Dagbok Olav Engen 1927
1927
Januar 1. Nord-aust, klår og kald. Ettermiddag still, storfrost. 2. Litt skodde yver himelen alrafyrst, men klåra strakst av og vart likeins som i går – blåste um kvelden upp frisk nord-aust. Sundag etter nyår (H-3-Kongar. 3. Nord-aust i morgonstunda, sidan still, tett dun-snø, ”frosthare”. 4. Nord-aust, klår, um kveld yvertjukk, kov-fjun. 5. Vestavind, kov. 6. Same vind, spak, kov med klårglytt – klåra upp um kvelden. Trettandag. 7. Still, klår og kald. 8. Like-eins um morgon fyrr dag, sidan austleg vind, kantra til sud-aust og sud, tjukna yver att på fyremiddagen, tok i kveldinga til å snø. Hemnestur, med O. Øverland. 9. SV, regn og skletta. 1. sundag e. H-3-K. Trygve vald til formann i ungdomslaget ”Heim”. 10. Still, dun-snø. Køyrde ein 17’ dory åt Førnese. – Klårglytt mot kveld. 11. Halvklår, kjøleg, kovtjukk i elingan, austavind på Rana. For til Finneide med doryar, 11 iallt, Olav Straumfors, Johs. Lauvbakk, Svein Utland og eg, Førnesmotoren slepa. Kom heim so kl. 7. 12. Snø um natta, yvertjukk, still, léver dagen frametter, klårrglytt um kveld. Var i Botn med ”Nordkapp” 13. Still, skoddhimmel. Tjuanddag i jola. Klårglytt ei stund på fyremiddagen. 14. Still, kov-elingar frå morgon til framyver middag, sidan nord-aust vind, klåra smått upp. 15. Sterk austavind (til nord-aust), halvklår, no og då litt kov-flistr. Hemnestur, roande. 16. Same ver. Smørmøte på ungdomshuse på Falle i kveldinga, eg var der, kom heim so kl. 10. 2. H-3-K.-sundag. 17. Spak nord-aust, halvklår, ein kov-eling på ettermiddagen, sidan halvklår att. 18. Still, sist på dagen spak sud-aust, kjøleg, halvklår med drått av sud. 19. Like-eins. Litt kovfjun i myrkninga. 20.-21. Halvklår, sudleg, kjøleg. Såg sola berr fyrste gong den 21., no gjeng ho elles yver heile Geitvikfjelle. 22. Same ver fyrst på morgon, men klåra av og kvesste i med frost. Hemnestur (Trygve) roande, med Ola Øverland. 23. Nord-aust, lettskyutt. Drog på gjesting åt Tverbekklia, Anne og eg. 3. H-3-K-sundag. 24. Nord-aust, klår og kald. 25. Like-eins å byrja med, men tjukna yver av sud-vest då det vart skikkeleg dag, og tok i myrkninga til å fjuna med snø. Trygve er sjuk av influensa. 26. Still, lett kov, seinkvells hagl og skletta. Trygve framleis ufjelg. 27. Still, regn, frisk sud-aust i takom. Trygve betrast, men er kurutt enno. 28. Still, regn, på ettermiddag litt blåstr av sud-vest til vest. 29. Frisk sud-aust, yvertjukk. Frå de var ljost kov, skletta og regn, frå kl. 4 em. sud-vest. Hemnestur med Ola Øverland. 30. Regn ei stund på natta, morgon og fyremiddag nord-vest og kov, sidan still, kjøleg, halvklår um kveld. 4. H-3-K.-sundag. 31. Still, smått kov.
Februar 1. Tett kov natt og fyremiddag, klåra sidan smått-um-senn og sette i med frost. 2. Still, klår og kald. Kynnesmess. 3. Still, yvertjukk, tok i myrkninga til å snø smått. Køyrde ein 16’ dory åt Førnese på fyremiddagen. 4. SV og regn, styggver. Santalmøte her, de kom berre 4 kjerringar. 5. Vestleg, roleg i vere, litt påfrosen i morgonstunda, rek-elingar av kov på fyremiddag, upphalds, halvklår ettermiddag. Hemnestur, skulestyremøte. 6. Still, rek-kov, elles halvklår, fint ver. ”Stortingsmann Aleksander” heldt foredrag på ”huse”. 5. H-3-K-sundag.7. Still, halvklår, kjøleg. 8. SV og regn. 9. Like-eins, stygg-sterk. Gjekk i lysinga til VNV med hagl. Um kvelden var de skletta og regn att. 10. Still, regn. 11. Like-eins. 12. Like-eins. Hemnestur. Litt meir vestleg og kjøleg mot kveld. 13. Stillregn att. Sundag septuagesima. 14. Klår, kjøleg, still. Tjukna yver av sud mot kveld. 15. Snøfjun um natta, då dagen ljosna tok’n til å regna og auka på med de, dagen framyver. 16. Still, tett regn.Lyste upp av nord og kjølde lufta. 17. Halvklår, nordleg drått. 18. Klår, litt nord-aust blåstr på Rana. Eg gjekk i går ettermiddag til Falle for å fylgja lokalen til Mo. Han skulle ha kome der kl. 6 i går kveld, men kom ’kje fyrr kl. 6 imorgest. Til Mo kom eg nær halv 11, for derfrå kl. 12, kom heimatt kl. 5. 19. Klår og kald, still fyremiddag, ettermiddag nord-aust, nokso sterk um kvelden. 20. Sterk nord-aust, storfrost. Tjukna yver og lédna upp på ettermiddagen, litt kovflistr seinkvelds. Sundag seksagesima. 21. Same ver som igårkvell. 22. Mest like-eins. ”Peters stol”. 23. Nord-aust, kov og fokk. Seint på kveld still. 24. Still, skletta og regn. Slagta ”Tordenskjold”. 25. Still, halvklår, kjøleg, frys på. Drog slagte til Eide og skikka de med dampen. 26. Still, yverjukk, léver. Hemnestur med Førnesmotoren. 27. Still, halvklår, litt påfrosen, men noko mild i lufta, fin-fint ver og føre. Fastelag-sundag. 28. Lett yvertjukk, noko austleg vind, léver.
