisjon (diff) | Nyere revisjon → (diff)
Hopp til: navigasjon, søk

1934

Januar 1. Still, dunsnø, ”frosthare”. 2. Still, yvertjukk, regn, um kvelden ein sudvest-eling. 3. Like-eins mest – meir frå sud, den blåstren som var. 4. Regn, vestavind og sud-vest, mot kveld adskillig sterk. 5 Same ver, berrmark og hålke, ved kveldtid snøskletta. 6. Trettan-dagen. Spak NV og snøfjun i morgonstunda, sidan klårholutt, utan nedburd. Hemnestur, Trygve. 7. 1. sundag H-3-K. Elingar av sudvest til vest med hagl, skletta og regn, klårhol imillom. 8. Still, utnordshengsl, i myrkninga eitpar kov-elingar. Drog ein halv sildmjølsekk frå Eide. Køyrde sidan ved heim frå skogen. 9. Spak nordleg, kovenn. Vedkøyring og –hogging. 10. Yvertjukk, still, mild fyrst, blåste sidan upp skottung med tung snø, som i kveldinga gjekk til sudvest og regn. Same arbeid. 11. Still, smått regndripl, eit og anna klårglytt. Vedhogging. Trygve tok inn kålrot or kula. 12. ”Medvinter”. Klår, still, utan kulde. Same arbeid – Trygve køyrde elles på em. nokre kålrotposar åt Førnese, for å senda til Hemnes. 13. Tjugandag. Léver, frisk skôtung. Hemnestur, eg, med Oskar Tybekk. Heime vedkøyring. 14. 2. sundag. Halvklår, spak sud-aust. Anne og eg ferdast åt Tverrbekklia, fekk sjå sola heil og i all sin glans. 15. Yvertjukk, léver, skôtung. ”Barbro” kalva, natt-morgon, svartsidutt okse. – Eg gjekk åt Dalosen på skogtilsyn og blinking, vart verande natta yver hoss Jens Israelsen. 16. Litt kaldare, austavind, klårholutt på fm., tjukna sidan yver og byrja snøfjuna litt i kveldinga. Yversyn i Dilkestadskogane, kom heimatt kl. 19. 17. Still, dunsnø. vedhogging. 18. Yvertjukk, snøfjun ei stund fm., sidan upphalds, sterk sud-aust. Same arbeid. 19. Still, yvertjukk, léver. 20. NV og kov. 21. 3. sundag. SV, seinare V, sterk, regn, skletta og snø. 22. Still, regn, seinare noko vind av sud til vest, ”vesterskôtung”. 23. SV og regn, på em. storm med hagl, ljon og torgong. 24. Still, regn og hagl. 25. SV og regn att, skoddetung og myrk. 26. Still, klårholutt ei stund på fm., drog sidan yver att, litt snøfjun i kveldinga. Var iveg og blinka skog åt Sigurd Medstraum. 27. Still, snøskletta. – Hemnestur, Trygve. 28. Sundag septuagesima. Spak SV, skletta og regn. Årsmøte i Bondelage på Falle, Trygve for dit, årsmøte i saniteten på skulen, Inga gjekk dit. 29. Still, regn og hålke. Då de skikkeleg vart ljost, tok de smått på å blåsa av SV og mot kveld vart’n sterk. 30. Spak vestleg med litt hagl fyrst, gjekk seinare til nord-vest og vart sterk på em. og kveld. 31. Still, klår, kjøleg. Nepekøyring, resten.

Februar 1. Still, smått kov fm., sidan regn, mot kveld braka de laust med SV att. Eg køyrde heim eitpar vedlass, Trygve slær sund veitstein. 2. Kynnesmess. SV rok og regn, berrmark og hålke fm. På em. kjende han vestleg og kasta hagl i, mot skyminga nordvest og kov. – Isen knakk frå Hagaberge til bekkjeosen vår. 3. Still, smått kov. Eg køyrde eit vedlass. Trygve er åt og vølar på skôte. 4. Sundag seksagesima. Kom um natta med SV storm og regn, um fm. vest til nord, med regn, skletta og snø, spaktest på em. 5. Kom med SV-stormen på morgonsida att, kantra til NV frampå fm., skletta, hagl og tung snø. 6. Same ver. 7. Stormen spakna ut-yver natta, um morgon still, halvklår, kjøleg, frå fulljos dag til ei stund på em. fullklår, sidan utnordshengsl, dunsnø. Arbeid i skôte. Rana ligg heil inn-um Straumholmen. 8. Still og klår på fm., ÷ 11º R. Em. utnordshengsl, dunsnø. Skogkandidat Finn Frost var her og såg på skogen. 9. Still, tett kov. Trygve var køyrande på Eide etter ein sekk mais. No – frå byrja på denne månad – er brua opna for køyretrafikk. 10. Nord-aust blistring med kov i morgonstunda, i ljosdagen spak og upplett. Hemnestur, eg. 11. Fastelags-sundag. Still, klårholutt, kjøleg, tjukna yver mot kveld og tok til å dun-snø. 12. Still, grå-kald, lett kov. 13. Feit-tysdag. Regn, still mest heilt til kvelds, kom so med SV og drev. 14. Stilt regn. På em. SV. 15. Same ver, kantrande til vest med haglskurar. 16. SV og regn, um natta kov. 17. Like-eins um morgon, sidan regn. – Hemnestur, Trygve. 18. 1. sundag.i fasta. Vestavind, mest turt kov. 19. Skôtungs-storm, turt kov. Slo i kveldinga yver til NV. 20. Still, ÷ 8º R, snøfjun i lysinga, sidan mest klår, med skybankar yver fjelli i vest og nord-vest. (Fekk brev frå Gudrun Johansen, Hammerfest). 21. Vester-kjøla, tjukke kov-elingar. 22. ”Peters stol”. Same ver. 53 cm snø. ”Sanitetsmøte” hoss Sakrine Medstraum, Anne var der. 23. Still, kov. Isen ligg i ei gyrme heilt ned-åt Bollaskjere. Køyrde rundt til Eide um kvelden etter ein kasse fisk vi har fått frå Selvær. 24. Still, halvklår, kjøleg fyrst på dagen, seig sidan i hop og tok til å snø att. 25. 2. fastesundag. Still, turr snø. 26. Still, ”utnordshengsl”. Frampå fm. drog’n yver og byrja snø tett, heldt slik fram til kvelds. 27. Still, uppklårande, kjøleg, blåste frampå fm. upp av nord-aust, som friska på utetter, byrja tjukna til i kveldtida. 28. Yvertjukk, frisk nord-aust, sterk drått av sud, léver, dryp unda torvhalli.

