Liv i Straumen på 1920 og 30-tallet

Fra Wiki
Revisjon per 1. sep. 2005 kl. 14:06 av Hallvor (diskusjon | bidrag) (Opprettet side)
(diff) ← Eldre revisjon | Nåværende revisjon (diff) | Nyere revisjon → (diff)
Hopp til: navigasjon, søk

Di snakk så om ke de va her før -,
då levd di beire, de va vel, de.
Då åt di opp både kjøt og smør,
og ga seg farken i å sell de.
Då va di stor, å då va di sterk,
kraftig og fresk så føra og bjerk,
magakatarr å blindtarmaverk
kjent di kje uta namne!

Men no før tia de e kje slik -.
No sell di liketel saupe.
All samen tru vest di ska bi rik,
om di ha lite i staupe.
Sålessen e no bøndern begynt:
Har di en liten klegg di ha tynt,
Den ska di gjer i klengandes mynt –
sånner du veit me høl i!

Før i tia då ha di mat,
me penningan va de småle.
No kjøp di heller eit vakkert fat,
å let så maten vara dåle.
Alt de di får a åker å eng
de ska di gjer i stempela peng,
så kan di kjøp seg alt de di treng
a ”knekk-knakk” og sokkerlade.

Å kaka bak di så kvit og fin,
ja just så kviteste snyen.
Oppå ho smør di så serap-klin
å ”kvernajokk” ifrå byen.
Så får di då også alleslags far,
blindtarmbetennels, magakatar,
tanntrekking imot høgt honorar,
å meir uta same slage!

Men sistpå ska eg no sei eit ord:
Dåkk får kje hald meg de tel onde.
Eg kretiser no i sør og nord,
men de kje greitt å vara bonde!
Skattan di e så jammele stor
likeins omtrent i år som i fjor,
striannes står di bror imot bror
her i vårt gamle Norje!

Di e no kommen så reint i beit,
frå Trangvik fjering tel staten.
Her e så mange så ska et seg feit,
å bonden han må legg tel maten!
Lensmannen kjem å pant han før skatt,
kjøpmannen krev ein gagnele klatt,
stoltheita krev ein sømmele hatt!
Nei, de e jækli å vara bonde!

(Visa vart framført i ungdomslaget ”Heim”. Forfattar er Trygve Engen. Melodien er ein masurka som var populær på den tida.)