Mars 1. Still, klår, kald. 2. Like-eins. 3. Austavind, yvertjukk, léver. 4. Still, litt kaldare, klåra mot kveld. 5. Kaldt um natta og morgonstunda, litt sud-austleg, lédna snart upp. Hemnestur. 6. Sudleg, spak, yvertjukk, nestan varm i lufta. 1. fastesundag. Far 91 år. 7. Still, yvertjukk, sklett-dripl. 8. Litt påfrosen i morgonstunda, men lédna snart upp og vart småskletta. 9. Still, yvertjukk, uver utan nedburd. 10. Klår, still, kjøleg. Kvesste i med frost utetter dagen. 11. Nattkald, klår fyrst på morgon, tok seinare på å tjukna yver av nord-vest, litt snøfjun no og då frametter dagen. Far var her på vitjing, gangande på skaren. Sende iveg brev åt Lars. 12. Kovtjukk, austleg fyrst på dagen, kom inn-fallande fram mot middag og byrja i middagstida å regna. Hemnestur (Trygve) med Førnesmotoren. Gregusmess. 13. SV og regn, styggver. 2. fastesundag. 14. Stillregn, eit lite klårglytt um kvelden. ”Solborg” kalva. 15. Same ver. 16. Like-eins å byrja med. Frametter dagen SV storm og styggver, stundum snøskletta, i elingane. 17. Stillregn. Nokre sudvest-bøgjor midt på dagen, upphalds og litt kjøleg mot kveld. 18. Still, litt snøfjun. Mot kveld auster-kjøla. 19. Spak austleg vind, gråfrost um morgon, kula sidan på av nord-aust, med kov. Hemnestur, Anne og eg, med Førnesmotoren. 20. Nord-aust og kov natt og morgon, seinare skletta og regn, frå kl. 6 reint regn og sud-vest. 3. fastesundag. 21. Regn og skletta. 22. Like-eins – tok mot kveld til å blåsa sterkt av nord-aust og kjølde lufta. 23. Klåra upp um natta og fraus på. Sterk nord-aust og frost. 24. Klår, still på fyremiddag, mot kveld nord-aust. 25. Klår, still um morgon, tjukna yver av sud og vart heilt myrk og regn-lik um kvelden, med litt nord-aust blåstr. Vårfrumess. Skog-arbeid desse tri dagane. 26. Klår og kald og still i dagningen, sidan frisk austleg vind. Hemnestur. Førnesmotoren fekk maskinskade – Ola Bjerkli skjussa. 27. Nord-aust, klår. Midfastesundag. Ottar og bror hans er på vitjing her, dei kom hit i går kveld. Isen er blank i flekkjene, ungdomen lauper på skeisor. Lite snø. 28.-31. Klår og halvklår, nattkald, skaraføre, jamt litt nordaust-blåstr um kveldane. Skogarbeid 28. og 29., Hemnestur 31., skulestyremøte.
April 1. Halvklår fyremiddag, sidan fullklår, fint solskin, kjøleg i kveldinga. 2. Lett yvertjukk, litt fin skletta, men kjøleg um kvelden att. Hemnestur (Trygve). 3. Skoddhimel, litt påfrosen um morgon, elles léver. Vårfrumess-sundag. Blank-is, skeiserenn. 4. Still, léver, litt kov-fjun. 5. Yvertjukk, litt austavind, aldri so lite gnerr-kov. Rodde til Finneide med ein 16’ dory, hadde robåten med uppi doryen, kom heim so kl. 6. Kvikka på med austavinden frametter kvelden. 6. Nattkald, klår, litt nord-aust. Byrja gjera på ein møkkr-slede. Trygve gjer glas-råmar. 7. Nattkald, sterk skare. Frampå dagen noko skyutt. 8. Nattkald, men noko skoddutt i morgonstunda, klåra sidan upp. Ferdig med sleden. 9. Nattkald, klår att, still. Hemnestur, Anne og eg, roande på nybåten. 10. Still, yvertjukk, litt snøfjun no og då. Palmesundag. 11. Klår, nattkald, sterk skare. Tjukna yver og lédna upp mot kveld. Byrja køyra møkkr uppfor bakkane. 12. Vester-skottung, skletta, regn. 13. Litt kjøleg um natta, påfrosen um morgon, yvertjukk, gråfrost, sidan stilt kovfjun. Utyver kvelden tjukkare kov. 14. Spak SV og skletta fyrst på morgon, sidan storm og kov, på ettermiddag vestleg og meir kjøleg, med hagl. Eg gjekk åt Førnese, tenkte fara til kyrkja, men laut snu heim. Sumarmål. 15. Mest same ver. Ein 6-8 tumar snø nedlagt på desse tvo døger. Langfredag. Tok til å lysa upp seinkvelds. 16. Klåra av um natta, nestan fullklår og kjøleg fyrst på morgon. Påskeaftan. Alt kring kl. 7 tjukna det yver av nord med turt kov, seinare NV vind, stundum ikkje so lite sterk, lange klårglytt. Hemnestur, reiste med Førnesmotoren, kom atttende med ”Tuxham”, då hin fekk maskinskade. 17. Still, halvklår og noko kald i morgonstunda, men tjukna yver på fyremiddag og byrja kring kl. 11 å snø nokso tett, heldt soleis på og la nokso mykje ned til kvelds. Påskedag.. 18. Styggver av vest til nordvest med kov, skletta og regn. Eit dus utpå kvelden. Fest på ”huse” for Ragnar Eidbugt, vi var der alle. 19. NV og kov. Brumøte på skulen. 