Mars 1. Likeeins som i går. + 3º R, 57 cm snø. 2. Vinden gått til sud-aust, elles same ver. Arna årsgamall. 3. Spak vest, yvertjukk, léver. Hemnestur, Trygve. 4. 3. sundag i faste. Vestavind, kladdsnø i elingan. Ferdast til Simavollen, Anne og eg. 5. Still, mest klår fm., blåste upp nord-aust em. med lurvskyar. 6. Sud-aust, yvertjukk, léver, + 8º R. 7. Nord-aust, uppklårande, noko kjølegare. Umvøla på skôt-tele, alle desse dagane. 8. Same ver - + 3º R i middagstida, elles på 0º. ”Idun” kalva, myrk-raud sidutt okse. 9. Mest heilt klår, litt nord-aust, ÷ 7º R fyre solovringa. Lédna upp og tjukna yver mot kveld. 10. Klår, nordaust-kjøla, nattkald, skaraføre. Hemnestur, Anne. 11. Midfasta. Same ver og føre, ÷ 12º R. 12. Gregesmess. Still, ”frosthare”, ÷ 5º R, lédna upp til 0º fyrst på em., men klåra upp og kvesste i mot kveld. 13. Klår med små rek-skyar, still, ÷ 8º R. Skogarbeid em. 14. Still, klår, ÷ 12º R i morgonstunda. Same arbeid. 15. Klår, byrja blåsa av nord-aust og tjukna til på em. - ÷ 14º R i lysinga. 51 cm snø. Felte to graner i Øverenge. – Svein Utland skada høgrehanda i skogen. 16. Nord-aust, kov-flistr, drått av sud, på em. uppå 0º. 17. Spak nord-aust, skyutt i lysinga, sidan uppklårande, 0º. Hemnestur, Trygve. 18. Marimess-sundag. Lett yverdregen, spak sud-aust, + 4º R. ”Nordkapp” laupa, vi var i Botne med ho (hoss Fridtjof). 19. Same ver, med litt snøflistr. Vi laga ny skogveg. 20. Same ver, snøen brånar og minkar. De er opensjø ’punn Jamtlia og roande mest åt Fagerlinese. 21. Jamdøger. Same ver, ei stund litt regndripl, klårholutt mot kveld. 22. Still, mest klår, kjøleg, litt påfrosen i lysinga, sidan sol-varm. Vi trødde i skogvegen. 23. Still, klår, nattkald, skaraføre. Køyring i morgonstunda. Tok på em. til å tjukna i SV. 24. Spak sud-aust, lett yverskya, léver. Hemnestur, eg. 25. (Vårfrumess.) Palmesundag. Spak SV, snø- og sklett-elingar. 26. Still, léver, sudleg drått. 27. Like-eins, med litt regndripl då og då, skiftande med kovfjun. 28. Same ver til fram mot kveld, då de klåra upp og kjølde lufta. 29. Skjertorsdag. Lars 56 år. Still, strålande – nattkald, skaraføre. 30. Langfredag. Same ver. Krinsmøte på skulen – um skulebankboka og Olav Lauvbakken. 31. Same ver. Hemnestur, Trygve.

April 1. Yvertjukk, still, har vore skarafrost i natt. Påske. Lédna upp, til + 4º R, kasta litt snøfjun. 36 cm snø – og litt klake dertil. 2. Still, klår, nattkald, skare. Andredag. 3. Like-eins, ÷ 7º R. 4. Yvertjukk, still, gråfrost, ÷ 4º R, - på em. ein tett kov-eling. Anne ein tur til Gjesbakk. 5. Spak nordavind med litt kovfjun no og då, uppklårande – stilla og solskin på em. Eg til Gjesbakken i morgonstunda etter ein torvstrøsekk. Trygve til å køyra møkkr, arbeid elles med høyvogna. 6. Still, klår, nattkald. 7. Still,rek-kov-elingar, ”frosthare”, mot kveld uppklårande. Hemnestur, Inga. 8. 1. sundag e. påske. Still, nattkald, tunne, siglande skyar frå vest og nord-vest. – Trygve fekk 2 smågrisar. 9. Still, klår, ÷ 10º R i lysinga, sidan rek-skyar, som i går. Drog sagmask frå Botn-saga – elles møkkr-køyring frå sumarfjøse. 10. Still, kov, ”frosthare”. Seinare på dagen vestavind og kov. 11. Sudvest-kjøla, tjukt kov – gjekk sidan til NV med klårhol og kjølegare. 12. Lett yverdregen, léver, still, frampå em. snø- og sklettfjun. 13. Still, skletta fm., små elingar. 14. Sumarmål. 54 cm snø. Still, yvertjukk, ein liten sklett-eling i morgonstunda, + 10º R. Hemnestur, Anne og Trygve. ”Pekka” lamma i otta, 2 saulam. – Byrja koma Lofotfolk igårnatt. – Klåra upp mot kveld og kjølde lufta. 15. 2. sundag e. påske. Klår på fm., litt nattfrost. Tjukna yver mot kveld att. Isen ikkje lenger farande ned-um Kjeldnese. – ”Sibylla” 2 saulam. 16. Still, yvertjukk fyrst, sidan på fm. sud-aust bris – regn em. og still. ”Trilla” i kveldinga 3 saulam. 7 lam i fjose og berre saulam! 17. Still, yvertjukk, léver. Eg ber inn sædtates. 18. Still, snø ei stund på fm., sidan sud-aust og snøbrede, klårholutt i kveldinga. Roande frå Elvkjeften ned frammed Lia. 19. Yvertjukk, sud-aust bris um kvelden, still. ”Idun” laupa, vi var på Jamtjord med ho, Trygve og eg. 20. Yvertjukk, sudleg kjøla. Isen knekt frå Hagaberge og hit, inderstykkje landlaust, millom Lanese og Gjeitvegen enno komande. Um kvelden smått regn. 21. Still, smått regn. Isen landlaus allstad, dei rodde frammed heilt åt Botne med halvflødd sjø. 22. 3. sundag. Same ver. Såg åt Anne Olsdtr. Jamtjord, Anne og eg, på em. 23. Still, snø ei stund fm. Mot kveld litt turr austavind. Eg var ein tur ut-yver til Hauan og Gjesbakken utpå em. 24. Frisk blåstr av nord-aust, kov på fm. Mot kveld klår-holutt, kjøleg. Trygve ber inn sædtates. 25. Austavind, noko nattkald, halvklår til i kveld-ykta, då de drog yver att. 26. Yvertjukk, nord-aust blistring, stiltest sidan og kom kring middag med smått regn. Trygve strauk ei stund fyrr middag ut-yver til Falle, der var ”meierimøte” med foredrag av konsulent Rusten. Han kom heimatt litt etter kl. 20. 27. Still, yvertjukk med klårhol. De berrkast uppi bakkane, ned-på reinene og kring veggjene. 28. Anne 62 år. Lett yverskya , kjøleg i morgonstunda, litt nordavind og fauka kring middag. Inderstykkje av isen er reken ned-åt Førnese i natt og ligg til lægja, ytterstykkje rak åt elvkjeften og la upp der. Hemnestur, eg, med Nyrud. 29. 4. sundag. Still, yvertjukk, + 10º R, litt regnfusk fyrst på dagen, mot kveld uppklårande. Isbroti rak nedigjennom. Trygve for ut på ”versjå” saman med Martin Gjesbakk. 30. Still, yvertjukk med klårhol, litt regnfusk på em.