20. same ver, endå litt hardare. Gjekk på ettermiddagen til nord-aust og klåra upp. 21. Klår, bitande kald, tina ikkje i vegane på heile dagen. Her er på jamn mark frå 82 til 87 cm snø, einstad øvst på Rabben 1.18 m. 22. Likeins, litt mildare midt på dagen, Tjukna yver mot kveld. Møkkøyring fyremiddag i går og i dag, elles snikkar-arbeid – glasråmor og –kistor. 23. Yvertjukk, kjøleg, litt kov-gnistr i lufta, litt austleg vind. Hemnestur – med ”Tuxham”. 24. Same ver. 1. påskesundag. Kyrkjetur, eg åleine frå heile øvergrenda, fylgde Tore-gutane, som for i skyss med Bjønnvik-karane, dei hadde eit gutebån til dåpen, vart kalla ”Tore”. 25. Still, yvertjukk med klår-hol, litt kov-gnistr. Vi skulle freista skruva upp nord-austre stove-nova, men laut la det vera, der var for mykje tæle. 26. Still, klår og kald, endå litt snøbrede midt på dagen. 27. Like-eins, men i nonstida kom eit vindgufs av vest med lett kov. Vi tok til igårmorgest med skurveden på sør-stoveveggen. 28. Nattkald, i morgonstunda yvertjukk og still, kovfjun. Anne sin fødsledag, 55 år. – ”Idun” kalva den 26. – Seinare på dagen klårholutt, sist på kveld fullklår. 29. Lettskyutt, bitande nattkald. 30. Mest like-eins, litt austavind. Hemnestur, rodde med Ole Øverland-båten. - Har arbeidd med bordkledning på stova, sudveggen, denne vika.
Mai 1. Still, yvertjukk fyrst på morgon. Byrja snø smått so kl. 7, seinare vester-skottung og kov. 2. påskesundag. 2. Same ver. Fær tidend om at Far er sjuk; dei ottast, han døyr snart. – Bar inn sædtates. 3. Skletta, på ettermiddag regn. Var iveg og såg åt Faderen, han hadde de litt betre. Ner-isen rek ifrå elvkjeften ned-yver. 4. Regn på fyremiddagen. Ut på ettermiddagen vestleg vind til NV og smått kov-gnistr. – De kjem bod at Far er vorten verre, og eg gjekk dit framåt kl. 7. De var då berrsynt at de leid mot enden, og klokka halv 10 andast han, - 2 månar yver 91 år gamall. 5. Klåra upp, noko kjøleg i morgonstunda. Um kvelden klår og kald. Eg gjekk på telefonen og sende ut bodskape um avferda hans Far tidleg på fyremiddagen, og um middag gjekk eg avstad og la like i kista. – Sist på kveld moka eg upp ei sandhola. Nestan like mykje snø no, som den 21. april, då eg mælte. 6. Klår, nattkald, sterk skare. Vi sanda heimebøen. 7. Nattkald, skareføre, men tjukna yver av SV, då dagen gjekk fram. På ettermiddag so kl. 2 byrja de å regndripla, sette so i med SV og nokso sterk, med mykje regn. Hemnestur – Trygve. 8. SV og skletta, fullt styggver til yver middag, då de smått tok til å klåra. 3. påskesundag. Emissær Sund preika på skulehuse kl. 11, eg var der. Preika att kl. 4 em. (Santalmisjonen). Um kvelden kom han hit og tok hus for natta. Seinkvelds skletta att. 9. NV og kov. Spaktest og klåra upp mot kveld. 10. Nordavind, klår og kald. Hemnestur, Nils Øvringmo og eg, roande i tilhøve av gravøle. For yver isen åt Haga-hole, kom på heimvegen roande rundt isen heilt åt Hestlortbekkjen. Ner-isen ligg enno nedmed Førnese. Små kov-elingar um kvelden att. 11. Same ver i natt og no i morgonstunda. No er isen landlaus rundt-um, men heller ikkje fyrr. Nerisen er endeleg smetta nedgjennom. De er gravferda hans Far i dag og vi er i gjestebod på Øvringmo, saman med nokre-og 40 andre frå grannegardane. 12. Still, klår og kald. Seinare på dagen noko skyutt, nordavind. 13. Halvklår, kjøleg. Klåra av frampå dagen. 14. Klår, nattfrost, skaraføre, blå-is heile Straumen nedyver. Hemnestur, Anne og eg, med ”Ranfjord” (”Tuxham”). 15. Mest heilt yvertjukk, drått av sud fyrst på morgon, men klåra snart av med frisk blåstr av nord-aust. Øverisen vart broten av for Hagaberge og indrestykkje rak nedfor elvkjeften og fall uppe på aurane. 4. sundag e. påske. No er fjosvegen berr, elles nokso mykje snø, serleg nedfor bakkar og lier, utav alt nordaust-foket. 16. Still, klår, nattkald, skare og blåis. Inder-isen rak ned-um med fallstraumen på ettermiddagen og la seg i aur-gape nedmed Førnese. Ytterstykkje torna upp i Kjeldnesodden. 17. Klår, ikkje mykje kald, men isen ligg og stengjer. Seinkvelds var inderstykkje nedigjennom og ytrestykkje låg i aurgape. Trygve var på Hemnes med ungdomslage og høgtida dagen, elles var de fest her på skulen og, Anne var der. Fint ver, snøbrede. 18. Yvertjukk allrafyrst, men klåra og vart blankver. Noko blå-is imorgest, elles fritt for is. De vert flekkjebert på heimebøen no. 19. Yvertjukk fyrst, men klåra snart. Halvklår, varm utyver dagen, sud-aust kjøla, sterk snøbrede. 20. Same ver pålag, heilt yvertjukk seinkvelds. Preike på ”huse” kl. 8 kveld av Lyder Iversen, Anne og Trygve er der. 21. Yvertjukk, ein liten regnskur i morgonstunda, sidan halvklår, varm, litt austavind. Hemnestur, roande. 22. NV og regndrev i elingan, um morgon hagl – imillom halvklår og still. 5. sundag e. påske. Kyrkjetur, Anne og eg, med ”Ranfjord”. Avrøysting i kyrkja om salmebokbyte, den nye vart innførd, frå konfirmasjonssundag, med 194 mot 188 røyster. Um kvelden klår, kjøleg. 23. Klår, still, nattfrost. På ettermiddagen nord-aust vind. Byrja spa upp i hagen. 24. Halvklår og noko mildare, litt regnfusk fyrst på morgon, um kvellen klår att. Byrja køyra møkkr på Sjøvegen. – Sauene ute fyrste gong. 25. Lettskyutt, nattkald, blå-is. Køyrde møkkr og harva. Solskin og snøbrede, um kvelden yvertjukk og litt regnfusk. 26. Lettskyutt, sudaust-kjøla. Heilag-torsdag. Klake enno framfor kjøkenglase. 21. Yvertjukk, spak nordleg vind, skiftande ender-å kast av aust, regndripl no og då. Hemnestur, heradstyremøte, kom heim mot midnatt. Sådde havre på Rabben. 28. Yvertjukk, still fyrst, brasa upp av aust mot middag og reiv i’n, halvklår ettermiddag. Trygve på Hemnes, fylkesskulefest. 29. Lettskyutt, aust storm. 6. sundag e. påske. Snøen gjeng no fort, sauene bergar seg ute. 30. Klår, still, varm. Sådde havre ned-um fjøse og bygg på Sjøvegen. 31. Same ver, nordaust-kjøla seinkvelds. Sette svensktates.
Juni 1. Nattkald, skare på snøen, han er elles vekke no her på heimebøen, men de er uhorveleg mykje i fjelle. Sola skin elles varmt, men de kjølar av nord-aust. Vi steller i hagen og køyrer møkkr. 2. Vere like-eins. Mot kveld tek det til å tjukna yver av nord. Vi harva og sådde bygg på Sjøvegen (vestsida). 3. Lettskyutt, nordaust-kjøla. 4. Like-eins pålag. Hemnestur, hadde Kornelius og Borghild til lag. Tjukna yver um kveld. 5. Yvertjukk, regnelingar, noko kjøleg. Pinsedag. Trygve for til kyrkja. 6. Same ver pålag. Andredagen. Kyrne ute fyrste gong, gjetaren kom i går med kyrkjefolke, heiter Oddvar Karlsen. 7. Vestleg til nord-vest, kjøleg, regnfauka. Tok ut saumøkkr, køyrer ut og harvar på nylande. 8. Same ver. Byrja setja tates (har elles sett i ”Solbakken” den 3.) på nylande. 9. Yvertjukk, um morgon nordvest-kjøla, klåra sidan upp. Heldt fram og vart ferdig med tates-setjinga. 10. Lettskyutt, still i morgonstunda, sudaust-kjøla ei stund på fyremiddagen, nordleg vind i middagstida og frametter, um kvelden still, yvertjukk. 11. Vestleg vind, yvertjukk, fauka. Hemnestur, laut skyssa gjetaren heimatt. 12. Ruskver, vestavind og regn. Trieinings-sundag. Frelsesarmeen hadde møte på ungdomshuse, Anne var der. 13. Yvertjukk, still fyrst på morgon, seinare vestleg vind med kalde regnfusk-bøgjor. På ettermiddagen halvklår. Skuleplanting her og på Rydland. 14. Klår, kjøleg, still um morgon, seinare austavind, spakenn. Eg for til Simavollen saman med A.O.Straumfors for å verdsetja bue hans Tomas. Byrja sidan å så uppå bakken. 15. Regn, still for-so-mest, stundum litt vester-kjøla. Sådde ferdig og harva. 16. Vesta-vind, frisk, yvertjukk. På ettermiddagen nordleg, uppklårande. 17. Mest like-eins, kjøleg i lufta framleis. Um kvelden likevel mildare, yvertjukk, sudleg drått, still. Har halde hus-uppvask denne vika. Trygve held no på og målar i stova. 18. Sud-aust, mildver, yvertjukk, um kvelden regn. Hemnestur, roande. 19. Spak sud-aust, skoddhimel, ender-å-då litt regndripl. Kyrkjetur, Anne og eg, roande. 1. sundag e. trieining, konfirmasjon. Vi fekk med ein ny gjetargutt, heiter Steinar Stensen. 20. Skoddutt, still fyrst på morgon, tok frampå fyremiddag til å blåsa nordavind ok klåre av. 21. Skoddutt, still, regndripl, ei stund litt nordvest-kjøla. Sådde grasfrø. 22. Skoddutt, still, regndripl, på ettermiddag NV gråe. Rodde til Finneide og til Skamdal, kom heim kl. 5 em. 23. Halvklår, NV, kjøleg. Braut upp nyland ned-i hyrne på Rabben. 24. Same ver, endå litt kaldare kanskje. Jonsok. 25. Sud-aust, halvklår, tjukna meir yver, varmare i lufta. Hemnestur, Anne og Trygve. Gjorde nylande ferdig til såing. 26. Same ver, nokso sterk sud-aust vind, sterk snøbrede, sist på kveld smått regn. 2. sundag e. trieining. 27. 28. 29. Sud-aust og solskin, gruveleg heitt. Vi lagar inngjerding åt ho ”Solborg”, som er halt og lyt standa heime. 29. Solmyrkje kl. 6-8 morgon. 30. Sud-aust, yvertjukk på morgonsida, klåra upp att frampå fyremiddag.