Mai 1. Same ver. Sloga timmer på Botnsaga og henta sagmask derifrå. 2. Still, skodde og regn. Trygve skaut stein utum fjøse. 3. Krossmess. SV storm og regn. Spaktest mot kveld og klåra upp. 4. Still, klår, blåis, påfrosen i morgonstunda, seinare austleg bris. Henta matrial frå Botn-saga. 5. Yvertjukk med klårhol, sudaust-gråe, + 15º R. Hemnestur, Trygve, med Førnesbåten, henta kunstgjødsel. 6. 5. sundag. Same ver – nokre regndropar fm. Anne og eg rodde åt Straumen og såg åt Josefine Straumsnes. Lovise Hauan kom, skal vera barnevaktar. 7. Same ver. Matrialføring, hagestell. 8. Halvklår, still. Flatbrødbaking, hoss Inga, med Lise Utland til hjelp. Kunstgjødselsåing. 9. Yvertjukk, still fyrst, tok på em. til å regna smått, auka på mot kveld, med litt vester-kjøla. Trygve pløgjer gulrotland. (Iverta Medstraum 80 år). 10. Still, tett regn. (Himmelfartsdag). Der ligg enno ein klakeflekk i Lamyra, elles er heimebøen ål-berr. Frå middag VSV-storm og regn med el-dus. 11. Vestleg storm, i morgonstunda turt hagl, marka mest yverkvita, seinare regn. Inne-arbeid. 12. Litt spakare fyrst på fm., sidan same styggveret. Hemnestur, Trygve, han kom ’kje heimatt, for upp til Korgen på eit møte. 13. 6. sundag. Spak vest, regn-elingar. Em. turr mot kveld, nordleg, uppklårande. Gudrun Hauan kom og bytte med Lovise. 14. Klår, nordaust-kjøla, nattkald, blåis og frose dya. Sauene ute og flutt åt sumarfjøse. 15. Likeeins i morgonstunda, seinare sudaust-gråe. Trygve kom heim kring middag, tok til med møkkring og harving og spada i hagen. Einar Hauan kom, skal vera dreng ei stund. 16. Klår, sudaust-gråe, tjukna yver mot kveld. Eg med same arbeid: [uleseleg ord] møkkring og pløgjing. 17. Auster-gråe, regndripl, sunnavind seinare på dagen. Veitgraving og fylling. Fest på ”huse”, ingen av oss var der. 18. SV og regn – skletta og NV imillom. Eg lappa komingar fm., sidan ute med dei andre, som pløgjer nyland i Steinbakken. 19. Same ver. Mykjegodt same arbeid - eg i hagen, sådde gulrot, ei stund på leiting etter sauene, som har lege burte i natt. Hemnestur, Inga. 20. Pinsedag. Nord-aust her på Straumen, elles blåstr ut-or alle fjordhol. Dåpshøgtid i Nyrud, vi fylgde med til kyrkja, Anne og eg. 21. Still, yvertjukk, regndripl. Presten var på kyrkjegarden og på ungdomshuse, vi var der alle. 22. Sud-aust, halvklår fm., nordavind og myrkbakke em. Sådde bygg. 23. Mest klår i morgonstunda, sidan NV-blistring, halvklår, stundum litt fauka, mot kveld uppklårande. 24. Frisk nord-vest, halvklår, kjøleg. Sådde resten av byggen. 25. Still, klår, rim og blåis i morgonstunda, seinare auster-gråe – i kveldinga lettskyutt i vest og nord-vest. Møkkring og pløgjing i Sjøbakken (Tørvenn). 26. Halvklår, sudaust-gråe fm., NV og skodde em., i kveldseta regn. Hemnestur, Inga. Trygve plantar ut kål og sår kålrotfre, eg byrja setja tates. 27. Inga 28år. Still i morgonstunda, klår med ei skyrand i vest, seinare nordvest-gråe med skydottar – kjøleg. De har lagt adskilleg nysnø i fjelli i natt. Trieinings-sundag, eg gjekk til Sjona kapell, de var preike der. Trygve for til Hemnes, der de er sluttfest på fylkesskulen, han skal tala der. 28. Nordvest-gråe, regskyar – kjøleg i natt, rim imorgest. Tates-setting, ferdig. Eg sådde dessutan kålrot. 29. Same ver – seinkvelds noko mildare. Still, med litt skodderøyk yver himelen. Møkkring på Lamyra, umvøla i sumarfjøse. 30. Vestavind, skletta og regn, snø i fjelli, em. turr vestavind. Møkkring og harving på Lamyra. Uppvask inne. 31. Vesta-vind og regn-elingar fm., uppklårande em. Trygve strauk åt Utskarpen på planlegging. Heime, harving på Lamyra, veitgraving i Steinbakken.

Juni 1. Klår med litt tunn glya, auster-kjøla. Mot kveld drog de yver med myrkbakke. Sådde nepe. 2. Vester-gråe, skodde og regn fm., byrja gjera klårglytt em. og smått letta upp utetter. Veitgraving, gjerdevøla. 3. 1. sundag etter trieiningshelg. Konfirmasjonshelg. Frisk nord-vest, nokso kjøleg, klår med rek-skyar. Einar og Gudrun er med kyrkja. 4. Still, myrkbakke fm., seinare nordavind, em. med ein og annan faukeskvett. Kyrne ute fyrste gong, gjekk ei stund i Øverenge, vart sett i sumarfjøse. Sauene vart i går slept på skogen for godt. 5. Yvertjukk i morgonstunda, sidan vester-gråe, uppklårande. Ferdig med gjerdene kring heimjorda. 6. Klår, aust til nord. Minering(?). 7. Klår, frisk vestavind. Veitgraving og fylling Gjerding på Lia. 8. Klår, still i morgonstunda, kom frampå fm. med havgola som friska på ut-etter og kjølde lufta. Grøfting, steinkøyring. – Jørgen Eide døydde i natt. 9. Still, klår i morgonstunda, + 4º R i solovringa – kom snart med frisk VNV og rek-skyar. Hemnestur, Trygve. . Elles grøfting og engrensking. 10. 2. sundag. NV imorgest, myrkbakke og fauka, uppklårande ut-etter dagen, mest klår ved kveld. 11. Vestavind, halvklår fyrst, tjukna sidan til og gjekk til NNV, mot kveld myrkbakke og fauka. 12. Like-eins som i går kveld, sterk utpå em. Veitgraving, steinskjering og engrensking båe dagar. 13. Same ver – med litt hagl attåt. Same arbeid. 14. NV og fauka med klårglytt. (Snø i fjelli!) Tilla og Nikolai Tetmo med sonen Arthur kom hit og var her i kveldøkta – dei fekk kålplantar hoss Trygve. 15. Vestleg kjøla, regn – seinare friska’n på, med klårglytt. Veitgraving, attlegging og fylling. 16. Auster-kjøla, klår og varm fm., tjukna yver av vest em. Same arbeid. 17. 3. sundag. Vestleg gråe, skodde og regn. ”Sanitetsfest” på ungdomshuset, ungfolka og eg var der. 18. NV-gråe, yvertjukk med klårhol fyrst, friska seinare på og klåra upp. Stubb-bryting. 19. Still i morgonstunda, skodde og fauka i fjelli, seinare litt NV, med fine solglytt. Seinkvelds tjukna de atter til og tok til å småregna. Eg og Trygve rodde til Hemnes kl. 6, kom heimatt kl. 23, ærende var eit høyvognbeslag hoss’n Ola Smed. 20. Vestergråe, regn. Stubb-bryting, hagerensking. 21. Solkverv. Same ver, berre endå sterkare regn på fm., gjekk sidan til NV med friskare vind og klårglytt. Same arbeid. 22. Frisk NV, fauk-elingar. Nylandspløgjing i Steinbakken, Hans i Botne og Kr. Nymo. 23. NV, klår i morgonstunda, men tjukna yver tidleg på fm., kom med nokre små regnskvettar. Steinkøyring, nylandsharving. Hemnestur, Anne og Einar Hauan. Trygve i Utskarpen på dyrkingsyversyn. 24. Jonsok, 4. sundag. Bris av VNV, halvklår, tjukna yver mot kveld. 25. Vester-gråe, regn. Harving, møkkr-køyring (vi brødbaking). – Trygve inn i grenda på plan-yversyn. 26. Still, yvertjukk, uppklårande, ved kveld klår auster-kjøla. Harving på nylande. Trygve teiknar dyrkingsplanar. (Vi lefserying). 27. Yvertjukk, still, varm. Harving og jamning – grønforsåing i kveldøkta. 28. Klår, varm fyrst, til burtåt middag, sidan havgøla med skystolpar. Tynning på nepe- og kålrotland. 29. Klår, still fyrst på dagen, blåste sidan upp av vest og tjukna upp. Neperensking. 30. SV-gråe, skodde, regn. Same arbeid – dertil torvskjering. Hemnestur, Trygve.