Juli 1. Sud-aust, yvertjukk, nokre regndropar ender-å-gong. Køyrde med hesthakka i tateslande. 2. Same ver, ei stund på em. nokso frisk vind. Hemnestur, roande åleine. 3. Sudaust, spak, klår og varm att. 3. sundag e. trieining. 4. 5. 6. Sud-aust, fælande heitt. Den 4. var eg på Medstraumsaga og fekk skoren timbere. Den 5. handluka eg tatesen. Den 6. stakkk vi strø-torv og hengde på hesja. 7. Same ver. 40 år i dag sidan eg fyrste gong for heimanfrå ut for å tena, nemleg åt Beck på Jegtstranda i 1887. 8. Same ver. 9. Like-eins. Hemnestur, Anne og eg, ho var hjå doktoren for trutne føter. Vi rodde i lag med Lars Rydland. 10. Like-eins, endå heitare. Tjukna yver av sud-aust på em. og vi høyrde toredun, men ikkje ein regndrope. 4. sundag e. trieining. Trygve med kyrklja, saman med Utlandskaran. 11. Yvertjukk, still, turr. Klåra litt av frametter dagen, men tjukna atter upp mot kveld og fall nokre regndropar. Vi slo i hagen og kring husi og hesja. 12. Vestavind, myrkbakke, turr. Hyppa tateslande. 13. Yvertjukk, still fyrst på dagen, kom framåt middag med vestavind og klåra av. Sloga matrial frå Midtstraumsaga. 14. Klår og turr fyrst, tjukna yver mot kveld og tok til å dripla. Køyrde inn fyrste turrhøye i går, slo litt meir i dag. ”Mid-sumar”. 15. Litt regn i natt, NV vind, myrkbakke i dag. 16. Like-eins på fm., litt turr-fauka, på em. upplettande, varm. Hemnestur, Steinar og eg, roande. 17. Klår, frisk vestleg vind. 5. trieinings-sundag. Tjukna yver av SV mot kveld, de kjendest nokre regndropar. Køyrde inn eit lass hesjehøy. De regner sterkt. Vi skruvar upp og murar under nord-austre stovenova. 19. Yvertjukk, NV, litt fauka. Slo og hesja litt på garden. Um kvelden var eg iveg og torva grava hans Far. 20. NV, klår-holutt, fauk-elingar på morgonsida, gjekk til nord og klåra av framåt middag. Kan segja, vi byrja slått-onna for ålvor i dag. 21. Sud-aust, solskin, høyturk, men tok til å tjukna upp av SV mot kveld. Har fått 5 turrhøylass til no. Eg er 56 år. 22. Yvertjukk, SV kjøla i morgonstunda, skein sidan av og turka høy. 2 lass. 23. Yvertjukk, frisk austavind. Hemnestur, roande, eg åleine. . Maskinslått, hesjing. 24. Regn i natt, litt dripl no og då i dag, austavind. 6. trieinings-sundag. Presten heldt jordfesting på kyrkjegarden og preika i skulestova, ov-mykje folk samla, både innan- og utangrends frå. 25. Yvertjukk, turr austavind lengste tida; ein liten regnskur fm. og ein em. Slo og hesja Lamyra. 2 lass turrhøy. 26. Still, smått regn natt og fm., lyste upp em., nestan klår um kvelden. Slo og hesja. 27. Halvklår, SV drått fyrst, skein sidan av og turka høy. 4 lass. Tjukna til sist på kveld. 28. Austavind, litt skyutt, men klåra upp. Slo av nedanfor berge. 3 lass turrhøy. 29. Yvertjukk, frisk sud-aust, ender-å-då litt regndripl, helst fm., turka elles godt. 3 lass turrhøy. 30. Yvertjukk, auster-kjøla fm., havgula, nestan klår em. Hemnestur, roande, i lag med Lars Rydland og Harald Øverland. Tok inn hesjehøy og litt meir, 6 lass å rekna. Iallt no i juli 25 lass. 31. Klår, still, varm. Vi tok upp nytates (svenske) olsokdagen. Stor, men lite traust enda.