Juli 1. Gråe av SV til V, skodde, regn. 5. sundag. 2. Yvertjukk, austa-gråe, uppklårande, varm. Minering, torvhesjing. 3. Nordvest-gråe, halvklår. Minering, steinbryting. Trygve for åt Sæteren, skal vera med i ein takst. 4. Same ver. Veitgraving i Øverenge. 5. Auster-kjøla, lett yverskya – til framåt middag, då de blåste upp frisk havgola og klåra upp. Ymist umvølings-arbeid. – Trygve kom heim um nondag. 6. Still, klår fyrst, frå kl. 10 pålag havgøla, med fin glya. Vi gjer køyrebunader til slåtta – hyppa tates i kveldøkta. 7. Sudaust-kjøla, klår med små rek-skyar. Hemnestur, Trygve. Vi hyppa tatesland. 8. 6. sundag. vestavind, skodde og regn i morgonstunda, frå kl. 8 mest turr og still, på em. eit og anna klårhol. Inga og Trygve for iveg med Sanitetsforeninga, som gjorde lysttur til Røssvatne – reiste kl. 8, kom att kl. halv 23. 9. Vester-gråe, skodde og regn. Trygve og Einar grev brunn. Anne er i Botne og sett upp lørv-vev. 10. Same ver i morgonstunda, sidan turr, eit og anna klårhol. Minering. Eg arbeid på ein høyslede. 11. Still, yvertjukk i otta (har regna i natt), sidan havgøla, uppklårande. Same arbeid. (Eg renska i hagen.) 12. Sudaust-gråe, klår med rek-skyar, steikjeheit. Hagerensking, tateslandhypping (resten). 13. Still, yvertjukk med klårhol, heit – eitpar stutte regnskurar fm. Neplandhakking. Sist på kveld høyrdest tore-dun, og der steig toreskyar upp i sud. 14. ”Midsumar”. Klår med lette rek-skyar, sudaust-gråe. Hemnestur, Anne. 15. 7. sundag. Klår med skydottar, dragande frå sud, frisk havgøla. 16. Klår, sudaust-gråe, varm. Byrja slå i hagen og kring husi. 17. Same ver, + 20º R i middagstunda. 1 turrhøylass. 18. Sudaust-gråe, noko skyutt, helst i SV, men skein av att – kokande heit, + 23º R. 3 lass høy. 19. Austavind, klår, varm. 4 lass høy. 20. Litt skyutt i solovringa, men skein av og vart same ver. 5 lass. 21. Eg er 63 år. Auster-kjøla, klår med skoddbakke i vest -, heit som dagen fyrr. Hemnestur, Trygve. Eit hamardrøgje med turrhøy. 22. 8. sundag. Same ver, berre med ei sky-droga yver himelen fyrst på em. Kyrkjetur, eg og Nils Øvringmo, vi fylgde Einar Lamo som skyssa dåpsfylgje hennar fru Jørgensen på Kleppen. – Etterpå vitja vi medlemsmøte i Samvirkelage. 23. Klår med rek-skyar, sudaust-kjøla. 2 lass høy. 24. Klår i morgonstunda og sudaust-kjøla, drog sidan upp floingar, men blåste samstundest upp frisk havgøla og de heldt frå, so vi fekk inkje regn, såg de berre burti fjelli og høyrde torgongen. 7½ lass. 25. Yvertjukk, eit par små regnskvettar, men mest turr skodde. 1 lass setehøy. 26. Vester-kjøla, skodde og regn. 27. Mykje regn i elingan um natt og fm., blåste so upp av SV, kantra til vest og gjorde frampå em. eitpar solglytt – men seig i regn mot kveld att. Hesja uppå bakken, raka sete på Timmerberge. 28. Still, halvklår fyrst, sidan sudaust-gråe med svære skyflokar, nokso regn-lik stundum, heldt’n då turr til seint på kveld, då kom de regn. 1 turrhøylass. Hemnestur, Trygve. Fekk ny-sleden ferdig og i bruk. 29. Olsok, 9. sundag. Still, halvklår, varm. 30. Klår med litt tunn glya, heit – mot kveld lett yverskya og litt vestleg gråe. Slo i Øverenge og på ”Teien”. 31. 30 år sidan vi vart gift. Still, klår og heit – litt skya av sud seinkvelds. Fortfarande slått i Øverenge. Turrhøy: 1 nyvognlass, 3 sledelass.

August 1. Still, klår, varm. På em. frisk sud-aust. Turrhøy. 3 vognlass, 3 sledelass. 2. Klår, sudaust-kjøla, heit – 3 vognlass, 1 sledelass. 3. ”Ny Olsok”. Same ver. 7 vognlass hesjehøy, resten av turrhøyet. J. Hansen Juvik kom hit um kvelden, slakta ”Gullbrå”, som vi har lova han. 4. Same ver – mot kveld ein skyfloke innyver Knausann, adskillig regnlik, men kom ikkje hit. Hemnestur med slakte, Anne og eg. 5. 10. sundag. Like-eins – sudaust og solskin, + 20º R, heile veka fyrr + 22º – 24º R. 6. Same ver, + 20º. Umvøla på kjellaren. Båt-breing. 7. Sudaust-gråe, litt tunn glya yver himelen. Tjukna upp litt ei stund på em., men klåra av mot kveld att. Trygve i Nerstraumen på planlegging. Eg spader og hesjer strøtorv. 8. Still, myrkbakke, ei stund på em. litt vestleg gråe, mot kveld ein liten regnskvett. Båe-to same arbeid. 9. Same ver, berre ingen regnskvett. Trygve stikk upp veiter uppi berget. Eg napp’ blåbær. 10. Klårhol og rekande skyar av sud og sud-aust, mot kveld toreskyar og tore-dun langt burte, men inkje regn. Trygve slær og køyrer fram veitstein. 11. Still, yvertjukk – har regna i natt. Hemnestur, Anne. Litt vestleg gråe på em., uppklårande. 12. 11. sundag. Frisk sud-aust, halvklår, noko regn-lik burti fjelli på fm., sidan varme solglytt. Anne og eg for åt Kotenge, såg åt gamlingane, han er 87 år den 20. august, ho 75 i september. 13. Yvertjukk med klårhol, sud-aust bris, ein ur-liten regnskvett i morgonstunda, ein litt større (torfloing) frampå em. Byrja skjera bygg. 14. Halvklår, med eitpar små regnskvettar fm., nordvest-gråe på em. Skar og staura ferdig – med undatak av ein snipp, som er lite mogen. 15. Still, skodde og yr-regn ei stund fyrst på fm., sidan halvklår, vestleg gråe, turr. Trygve for åt Utskarpen, eg raka åker. 16. Halvklår, sudaust-kjøla, tjukna seinare yver av NV med skodde og regn. Skar og staura fre-timotei. 17. Skodde og regn til framyver middag, sidan turr utnords-gråe. Grisslakting – Ivar Breidvoll slaktarmeister. 18. Halvklår, frisk NV bris. Hemnestur, Trygve, med slakte. 19. 12. sundag. Halvklår, sudaust-gråe, seinkvelds yvertjukk, still. 20. Halvklår, ein og annan liten regnskvett. Slo og hesja grønfor. 21. Yvertjukk med klårhol, austleg bris, turr. Nils Øvringmo gjekk til Mo, Anne og eg m.fl. var med – ein retteleg ral tur. Trygve åt Utskarpen på planlegging. Landbrukskandidat Sjøgard for fram-um her um kvelden. 22. Still, elles same ver. Trygve kom heimatt kring middag i dag med Sjøgard, for sidan båe inni grenda på kontroll -. 23. Siste hunddagen. Mest same ver. Sjøgard mæler ut kulturbeite i Øverenge – for til Eide um kveld og reiste med dampen. 24. Halvklår og still, skiftande med regn-elingar. Trygve åt Utskarpen på planlegging. 25. Halvklår, vestleg gråe, ender-å-liten regnskvett. Hemnestur, eg. Trygve kom frå Utskarpen seint på kveld. 26. 13. sundag. SV og regn – med lange dus. ”Nominasjon” på ”huse” um kvelden. 27. Still, regn um morgon, tok so smått av, turr em., klåra upp um kvelden. Fjøsvask. – Trygve inni grenda på planlegging. 28. Still, blankver. Brødbaking fm. Staurkøyring em. 29. Klår med litt turr glya, frisk nord-aust, som kula på ut-yver kvelden, med svære vind-lurvor jagande yver himelen – stundum mest yvertjukk, seinkvelds nokre faukdropar. Trygve reiste åt Brennberge på planlegging, Anne og eg gjesta på Straumsnes hoss Josefine – Nils er i Bodøy på sjukehus. 30. Storm av aust, store og små skyar i sterkt jag yver blank himel. Køyrde inn ”frøloa” – 21 staur fre-timotei, 11 er innkøyrt fyrr – og 3 lass grønfor. 31. Same ver, berre endå sterkare, mest rok å kalla.