August 1. Klår, varm, sud-aust fm., havgula em., tjukna yver mot kveld, vi høyrde toredun og såg ljonblink. 4. høylass. 2. Halvklår, har regna i natt. Klåra av og vart varm, med sud-aust gråe, men tjukna yver mot kveld att. 3 lass. 3. Ny Olsok, Kongen sin fødsledag. Yvertjukk, sudleg drått, har regna i natt. Frå kl. 10 fm. pålag mykje regn. 4. Halvklår, skoddutt i morgonstunda, sidan yvertjukk og yrvæta til middag. Em.turr med vester-kjøla. Slo og hesja grønfor. 5. Yvertjukk med klårhol, still, skein av frametter dagen og turka setehøy. 3 lass innkøyrd. 6. Klår, nord-aust gråe. Hemnestur, Trygve og eg. Kom heim yver middag, hesja resten av grønfore, køyrde 2 lass turrhøy. 7. Halvklår, still, varm fm., frisk havgula em. 8. sundag e. trieining. Tjukna yver i kveldinga. 8. Halvklår, still, har regna i natt. Turka høy frametter dagen, 1 lass. Tjukna yver att mot kveld. 9. Yvertjukk, vestavind, har regna i natt. Klåra og vart sete-turk, fekk inn 2 lass. Slo av. 10. Nord-aust vind, frisk, mest klår. 8 høylass. 11. Yvertjukk, austavind, sterk, sleit regnfusk no og då. Køyrde inn eit lass setehøy. 12. Same ver i morgonstunda, klåra frampå fm. Tok inn siste høylasse, har fått 50 iallt, de ringaste høy-år vi nokongong har havt. 13. Halvklår, frisk austleg vind, regnfusk av og til. Hemnestur, roande, Svein Utland og eg. Skar havre på Rabben i går, bygg på Sjøvegen i dag. 14. Lettskyutt, austavind, varm. 9. sundag e. trieining. 15. Halvklår, spak sud-aust um morgon, sidan friskare. Vi onna i utmarka, skar havre, køyrde inn 6 lass grønfor. 16. Yvertjukk med klårhol, spak sud-aust, friska på utetter dagen. Skar havre og bygg, tok inn eit lite turrhøylass (krampslått). 17. Same ver, same arbeid – dertil lauving. 18. Same ver. Håslått og lauving. 19. Mest same ver, med ein liten regnskvett so kl. 3. Auksjon her heime etter faderen. 20. Yvertjukk, sudleg drått, auster-kjøla. Hemnestur, Anne og Trygve, roande. Nokso frisk austavind på em., litt regndripl ender-å-då. Tok inn kring eitt lass hå. 21. Stilt regn. 10. sundag e. trieining. 22. Yvertjukk med klårhol på fm., ei stund steikje heitt solskin, tok til å regna mot kveld. Stakk upp og hesja torv, skar bygg. 23. Still, skoddutt, smått regn. 24. SV og regn. 25. Vestavind med fauke-elingar. Skar siste åkren – ein snipp av grønfor-åkren, uppi rønningen. 26. Sud-aust og solskin. Kjerr-rudding og lauving. 27. Same ver, stundum nokso sterk, liketil små-rok. Hemnestur, Anne og eg, roande. 28. Spak SV og regn-elingar med fine solglytt imillom. Anne og eg for til Finneide med N.I. Straumsnes (motorskyss), derfrå med bil åt Korgen (Oldernes), der dei heldt bondestemne med fyredrag av Jens Steiro og Olga Bjoner. Heimanfrå kl. 8 fm., heimatt kring midnatt. 11. sundag e. trieining. 29. Spak V vind, til NV, med regnfusk no og då. Veitegraving og attleggjing nedmed gjerdekroken i Lamyra. 30. Same ver fm., frisk, turr V vind em. Vøling på skôt-take. 31. Still, tett regn, litt minder mot kveld. Fjøs-uppvask.
September 1. Still, tjukk, sid skodde i morgonstunda, men letta sidan upp og vart klår og varm. Eg kalkvaska i fjøse. Slo elles hå og hesja upp. 2. Klår og varm, spak S vind, tjukna yver mot kveld. På de seinste litt regnfusk. Eg onna litt krampslått. Trygve gjer glas-kistor. 3. Spak V vind, regn-elingar. Hemnestur, Trygve og eg, roande. 4. SV gråe, regn, på fm. ikkje so reint lite. 12. sundag e. trieining. 5. Yvertjukk og skodde på fm., klåra sidan upp, men byrja seinkvelds å setja inn-yver att med skodde. Eg var på Medstraumen og fekk skoren shingel. 6. Still, yrvæta. Steinar for til Hemnes med ”Ranfjord”, kom att burtåt kl. 9. 7. Same ver. På kveldsida litt nordleg vind, upplettande. 8. Still, klår, kjøleg. Rim i grase for fyrste gong iår. Håslått. Blåste upp av sud-aust, frisk, spaktest mot kveld. 9. Klår, still, nattkald, is i vaskar-fate, tatesgrase frôse. Grov upp fjøsbrunnen, køyrde inn staur. 10. Same ver. Hemnestur, roande, eg åleine. Tok inn resten av stauren og resten av håen. Har fenge noko slikt som 3 lass hå og 1 lass krampslått, og so litt lauv. 11. Ikkje so nattkald, lettskyutt med drått av nord. Blåste upp av sud-aust fyrst, kom på em. med vestavind, nokso frisk. 13. sundag e. trieining. Trygve for med ungdomslage åt Dalsgrenda, ”Ranfjord” gjekk med deim. Kom att kl. 3 på morgon. 12. Regnrusk i elingan, mindre på em. Eg tok til å vøla på kjellaren, gutane tok upp svensktatesen, skar sidan av tatesgrase uppi Solbakken. 13. Spak SV, sterkt regn ei stund på fyremiddagen, sidan mindre, sistpå turr. Gutane kappa havreband og laga til tresking på kjørbrua, hjelpte sidan meg med kjellaren, som vart ferdig på eit vis, gjekk so åt tateslande. 14. N vind, spak, yvertjukk, eitpar små faukerider. Eg for til Furuhatten på Hypotektakst, kom heim yver midnatt. Heime tok dei upp tates. 15. Stilt regn, ikkje so lite på fm., sidan upplettande, mot kvelden turr. Vi køyrde åt Hauan og lånte treskemaskin, tok til å treska på em. 16. Yvertjukk, spak nord-aust, som friska på utetter dagen, letta i tjukna på em., seinkvelds mest klår. 7. Yvertjukk, sud-aust storm, regnfusk, auka på med regne frametter fm., spaktest noko med vinden på em. Hemnestur, Trygve, med ”Ranfjord”. 