September 1. Same ver fm., spaktest em., klåra upp i kveldtida. Trygve kom heim med Hemnesfolke, hadde med seg 2 ballongar silosyre. Tok inn siste kornstauren og siste grønfore. 2. 14. sundag. Yvertjukk og still fyrst, men bles på fm. upp att av aust og vart nokso sterk – himelen mest kolsvart. – N. I. Straumsnes døydde på Bodø Sjukehus. A. O. Straumfors død på Sandnessjøen sjukehus. 3. Same ver i morgonstunda, spakna på fm., so eit stutt vindkast av vest og ein regn-eling, letna sidan upp. Håslått og silolegging – Harald Øverland og Einar Hauan tilhjelp. 4. Still, klår med lette småskyar. Same arbeid – vart ferdig. Nedlagt 5600 kg, derav litt tatesgras øvst. 5. Still, klår, med glya. Slo litt hå uppå ”Teien” og la på breie. Byrja elles med umvøla på kjellaren. 6. Same ver å byrja med, tjukna elles yver og klåra av skiftevis frametter dagen. Kjellarvøla. 7. Regna litt i natt, i dag like-eins som i går. Same arbeid – ferdig utvendig. 8. Same ver. Hemnestur, Anne og Trygve. 9. 15. sundag. Yvertjukk, med lange, varme solglytt, nokre få regndropar so kl. 10, sidan turt. Preika på ungdomshuse på Falle, eg var der-ut. 10. Still, yvertjukk, litt regn i natt og imorgest. Trygve tilfjells (Tverrbekklia) på planlegging. Eg steller med kjellarbingane. – Yver middag ein rusk-eling av SV, letta sidan noko av. 11. Yvertjukk, litt regndripl av og til. Trygve teiknar planar, eg arbeid og gjer ferdig innreidinga i kjellaren. 12. Same ver. Gravøl i Litlenge, vi var der alle vaksne. 13. SV og regn, noko ruskutt til frampå em., då det vart noko turrare. Gravøl på Straumsnes, Anne og eg var der, kom seint heim. 14. Halvklår, still, varm. Gardstutl-arbeid – Trygve steller med planane. 15. Litt regn i morgonstunda, elles same ver – uppklårande mot natta. Hemnestur, eg. 16. 16. sundag. Still, skodde i morgonstunda, seinare klår, med glya (”ølmoa”) kring fjellgarden. 17. Mest like-eins fm., blåste upp havgøla em. Møkkr-køyring – på enga, frå sumarfjøse. 18. Still, klår, + 6º R i morgonstunda, seinare sudaust-kjøla, drog smått yver. Eg køyrer møkkr, Trygve på Grønlia på skyldsetjing, saman med Olav Straumfors og Georg Hauan. – I myrkninga litt regndripl. Eg byrjar breida møkkr. 19. Yvertjukk, still, tett regn fyrst imorgest, men letta snart upp og vart fullklår og varm med sudaust-gråe. Trygve åt Utskarpen på yversyn, eg breidde resten av møkkra – sidan litt flia i kjellaren og ymist anna smått. 20. Same ver – byrja draga litt yver av sud mot kveld. Slo og breidde litt hå i ”Ratadalen”. 21. Frisk sud-aust, yvertjukk, regn – stiltest på em. og seig i med regne. Tok upp kålrot og gulrot. 22. Sudaust-gråe, regnelingar med klårglytt imillom. Hemnestur, eg. Trygve kom heim seint på kveld, roande. 23. 17. sundag, jamdøger. Skodde i morgonstunda, letta sidan upp til halvklår med auster-gråe. Kyrkjetur, Anne og eg, med Førnesbåten. Dåpshøgtid på Utlande (”Gerd Ivarna). Presten Mollestad heldt avskilspreike, reiser imorgon til Drammen. 24. Yvertjukk, frisk bris av sud-aust, kjendest nokre regndropar på fm., letta sidan upp, så vi kasta noko hå, som sto i sete. Byrja ta upp tates. 25. Spak sud-aust, halvklår. Framhald i tateslande. 26. Still, yvertjukk, tok til å striregna frampå fm., so vi laut gå utor tateslande fyrr middag – men kl. 15 pålag slutta’n å regna og tok til å klåra upp, til’n i kveldtida vart heilt klår. 27. I natt og fyrst på morgon ein brakande nord-aust kuling, reiv laus regn so kl. 9 og regna sidan nokso jamt, samstundest som vinden stilltest. Vi bala av i tateslande heile dagen. Vi fekk elles sauene heim, Botn-pøykane hadde teke deim ned. 28. Still, regn, likevel med sopass dus, at vi hadde de nokso fint med vi tok upp resten av tates’n. Hausten min vart: 12 byttor svenske (og rau-tates), 17 byttor pil, 22 byttor ”jordstyre” og 35 byttor grå – i alt 86 = vel 7 fold. 29. Mikkjelsmess. Same ver. Hemnestur, Inga og Trygve. 30. 18. sundag. Still, yvertjukk med små klårhol – mest turr.