18. Noko sud-aust, tett regn fm., still og minder regn um em. Trygve og Steinar på sauleiting, saman med grannane. Vi fekk heim alle våre. 14. sundag. 19. Yvertjukk, spak austleg vind, noko regn, på em. minder. Vi tina korne, sette upp saugrindar, og byrja sistpå å ta upp tates. 20. Spak austleg vind – mot kveld nordleg vind, yvertjukk med klårglytt, mot kveld litt fauka i fjelli. Heime tates-onn, eg for til Mo – med ”Ranfjord”, kom heim so kl. 8. 21. Yvertjukk, upplettande, klår og still seinkvelds. Tates-onn. 22. Klår, still, rimfrost. Vann åt tateslandi. Heile utbyte 32½ tunnor. 23. Like-eins som i går, men tok til å glyas tupp av sud mot kveld og blåsa av sud-aust. Førde ein kålrabi-kase til Eide og sende til Alb. Solvang. Køyrde sidan treskemaskinen åt Hauan og dryftaren heim frå Nymoen. 24. Yvertjukk, nordaust, noko sterk, gjekk sidan til sud-aust. Hemnestur, eg med ”Ranfjord”. Kålrabi-onn. 25. Sud-aust, sterk, yvertjukk med klår-hol. 15. sundag. Trygve med kyrkja, i fadderskap på Lauvbakken. Anne gjekk åt Tverrbekklia og tinga eit saulam hjå’n Myre. 26. Yvertjukk med klårhol, frampå em. smått regn. Dryfta dråsen. 27. Ruskver, SV og regn. Flytta kyrne heim frå sumarfjøse. 28. SV spak, tett regn framtil kl. halv 10, letta sidan av og vart halvklår med vesta-gråe, turr. Eg for til Hemnes, møtte i skiftesamlinga hans Tomas Nyvoll. Kom heim so kl. 3. 29. halvklår, sudaust-kjøla, friska på utetter dagen. Vi slakta ”Heimros” og tvo lam. 30. Same ver, berre noko meir vind, sterk ei stund på em. Vi pakka ned slakte og førde til Eide, skipa umbord i dampen. Samstundes reiste Trygve heimefrå, på tur til landbruksskulen i Bodø.
Oktober 1. Noko regntjukk fyrst, men letta snart av og vart halvklår, auster-kjøla fyrst, sidan frisk sud-aust og sud – sist på kveld litt regndripl. Hemnestur, eg åleine, roande. 2. Still, tett regn i elingan. 16. sundag. Fekk brevkort frå Trygve, frå Nesna igårmorgest. 3. Yvertjukk med klårhol, still, tjukna elles til utyver dagen. Førde sand frå Medstraum-auren, tok upp kål. 4. SV og regn. Tok upp kål, snikra fjøsglas, lappa komingar. 5. Same ver. Tok upp resten av kålen, arbeidde på fjøs-glase. Brev frå Trygve um kvelden, alt vel. 6. Same ver. Fekk inn fjøsglaskiva. 7. Same ver men spak, mest still sumetider. Hemnestur, ti’nbyte. 8. Same ver, ruskenn, sterk stundum. Gjetaren reiste. 9. Same ver, endå ein mon verre. Utpå em. noko lengre el-dus. 17. sundag. 10. Yvertjukk, kjøleg, sud-aust ei lita stund på morgon, seinare still, på em. vestleg vind. ”Ranfjord” gjekk til Hemnes, Anne fylgde, kom heimatt so kl. 3. Slo litt hå – av nylande nedpå Rabben, og køyrde i siloen. 11. Vestavind, regnrusk. 12. Nordleg kjøla og drått, halvklår. Pløgde på Rabben. Trygve 21 år – fekk brev frå han um kvelden. Henta um morgon heim eit saulam, vi kjøpte hjå Myre i Tverbekklia. 13. Same ver. Byrja pløgja på Sjøvegen. Klåra av mot kveld, kjende austleg, kaldt. 14. Is på Botnfjorden. Tjukna upp av NV og snøfjuna so smått. Feet fekk full vondel til morgons og kvelds – til morgons i går og. Brev og post-sending åt Trygve med posten i dag, rodde frammed i flotida. 15. Snø i natt, marka bra kvit, men slo um i regn fram mot middag, deretter SV storm. Hemnestur med ”Ranfjord”. Feet sto inne. 16. Vestavind, regn. Feet ute att. 18. sundag. 17. Yvertjukk, utnords-kjøla, eit snøfjun no og då. Stortingsval, eg satt i røystestyret frå kl. 9-2. 18. Snøfjun, marka kvit fm., sidan regn, snøen rann av på heimebøen. Snøfjun i kveldinga att. Eg vølte um på take kring kjøkenmuren. Kyrne ute i går, ikkje sauene. I dag er både kyr og sauer ute. 19. Heilt yversnødd, feet står inne på turrfor. Surpa på Straumen, mest heilt nedåt Eidbukta. De snødde elles ikkje noko nemnande frametter dagen. Heldt fram med flikkinga på take, vart ferdig med de meste. Um kvelden eit lite klårglytt med kjøld i lufta. Brev frå Trygve. 20. 21. Stilt, tung snø, stundum lik til regn. 22. Mest likeins, litt vestleg gråe på Rana. – Hemnestur, drog rundt til Eide, fylgde ”Ranfjord”. 23. Same ver, frampå em. mest fint regn. 35 cm snø. 19. sundag. 24. Same ver. ”Nordkapp” kalva so kl. 2 på morgonsida. Slakta ”Smalvakker”. Snødde ikkje etter de vart ljost. 25. Yvertjukk, léver, still. 26. Same ver til utpå em., tok då til å blåsa austavind og klåra upp. Tok til å vøla på doryen eg har standande yver sidan i vår, som hadde rivna litt sund. 27. Mest klår, frisk austleg vind, sopa i hop landkallen, so her mest var roande rundt isen. Brev frå Trygve. 28. Yvertjukk, léver,litt austavind, klåra av og kjølde lufta i myrkninga. Gjorde doryen ferdig, gjorde sidan ferdig kring kjøkenmuren. 29. Klår og kald, sette i med austavind i ljosninga, tjukna yver og lédna upp, tok til å snø smått på em. Hemnestur, frå Eide med ”Ranfjord”. 30. Still, smått snøfjun, léver til i kveldinga, då klåra de upp og kjølde lufta. Køyrde til Eide kring middag etter heimkornmjøl eg fekk av mylna i går. 20. sundag. 31. Frisk nord-aust, yvertjukk, kjøleg. Slakta ”Solborg”. Ola Øverland var her og hjelpte oss. Dei gjeng yver isen her millom Lanese og Gjeitstien.