Oktober 1. Ausregn, skodde fm., mindre regn – mest turr em. Tok upp gulrot. 2. Austavind um natta og i morgonstunda, mykje regn heile dagen. Snø i Rostafjelle fyrste gong. Tok upp nepe, la kålen i silo. 3. Still, yvertjukk, regn med dus. Ferdig med nepe-upptakinga og silo-fyllinga, byrja køyra i hop i kule. Eg tok upp kålrot på em. 4. Skodde i morgonstunda, letta sidan av og vart mest klår, men blåste upp av sud-aust, og tjukna smått yver den vegen. Ferdig med nepe-kulinga – avlinga 40 vognkistor -. 5. Sterk sud-aust, myrk skoddehimel, regndripl. Trygve tek upp kålrot. 6. Yvertjukk, sud-aust bris, nokre regndropar no og då. Hemnestur, Trygve. Haustmarknad (”ti’nbyte”) på Hemnes, i går og i dag. 7. 19. sundag. Still, klår med små skydottar, sud-aust drått – på em. tjukna’n yver av SV og tok seinkvelds til å regna. Ein tur åt Tverrbekklia, Anne og eg. 8. SV og regn. Tok ned veggane av siste siloen og moka mold på, tok inn hesjematrial – og ymist anna gardtutl. 9. Same ver. Trygve kula ned gulrot o.l. Eg bøtte kjøkentake. 10. Auster-kjøla, yvertjukk, men turr. Ymist umvølingsarbeid.11. Austavind og mest klår fyrst på dagen, tjukna yver av NV mot kveld. Trygve legg att veit ut-um fjøse – eg steller i kjellaren. 12. Trygve 28 år. Yvertjukk, still fyrst, upplettande, mest klår ved kveld, og kjøleg. Fullført grøftefyllinga – eg slær veitstein. 13. Klår i morgonstunda, rim i grase og blåisfale på Straumen. Seinare drog de seg smått upp skybankar i sud, sudvest og vest. Um kvelden klår, med små sky-stavar her og der. Hemnestur, Trygve. Eg grev veit upp-um kjørbrua. 14. 20. sundag, ”Vet’nat”. De har eitpar gong vore synleg snø i høgste fjelli, no er dei so berre som aldri fyrr. I dag: Still, halvklår i morgonstunda, blåste sidan upp kjøleg austavind og klåra upp. 15. Still, klår, med litt tunn ”godversglya”. Mot kveld byrja’n draga upp litt myrker av NV. Heradstyreval. Trygve sat røystingstyre, for sidan inni grenda på planlegging. Eg på veitgraving em. 16. Yversnødd i natt, litt snø og skletta i dag og, men rann då noko av på em. Trygve for åt Utskarpen i sitt kall – eg står i veita. 17. Still, yvertjukk med klårglytt på fm., men jamna yver att på em. og tok i myrkninga til å snø. Same arbeid. I går var kyrne ikkje ute, elles har både dei og sauene gjenge ute, like-eins i dag. Kyrne flutte vi åt heimfjøse den 30/9. 18. Still, grå skoddhimel fm., tok på em. til å blåsa av nord-aust og snø – stilltest i kveldtida og slo um i regn. Sauene vart sett i heimfjøse. 19. SV og regn – på em. noko lange el-dus. Slakta største lamme hennar ”Trilla” – Edvin hjelpte oss. Trygve kom heim utpå kvelden. 20. Still, regn. Hemnestur, Trygve. Eg i grøfta. 21. 21. sundag. Halvklår, i natt kuling av SV med regn, i dag still, med tunne rek-elingar. Sauene i sumarfjøse. 22. Still, regn, seinare på dagen ei sudvest-rid. Slakta ”Trilla” og minste lamme hennar, og ”Pekka” – Hans i Botn hjelpte oss. 23. SV og regn, ei stund på fm. nokso sterk. Hemnestur, Trygve og eg, med Førnesgutane, som førde famnved – eg for å selja sauskrotten, Trygve for åt Leirvika på planlegging. 24. Same ver pålag. 25. Yversnødd i natt. Klåra upp, sudaust kjøla og solskin tok snart snøen burt. Eg grev og legg att veit. 26. Klår, litt påfrosen, isfale på sjøen, blåste sidan upp av sud-aust og renska sjøen. Slakta ”Rørek” – Idunkalven – Hans i Botne tilhjelp. Tjukna yver mot kveld. 27. Léver i natt, klårar av i morgonstunda og legg blåis. På em. sudaust-bris, som sopa isen vekk – seinast regndripl. Hemnestur, Inga, Trygve og eg. Trygve for til Stor-Bjerka i embets-ærend. 28. 22. sundag. Spak SV, regndripl. Anne og eg for åt Førnese ein tur, såg åt Ivar, som ligg sjuk. 29. Yvertjukk, still. Eg i grøfta, Trygve [uleseleg ord]. 30. Same ver å byrja med, kjøla seinare av sud-aust, klåra upp og kjølde lufta – byrja snerkja på Straumen frampå em., men var då roande åt Botne med kveldfloa. Same arbeid. 31. Klår, still, påfrosen, Straumen hudheil. – Ikkje pløgjande, men eg fyllte då resten av grøfta.

November 1. Still, skyutt og linn i lufta, tjukna smått til med sudaust-kjøla og tok til å snø frampå em. Trygve tek inn silo, sidan til Medstraumen på planlegging og yversyn. Eg i skogen og kasa kvist. 2. Bededag. Yversnødd. Regn og skletta, med vind, skiftande frå vest til sud og sud-aust. 3. SV og regn, eitpar fine glytt på em. 4. Helgamess-sundag. Vester-gråe, snø- og sklett-elingar. 5. Still, uppklårande (austleg drått). Um kvelden klår og kald. 6. Sameleis, ÷ 7º R. Køyrde åt Botne etter trøskmaskin og motor hoss Nils Øvringmo, rudde sidan upp og stuva saman på køyrebrua – for trøsking. Trygve for til Eide og reiste med dampen til Finneide og Breivika, i embets-ærend. 7. Same ver, ÷ 4º - 5º R – byrja blåsa litt av nord-aust um kvelden. Trygve kom heim på em. 8. Nord-aust, nokso frisk eit bil på em., tjukna smått yver og byrja snø litt på em., um kvelden léver og still. Vi trøska, med Kåre og Dagny Øvringmo og Inga Øverland til hjelp. 9. Still, léver. Vi køyrde trøskverke åt Botne og henta dryftaren heimatt fm. – Em. dryfta vi so byggen – 236 kg tungt og 111 kg lett korn. 10. Still, halvklår, litt kjøleg, på em. litt austleg bris. Hemnestur, eg, unda Lia, med Steen. Trygve dryfta grasfrø. 11. 24. sundag. Still, klår, ÷ 7º R fm. Isen er no farande yverallt, berre litt vrangt å koma på’n med floa; med fjæra for dei åt Langnesbukta alt den 8. 12. Halvklår, auster-kjøla, som auka på og klåra’n mest av mot kveld – mildt i lufta elles. Trygve i Utskarpen på yversyn. Eg køyrde grankvist. 13. Frisk austavind, tjukna yver, tok på em. til å snøflistra. Skogarbeid. 14. Same ver – austavind, léver, utan nedburd – fyrst på dagen, spaktest sidan og klårna. Same arbeid. 15. Still, yvertjukk, snøfjun frå de var skikkeleg ljost. Utpå em. tjukk og tung snø. Trygve til Fredheim på yversyn. Eg i skogen em. – Seinast um kvelden regn. 16. Still, regn. Heimearbeid. 17. Like-eins fyrst, seinare vesta-vind og kladdsnø. Hemnestur, Trygve, frå Førnese. 18. 25. sundag. Vestavind, kladdsnø fm., sidan nordleg, kjøleg, klårglytt. 19. Still, litt smått, vått snøfjun. Tok inn nepe. 20. Still, yvertjukk med klårglytt, 0º - + 1º R, seinkvelds regndripl. 21. Sunnavind, regn. Lefsebaking. Hålke på vegane. 22. NV, spak. Yversnødd, 10-12 cm djup. 23. Still, snøfjun, gjekk sidan yver i smått regn. Isen røytast upp, landkallen er mest vekke. 24. Same ver – still, smått regn. Hemnestur, Trygve, unda Lia. 25. 26. sundag. Same ver. Berrmark og hålke. Sist på dagen ausregn. 3 år sidan ulukka på låven. 26. Spak SV og regn. Trygve slakta grisen, Trygve Lamo var meister. 27. Fyrste adventdagen. Stormande av vest og VNV, seinare på dagen VSV, kov og skletta. For heimanfrå tidleg, køyrande rundt, nedpunn’ Lia, med halve grisen og ein halvsekk kålrot, Trygve og Johs. Jamtjord skulle iveg til Hemnes, dei var innkalla i ligningsnemda. Dei gav seg til å ro, men laut snu i Straumen, då ingen skipper såg vere likt. Trygve kom heim ei stund etter middag. 28. Eit stutt dus i lysinga, elles same ver eller verre. Trygve og Johannes atter på tur, dei prøvda Rana i lag med Kr. Sjåvik, men laut snu med’ Tuva. 29. Same ver – eit dus med klårglytt i kveldinga. Trygve laut avstad til Eide og senda grisslakte med dampen. 30. NV og kov – spaktest frametter fm. og gjorde lengre dus. Ned-etter frå Elvkjeften har de no vore roande sidan 26.

Desember 1. Still, smått kov, seinare ogso litt vestleg vind. Straumen attsnødd. Hemnestur, Trygve – frå Eide. 2. 1. advent-sundag. Still, kladdsnø. 3. Likeeins mest, litt regn imillom. 4. Still, yrsmå sklettsnø. Trygve (og Johannes Jamtjord) for til Hemnes i ligningsnemda. 5. Still, halvklår, mild. Eg legg skogveg åt Vinberbakken. Trygve kom heim seinkvelds. 6. Likeeins, berre litt kjølegare, so de frys litt fin skare, litt snøfjun av og til. 7. Likeeins. Nepekøyring. 8. Same ver. 9. 2. Advent-sundag. Same ver. Eg var rendan i Tverrbekklia ein tur. 10. Same ver. Vedkøyring. 11. Same ver. 12. og 13. Same ver. 13. heradstyremøte, formannskapsval m.m. Trygve, som er vald herifrå, for til Hemnes, roande frå Førnese – kom att burtåt kl. 23. Bjørnåli vart ordførar, O. Evensen, Dalos, varaordførar. Gerhard Seljehamar 3. formann. 14. Same ver. 15. Mest klår alrafyrst i morgonstunda, tjukna sidan yver frå sud og blåste upp ein bris av sud-aust. Léver. Hemnestur, Anne og Trygve. 16. 3. adventsundag. Halvklår, sudaust-gråe. 17. Yvertjukk, léver, spak sud-aust, seinast litt smått regn. 18. Likeeins som igårkveld. Mot kveld uppklårande. 19. Halvklår, still, léver, tjukna til ei stund på em., men klåra upp att. 20. Mest likeeins. 21. Litt kjølegare i morgonstunda, lédna upp, leid på dagen. 22. Solkverv. Skoddhimel fm., klåra so av og kjølde lufta. Hemnestur, Trygve. 23. 4. adventsundag. Still, klår og kald, ÷ 9º - 10º R. 24. Jolaftan. Same ver, ÷ 12º R. Mykje frostrøyk på Rana. 25. Jol. Same ver. 26. Likeeins, ÷ 10º R. 27. Likeeins, ÷ 8º R. 28. Likeeins. Um kvelden var vi alle i jolegilde på Øvringmo. 29. Halvklår, still, klåra av framåt middag. Hemnestur, Trygve (skulestyremøte). 30. Sundag etter jol. Klår, sudaust-kjøla. Eg gjekk utigjennom til Falle, presten Lundar preika der på ungdomshuse. På heimvegen møttest Anne og eg i Botne og kom i jolegilde hoss Olianna. 31. Nyårsaftan. Same ver, men berre ÷ 2º R.

Arthur hans Fridtjof fekk eit nervesjokk fyrst i jola og tedde seg som ein sinnsjuk. Han vart send til Sandnessjøen den 29.

”Nordkapp” kalva den 29., seint på kveld – kvit oksekalv, vart kalla ”Storegut”.