November 1. Nord-aust spak, litt snøfjun fyrst på dagen, mot kveld klåra’n av og stiltest, sette i med frost. Køyrde slakte til Eide. 2. Still, klår og kald, tok mot kveld til å tjukna upp og blåsa av nord-aust. Allraseinst litt snøfjun. 3. Kov og damm, litt spak nord-aust, sterkare utpå kvelden. 4. Kov, sterk nord-aust og fok. Litt betre på em. Anne og eg rendte rundt yver brua til Eide med mjølkspannene. Bededag. 5. Litt austavind og snøfjun, mest léver å kalla. Hemnestur, frå Eide med ”Ranfjord”. 6. Spak nord-aust, kovfjun. Helgamess-sundag. 7. Still, yvertjukk, snøtung um morgonen, seinare snøfjun, léver. 8. Yvertjukk, austavind, klåra mot kveld. 9. Klår og kald. Køyrde doryen til Eide. Brev frå Trygve. 10. Klår um natta, tjukna sidan yver, men klåra mot kveld att og vart endå kaldare, ÷ 12º R allrasist. 11. Klår, auster-kjøla, ÷ 9º R. 12. Nord-aust, spak, tjukk frostgôve på Rana, ÷ 12º R. Hemnestur, rodde doryen, kom heim med ”Ranfjord”. For yver isen åt Langnesbukta. 13. Like-eins. 22. sundag. Emissær Leknes heldt uppbyggjing i skulestova i middagstida, vi var der. Santal-emissær Engen kom hit um torsdag (10.), preika då på skulen og dagen etter her heime hjå oss – reiste med dampen fredag kveld. – 14. Tjukna yver i lysinga og døyvde kulden noko, ÷ 7-6-5º R. 15. Yvertjukk, still, léver, 0º- + 1º R. 16. Klår og kald att, ÷ 7º R. 17. 18.19. 20. Klår, still, aukande frost, no sist ÷ 12º R. 19. Hemnestur, Anne og eg, roande frå Førnese med Ola Øverland. Antonette sat heime her med vi var burte.20. -23. og siste trieinings-sundag. 21. 22. 23. Same ver, nedpå ÷ 13º R. 24. Klår til å byrja med, blåste upp av sud-aust og tjukna til, spaktest mot kveld og tok til å snø-fjuna. 25. Still, yvertjukk, rek-elingar med snø. 26. Still, yvertjukk, smått snøfjun frametter dagen, um kvelden skletta og regn. Hemnestur, frå Eide med ”Ranfjord”. 27. Still, tett regn. 1. adventsundag. 28. 29. Still, skletta og regn. 30. Litt kjøleg, aldri-so-lite påfrose um morgon, elles still, yvertjukk, utan nedburd. Mykje vatn og krav på isen, mest landlaus med floa.
Desember 1. Halvklår, kjøleg til i myrkninga, då byrja’n draga yver av sud att. Brev frå Trygve med bilætkort frå landbruksskulen. 2. Still, yvertjukk, utan nedburd, kom frampå em. med regn att. 3. Spak av SV og litt regn. Hemnestur med A. Toresen. 4. Léver, uppklårande. 2. adventsundag. 5. 6. 7. 8. Klår og kald og still. 9. Like-eins. 10. Like-eins fyrst på morgonen, men drog i dagningen yver av nord-vest, lédna noko upp, ÷ 10º i går, ÷ 7º i dag. Mot kveld litt snøfjun. Hemnestur, Anne, frå Eide med ”Ranfjord”. 11. Still, snøfjun i natt og morgonstunda, fram mot middag kom’n med SV og regn. 3. adventsundag. Missionsmøte hjå Svein Utland, Anne var der. 12. Vestleg, klår-holutt. Stilltest og klåra av mot kveld. 13. Still, klår og kald. Vi har no ei gild isbru, heilt ned-åt Straumlande – Bollaskjere. 14. Frisk austavind um natta og fm., stilltest sidan. Elles same ver. Brev frå Trygve. 15. Still, klår, nedpå ÷ 13º R. 16. Yvertjukk, sudaust-kjøla, mildare, ÷ 5º R. Byrja klåra upp seinkvelds. 17. Klår og kald att, still her heime, litt austavind på Rana. Hemnestur, eg, roande frå Førnese med Ola Øverland. 18. Same ver, ÷ 17º R. 4. adventsundag. 19. Still, smått kov, sistpå kram og våt. 20. Regn og skletta. 21. Kram snø, mot kveld uppklårande, kjøleg, still. 22. Klår, still, kjøleg. Solkverv. 23. Halvklår, kjøleg, spak sud-aust. Hemnestur, roande med Ola Øverland frå Førnese. 24. SV til V og V til N, kov. Jolefta. 25. Still, smått kov. Joledag. 26. Same ver. Andredag. Klåra upp då de dagast skikkeleg, men drog yver i myrkninga att. 27. Nestan klår, ikkje solite kald. 28. SV, snø fyrst på dagen, regn em. Fest på ”Lyngheim” (u.l. ”Heim”). 29. Sterkt regn, SV, ruskver. 30. Still, smått regn. Joletrefest på skulen, vi var der. 31. Hwalvklår, austleg, kjøleg. Hemnestur med Ola Øverland. Året ute!